Den dag kjem aldri. Aina Basso

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Den dag kjem aldri. Aina Basso"

Transkript

1 Den dag kjem aldri Aina Basso

2 2018 Aina Basso og Nynorsk kultursentrum Framsida Aina Basso. Foto: Tove K. Breistein Publisert etter avtale med forfattaren på Vinjesenteret.no 15. mai

3 DIKT VAR DEN LITTERÆRE FORMA som talte aller sterkast til meg i ungdomstida, og aller best talte dei dikta som handla om kjærleiken, særleg den litt utilgjengelege, den ein måtte kjempe for og lengte etter. Eg las slike dikt, og eg freista skrive slike dikt sjølv, rett nok med ein del mindre hell. Det aller finaste diktet eg visste om som tenåring, var Den dag kjem aldri av Aasmund Olavsson Vinje, og det er framleis det einaste lange diktet eg kan utanåt. Eg kan enno ta meg sjølv i å synge diktet når eg tuslar rundt for meg sjølv, for etter at eg oppdaga at det var tonesett, lærte eg meg sjølvsagt melodien. Dette er ei kjærleikserklæring. Både til Den dag kjem aldri, til alle dei sterke kjærleiksdikta som røskar i unge, opne hjarte, til Aasmund Olavsson Vinje og til den ungdomen eg ein gong var. Måtte ein rest av han alltid finnast ein stad der inne, same kor gammal kroppen min måtte bli. Den dag kjem aldri at eg deg gløymer, for om eg søver, eg om deg drøymer. Om natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når mørkt det er. Ja, best eg ser deg når mørkt det er, tenkte eg der eg låg i mørkret på jenterommet mitt på Giske på nittitalet og var tenåring og hovudstups forelska og såg andletet hans lyse framføre meg med det same eg lét att auga. 3

4 Eg skjønte fullstendig og på alle vis kva det den gongen snart 130 år gamle diktet til Aasmund Olavsson Vinje handla om, eg kjende desse kjenslene som diktet formidla, kjende dei tungt som ei hamring i bringa og lett som ei flaksing i magen og altoppslukande og invaderande i hugen, og eg lærte meg diktet utanåt og skreiv det med sirleg ungjenteskrift i skuledagboka mi og på eit blankt ark eg dekorerte med vakker blomsterbord. Eg teikna andletet til den elska om att og om att, og når eg fekk det til å likne, risla det gjennom meg, som tusen små bekkar ned ei vestlandsk fjellside om våren. Du leikar kringom meg der eg vankar. Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar. Du støtt meg fylgjer på ferdi mi, som skuggen gjeng etter soli si. Viss nokon sa namnet hans, dunka hjartet mitt så hardt at eg trudde det ville slå seg ut av sjølve bringekassa, eg blei varm og raud frå halsen og opp og hadde mitt svare strev med å skjule kjenslene dette namnet berre eit namn, men det var hans! framkalla. Eg skreiv namnet på skinnpennalet mitt, ein stad ingen andre skulle sjå, eg skribla namnet hans om att og om att, på ark og i skrivebøker, og mitt eige namn med hans etternamn bak med ulike skrifttypar i den hemmelege dagboka mi heime. Når nokon kjem og i klinka rykkjer, d er du som kjem inn til meg, eg tykkjer. Eg sprett frå stolen og vil meg te, men snart eg sig atter ende ned. Eg såg diktaren som ung mann så levande føre meg, i den gamle stova si langt tilbake i gamledagar, der han sat med hendene framføre andletet i ein stol, før han spratt opp 4

