ÅRSMELDING FOR ETNEDAL HISTORIELAG 2017 Styret i meldingsåret: Leiar: Jorunn W. Steinsvoll Kasserar: Torgun Thon Hagaseth Nestleiar/kasserar/skrivar: Ingun Kompen Styremedlemer: Ivar Øverlier, Ola Breien, Håkon Lie og Egil Bergsbakken. Varafolk: Tutta Solberg, Tormod Møller, Ole K. Hagaseth og Jan Røbergshagen. Valkomite: Jon Øystein Lundstein, Sigrid Nyberg og Jon Olav Espeliødegård. Revisor: Jan Arild Berg Årsmøtet i 2017 var på Bruflat kafè 29. mars med 16 frammøtte. Knut Werner-Hagen hadde foredrag om krigshandlingane i Valdres 1940. Årsmelding og rekneskap vart godkjende. God bevertning og utlodding. Etnedal Historielag hadde siste året berre 45 betalande medlemer. Grunnen kan vera at mange fekk kontingentkravetpå e-post, og kanskje gløymde å betala? Alle medlemer bør aktivt prøve å verve nye medlemer. Mange er truleg interesserte i å støtte laget og vera med å ta vare på Etnedals-historia - om dei blir spurde. EH hadde pr 31.12. 2017 kr 171 522,87 i Etnedal Sparebank. Aktivitetar i 2017: Ivar Øverlier har vore pådrivar i arbeidet med Høljarasten og tilstanden til den verna Lundebrua. Mange har vore svært aktive i dette arbeidet. Det blir ny veg og bru over Etna lenger nord. Ola Breien har eit særskilt ansvar for Breiesleiren med vedlikehald og omvisning.. Arbeidet med ei historisk bilet-bok for Etnedal er i gang med skanning av bilete frå før 1960. Alle tema er av interesse, særleg frå dagleglivet, helst med namn på folk. Ivar, Ole og Jorunn skannar bileta. Dei vil også kunne dra heim til folk om det er ynskjeleg. Gamle bilete er verdfulle i eit arkiv, også om det ikkje kjem i ei bok. Det er alt svært mange bilete - som nok bør delast i to bøker. Møte: Årsmøtet var 29. mars. I alt 4 styremøte ( 24. 1., 23.2. 30.5. og 17. 10.). Årsmøte for Valdres historielag var i Øystre Slidre laurdag 20. 5., der Jorunn og Ingun møtte. God bevertning og omvising i Hegge stavkyrkje. Årbok for Valdres Historielag 2017 hadde tema Etterkrigstid. Bøkene er til sals i Etnedal Sparebank og frå Ingun. Valdreskalenderen 2018 er illustrert med bilete av Endre Ulven. Det er laga infotavler med oppdaterte tekstar og bilete frå Høljarasten, Bruflat og over Tonsåsen. Kulturkonsulent Gabi Becker har gjort ein stor jobb. No er det Nina Espeseth Grønbrekk som er ny samarbeidspartnar på kulturkontoret.
Det er jobba med å laga prioritetsliste over kulturminne i bygda med markering på kart, det i samarbeid med Katharina Sparstad i Valdres Natur- og Kulturpark. 17. mai vart tradisjonelt markert med blomster på minnestader for krigen 1940. Olav og Kåre Nyhagen tek seg årleg av dette. Arbeidsoppgåver vidare: Bureisingsbruka i Etnedal: Ole K. Hagaseth og Ivar Øverlier har arbeidd med oppdatering av lista. Jorunn og Ingun har teke nye bilete, og målet er å få ferdig oppdatert hefte om bureisingane i Etnedal. Biletboka: Innsamling og skanning held fram med bilete frå heile bygda. Det er ynskjeleg med fleire møte i kretsane. Skannarane kan også dra heim til folk. 17. mai er årleg markert med blomar på minnestader for krigen i 1940. Sal av bøker og hefte: Det er fint om medlemene skaffar seg sjølv, gjev som gåver og oppmuntrar interesserte til kjøp av bøker og hefte som laget har. Då blir det pengar til å trykke opp att eldre hefte og laga nye. Med sal av bøker frå det store boklageret til Valdres Historielag får vi provisjon, og vi har eit lite lager av årbøker og andre bøker og hefte. Etnedalsdagane er fin profilering av Historielaget med eigen stand og sal av bøker og hefte. Folk er flinke til å stille opp. I 2017 var det også sal av Redd Lundebrua-pin, som Ivar Øverlier hadde ordna. Breiesleiren og Bua-Erik-bua blir tekne vare på, gjerne med omvising. Lageret i Huset er godt å ha, der vi trygt kan ta vare på alt av interesse. Heimesida for historielaget er administrert av Ivar Øverlier. Jul i Valdres Hausten 2015 vart det kjent at Valdres ungdomslag ikkje såg seg i stand til å halde fram med å gje ut juleheftet. Laget er seinare nedlagt, men nokre lokallag er framleis aktive, som Fridom i Etnedal. Valdres Historielag var med og laga juleheftet i 2016, men er no eigd av Valdres Mållag med eigen redaksjon. Representasjon: I Etnedal kulturråd møter Jorunn W. Steinsvoll for Etnedal Historielag og er nestleiar. Ingun Kompen er også på alle møta som leiar av rådet. Jorunn er styreleiar i Valdres Historielag som også gjev ut Valdres-kalenderen. Ingun er også stort sett med på alle møta, då som Etnedal sin representant i Årbok-nemnda. Etnedal i februar 2018. Ingun Kompen
