OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: TENESTEUTVALET Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: 12.03.2008 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Forfall Helge Kjellevold (V) Vara som møter: Elisabeth Haugland (V) SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/08 08/7 POLITISK KVARTER 52 14/08 08/476 TILSKOTSMIDLAR TIL SMIL OG NMSK NY TILTAKSSTRATEGI FOR TILDELING 2008-2010 53 15/08 08/90 TENESTEUTVIKLING- KVALITET, OMFANG OG SERVICENIVÅ 64 16/08 08/105 TEMA I TENESTEUTVALET: PSYKISK HELSE OG RUS OMRÅDET 70 17/08 08/597 STATUS- HELSEVERNGODKJENNING I SKULAR OG BARNEHAGAR 73 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 29.02.2008 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 13/08 MØTEBOK POLITISK KVARTER Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 08/7 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 8/08 Tenesteutvalet PS 23.01.2008 9/08 Tenesteutvalet PS 13.02.2008 13/08 Tenesteutvalet PS 12.03.2008 / Tenesteutvalet PS Uformell drøfting av ymse saker. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 14/08 MØTEBOK TILSKOTSMIDLAR TIL SMIL OG NMSK NY TILTAKSSTRATEGI FOR TILDELING 2008-2010 Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: V16 Arkivsaksnr.: 08/476 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 14/08 Tenesteutvalet PS 12.03.2008 Framlegg til vedtak/tilråding: Os kommune godkjenner tiltaksstrategi for midlane til Spesielle miljøtiltak (SMIL) og Nærings og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) i Fusa, Os og Samnanger 2008-2010 slik han er framlagt av administrasjonen. Vedtaket er heimla i Forskrift om spesielle miljøtiltak i landbruket 1 og Forskrift om nærings og miljøtiltak i skogbruket 1. Os, 14.02.08 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 14/08 Saksframstilling: Vedtaksmynde: Vedtaket vert sendt: Kopi: Saksdokument: Vedlegg: Ikkje vedlegg: Tenesteutvalet Tiltaksstrategi for midlane til Spesielle miljøtiltak (SMIL) og Nærings og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) i Fusa, Os og Samnanger 1008-2010. Notat om brukte midlar i 2007 Faktiske opplysningar: Kommunane får årlege midlar frå staten til ordningane Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Nærings og miljøtiltak i Skogbruket (NMSK). Midlane kjem i ein samla pott og skal fordelast til landbruket etter retningslinjer i forskrifter og lokale mål og strategiar. Midlane vert fordelt som tilskot etter søknad. Forskrifter med rundskriv set rammene for kva midlane kan brukast til, men kommunane skal fordelast etter lokale mål og strategiar. Desse strategiane skal vara i tre år om gongen, men kan reviderast årleg derom det er behov. For Fusa, Os og Samnanger har vi ein felles strategi, som skal godkjennast politisk i alle tre kommunane. Det er utarbeidd ny stategi for bruken av midlane i perioden 2008-2010. Dokumentet er vedlagt. I 2008 har vi til saman kr. 500 000,- til SMIL og NMSK i Fusa, Os og Samnanger. Dette er om lag som i 2007 då det vart gitt ei løyving på 480 000,- i den ordinære tildelinga på våren, men då fekk vi ein ekstrakvote på 200 000,- seinare på året. Vurdering: I samband med utarbeiding av tiltaksstrategi for 2008-2010 har landbrukskontoret hatt møte med landbruksorganisasjonane. Innspel frå dette møtet og erfaring frå tidlegare søknadsrundar har vore grunnlag for utarbeiding av tiltaksstrategi. Det er gjort nokre endringar i den nye strategien i høve til den gamle. Særleg retningslinjene for sakshandsaming og prioritering er i større grad er konkretisert. Dette skal gjera fordelinga og prioriteringa mellom søkjarar meir ryddig og vedtaka betre fundamentert. Dei siste åra har det komme inn fleire søknader enn vi har hatt pengar til. Dette vil truleg halda fram i åra som kjem, og då er det viktig å ha ein heimel for dei prioriteringane som vert gjort. Sakshandsaminga for søknader om tilskot til skogkultur er endra for å få handsaminga vår til å fungera i lag med handsaminga hos fylkesmannen. Elles er motarbeiding av attgroing av landskapet eit viktig mål, og det er opning for at mykje av pengane framleis skal gå til rydding av gamal kulturmark. Det er også tenkt at skogbruket skal få eit lite løft. Tilskotssatsane til skogplanting og ungskogpleie skal aukast til 70 % av godkjent kostnad. Side 4 av 17
