Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Like dokumenter
Delrapport 2 Modell 2

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 5 Modell 5

Skyssreglement for grunnskulen i Eid kommune

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Vedlegg 2 Rutereduksjonar 20. juni Nordfjord

Vedlagt ligg det nye reglementet, samt nokre kartbilete der farlege vegar er markert. På Sagvåg skule vert ikkje dette iverksett før hausten 2018.

VOLDA KOMMUNE Sektor for opplæring og oppvekst

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

1 VERKEOMRÅDE, LOVHEIMEL MED MEIR VILKÅR FOR Å FÅ FRI SKULESKYSS SKYSSGODTGJERSLE SKYSSRETT FOR SÆRSKILDE ELEVGRUPPER...

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Audit & Advisory November Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Redusert eigendel elev-pc

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

SAKSLISTE MØTEINNKALLING. HOVUDUTVAL FOR SAMFERDSLE Raftevolds Hotel, Hornindal Møtedato: Tid: 11:00

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Pristilbod på transport av skuleborn for skuleåret 2018/19

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Merknader til Widerøe sitt ruteprogram - ruteområde 13 FRO

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Ruteendringar frå 19. juni 2016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: N06 &13 Arkivsaksnr.: 16/707. Kommunalt skuleskyssreglement. Rådmannen si tilråding:

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Dialogmøte i regionane

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Revidert Vest 39 Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen. Ny handsaming i Vestlandsrådet 22. april

Skoleskyss. Rådgiversamling Straand Hotell, Vrådal

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Hovudutval for samferdsle si prioritering på nivå 1-3. Uprioritert på kvart enkelt nivå

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

Helgebrigder mai, pinse og jul 2015 og påske og mai 2016 for lokalruter.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

MØTEBOK. Fylkesutvalet som klagenemnd. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Revidering av skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Saka viser vidare at 55% av lærlingane kan nytte ungdomskortet, og såleis reise fritt i Sogn og Fjordane for 365 kr. per månad.

Læringsarena 14. juni 2013

Dialogmøte med kommunane i Hafs

I n form asjon frå Kol ektiv

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Søking til skuleåret

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

grunnskulen våren 2015

6-åringar på skuleveg

Kommunesamarbeid - status og planar i Sogn og Fjordane Kommunal- og regionalkomiteen i Sogn og Fjordane, mars 2010 Olav Lunden, styreleiar i

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE

Transkript:

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Side 1 av 5 Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding til vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Det vert ikkje oppretta skuleskyss med båt for elevar på Atløy til Askvoll i korrespondanse med skuleskyss til Dale vidaregåande skule. Det vert heller ikkje oppretta skuleskyss med båt direkte frå Atløy til Dale. Ny praksis med oppretting av ekstra skuleskyss i alle tilfelle der elevar i vidaregåande skule ikkje kan bu heime, vil påføre Sogn og Fjordane fylkeskommune urimelig store kostnader.

