Åpne historielagskveldar vinter og vår 2011:
|
|
|
- Hedda Nygård
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 KONTAKTBLAD FOR Nr.42 Februar 2011 Du er velkommen på ÅRSMØTE onsdag 23.februar kl på Bøen Kiosk og Kafe i Tuddal Vanlege årsmøtesaker Kaffe mv. Dag Krokaa fortel om lagsavisa til Hjartdal Ungdomslag Les elles om: Forrige årsmøte Kyrkjejubileet m/oslotur Årbokutgjeving Skogeigarlagsjubileum
2 Det er ei stund sidan vi gav ut forrige kontaktblad, og i den samanheng kan det være på sin plass å minne medlemmer og andre om at spaltene står opne for bidrag frå alle. Små og store tema frå bygdenes nære elle fjærne historie er velkomne. Sidan sist har det vore arbeidd med kyrkjejubileet, og å få ferdig kartet over Sauland. Begge delar blei vel gjennomført. I tillegg går arbeidet med å rydde og merke stiar vidare. Det er rom for meir aktivitet i eit historielags regi. Det er bare å komme med nye prosjekt. Om du har ein meir eller mindre privat historisk ide, kan det ofte være greit å ha eit lag til å stå bak eller stø opp om gjennomføringa av ideen. Vi minner også om at det er åpent hus for medlemmer og andre på biblioteket i Sauland andre onsdag i kvar månad. På desse kveldane er programmet ganske laust og ein kan finne litt av kvart å lese eller snakke om. Nytt i vinter er at vi har fått fram ei storsamling av kopierte gamle avisutklipp. Dette er Hjartdalsstoff frå 1870-åra og fram til dei første etterkrigsåra - eit par tusen sider. Dette er fint ordna i permar med register av Trygve Wang, ein pensjonert lærar i Skien. Vi vil truleg komme attende til dette i seinare blad. Vi har også avfotografert alle sidene som sikkerhetskopi, og dette gjer at ekstra utskrifter av stoffet etterkvart kan bli utlånt til alle interesserte. Førebels kan det lesast på biblioteket, for ekssempel på dei åpne kveldane. Åpne historielagskveldar vinter og vår 2011: Onsdag 9.februar kl Onsdag 9.mars kl Onsdag 13.april kl Onsdag 11.mai kl Side 2 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011
3 Skogeigarlaga i Hjartdal feirar 100 års I 1912 såg det første skogeigarlaget i Hjartdal dagens lys. I alle fall det første som kan dokumenterast. Difor har dagens Hjartdal skogeigarlag lagt opp til ei markering i Dette jubileet er alt under førebuing. Eit hovudpunkt er å gje ut eit jubileumsskrift, kanskje i form av ei heil historiebok om skog, organisering og drift i hjartdalsbygdene gjennom tidene. Toralf Hjartsjø, formannen i skogeigarlaget, og skogbruksleiar Bendik Skeie har vendt seg til HHL med spørsmål om laget kan ta på seg arbeidet med å produsere eit slikt skrift. Etter litt betenkningstid har vi svara ja til dette. Ein ser at det kan vere mykje stoff som kan utgjere ei slik bok. Skogen har i hundreår vore ein viktig del av det hjartdølar har levd av. Hovudsaken med jubileumsskriftet vil sjølvsagt vere organisasjonens rolle gjennom dei hundre åra, men alt skogen elles har hatt å seie for bygder som våre vil kunne fylle ei slik bok utan vanskar. Ein del arbeid er alt gjort i form av intervju med eldre, viktige personar innan næringa. Dessutan er det skaffa fram gamle og nyare protokollar frå skogeigarlaga gjennom tidene. Ein del eksisterande litteratur, særleg telemarksk skogbruk gjennom tidene, er funne fram og lese, og ein del idemyldring har foregått. Ein god del skrivearbeid er også gjort, hovudsakleg av Torkel Hytta. Også her må vi be medlemmer om idear, innspel og bidrag. Ikkje minst er det viktig med foto og illustrasjonar i samband med eit slikt produkt. Så har du bilde som kan seie noko om skog og skogsdrift i hjartdalsbygdene gjennom tidene, så sei endeleg ifrå - til Torkel Hytta. 1937: Gjermund Havrås på lasset og Gunnar Roheim bak rattet på Olav Brennekåsas første tømmerbil Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011 Side 3
