IKT-plan. for. skolane i Sør-Aurdal kommune



Like dokumenter
Plan for grunnopplæring i IKT, Trones skole

IKT-PLAN HAUKELAND SKOLE

IKT FAGPLAN FOR LILLEAKER SKOLE JANUAR 2015

OPPLÆRINGA BARNEHAGANE GRUNNSKOLEN

IKT-plan for Nesoddtangen skole

Sigdal kommune. Lokal IKT plan for utvikling av digitale ferdigheter for elevene i Sigdalskolen

Fagplan IKT Trinn. Emne Metode. Læremiddel. Begrep. Vurdering. Etter 2. klasse. Norsk

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Kompetansemål i Kunnskapsløftet.

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011

Datakunnskap: - utskrift: finne rett skriver skrive ut. Tekstbehandling: - endre tekstutseende: skrifttype og skriftfarge - stavekontroll.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Vågå. - Eit verdival. Årets barne- og ungdomskommune Ordførar, Iselin Jonassen Vågå kommune

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

1.utkast. Bergen kommune

Kunne bruke. Office verktøy. Kunne. Kunne søke etter informasjon. bruke IKT i sin egen læring IKT. Digital kompetanse i alle fag. ped.

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Plan for digital kompetanse. Kringlebotn skole

Hva vet vi om unges tilgang til og bruk av digitale medier?

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Digital kompetanse. Kjartan Bjorøy Høgskulen i Volda

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Digitale ferdigheter

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

IKT-PLAN FOR VAULEN SKOLE

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Årsplan Matematikk 8. trinn

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Digital kompetanse for elever på Jåtten skole

HANDLINGSPLAN FOR DIGITAL KOMPETANSE

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

IKT-plan for Li skole. 1. trinn

Kompetansemål i norskfaget (IKT-utdrag)

Prinsipp for IKT- opplæringen

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20,

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE

Vurderingsrettleiing 2011

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015

DIGITAL KOMPETANSE TYRISTRAND SKOLE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Digitale ferdigheter. Digitale ferdigheter som en grunnleggende ferdighet

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

IKT - PLAN FOR HARALDSVANG SKOLE

FARNES SKULE ÅRSPLAN

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Nytt HFK Intranett

Lotteri- og stiftingstilsynet

Matematikk, ungdomstrinn 8-10

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Gjeldende fra trinn. Mål / elevene skal kunne:

Farnes skule, årsplan

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Naturlige tall. Primtall. Faktorisering. Hoderegning. Desimaltall. Overslagsregning.

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærer: Tove Mørkesdal og Tore Neerland. Tidsr om (Dato er/ ukenr, perio der.

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Årsplan i matematikk 9.klasse

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

Plan for Digital læring - Haukås skole,

LEKSEPLAN FOR 8. TRINN veke 17-18

Farnes skule, årsplan

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

felles fag på 6. og 7. årssteget

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 9. trinn

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vil du være med så heng på! Barnehagen som digital arena

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Transkript:

IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal kommune Planperiode 2006-2008

Innhald 1. Innleiing.. s. 3 1.1 Informasjon s. 3 1.2 Skoleeigar/kommunen sin rolle... s. 3 1.3 Formål med planen. s. 4 1.4 Framstilling av den digitale utviklinga.. s. 4 1.5 Arbeid med planen.. s. 4 2. Digital kompetanse. s. 5 2.1 Utvikling av digital kompetanse på skolane i Sør-Aurdal s. 5 2.2 Kunnskapsløftet - den nye læreplanen.... s. 5 3. Pedagogiske opplegg.. s. 7 3.1 Plan for dei ulike trinna.. s. 7 4. Kompetansebehov for lærarane... s. 12 5. IKT-utstyr i skolane. s. 12 5.1 Situasjonen hausten 2005 s. 12 5.2 Behova framover s. 12 5.3 Maskinar/utstyr.. s. 12 5.4 Anna utstyr. s. 13 5.5 Programvare s. 13 5.6 Vedlikehald/driftsutgifter s. 13 5.7 Data-ansvarleg.s. 13 6. Kostnadsoverslag. s. 14 7. Oppsummering.... s. 14 IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 2

