nesseplast Kick-off for lærlingar Les s. 6 Gode råd gratis! Les s. 3 Nye lærebedrifter Les s. 9-11 Informasjon frå PRO Nr 1 Årgang 7.



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Praktisk anlagt? Interessert i teknologi?

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Brukarrettleiing E-post lesar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bli lærling i BYGGOPP

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Relevans og fleksibilitet i opplæringa

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Utfordrande å bygge fiskebåtar. Informasjon frå PRO Nr. 2 Årgang DETTE ER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rådgjevarkonferanse 2009

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

mmm...med SMAK på timeplanen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Informasjon til elevane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Søking til skuleåret

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Teknikk og konsentrasjon viktigast

IKT-kompetanse for øvingsskular

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Rådgjevarkonferansen 2009

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Vi eksistera for våre 120+ eigar bedrifter

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Lotteri- og stiftingstilsynet

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Søking til skuleåret

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Stryn kommune 1

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Lærling i gjenge. nesseplast. Ewos Meir side 6. BIS Production Partner Meir side 3. Det nye faget Meir side 7

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Transkript:

Informasjon frå PRO Nr 1 Årgang 7. - januar 2013 Gode råd gratis! Les s. 3 Kick-off for lærlingar Les s. 6 Nye lærebedrifter Les s. 9-11 DETTE ER PRO E Elkem Bremanger nesseplast Målet med denne utgåva er å gi gode råd til deg som står framfor viktige val i livet. Les om andre ungdomar sine val og lær meir om spennande bedrifter i Sogn og Fjordane.