4 Oslotur I Juni 2009 var ein full buss av historieinteresserte Hjartdølar på tur til hovudstaden, særleg for å sjå portalen frå den gamle stavkyrkja i Sauland. På bildet under ser vi mange av deltakarane framfor portalen. Og som vi ser, går han heilt opp til taket i hovudsalen på oldsakssamlinga i Oslo. Etter eit godt måltid på ein særprega restaurant på Bygdøy, gjekk turen til Norsk folkemuseum, der fint vær gjorde at deltkarane kunne oppleve utandørsmuseet med alle dei kjende bygdetuna. Omvisar Margit Hytta kunne også vise oss rundt inne i bygningane. Telemark er godt representert på folkemuseet, ikkje minst ved Håve-stugu frå Heddal som i si tid var ein viktig del av opptakten til skapinga av museet. Ved sida står Gol stavkyrkje som på mange måtar kan samanliknast og gje inntrykk av korleis Saulandskyrkja såg ut. Side 4 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011
5 Kyrkjejubileet i Sauland Sauland kyrkje markerte 150- årsjubileet sitt hausten Historielaget hadde ei rolle særleg i å skaffe historisk bakgrunnstoff til dette. Osloturen med besøk på oldsakssamlinga der Elise Kleivane presenterte stavkyrkjeportalane, var ein fin opptakt. Hovudrolla hadde David Mundal, leiar i Sauland sokneråd og fellesrådet, og aktivt historielagsmedlem. Særleg kom arbeidet hans til syne i jubileumsarrangementet den 15.november, der både Hjartdalskoret, Sauland ungdomslag, kyrkjas eigne tilsette og fleire til, gav eit innblikk i kyrkjas historie frå dei første tider med stavkyrkja fram til dagens saulandskyrkje. Davids powerpointpresentasjon ramma inn eit program fylt av sang, musikk, teateropptrinn og kåseri. På ein noko forsinka premierefest arrangert av ungdomslaget på nyåret, fekk vi presentert ein velredigert film frå arrangementet. Denne er tilgjengeleg for publikum og er eit flott dokument med all den historiske kunnskapen som kom fram i og med dette arrangementet. Neste kyrkjejubileum blir i Hjartdal truleg i år skal feirast, og ein kan gjerne begynne og tenke ut gode idear til den anledningen. Jordskjelvet under konfirmasjonsgudstenesta i 1904 sette ein støkk i mange. Her er det presten ( Halvor Tho) som prøver å roe ned kyrkjelyden som blir gripen av panikk Foto: Ivar T.Dahl Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011 Side 5
6 Årsmøtet (v/ Torun Gjerjordet) Årsmøte vart halde på Nordbø Pensjonat i Hjartdal. Det var 16 frammøte ink. styre. Leiar Torkel Hytta ynskja alle velkommen og las opp årsmelding (Sjå side 8) Britt Hjartsjø las opp referat frå Osloturen 6.juni, som hadde vore ein vellukka tur. Deretter gjekk Svein Bakkalia gjennom regnskapet. Bakkalia opplyste om at det tidlegare år hadde det vore ca 20 overføringar, medan det i 2009 hadde ca 50 overføringar. Aktiviteten er stigande i laget. Og økonomien er bra. Leif Skoje representerte valkomiteen. Svein Bakkalia, Geir Brukås, Torunn Gjerjordet og Torkel Gjerde var på val. Alle vart spurt om dei ville halde fram, og alle sa ja. Anne Tone