1. Innleiing 1.1 Informasjon I merknad til k-sak 04-0068 ba kommunestyret rådmannen utarbeide IKT-plan for skolane i tråd med "Program for digital kompetanse 2004-2008" og nye læreplanar. IKT-planen er utforma etter dei krav og retningslinjer som ligg i sentrale styringsdokument. Det stillast krav til ein omfattande satsing på IKT i skolen frå departementet sin side både i Læreplanen L97, "Program for digital kompetanse 2004 2008", St.meld.nr.30 "Kultur for læring" og "Kunnskapsløftet" - den nye læreplanen som trer i kraft frå skoleåret 2006/2007. Den tekniske utviklinga innan IKT har akselerert veldig, og alle blir langt meir involverte i den digitale kvardagen både heime, på jobb og i læringssituasjonen. Den digitale utviklinga er ikkje lenger framandgjerande teknologi, men på ulike måtar innvevd i kvardagen. Etter fleire år med prosjekt og utprøvingar viser resultata både internasjonalt og nasjonalt at IKT-bruk gir betre læringsutbytte for elevane. Utdannings- og forskningsdepartementet meiner derfor at det er nødvendig å vidareføre og vidareutvikle IKT-satsinga i skoleverket. I første omgang skal det skje gjennom UFDs femårige programsatsing Program for digital kompetanse 2004 2008". Programmet har følgjande fire hovudmål: 1. 2008 skal norske utdanningsinstitusjonar ha tilgang til infrastruktur og tenester av høg kvalitet. Læringsarenaene skal ha teknisk utstyr og nettsamanheng med tilstrekkeleg bandbredde. Utvikling og bruk av IKT i læringsarbeidet skal støttast av sikre og kostnadseffektive driftsløysningar. 2. 2008 skal digital kompetanse stå sentralt i opplæringa på alle nivå. Alle lærande, i og utanfor skolar og universitet/høgskolar, skal kunne utnytte IKT på ein sikker, fortruleg og kreativ måte for å utvikle dei kunnskapar og ferdigheiter dei treng for å kunne vere fullverdige deltakarar i samfunnet. 3. 2008 skal det norske utdanningssystemet være blant dei fremste i verda når det gjeld utvikling og pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. 4. 2008 skal IKT vere eit integrert verkemiddel for innovasjon og kvalitetsutvikling i norsk utdanning, basert på organisasjons- og arbeidsformer som fremmer læring og nyskaping. Programmet har 4 satsingsområde: infrastruktur kompetanseutvikling digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer forskning og utvikling (FoU) Satsingsområda må sjåast i samanheng og alle områda er like viktige. 1.2 Skoleeigar/kommunen sin rolle Skoleeigar/kommunen har ein vesentleg del av ansvaret for å realisere programmet sin visjon og mål når det gjeld grunnopplæringa, og har eit spesielt ansvar for satsingsområda infrastruktur og kompetanseutvikling. I "Program for digital kompetanse 2004-2008" stillast det følgjande viktige krav til skoleeigar/kommunen: Kommunen skal utvikle forpliktande strategiar og planar for bruk av IKT i undervisning og læring. Planane må koplast til kommunen sine overordna IKT-planar. Kommunen har eit hovudansvar for kompetanse- og kvalitetsutvikling knytt til IKT i opplæringa. Når det gjeld infrastruktur og kompetanseutvikling, må kommunen leggje til rette for at skolane kan realisere pedagogiske mål i læreplanane. Arbeidet med IKT brukt ved eksamen og vurdering trappast opp. Kommunen har ansvar for at forholda ved den enkelte skole leggjast til rette for gjennomføring av eksamen med IKT. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 3

