Mind the gap. Sluttrapport. Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne. (Dykkar referanse 2012/BQ2H34)

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Mind the gap. Sluttrapport. Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne. (Dykkar referanse 2012/BQ2H34)"

Transkript

1 Mind the gap Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne (Dykkar referanse 2012/BQ2H34) Sluttrapport 1

2 Føreord Unge funksjonshemmede fekk frå Extrastiftelsen til å finansiera prosjektet «Mind the gap Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne». Unge funksjonshemmede ynskjer å takka for støtta, og rapporterer med dette om gjennomføringa av prosjektet. Me viser samstundes til den trykte rapporten på prosjektet som har blitt kalla «Heim, kjære heim?». Ei PDF-utgåve av rapporten er vedlagt. Samandrag Bakgrunn for prosjektet. Mange unge med nedsett funksjonsevne slit med å få råd til å bu godt, eller med å finna ein passande bustad. Målsetnad for prosjektet. Me ynskte å finna ut meir om kva utfordringar unge med endsett funksjonsevne møter, og kva slags politilske tiltak som kan hjelpa fleire til ein god og trygg busituasjon. Gjennomføring. Det blei gjennomført ei spørjeundersøking blant unge med nedsett funksjonsevne. Resultata frå undersøkinga blei brukt til å analysera situasjonen, og komma med framlegg til kva som kan gjerast for å betra denne. Resultat. Eit viktig funn i undersøkinga er at dei som er avhengige av universell utforming slit med å finna ein passande bustad, og at mange bur i bustadar som ikkje er tilpassa deira funksjonsevne. Dessutan er det mange som har høge buutgifter samanlikna med inntektene, og berre halvparten greier seg utan hjelp frå foreldre eller staten. Oppsummering og vidare arbeid. Me tilrår, på bakgrunn av rapporten, ei rekke tiltak for å betra situasjonen. Når det gjeld universell utforming er me opptekne av å vidareføra dagens regelverk, sånn at ein stor del av nybygde bustadar blir tilgjengelege. Økonomisk er me opptekne av å styrka ordningar som etableringstilskot, målretta Startlånet og dessutan etablera ein ikkje-kommersiell utleigesektor for å auka kvaliteten og senka prisane på leigemarknaden. 2

3 Innhaldsliste Føreord... 2 Samandrag... 2 Innhaldsliste... 3 Bakgrunnen for prosjektet og målsetjing... 4 Prosjektgjennomføring og metode... 4 Organisering... 4 Metode... 4 Utval... 4 Arbeid med datamaterialet... 5 Rapporten vart oppsummert i følgande punkt... 6 Oppsummering og videre planar... 7 Tilrådingar... 7 Reknskap og budsjett for prosjektet... Feil! Bokmerke er ikke definert. Formalia: Prosjekttittel: Kven veit? Prosjektleiar: Tore Syvert Haga Søkerorganisasjon: Unge funksjonshemmede Dokumentreferanse: BQ2H34 Verksemdsområde: Førebygging Prosjektet avslutta: 15. desember 2012 Tildelt beløp: ,- 3

