JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE"

Transkript

1 JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE Marko Horvat og Linnea Larsen gifta seg i august 2010 då Linnea hadde eit år igjen på Norges Handelshøyskole. Dei avtalte særeige ved ektepakt. Marko hadde gått forfattarstudiet i Bø, men førebels ikkje gitt ut nokon av sine tekstar bortsett frå eit kort stykke i ein antologi med lovande debutantar. I 2010 skreiv han på fjerde året på sin påtenkte romansyklus Vårt strev, men han hadde enno ikkje sendt utkast inn til noko forlag. I bryllaupsgåve gav Markos onkel Andrej, som hadde bygd opp ei lita, men vellykka hamburgarkjede i Oslo, ei gåve på 1 million kroner, som hjelp til bustad, fordi som han sa i talen: «Det ser ikkje ut til at Markos kontantbidrag vil bli så stort med det første.» Det første året leigde paret eit husvære i Bergen, og etter fire månader blei Linnea gravid. Ho meinte eit barn på dette tidspunktet var veldig uheldig for hennar karriereplanar i eit mannsdominert finansmiljø. Men Marko overtalte henne, m.a. ved å love at han skulle ta seg av alt med barnet. Etter strålande eksamen som høggravid flytta dei til Oslo. Linnea hadde alt fått jobb som finansanalytikar og dei delte omsorgspermisjonen slik at ho tok ut minst og byrja i jobb. I Oslo kjøpte dei ei sjølveigarleilegheit til 9 millionar ved å bruke millionen frå onkel og eit lån på 8 millionar som Linnea tok opp med garanti frå meklarfirmaet. På grunn av garantien sto leilegheita i namnet til Linnea. Ho jobba både mot USA og Asia og det blei lange, uhyre godt betalte dagar. På heimefronten sto Marko for praktisk talt alt, inkludert passing og seinare følging og henting av lille Marcus i barnehagen. Markos inntekter frå korrekturlesingsoppdrag og konsulentfråsegner dekka innkjøp til hushaldninga og barnehagebetaling. Kvar kveld kl. 21 då Linnea til vanleg kom heim, hadde han middagen klar. Husvask fletta han innimellom arbeidet med dei omfattande manuskripta. Heller ikkje i helgene gjorde Linnea noko i heimen for, som ho sa: «Ho trong restitusjon frå sine lange krevjande dagar.» Men litt leiking og seinare ridetrening med Marcus, fekk ho tid til. På firmaturen i meklarhuset i september 2016 fekk Linnea god kontakt med ein ny meklar som nettopp var komen inn i firmaet frå eit anna meklarhus. Ho innsåg at det samlivet ho og Marko levde, gav henne lite. Marko var ikkje opptatt av anna enn si innskrenka verd, som han skildra i stor detalj. Konjunktursvingingar og sjansar i solnedgangsmarknader interesserte han ikkje i det heile. Ho kravde difor separasjon, men lova å overføre til Markos konto, som hans part av gåva frå onkel. Resten hadde ho sjølv betalt, sa ho, og mot dette oppgjeret meinte ho at leilegheita var hennar. Marcus skulle bli buande i barndomsheimen med filippinsk au pair. På grunn av den høge inntekta til Linnea var mesteparten av lånet betalt tilbake då dei flytta frå kvarandre. Marko flytta mens han mumla at han hadde akkurat sett for seg noko som dette, og at det ville kome inn i ein av romanane. Han flytta mellombels inn hos søstera si, Maja, som akkurat var ferdig med jusstudiet med gode resultat. Med henne diskuterte han situasjonen. Ho meinte at Markos situasjon slett ikkje var så mørk som det såg ut med tanke på eigedomsretten til leilegheita. Ho meinte leilegheita måtte vere i sameige mellom Marko og Linnea. For det første måtte gåva frå onkel opplagt berre ha vore meint til Marko. Ingen slovensk onkel ville gi ei gåve til andre enn sine slektningar av kjøt og blod i bryllaupspresang. Dermed var det Marko som i utgangspunktet hadde gjort mogeleg hele leilegheitskjøpet. Og den eine millionen som var hans, ville gjere at han hadde større sameigepart enn Linnea fordi resten av verdien av leilegheita måtte delast likt mellom dei. Sjølv om Linnea hadde tent alle pengane som blei brukt til å betale renter og avdrag på lånet, så var det 1