Mange og dyktige fagfolk skaper resultat Dette skjer! Gode råd i søkjeprosessen UTGJEVAR: Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri. FORMÅL: Denne informasjonen er tilrettelagt for medlemsbedriftene og andre som direkte eller indirekte er involvert i PRO sitt arbeid. PRO ynskjer å være best på utdanning av fagarbeidarar i våre fag spesielt og fagopplæring generelt. PRO skal rekruttere lærlingar til medlemsbedriftene i tråd med bedriftene sine behov for fagarbeidarar, i samsvar med bedriftene sine strategiar. PRO skal være eit fleksibelt opplæringskontor i kontinuerleg utvikling for å tilpasse seg bedriftene sine behov. ADRESSE: Concordbygget Firdavegen 6 Postboks 492, 6803 Førde Telefon: (+47) 57 83 22 60 Telefax: (+47) 57 83 22 45 www.pro.sf.no PRO: Jorunn Eide Kirketeig Dagleg leiar / director jorunn.kirketeig@pro.sf.no Mob. (+47) 911 44 966 Magne Nordeide Opplæringskonsulent magne.nordeide@pro.sf.no Mob. (+47) 906 51 671 Wenche Tollefsen Administrasjonssekretær wenche.tollefsen@pro.sf.no Mob. (+47) 924 23 782 Malin Skeie Lærling Kontor og administrasjon malin@pro.sf.no Mob. (+47) 952 00 926 ANSVARLEG REDAKTØR: Jorunn Eide Kirketeig jorunn.kirketeig@pro.sf.no Mob. (+47) 911 44 966 TEKST: Oddrun Midtbø oddrun@oddrun.com http://www.oddrun.com GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO rundar 15 år i 2013. Godt samspel med dei beste lærebedriftene og lærlingar gir resultat i form av dyktige fagfolk til industrien. PRO vart skipa 27. februar 1998. Dagleg leiar vart tilsett 1. juli 1998. Hydro og Elkem stod bak etableringa. Eit dykk i arkivet syner at vi set spor og må ha gjort noko rett. Frå 1. juli 1998 til 31. desember 2012, har vi totalt Foto: Vegard Fimland Jorunn Kirketeig dagleg leiar PRO opplæringskontor hatt 710 lærlingar gjennom vårt system. 27 prosent har gått ut med karakteren mykje godt. Nesten ingen har slutta. 3,66 prosent har gjort omval eller avslutta lærekontrakt. Totalt i alle desse 15 åra har 1,04 prosent stroke på fagprøva ved første forsøk, men alle har kome i mål når dei har prøvd på nytt. Dette er tal til å bli både stolt og glad av. Resultat gjennom 15 år gjer at eg trygt kan seie høgt og tydeleg at våre lærebedrifter i samspel med oss er eit godt val. Særleg dersom gjennomføring og resultat betyr noko når du skal velge læreplass. Det har og ei verdi for dei bedriftene som ønsker å være blant dei beste og mest attrak tive lærebedriftene, heile tida, kvart år, for kvar enkel lærling. Det ansvaret skal vi ta i lag med våre lærebedrifter. Eg er stolt av å kunne seie at dette kan vi og vi skal bli enda betre dei neste 15 åra i lag med bedriftene. Vi skal ikkje berre ha toppkandidater. Vi skal utdanne dei beste fagfolka, med ulike evner og interesser. Det skaper mangfald og konkurranseevne. Vi utnevner ikkje årets lærling eller årets lærebedrift. Hjå oss skal alle få sitt fagbrev i godt fagleg samspel mellom dei beste lærebedriftene og lærlingane. Indu - strien skaper resultat gjen - nom dyktige fagfolk, ikkje på enkelt resultat. PRO har vakse frå to bedrifter i starten til 38 bedrifter i 2013. Vi gir dermed langt fleire både lærlingar og bedrifter mulegheit til å skape gode resultat. Vår målsetting står fast også dei neste 15 åra: Vi skal skaffe nok dyktige fagfolk gjen - nom lærlingordningar, som sikrer industribedriftene konkurranseevne gjennom dyktige fagarbeidarar. Årskonferansen 2013 Sett av datoen 21. mars Invitasjon går ut tre veker før Sjå www.pro.sf.no og facebook Logistikk-kurs Starter 14.mars 2013 Industrimekaniker-kurs Oppstart 5.mars 2013 ved nok påmelde Excel-kurs Dato kjem, følg www.pro.sf.no (ved stor nok interesse) PRO OPPLÆRINGS - KONTOR www.pro.sf.no Ny heimeside opnar våren 2013 Brosjyre Brosjyre med alle våre lærebedrifter kjem våren 2013 PRO Aktiv Januar 2013 Læreplass Siste frist for søking til læreplasser 1.mars 2013 Årskonferansen 21.03.2013 UTVEKSLING Utveksling Norge Tyske lærlingar kjem til Norge for utveksling. Periode for utveksling: 12. januar - 09.februar Utveksling Tyskland Periode for utveksling: 23. februar - 23. mars AKTIVITETER 17.01.2013 Karrieredag på Stryn vgs 8.