4 Bakgrunnen for prosjektet og målsetjing Unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom møter fleire utfordringar i den norske bustadmarknaden, både knytt til fysisk og økonomisk tilgjengelegheit. Sidan yrkesdeltakinga og inntektsnivået er lågare enn for befolkninga som heilskap er det mange som slit med å betala det kostar å bu godt i Noreg i dag. Vidare er det nokre grupper, det mest kjende døme er rullestolbrukarar, som er avhengige av at bustadane er universelt utforma. Unge funksjonshemmede har over fleire år jobba med bustadpolitiske spørsmål. Me søkte om dette prosjektet for å få auka kunnskap om dette feltet. Målet for prosjektet var å samla inn kunnskap om korleis situasjonen på bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom er. Temaet for prosjektet er både dei bustadsosiale/økonomiske utfordringane, og utfordringane knytt til tilgjengelegheit. Kunnskapen skulle brukast i vårt politikkutviklingsarbeid. Prosjektgjennomføring og metode Organisering Prosjektleiar, Tore Syvert Haga i Unge funksjonshemmede, var tilsett i ei 25 % stilling gjennom heile året. Det var ei referansegruppe med tre medlemmar. Denne gruppa diskuterte spørsmåla i undersøkinga før ho blei laga, og drøfta kva som burde stå i fokus i rapporten. Referansegruppa har hatt eit møte, og eller kommunisert per epost. Den delen av rapporten frå prosjektet som omhandlar dei konkrete politiske tilrådingane har vore til behandling i Unge funksjonshemmede sitt styre, for å sikra ei god forankring. Styret er samansett av representantar frå ei rekke ulike organisasjonar for ungdom med nedsett funksjonsevne. Gjennomføring Prosjektsøknaden skisserer ei gjennomføring over seks månadar. På grunn av praktiske omstende blei prosjektet gjennomført over eit lengre tidsrom. Dette har likevel skjedd innanfor dei same økonomiske ramene for lønsmiddel som budsjettet i prosjektsøknaden legg opp til. Metode For å finna ut meir om temaet vart ei spørjeundersøking utført av oss i Unge funksjonhemmede våren Spørjeundersøkinga blei gjennomført ved bruk av eit spørreskjema på nett. I hovudsak var respondentane rekrutterte gjennom ulike diagnoseorganisasjonar for ungdom. Utvalet var breitt samansett, både med tanke på spreiing i alder, kjøn, geografisk tilhøyrigheit, tilknytting til arbeidsmarknaden og diagnose. Utval 186 kronisk sjuke eller funksjonshemma personar mellom 18 og 34 år. I tillegg kom det inn 51 svar som var så ufullstendige at dei ikkje blei brukte i rapporten. Av desse gjekk 46 på arbeidsavklaringspengar, 41 var i lønna arbeid, 37 uføretrygda, 33 var studentar. 4

5 43 budde i Oslo-regionen, 65 i ein av dei andre større norske byane og 77 i ein kommune med under innbyggarar. 64 hadde kronisk sjukdom, 60 hadde psykiske lidingar, 55 rørslehemmingar og 43 nevrologisk skade/sjukdom. I hovudsak var respondentane rekrutterte gjennom ulike diagnoseorganisasjonar for ungdom. Arbeid med datamaterialet Dei innsamla svara på spørjeundersøkinga blei fyrst gått gjennom. Ein del svar blei sletta fordi dei var ufullstendige. På nokon spørsmål var det ei spreiing av svar på ulike svaralternativ som gjorde det naudsynt å slå saman nokon kategoriar for å få meiningsfulle tal ut av datasettet. Ein del av spørsmåla som hadde fritekstsvar blei det oppretta nye kategoriar, på bakgrunn av kva dei typiske svara frå respondentane var. Oppretting av desse kategoriane gjorde det muleg å generalisera svara, og oppsummera tydelegare korleis fleirtalet opplever situasjonen. Etter at datasettet var ferdig opprydda og rekategorisert blei svara på dei ulike spørsmåla oppsummert gjennom figurar og tabllar. Det blei òg gjennomført ein del krysstabuleringar, kor ein ser på samanhengen mellom ulike svar, til dømes samanhengen mellom kor buform og arbeidslivstilknytting. Etter at datasettet var oppsummert blei det gjort ei kritisk vurdering av kva for nokon funn som var mest interessante, og viktigast å ta med i rapporten frå prosjektet. På bakgrunn av denne vurderinga blei sjølve rapporten skreve. Rapporten er eit forsøk på å presentera funna frå undersøkinga på ein lettfatteleg måte. 5