2 Markos innsats på heimefronten som hadde gjort oppteninga mogeleg. Utan hans innsats med heim og barn, og hans, riktignok meir beskjedne, pengetilskot, ville ikkje Linnea ha kunna ofre seg for jobben på den måten ho hadde gjort og dermed tent opp dei store bonusane. Maja viste til at det som gjerne blir kalla husmorsameige, òg må gjelde sjølv om det er menn som har vore heime. «Så langt må likestillinga vere komen i Noreg», la ho til, og viste til ekteskapslova 31 tredje ledd som også måtte gi rettleiing i situasjonar som denne. Etter hennar syn var derfor Marko sameigar med 5/9 i leilegheita mens Linnea hadde 4/9. Dersom synspunktet om verknaden av innsats i heimen ikkje skulle føre fram, hevda Maja at Marko iallfall hadde krav på vederlag for sin innsats. I så fall blei sameigebrøken 1/9 på Marko og 8/9 på Linnea pluss at han hadde krav på eit rimeleg vederlag. Vederlaget måtte fastsetjast i forhold til hennar inntekt utover eit normalnivå. Alternativt scenario: Føreset at Linnea og Marko ikkje er gift, men sambuarar, og at gåva frå Andrej blir gitt på innflyttingsfesten, ikkje i bryllaupsgåve. Korleis blir rettssituasjonen då? Like før jul 2016 døydde onkel Andrej. Han hadde trekt seg nesten helt tilbake og selt hamburgarkjeda bortsett frå det første gatekjøkkenet han hadde etablert og som framleis var i drift som hans personlege føretak. I sitt testament, som var skrive i 2014, hadde han gitt alle pengane til støtte til det norskslovenske kultursenteret, bortsett frå gatekjøkkenet, som han testamenterte til sine kjære onkelbarn Maja og Marko. Testamentet fylte formkrava etter arvelova 49. Begge blei takknemlege og litt overraska over å få gatekjøkkenet. Marko tenkte at det ville vere fint å drive dette vidare saman med Maja. Ho var einig i at det kunne vere ok med vidare drift, særleg ettersom romanprosjektet hans såg ut til å trenge endå nokre år med skriving, men ho ville berre hjelpe til med å føre rekneskapen mot timebetaling. Han fekk stå for sjølve drifta. Etter eit år gav ho opp dette også fordi det var for travelt ved sida av jobben som advokatfullmektig. Maja kravde då sameiga oppløyst og viste til sameigelova 15. Marko som no hadde lært seg litt sameigerett av advokatar som var hamburgar-stamkundar, hevda at oppløysing ville vere i strid med alt onkelen hadde stått for om familiesamhald og iallfall hadde ho gitt opp alle rettar til sameigetingen ved at han måtte ta seg av drifta åleine. Mens tvisten mellom Maja og Marko om oppløysninga pågjekk, blei Marko kontakta av advokaten som hadde ordna med arveoppgjeret etter Andrej. Blant Andrejs papir hadde han funne ein kopi av testamentet frå 2014, der Majas namn var stroke over med påteikninga «Dette er min siste vilje», datert 1/ Det viste seg at Maja og Andrej seint i september 2016 hadde hatt ein liten krangel. Marko hevda at testamentet frå 2014 med dette måtte reknast som tilbakekalla, og at Maja ikkje hadde noko krav i gatekjøkkenet. Maja var ueinig i dette. 2