-10.mars 2013 Skihelg på Hemsedal for alle lærlingane våre. Februar/Mars Skihelg på Åre for lærlingane våre Januar/Februar 2013 Informasjonsrunde til VG2 og VG1 Lær av andre ungdomar som har vore gjennom søkjeprosessen etter å ha avslutta grunnskulen. - PRO sine sider fungerte godt som ein start, i tillegg til informasjonen vi fekk på skulen og fann på internett. Eg sende ut 15-20 søknader, og fekk to napp. Det er stor rift om lærlingeplassane, så ein må berre vere open for å flytte til andre kantar av landet. Camilla Landro, frå Sotra, deler gjerne erfaringane med andre i same situasjon. Vegen vidare I dag er ho lærling i kjemiprosess ved Elkem i Svelgen. Det går fint, med oppfølgingsmøte annakvar månad der eg får informasjon og kan gi tilbakemelding, seier ho. Om nokre månader skal ho inn i ein ny søkjerunde. - Til våren er eg ferdig med lærlingeperioden, og planlegg å gå vidare på fagskule i to år anten i Kristiansund eller i Bergen. Målet er å bli teknikar. Då opnar det opp for langt fleire stillingar; til dømes driftsleiar eller lærar i vidaregåande skule om ein har bygd på eit år med pedagogikk. Fristen er i mars. Dersom ein bruker litt tid på å orientere seg i valmulegheitene blir alt mykje enklare, meiner Camilla. Ho set pris på PRO Opplæringskontoret sine tenester: minifagprøver og ulike arrangement for å auke trivselsen blant lærlingane. - Skaff deg oversikt! - Det beste rådet eg kan gi til elevar som skal søkje på vidaregåande skule er at dei må få større innblikk i alle utdanningsmulegheitene dei har, seier Ole Marius Myklebust. - Det er ikkje lett for ein 15-åring å bestemme kva han eller ho vil bli eller jobbe med i framtida. Difor er det beste rådet eg kan gi: undersøk om alle studie - mulegheitene du har. Skulelei Han sjølv var ikkje sikker på kva han ville gjere eller jobbe med då han skulle søkje. - Etter ungdomsskulen var eg, som dei fleste, ganske lei av skulen. Eg kunne tenkt meg å jobbe litt. Eg prata litt med rådgjevaren på skulen, og vi kom fram til at TAF (Teknisk allmennfag) kunne passe for meg. Det er ei 4-årig utdanningslinje som kombinerer teoretisk og praktisk opplæring. Når du går TAF har du elevstatus dei to første åra, og lærlingstatus dei to siste åra. Elevane studerer allmennfag eit par dagar i veka på skulen, og er utplassert som elev under opplæring i ei industribedrift eller helsefagleg arbeidsplass. Eleven får realfagleg studiekompetanse og fagbrev etter fire år. Elevane får også løn gjennom læretida. Perfekt kombinasjon mellom jobb og skule Han jobber no som lærling hjå Stryvo A/S i Stryn. Stryvo er ein etablert totalaktør innan mekanisk bearbeiding av metallprodukt. - Eg skal ta fagbrev som Camilla Landro Ole Marius Myklebust CNC-operatør, seier han og forklarar: - Ein CNC-operatør kan ved hjelp av ei datamaskin køyre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materiale. Stryvo er ein ultramoderne industriplass som gir gode mulegheiter for opplæring av lærlingar innanfor CNC og industrimekanikar - faget. Torsdagar og fredagar studerer han allmennfag på skulen i Måløy. På spørsmål om kva han liker best, svarar han: - Det som er flott med TAF-linja er at den kombinerer teori og praksis. Sidan eg jobbar og studerer samstundes, blir eg ikkje så lei av verken jobben eller skulen. Ole Marius har nådd fram til det siste året som TAF-lærling. Etter to år med status som elev under opplæring, fekk eg større innblikk i dei ulike fagbreva eg kunne ta, seier han som siktar seg inn på teknisk fagskule eller maskiningeniørfag i Bergen eller Ålesund. Camilla Landro planlegg å gå vidare på fagskule etter at ho er ferdig med lærlingeperioden i kjemiprosess. (Foto: Privat) 2 3

