LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Årsmelding for Urhei barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Kva er nytt i rammeplanen?

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan

Årsplan Gimsøy barnehage

Stokkalandsmarka barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Informasjonshefte Tuv barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2017.

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Årsplan Lundedalen barnehage

Barnehage til beste for barn

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan Uteliv. Vi vil leke mer! Fokus: Årstema:

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Årsplan Ballestad barnehage

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

RAVNEBJERGET BARNEHAGE. Årsplan med fellesplan for barnehagene i Helse Bergen

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Veileder til årsplanmalen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

I året som kommer skal vi øke vår faglige kompetanse på lek og læring og se dette i sammenheng med de rommene vi har i barnehagen; inne og ute.

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Pedagogisk plattform

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Velkommen til foreldremøte

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

PLAN FOR SAMMENHENG OG OVERGANG BARNEHAGE - SKOLE

Du må tru det for å sjå det

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Langtidsplan for barnehagene i Helse Bergen

Tønsberg kommune. «Sammen om barna» samarbeid mellom hjem og barnehage

Årsplan Askeladden barnehage 2018/ 2019

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

HOVEDFOKUS PÅ TROLLSTUA

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Bærekraftig utvikling

Ny rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver (2017)

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Barnehagen mål og satsingsområder.

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Sagvåg barnehage, avdeling Tjødnalio

Visjon: Dyrke dei magiske augneblikka.

Årsplan 2018/2019 Enhet Raet barnehager

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Årsplan 2018/19 Espira Halsnøy Kloster

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Kvalitetsplan for SFO

Transkript:

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN 2018 2021 Hunstad barnehage Ravnebjerget barnehage Vinterdalen barnehage Vognstølen barnehage «Hvert barn skal bli sett, hørt og stimulert ut fra egne forutsetninger» Fra Langtidsplanen

INNHALD 3 4 4 5 7 7 8 8 9 9 Innleiing Mål for barnehagane Verdigrunnlag Livsmeistring Berekraftig utvikling og miljøarbeid Samarbeid og foreldremedvirking Planlegging, dokumentasjon og utvikling Overgangar Kompetanseutvikling Kontaktinfo 2

INNLEIING Langtidsplanen er laga som eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Dokumentet gjeld i perioda 2018 2021, og er eit arbeidsreiskap for personalet og skal vere til informasjon for foreldre og eigar. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i læringa til barna og opplevingane deira gjennom heile barnehageopphaldet. Barnehagane i Helse Bergen HF skal nyttast i rekruttering av nøkkelpersonell og sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Langtidsplanen byggar på «Lov om barnehagar» sine føreskrifter og på nasjonale satsingsområder. «Rammeplan for barnehagar» er ei føreskrift til lova og gir retningslinjer for barnehagen sitt verdigrunnlag, innhald og oppgåver. Rammeplanen trådde i kraft frå 1. august 2017. Rammeplanen sitt verdigrunnlag er styrande og skal speglast i barnehagane sine årsplanar. Barnehagen sitt innhald skal bygge på eit heilskapleg syn på læring der omsorg, leik, læring og danning er sentralt. Samarbeidet med barna sine heimar skal ligge til grunn for virksomheita.(verksemda) Kvar av barnehagane i Helse Bergen utarbeidar ein årsplan som gir opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområde. «Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barna sine behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling» Frå Lov om barnehagar 1. 3

MÅL FOR BARNEHAGANE Kvart barn skal bli sett, høyrt og stimulert ut frå eigne føresetnadar. VERDIGRUNNLAG Barnehagane skal gi barna gode læring- og utviklingsmoglegheiter i eit trygt og omsorgsfullt miljø. Barna skal få ein god barndom og eit pedagogisk tilbod gjennom leik og læring i sosialt samspel med andre barn og vaksne. Barn og foreldre skal møte eit personale som er pålitelege, imøtekomande og løysingsorienterte. I våre barnehagar vil vi forsterke desse levereglane: Samspel og enkelthet, og vi vil legge vekt på samhandling for å gjere kvarandre gode. Barna i barnehagen er ei mangfaldig gruppe, og kvar og ein skal møtast som dei er. Alle skal bli inkludert og få eit likeverdig tilbod i barnehagen, og barna oppmuntrast til å ta vare på seg sjølv og andre. Personalet må kjenne barna sine interesser, behov og føresetnadar for å gi dei støtte og moglegheiter for ein god kvardag. Barna skal møte eit personale som er aktive og anerkjennande og som tek utgangspunkt i barna sine interesser og stimulerer til kunnskap og erfaringar på nye og ukjente område. 4