Sak 14/08 Det er tenkt at Fusa, Os og Samnanger framleis skal delta i prosjekt skog utan grenser. Etter gjeldande fordelingsnøkkel skal Fusa, Os og Samnanger inn med ein samla sum på kr. 47 000,- kvart år. Det er svært positivt for skogbruket i regionen at vi har ein skogbruksleiar som yter litt ekstra service og har tid til rådgiving og oppsøkande verksemd ut mot skogeigarar. I 2007 vart det omsett tømmer med ein bruttoverdi på kr. 8,7 mill. gjennom prosjektet. Vi har i samarbeid med Vestskog BA og kommunane Kvam, Kvinnherad og Tysnes planlagt eit prosjekt i 2008 for å få opp denne aktiviteten. Finansieringa av sjølve prosjektet er alt på plass gjennom statelge midlar. Dette saman med ein sannsynleg auke i hogstaktiviteten vil truleg resultera i at noko meir pengar går til skogkultur dei neste åra. Det er tenkt å starta opp med å rydding i skog og kratt langs med vegane for å auka utsikta og betra på traffikktryggleiken. Dette arbeidet er tenkt å vera i samarbeid med Skog utan grenser. Dette gir stordriftsfordelar i samband med planlegginga for entrepenørar, kontakten med regionale styresmakter, som vegvesenet, og utvikling av kompetanse og gode arbeidsmetodar. I Kvinnherad har det dei to siste åra vore utført rydding langs vegane etter denne modellen, og det har fungert svært godt. Kostnadene til planlegging og administrasjon har vore små, og mesteparten har gått til sjølve arbeidet. Reaksjonane frå ålmenta har vore svært positiv. Landbruksorganisasjonane er noko skeptisk til å bruka landbruket sine midlar til å rydda langs vegane. Landbrukskontoret vurderer det likevel slik at det bør brukast litt pengar på dette. Det vil vera eit tiltak som har stor effekt på å synleggjera landskapet og svært mange får glede av det. Det er tenkt å bruka kr. 50 000,- per år til dette. Fusa, 14.02.08 Åsmund Austarheim landbrukskonsulent Side 5 av 17
Sak 15/08 MØTEBOK TENESTEUTVIKLING- KVALITET, OMFANG OG SERVICENIVÅ Saksbehandlar: Beate Moberg Arkiv: 053 Arkivsaksnr.: 08/90 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 2/08 Tenesteutvalet PS 23.01.2008 12/08 Tenesteutvalet PS 13.02.2008 15/08 Tenesteutvalet PS 12.03.2008 Framlegg til vedtak: Tenesteutvalet tek orienteringa opp til drøfting. Os, 29.02.08 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 15/08 Behandling i Tenesteutvalet i møte 13.02.2008 Behandling i utvalet: Leiar Hedevig Holst (H) la fram forslag/utkast til handlingsplan for tenesteutvalet 2008-2011. Medlemane skal få tilsendt ein kopi og skal koma med innspel til innhald. Leiar, nestleiar og ein frå opposisjonen skal leggja fram ein plan innan mai 2008. Den skal reviderast årleg. Utvalet ber om ein grundigare orientering om kva balansert målstyring inneber. Det vart fremja ynskje om at rådmannen skulle koma og orientere om temaet. Vedtak: Det skal utarbeidas tein handlingsplan for tenesteutvalet for 2008 1011. Behandling i Tenesteutvalet i møte 23.01.2008 Behandling i utvalet: Kommunaldirektør Beate Moberg orienterte. Utvalet ønska samrøystes å få tilgang til websida www.bedrekomune.no. Deloppgåver innan tenesteutvikling i prosjektet Os i Tio vart presentert. Tenesteutvalet skal arbeida vidare med målsetjing/krav i dei komande møta. Saka skal vera med på saklista til kvart møte. Vedtak: Oppstart av diskusjonar kring tenesteutvikling kvalitet, omfang og servicenivå. Side 7 av 17