1.3 Formål med planen Planen har to hovudformål. 1. Gi politikarane eit vedtaksgrunnlag i budsjettarbeidet. Det blir derfor gitt ei framstilling av dei utfordringane som kommunen har i forhold til å følgje opp den digitale utviklinga i skolane i Sør-Aurdal. 2. Gi skolane eit overordna dokument for arbeidet med digital kompetanse i skolen. Dei pedagogiske utfordringane som er knytt til den nye læreplanen og til gjennomføringa av dei nasjonale prøvane, elevinspektørane, eksamen mm. 1.4 Framstilling av den digitale utviklinga Endringar i elevane sin læringspraksis er målet for den digitale utviklinga i skolen. Digital kompetanse kan definerast som ein grunnleggjande ferdigheit i å bruke programvare, søkje, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon frå digitale kjelder. I følgje tilstandsrapportar frå skolesektoren dei siste åra ser det ut til at bruk av IKT i læringsarbeidet har auka. Dei samme rapportane viser også at det er store forskjellar i bruken av IKT. Det er store forskjellar frå kommune til kommune, frå skole til skole og frå lærar til lærar når det gjeld pedagogisk bruk av IKT. Når ein ser at tilgangen på infrastruktur som PC-ar og driftsløysingar i skolane varierer, vil dette til saman kunne føre til at det oppstår digitale skille. For å motvirke tendensen til digitale skille er skoleeigarane pålagt å utarbeide lokale planar for digital kompetanse. Dette betyr at den nasjonale planen Program for digital kompetanse konkretiserast i ein lokal plan. Den lokale planen vil sjå på status for infrastruktur og dataløysingar og nødvendige oppgraderingar. Utfordringar i forhold til dette er også å få til tenlege driftsløysingar. Planen tar også for seg kompetanseutvikling. Kompetanse handlar om nødvendig kompetanse hos lærarane, men det handlar primært om den kompetansen elevane skal ha når dei går ut av grunnskolen. Elevane sin kompetanse vil i vesentleg grad bli behandla i den delen som har hovudvekt på skolen sin bruk av IKT i læringsarbeidet. 1.5 Arbeid med planen Det blei sett ned ei arbeidsgruppe for å lage IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal kommune. Arbeidsgruppa har bestått av Georg Dokken, Bagn skule Ole-Petter Andersen, Reinli skule Mona Midtmoen, Sør-Aurdal ungdomsskole Unni Røhr, Sør-Aurdal kommune Utdanningsforbundet har fått invitasjon og informasjon. Mandatet for gruppa var å utarbeide IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal kommune. I utgangspunktet var tidsperspektivet å gjere planen ferdig innan september 2005, men arbeidet med planen var tidkrevjande og tidspunktet vart sett ut til desember 2005. Planen har tre hovudfokus: Del 1: IKT i skolane eit grunnlagsdokument for pedagogisk arbeid i skolen. Del 2: Kompetansebehov for lærarane Del 3: IKT-utstyr i skolane situasjonen hausten 2005 og behova framover. Til dette vert det utarbeida eit kostnadsoverslag. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 4

2. Digital kompetanse Digital kompetanse vil i tida framover vere ein grunnleggjande kunnskap ein treng for å delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv. Grunnopplæringa vil derfor bli sentral i utviklinga av elevane sin digitale kompetanse. IKT skal vere ein naturleg del i det daglege arbeidet innanfor alle fagområde. Å kunne bruke digitale verktøy er ein av dei grunnleggjande ferdigheitene i Kunnskapsløftet (den nye læreplanen frå hausten 2006). I følgje St.meld.nr.30 Kultur for læring er digital kompetanse summen av enkle IKT-ferdigheiter, som det å lese, skrive og rekne, og meir avanserte ferdigheiter som sikrar ein kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy og media. IKT-ferdigheiter omfattar det å ta i bruk programvare, søkje, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon frå ulike digitale kjelder, mens den kritiske og kreative evna også fordrar evna til evaluering, kjeldekritikk, fortolking og analyse av digitale sjangrar og medieformer. Totalt sett kan digital kompetanse dermed sjåast på som ein svært samansett kompetanse. 2.1 Utvikling av digital kompetanse på skolane i Sør-Aurdal Sør-Aurdal kommune starta eit prosjekt innan IKT i januar 2004: -prosjektet. -programmet er ein læringsplattform. Formålet med -prosjektet er å gi skolane (elevar og lærarar) eit hjelpemiddel i det daglege arbeidet. Programmet vil gi moglegheiter til å utvikle nye læringsstrategiar/metodar gjennom IKT. Dataprogrammet kan brukast som eit verktøy til prosessorientert skriving, kommunikasjon mellom elevar, lærarar og foreldre, og som kommunikasjon og idéutveksling mellom skolane. 2.2 Kunnskapsløftet - den nye læreplanen I Kunnskapsløftet blir det lagt stor vekt på elevane sine grunnleggjande ferdigheiter: å kunne uttrykkje seg munnleg å kunne lese å kunne rekne å kunne uttrykkje seg skriftleg å kunne bruke digitale verktøy I læreplanane i Kunnskapsløftet ligg følgjande utfordringar i å kunne bruke digitale verktøy i dei ulike faga: Norsk:Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å meistre nye tekstformer og uttrykk. Dette opnar nye læringsarenaer og gir nye moglegheiter i lese- og skriveopplæringa, i produksjon, komponering og redigering av tekstar. I denne samanhengen er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kjelder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevane sine ferdigheiter innan kommunikasjon og presentasjonar. Matematikk: Å kunne bruke digitale verktøy i matematikk handlar om å bruke slike verktøy til spel, utforsking, visualisering og publisering. Det handlar òg om å kjenne til, bruke og vurdere digitale hjelpemiddel til problemløysing, simulering og modellering. I tillegg er det viktig å finne informasjon, analysere, behandle og presentere data med høvelege hjelpemiddel, og vere kritisk til kjelder, analysar og resultat. Engelsk: Å kunne bruke digitale verktøy i engelsk gir moglegheit for autentisk bruk av språket og opnar for fleire læringsarenaer for faget. Engelskspråkleg kompetanse er i mange tilfelle ein forutsetning for å kunne ta i bruk digitale verktøy. Samtidig kan bruk av digitale verktøy bidra til utvikling av engelsk språkkompetanse. Kjeldekritikk, opphavsrett og personvern er sentrale område i digitale samanhengar som også inngår i engelskfaget. Mat og helse: Å kunne bruke digitale verktøy i mat og helse gjer det mogleg å søkje etter informasjon, samanlikne og vurdere næringsinnhald og presentere fagleg innhald. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 5