3 RETTLEIING TIL STUDENTANE Oppgåva reiser fleire materielle spørsmål. Men, denne veka er det ikkje løysinga på dei materielle spørsmåla som er det viktigaste. Rettskjelder er det ein byggjer på når ein skal ta standpunkt til innhaldet av gjeldande rett, og vi skal arbeide med ein rettskjeldeinnfallsvinkel for å løyse spørsmåla: Dei viktigaste spørsmåla denne veka er: Kva for rettskjelder finst? Kva for argument kan trekkjast ut frå rettskjeldene? Og kva type argument er det? Av køyreplanen (sjå nedanfor) framgår dei problemstillingane som de skal førebu, eitt problem til kvar dag. I førebuinga skal de arbeide med dei spørsmåla og rettskjeldene som er oppgjevne til kvart problem, og (til kvar dag og kvart problem) skal de òg svare på desse spørsmåla: 1. Reflekter over tilhøvet mellom juss og faktum. 2. Reflekter over tilhøvet mellom rettsreglar og individuelle normer. 3. Finn fram til relevante lovreglar og ta stilling til kva sjølve lovteksten kan seie om dei spørsmåla oppgåva reiser. 4. Finn relevante lovforarbeid og sjå på i kva grad dei kan kaste lys over spørsmåla. 5. Finst det rettspraksis om dei spørsmåla sakene reiser? Trekk eventuelt fram argument frå rettspraksis som du meiner kan påverke resultatet. 6. Kan reelle omsyn trekkjast inn, og i tilfelle kva for omsyn? 7. Er det andre rettskjelder som kan trekkjast inn? 8. Sei noko om korleis du har avvegd dei argumenta du har funne, i retning av eit bestemt resultat, og prøv å grunngi korfor du har gjort det slik. 9. Korleis vil du beskrive dei tolkingsresultata du har funne fram til? 3

4 KØYREPLAN DAG 1 PROBLEM: STIFTING AV SAMEIGE OG VEDERLAG MELLOM EKTEMAKAR 1. Er leiligheita i sameige mellom Linnea og Marko og kva er i så fall storleiken på kvar part? 1.1. Er gåva frå Markos onkel gitt til begge to eller berre til Marko? 1.2. Er Marko medeigar i leiligheita? 2. Føreset at Marko ikkje er medeigar i leilegheita (utover gåvesummen): Har Marko krav på vederlag (og i tilfelle kor mykje)? - Forarbeid: Ot. prp. nr. 28 ( ) Om lov om ekteskap kapittel VII. Inst. O. nr. 71 ( ) s. 13. NOU 1987:30 kapittel 7. - Rettspraksis: Rt s Rt.1982 s Rt s Pensum: Lødrup/Sverdrup, Familieretten, 8. utg (Haust 2016: òg 7. utg.) DAG 2 PROBLEM: STIFTING AV SAMEIGE OG VEDERLAG MELLOM SAMBUARAR (Alternativt scenario i oppgåva) 1. Er leiligheita i sameige mellom Linnea og Marko og kva er i så fall storleiken på kvar part? 1.1. Er gåva frå Markos onkel gitt til begge to eller berre til Marko? 1.2. Er Marko medeigar i leiligheita? 2. Føreset at Marko ikkje er medeigar i leilegheita (utover gåvesummen): Har Marko krav på vederlag (og i tilfelle kor mykje)? - Forarbeid: NOU 1999: 25 Samboere og samfunnet, punkt 12.3 og vedlegg 1, punkt 3. (St. meld. nr. 29 ( )) - Rettspraksis: Rt s Rt 2000 s Rt s ( jf. Rt s. 1176) Pensum: Lødrup/Sverdrup, Familieretten, 8. utg (Haust 2016: og 7. utg.) 4