PRO-kurs PRO Opplæringskontoret samarbeider tett med bedriftene for å finne ut kva kurs som kan vere aktuelle. Det er fleire mål med kursa; mellom anna å heve kompetansen for å gjere bedriftene meir konkurransedyktige, og motivere dei tilsette til å ta fagbrev. Det er viktig for at bedrifta skal kunne halde på arbeidskrafta. Arild Hatlem frå Swire Oilfield Services Wenke Rognaldsen frå Halliburton Åge Veiesund frå EWOS Vik Ørsta: - Lærlingane er framtida Instruktørkurs - nyttig for lærebedrifter - Dette kurset burde vere obligatorisk for alle som tek inn lærlingar i bedrifta, meiner tre av deltakarane på instruktørkurset som PRO Opplæringskontoret arrangerte i november. - Sidan dette er første gongen vi har lærling hjå Halliburton Florø, var det veldig greit å få innspel og lytte til erfaringar frå andre som har hatt lærlingar i mange år, seier Wenke D. Rognaldsen. Ho er formann på basen, og har logistikk som fagområde. Gjennomgang av lovverket - Det var nyttig å få innsikt i lover og reglar, og gjennomgang av minifagprøvar. Eg tykte det var synd at det ikkje var fleire med lærling i logistikkfaget på kurset som vi kunne fått meir erfaringsoverføring frå, seier ho. Kontroll på utstyr og mannskap Rognaldsen har som arbeidsoppgåve å syte for at dei har utstyr og kjemikalier til å utføre dei ulike miksejobbane dei har til ei kvar tid. Ho fordeler óg mannskap til dei ulike arbeidsprosessane som skjer på basen. Vi har ein tankpark på 74 tankar fordelt på Mud, Brine, Slop og Tørrbulk i tillegg til kjemikalielager og sementutstyr som Centralizere og stop collar, seier ho og snakkar eit språk som lærlingar fort vil forstå. Pedagogikk Fagleg leiar for lærlingar hjå Swire Oilfield Services i Florø, Arild Hatlem, har fagområdet industrimontør. - Eg lærte nyttige ting innafor pedagogikk. Når bedriftene tek inn lærlingar er det fagleg leiar sitt ansvar å lage ein opp - følgingsplan for lærling. Dette fekk eg hjelp til, og har no laga ein knallgod plan, seier han nøgd. Han jobbar sjølv med vedlikehald og reparasjon på lasteberarar som mellom anna containerar og tankar til bruk i off shore. - Ingen dagar er like på Swire, seier han og legg til at han tykkjer alle bedrifter som vil ha lærlingar bør ta seg tid til dette kurset, for å kunne forstå korleis ein skal fungere som fagleg leiar eller instrukør. Dele kunnskapen på bedrifta Åge Veiesund frå EWOS, Forø, har fagområdet produksjonsteknikk. Han er samd med dei to andre, men skulle gjerne hatt ein dag ekstra med pedagogikk. Han vil no forbetre opplæringsrutinane og dokumentasjonen på både lærlingsida, men også eiga intern opplæring. - Ein vanleg arbeidsdag på EWOS Spesialfóravdeling handlar om å produsere EWOS sitt settefiskefór og medisinfór med pellets frå 0,6 mm til 10 mm. Elles dreier det seg om drift av automatisert fabrikk med HMI-skjermsystem, førstehands vedlikehald, reinhald, analysar, finne forbetringar i arbeidsrutinar, kvalitetsfor - betringar og generell effektivisering. - Vi fekk mange nye idéar frå Denne gjengen fullførte instruktørkurset i Førde i november 2012. Konklusjonen frå tre av deltakarane er at kurset har stor nytteverdi for lærebedrifter. andre kursdeltakarar som delte sine erfaringar og rutinar, fortel han som kjem frå ei bedrift som prioriterer å delta med fleire tilsette på instruktørkurs. medlemsbedrifter. Logistikk -kurs Logistikkfaget blir meir og meir aktuelt. Vi arrangerer kurs for å lære vekk kunsten å ha full kontroll. Ein logistikkoperatør (lager arbeidar) jobber med transport av varer; sikting av last, planlegging, lagring, produksjon og klargjering av sending av gods. Mars 2013 startar Pro Opp lærings kontoret logi - stikk-kurs i Florø. Kurset går over to se mester med eksamen desember 2013. Vi nyttar Indu striskulen sitt kursmateriale og har samlingar med støtte - undervisning. Kurset er for lær lingar med «feil bakgrunn» og tilsette i bedriftene som ønskjer å kvalifisere seg til å ta fagbrev. Les meir om kurset på www.industriskolen.no - Lærlingane er svært viktige for bedrifta vår, både no og i framtida. - Spesielt om tre-fire år har vi fleire personar som går av med pensjon, og det er no vi må overføre til lærlingane den kompetansen og opplæringa som dei eldre har, seier produksjonsleiar Leif Arve Voll ved Vik Ørsta as. Industribedrifta som produserer lysmaster, og produkt til tunnel- og trafikksikring, tek inn to nye lærlingar kvart år. Dei har som regel fire lærlingar på bedrifta. Nett no er det litt spesielt då dei har seks lærlingar i Vik. Bedrifta har avdelingar i Vik og Ørsta i Møre og Romsdal. Fag ved Vik Ørsta - Faga som vi først og fremst er ute etter er sveisarar, indu - strimekanikarar, platearbeidarar og operatørar innafor CNCstyring. No har vi også to lærlingar på industriell overflatebehandling. Vi har i tillegg i samarbeid med PRO Opp - læringskontoret åtte-ti personar som skal gå opp til fag - prøve som privatistar i industriell overflatebehandling til vinteren/våren. Tett kontakt med skulane - Her i Vik har det stort sett vore greitt å få fatt i lærlingar. Litt av grunnen er nok at vi orienterer 9. og 10. klasse på skulen og fortel kva vi driv med, og kva for kompetanse vi er ute etter. Like eins har vi godt samarbeid med Sogndal Vidare gåande Skule, der vi tek imot elevar for utplassering i arbeidslivet. Då lærer dei bedrifta å kjenne og vi lærer elevane å kjenne. Det er eit samarbeid vi har hatt i mange år, seier Voll som veit å verdsetje ungdom som er avgjerande for framtida til bedrifta. Påmelding til post@pro.sf.no Dette blir eit kurs som inkluderer ungdom og dei som har mange år i yrkeslivet. Kurs er gratis for lærlingar i PRO sine medlemsbedrifter. 4 5