Side 2 av 5 Saksframstilling 1. BAKGRUNN Bakgrunn for at saka er reist /tidlegare vedtak I sak 37/2008 la fylkestinget til grunn at skuleskyss for elevar frå Aurland og Vik til/frå Sogndal, og elevar frå Atløy til/frå Dale skulle vurderast med siktemål på å avklare moglege løysingar for skuleåret 2009/2010. Det er skuleskyss frå Askvoll til Dale, men tilførsel med mykje ventetid frå Atløy. Elevane frå Atløy må difor bu på hybel i Dale eller andre plassar i fylket. Elevtal Fylkeskommunen har henta inn opplysningar frå Dale vidaregåande skule og Askvoll kommune. I skuleåret 2008/2009 er det totalt 17 elevar frå Atløy som går på vidaregåande skule: 1. klasse : 5 elevar 2. klasse : 10 elevar 3. klasse : 2 elevar Av dei 15 elevane i 1. og 2. klasse, går 14 elevar på ulike yrkesfag og 1 elev på studiespesialiserande. I skuleåret 2008/2009 er det totalt 5 elevar frå Atløy som går på Dale vidaregåande skule. Dei andre elevane frå Atløy går på skule fylgjande plassar : Florø, Førde, Jølster, Gloppen, Stryn og Måløy. Alle elevane frå Atløy bur på hybel. Elevtalet med adresse på Atløy skuleåret 2008/2009. 8. klasse 5 elevar 9. klasse 5 elevar 10. klasse 10 elevar Ruteopplegg Dersom elevane på Atløy bur heime må dei i dag reise frå Herland kl 06.35 til Gjervik og vidare med ferje kl 07.00 til Askvoll kl 07.15. Vidare kan dei reise med eksisterande buss frå Askvoll kl 07.45 via Eikenes til Dale og buss frå ferjekaia til Dale Vidaregåande Skule kl 08.50. Reisetida for dei som bur på Herland vert dermed 135 minutt til Dale. Tilsvarande reisetid med venting i Askvoll er det også på ettermiddagen. Ved å setje opp båtskyss frå Atløy - Askvoll unngår elevane ventetid i Askvoll, noko som reduserer reisetida monaleg. Eit tredje alternativ er båt direkte frå Atløy Dale og eksisterande buss frå ferjekaia til/frå Dale Vidaregåande Skule. I både alternativ A og B nedanfor har vi gått ut frå at transport på Atløy vert ordna av elevane sjølve slik ordninga er i samband med båtskyss Vik Sogndal. Alternativ A Alternativ A er eit ruteopplegg med båt frå Gjervik Askvoll og eksisterande rute frå Askvoll Eikenes Dale og buss frå ferjekaia i Dale til skulen. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Side 3 av 5 Gjervik Kl. 07.30 Kl. 07.30 Kl. 07.30 Kl. 07.30 Kl. 07.30 Askvoll Kl. 07.45 Kl. 07.45 Kl. 07.45 Kl. 07.45 Kl. 07.45 Eikenes Kl. 08.20 Kl. 08.20 Kl. 08.20 Kl. 08.20 Kl. 08.20 Dale Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Dale VGS Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Reisetid 80 min.* 80 min.* 80 min.* 80 min.* 80 min.* Dale VGS Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Dale Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Eikenes Kl. 15.00 Kl. 15.00 Kl. 15.00 Kl. 15.00 Kl. 15.00 Askvoll Kl. 15.30 Kl. 15.30 Kl. 15.30 Kl. 15.30 Kl. 15.30 Gjervik Kl. 15.45 Kl. 15.45 Kl. 15.45 Kl. 15.45 Kl. 15.45 Reisetid 75 min.* 75 min.* 75 min.* 75 min.* 75 min.* Forventa kostnad med båt skuleåret 2009/2010 Kr Ca 0,4 mill * Dei som bur på Herland får ca 20 minutt reisetid til/frå båten i tillegg til reisetida ovanfor. Båten vil bruke ca 10 minutt på overfarten frå Gjervik Askvoll. Vi har berekna 15 minutt reisetid for at elevane skal ha nødvendig tid til å gå til/frå bussen Alternativ B Alternativ A er eit ruteopplegg med båt frå Gjervik direkte til Dale og eksisterande buss frå ferjekaia i Dale til skulen. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Gjevik Kl. 08.10 Kl. 08.10 Kl. 08.10 Kl. 08.10 Kl. 08.10 Dale Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Kl. 08.45 Dale VGS Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Kl. 08.50 Reisetid 40 min.* 40 min.* 40 min.* 40 min.* 40 min.* Dale VGS Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Kl. 14.30 Dale Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Kl. 14.35 Gjervik Kl. 15.05 Kl. 15.05 Kl. 15.05 Kl. 15.05 Kl. 15.05 Reisetid 35 min.* 35 min.* 35 min.* 35 min.* 35 min.* Forventa kostnad med båt skuleåret 2009/2010 Ca 1,0 mill Kr * Dei som bur på Herland får ca 20 minutt reisetid til/frå båten i tillegg til reisetida ovanfor. Båten vil bruke ca 30 minutt på overfarten frå Gjervik Dale. Vi har om morgonen berekna 35 minutt reisetid for at elevane skal ha nødvendig tid til å gå til bussen. På ettermiddagen har vi berekna 30 minutt sidan det ikkje er korrespondanse på Gjervik.