Larsen vart spurt om å vere vara til styret og svara ja til det. Deretter var det forfatterintervju med Frode Bakka: Torkel intervjua Frode på ein flott måte, og me fekk litt innblikk i ein diktars liv. Han las opp nokre av dikta sine sjølv. Matpause: Karbonadesmørbrød og kaffe og kaker. Idear til turar: Middelalderveka i Numedal. Starte i Kongsberg kyrkje. Det vart ikkje bestemt noko. INNSLAG: SVEIN VETLE TRAE: Han har vore ein primusmotor i historielaget i Åmotsdal og ville fortelje korleis dei dreiv laget, kva dei gjorde og fortalte historiar frå Åmotsdal og kringom. Historielaget i Åmotsdal hadde møte kvar månad. Dei samla jamnleg inn historisk stoff og gjev kvart år ut eit årsskrift og hefte(kor ofte?) I Åmotsdal brukar dei soger og segn i skulen. Dei har også hatt skodespel om og frå eldre dagar. Og Svein Vetle Trae formidlar historiar og fortel om gamle stadar vidare til andre skular i kommunen. Han tar elevane med til gamle plassar og prøvar å få til ei undring hos den oppvaksande slekt. Tusen år langs Skardsvegen var eit tema dei har bruka i Åmotsdal. HISTORIAR FRÅ ELDRE DAGAR: Gvanes v Sudbø: Jon Gvanes, vart læremeister til Myllarguten. Stort samkvem mellom Hjartdal og Åmotsdal før i tida. Felles fjellområde født ein gutt i Sauland, Halvor Leitestaulen. I 1805 kom han som 12- åring til Langlim. Han var med i krigen i 1814 og havna i kampane mellom Stavern og Moss, der han kjempa mot svenskane. Etter at han kom attende frå krigen fekk han vel det vi i dag vil seie posttraumatisk stresssyndrom og rydda 6 gardar, jobba og jobba for å halde tankane borte. Lærte seg hallingdans under krigen. Han ville gifte Ein soldat frå Åmotsdal slik Johannes Dalen såg han for seg etter Svein V.Traes forteljing seg, men måtte gå for presten fyrst. Halvor hadde ikkje så lett for bokleg lærdom, men han kunne danse haling og fekk derfor gifte seg med Bergit. Ho døydde tidleg. Seinare reiste han frå plass til plass. I 1802 vart det født ei lita jente kalla Anne i Hjartdal eller Sauland. I 1828 drog hoforbi Garvikstrondi, forbi Høgsvell vidare til Skardsvegen. I 1828 Side 6 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011
7 gifta ho seg med Eivind, Holtarholet, men mannen døydde tidleg og ho vart verande att aleine med fleire ungar. Ho flytte til Møsstrond, Anne Fivilbøen. For å greie å fø på ungane tok Anne på seg julevask rundt omkring. Heim frå julevask eit år drog det ut på heimvegen. Det var ein kald veslejuleftan da ho var på veg heimatt, Anne vart sliten og la seg inn i eit sel på vegen. Ho må ha sovna og fått skikkeleg forfrysningar i det slo seg kollbrann i beina. Beina måtte amputerast, og ho vart ikkje i stand til å ta seg av ungane. Dei vart derfor satt bort. Men Anne Fivilbøen vaska framleis og slo grass. Eit og eit halvt mål grass om dagen kunne ho slå. ÅRSSKRIFT: I Åmotsdal hadde dei ein redaksjons -komite med tre personar. Dei prøva å bygge opp gode relasjonar med folk, snakke med folk, be dei skrive det ned utan å mase for mykje, men passe på å pleie kontaktane. Og tilby dei hjelp om dei trong det. Blant dei gamle på aldersheimen ligg det mykje kunnskap som er verdt å bruke. Det kan også vere fint å samarbeide med andre lag i bygdene. Stilen i årsskriftet er ikkje fastlagt, men dei ser helst at det vert skrivi på nynorsk. Formatet dei bruka var A4 fordi då vart bileta betre og det gjev meir luft mellom linjene, og