5 då nokon tok i døra, og ville seg te men akkurat det skjønte eg ikkje heilt, kva ville han te å gjere? men straks seig atter ned då han såg at det ikkje var nokon spesiell som kom, berre ein kven-som-helst, og ikkje den elska i det heile. Eg skjønte han fullkome, eg visste akkurat korleis han hadde det. For slik hadde eg det også, kvar gong nokon kom inn døra på diskoteket eller gatekjøkenet på naboøya; d er han som kjem inn til meg, eg tykkjer. Eg kunne telefonnummeret heim til han utanåt, og somme tider ringde eg det, berre for å kanskje få høyre stemma hans, men det var som oftast mor hans som tok telefonen, og då la eg på så fort eg kunne, raud og bankande, og heldigvis var dette på nittitalet, så ingen fann nokon gong ut at det var eg som hadde ringt. Og ringt. Og ringt igjen. Når vinden lint uti lauvet ruslar, eg trur d er du som gjeng der og tuslar, når somt der borte eg ser seg snu, eg kvekk og trur det må vera du. Dei gule sommardagane i ein frodig og overgrodd hage, raslinga i det grøne lauvet, den varme sola som blir filtrert gjennom trekronene og ei brå kjensle av at det er den elska som går der borte og tuslar, som får den som elskar til å kveppe til, bli varm og raud og skjelven, men så er det ingen, kanskje berre ein katt eller ein fugl mellom greinene, kanskje berre mor som kjem ut og seier at no er det middag, eit eller anna prosaisk, kjøt eller fisk med brun eller kvit saus og poteter. Og til slutt, i det siste verset, dei gammaldagse vognene med brune, skinande hestar framføre, som eg såg så tydeleg føre meg, som kjem rullande langsetter landevegen, og den som elskar kvepp igjen og ser og ser, kan det vere den elska som kjem der i karjolen? I diktet kan den som elskar høyre den elska i all vakker musikk som finst i verda, og eg gjorde det same, eg høyrde rolege balladar om att og om att på 5

6 stereoanlegget, til bringa mi vil sprenge, og tenkte på den gongen vi dansa saman på ungdoms-diskoteket, tett, tett inntil, lukta av deodoranten hans og vaskemidlet som mor hans hadde vaska flanellskjorta hans med, og kunne eg berre kyssa han, kunne han berre kyssa meg, bøygd seg ned og lagt dei heilt sikkert uendeleg mjuke leppene mot mine medan Purple Rain drønna gjennom klubbhuset på Neset. I kvar som gjeng og som rid og køyrer, d er deg eg ser, deg i alt eg høyrer, i song og fløyte- og felelåt, men endå best i min eigen gråt. Ja, endå best i min eigen gråt, tenkte eg på jenterommet på Giske, og det var ikkje fritt for at ei og anna tåre pipla ut av kroppen, som var overoppfylt av drypande, glødande, dunkande kjærleik. For kom han nokon gong til å kome? Var dette ein håplaus kjærleik? Burde eg like gjerne gi opp og prøve å gløyme han eller var det tvert imot verd all denne lengtinga og ventinga? Tjuefem år seinare gler det meg at eit så gammalt dikt kunne vekke slike kjensler og ein slik gjenklang i ei tenåringsjente på 1990-talet, at litteraturen kan vere så evig, at menneskehjarta endrar seg så lite, og eg tek meg i å lure på kor gammal diktaren var då han skreiv dette diktet og blir overraska då eg finn ut at det først kom ut då han var nærare 50 år gammal. For det er noko så ungt over det, over denne lengten og desperasjonen etter kjærleik, men kjærleiken er kanskje alltid ung, og lengten svinn kanskje ikkje sjølv om tida går, og eg ser hjarta gløde gjennom hundreåra og kjenner meg glad, for kjærleiken og lengten og åra som går og som ikkje står til hinder for noko som helst, ikkje ein gong for kjærleik. 6

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland 26.10.16 først er det berre himmelen fjella, lyset først er det berre blått i blått grått i grått vått i vått først er det berre grøftegraset risleraslelauvet

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

Indre «korrespondance»

Indre «korrespondance» Indre «korrespondance» Benedicte Maurseth 2018 Benedicte Maurseth og Nynorsk kutursentrum Framsida Benedicte Maurseth. Foto: Anders Bergersen Publisert etter avtale med forfattaren på Vinjesenteret.no

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE LESEKORT 1 A D Å B O V N F G I P L Y Ø U M S T Æ R E H J K a d å b o v N f g i p l y ø U m s t æ r e h J k LESEKORT 2 sa Vi ål du ør våt dyr syl klo båt lys tak Hest føle

Detaljer

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------- Eksamen i NOR1302 - Nordisk barne- og ungdomslitteratur Høst/haust 2016 Tid: Onsdag 7. desember kl. 09:00 (4 timer). Sted: Seminarrom 3, 4 og

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Preike Molde Domkirke 11.10.2015 20.s i treeiningstida Dei harde hjarta Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Slik startar ein av Kari Bremnes sine songar. Songen heiter «Nord i landet»,

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Helge Torvund Alt brenner. Dikt

Helge Torvund Alt brenner. Dikt Helge Torvund Alt brenner Dikt Om forfatteren: Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga HENDENE I BYEN og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar.