Kunst og handverk: Å kunne bruke digitale verktøy i kunst og handverk er viktig for å søkje informasjon og for sjølv å produsere informasjon i tekst og bilete. Produksjon av digitale bilete står sentralt i elevane sitt arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video. I denne samanhengen inngår haldningar til kjeldekritikk, personvern og kjennskap til reglar om opphavsrett. Multimedier inngår i presentasjon av eigne og andre sitt arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale verkemidlar er avgjerande for bevisst kommunikasjon. Musikk: Å kunne bruke digitale verktøy i musikk dreier seg om utvikling av musikkteknologisk kompetanse knytt både til lytting, musisering og komponering. I musikkfaget inngår blant anna bruk av opptaksutstyr og musikkprogram for å setje saman og manipulere lyd til eigne komposisjonar. I denne samanhengen inngår også kjennskap til kjeldekritikk og kunnskap om opphavsrett knytt til slik bruk av musikk. Kroppsøving: Å kunne bruke digitale verktøy i kroppsøving er viktig når ein skal hente inn informasjon for å planleggje aktivitetar, dokumentere og rapportere. KRL: Å kunne bruke digitale verktøy i KRL er ein hjelp til å utforske religionar og livssyn for å finne ulike presentasjonar og perspektiv. Ein viktig ferdigheit er å kunne bruke digitalt tilgjengeleg materiale, som bilete, tekstar, musikk og film på måtar som foreiner kreativitet med kjeldekritisk medvit. Digitale medier gir nye moglegheiter for kommunikasjon og dialog om religionar og livssyn. Desse mediene gir også moglegheiter for brei tilgang til materiale om aktuelle etiske problemstillingar. Naturfag: Å kunne bruke digitale verktøy i naturfag dreier seg om å kunne bruke slike verktøy til utforsking, måling, visualisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering ved forsøk og i feltarbeid. For å stimulere kreativitet, levandegjere og visualisere naturfaglege problemstillingar er digitale animasjonar, simuleringar og spel gode hjelpemiddel. Kritisk vurdering av nettbasert naturfagleg informasjon styrkjer arbeidet med faget. Dei digitale kommunikasjonssystema gir moglegheiter for å drøfte naturfaglege problemstillingar. Samfunnsfag: Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil óg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land. Framandspråk 2 og 3: Å kunne bruke digitale verktøy i framandspråk 2 og 3 bidreg til å utvide læringsarenaen for faget og tilfører læringsprosessen verdifulle dimensjonar gjennom moglegheiter for møte med autentisk språk og bruk av språket i autentiske kommunikasjonssituasjonar. Kjeldekritikk, opphavsrett og personvern er sentrale område i digitale samanhengar som også inngår i framandspråk. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 6

3. Pedagogiske opplegg 3.1 Plan for dei ulike trinna Trinn Elevane skal Forslag til programvare 1.trinn Bli kjend med datamaskinen i klasserommet: Leikeprogram logge datamaskinen på/av (læringsplattform) bli kjend med datamusa og tastaturet øve på å slå opp og finne, og bla seg fram for å sjå på bilete kunne leike på datamaskin 2.trinn Teikne, skrive og leike på datamaskin Bli litt kjend på tastaturet Finne og starte tekstbehandlingsprogram Skrive enkle ord Øve på å skrive ut Øve på å lagre og finne att dokument Lære uttrykka: piltastar, enter, mellomromstast, home/end, tastatur, skjerm, mus, PC/datamaskin Øve på addisjon og subtraksjon gjennom leik og spel 3.trinn Øve på tastaturet Skriveopplegg: Øve på å skrive med store og små bokstavar. Lage overskrifter. Skrive av ein tekst frå ei bok. Skrive eigen tekst Øve på å setje inn bilete i ein tekst Lese tekst på datamaskin Opne nytt dokument, lukke og lagre dette på eige område Lære å bruke passord for tilgang til (skolen sitt nett) og sikkerheita rundt dette Lage side om seg sjølv på Øve på å teikne figurar mm og lagre desse på eige område Arbeide med pedagogisk programvare som gir trening innan addisjon og subtraksjon med relevante talstorleikar og tiarovergangar Teikneprogram: Paint Tekstbehandlingsprogram: Leikeprogram Rekneprogram: Mons og Marte 2 minutter Drillpro (læringsplattform) Pedagogisk programvare: Gratis programvare frå Læremiddelsenteret. Mange fine sider på nettet, sjå på gruble.net Paint IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 7