6 Rapporten vart oppsummert i følgande punkt 61% av dei som trengte universelt utforma eller spesialtilpassa bustadar oppga at bustaden dei bur i no har avvik eller store avvik frå deira behov. 54% dekkar ikkje alle buutgiftene sine sjølve, men mottek bustøtte eller støtte frå slektningar. 78% ynskjer å kjøpa eigen bustad så snart som muleg. Den viktigaste grunnen til det er fridomen det gjev å eiga bustad. Dei fleste unge med nedsett funksjonsevne flyttar tidleg heimefrå, men dei mest økonomisk vanskelegstilte blir igjen, eller flyttar seint heimefrå. Mange har problem med å betala buutgiftene. Problema er vanlegast blant dei med låge inntekter og/eller høge buutgifter 94% har høyrt om BSU, men berre 21% sparar tilnærma maksimalt kvart år. 79% avdei som ikkje sparar maksimalt oppgjev dårleg råd som grunnen til at dei ikkje sparar meir. Funna i rapporten vurdert opp mot delmåla som er formulert i prosjektsøknaden: Delmål: Finna ut korleis kjennskapen til dei ulike bustadsosiale ordningane er. Veit folk i målgruppa at det er muleg å få støtte? Gjennomgåande er kjennskapen til dei bustadsosiale ordningane gode blant dei som er i målgruppa for dei. Eit unnatak er etableringstilskotet, som er lite kjent. Delmål: Finna ut om støtteordningane hjelper unge funksjonshemma med dårleg økonomi til å flytta heimefrå, og vidare inn på eigarmarknaden. Gjennomgåande er svaret på dette at nokon får hjelp, men slett ikkje alle. Dei mest vanskelegstilte tener til dømes for lite til å få Startlån. Ein del bur heime til dei er over tretti, desse oppgjev økonomi som den viktigaste grunnen til det. Finna ut om støtteordningane hjelper unge som treng universell utforming med å tilpassa bustadar til deira behov. Svaret på dette er nei. Mange bur i bustadar som ikkje er tilpassa deira behov. Rapporten viser eit tydeleg behov for styrking av bustadpolitikken, både når det gjeld bustadsosiale verkemiddel og manglande tilgjengelegheit. 6

7 Oppsummering og vidare planar Unge funksjonshemmede ser på prosjektet som svært nyttig. Spørreundersøkinga har gjeve oss auka kunnskap om situasjonen på feltet, og gjort oss merksame på fleire nye problemstillingar som me tek med oss vidare i vårt bustadpolitiske arbeid. I tida framover skjer det mykje spanande innanfor bustadpolitikken. Ved årsskiftet legg regjeringa etter alt å dømma fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Tilrådingar På bakgrunn av rapporten har me fyljande tilrådingar til styresmaktene: Krava til universell utforming av nye bustadar blir oppretthaldne. Heistilskotet og andre støtteordningar må styrkast for å gjera eksisterande bustadmasse meir tilgjengeleg. Buutgiftstaket i bustøtta må hevast frå dagens nivå, og knytast til ein indeks for leigeprisutviklinga. Dette vil redusera behovet for privat bustøtte frå foreldre. Startlånet må vera eit målretta tilbod for økonomisk vanskelegstilte, ikkje gli over til å bli eit generelt etableringslån for store deler av ungdommen. Det må ikkje innførast eigenkapitalkrav for å få Startlån. Alle unge uføre må, når dei passerer 30 år, ha rett på å få nok Startlån og etableringstilskot til å kjøpa bustad i ynskja kommune, med mindre dei har betalingsmerknadar eller andre spesielle tilhøve tilseier at dei ikkje bør få eit sånt lån. Etableringstilskotet blir utvida til også å kunne brukast til depositum i leigebustadar. For nokon er depositumskravet det som gjer at dei blir buande heime hjå foreldra. Det må satsast på tiltak som ikkje-kommersielle utleigebustadar og leige-for-eige for å gjera det muleg for fleire unge å spara opp nok eigenkapital til å kjøpa eigen bustad. Styresmaktene må sørgja for at det blir bygd nok bustadar til at prisveksten blir dempa, for å redusera buutgiftene for økonomisk vanskelegstilte. For eit meir heilskapleg og detaljert bilete av vår bustadpolitikk visast det til Unge funksjonshemmede sitt bustadpolitiske notat, som hausten 2012 blei revidert på bakgrunn av funna i denne rapporten. 7

Uttalelser Sak: GF10/12

Uttalelser Sak: GF10/12 Uttalelser Sak: GF10/12 Innkomne uttalelser: Følgende uttalelser har blitt fremmet til generalforsamlingen U1 Intern uttalelse, forslagsstiller: NAAFU U2 Ut av reiret, på eigne vinger, forslagsstiller:

Detaljer

Heim, kjære heim? Rapport om situasjonen for unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom på bustadmarknaden.