dermed lettare/betre å lese. Biletmateriell er det viktig å få tak i. Eit godt råd var også å byrje tidleg slik at det ikkje vert noko press med ein deadline. Tema som var med i årsskriften kunne vere: bureising, gamle skular, gamle sliterar som ikkje har fått merksemd før, gamle reidskap, det vart bruka stoff frå Telemark tidene, bunadar, med andre ord både variert og stor breidde i stoffutval. Årsskriftet la dei ut for sal i bokhandlerar i kommunen. (Årsskriftet frå Åmotsdal er å finne i HHL si samling) ANDRE IDEAR TIL HISTORIE- LAGSARBEID SOM KOM FRAM UNDER MØTET:: Lokale historiar presentert under lokale gåturar i bygdene Samarbeid og tur med idrettslaga. Historien til idrettslaga og andre tema knytta til laga Tur til Middelalderuka i Numedal Teikningar av Johannes Dalen (Laga under årsmøtet) Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011 Side 7
8 Side 8 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011
9 Fred Om en katt Venter rolig På trammen Kan du trygt Ringe på Da er det Fred I huset Frode Bakka Bidragsytarane under åsrsmøtet: Frode Bakka og Svein vetle Trae Med såpass fyldig dekning av siste årsmøtet, vil vi at medlemene skal minnast på at det kan vere gjevande å møte opp på årsmøtet nå i februar. Ein treng ikkje vere redd for å bli pådytta plikter eller styreverv. Valgkomiteen har kandidatane klare på førehand. Ta også med venner og kjentfolk. Alle som vil er velkomne til å få seg ein kaffekopp og høre Dag Krokaa fortelje om den snart hundre år gamle handskrevne lagsavisa til Hjartdal ungdomslag. Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011 Side 9
10 Eiga årbok frå Hjartdal historielag 2011 Etter over 20 års planlegging er nå arbeidet med årbok frå Hjartdal historielag i gang. Leif Skoje skreiv allerede i Kontaktbladet i 1991 at historielag med respekt for seg sjølv gjev ut årbøker. Han skreiv at Telemark Historielag seier rett ut at årboka er sjølve berebjelken i lagsdrifta. Lokale historielag som f.eks. Notodden og Tokke har gjeve ut eigne årbøker i fleire år. Problemet i 1991 var distribusjon og økonomi og ein dugnadsgjeng. Produksjonskostnadene i dag er mindre og dugnadsgjengen er nå på plass. Vi er igang! Årbokarbeid er tidkrevande, men interessant og viktig for for folk i bygdene våre. Kjell Haugland, forfattar av Årbokarbeidernes ABC, meiner årbokarbeid er kulturell verdiskaping og pekar på fem gode grunnar til å bruke tid og krefter på dette. I tillegg til at vi får fram historisk kunnskap til forskingsarbeid, skular og det lokale næringsliv, styrkar lokalhistorisk kunnskap følelsen av å høre til i eit fellesskap. Årboka sikrar kunnskap om fortida som ellers ville gå tapt. Ikkje minst får mange ein god leseopplevelse. Folk likar å lese om sitt eige lokalsamfunn. Etter litt om og men er vi nå fulltallige i redaksjonen. Svein Bakkalia er leiar med Leif Skoje og Torgunn Opsal som ivrige redaksjonsmedlemmer. Men det er ikkje vi som fyrst og fremst skal vere forfattarar. Utan bidrag frå bygdefolket er vi sjanselause. Sjølv om både Halvor Sisjord og Anne Haugen Wagn er godt i gang med sine artiklar, er det slett ikkje nødvendig å være faghistorikar eller forfattar frå før. Alle historiske emne, personlege opplevingar og livsminne er interessante. Ingenting er betre om du har artikkelen fullt ferdig på PC, men det er absolutt ikkje nødvendig. Vi helper gjerne til med formuleringar og anna for å få akkurat di historie på trykk. Vi i redaksjonen synes dette er spennande og ser fram til å høre frå deg! Ta kontakt med Svein Bakkalia ( ) eller andre i redaksjonen dersom du har stoff eller idear til årboka SvBa Side 10 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011