5 DAG 3 PROBLEM: RETT TIL OPPLØYSING ETTER SAMEIGELOVA 3. Kan Maja krevje sameiga oppløyst etter sameigelova 15? - Forarbeid: Rådsegn 4 frå Sivillovbokutvalet (1959) Om sameige: NUT 1959:4 kapittel I, II og III - Rettspraksis: HR A, jf. Rt Kjeller Bil og Rt (Rt s. 1157) Pensum: Falkanger og Falkanger, Tingsrett, 7. utg DAG 4 PROBLEM: BORTFALL AV SAMEIGE SOM FYLGJE AV TILBAKEKALL I TESTAMENT 4. Kan testamentet frå 2014 reknast som tilbakekalla, slik at Martes part i sameiga fell bort?. - Forarbeid: NUT 1962:2 s og del VI, annen del, kapittel 8; Ot.prp. nr. 36 ( ) kapittel V (Merknader til de enkelte bestemmelser ); Innst. O XIX ( ) s.40 - Rettspraksis: Rt s. 1. Rt s. 741; Rt s. 1515; Rt s og Rt s Pensum: Peter Lødrup og John Asland, Arverett, 8. utg

JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE

JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE 1 JUS 1211 OPPGÅVE I RETTSKJELDELÆRE Marko Horvat og Linnea Larsen gifta seg i august 2010 då Linnea hadde eit år igjen på Norges Handelshøyskole. Dei avtalte særeige ved ektepakt. Marko hadde gått forfattarstudiet

Detaljer

JUS 1211 OPPGAVE I RETTSKILDELÆRE

JUS 1211 OPPGAVE I RETTSKILDELÆRE 1 JUS 1211 OPPGAVE I RETTSKILDELÆRE Marko Horvat og Linnea Larsen giftet seg i august 2010 da Linnea hadde ett år igjen på Norges Handelshøyskole. De avtalte særeie ved ektepakt. Marko hadde gått på forfatterstudiet

Detaljer

Rettskjelder til fots. Avslutning

Rettskjelder til fots. Avslutning Rettskjelder til fots Avslutning Ola Mestad Utgangspunkt for Rettskjelder til fots Frå innleiinga mandag: Innhaldet: Den viktigste ferdigheten som skal oppøves er å lære å stille, analysere og løse spørsmål

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... 7 Gjensidige pronomen... 7 1 PRONOMEN er ord som står i staden for substantiv.

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden? Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 Emne nr. 88 MØTESTADEN 1. Kor mange møtehus eller møtesalar er det i Dykkar bygd? Vi vil gjerne at De skal nemna talet så nøgje De kan. De skal ikkje rekna

Detaljer

Eksamen 27.05.2010. REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 27.05.2010. REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål Eksamen 7.05.010 REA306 Matematikk S1 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på del 1: Hjelpemiddel på del : Vedlegg: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: 5 timar: Del

Detaljer

Nye regler om farskap og morskap

Nye regler om farskap og morskap Nye regler om farskap og morskap Publisert 2014-01-16 21:37 (/file/ thumb/file/6/685620&width=321&height=154&zwidth=321&zheight=154&x=161&y=77.jpg) Stortinget vedtok i juni 2013 endringer i barneloven

Detaljer

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN GENERELT Det er med fylkeskommunen som med ei privat hushaldning, at vi kan ikkje bruke meir enn vi har pengar til å betale med. Ei forsvarleg økonomistyring i fylkeskommunen

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

Alderspensjon frå folketrygda

Alderspensjon frå folketrygda Alderspensjon frå folketrygda // Alderspensjon Kjenner du reglane for alderspensjon? 1. januar 2011 blei det innført nye reglar for alderspensjon frå folketrygda. Kva inneber reglane for deg? Kva moglegheiter

Detaljer

1 Utgreiing av søknaden

1 Utgreiing av søknaden 1 Utgreiing av søknaden Studentforeningen Frappé starta opp i haustsemesteret 2010 og fungerer både som studentorgan og aktivitetsforeining for studentane ved Norges Dansehøyskole (NDH). Fram til mai 2011

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet Terminprøve i matematikk for 8. trinnet Hausten 2006 nynorsk Til nokre av oppgåvene skal du bruke opplysningar frå informasjonsheftet. Desse oppgåvene er merkte med dette symbolet: Namn: DELPRØVE 1 Maks.