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8839-4 Fire av dikta i denne boka var representert i Galleri Volt,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN 978-82-8238-166-6 (epub) ISBN 978-82-8238-160-4 (trykk) www.mangschou.no Bente

Detaljer

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Dikt og andre tekstar

Dikt og andre tekstar MARIA TRYTI VENNERØD SKREDFARE Dikt og andre tekstar Dei største spørsmåla i vår tid er altfor store. Få av oss klarer å ta inn over seg konsekvensane av endringane som er på gang, geopolitisk, digitalt,

Detaljer

Ditt smil og dine ord er Bethany si glede. Eg vert så glad og hjartet mitt reiser til ein annan stad når eg klemmer deg.

Ditt smil og dine ord er Bethany si glede. Eg vert så glad og hjartet mitt reiser til ein annan stad når eg klemmer deg. KØYREPLAN VOGGESONGPROSJEKT Ansvar: Malmanger og Jorunn Bakke Nydal KVEN KVA Alle Går inn i rekkefølgje Alle Ve no velkomne med æra Dm Alle Velkomen på fleire språk Ein og ein, Viji startar Hei, eg heiter

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Honningguidens hemn Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord Songboka Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam 3 Blåmann, blåmann 4 Bokstavane 5 ei tre små fisk 6 et lyser i stille grender 7 et sat to kattar på eit bord 8 et står ein friar uti garde 9 Eg er så glad kvar julekveld

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8757-1 2. utgåva Om denne boka Motorsykkelmysteriet er

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å måle eit bilete med tre fjør Eg ville læra å lage trykk med den gamle klesrulla i Lars og Peter sin garasje, Det heile gjekk veldig bra, avtrykket viste tre

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Bestemors bananar Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Kjøkkenhagen til bestemor var full av durra, hirse og maniok. Men best av alt var bananane.

Detaljer

Bibelmeditasjonar om bøn

Bibelmeditasjonar om bøn Bibelmeditasjonar om bøn Om å vera uthaldande i bøn og ikkje gje opp BIBELTEKSTAR OM BØN TIL BRUK I Personleg bibelstudium Bibelstudium i grupper Side 2 Side 11 Notatar Side 10 Notatar Innhald Side 3 Forord

Detaljer

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Tur til Bruvoll Som start på temaet vårt «livet på garden» reiste vi med buss til Bruvoll camping. Her fekk vi

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Preike Molde Domkirke 4. s i advent 2015 Josef Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Denne søndagen har nettopp vore Maria sin søndag. Vi brukar å høyre

Detaljer

INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR

INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR Om boken: 2017 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilbakemeldinger vedrørende denne boken kan Omslagsillustrasjon: Øyvind Hovland Tilrettelagt for

Detaljer

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar Psykologisk Førstehjelp - barneskulen Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar 0 Psykologisk Førstehjelp Kan eg gjera noko sjølv for å bli meir trygg, modig og glad? Du kan læra deg

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. KAPITTEL 13 NATUR, MAT OG HELSE 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i skogen. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj?

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj? Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj? Innlevert av 4.klasse ved Hornnes barneskule (Evje og Hornnes kommune, Aust-Agder) Årets nysgjerrigper 2015 Elevane i 4.klasse vil gjerne

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Last ned Brev til ein ung diktar - Rainer Maria Rilke. Last ned

Last ned Brev til ein ung diktar - Rainer Maria Rilke. Last ned Last ned Brev til ein ung diktar - Rainer Maria Rilke Last ned Forfatter: Rainer Maria Rilke ISBN: 9788274881655 Antall sider: 60 Format: PDF Filstørrelse: 28.82 Mb "Eit kunstverk er godt, i den grad det

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på vandring til Sør-Odal (Kommentarane i nokre felt vert litt forkorta i dei tilfella mine notat fell saman med kommentarane frå fylkesbibliotekarane

Detaljer

MI BRILJANTE VENNINNE

MI BRILJANTE VENNINNE Elena Ferrante MI BRILJANTE VENNINNE Bok I Barndom, tidleg ungdom Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal Samlaget Oslo 2015 Originaltittel: L amica geniale Edizioni E/O, Roma 2011 Norsk utgåve: Det Norske

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 På ferie hos bestemor Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Odongo og Apiyo budde i byen med far sin. Dei såg fram til ferien. Ikkje berre fordi

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot. Preike Molde Domkirke 16. Mars 2014 KAMP Har du nokon gong kjempa for noko? Noko du trudde på, noko du var overtydd om? Eller har du kjempa inne i deg, mot krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte

Detaljer

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 KAPITTEL 15 NOREG 1 TANKEKART Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 2 KVA BETYR ORDA? Langstrekt Arktis Antarktis Midnattssol Vêrmelding Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE

Detaljer