LIVSMEISTRING DANNING Mennesket vert danna gjennom heile livet og i barnehagane legg ein grunnlaget for barnet si moglegheit til aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Danning er ein kontinuerleg prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. I barnehagen vil barna møte samfunnet sine sosiale reglar, samhald og solidaritet. Barnehagane arbeidar med å fremje barna sin sosiale kompetanse slik at dei utviklar innleving og forståing for andre sine reaksjonar og uttrykksmåtar. OMSORG Ein omsorgsfull relasjon mellom barna og personalet er prega av nærleik, innleving og evne og vilje til samspel. I barnehagane vert det gitt omsorg når personalet er tilstade for barna, tek barna på alvor, lyttar og anerkjenner dei. Personalet deltek i barna sine opplevingar, syner engasjement og interesse. Situasjonar i kvardagen i barnehagen gir anledning for gode og nære relasjonar med barna. LEIK OG LÆRING Barnehagane sine planar skal gi rom og syne forståing for barna sin leik. Personalet har ansvar for å legge til rette og organisere barnegruppa slik at der er plass til ulike aktivitetar og leik. Barnehagane skal legge til rette for eit variert leiketilbod. Leiken er barna sin viktigaste aktivitet i barnehagen og barn leikar for dei har lyst! Personalet skal observere og vere deltakande for å få innsikt i og forståing av barna sin leik og samspel. Gjennom leiken får barna erfaring i å ta initiativ, forhandle, kompromisse og løyse konfliktar. Dei får prøve ulike roller, dei leiar og let seg leie, og etablera nære vennskap. Barnehagen skal ha eit trygt, utfordrande og inspirerande leikemiljø. Innanfor gitte rammer leggast det kvart år vekt på vedlikehald og oppgradering av leikeområda. SPRÅK OG MATEMATIKK Personalet skal vere gode språkmodellar og må vere medvetne sitt eige språk. Dei må nytte anledningane som kjem for gode samtalar med barna og dei må gi dei tid til å fortelje og uttrykke seg. Personalet må lytte og vere observante for å fange opp det barna er opptekne av. Gode samtalar oppstår når ein tek utgangspunkt i barna sine interesser. Barna må få varierte erfaringar med språket, og når dei er delaktige utviklar dei språk og omgrep. Barnehagane skal stimulere til nysgjerrigheit og refleksjon om samanhengar og realfaglege omgrep, og i leiken og aktivitetane skal barna gjere seg erfaringar meg matematiske omgrep og problemstillingar. «Du och jag, Alfred» fra Emil i Lønneberget, Astri Lindgren 5

MEDVERKING Barn skal ha meiningsfulle og innhaldsrike dagar i barnehagane, og må sjølve få vere med å prege dagen. Barna er aktørar i eigne liv og er viktige medspelarar i barnehagen sin kvardag. Dette gjer at personalet må lytte til barna og anerkjenne deira meiningar og ønske. Gjennom ord og handling må personalet syne barna at dei er viktige medspelarar og personalet må kunne tolke og forstå barna sitt kroppsspråk og ulike måtar å kommunisere på. Barnehagane i Helse Bergen skal i perioden 2018 2021 arbeide med prosjektet «Barna sin medverknad» Hovudmål: Barna i Helse Bergen sine barnehagar skal medverke i sin kvardag. Delmål: I Helse Bergen sine barnehagar skal barna sine interesser og behov påverke barnehagekvardagen Barna i Helse Bergen sine barnehagar skal bli møtt av anerkjennande vaksne Personalet skal være lydhøre for barna sine interesser og behov når det vert lagt til rette for leik og læring Barna skal delta aktivt i planlegging og vurdering av barnehagen sitt innhald Prosjektarbeidet skal auke personalet sin kompetanse og forståing for kor viktig det er at barna får medverke. 6

BEREKRAFTIG UTVIKLING OG MILJØARBEID Barnehagane i Helse Bergen arbeidar kontinuerleg med miljøtiltak og vore miljøsertifiserte etter ISO 14001 sidan 2004. Miljøsertifiseringa fornyast årleg og det blir føretatt revisjonar av miljøarbeidet. Helse Bergen ønskar å vere i fremste rekke innanfor miljøvennleg drift av sjukehus og institusjonar, og barnehagane følger den overordna miljøpolitikken i føretaket. Dette inneber at barnehagane utarbeidar miljømål og handlingsplan i miljøarbeidet, og følger føretaket sine rutinar for avfallsbehandling og innkjøp. For barnehagane vil det viktigaste miljøperspektivet vere det haldningsskapande arbeidet med barna. Gjennom at vi er medvetne miljøet i kvardagen innarbeider vi gode haldningar og vanar, og i ulike aktivitetar får barna kjennskap til mangfaldet og samspelet i naturen. Barnehagane vil lære barna å vere glade i naturen, undre seg, ta vare på og bidra til at naturen vert forvalta på ein god måte for framtida. For personalet som arbeidar med små barn er det serleg viktig å vere gode forbilde. Vi tek vare på naturen og miljøet rundt oss på ein god måte. Dette er viktig arbeid som ingen kan stille seg likegyldig til. SAMARBEID OG FORELDRA SI MEDVERKING Lov om barnehagar påpeikar at barnehagane skal drivast i nær forståing og samarbeid med barna sine heimar. Det betyr at foreldra/føresette skal ha innverknad på det som skjer i barnehagane og føresett at barnehagane legg til rette for eit nært samarbeid med foreldra. Målet med foreldresamarbeidet er å skape ei nødvendig og gjensidig forståing for både det enkelte barn sitt behov og for barnegruppa sitt behov. Dette oppnår vi gjennom god kommunikasjon mellom foreldre/føresette og personalet. Dagleg kontakt ved bringe- og hentesituasjonane, foreldresamtalar, foreldremøter og skriftleg kommunikasjon legg grunnlaget for samarbeid med heimen. Barnehagane har eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Foreldrerådet består av alle foreldra/føresette til barna i barnehagane. Foreldrerådet i Helse Bergen sine barnehagar vel representantar frå kvar avdeling til eit arbeidsutval. Dette arbeidsutvalet inviterast til å komme med innspel og medverke i forhold til barnehagane sitt innhald og prioriteringar. «Barn, de skal man snakke til som til andre folk» Anne-Cath Vestly 7

PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG UTVIKLING Barnehagane er pedagogiske verksemder der det vert stiltt krav til planlegging, dokumentasjon og vurdering for å sikre kvalitet og utvikling for barna. Barnehagane skal vere ein god stad for alle. Vurderingane dannar grunnlag for barnehagane sitt arbeid med årsplanar og for utvikling av barnehagane som organisasjon. Kvaliteten i samspelet mellom menneska i barnehagen er ein viktig føresetnad for barna si utvikling og læring. Barnegruppa og kvart enkelt barn sin trivsel og utvikling skal fortløpande observerast og vurderas slik at eventuelle endringar kan gjerast underveis. For å ha eit godt grunnlag for vurdering er det nødvendig at det vert arbeid systematisk med dokumentasjon. Dokumentasjonen skal brukast som grunnlag for refleksjon og diskusjon, og er eit verktøy for det vidare arbeidet og eventuelle endringar av praksis. Barnehagane sitt arbeid skal vurderast i forhold til kriterier gitt i barnehagelova og Rammeplanen. I årsplanane gjer barnehagane reie for satsingsområder og vektlegging. Det vil komme fram i årsplanane kva satsingsområde som skal vurderast. OVERGANGAR OPPSTART I BARNEHAGEN Tilknyting, tilhøyring og trygging er grunnleggande for at barna skal trivast og ha ei god utvikling. Når eit barn startar i barnehagen skal det leggast til rette for god kontakt mellom heimen og barnehagen. I barnehagen har barna ein kontaktperson som følger opp og tek vare på barnet og foreldra sine interesser i starten. Nye foreldre blir tilbode samtale ved oppstart for å bli kjent med barnehagen og for å utveksle informasjon. Dei yngste barna trenger trygging og nærleik, forutsigbarheit, kjente rutinar og omgivnadar for å fremje god tilknyting. INTERNE OVERGANGAR Barnehagen er ei heilheit, og personalet har ansvar for å gjere seg kjent med alle barna i barnehagen. Det vert lagt vekt på å gjere overgangar internt i barnehagen trygge og godt førebudd. I denne prosessen er det viktig med ein god dialog mellom foreldra og barnehagen. I barnehagen samarbeidast det om interne overgangar og det vert lagt til rette for fellesskap og inkludering. FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE OG SFO Barna i Helse Bergen sine barnehagar kjem frå ulike bydelar og soknar til ulike skular. Det er dessverre ikkje anledning til å ha eit tett samarbeid med alle skulane. Det siste året i barnehagen førebur vi barna til skulestart. Det vert lagt vekt på at barna skal verte sjølvstendige, og dei får eigne tilbod for å fremje lærelyst. «Møter jeg et barn, møter jeg et menneske» Anne-Cath Vestly 8

KOMPETANSEUTVIKLING Barnehagane skal vere ein lærande organisasjon der personalet er i utvikling og vekst. Det er eit nasjonalt mål å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. Kvaliteten avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Kompetanseutvikling vil derfor vere eit satsingsområde. Barnehagane har felles satsing på kompetanseutvikling. Det vert lagt vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne kurs, foredrag mm. Målet er å utvikle personalet sin kunnskap og kompetanse, og bidra til auka kvalitet. I perioden 2018 2021 vert tema relatert til prosjektet «barna sin medverknad» prioritert. KONTAKTINFORMASJON Hunstad barnehage / 55 97 49 42 / hunstad.barnehage@helse-bergen.no Ravnebjerget barnehage / 55 97 49 44 / ravnebjerget.barnehage@helse-bergen.no Vinterdalen barnehage / 55 95 85 63 / vinterdalen.barnehage@helse-bergen.no Vognstølen barnehage / 55 97 49 48 / vognstolen.barnehage@helse-bergen.no Barnehagesjef / 958 90 538 / inger.johanne.klausen@helse-bergen.no Layout Torun Hunnes Teikningar Barn fra Vognstølen og Hunstad barnehage 9