Oppsummering frå fagdag om resultata frå Ungdataundersøkinga

Like dokumenter
Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kommunedelplan for oppvekst

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

Barnerettane i SKULEN

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Elevundersøkinga 2016

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

Info til barn og unge

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære foreldre! FORELDREMØTE FEBRUAR 2017

Barnet si stemme i NAV. Loen

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Eit lærande utdanningssystem?

Frivilligpolitisk plattform

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Regional Satsting Psykisk Helse

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Høyanger kommune erfaringar etter tilsyn og politisak

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Handlingsrettleiar BTI

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Røykjer du? Prosent. Aldri + før. < 1 gong i veka. Kvar veke men ikkje kvar dag Dagleg. KoRus vest Bergen,, 2017

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:00

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Velkomen til fagsamling om barneperspektivet i Nav

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Sjumilsstegkonferansen Loen, 16. og 17. mars Betre Tverrfagleg Innsats BTI

Ungdomsundersøking Meland april 2013

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%


Fylkesting for ungdom Fråsegner

Utfordringsdokument 2015

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Ungdataundersøkelsen "Ung i Agder 2016" - oppfølging

Hemsedal KRF Program

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Korleis motivere for arbeid Karen Skretting Hovlid

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Transkript:

Oppsummering frå fagdag om resultata frå Ungdataundersøkinga Den 20. mars 2018 arrangerte RVTS, KoRus og Sogn og Fjordane fylkeskommune ein fagdag om resultata frå Ungdataundersøkinga og vegen vidare. Under er ei oppsummering av gruppediskusjonane. Den er basert på notata som gruppene sjølv gjorde. Det kan stå motstridane punkt under enkelte av overskriftene. Grunnen til dette er at gruppene kan ha hatt ulike synspunkt, samt at ulike områder i fylket har ulike utfordringar og dermed prioriteringar. Kva var overraskande resultat? Mange grupper var overraska over at det var liten forskjell i korleis hybelbuarar og heimebuarar har det. Kanskje har dette noko å gjere med at mange skular er svært opptatt av hybelbuarane og at dette er med på å motverke store forskjellar mellom hybelbuarane og heimebuarane? Det er også overraskande at mange elevar brukar lite eller ikkje noko tid på å gjere lekser, samtidig som elevane har gode skuleresultat. Det er skilnader i del elevar som blir mobba, er einsamme og likande mellom kommunane. Men også skilnadane i delen av ungdomar som er bekymra og brukar mykje av fritida på eller ved ein skjerm varierer mykje frå kommune til kommune. Det at mange ungdommar har tette band til foreldra. Det er overraskande at det er så få overraskande resultat. Korleis har skulane og kommunane allereie arbeida med resultata? Det er stor variasjon i korleis skulane og kommunane har arbeidd med resultata frå Ungdataundersøkinga. Her er nokre døme på arbeid som er blitt lagt ned: presentert resultata for leiargruppa og inkludert resultata i folkehelseoversikta helsesøster har presentert resultata for klassane som gjennomførte undersøkinga og resultata har blitt gjennomgått i administrasjonen elevrådet og administrasjonen arrangerte ein psykisk helsedag Eit anna viktig tiltak mange kommunar og skular har gjort er å halde fram med tiltak som dei opplever fungerer som samarbeid mellom heim og skule, systematisk miljøarbeid, relasjonskompetanse, samarbeid mellom VGS, skule og kommune, samt klasseleiing. Det finst også ein del kommunar og skular som ikkje har gjort noko med resultata eller som endå ikkje har jobba systematisk med resultata.