Sak 15/08 Saksopplysningar: I Os kommune er det sett i verk eit omfattande prosjekt som heiter Os i Tio. Dette prosjektet inneheld alle sider ved den kommunale drifta. Eit av delprosjekta heiter tenesteproduksjon servicenivå, omfang og kvalitet på tenestene i Os kommune. Før administrasjonen går i gang med vidareutvikling av system rundt dette området vert det viktig å forankra delprosjektet, mål og prosess i tenesteutvalet. I denne samanheng ønskjer administrasjonen å leggja fram tankar rundt korleis ein kan jobba i høve til kartlegging og oppfølging av dei tenestene vi tilbyr. Tenesteutvalet skal i samband med dette vera med å legge føringar for det vidare arbeidet med tenesteutviklinga. Tema: Serviceerklæringar Framlegg til kva ei serviceerklæring skal vera: Ein serviceerklæring inneheld skriftleg informasjon om innhald, omgang og kvalitet på ei teneste. Erklæringa skal gjera det tydeleg kva forventningar brukar kan ha til kommunen sine tenester og kva rettar og plikter som gjeld i tilhøvet mellom brukar og kommunen. Serviceerklæringa vil mellom anna gje brukar svar på spørsmål om: Kva ein teneste inneheld, kva kvalitet og service kommunen tilbyr Kriteria for å søkje om ein teneste frå Os kommune Korleis du går fram for å søkje om ein teneste frå kommunen Gjensidige pliktar, kostnader, tid til sakshandsaming og klageadgang. Føremålet med å lage serviceerklæringar er å styrkje dialogen med bukarane/innbyggjarane og å freista til forventningsavklaring. Erklæringane skal også fungera som eit grunnlag for å vurdera om kommunen oppfyllar sine pliktar. Kommunen skal utarbeida serviceerklæringar for XX ulike tenester. Alle skal handsamast i tenesteutvalet og endeleg vedtakast i kommunestyret. Serviceerklæringane skal finnast på kommunen si heimeside. Framlegg til tenesteområde det skal utarbeidast serviceerklæringar på: SERVICEERKLÆRINGAR OS KOMMUNE Dato: Handsama i tenesteutvalet Teneste Ansvarleg: Handsama i tenesta Vedteke i kommunestyret Kultur og fritid Biblioteket Frivillighetssentralen Fritidsklubber Musikk- og kulturskule Tilskot til kulturtiltak Flyktningmottak Side 8 av 17
Sak 15/08 Kinodrift Fritidstilbod til funksjonshemma Barne- og ungdomsarbeid Helse Fysio- og ergoterapi - born Fysio- og ergoterapi - vaksne Legevakt Skulehelsetenesta Tekniske hjelpemidel Helsestasjonsteneste Helsestasjon for ungdom Førebyggjande teneste for barn og unge Jordmordteneste Rusmiddelbrukarar dagtilbod Reisevaksine Psykisk helse - butilbod Psykisk helse - dagtilbod Psykisk helse - individuelle tenester Kommunalteknikk Renovasjon Drikkevatn Avløp Kommunale vegar Barnehage Barnehagetilbod Tiltak funksjonshemma barn Dato: Teneste Ansvarleg: Handsama i tenesta Handsama i tenesteutvalet Vedteke i kommunestyret Skule og PPT PPT Elevskyss Tilpassa opplæring Registrering av elever/innskriving Skulefritidsordning/SFO Vaksenopplæring Morsmålsopplæring Barnevern Adopsjon Hjelpetiltak Omsorgstiltak, fosterheim - institusjon Melding, mottak og undersøking Side 9 av 17
Sak 15/08 Plan og byggjesak Oppmålingstenester Meglaropplysningar Reguleringsplanar Byggjesakshandsaming Tiltak mot vegstøy Trafikksikkerheit Sosial / NAV Bustadtenesta Låne- og støtteordningar Økonomisk sosialhjelp Gjeldsrådgjeving Kommunal tilleggsyting Park og idrett Friluftsområde Park og friområde Leikeplassar og nærmiljøanlegg Friidrettsanlegg Grasbaner Grusbaner Kunstgrasbane Dato: Teneste Ansvarleg: Handsama i tenesta Handsama i tenesteutvalet Vedteke i kommunestyret Omsorg Omsorgsløn Personleg brukarstyrt assistent Omsorgsbustad Assistert bustad Opphald i sjukeheim Servicebustad Bufellesskap Avlastning - born Aktivitetstilbod - PU Heimesjukepleie Heimehjelp Aktivitetsleiar Matombringing Støttekontakt Miljøarbeidartenester Skatt Skatt Vedlikehald Miljøretta helsevern Anna vedlikehald Side 10 av 17
Sak 15/08 Framlegg til kva ei serviceerklæring skal innehalda: Namn på tenesta Overordna mål Servicemål Kva inneheld tenesta Kven kan få tenesta Vilkår for å få tildeling Kva forventast av brukaren Tenesta omfattar ikkje Kva kostar tenesta Praktiske opplysningar Søknad Nyttige adresser Framlegg til form på serviceerklæringa: Serviceerklæringa skal ha ei enkel form og skal vera på eit tosidig ark. Det skal vera lett å kopiera og redigera ho. Framlegg vart lagt fram i førre møtet. Os, 29.02.2008 Beate Moberg Kommunaldirektør Side 11 av 17