4.trinn Øve på å bruke tastaturet aktivt Øve på å skrive store og små bokstavar, punktum Øve på å kopiere, klippe og lime Øve på å redigere skrivefeil Øve på å endre skrivestorleik/type Øve på å markere tekst: feit, understreka og kursiv Øve på å midtstille tekst Øve på å setje inn bilete og endre storleiken i teksten Skrive eigne tekstar Lage overskrifter, avskrift frå annan tekst Skrive ut og lagre på eige område Øve på å opne fellesområde på trinnet og eigne dokument Øve på å lage tabell innan tekstbehandlingsprogram Øve på å lage enkle diagram innan rekneark Bruke pedagogisk programvare for å øve på dei 4 rekneartane Lære enkel biletebehandling Skrive artikkel m/bilete i Prøve å søkje etter bilete/aktuelle tema på Internett 5.trinn Generelt: Elevane skal bruke IKT der det er relevant i faget. Søkje informasjon med tilknyting til læreverk og tema/prosjekt. Lære om nettvett og chatting. Fagleg: Lære tekstbehandling i tilknyting til skriving av eigne tekstar og øve på tastaturbruk Systematisere dokumenta sine Lære å sende og motta e-post Lære å sende e-post med vedlegg Repetere all tekstbehandling frå 2.-4.trinn Lære å halde orden på verktøylinjene Lære å setje inn bilete frå nettet, og endre storleik og format Øve på å søkje på Internett. Bruke definerte emneportalar og nettstad. Øve på å søkje etter fagstoff på Internett til bruk til t.d. prosjekt. Bli kjend med og bruke pedagogisk programvare for å utvikle engelske språkforståing. Lage artiklar til skolen sin heimeside på Lære å bruke kalkulator på datamaskin Tastaturtrening: Touch eller bruke program på Internett Rekneark: Calc/Excel Biletebehandling: XN-view/The GIMP Den flygande Matten Internett: Fire-fox Explorer Opera Mozilla Tastaturtrening: Touch eller bruke program på Internett Skolepost.. Rekneark: Calc/Excel Den flygande Matten Biletebehandling: XN-view/The GIMP Internett: Fire-fox Explorer Opera Mozilla IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 8

Lære skanning av bilete Lære litt om datamaskinen sin oppbygging: server, nettverk, prosessor, router osv. Lære litt om Internett si historie. 6.trinn Kunne bruke tekstbehandlingsprogrammet som skrivereiskap, produsere eigne tekstar Lære biletebehandling Sende og motta e-post, evt. ha kontakt med venskapsklasse i anna land Lære om opphavsrett og kjeldehenvising Lage skoleavis i Søkje informasjon med tilknyting til læreverk og tema/prosjekt Lære kva rekneark er, bli kjend med skjermbiletet, skrive inn tekst og tal, og lære å summere kolonner. Bruke pedagogisk programvare for å øve på dei 4 rekneartane. Hente informasjon på Internett frå engelskspråklege sider. Finne relevant informasjon på Internett Lære å vere kjeldekritiske Lære seg å bruke informasjonsteknologi på ein fornuftig og nyttig måte Lære litt om datavirus, korleis datamaskinen kan få det og korleis ein kan verne maskinen mot det Lære litt om datakriminalitet/hacking/nettvett, kva andre kan gjere med din maskin, og korleis du kan verne maskinen Lære litt om datamaskinen sin historikk 7.trinn Beherske og kjenne tastaturet Kunne lage sitt eige mappesystem og bruke det Lære ulike lagringsmetodar: lagre/lagre som og lagringsmediar: harddisk, diskett, minnepenn Kunne bygge opp artiklar og setje inn bilete Arbeide med bilete henta frå nettet, og lage eigne bilete. Bli kjend med ulike typar presentasjonsverktøy Øve på å bruke rekneark Lære å setje inn formlar Lære å lage eit enkelt budsjett Lære å bruke grafar og diagram som illustrerer oppgåver Lage eit prosjektarbeid der dei brukar fleire av programma dei har lært om, t.d. word, powerpoint, excel mm. Søkje på Internett etter relevant stoff Leggje ut tema/prosjektarbeid på skolen sine Tastaturtrening: Touch eller bruke program på Internett Rekneark: Calc/Excel Den flygande Matten Chefrens Pyramide Biletebehandling: XN-view/The GIMP Internett: Fire-fox Explorer Opera Mozilla Tastaturtrening: Touch eller bruke program på Internett Powerpoint/Impress Rekneark: Calc/Excel Den flygande Matten Chefrens Pyramide IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 9