Sosiale tiltak for lærlingane Som eit ledd i å skape trivsel under læretida og for å tilbakeføre deler av tilskotet pr lærling, bruker PRO ein god del ressursar på å tilrettelegge aktivitetar for lærlingane. - Dette er ikkje eit krav, men ein del av det totale biletet med det å vere lærling i PRO. Vi har i løpet av året ei rekke arrangement der vi tilbyr lærlingane våre å treffast for å gjere noko sosialt sammen. Nokre gonger reint for moro som å reise på konsert, medan andre gonger kombinerer vi sosialt med fagleg påfyll, seier Jorunn Kirketeig, dagleg leiar i PRO. PRO-lærlingar skal ha det godt Vi har som mål at det skal vere godt å vere lærling i PRO, og at alle skal føle at dei tilhøyrer det nettverket som PRO representerer. Som lærling i PRO kan du bli oppmoda om å delta på messer og vere med på skular for å informere om dei ulike faga. Du vil då bli oppfatta som representant for PRO og det blir stilt krav til deg som representant. På nettsida til PRO kan du sjå dei ulike PRO-aktivitetane. PRO tek i mot innspel for nye og artige så vel som faglege tiltak som kan vere med på å auke trivselen som lærling. PRO har arrangert skiturar til både Hemsedal og Åre; då er det fart og moro som står i fokus. Bli best på det du kan Kickoff sveisar folk saman - Målet med ei slik samling er å skape miljø og trivsel for lærlingane. Ei fin blanding av leik og moro, og fagleg stoff som går inn på den generelle læreplanen, seier den daglege leiaren i PRO. Lærlingane hadde eit tett program heile den 2.november. Kick-offen fann stad i Førde, og blandinga var sett saman av politi og vegvesen, motivator Egil Søby og Jølster Rafting. Den sistnemnde hadde aktivitetar som teambuilding i parken i Førde. Bileta syner lærlingar i tett kontakt for å løyse kompliserte oppgåver. Dagen vart avslutta med middag i Førdehuset, etterfulgt av konsert med Dum Dum Boys. - Det er ditt ansvar å bli best på det du kan. Mannen bak desse orda er Egil Søby. Han er best på å skape motivasjon for å få folk til å setje seg eigne mål i livet. - Ungdom må lære å leve med forventningspress, og hente fram det beste i seg sjølv, seier Søby. Den tidlegare olympiske meisteren i kajakk, er ein ettertrakta føredragshaldar. Han har fylt opp kalendaren for ei tid framover. I haust var han på kickoff-samling med PRO-lærlingar. MMFI i panna Han merkar fort på responsen i salen om han når fram med bodskapen. Eg fekk god kontakt med dei engasjerte ung - domane, og har fått fleire mailar og nye Facebook-vener etter møtet i Sogn og Fjordane, seier motivatøren, og røper nokre enkle grep for å få fram energi og engasjement på arbeidsplassane. - Det er avgjerande for alle folk at dei føler seg viktige. Det står MMFI i panna på alle. Bokstavane står for: Make me feel important! Humøret er det beste våpenet - Vil du nok, når du dine mål, forsikrar han og meiner det er større sjanse for å lukkast enn å mislukkast når du er overtydd om at du skal nå måla. - Bland deg med positivistane, styr unna dei negative, om du vil ha det godt i livet. Humøret er vårt beste våpen, er nokre av dei mange råda han sjenerøst deler med andre. Inviterer til 100-års dag - Kva ønskjer du med livet ditt, spør han. - For å nå måla må du seie det til deg sjølv; om att og om att til hjerna er programmert. Mannen har programmert si eiga hjerna til å føle seg ung og sprek. Og er så overtydd at han skal bli 100 år at han inviterer folk også lærlingane i Sogn og Fjordane til å kome på 100- årsdagen hans 25. 11 2045. Feiringa skal skje på Telenor Arena, Fornebu. Festen startar kl. 14.02, og Arve Tellefsen har sagt han vil spele gratis som 110-åring, smiler Søby. Ingen tek skade av å tenkje positivt. Egil Søby presenterer seg sjølv som ein av dei beste motivatørane i Skandinavia. Wenche Tollefsen, Jorunn Eide Kirketeig og Malin Skeie er glade for å ha han med på kickoffmøtet for lærlingane hausten 2012. (Foto: Magne Nordeide) 6 7