ÅRSMELDING FOR ETNEDAL HISTORIELAG 2016 NB!!! Sjå nedlastinger for rett årsmelding dette året! Styret i meldingsåret: Leiar: Jorunn W. Steinsvoll Nestleiar/kasserar/skrivar: Ingun Kompen Styremedlemer: Ivar Øverlier, Ola Breien, Håkon Lie og Egil Bergsbakken. Varafolk: Tutta Solberg, Tormod Møller, Ole K. Hagaseth? og Jan Røbergshagen. Valkomite: Astrid Tollehaug, Jon Øystein Lundstein og Sigrid Nyberg. Revisor: Kåre Bergene. Årsmøtet for 2015 var på Bruflat kafè 24. mars med 15 frammøtte. Årsmelding og rekneskap vart godkjende. God bevertning og utlodding. Etnedal Historielag hadde siste året 75 betalande medlemer. Alle bør aktivt prøve å verve nye medlemer. Mange er truleg interesserte i å støtte laget og vera med å ta vare på Etnedals-historia om dei blir spurde. EH har ved årsskiftet 2016-17 i alt kr 166 649,31 i Etnedal Sparebank. Aktivitetar i 2016: Ivar Øverlier har vore ein sterk pådrivar i arbeidet med Høljarasten og tilstanden til den verna Lundebrua. Det er framgang i arbeid med ny veg og bru over Etna litt lenger nord. Ola Breien har eit særskilt ansvar for Breiesleiren.??? Arbeidet med ei historisk bilet-bok for Etnedal er i gang med skanning av bilete frå før 1960. Alle tema er av interesse, særleg frå dagleglivet, helst med namn på folk. Ivar, Ole og Jorunn skannar bileta. Dei vil også kunne dra heim til folk om det er ynskjeleg. Gamle bilete er verdfulle i eit arkiv, også det ikkje kjem i ei bok. Møte: Årsmøte 17. mars, og 5 styremøte ( 24. 1., 22.2. 18.5., 15. 9. og 9. 11.). Årsmøte for Valdres historielag 28.5. der Jorunn møtte. Elles har det vore møte 13.4., 4.5., 20.9. og 17.11. Årboka i år har seldt bra, tema Trygve Bjørgo. Bøker er til sals på Banken og av Ingun. Valdreskalenderen har i år bilete av kunst-målaren Sigmund Årseth som budde i Volbu. Møte 30. 11. og? med oberstløytnant Knut Werner-Hagen, Kaare Nyhagen, Jorunn W. Steinsvoll og Ivar Øverlier om utviklinga vidare ved Høljarasten. Det blir laga infotavler med oppdaterte tekstar og bilete frå Høljarasten, Bruflat og over Tonsåsen. Kulturkonsulent gabi Becker ordnar det praktiske.
Møte 13. mai med og Elisabeth Sparstad i Valdres Natur- og Kulturpark Gabi Becker med tema kulturminne som blir markerte på kart. Fleire medlemer i historielaget er aktivt med på desse møta. 17. mai vart markert med blomster på minnestader for krigen 1940. Befaring: 30. september var det befaring på Høljarasten og Tonsåsen der vi fann minnesteinane etter krigshandlingane i 1940. Knut Werner-Hagen, Arbeidsoppgåver vidare: Bureisingsbruka i Etnedal: Ole K. Hagaseth og Ivar Øverlier har arbeidd med oppdatering av lista. Jorunn og Ingun har teke nye bilete, og målet er å gjera ferdig oppdatert hefte om bureisingane i Etnedal. Biletboka: Innsamling og skanning held fram med bilete frå heile bygda, ynskjeleg også med fleire møte i kretsane. Skannarane kan også dra heim til folk. 17. mai er årleg markert med blomster på minnestader for krigen 1940. Sal av bøker og hefte: Det er fint om medlemer skaffar seg sjølv, gjev som gåver og oppmuntrar interesserte, til kjøp av bøkene og hefta som laget har. Då blir det pengar til å trykke opp att eldre og laga nye hefte. Med sal av bøker frå det store boklageret til Valdres Historielag får vi provisjon, og vi har eit lite lager av årbøker og andre bøker og hefte. Breiesleiren og Bua-Erik-bua blir tekne vare på, gjerne med omvising. Lageret i Huset er godt å ha, der vi tek vare på alt av interesse.. Dokke med soldat-uniform frå??? er i lageret saman med???? Brandenburg Brücke-skilt frå Høljarastbrua vart fotografert etter funn i eit stabbur på Nordsinni nyleg. Heimesida for historielaget har Ivar Øverlier laga og administrerer. Jul i valdres Hausten 2015 vart det kjent at Valdres ungdomslag ikkje såg seg ikkje i stand til å halde fram med å gje ut juleheftet for 2015. Frivillige i Valdres Mållag og Valdres Ungdomslag tok joben med å få ut heftet for 56. gong. Det kom mykje ros for innhaldet. Same gruppa fekk ut heftet også til jul 2016. Då også med Valdres Historielag etter ynskje frå Valdres Ungdomslag. Magne Hovda og Ingun kompen vart lagets representantar. Sidan Valdres ungdomslag truleg no blir lagt ned, er det ikkje formelt klart kva lag som blir med vidare. Årsmøta i laga i vår avgjer det. Representasjon: I Etnedal kulturråd møter Jorunn W. Steinsvoll for Etnedal Historielag og er nestleiar. Ingun Kompen er også på alle møta som leiar av rådet.
Jorunn er styreleiar i Valdres Historielag som også gjev ut Valdres-kalenderen. Ingun er stort sett med på møta, då som Etnedal sin representant i Årboknemnda. Etnedal i februar 2017 Ingun Kompen