Detaljer

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX1 1-7E1 ORDINÆR EKSAMEN 24.05.2011. Sensur faller innen 16.06.2011. BOKMÅL. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag etter sensurfrist, dvs. 17.06.2011

Detaljer

Utbetaling: Månadleg Søknadsfrist: Den 14. i kvar månad Vedtak og utbetaling: Ca. den 10. i månaden etter

Utbetaling: Månadleg Søknadsfrist: Den 14. i kvar månad Vedtak og utbetaling: Ca. den 10. i månaden etter Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Formålet med ordninga er å hjelpe husstandar med låg inntekt som slit med å betale buutgiftene sine, til

Detaljer

Foreldreundersøking i skule 2006

Foreldreundersøking i skule 2006 Foreldreundersøking i skule 2006 Våren 2006 gjennomførte me ei brukarundersøking for foreldra i skulane i Kvam. Dette var ei digital undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Foreldra fekk internettadressa

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN 8.1 INFORMASJON / INTRODUKSJON AV NYTILSETTE Førsteinntrykket på arbeidsplassen vil prega oss i lang tid framover. Det er difor viktig

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

RAPPORT FRÅ KONVERTERINGSPROSJEKT 2008, DET NORSKE INSTITUTT I ATHEN (NIA)

RAPPORT FRÅ KONVERTERINGSPROSJEKT 2008, DET NORSKE INSTITUTT I ATHEN (NIA) RAPPORT FRÅ KONVERTERINGSPROSJEKT 2008, DET NORSKE INSTITUTT I ATHEN (NIA) Bakgrunn: Ved NIA fins Professor Johannes Triantaphyllopous bibliotek, innlagt i Micromarc katalogsystem. Gjennom fleire år har

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er» Partar Kjøpar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Seljar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Side 1 av 8 Betaling Kjøpesum, kr med bokstavar

Detaljer

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Kort tilbakeblikk 2004 Dei statlige fagteama vart etablert og presentert som redninga for

Detaljer

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...

Detaljer

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Alderspensjonistar som bur i utlandet Alders som bur i utlandet Av: Od d b j ø r n Ha g a Samandrag Talet på alders som bur i utlandet har auka mykje dei siste åra. I 199 var dei færre enn 6, i 27 om lag 27. Talet veks jamt med knapt 1 5 i

Detaljer

Eksempel på matematikkoppgåver for taktile elevar.

Eksempel på matematikkoppgåver for taktile elevar. Eksempel på matematikkoppgåver for taktile elevar. Lær koordinatsystemet vha. terningspel. s. 2 Algebraoppgåve. Hoppande froskar. s. 4 Veg, fart og tid med Cuisenairestavar s. 6 Likningar vha Cuisenairestavar

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Terminprøve i matematikk for 9. trinnet

Terminprøve i matematikk for 9. trinnet Terminprøve i matematikk for 9. trinnet Hausten 2006 nynorsk Til nokre av oppgåvene skal du bruke opplysningar frå informasjonsheftet. Desse oppgåvene er merkte med dette symbolet: Namn: DELPRØVE 1 Maks.

Detaljer

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE KVIFOR MEKLING? PARFORHOLDET TEK SLUTT, MEN FORELDRE- SKAPET SKAL HALDE FRAM KVA SEIER LOVA OM MEKLING? Denne brosjyren skal vere ei hjelp

Detaljer

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER VELKOMEN SOM FIBERKUNDE Dette heftet vil gi deg litt informasjon om det arbeidet som skal gjerast for å få lagt fiber inn

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2012

Vurderingsrettleiing 2012 Vurderingsrettleiing 2012 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk ENG0012 Engelsk 10. trinn Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2012 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Forbrukerrådets husleiekontrakt Om kontrakten Dette er Forbrukarrådet sin standardkontrakt for leige av bustad. På Forbrukerrådets hjemmeside finn de informasjon om reglar i husleigeforhold, skjema ved overtaking av bustad, og inventarliste