NY LÆREBEDRIFT: Swire Oilfield Services Det er stort engasjement i denne bedrifta, som gjennom 20 år har opparbeidd ein god stab i Florø. Dei jobbar godt saman, og liker å ha elevar i jobb. I fleire år har elevar frå Flora vgs. vore utplassert ved bedrifta. I 2012 tok dei inn den første lærlingen, som skal ta fagbrev i industrimontørfaget. Det om - fattar både mekanisk arbeid, vedlikehald, montering/demontering, testing, vask av utstyr og mykje dokumentasjon. I motsetning til industrimekanikarfaget omfattar industrimontørfaget ikkje opplæring i maskinering. Ein lærling ved Swire kan og bli sendt på jobb til andre basar rundt om i landet, særleg aktuelt er den store verkstaden for spesialutstyr i Stavanger. Saga Petroleum var den første kunden til Swire Oilfield Services, seinare har aktiviteten og av - delinga vokse jamt, og bedrifta driv no med utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av tran - sportutstyr, vask av tankar og omlasting av kjemikaliar. Etter kvart er Statoil vorte største kunde. I dag har Swire Oilfield Services kring 1.600 lasteberarar i Florø og disponerer 500 kvadratmeter verkstadlokale med kran. I 1999 var avdelinga blant dei første bedriftene i Florø som vart miljøsertifisert. I 2012 byggjer Swire i Florø eit reinseanlegg slik at vaskevatnet kan brukast fleire gonger. Dermed vert både vassforbruk og vassavfall redusert. Avdelinga vil også ta i bruk et nytt bulkanlegg ved ei ny kai på den nyaste delen av oljebasen. Anlegget skal nyttast til fylling og refylling av kjemikalie og har kapasitet også til nye kundar. Swire Oilfield Services, Statoil og den lokale bedrifta Norwegian Marine har utvikla ein kombinert kjøle- og frysekonteinar for transport av matvarer offshore. Florø-avdelinga er hovudavdeling for desse konteinarane og disponerer i dag kring 75 av dei. FAKTA Swire Oilfield Services AS Lokalisert på Fjordbase, Flora Etablert i 1992 17 fast tilsette og ein lærling i industrimontørfaget Produksjon: Utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av transportutstyr. Vasking og omlasting. www.swireos.com Martin Kjelsnes (til h.) skal ta fagbrev i industrimontørfaget, og er den første Swire-lærlingen i Florø. Fagansvarleg Arild Hatlem til venstre. Foto: Magvnus Helge Torvanger. NY LÆREBEDRIFT: TESS Ein lærling ved TESS har svært varierte arbeidsoppgåver i produksjonen i tillegg til å vere problemløysar for kundane i butikken. TESS er ein norskeid og landsomfattande leverandør av produkt og tenester til industridrift og vedlikehald. Kjerneprodukta er høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar til alle føremål, med tilhøyrande tenester i vidt omfang. TESS er den største leverandøren i landet av hydraulikkslangar, slangetilbehør og sveiseprodukt og driv med veldig mykje forskjellig, som sal av drifts- og vedlikehaldsprodukt, kle og vern, verktøy, slangar og koplingar, sveis og gass. Eit anna felt er Tess Hose Management (THM), IDmerking av slangar. TESS har 24 timars slangevakt, det vil seie ei vaktordning der nokon rykkar ut til kundar til alle døgnets tider, same om det gjeld små mutterar eller 20 meter lange bunkringsslangar. Eit stabilt personale i alle aldrar vitnar om eit godt og stimulerande miljø, der intern opplæring og rekruttering vert prioritert. Den stabile arbeidsstokken har gjort det enklare å byggje opp sørvis og kvalitet som to nøkkelomgrep. Kring kjerneprodukta har TESS bygd opp eit stort tenestetilbod lokalt og ein eigen teknisk divisjon sentralt. I sistnemnte skjer blant anna produksjon av spesialslangar og produksjon av en rekke ferdigprodukt innan hydraulikk og subsea. Marknaden er i første rekke Linn Merethe Sæle har nettopp teke fagbrev som logistikkarbeidar og jobbar hos TESS i Førde. Foto: Marit Bendz industrikundar både on- og offshore. TESS har hovudkontor utanfor Drammen. TESS er i dag til stades i alle norske fylke, og har i tillegg avdelingar i Sverige, Dan - mark, Skottland, USA og Brasil. FAKTA TESS i Sogn og Fjordane Lokalisert på Botnaneset i Florø og Øyrane i Førde Starta i 1968 Til saman 14 tilsette og ein industrimontørlærling Produksjon: Produkt og tenester til drift og vedlikehald, høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar http://www.tess.no NY LÆREBEDRIFT: Norway Pelagic Florø PRO-lærlingar kan no få læretida si i dei moderne anlegga til Norway Pelagic i Florø. Norway Pelagic er den største produsenten i verda av konsum - produkt av pelagisk råstoff. Anlegget i Florø har 60 tilsette, 13 filetmaskiner, og kan ta imot 600 tonn fisk - kvar dag. Råvarene er makrell, sild, hestemakrell, kolmule, lodde, sild, rogn og lodderogn. Arbeidet går ut på å vakuumpakke filetar og flaps, som er doble samanhengande filetstykker med skinn. Florøbedrifta tilbyr frysing av rundfisk og filet. Den store aktiviteten krev at den moderne maskinparken til ei kvar tid er i god stand. Dei mest spennande sidene ved bedrifta er variasjonane mellom dei ulike sesongane og dei stadig endringane avhengig NY LÆREBEDRIFT: Saint Jean Wheels Felgprodusenten i Høyanger, Saint Jean Wheels, er no lærebedrift i PRO Opplærings - kontor. Det franske selskapet Saint Jean Industries kjøpte patenten på hybridhjulet og driftsutstyret til tidlegare Fundo Wheels. Bedrifta, Saint Jean Wheel (SJW) som vart etablert i 2011 er no under oppbygging. Dei satsar på å produsere rundt 200.000 bilfelgar og auke antall tilsette monaleg i 2014. Målet er at det i 2016 skal produserast ein 400 000 felgar i produksjonslokala i Høyanger. Då vil bedrifta ha bruk for om lag 100 tilsette. Selskapet er 100 prosent eigd av Saint Jean Industries i Frankrike. Det er eit familieeigd av råstoff og kva type produksjonsform ein køyrer til ei kvar tid. Norway Pelagic som vart etablert i 2007, har eigarskapsinteresser i 15 produksjonsanlegg langs norskekysten. - Det unike med oss er at bedrifta er bygd opp slik at me dekker alt innanfor læreplanen, seier teknisk sjef Helge Langeland. Han trur ikkje det skal by på noko problem å få lærlingar, industriselskap etablert i 1962, som har spesialisert seg på støypte aluminumskomponentar til bilindustrien. Konsernet har om lag 1250 tilsette på verdsbasis og er etablert med produksjonseiningar i fleire land; mellom anna i Frankrike, Kroatia, Tyskland, USA og Asia. Bedrifta er i ein spennande fase med start av produksjon, vida- ettersom bedrifta har lang erfaring med å arbeide med ungdom. I fleire år har Florø vidaregåande skule hatt elevar utplassert i bedrifta; to dagar annakvar veke gjennom heile skuleåret. Det er viktig at ungdomane føler dei har meningsfulle dagar her. Dei deler raskt opplevingane dei har i sosiale medier, og når dermed ut til mange potensielle lærlingar og framtidige tilsette, seier Langeland som ser verdien av å vere på lag med den yngre generasjon. Den nye lærebedrifta i PROmiljøet har opna opp for lærlingar innafor desse fagfelta: indu - strimekanikarfaget, industrimontørfaget og logistikkfaget. 8 reutvikling av lokal organisasjon og rekruttering, finansiering og marknad. Felgane dei no utviklar har ein annan konstruksjon og er 30% lettare enn felgane som tidlegare har vore i produksjon. Det er ein lang, krevjande og spennande prosess å få testfelgane gjennom alle godkjenningar før produksjon kan ta til. 9