Sak 16/08 MØTEBOK TEMA I TENESTEUTVALET: PSYKISK HELSE OG RUS OMRÅDET Saksbehandlar: Beate Moberg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 08/105 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 1/08 Tenesteutvalet PS 23.01.2008 / Os eldreråd PS 16/08 Tenesteutvalet PS 12.03.2008 Framlegg til vedtak: Utvalet tek saka til orientering. Os, 29.02.08 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 16/08 Behandling i Tenesteutvalet i møte 23.01.2008 Behandling i utvalet: Orientering av Birgit Holsen, Anne Valle og Aut Wincents om tilhøva og ressursar i pleie- og omsorgsektoren. Samrøystes vedtak som innstillinga. Vedtak: Utvalet tek orienteringa til etterretning. Side 13 av 17
Sak 16/08 Vedlegg: Saksopplysningar: På møtet 12.03.2008 er tema Psykisk helse og rusomsorga i Os kommune. Einingsleiar Eva-Mari Solberg og fagleiar psykiatri Lisbeth Axelsen presenterar fagområda. Os, 29.02.2008 Beate Moberg Kommunaldirektør Side 14 av 17
Sak 17/08 MØTEBOK STATUS- HELSEVERNGODKJENNING I SKULAR OG BARNEHAGAR Saksbehandlar: Simen Soltvedt Arkiv: 614 J Arkivsaksnr.: 08/597 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 17/08 Tenesteutvalet PS 12.03.2008 Framlegg til vedtak: Tenestetuvalet tek saka til orientering. Os, 29.02.08 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 17/08 Vedlegg: 1. Oversyn over status tilsyn- barnehagar og skular pr. 29.02.08 Vedlegg 1 Saksopplysningar: Heimel: Forskrift om miljøretta helsevern i skoler og barnehager mv. Os kommune kjøper tenester frå Bergen kommune i høve miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Avtalen inneber såkalla fullført sakshandsaming, som inneber at helsevernetaten har fått delegert ansvar for synfaring, rapporttering, tilsyn og framlegg til godkjenning. Saksgong for søknad om helseverngodkjenning er: Saksgong: 1. Eigar av barnehagen eller skulen søkjer om godkjenning etter forskrift til Bergen kommune ved Helsevernetaten. For nye bygg skal dette skje så tidleg som mogeleg i prosessen, slik at Helsevernetaten kan kome med innspill om evt. tilhøve som er i konflikt med forskriften. 2. Før bygget vert teke i bruk, skal Helsevernetaten kome på varsla tilsyn. Kommunen som tilsynsmynde og som eigar er reprensentert på denne synfaringen. 3. Helsevernetaten skriv tilsynsrapport med bakgrunn i synfaring. Rapporten nemner eventuelle merknader og avvik som vert avdekka i høve forskriften. Ved alvorlege avvik kan kommunelegen i samråd med Helsevernetaten stenge bygget/eininga, fram til tilhøva er retta. 4. Eigar får frist til å utbetre evt. avvik og merknader. Med bakgrunn i tilbakemelding frå eigar om at avvika og merknadene er retta opp, kjem helsevernetaten på ny synfaring. 5. Dersom alle tilhøve er etter forskriften, lagar Helsevernetaten framlegg til godkjenning i høve forskrift om miljøretta helsevern i skoler og barnehager mv. Framlegget kan óg setja vilkår for godkjenning, dvs. at tilhøve vert retta før saka vert tatt opp til politisk handsaming. 6. Kommunelegen lagar sak til politisk handsaming. 7. Kommunestyret godkjenner eininga etter forskriften. Adminstrasjonen held på med å sjå på rutinar rundt arbeidet med godkjenning etter forskift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Av di det er store manglar i saksdomumenta, har vi ikkje god nok oversikt over over status på einingane som ikkje er godkjend. Når det gjeld dei sakene der Helsevernetaten kar kome med framlegg, men saka ikkje er handsama i kommunestyret, har vi ikkje eintydig svar på kvifor det er slik. Det kan ha samanheng med rutinar for arkivering eller fordi kommunen dei siste åra ikkje har hatt fast kommuneoverlege. Godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern er ein prosess som aldri tar slutt. Ein eining som er godkjent den eine dagen, treng ikkje vera det neste. Dette førar til eit behov for jamnleg å føra tilsyn. Tal einingar har auka kraftig dei siste åra. Auke skyldes at det er etablert mange nye private barnehagar. Det vil difor vera naturleg å sjå på om avtalen med Helsevernetaten klarar å følje opp tal einingar. Side 16 av 17
Sak 17/08 Oversyn over status i skular og barnehagar. Vedlagt følgjer tabell over status mht. helseverngodkjenning for skular og barnehagar i Os kommune. Oversynet syner siste hendingar i sakane, og kva einingar som Helsevernetaten har kome med framlegg til godkjenning og kva einingar som er godkjent i kommunestyret. Simen Soltvedt Side 17 av 17