8.trinn heimesider Bruke kjeldehenvising i presentasjonen ved tema/prosjektarbeid Skrive tekstar/dikt på engelsk Bruke engelsk stavekontroll eller ordbok Bli kjend med engelskspråklege sider på Internett Lære meir om biletebehandling: justering, lys, kontrast Lære å komponere og gjere lydopptak ved hjelp digitale verktøy Generelt: Det er viktig å sikre kunnskapane frå barnetrinnet. Eleven skal ha oversikt og kontroll over eige digitalt arbeid, og evne til å byggje opp ein fornuftig fil- /mappestruktur på sitt eige område. Av/på-logging med eigen brukaridentitet. Eleven har ansvar for det han har på sitt heimeområde. Fagleg: Bruke touch-metoden på tastaturet Repetisjon av elementære tekstbehandlingsmetodar og nokre hurtigtastar. Bruk av tekstbehandling i prosessorientert skrivearbeid. Arbeid med kjeldekritikk i høve til informasjonstilgangen. Korleis byggje opp fornuftige søkjekriterium. Lære grunnleggjande teknikkar for bruk av eit presentasjonsprogram. Lære grunnleggjande bruk av rekneark: adressering, formlar/formelkopiering/formelutskrift, diagram, formatering av tekst og tal Lære å lage geometriske figurar og mønstre Søkje etter informasjon innan tema i naturfag Kunne finne og lese tekstar i aktuelle språk på Internett Lære å bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og setje saman eigne komposisjonar Lære å bruke ulike funksjonar i biletebehandlingsprogram Lære å teikne biletemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak Clue-ordbøker (engelsk) Biletebehandling: XN-view/The GIMP Cool-edit Touch Tekstbehandlingsprogram: Powerpoint/Impress Rekneark: Excel/Calc Chefrens Pyramide Pedagogiske program i ulike fag The GIMP IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 10

9.trinn 10.trinn Generelt: Styrkje kunnskapen som er opparbeida gjennom tidlegare år ved å integrere verktøy og læring Fagleg: Bruke tekstbehandlingsverktøy til arkivering og systematisering av eige arbeid Bruke tekstar henta frå Internett og massemedier på ein kritisk måte, drøfte tekstane og referere til kjeldene Bruk av rekneark: lære å bruke sektordiagram/histogram, sortering og opptelling av data Bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og setje saman eigne komposisjonar Lære å bruke ulike funksjonar i biletebehandlingsprogram Lære å teikne biletemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak Generelt: Styrkje kunnskapen som er opparbeida gjennom tidlegare år ved å integrere verktøy og læring Fagleg: Bruke tekstbehandlingsverktøy til arkivering og systematisering av eige arbeid Bruke tekstar henta frå Internett og massemedier på ein kritisk måte, drøfte tekstane og referere til kjeldene Bruk av rekneark til: sparing, lån, renter, budsjett og rekneskap lære å bruke konstant cellereferanse, formlar, vekst/reduksjon, sannsynlegheit; bruk av randomfunksjon Eksperimentering med grafar og funksjonar Analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og bruke dei i samband med konstruksjonar og utrekningar Bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og setje saman eigne komposisjonar Bruke ulike funksjonar i biletebehandlingsprogram Teikne biletemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak Førebu databruk til eksamen Touch Tekstbehandlingsprogram: Rekneark: Excel Chefrens Pyramide Cheops Pyradime Pedagogiske program i ulike fag The GIMP Touch Tekstbehandlingsprogram: Rekneark: Excel Chefrens Pyramide Cheops Pyradime Pedagogiske program i ulike fag The GIMP Kommentar: Planen ser ut til å vere noko tynn på 9. og 10.trinn, men det er viktig at dei grunnleggjande kunnskapane er innlært, og at elevane har komne over fasen "bruke for å lære". Dermed relaterast bruken av IKT meir i dei enkelte faga og større prosjekt. Det er viktig at skolen og IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 11