Detaljer

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 02.11.2011 110/2012/000/&00 Sverre Hollen, 71 25 80 57 02.01.2012 Høyring - Forslag til

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Oppretting av kapitalkonto for person med verje

Oppretting av kapitalkonto for person med verje Oppretting av kapitalkonto for person med verje Det går fram av lov av 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål (verjemålslova) 48, jf. 49, at finansielle eigedelar som er eigde av personar med verje, skal forvaltast

Detaljer

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Os Bridgeklubb arrangerte helga 27. 28. februar 2016 bridgekurs for ungdom. Planlegginga av kurset starta hausten 2015, og etter at vi fekk innvilga

Detaljer

EIN INFORMASJONSBROSJYRE OM GRUNNERVERV. Kva skjer. ..når Statens vegvesen erverver grunn? Statens vegvesen

EIN INFORMASJONSBROSJYRE OM GRUNNERVERV. Kva skjer. ..når Statens vegvesen erverver grunn? Statens vegvesen Kva skjer..når Statens vegvesen erverver grunn? Statens vegvesen EIN INFORMASJONSBROSJYRE OM GRUNNERVERV Innhald 3 Innleiing 5 Kva meiner vi med... 7 Når kan Vegvesenet erverve grunn? 8 Forenkla oversikt

Detaljer

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere. RINGSAKER KOMMUNE BRUMUNDDAL UNGDOMSSKOLE Mai 2014 Til elever og foreldre på 10. trinn Informasjon om eksamen og klagerett Dette skrivet inneholder følgende informasjon: om skriftlig eksamen våren 2014

Detaljer

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda, 131051

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda, 131051 Utvikling og design av skjemaer dreier seg om noe mer enn grafisk «blankettkonstruksjon» og tekniske løsninger tilpasset vår «digitale tidsalder». Hva menes med dette utsagnet? Grei ut og belys (ved bruk

Detaljer

SJØPOSTEN. September 2012

SJØPOSTEN. September 2012 SJØPOSTEN September 2012 Hei! Nå er me alt kome til september, og mange har kome godt i gang med innkøyringa. Me ser at dei aller fleste har byrja å bli trygge på sin avdeling og dei vaksne som er der.

Detaljer

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG 1 Høgtidsdagar I alle land, kulturar og religionar finst det dagar som vert feira eller markerte på ein spesiell måte. Dette vert gjort for til dømes å minnast ei historisk hending, både religiøs og nasjonal.

Detaljer

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar Psykologisk Førstehjelp - barneskulen Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar 0 Psykologisk Førstehjelp Kan eg gjera noko sjølv for å bli meir trygg, modig og glad? Du kan læra deg

Detaljer

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. 1 Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007 Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. Eg skal på den korte tida eg har fått til disposisjon seie litt

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 1-12 skal lyde: 1-12 Fritak frå opplæring i kroppsøving Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer

Eksamen 02.12.2009. REA3026 Matematikk S1

Eksamen 02.12.2009. REA3026 Matematikk S1 Eksamen 02.12.2009 REA3026 Matematikk S1 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Bruk av kjelder: Vedlegg: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga:

Detaljer

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14.

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14. Partilovnemnda v/leiar Ørnulf Røhnebæk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postboks 14 6801 Førde Kontaktpersonar: Turid Digernes Eikås Tlf. 57 72 32 33 Sylvi Hjelmeland Lone Tlf. 57 72 32 52 E-post: olitiske

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt Fylkesmannen i Møre og Romsdal Rapport etter tilsyn Kommunal beredskapsplikt Nesset kommune Tilsynsdato: 22.09.2015 Rapportdato: 26.10.2015 Innhald 1 BAKGRUNN OG GJENNOMFØRING... 3 1.1 FØREMÅL OG HEIMELSGRUNNLAG...