Usikker på kva du skal velje? Kombinér utdanning og jobb Prosessoperatør ved Elkem: - Perfekt for ein rastlaus sjel Du er inne i ein spennande og vanskeleg fase. Bruk nokre minuttar på desse sidene. Les om val ungdomar har gjort før deg. Kanskje vil det påverke resten av livet ditt. TIP står for Teknikk og industriell produksjon og er inngangsdøra til mange yrke med arbeidsplassar i store og små industribedrifter. Industrimontør ved TESS: Den første i fylket Industriteknologi er den breiaste av TIP-retningane. Utdan - ninga fører til 23 ulike yrkesfag. Innafor desse faga lærer du å arbeide med ulike materiale som stål, lettmetall og plast. Du lærer å skjere, kutte, sage, stanse, lokke og forme etter arbeidsteikningar, støype og forme materiale og gi produkta ei overflatebehandling etter føremål. Dette er yrket for deg som liker å bruke ny teknologi og nye materiale. Industrimekanikar ved Norway Pelagic: - Ideelt for ein som likar å skru - Jobben som prosessoperatør passar perfekt for meg som ikkje liker å sitje i ro, seier 20 år gamle Camilla Morseth ved Elkem i Svelgen. Heilt greit å tene mykje pengar óg. Informasjon fekk ho frå sitt førebilete; tanta som jobbar i oljeindustrien. Camilla visste godt kva som låg i utdanningsvalet kjemiprosess, og angrar ikkje i dag. - Svelgen er sentralt! Første året på Knarvik vidaregåande skule gikk ho på Teknikk og industriell produksjon (TIP). Der kunne dei velje oppgåvene som krev full fokus og kontroll. - Det passar meg kjempeflott, seier ho som trivst i eit arbeid der ho får brukt kroppen. Ho innrømmer ho fekk ein skikkeleg støkk for rundt eit år sidan. Sjølv om sikring og tryggleik har sterk fokus, kan det skje ulukker. Etter å ha fått ein skummel blanding av klorgass og saltsyredamp frå eit syreførande røyr ned i lungene; enda det med ambulansehelikopter og sjukehusopphald. Etter det vart det innført nye strengare reglar, seier ho som ikkje fekk varige mén. - Elkem er ein fin arbeidsplass, men det hadde ikkje skada med - Karakterane steig rett til vers då eg starta på mekanisk, fortel Steffen Kurtzhals Kjær. I dag er han den første lærlingen innafor industri mon - tørfaget i Sogn og Fjordane. 19-åringen er lærling på TESS i heimbyen sin, Florø. Det er første gongen dei har teke inn ein lærling. Avdelinga med fem tilsette har vore arbeidsplassen til Steffen det siste året. - Eg starta på elektro på vidaregåande, men følte ikkje det var rette staden for meg. Brikkene fall på plass då eg skifta over til mekanisk det andre året, og tok påbygg det tredje året. Eg søkte som industrimekanikar, men fekk tips om at det skulle opnast opp for eit nytt fagbrev. Det verka spennande, og eg fekk god informasjon gjennom opplæringskontoret. Alle dagar ulike - Det er nye utfordringar kvar dag. Vi er mest inne og lagar slangar, finne dei rette delane som skal tole viss mykje trykk, koplar og testar mykje for å vere sikre på at produktet held mål. Det følgjer mykje ansvar med å lage slangar, fortel han. Ulike serviceoppdrag fører dei TESS-tilsette ut blant kundar til lands eller til havs. Lærlingetida er over september 2014, men Steffen ser ikkje vekk frå at han går laus på eit nytt fagbrev. - Det er viktig med mest mogeleg utdanning for å få dei jobbane eg ønskjer meg i framtida. Eigentleg er lærlingetida meir jobb enn skule. Eg lærer noko nytt heile tida på ein praktisk måte. Passar meg godt, legg han til. Ikkje berre ein slange Etter å ha snakka med Steffen skjønar eg at ein slange ikkje berre er ein slange. Det ligg mykje kunnskap bak arbeidet å skreddarsy ein slange til rett bruk. Om det ikkje er knytta mykje risiko til sjølve arbeidsprosessen, er det eit arbeid som inneber krav om å vere nøyaktig og kunne sitt fag godt. Industrimontørfaget skal leggje grunnlag for arbeid innafor montering, testing og kontroll av komponentar og anlegg til landbasert industri, offshoreverksemd og skipsverft. Del - produksjon føregår internt i bedriftene og hjå eksterne leverandørar. Faget skal bidra med kompetanse til samanstilling og fullføring av mekaniske produkt med høge krav til kvalitet og funksjonalitet. Vidare skal faget bidra til å ivareta høge krav til helse, miljø og tryggleik. (www.ofir.no) - Dette er ein aller tiders plass å vere lærling, seier Anders Igland. Han pendlar frå Bremanger til Kalvåg for å mekke på maskiner i fiske - industrien. 21-åringen har budd og studert på ulike stader før han hamna ved filétmaskinene på Norway Pelagic. Første året tok han TIP i Florø, deretter det andre (industriteknologi) og tredje året (påbygg) på Eid. Etter at militærtenesta var unnagjort prøvde han seg som lærling som industrirøyrleggjar på Stord. Etter ein månad var det heimfylket som lokka, og han fekk lærlingplassen han skal vere på i to år framover. Nyttig med fagbrev - To år er ikkje lang tid, seier han. Arbeidsdagen i Kalvåg er variert. Det er all slags maskiner som skal skruast på, fin - justerast og fiksast. Ein må vere nøyaktig, seier han som den dagen han blir intervjua skriv på ein minifagprøve med tema Overhaling av vakuumpumpe. - Framtida..? Eg har mine pla- nar, men det er ikkje heilt sikker eg vil dele dei med nokon endå, seier han lurt. Uansett er det ikkje negativt å ha eit fagbrev i handa, legg han til. Industrimekanikerfaget skal leggje grunnlag for yrkesut - øving innafor tilverking, montering, vedlikehald og reparasjon i landbasert industri, offshoreverksemd og skipsverft. Indu strien er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering. Faget skal bidra til stabil og optimal drift av industri tekniske maskiner og utstyr. (Kjelde: www.ofir.no) fordjuping i mekanisk eller kjemi og prosess. Ho valde det siste. Det førte ho til Elkem i Svelgen hausten 2010. Svelgen er sentralt for meg; som har venner på Stadtlandet og familie utanfor Bergen, seier ho. Camilla arbeider skift; arbeidsdagen startar av og til kl. 06.00, 14.00 eller 22.00. Ei veke på arbeid, ei veke fri. Veksling mellom tre ulike anlegg og kontrollrommet. Spenning på arbeidsplassen Arbeidsdagen er prega av mykje rutinearbeid, men kan vere hektisk dersom det skjer havari eller lekkasje. Arbeids - fleire nye ansikt; både i og etter arbeidsdagen, seier ho som fekk seg fast stilling som fagoperatør ved bedrifta like før jul. Kjemiprosessfaget skal leggje grunnlaget for arbeid innafor styring og overvaking av produksjon i prosessindustrien samt reinsing av drikkevatn, avløpsvatn og prosessvatn. Kjemisk prosessindustri er sentral i arbeidet med å utvinne, ivareta og vidareforedle naturressursar. Faget skal medverke til ei bære - kraftig utnytting av natur - gitte verdiar og bidra til reduksjon av skadelege utslipp. (www.ofir.no) 10 11