Heim, kjære heim? Rapport om situasjonen for unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom på bustadmarknaden. Heim, kjære heim? Rapport om situasjonen for unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom på bustadmarknaden. Innhald Oppsummering av dei viktigaste funna... s. 3 Politiske tilrådingar... s. 3

Detaljer

Merknadar til NOU 2011:15 Rom for alle

Merknadar til NOU 2011:15 Rom for alle Dato: 21.11.2011 Ansvarlig: TSH Saksreferanse: 6.4. Merknadar til NOU 2011:15 Rom for alle Unge funksjonshemmede takkar for invitasjonen til å uttala oss om NOU 2001:15 Rom for alle. Unge funksjonshemmede

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

Med rett til å delta. Sluttrapport

Med rett til å delta. Sluttrapport Med rett til å delta Sluttrapport Forord Dette er sluttrapporten for prosjektet Med rett til å delta, som blei gjennomførd i 2009 av Unge funksjonshemmede. Målet med rapporten er å gjera reie for kva mål

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018 Aurland kommune Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018 Kor ønskjer innbyggjarane i Aurland kommune å bu, korleis vil dei bu og kva utfordringar har dei på bustadmarknaden Anja Marken 15.07.2019 Innhold

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017

Detaljer

Ungdom og medverking. Sluttrapport

Ungdom og medverking. Sluttrapport Ungdom og medverking Sluttrapport Forord Prosjektet Ungdom og medverking har til hensikt å setje søkjelys på, og beskrive gode eksempel på brukarmedverking for ungdom i helsevesenet. Prosjektet har vore

Detaljer

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg 06.02.18. Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Innhold KAPITTEL 1. INNLEIANDE REGLAR... 2 1. Formål... 2 2. Virkeområde...

Detaljer

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN HELSE, SOSIAL OG OMSORG Postadresse: Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/994-30 26458/15 146 F HSO/HSO/RAA BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN - NY TILTAKSDEL

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE Postboks 74 Sandviken 5812 Bergen www.nla.no Telefon: 55 54 07 00 Telefaks: 55 54 07 01 E-post: post@nla.no Org. nr. 995 189 186 TEKNISK NOTAT KNYTT TIL LÆRARUNDERSØKING VÅREN 2016 Til: Høgskulen Sogn

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445 Bustadsosial handlingsplan 2015-2019. Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret vedtek det framlagte forslaget

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE 1. INNLEIANDE REGLAR 1 Føremål Retningslinene skal leggje til rette for at personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser i bustadmarknaden,

Detaljer

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. AUD-rapport 09-17 Tittel: Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte AUD-rapport

Detaljer

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse: Bustøtteforskriften Utskriftsdato: 22.12.2017 04:47:26 Status: Gjeldende Dato: 29.11.2012 Nummer: FOR-2012-11-29-1283 Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet Dokumenttype: Forskrift Full tittel:

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Februar 2007 Om undersøkinga Undersøkinga er gjennomført av arbeidslaget AUD (Analyse, utgreiing og dokumentasjon) på oppdrag frå Europakontoret. Datainnsamlinga

Detaljer

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan Lærdal kommune Prosjektplan for utarbeiding av Bustadpolitisk handlingsplan 2018-2027 Prosjektfase: Hovudprosjekt Ein bustadpolitisk plan er er eit politisk styringsverktøy som fastset mål, tiltak og prioriteringar

Detaljer

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid Rådmann Magnus Mjør Stord kommune NKF sin nasjonale bustadkonferanse 2019 Stord STORD Ligg mellom Bergen og Stavanger langs E39 Snart 19 000

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016

Detaljer

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 5 2016 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og