dei enkelte faglærarane legg til rette for at elevane kan vidareutvikle sin kompetanse gjennom arbeidet sitt på desse trinna sjølv om spesifikke læringsmål er sett opp i mindre grad enn på tidlegare trinn. Det er også viktig å bruke digitale verktøy innan dei fleste faga. 4. Kompetansebehov for lærarane Lærarane skal vere aktive brukarar av IKT i det daglege arbeidet. Alle skal kunne bruke tekstbehandling, rekneark,, biletebehandling, presentasjonsverktøy, e-post, Internett og aktuelle pedagogiske program. IKT har i fleire år vore satsingsområde for skolane. Grunnleggjande kurs innan datakunnskap og dei mest brukte dataprogramma har vore gjennomført i Sør-Aurdal, og det har også vore arrangert kurs innan bruk av IKT i skolen i Valdresregionen. Behov for kompetanseheving er framleis stort for ein del av lærarane. Utviklinga innan digital kompetanse er rask, og det vil stadig vere behov for kurs og opplæring. Digital kompetanse er eit av satsingsområda i Strategisk plan for kompetanseutvikling for skolane i Valdresregionen 2005 2008 og i den lokale planen for skolane i Sør-Aurdal. Aktuelle tema innan digital kompetanse er metodikk og pedagogisk bruk av IKT. I Sør-Aurdal er det behov for kurs/opplæring innan presentasjonsprogram,, bileteprogram/ biletebehandling, animasjonsfilm, rekneark, utforskar og aktuelle pedagogiske program. Det er viktig at skolane registrerer kva for behov lærarane har slik at kompetansen kan bli betre på kvar skole. Kursopplegg bør haldast kvar år framover og også nettverksmøte for å utveksle erfaringar og drøfte problemstillingar. 5. IKT-utstyr i skolane 5.1 Situasjonen hausten 2005 Skolane slit mykje med gamalt utstyr. Ein del av maskinane er kopla til nettverk, andre ikkje. Nokre av skolane brukar også trådlaust nettverk som kan vere ustabilt. Alle skolane er kopla til breiband. Lærarane har tilgang til datamaskinar, men det er behov for fleire. Slik som situasjonen er nå, må PC ane ofte haldast vedlike, eit arbeid det brukast mykje tid på. Kvar skole har sett av 2 t/v (ca 8% stilling) for data-ansvarlege; for alle skolane 10 t/v, ca.40% stilling tilsaman. Dei data-ansvarlege på skolane har ulik kompetanse og erfaringar. 5.2 Behova framover Skolane har store behov for fornying av datamaskinar og anna digitalt utstyr t.d. nye skrivarar, skanner, digitale kamera, videokamera, videoprosjektor, dvd-brennar, bærebare PC'ar til elevar og lærarar, programvare. Elevar kan ha behov for spesialtilpassa utstyr og program. Eit anna stort behov er data-ansvarleg for alle skolane som kan drifte det tekniske systemet. På skolane har dei ikkje god nok kunnskap som gjeld alle dei tekniske problema. 5.3 Maskinar/utstyr Eit robust, driftssikkert og godt tilpassa datasystem er svært viktig i skolen. Datamaskinane blir nå eit av dei viktigaste hjelpemiddel og arbeidsverktøy på skolen for både lærarane og elevane. Det er mange firma som tilbyr kjøp av utstyr - nytt og brukt - til skolane. Val av samarbeidspartnar/leverandør bør mellom anna byggje på følgjande krav: Dei fleste maskinane på skolane skal vere kopla i nett og vere utstyrt med multimedia. Maskinane skal vere kopla opp mot ein server som enten ligg lokalt på kvar skole eller felles for alle skolane. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 12