Kva er det som skapar dei gode resultata? Det som blir trekt fram av gruppene er at små forhold gjer det lettare å følgje tett opp. Dei opplever at barnehage og skule arbeider systematisk for barn og unge, og at dei har hatt ressursar nok til å gjere denne jobben. Dei gode resultata kan også komme av at mange foreldre engasjerer seg i lokalmiljøet og at dei fleste unge veks opp i økonomisk stabile forhold. Mange grupper trekte også fram at det er positivt at det blir arrangert hybelkurs, at skulane har miljøkoordinatorar, at det blir arrangert open skule og at ein har eit godt samarbeid med kommunale tenester. Nokre grupper trekte fram at fylket har ein sterk kultur for idrett og at dette fører til at mange blir inkludert i dette miljøet. Samstundes seier andre grupper at denne sterke idrettskulturen kan gjere at dei som ikkje er interessert i idrett føler seg meir utanfor. Andre grupper trekk også fram at ungdommane har mange ulike fritidstilbod, ikkje berre idrett. Kva er det som skapar dei negative resultata? Det som blir nemnd som drivarar av dei negative resultata er press og stress (t.d. for å lukkast i framtida og med utdanning), sosiale media og kroppspress. Foreldre blir også trekt fram som ei viktig påverknadskraft både i positiv og negativ forstand. Eit anna poeng som blir trekt fram er kultur - altså at ulike stader har ulike kulturar som kan påverke oppveksten (sjeldan berre positivt eller negativt), eksempelvis vil det gjerne vere ulikt å vekse opp i ei industribygd enn i ei landsbruksbygd. Nokre grupper trekte frå at det i dag er det for lite samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar i kommunen. Dei meinte det var nyttig å snakke saman og vil ha møte med jamne mellomrom for å diskutere utfordringane kommunane står ovanfor. Korleis kan endå fleire få det betre og kva slags gode grep er allereie tatt? Fleire grupper trekte fram at fylket, kommunane og skulane har jamt over veldig gode resultat, men at vi alltid må ha merksemd på dei prosentane (og dermed personane) som ikkje har det så godt. Under er gruppene sine forslag til kva kommunane, skulane, fylket og andre kan gjere for at endå fleire skal ha det godt. Det er også inkludert kva slags gode grep som allereie er tatt: - betre tverrfagleg samarbeid/betre tverrfagleg innsats - at alle tek det felles ansvaret

- bevisstgjering om resultata blant ungdom, tilsette i elevråd og på foreldremøte - det å vere genuint interessert i barnet og ungdommen - det at skule- og kommuneleiinga tek ansvaret sitt på alvor. o kva tenker dei om resultata? o kva vil dei med undersøkinga? - ein informasjonsstrategi om resultata få resultata ut til fleire - å bruke all kunnskapen og kompetansen som finst på skulane, i barnehagane og liknande på ein endå betre måte - implementere nye tiltak og initiativ - styrke miljøarbeidet - meir arbeid for å førebygge, både på skulane og på fritida - styrke samarbeidet med ungdommane - lågterskeltilbod psykisk helse (med psykisk sjukepleiarar og psykologar) - fleire møteplassar og betre transport til og frå desse (gjere lokaltransport for ungdom betre kjent, open skule, musikkbadet, hallen, senteret) - inkludering få det til på både store og små stader, samt sørge for at «alle» kjem på felles møteplassar som open skule. - tiltak i årsplan og strategiplan for oppvekst - utstyrssentral slik at fleire får moglegheita til å delta på utstyrsintensive fritidsaktivitetar - SLT-samarbeidet - at det offentlege dekker delar av kostandane som ungdom frå låginntektfamiliar har knytt til organiserte fritidsaktivitetar - tverrfagleg temadag i 8. klasse - nærværsteamet på vidaregåande skule - forebyggingsprogrammet «Kjærlighet og grenser» - fortsette å arbeide i samhandlingsmodellen BTI - tidlig innsats for føresette og barn. Meir ressursar hjå helsestasjonen og barnevernet - auke elevmedverknaden når det gjeld vurdering og læring - lære ungdommane å meistre livet og ta ansvar for eige liv. Det offentlege kan ikkje ta over, ein må lære ungdommane dette i samarbeid med foreldra - tettare pedagogtettleik - at helsesøster blir ein meir tilgjengelig ressurs - meir foreldrerettleiing om tema som tilknytingsvanskar, samlivsbrot og nettvett - minske terskelen for at ungdom tek kontakt med t.d. foreldre når dei har «tabba seg ut» på nett og er i trøbbel - prøve ut alternative prøvemetodar for å minske skulestress: artikkelskriving, innleveringar - større merksemd kring studieteknikk. Kanskje kan ein minske skulestresset om ein lærer elevane å lære godt og effektivt. - eit tverrfagleg opplegg kring psykisk helse som går gjennom heile året og i fleire fag - meir elevinvolvering få deira synspunkt på kvifor resultata er som dei er og kva som bør vere prioriterte tiltak

