INVITASJON til å teikne aksjar i Sagastad Drift AS Den store reisa nærmar seg land Explore the Viking Saga
Store ting er på gang i Nordfjord Store tankar Store ambisjonar Store skip Store opplevingar Store forventningar Sagastad tek store steg! Sagastad Drift AS skal etter oppdrag frå Stiftinga Sagastad stå for den kommersielle og operative drifta av Sagastad kunnskapssenter retta mot reiseliv-, regional-, skule- og bedriftsmarknaden. Stiftinga Sagastad er eigar av Sagastad konseptet og er fagleg ansvarleg for Sagastad kunnskapssenter.
Som mange kanskje har fått med seg, så er byggjeprosessen på Sagastad godt igang, og konturane av vårt staute kunnskapssenter reiser seg no stolt midt i Nordfjord. Om ikkje lenge står vertskapet på Sagastad klare til å ta imot lokalbefolkning, Nordfjordingar, vestlendingar og kulturhungrige turistar frå heile verda. 2019 blir eit stort og stolt år for Nordfjord. Sagastad skal bli vårt eige kunnskapssenter om vikingtida! Staden for alle som vil lære meir om vår spennande vikinghistorie. Her kan du bl.a. oppleve det store Myklebustskipet, lære om store reiser i fantastiske skip, båtbyggjarkunst, mystikk og ritualer, og om vår stolte kulturhistorie.
Tenk Viking tenk Sagastad Kva er Sagastad? Staden med eit nytt kunnskapssenter om vikingtida Staden der du kan få store opplevingar knytt til vår vikinghistorie Staden der du kan lære meir om vikingane sine store reiser Staden der du kan oppleve det fantastiske Myklebustskipet Staden med dyktige båtbyggjarar som kan kunsten å byggje vikingskip Velkomen til Sagastaden og vikingsenteret rett ved fjorden på Nordfjordeid Sagastad er ei storsatsing som set Nordfjord og den nye kommunen vår på kartet Dette blir stort!
Ei ny tid for vår kultur Kulturturisme Våren 2019 opnar vi vikingsenteret Sagastad. Samtidig får Nordfjord sin andre cruise destinasjon midt i Nordfjord. Og med det vært nye og breiare dører opna for regionen for turisme som no kan varte opp med stolt kulturhistorie. Ombord på dei store cruiseskipa som set kursen hit, finn vi mengder av nyfikne passasjerar turistar som kjem akkurat hit fordi dei vil bli kjend med oss og oppleve vår kultur. Myklebustskipet blir stjerna i Sagastad. Ei perle av eit vikingskip, og eit ikon for alle som bryr seg om båtbyggjing og Vikingtida. I tillegg kjem «alle andre», spesielt interesserte, den medvitne opplevingsturisten, den tilfeldige turisten som finn det for godt å svinge innom med bubilen sin, lokalbefolkninga, og folk frå regionen. Mange vil finne vegen hit. Kulturturismen blir kanskje ei av våre største næringar.
Explore the Viking Saga
EMISJON Mykje er på plass. Dei store tankane er tenkt, det store Myklebustskipet og det flotte Sagastad-bygget nærmar seg fullbyrding. Men, på dei siste åretaka inn mot land, ønskjer vi å ha med deg ombord. Den store satsinga som Sagastad no er iferd med å realisere, kjem ikkje av seg sjølv. For å sikre at opplevinga av Sagastad skal bli optimal og storlagen, treng vi å få på plass dei siste kronene som skal syte for at opplevinga av Sagastad blir ei oppleving for livet. Vi ønskjer å ha med deg som bidragsytar og medeigar i Sagastad. Ein aksje i Sagastad Drift AS er ei investering i vår kultursatsing og framtida for ei ny næring i regionen vår. Bli med på reisa!
