Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Like dokumenter
Valprogram Aurland. Ei levande bygd

Ål Venstre. Ål Venstre

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Politisk program for Jølster KrF

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Program for Bømlo Venstre

Program for. Sykkylven Venstre

Program OSTERØY HØGRE

Program for Masfjorden Venstre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Til veljarane i Tysnes

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

«Nordhordland kommune»

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Frivilligpolitisk plattform

Hemsedal KRF Program

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Ei god framtid for alle!

Ulvik Arbeiderparti Program

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

ehandel og lokalt næringsliv

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kommunedelplan for oppvekst

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Valprogram Sel SV

Arbeidsprogram

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Program for. Seljord Venstre

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

billeg mat har ein høg pris

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialogbasert arealutvikling og deltakande demokrati på Jæren. Byregionprogrammet fase 2

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frivilligpolitisk plattform

Pedagogisk plattform

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

ETNE VENSTRE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Sandeid skule SFO Årsplan

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Mat & helse haust Emne: Økt Praktiske leksjonar Teori Mål: Elevane skal Fredagar

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Transkript:

Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle menneske, både for oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlèt urimelige kostnader til etterkomarane våre. Eit slikt samfunn vil krevje både nye tankar om økonomisk framgang og ny teknologi. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Noreg har stilt til val ved alle lokal- og stortingsval sidan 1987, og stiller no for første gang liste i Haram. Vi meiner politikken treng alternativ til den tradisjonelle høgre/venstre-tankegangen, og at politisk kultur ikkje skal styrast av tradisjon, men av tydelege verdival, innsikt og realisme! Dei største utfordringane me står framom i vår tid er globale og dei er samansette! Miljøspørsmål, naturvernspørsmål og spørsmål om korleis vi skal forvalte ressursane våre på beste måte må setjast høgt på agendaen, og MDG vil ta ansvar i ein omfattande global dugnad. I Noreg er vi i ei internasjonal særstilling når det gjeld materiell rikdom. Likevel er det mange nordmenn som ikkje opplever livet som godt. MDG ynskjer å trekkje fram sider ved livet som gir livskvalitet utan stort materielt forbruk, i tillegg til å bremse den aukande forskjellen mellom rik og fattig. I eit ope og frisinna samfunn med rom for mangfald og individuelle livsutfalding med høve til demokratisk deltaking, kan ikkje den enkelte reduserast til «brukar» eller «forbrukar», og den politiske debatten kan ikkje reduserast til eit spørsmål om «privat» eller «offentleg» løysing. MDG ynskjer ein diskusjon om korleis vi kan ta vare på vår felles arv: natur, kultur og demokrati. Vår lokalpolitikk skal støtte berekraftig nasjonal og global politikk og til tider kome med korrektiv. Våre veljarar trur ikkje på det perfekte, men ser nytten av å utvide det politiske landskapet og å stille spørsmål til vedtekne sanningar som legg band på dagens politikarar.

Vårt mål er eit medmenneskeleg og inkluderande samfunn i økologisk balanse eit samfunn med økonomisk, økologisk og sosial berekraft. For å byggje eit slikt samfunn treng vi livskraftige lokalsamfunn og nytenking. Vi legg ikkje skjul på at politikk er utfordrande. Lokal politikk handlar om å prioritere, men der andre parti kjem med himmelhøge løfter for å stadig auke velstanden, vil Miljøpartiet Dei Grøne kjempe for å ta vare på jorda og mangfaldet. Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt. - Bruke lokale folkeavstemmingar i prinsipielt viktige sakar. - Gi auka støtte til frivillige organisasjonar gjennom å betre promoteringa og samarbeidet. - At kommunen skal bruke internett meir systematisk til å informere, og i tillegg hente inn forslag og meiningar frå innbyggjarane. Dei Grøne ser det som avgjerande å ta vare på naturmangfaldet, både fordi det har verdi for oss menneske og fordi naturen har ein eigenverdi. - Styrke jordvernet i all planlegging. - Auke kildesorteringa ved innsamling av matavfall. - At kommunen skal ha fokus på at energiforbruket må reduserast. Til dømes omlegging til miljøvenleg kommunal bilpark. - Synleggjere eksisterande miljøordningar, som t.d. rabatt for dei som komposterer. - Verne strandsona. - Prioritere økologisk, fairtrade og svanemerka alternativ i innkjøp i kommunen.