11 Halvor Mosebø ( ) Den 24.oktober døydde Halvor Mosebø etter at helsa hadde svikta han over lengere tid. Halvor var medlem i HHL frå første stund, og deltok på det som var av tilstelningar og arrangement til det siste. Historieinteressa hadde han heile livet, og han satt inne med ein detaljkunnskap utanom det vanlege - særleg omkring slekter i bygdene heromkring. Han var også heile tida interessert i å formidle kunnskapen. Dette fekk vi særleg nytte av ved at han heile tida var med på arbeidet med Hjartdalssoga. Vi var også så heldige å rekke å intervjue han om yrket hans, tømmermåling, våren Dette var i samband med at Hjartdal skogeigarlag samlar stoff til ei jubileumsbok i Mykje kunnskap måtte han nok likevel ta med seg. La dette igjen minne oss på kor viktig det er å samle og skrive ned kunnskapen om tidlegare tider. Takk til Halvor for alt han fekk fortalt oss! Turismen i Noreg jubilerte i Tuddal På ettersommaren 2010 blei det markert det ein regnar som 200-årsjubileet for turismen i Noreg. Frå : Det var en oppmåling av Rjukanfossen som ga startskuddet. - Oppmålingen ble gjort i august for 200 år siden, og førte til påstanden om at Rjukanfossen var verdens høyeste foss, går det fram av jubileumsplanen. Dette var startskuddet for den første organiserte turismen i Norge. Fjord, dal og fjell i Telemark, på Vest- og Østlandet ble erobret av forskere, kunstnere og turister. Rjukanfossen, Vestfjorddalen og Gaustatoppen ble Norges turistmål nummer en. Tuddal var ein del av denne første turistruta, og der blei jubileet markert med kveldskonsert om Ole Bull (200 år jubileum for Bulls fødsel) med Arve Tellefsen og Knut Buen på Tuddal amfi, fredag 13.august. Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 42 Februar 2011 Side 11
12 Saulandskartet er ferdig Turkartet der vi har samla svært mange lokale stadnamn frå saulandsområdet er nå ferdigtrykt og har vore i salg ei tid. Sjå nærmare omtale i kontaktblad nr.41. Vi vil sjølvsagt selje mange eksemplar, og kan anbefale medlemmer og andre å kjøpe kartet. Ikkje minst kan det være ei grei gave til utflytta saulendingar, anten dei tenker seg på tur i Sauland eller berre vil reise på kartet. Du får kjøpt kartet på bensinstasjonen i Sauland, i banken og i bokhandel. Prisen er 100 kr Styret: Desse har vore styret for Hjartdal historielag etter årsmøtet våren 2010: Torkel Hytta Torunn Gjerjordet Svein Bakkalia Øystein Åsen Brit Ingjerd Hjartsjø Geir Brukås Formann Sekretær Kasserar Styremedlem Styremedlem Styremedlem HJARTDAL HISTORIELAG Formann: Torkel Hytta, 3692 SAULAND Tlf.: [email protected] Kontaktblad- og web-redaktør: Leif Skoje, 3692 SAULAND Tlf.: [email protected] Bank: Hjartdal og Gransherad sparebank: Konto: Bladet blir sendt alle medlemmer Bruk gjerne stoff frå bladet, men oppgje kjelde Vi vil gjerne at medlemmene skriv i bladet
Kontaktbladet er i gang igjen
KONTAKTBLAD FOR Nr.43 Mai 2012 Bli med på busstur til Telemark museum - Brekkeparken 2.juni Sjå side 3! Kontaktbladet er i gang igjen Det er ei stund sidan siste kontaktblad frå historielaget. Grunnen
KONTAKTBLAD FOR Nr.38 Mai 2006 17.årg.