EMISJON ANSVARSERKLÆRING Dette prospektet er utarbeidd i samband med emisjonen i Sagastad Drift AS. Sagastad Drift AS vedkjenner seg ansvar for informasjonen i prospektet og stadfester at informasjonen i prospektet så langt vi kjenner til er i samsvar med faktiske høve, og at her ikkje er utelate informasjon som er av en slik art at den kan forandre prospektet si tyding. Selskapet sin revisor er Hovden & Vatne Statsautoriserte revisorar AS. Nordfjordeid, 09. november 2018 Kjell A. Storeide Synnøve E. Aabrekk Trond S. Kroken Irene M. Berteig
EMISJON 1. INFORMASJON OM TEIKNING 1.1 Aksjekapital Selskapet har i dag en aksjekapital på NOK 663.500,-, fordelt på 1327 aksjar pålydande NOK 500,-. Generalforsamlinga 30. mai 2018 gav styret i Sagastad Drift AS til å gjennomføre ein emisjon på inntil 600 nye aksjar. Aksjekapitalen vert utvida i emisjon mot nye og eksisterande aksjonærar med maksimum NOK 300.000,- gjennom utsteding av inntil 600 aksjar pålydande NOK 500,-. 1.2 Teikningskurs Aksjane er pålydande NOK 500,- pr. aksje. Teikningskursen er fastsett til den same som ved tidlegare emisjon til NOK 5.000,- pr. aksje. 1.3 Minste og største tillatne teikningsbeløp Minste tillatne teikningsbeløp er sett til NOK 5.000,- (1 aksje). For teikningar utover NOK 50.000, (10 aksjar) skal det overskytande delast 50 / 50 mellom aksjar og eit ansvarlig lån. 1.4 Teikningsperiode og -stad Teikningsperioden er frå og med 10. november 2018 til og med 31. desember 2018. Teikningsstad: Sagastad Drift AS, Øyane 11, 6770 Nordfjordeid, e-post: post@sagastad.no Teikningsblankett må være mottatt innan kl. 16.00 den 31. desember 2018 for å vere gyldig. 1.5 Godkjenning av teikning Styret har rett til å stryke eller redusere eikvar teikning, og gjere justeringar av forholdet mellom aksjekapital og ansvarleg lånekapital. 1.6 Betaling av teikningsbeløp Innbetaling av teikningsbeløp for aksjar og ansvarlig lånekapital skal skje innan 18. januar2019. Av for seint innbetalte beløp vert det rekna 9 % p.a. etterskotsrente. Ein kan ikkje overdra aksjar som ikkje er fullt innbetalt. 1.7 Lovnadar om teikning Det er ikkje gjeve førehandslovnader om teikning av aksjar. 1.8 Kostnader Selskapet dekker alle kostnader i samband med emisjonen. 1.9 Anna Sagastad Drift AS kan nytte aksjekapitalen før den er registrert i Brønnøysundregisteret.
EMISJON Formell info til invitasjon om aksjeteikning i Sagastad Drift AS 1. Føremålet med Emisjonen Vi ønskjer med denne emisjonen å gje fleire bedrifter og einskildpersonar moglegheit til å teikne aksjar og bidra til realisering av Sagastad kunnskapssenter. Sagastad Drift AS er no i sluttfasen med realiseringa av Sagastad kunnskapssenter. Alt går etter planen både når det gjeld skip, utstillingar og økonomiske rammer. Opning er planlagt 1. mai 2019. Vi manglar i dag om lag NOK 1 mill i eigenkapital for å komme heilt i mål når deg gjeld økonomien i prosjektet og for å ha ein tilstrekkeleg buffer til å kunne ta uforutsette kostnader i sluttfasen og ha godt med driftskapital i oppstartsfasen. Kapitalen frå emisjonen vil såleis gå til å sikre ei god sluttføring av prosjektfasen og at vi kjem godt i gong med drifta av Sagastad kunnskapssenter. 2. Selskapet sitt formål: Sagastad Drift AS skal etter oppdrag frå Stiftinga Sagastad stå for den kommersielle og operative drifta av Sagastad kunnskapssenter retta mot reiseliv-, regional-, skule- og bedriftsmarknaden. Sagastad Drift AS skal bidra til at Sagastad kunnskapssenter er eit senter for vikingtida som er nasjonalt og internasjonalt kjend for sine utstillingar og formidlingsevne. 2.1 Selskapet sitt hovudmål: I løpet av 3 år skal Sagastad Drift AS gå med overskot og ha positiv sjølvfinansieringsevne Sagastad Drift AS skal bygge opp marknaden slik at Sagastad når sitt besøksmål på 89.000 innan 3 år etter opning. Første driftsåret vert det budsjettert med 40.000 besøkande. 3. Organisering 3.1 Eigarar Sagastad Drifts AS vil ha ein eigarsamansetnad første åra som består av; Stiftinga Sagastad om lag 24 % av aksjekapitalen Bedrifter og privatpersonar om lag 76 % av aksjekapitalen 3.2. Styre og revisor Styret i Sagastad Drift AS er; Styreleiar Kjell Storeide Styremedlem: Irene Berteig Styremedlem: Trond Kroken Styremedlem: Synnøve Aabrekk Revisor Hovden & Vatne statautoriserte revisorar AS Val av styre Stiftinga Sagastad har rett til å utpeike styreleiar og inntil halvparten av styremedlemane inkl. styreleiar. Øvrige styremedlemar vert valde av og mellom aksjonærane utanom Stiftinga Sagastad.