Detaljer

Derivasjon. Kapittel 3. 3.1 Fart veg tid. 3.2 Kjerneregelen. Finn farten v(t) til ein bil når tilbakelagt strekning s(t) er

Derivasjon. Kapittel 3. 3.1 Fart veg tid. 3.2 Kjerneregelen. Finn farten v(t) til ein bil når tilbakelagt strekning s(t) er Kapittel 3 Derivasjon 3.1 Fart veg tid Finn farten v(t) til ein bil når tilbakelagt strekning s(t) er a) s(t) = 2t + 3 b) s(t) = 1 2 t + 4 c) s(t) = t2 + 2t Ein bil starter å køyre. Etter t sekund har

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

Lye forsamlingsstyre.

Lye forsamlingsstyre. Lye forsamlingsstyre. Sak: Instruks for ungdomspresten Saksframlegg. Styret har over ei tid samtala om kva ein ønskjer ungdomspresten skal gjera. I følgje avtalen mellom Forsamlingsstyret og Time sokneråd

Detaljer

Med innenfrablikk og utenfrablikk på framtidssamfunnet i Vesterålen Åsa Elvik Sortland 2. oktober 2009

Med innenfrablikk og utenfrablikk på framtidssamfunnet i Vesterålen Åsa Elvik Sortland 2. oktober 2009 1 Med innenfrablikk og utenfrablikk på framtidssamfunnet i Vesterålen Åsa Elvik Sortland 2. oktober 2009 Eg må leggje to premiss i botnen om eg skal snakke om framtid i Vesterålen: menneske og natur. Det

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Her i Valdres skin sola og våren snik seg på, medan eg nyt dei siste vekene av folkehøgskulelivet. Sjølv om eg elskar snø og vinter, må eg faktisk innrømme at det er litt deilig

Detaljer

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Dersom samlivet har vore brote i minst to år, kan kvar av dykk krevje skilsmisse ved å fylle ut dette skjemaet. Fylkesmannen har kun

Detaljer

Tvisteløsningsnemnda etter arbeidsmiljøloven

Tvisteløsningsnemnda etter arbeidsmiljøloven Tvisteløsningsnemnda etter arbeidsmiljøloven Vedtaksdato: 01.06.2011 Ref. nr.: 11/6376 Saksbehandler: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 31/11 I TVISTELØSNINGSNEMNDA Tvisteløsningsnemnda avholdt møte tirsdag

Detaljer

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 Frå gågata i Lillehammer som var ankerpunkt for medlemma i NJ og KL i NRK då streiken var eit faktum. på Biletet ser vi Maria Ekerholt, Erik Jakobsen

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Innhald Punkta A, B og C i Altinn (A og B på papir)... 1 Om spm 1, 2, 3 og 4 Kva blir rekna med som

Detaljer

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE SAK 48/07 TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE Saksopplysning På siste styremøte i Forum Nye Bergensbanen (FNB) vart det drøfta tiltak for å setja sterkare trykk på arbeidet med realisering

Detaljer

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR FOR ASKVOLL KOMMUNE

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR FOR ASKVOLL KOMMUNE FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR FOR ASKVOLL KOMMUNE Vedteke av Askvoll kommunestyre 12.05.2011 i K-sak 15/11 Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Askvoll kommune - vedlegg Side 2 FORSKRIFT OM VASS-

Detaljer

Terminprøve i matematikk for 8. trinn

Terminprøve i matematikk for 8. trinn Terminprøve i matematikk for 8. trinn Våren 2007 nynorsk Til nokre av oppgåvene skal du bruke opplysningar frå informasjonsheftet. Desse oppgåvene er merkte med dette symbolet: DELPRØVE 1 Maks. poengsum:

Detaljer

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar 1 Kvardagslege tema og sosial omgang 2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar og høgtider FAMILIEMØNSTRE OG SAMLIVSFORMER, 3 Likestilling og vern mot diskriminering 4 Helse, med særleg vekt

Detaljer

STM100 1 Språk, tekst og matematikk

STM100 1 Språk, tekst og matematikk STM100 1 Språk, tekst og matematikk Oppgaver Oppgavetype Vurdering 1 STM100 - spm. om bruk til undervisningsformål Flervalg Automatisk poengsum 2 STM100 04/12-15 eksamensoppg. Skriveoppgave Manuell poengsum