Side 4 av 5 Andre opplysningar Kommunane Solund og Gulen, samt Gudvangen i Aurland kommune har fått etablert skyssopplegg slik at elevane kan dagpendle til ein vidaregåande skule i Hordaland. Elevar frå delar av Gulen dagpendlar til Austrheim vidaregåande skule med båt frå Eivindvik. I tillegg dagpendlar nokre få elevar frå Gulen til Austrheim vidaregåande skule med buss, denne skyssen inngår også i fylkeskommunen sitt tenestekjøp. I samband med ny Hordalandsavtale gjeldande frå skuleåret 2005-2006 vart det mogleg for elevar frå Solund å dagpendle til Austrheim vidaregåande skule. For å skysse elevar til Austrheim vidaregåande skule vart det oppretta ny båtrute frå Solund til Mjømna, i korrespondanse med allereie eksisterande båtskyss for elevar frå Gulen. Båtruta frå Solund til Mjømna vert finansiert frå samferdsle sitt budsjett som del av årleg tenestekjøp frå Fjord1 Fylkesbaatane. Ved oppretting av nemnde båtrute vart det i si tid overført midlar frå opplæring sitt programområde 22 fellesutgifter for skulane og teneste 2211 gjesteelevar til samferdsle sitt budsjett. Opplæringslova om skuleskyss Opplæringslova 13-4 seier mellom anna at fylkeskommunen er ansvarleg for skyss etter reglane i 7-2 om skyss i den vidaregåande skulen. I 7-2 første ledd står det at elevar som bur meir enn seks kilometer frå skulen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Vidare seier 7-2 i tredje ledd at fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til eller som har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skulen. Opplæringslova eller forarbeida talfestar ikkje kor lang veg det må vere snakk om for at elevar ikkje kan nytte dagleg skyss til skulen, anna enn å gje nokre vurderingar i høve reisetid. I høve reisetid seier forarbeida at skuleskyssen må organiserast slik at elevane får akseptabel reisetid og at gangtid og tid med transportmiddel må sjåast i samanheng i vurdering av akseptabel reisetid. Verken opplæringslova eller forarbeida talfestar kva akseptabel reisetid utgjer i tid for elevar i vidaregåande opplæring. Samferdselsdepartementet har i rundskriv N-4/85 anbefalt for elevar i grunnskulen følgjande som maksimal reisetid éin veg (gangtid + ventetid + tid på transportmiddelet): 45 minutt for 1.-4. klasse 60 minutt for 5.-7. klasse 75 minutt for 8.-10. klasse Då samferdselsdepartementet har sagt at 75 minutt kan aksepterast som reisetid for elevar i ungdomsskulen, kan det forventast at elevar i vidaregåande opplæring kan ha noko lengre reisetid. Fylkeskommunen sitt Skyssreglement for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane seier i punkt 7.2 at for elevar i vidaregåande skule bør reisetid ein veg ikkje overstige 90 minutt, men at i særskilde tilfelle kan lengre reisetid måtte aksepterast. I tråd med opplæringslova seier skyssreglementet at gangtid mellom bustad og påstigingsstad inngår som del av reisetida. I høve elevar som har lang veg til skulen, vil det vere ein konflikt mellom organisering av skuleskyssen slik at elevane får akseptabel reisetid og kva som er praktisk mogleg i høve fysisk avstand, fart, trafikktryggleik med meir. Sjølv om fylkeskommunen har ansvar for skyss av elevar i vidaregåande skule er opplæringslova uklar på kor langt fylkeskommunen skal strekkje seg i organisering av

Side 5 av 5 skuleskyssen når elevane har so lang veg til skulen at det er tvil om det er tilrådeleg for elevane å nytt dagleg skyss til skulen. 2. VURDERING OG KONSEKVENSAR I dei skisserte tilboda med båt frå Gjervik Askvoll og buss til Eikenes (Alternativ A) vil reisetid med transportmiddel vere 75 80 minutt til/frå Dale. I tillegg kjem reisetid som elevane har til/frå båtskyssen, som også må reknast med i reisetida. Reisetida med alternativ A vil såleis ligge tett opp til eller over anbefalt maksimal reisetid i fylkeskommunen sitt Skyssreglement for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. I det skisserte tilbodet med båt frå Gjervik Dale (Alternativ B) vil reisetid med transportmiddel vere om lag 35-40 minutt til/frå Dale. I tillegg kjem reisetid som elevane har til/frå båtskyssen, som også må reknast med i reisetida. Med ca 20 minutt frå Herland Gjervik vil reisetida med alternativ B vil såleis ligge godt under anbefalt maksimal reisetid i fylkeskommunen sitt Skyssreglement for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. 3. KONKLUSJON/TILRÅDING I Sogn og Fjordane fylke er det mange elevar som må bu på hybel. Ein del av desse kunne budd heime og dagpendla til næraste vidaregåande skule dersom det var tilrettelagt skuleskyss mellom heim og skulestad. Dersom fylkeskommunen legg til rette for persontransport mellom Gjervik og Askvoll, sidan ferjetidene ikkje høver med skulebussen, opnar fylkeskommunen for ein praksis som kan medføre store økonomiske konsekvensar ut frå eit prinsipp om likebehandling. Ein konsekvens av fylkeskommunal finansiering av båtrute Atløy Askvoll eller Atløy Dale, kan vere at fylkeskommunen får krav om oppretting av fleire direkte ruter med mindre omstigning og ventetid frå andre hald i fylket slik at fleire elevar kan bu heime. Fylkesrådmannen vil ikkje rå fylkestinget til å opprette skuleskyss med båt frå Atløy til Askvoll og vidare med buss og ferje til Dale vidaregåande skule. Fylkesrådmannen vil heller ikkje rå fylkestinget til å opprette skuleskyss med direkte båt frå Atløy til Dale.