Kva er utfordringane? Ei av gruppene trekte opp utfordringar knytt til kropp og kjønnsidentitet. Gruppa meiner det kan vere vanskelig å vite korleis ein skal gi gode råd til unge om desse temaa. Eit forslag som kom opp var å rådføre seg med nasjonale kompetansesenter, samt nettressursane til organisasjonar som FRI og kompetansehevingstiltaket Rosa kompetanse. Bruk av ulovlege rusmiddel er ei utfordring som fleire grupper såg på som sentral. Ein fryktar at hasj kanskje er i ferd med å bli «legalisert» og akseptert i enkelte delar av ungdomsmiljøet og ein er usikker på kva ein kan gjere med det. Eit forslag var å rådføre seg med politiet. Ei annan utfordring kan vere at det blir gjennomført mange undersøkingar, og at resultata frå Ungdataundersøkinga kan «drukne» i andre undersøkingar. Det blir også tatt opp at kunnskap om kvifor elevane svarar slik dei gjer manglar, og ei potensiell løysing som blir dratt opp er at ungdommane sjølv må forklare kva som ligg bak svara deira. Andre utfordringar som blei nemnt er: ungdom og nettvett. Kan fadderordning på nett vere eit tiltak? Altså at eldre elevar er nettfadder for yngre elevar. korleis integrere og inkludere flyktningar betre? Korleis involvere foreldra? korleis hjelpe risikoutsette barn som allereie i barnehagen skil seg ut til å vere i faresona for å falle ut av vidaregåande skule? Korleis nå fram med effektive tiltak til barna og familien? elevar som bur på hybel i ein annan kommune enn den dei er frå blir ikkje prioritert i kulturskulen i hybelkommunen og må dermed stå på venteliste. manglar kunnskap om å oppdage vald i nære relasjonar korleis hjelpe dei som blir ekskluderte og dei som ekskluderer seg sjølv, korleis bruke dei interne ressursane best mogleg, foreldre kjenner lite til ungdommane si fritid alkoholbruk blant VG1-elevar og at foreldre si haldning har så stor påverknad finne årsaken til at det er så stor skilnad i kor stor grad gutar og jenter opplever press mangel på lågterskelmøteplassar trafikkåtferd og haldningar rundt rus og køyring at ein manglar kunnskap om dei andre etatane sitt arbeid og at ein treng meir tverrfagleg samarbeid. psykisk helse, stress, einsemd og bekymring blant jenter

Andre kommentarar Det finst mange gode eksterne ressursar ein kan kontakte og samarbeide med: Røde kors, RVTS, KORUS, Verdsdagen, RKBU, Ungdom til ungdom, lensmannskontor, ressursteam og tverrfaglege grupper. Ein kan bruke den overordna delen av læreplanen for å arbeide med utfordringane som ungdommane står i. Kan fylkeskommunen vere med på å lette kommunane sitt arbeid med helseoversiktsdokumentet gjennom statistikkportalen Fylkesspegelen? Får ungdom nok hjelp når dei skal velje linje på vidaregåande og eventuelt høgare utdanning? Det er for høg terskel for å gå til studierettleiar. Kanskje bør ein få studierettleiar inn i klassane og avtale tid med kvar enkelt? Kan NAV vere meir involvert? Korleis gjere foreldra godt rusta til å hjelpe ungdommane med å ta rett val? Det er store sosioøkonomiske skilnader nokre grupper er ekstra viktige å følgje opp då gruppene med lågast sosioøkonomisk status i mindre grad tek kontakt med andre for å få hjelp. Det er viktig å presisere ovanfor ungdommane at eit omval ikkje er eit feilval. Det kan vere lurt å korrigere kursen undervegs. Det hadde vore interessant å sjå om det er skilnader i korleis innvandrarar og ikkjeinnvandrarar har det.