Detaljer

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/1992-2 Planlagt behandling: Hovudutval for helse og velferd Formannskapet OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

Detaljer

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din! kan oppfylle bustaddraumen din! 2 Innhald I denne brosjyren finn du informasjon om startlån frå kommunen. Du finn også informasjon om bustadtilskot og bustønad. Startlån er eit finansieringstilbod til

Detaljer

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6. Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6. februar Husbankfinansiering av oppgradering av kommunale bustadar Sigbjørn

Detaljer

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN Innbyggarhøyring i Bryggja Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 35/2017 Tittel: Innbyggarhøyring i Bryggja

Detaljer

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE 2013-2025 Innleiing Bø kommune treng som vekst- og skulekommune ein plan for bustadpolitikk. Formålet med planen er å beskrive kva for behov og utfordringar kommunen

Detaljer

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE MØTEPROTOKOLL KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Tid: Måndag 12. november 2018 kl. 13.00 Stad: Fjell Rådhus, møterom 340 Møteleiar: Medlem som møtte: Medlem som ikkje møtte:

Detaljer

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE2-186077 1 Forord LPP Søre Sunnmøre er Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse si gruppe for kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid,

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

Heilskapleg tilbod til vaksne med stor og langvarig belastning

Heilskapleg tilbod til vaksne med stor og langvarig belastning Pårørandeprosjektet Spørjeskjema for vaksne pårørande til heimebuande brukarar i Stord Kommune. Heilskapleg tilbod til vaksne med stor og langvarig belastning Stord Kommune Borggata 2 5417 Stord Postadresse:

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 ARKIVSAK: 2015/2352 STYRESAK: 123/15 STYREMØTE: 10.12. 2015

Detaljer

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG 1949 - HEISPROSJEKT -

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG 1949 - HEISPROSJEKT - ÅRDAL BOLIGBYGGELAG 1949 - HEISPROSJEKT - 2010 Informasjon Øvre Årdal 22 burettslag 618 leilegheiter Årdalstangen 8 burettslag 148 leilegheiter HEISPROSJEKT ÅBBL Burettslaga består i hovudsak av eldre

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Alderspensjonistar som bur i utlandet Alders som bur i utlandet Av: Od d b j ø r n Ha g a Samandrag Talet på alders som bur i utlandet har auka mykje dei siste åra. I 199 var dei færre enn 6, i 27 om lag 27. Talet veks jamt med knapt 1 5 i

Detaljer

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Dei tre skulane våre i kommunen har stor betyding for nærmiljøet i bygdene våre.

Detaljer

1. Mål med samhandlingsreforma

1. Mål med samhandlingsreforma 1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til

Detaljer

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.02.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad

Detaljer

Krev din rett. Referanse 2011/0014. Sluttrapport

Krev din rett. Referanse 2011/0014. Sluttrapport Krev din rett. Referanse 2011/0014 Sluttrapport 1 Føreord Unge funksjonshemmede fekk 156 000 frå Extrastiftelsen Helse og rehabilitering til å finansiera prosjektet «Krev din rett». Unge funksjonshemmede

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken Helhetlige planer og strategier for boligetablering Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken Nasjonale føringar for bustadpolitikken 2 Bustadpolitikk i praksis Kommunen som samfunnsutviklar Alle

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/1944-23816/2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 03.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 99/16 Komité for drift og forvaltning 18.10.2016 Uttale

Detaljer

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018 Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018 Boligsosial konferane, Tønsberg 10. og 11.april 2019 v/marianne Ankervold og Ingrid Fitjar Stord Korleis vart me så landets

Detaljer

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Av Heidi-Iren

Detaljer

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: LKS Arkivsaknr: 2007/1406 Arkiv: 031 - Utvalsaksnr Utval Møtedato BRUKARUNDERSØKING I BARNEHAGANE VÅREN 2014 Tilråding: Resultatet av brukarundersøking

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken Helhetlig planer og strategier for boligetablering Sigbjørn Spurkeland, Husbanken Prioriteringer 2019 barn eldre nedsett funksjonsevne bostedsløse 3 Foto:Husbanken Husbanken skal bidra med kompetanse til