EMISJON 3.3. Tilsette Selskapet har ingen tilsette, men dagleg leiar i selskapet Solveig Midtbø er utleidd frå Stiftinga i 80% stilling. Denne teikningsblanketten gjeld for tegning inntil 10 aksjar. For aksjonærar som i emisjonen teiknar for meir enn 10 aksjar, skal det overskytande beløpet fordelast 50/50 mellom aksjar og ansvarleg lånekapital. Ta i så fall direkte kontakt med Styreleiar Kjell Storeide, Kjell.storeide@borgundindustri.no, eller Dagleg leiar Solveig Midtbø, Solveig.midtbo@sagastad.no. Ta også kontakt med styreleiar eller dagleg leiar dersom du har spørsmål til emisjonen eller ønskjer tilsendt det komplette prospektet for Sagastad. 4. Eigarane i Sagastad Drift AS i dag Sagastad Drift AS har i dag 93 bedrifter og privatpersonar som eigarar. Dei største eigarane er: Stiftinga Sagastad 313 aksjar 23,59% Coop Vest Eigedom AS 105 aksjar 7,91% Moengården AS 105 aksjar 7, 91% Lefdal Invest AS 105 aksjar 7,91% Lien, Tøger 55 aksjar 4,14 % Hildenes Gartneri Eiendom 55 aksjar 4,14% Borgund Industri AS 55 aksjar 4,14% Fredrikslid Invest AS 35 aksjar 2,64% Åsen & Øvrelid AS 35 aksjar 2,64% Nordplan AS 33 aksjar 2,49%
TEIKNINGSBLANKETT for emisjon i Sagastad Drift AS Teikningsfrist 31. desember 2018 kl. 16.00 I samsvar med styrefullmakt vedtatt i generalforsamling 30. mai 2018 teiknar eg/vi aksjar i Sagastad Drift AS. Vilkåra ved teikning er dei same som ved tidlegare aksjeteikning i selskapet. Aksjen sin pålydande skal være NOK 500,- For kvar aksje skal det betalast NOK 5.000,- Eksisterande aksjonærar fråviker sin fortrinnsrett til aksjekjøp. Aksjane skal teiknast innan 31.12.2018 Aksjane skal betalast innan 18.01.2019 Dei nye aksjane har rett til utbytte frå og med regnskapsåret 2018. Sagastad Drift AS kan nytte aksjekapitalen før registrering i Brønnøysundregisteret TEIKNING: Namn/Firma Tal aksjar Innbetalingsbeløp per aksje Beløp å betale Underteikna gir med dette styreleiar i Sagastad Drift AS fullmakt til å foreta den formelle teikninga av aksjar som eg/vi har forplikta oss til å teikne. Stad, dato Forpliktande underskrift Nærmare opplysninger om teiknaren Namn/Firma: Gateadresse e.l. (for private:bustadadresse): Postnummer og poststad: Fødselsnummer (11 sifre) eller org.nr.: Skattekommune:. Telefonnr. / E-post: Betaling innan 18.01.2019 til selskapet sin bankkonto 3790.17.38921 Blanketten sendast pr. post i god tid til Sagastad Drift AS, Sjøgata, 6770 Nordfjordeid, eller sendast på e-post: post@sagastad.no Telefon: 578 62 200 E-mail: post@sagastad.no sagastad.no Sagastad Drift AS Sjøgata, 6770 Nordfjordeid Org. nr: 916 82 9515 Designhuset Byrr AS - Foto: Nordplan, Arkikon, Sagastad og Steinart