Referat -- Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo Til Stades: Harald Lie,Bodil Mannsverk (kun 1. dag), Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Tor Inge Eidesen og Linda Kristin Oppedal. Frå Administrasjonen: Frode Alfarnes og Tor Skeie Olsen Sak 63/17 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Sak 57/ 17 vitige endrast til viktige. Protokoll frå førre styremøte er godkjent. Sak 64/17 Open post Utrekning av tilskott. Bonden må no sjølv finne ut kor mykje han/ho får i tilskot. Dette er nytt for alle, og det er viktig at laga informerer godt ut til sine medlemar om dette. Dette vil nok gå seg til, og fordelen med ny ordning er at tilskottet vert utbetalt i februar. AFP Premiemodellen ved AFP vert endra frå og med neste år. Administrasjonen kontaktar NHO Mat og Drikke for å få meir utfyllande informasjon, og vidarefører denne informasjonen ut til medlemslaga så snart som råd. Sak 65/17 Rekneskap per 30. november Dagleg leiar gjekk igjennom rekneskapen og stipulerte eit årsresultat som kjem ut 30.000 kroner dårlegare enn budsjettert. Rekneskap per 30. november er teke til etterretning. Oversiktleg og god stipulering ut året. Sak 66/17 Evaluering haustsamlinga Årets haustsamling er vel gjennomført. Det er gledeleg å sjå ei auke i tal på deltakarar på kursa i forkant av samlinga. Tilbakemeldingane frå deltakarane viser at storparten var godt nøgd med både innhald og gjennomføring. Totalt var det 193 (+6) frå 66 lag (-1) som deltok på årets samling. På kursa i forkant av samlinga var det heile 148 (+40) som deltok. Ut frå evalueringa frå deltakarane og styret, vert det ein gjennomgang på følgjande punkt fram mot neste års samling:
Bruk av eksterne/interne forelesarar Kvalitetssikra forelesarane (kunnskap om oss) Presentasjonsvideo Haustsamlinga 2018 vert arrangert på Scandic Hell 30.oktober-1.november Innspel frå evaluering i styret vert teke med i utarbeiding av neste års samling. Sak 67/17 Jordbruksforhandlingane Styret er samde i at ein bør vidareføre nokre viktige punkt ein har hatt dei seinare åra. Innspel for 2018 i prioritert rekkefylgje: 1. Utviklinga i LV-ordninga 2. Tilskotta må følgja kostnadsutviklinga (tilskotsramma) 3. Endringar i forskrift ved sjukdomsavløysing Ein må oppfordre medlemslaga til å sende inn eigenformulerte innspel ut frå desse tre punkta til lokal-/fylkeslaga. Som i fjor bør styremedlemane ta kontakt med enkelte medlemslag med oppfordring om å sende inn innspel. Innspel vert utarbeidd av administrasjonen basert på prioriteringane frå styremøtet. Sak 68/17 Smittevern På haustsamlinga hadde vi eit innlegg om smittevern. Vi er alle einige i at det er viktig at våre tilsette ikkje bringe smitte med seg til ein besetning. Spørsmålet er kor strengt ein skal legge dette opp. Styret meiner det er viktig at vi føl Mattilsynet sine krav og at vi ikkje krev noko meir enn dette. Ein kan eventuelt kome med anbefalingar utover kravet når vi sender ut informasjon til medlemslaga. Det er og viktig at NLT er representert i dei fora dette temaet vert diskutert i framtida. NLT får avklart gjeldande krav frå myndigheitene og føreheld seg til dette. Ein sjekkar og opp kostnadsspørsmålet (kven betalar for testinga), og sender ut informasjon til laga når det er klart. Sak 69/17 Ikkje offentleg Sak 70/17 Utkast til budsjett for 2018 Dagleg leiar orienterte. Ein ser at aktivitetsnivået både for styremedlemane og administrasjonen har auka i 2017. Ein budsjetterer med same aktivitetsnivå i 2018. Trude si stilling vert frå 01.01.2018 auka frå 80% til 100%.