Detaljer

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015 Leikanger kommune BUSTADGRUPPA Sluttrapport 28 mai 2015 1 Innhold Tilbakeblikk... 3 Oppfølging i 2015... 4 Vurdering av dei ulike behova... 5 Samla behov for nye bustader... 9 Framtidsbilde-folketalsframskriving

Detaljer

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Prosjektplan - «Liv i Vinje» Prosjektplan - «Liv i Vinje» Utarbeida av: Vest-Telemark Næringsutvikling as, v/ole Dalen 6. januar 20 Vest-Telemark Næringsutvikling as - Adr.: Granlivegen A, 3850 Kviteseid T +47 35 06 84 00 M +47 4

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring» MEDBORGERNOTAT «Stortingsval 2017 - Veljarvandring» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Januar 2018 Stortingsval 2017 - Veljarvandring Resultat frå Norsk medborgerpanel I dette

Detaljer

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus Analyse av nøkkeltal for kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn, Gloppen og Bremanger Deloitte AS Føresetnader og informasjon om datagrunnlaget i analysen

Detaljer

Kartlegging av rammevilkår

Kartlegging av rammevilkår Kommunale råd for funksjonshemma i Møre og Romsdal Kartlegging av rammevilkår 2017 Kartlegging av rammevilkår for kommunale råd for funksjonshemma Forord Rådet for likestilling av funksjonshemma vedtok

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Flere boliger og universell utforming. Mål og virkemidler Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Flere boliger og universell utforming. Mål og virkemidler Sigbjørn Spurkeland, Husbanken Flere boliger og universell utforming Mål og virkemidler Sigbjørn Spurkeland, Husbanken Husbankens rolle Husbanken er ingen generell boligbank Husbankens rolle er å supplere markedet Husbanken er regjeringens

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE 1. Formål Retningslinene skal bidra til å sikre rettstryggleiken for dei som søkjer kommunal bustad i Vinje kommune. 2. Virkeområde Retningslinene

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014 // Notat 2 // 2015 656 000 tapte årsverk i 2014 NAV Juni 2015 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær SAMNANGER KOMMUNE 1 av 7 MØTEPROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtedato: 21.08.2014 Møtetid: 10:00-12:10 Møtestad: Kommunehuset Av 5 medlemmer møtte 5, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: I

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Komité for oppvekst 22.04.03 012/03 JOOE Kvam heradsstyre 13.05.03 052/03 JOOE Avgjerd av: Saksh.: Jorunn Øyen Utvida

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

TENESTEPENSJON - EVALUERINGSKRITERIER

TENESTEPENSJON - EVALUERINGSKRITERIER HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Innkjøpsseksjonen Arkivsak 201204904-1 Arkivnr. 18 Saksh. Dahl, Frank Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.06.2012 TENESTEPENSJON - EVALUERINGSKRITERIER SAMANDRAG

Detaljer

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder Vår dato Dykkar dato Vår referanse Vår sakshandsamar 15.03.2017 03.02.2017 17/00388-2 Einar Ove Standal Avdeling Dykkar referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 62 24142220 forskning

Detaljer

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad «Tid til faglighet» Loen oktober 2015 - Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad Formålet med spørreundersøkinga: Kartlegge og sette søkelys på korleis avtala fungerer når det gjeld å utføre eit profesjonelt

Detaljer

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA- Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite 11.03.2010 008/10 Bystyret 25.03.2010 Sakshandsamar: Per Arne Furseth Arkiv: FA-A22, FA- Arkivsaknr.: 10/331 Innføring av leksehjelp i grunnskulen

Detaljer

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Oppgradering av eksisterende boligmasse Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Husbankens mål og arbeid Oppgradering av eksisterande bustadar Fleire bustadar og bygg skal

Detaljer

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad 1 Innhald Kapittel 1 Innleiande reglar... 3 1. Føremål... 3 2. Verkeområde... 3 Kapittel 2. Omsorgsbustad målgruppe