Mest aktuelt er å ha 1-2 fellesserverar for alle skolane og tynnklientar(enkle datamaskinar) tilkopla serveren. Utvikling av programvare for undervisning viser at multimedia er ein viktig bestanddel. Plassering av IKT-utstyr vil variere noko frå skole til skole avhengig av skolen sin storleik, bygningane, skolen sine behov og pedagogiske løysingar som skolen tilbyr, men generelt kan planen bli følgjande: Kvart klasserom bør ha minst 2 maskinar med tilgang til skrivar Kvart grupperom bør ha minst 1 maskin med tilgang til skrivar Kvar skole skal ha datarom med maskinar i nettverk med deling av ekstrautstyr som skrivar, skanner mm. Små skolar: 8 10 maskinar, store skolar: 15 maskinar Biblioteket på skolen bør ha frå 1-4 PC-arbeidsplassar alt etter storleik på gruppene/årstrinna og kor biblioteket ligg i høve til datarommet På arbeidsrommet bør lærarane ha kvar sin datamaskin, gjerne bærbar PC. Maskinane må vere tilkopla passande skrivar. Alle klasserom, datarom og lærarrom skal ha tilgang til Internett. Innan nettsystemet må lærarar og elevar vere skilde frå kvarandre. 5.4 Anna utstyr Andre behov skolane har innan datautstyr er skrivarar (sort/kvit eller farger), skanner, cd-brennar, DVD-brennar, digitalt fotoapparat, digitalt videokamera, videoprosjektorar. Om ein skal satse på full kabling på skolane eller trådlaus kommunikasjon vil variere frå skole til skole. Dette vil bli vurdert av ein dataekspert. 5.5 Programvare Windows har vore operativsystemet som har blitt brukt til nå, men det har blitt utvikla fleire nye operativsystem. Eit av dei er Linux-programmet. Linux er eit rimeleg program, kan evt. lastast ned gratis frå Internett. Det har mange gode eigenskaper, men i høve til bruk av pedagogiske program kan det oppstå problem. Det vil derfor vere aktuelt å fortsetje med Windows. Skoleverket kan få rimelege kjøpsavtaler også for dette programmet. Innan standard programvare kan det også vere fleire aktuelle program, t.d. Microsoft Office eller Open Office. Open Office kan lastast ned frå Internett utan kostnader og kan vere aktuelt å bruke. For å sikre tryggleiken innan skolane sitt datasystem, bør det opprettast brannmur og bruke antivirusprogram. Innan antivirusprogram er det også fleire val. Dette må vurderast av datafirma og data-ansvarleg. I tillegg til investeringar i maskinvare og standard programvare vil skolane ha behov for pedagogisk programvare. Skolane kan laste ned ein god del pedagogisk programvare frå Internett, men må også kjøpe ein del. Ressursar til pedagogisk programvare bør leggjast inn i skolane sine budsjett. 5.6 Vedlikehald/driftsutgifter Datasystemet må stadig følgjast opp innan serversystemet, kabling/trådlaust nett, operativsystemet, brannmur, antivirusprogram, standardprogram og tekniske problem med datamaskinane. Det må derfor setjast av årleg midlar til vedlikehald, drift og oppgradering av systemet. 5.7 Data-ansvarleg Ved bruk av samla ressursar frå kvar skole blir det tilsett ein data-ansvarleg, t.d. i 40% stilling. Vedkommande skal ha ansvar for vedlikehald og oppgradering av nettverket, datasystema og datamaskinane på alle skolane. Felles server for alle skolane eller server på kvar skole vil også vere ansvar innan denne stillinga. Data-ansvarleg må derfor ha god kontakt og samarbeid med skolane. Skolanes data-ansvarlege bør også samarbeide med kommunens data-ansvarlege. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 13

Kvar skole bør ha ein kontaktperson som kan teste og forklare problem som har oppstått. Lærarane bør sjølve kunne ordne opp i små detaljar som t.d. å skifte blekkpatroner. 6. Kostnadsoverslag Ein del av datautstyret som er på skolane i dag, kan vere i bruk i tida framover, men det er mykje som må fornyast. Å setje opp eit detaljert kostnadsoverslag er ikkje mogleg da det er mange detaljar som ikkje er kjend før det er gjort avtale med firma og prosessen blir sett i gang. Det er derfor viktig å ta kontakt med eit firma eller ein dataekspert som kan vurdere og kome med forslag til opplegg for skolane i Sør-Aurdal. Det blir derfor bare sett opp eit førebels utkast. System med 100 komplette klientar/arbeidsplassar: 230 000-2 serverar (nye), ferdig installert og konfigurert - 100 PC'ar, skjermar, mus/tastatur - inkl. lisensar - inkl. pedagogisk programvarepakke I tillegg kjem: Installasjonarbeid 50 000 Anna utstyr: 100 000 - bærbare PC'ar - videoprosjektor - skrivar - skanner - cd-brennar - DVD-brennar - digitale kamera Etter utkastet til kostnadsoverslaget bør Sør-Aurdal kommune setje av omlag kr 100 000 i 4 år framover til investeringar innan IKT for skolane i Sør-Aurdal. I tillegg bør det setjast av ressursar til vedlikehald og driftsutgiftar. Ressursar til pedagogisk programvare bør takast med i skolane sine budsjett innan læremiddel. Kostnader til kurs for lærarane blir dekka innan ressursar til kompetanseutvikling. 7. Oppsummering Etter vedtak av planen må kvar skole registrere kva for datautstyr som er aktuelt å bruke framover og kva for behov skolen har for nytt utstyr, tekniske opplegg mm. i åra framover. Når skoleansvarleg har fått oversikt over skolane sin behov, må det takast kontakt med ein datakonsulent/leverandør som kan gi forslag til løysingar av dei teknisk behova, utstyr, programvare. Det må deretter setjast opp ein tidsplan for fornying av datautstyret på skolane. IKT-plan for skolane i Sør-Aurdal Side 14