Innspel frå styret: Ein må sjå om auken i aktivitetsnivået i 2017 er ekstraordinær, eller om den er komen for å bli. Styret ynskjer 2 innstikk i Bondebladet også i 2018 Administrasjonen utarbeider ei oversikt / kalkyle på kva ein auke i eigedel/kontingent/forsikring vil utgjera. Dette skal vera klart til neste styremøte Endeleg budsjett vert utarbeidd etter innspel frå styret og lagt fram på styremøtet i februar og vedteke der. Sak 71/17 Referatsaker A. Møte samarbeidsrådet region øst Harald Lie og Bodil Mannsverk var til stades. Harald informerte. B. Nasjonalt Samarbeidsforum HMS Tor Inge Eidesen representerte NLT og hadde eit 10 minutts innlegg med tittelen «velferdsordningane si rolle i det forebyggande HMS-arbeidet» C. Møte om tilsyn i Landbruket Frode Alfarnes representerer NLT. NLT hadde i slutten av november møte med Mattilsynet og NHO Mat og Drikke. Her fekk ein avklart ein del minimumskrav som må vera på plass ved tilsyn. Administrasjonen har i etterkant av møtet fordelt ein del arbeidsoppgåver, som skal leggast inn i administrasjonshandboka så snart som råd. D. Andre møte i referansegruppe - Landbruksdirektoratet Frode Alfarnes er NLT sin representant i referansegruppa nedsett av Landbruksdirektoratet etter vedtak i jordbruksforhandlingane i år. Referansegruppa skal vera til hjelp i arbeidet med å sjå på alternativ til kravet om ½G i næringsinntekt for å ha rett på tilskott ved sjukdom mv. I tillegg vert det vurdert om ein skal utvide målgruppa for ordninga i forhold til i dag. E. Møte referansegruppe - KSL Frode Alfarnes representerer NLT i dette møtet saman med representantar frå Matmerk, Bondelaget, Arbeidstilsynet og Fellesforbundet. Det var diskutert moglegheitene for å få på plass ein avtale mellom Matmerk og Arbeidstilsynet. Det var også diskutert kva dokument ein kan få inn i KSL for vårt vedkomande som er tilfredsstillande krav frå både oss og Arbeidstilsynet. F. Møte Arbeidsgiverpolitisk Utval NHO Mat og Drikke Frode Alfarnes representerer NLT. Den nye personvernforskrifta var tema på dette møtet. Ein bør utarbeida eit informasjonsskriv ut til laga der ein legg vekt på kva laga bør/må vera obs på. G. Fjellandbrukskonferansen Finn Egil Adolfsen representerte NLT. Her var det mange gode tema frå ulike aktørar. Positivt å vera med på slike arrangement der laga inviterer oss. Ein bør i framtida kanskje legge inn møter med medlemslaga i nærleiken når ein likevel er på arrangement rundt om i landet.
Referat er teke til etterretning. Sak 72/17 Orienteringssaker A. Møte i arbeidsgruppe Strategiplan 29. november. Finn Egil Adolfsen informerte om arbeidet som pågår. Ein er no i «systematiseringsfasen», og på møtet vart det jobba med verdiar og visjon. Neste møte vert 12.januar. Strategiplanen bør sendast ut på høyring i etterkant av neste styremøte som er 6.-8. februar. B. Webtemp Frode Alfarnes informerte om utviklinga. Det er berre 3 lag som startar opp med Webtemp frå 01.01.2018. Det er då totalt 27 lag som nyttar Webtemp, og ein må sjå på korleis ein kan få enno fleir til å ta programvara i bruk. Her må vi med anna sjå om det er mogleg å starte opp til andre tidspunkt enn nyttår. Trude skal sende ut nyhendebrev til brukarane om lag kvar 14. dag. Dette skal innehalda nyttige tips, nyhende og anna praktisk informasjon som kjem brukarane til gode. I løpet av 2018 skal fleire lag som ikkje nyttar Webtemp tas kontakt med. C. Innstikk i Bondebladet Tor Skeie Olsen orienterte. Det vert innstikk i Bondebladet i veke 51. Dette vert same storleik som sist. D. Avtale mellom Matmerk og Arbeidstilsynet Frode Alfarnes orienterte, og Arbeidstilsynet har no signalisert at dei ynskjer å få på plass ein avtale. Orientering er teke til etterretning. Sak 73/17 Andre saker A. Fagdag om Dyrevelferd 13. februar 1000-1530. NLT bør ha ein representant med på denne fagdagen. Bodil Mannsverk kan ikkje stille. Tor Inge Eidesen stiller for NLT, med Aud Fossøy som vara om noko skulle koma i vegen. Tor Inge Eidesen representerer NLT på møtet. Sak 74/17 Eventuelt A. Vervekampanje frå NHO Mat og Drikke NHO Mat og Drikke ynskjer å dra i gang ein vervekampanje ut mot medlemslaga i NLT for å få fleire lag til å knyta seg til organisasjonen. Styret i Norske Landbrukstenester stiller seg positivt til dette, og ser heilt klar nytta av at flest mogleg av medlemslaga er organisert i ein arbeidsgjevarorganisasjon. B. Forsikringar Det viser seg at det i nokre tilfelle er rom for mistyding på kva ulike forsikringar dekkjer. Dette må ein prøve å luke vekk, og informera medlemslaga enno tydlegare kva forsikringane dekkjer osv. Romar Skeie Olsen jobbar med dette.
C. Fylkesvise kontaktpersonar Ein bør jobba med å få på plass fylkesvise kontaktpersonar i vår organisasjon. Det er vanskeleg for andre organisasjonar å vite kven dei skal kontakte i dei ulike fylka ved t.d. invitasjon til møter mm. Dette vert jobba med fram mot haustsamlinga i 2018. D. Vakttelefon. Det viser seg i fleire tilfelle at bonden som treng akutt hjelp ringer kommunen først fordi han/ho ikkje veit kven ein skal kontakte. Dette er noko styret skal ta tak i så snart ein er ferdig med strategiplanen. Administrasjonen sjekkar ut kostnad og kva som er praktisk gjennomførbart til styremøtet i februar 2018. Referent: Tor Skeie Olsen