Detaljer

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

Faktaopplysningar Helse og omsorg per 1. Eldre i institusjon i Vinje kommune Vinje sjukeheim er definert som institusjon jf Helse og omsorgstenestelova.3-2,6 c Sjukeheimen har fylgjande funksjonar: 7 plassar: korttidsopphald - rehabilitering,

Detaljer

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT Prosjektnummer: 2008/1/0468 Prosjektnavn: Virksomhetsområde: Søkerorganisasjon: BRUKBAR BURG-KOMPETANSE Forebygging Norsk Revmatikerforbund Dette prosjektet er støtta

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00 MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 28.01.2009 Kl: 13:00 15:00 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 22.01.09 Merknader: Saker

Detaljer

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon Kort rapport 2014-2017 Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon 2014-17 Anders Aune Ingrid Møgedal Ingvild Nesheim Helga Hellesø Linda Risdal Martin Svebestad Juni 2017 Effekt av tiltak hos deltakarane

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/163-9 Astri Måkestad Saksgang Saksnr Utval Møtedato Levekårskomiteen Endringar i barnehagelova - høyring Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg

Detaljer

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD G J E S T E B U D : S E N T R U M S P L A N RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD F O R N Æ R B Ø INNLEIING Kva er gjestebudsmodellen? Gjestebudsmodellen handlar om at ein person registrerar seg som

Detaljer

Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd

Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd Asbjørn Rødseth 26/1 2004 Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd I ein artikkel i Søkelys på arbeidsmarkedet nr 2 2003 drøfta eg mellom anna korleis dagens folketrygd verkar for par med ulike

Detaljer

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1 Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Dato: 03.09.2015 Tid: 10:00 Forfall meldast til sentralbordet på tlf. 35 06 71 00.

Detaljer

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018 Våren 2018 vedtok styret å utgreia stoda for medlemsmassen. Arbeidet var todelt; fyrst ein oppdatert medlemsstatistikk i mars og så gjennomføre ei spørjeundersøking for medlemmane i haust. Resultatet er

Detaljer

Forslag til forskrift

Forslag til forskrift 1 Forslag til forskrift LOKAL FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILT LAGT TIL RETTE FOR HEILDØGNS TENESTER - KRITERIER OG OBSERVASJONSLISTER Heimel: Fastsatt

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0 Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.

Detaljer

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1 Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan 2013-2016 Pilotfylke Møre og Romsdal 1. Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2013 eit tilskot på kroner 100 000

Detaljer

tapte årsverk i 2011

tapte årsverk i 2011 662 000 tapte årsverk i 2011 Av Jorunn Furuberg, Xu Cong Qiu og Ola Thune Samandrag I 2011 gjekk til saman 662 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dette er ein auke

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval: MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 07.04.2017 Tid: kl.12:00-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk

Detaljer

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN DEMENSFORENINGEN STORD FITJAR Fitjar, den 12. januar 2011 1

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

FRÅSEGN - NOU 2011:15 ROM FOR ALLE - EN SOSIAL BOLIGPOLITIKK FOR FREMTIDEN

FRÅSEGN - NOU 2011:15 ROM FOR ALLE - EN SOSIAL BOLIGPOLITIKK FOR FREMTIDEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201109634-2 Arkivnr. 760 Saksh. Rødseth, Marit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 10.11.2011 FRÅSEGN - NOU 2011:15 ROM FOR ALLE - EN SOSIAL

Detaljer

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver Bustadplan og-utvikling i Sogn Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver Husbankens rolle er å supplere Ikkje en generell bustadbank Regjeringens viktigste reidskap til å oppnå målsetningar

Detaljer

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.01.2017 7841/2017 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 07.02.2017 Fylkesrådmannens tilråding 16.02.2017 Fylkesutvalet 27.02.2017

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato Tysdag 01.02.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar og drøfting: Ny lov om folkehelse orientering

Detaljer

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar MEDBORGERNOTAT #12 «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar og sympatisørar» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Oktober 2018 Med Krf i sentrum ei analyse

Detaljer