50 ledige læreplassar Vi tek inn lærlingar i fag: Kjemiprosess, Produksjonsteknikk, Industrimekanikar, Sveis, Plate, Automatisering, Elektrikar, Dataelektronikar, IKT-service, CNC-maskinerings-teknikk, Logistikk, Kontor- og administrasjon, Salsfag, Industrisnikkar, Industrirørleggar, Motormekanikar, Industrimontør, Serigrafifaget, Industriell overflatebehandling, Laboratoriefaget. Lærebedrifter: BIS Høyanger, BIS Årdal, BIS Svelgen, Elkem, Ewos, Vik Ørsta, Petal, Solund Verft, Havyard Ship Technology, Stryvo, Cermaq, Teekay Petrojarl, KMI, Norway Pelagic avd. Kalvåg, Norway Pelagic avd. Florø, Nesseplast, Førde Mekaniske Industri, WIS, WISS, ITM, Klausen, Fjordpipe, Luster Mekaniske Industri, Nomek, ERAS, Hellenes, Solheim Diesel, SafeClean, PRO Opplæringskontoret, Sunnfjord Industri og Sveiseservice, Hagen, Halliburton, NTP, Rørleggar Nigardsøy, TESS, Swire Oilfield Service, Saint Jean Wheels. Sjå www.pro.sf.no for korleis å søke Søknadsfrist 1. mars