Livskraftige lokalsamfunn treng livskraftig næringsliv. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å leggje til rette for berekraftige og miljøvenlege arbeidsplassar i nærmiljøet. Den Maritime næringen er, og vil fortsette å vere, ein berebjelke i kommunen. Vi ynskjer at denne næringen skal få muligheita til å være en spydspiss i framtidas grøne næringar. Miljøvenleg og kostnadseffektiv går svært ofte hand i hand. - Ha eit godt samarbeid med det lokale næringslivet, samt støtte gründerar og nyskaping. - Styrke yrkesfag med moderne verktøy for å kunne legge til rette for framtidas innovative bedrifter. - Legge til rette for at det gode samarbeidet mellom skulen og det lokale næringslivet skal fortsette. - Jobbe for at matproduksjon skal være ei næring for framtida, med økologisk berekraft i grunn. - Jobbe for at noverande og framtidige industriområder planleggjast med tanke på miljø og effektivitet. - Jobbe for fiskeoppdrett i lukka anlegg. - Ha søndagsstengde butikkar. Vi meiner at skulen er ein viktig arena for å styrke fellesskap på tvers av bakgrunn og livssyn. Vi ønsker ein skule som set eleven i sentrum, og hjelper dei å utvikle seg til heilskaplege menneske. Dette blir skildra i den generelle delen av læreplanen: Skulen skal utvikle barn og unge til meiningssøkjande, skapande, arbeidande, allmenndanna, samarbeidande, miljømedvitne, integrerte menneske. - Ha mobilfrie skular. - Styrke symjetilbodet i grunnskulen. - Ruste opp uteområda på skulane. - At alle skulane skal ha tilgang på eigen skulehage for dyrking av frukt og grønt.

Førebyggjande helsearbeid legg grunnlaget for god helse livet ut. Dei grøne ynskjer å leggje til rette for friluftsliv, fysisk aktivitet og eit sunt kosthald. - Auke mangfaldet av aktivitetar for born og unge, gjennom å gi støtte til dei som vil starte opp nye tilbod. - Ta vare på fjell- og turstiar, og legge til rette for at folk skal kunne nyte naturen i kommunen. - Støtte opp om dugnadar og initiativ i kommunen, som t.d. rydding og vedlikehald av lokalmiljø. Dette er også sosiale møteplassar som er opne for alle. - Sørge for at gang- og sykkelvegar er tilgjengelig der folk ferdes, og då spesielt barn. Til dømes Engeset-Uggedalen. - Vere pådrivar for å utvikle andelslandbruk der innbyggarar kan gå saman og dyrke frukt og grønt. Dei Grøne meiner fellesskapen aktivt skal støtte kultur og idrett. Vi ynskjer eit kulturliv som i seg sjølv er fritt og uavhengig, og at kulturpolitikken tek sikte på å hindre einsretting. - Oppretthalde kulturskulen. - Oppretthalde alle filialane til Haram folkebibliotek, og auke grunnstøtta til utlånsmateriell - Støtte gode tiltak, slik som Frivilligheitssentralen. - Skape alternative møteplassar, i tillegg til organiserte aktivitetar, i samarbeid med dei unge.

I Haram er vi så heldige å ha mange vakre stader med natur som i framtida kan være meir verdifullt enn vi anar. Dette må vi ta vare på og byggje vidare på. Vi kan stå framføre store endringar i den neste perioden. Innan samferdsel er Nordøyvegen og Hamnsundsambandet viktige saker, og også kommunestrukturen er til diskusjon. - Ta vare på miljøet og skape eit berekraftig lokalmiljø og levande bygder. - At samanslåing av kommunar må avgjerast lokalt, og ikkje gå utover eit levande engasjement i lokalpolitikken. - Jobbe for eit medmenneskeleg og inkluderande lokalsamfunn der vi kan gi vidare eit leveleg og verdifullt livsgrunnlag til neste generasjon. - Sikre at gode kollektivmuligheiter er klare frå første dag ved nye vegsamband. - Verne viktig matjord eller verdifulle naturområder mot store utbyggingar.