KONTAKTBLAD FOR Nr.38 Mai 2006 17.årg. ! " #$% % & '% () %* ) Regnskapsoversikt 2005 Saldo 1.1.2005 kr 18 997,36 Gaver og tilskot kr 2 000,00 Annonse Telen kr 600,00 Portoutgifter kr 606,00 Kontingentar/medlemspengar
Birger og bestefar På bytur til Stavanger
Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,
«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om
Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking
Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD
SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.
HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I
Månadsplan for Hare November
Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7
Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er
ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG
ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Ståle Mek, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Frode Pilskog, styremedlem Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem Ottar Bjørneset,
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!
SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar
INFORMASJON om førestellinga:
BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane
Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1
Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus
Samansette tekster og Sjanger og stil
MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette
TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5
TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det
Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf. 35024868 mob. 91579766 [email protected] www.hjartdalsbygda.no.
Bygdeblad Nr 9 09 Bygdesentralen/Frivillighetssentralen Tlf. 35024868 mob. 91579766 [email protected] www.hjartdalsbygda.no Innhald: Frivillige Fotpleie Misjonshuset Julegrantenning Bygdesentralen
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom
Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn
Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?
Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal
Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar
MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø
RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme
Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme 04.januar Møtet denne kvelden starta med songen Du ska få ein dag i mårå av Alf Prøysen, 1971. Bernhard H. ønskte vel møtt og informerte
5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat
5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min
DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko
Brødsbrytelsen - Nattverden
Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk
Stemnehandboka for NKSF
Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store
Valdres vidaregåande skule
Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD
ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)
ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER
ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert
Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse
Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
Månadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?
Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel
Forslag frå fylkesrådmannen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007
Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken [email protected] 7355927
Kva er økologisk matproduksjon?
Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling
Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane
Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: [email protected] Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden
NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden Victor Hugo Sluttrapport 1 Innleiing Låvebygg er og har vert
TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP
TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP Revidert 2009 NORGES BYGDEUNGDOMSLAG 1 MÅLET MED TEVLINGA Denne tevlinga er ny av 2009, og fremstår som en hybrid mellom Dialekttevling, NBU-quiz og Musikktevling altså
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA
NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen
www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune
Dei unike dråpane i vest Området vårt er kalender-noreg i miniatyr. Vi samlar juvelane i eit fellesskap slik at dei skin enno klarare og tydelegare. Det er kjekkare å gå på skattejakt når ein går saman.
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,
Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)
1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen
MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD
DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02
Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland [email protected] 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden
0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har
1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis
1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre
ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE
ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden
No sprett knuppane og sevja stig
No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde
Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen
Hordabø Skule Nordbøvegen 1 5937 Bøvågen Tlf. 56346270. Vekeplan for 3.trinn Veke 20 11. - 15. mai Ein kan ikkje alltid få det slik som ein vil. FAG Norsk Matematikk LÆRINGSMÅL Kunna bruka punktum og stor
Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.
Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste
Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: [email protected] Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.
MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon
KONTAKTBLAD FOR Nr.39 Mai 2007 18.årg.
KONTAKTBLAD FOR Nr.39 Mai 2007 18.årg. Eit flyfoto frå 1964. Sauland trevarefabrikk, Lauvstad og Mjelland. I forgrunnen: Tryggheim - Nils Hovde s hus. (Fleire bilde i bladet) Saulandskart Skilting av Åsvegen
MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE
Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter
Matematikk 1, 4MX15-10E1 A
Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
VÅGE SKULE BESØKSSKULE
VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera
Halvårsrapport raud gruppe haust 2015
Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii
KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:
MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit
MØTEBOK Tidspunkt: Måndag 4 november 2013 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Meldt forfall: Dorthe Huitfeldt Andre til stades
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg
Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:
Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4 Arkiv: Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus * Tilråding: Sogndal Kulturhus AS vert vidareførd som eit heileigd kommunalt aksjeselskap.
Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL
Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar
Månadsbrev for Rosa oktober 2014
Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor
TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?
Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?
MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege
MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,
Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for
Sandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