Detaljer

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR Høyringsnotat Lovavdelingen November 2009 Snr. 200907258 HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR. 895 OM TVANGSSALG VED MEDHJELPER GODTGJERING TIL MEDHJELPAR VED TVANGSSAL AV FAST

Detaljer

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN HELSE 1 BERGEN Haukeland universitessjukehus KJÆRE PASIENT OG PÅRØRANDE I dette heftet finn du informasjon som er aktuell for deg som er pasient på ein av våre sengepostar. Vi

Detaljer

Eksamen. Fag: BY7089 VKI tømrar / VKI tømrer. Eksamensdato: 9. desember 2005. Studieretning: Byggfag

Eksamen. Fag: BY7089 VKI tømrar / VKI tømrer. Eksamensdato: 9. desember 2005. Studieretning: Byggfag Eksamen Fag: BY7089 VKI tømrar / VKI tømrer Eksamensdato: 9. desember 2005 Studieretning: Byggfag Oppgåva ligg føre på begge målformer, først nynorsk, deretter bokmål. / Oppgaven foreligger på begge målformer,

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Arkiv: K11 Arkivsaksnr: 2014/1974-8 Saksbehandlar: Bodil Gjeldnes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Vedlegg 1 Tabell viktige friluftsområder

Detaljer

St.meld. nr. 21 (2000-2001)

St.meld. nr. 21 (2000-2001) St.meld. nr. 21 (2000-2001) Styrt val i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 21. desember 2000,godkjend i statsråd same dagen. Kapittel

Detaljer

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Møteinnkalling Utval: Samferdselsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshusa Dato: 12.06.2013 Tid: Kl. 11:15 Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell

Detaljer

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning Kjære lærar! Takk for den jobben du gjer kvar dag for at elevane dine skal lære noko nytt og utvikle sine ferdigheiter og talent! Ungdomsskolen

Detaljer

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Administrativt vedtatt 5.5.2013. 1 Formålet til barnehagen er mellom anna å ta vare

Detaljer

EKSAMEN I ST2101 STOKASTISK MODELLERING OG SIMULERING Onsdag 1. juni 2005 Tid: 09:00 14:00

EKSAMEN I ST2101 STOKASTISK MODELLERING OG SIMULERING Onsdag 1. juni 2005 Tid: 09:00 14:00 Norges teknisk naturvitenskapelige universitet Institutt for matematiske fag Side 1 av 6 Nynorsk Fagleg kontakt under eksamen: Håkon Tjelmeland 73 59 35 38 EKSAMEN I ST2101 STOKASTISK MODELLERING OG SIMULERING

Detaljer

Førebuing/Forberedelse

Førebuing/Forberedelse Førebuing/Forberedelse Fag: EL6019 VKII/Bedrift elektrikar/elektriker, el. bygningsinst. Dato: 7. juni 2006 Studieretning: Elektrofag Oppgåva ligg føre på begge målformer, først nynorsk, deretter bokmål.

Detaljer

Eksamen 21.11.2014. SAM3035 Økonomi og leiing / Økonomi og ledelse. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål

Eksamen 21.11.2014. SAM3035 Økonomi og leiing / Økonomi og ledelse. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål Eksamen 21.11.2014 SAM3035 Økonomi og leiing / Økonomi og ledelse Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Eksamen varer i 5 timar. Alle hjelpemiddel er tillatne,

Detaljer

Økonomi MÅL. for opplæringa er at eleven skal kunne. gjere lønsutrekningar, budsjettering og rekneskap ved hjelp av ulike verktøy

Økonomi MÅL. for opplæringa er at eleven skal kunne. gjere lønsutrekningar, budsjettering og rekneskap ved hjelp av ulike verktøy 152 7 Økonomi MÅL for opplæringa er at eleven skal kunne gjere lønsutrekningar, budsjettering og rekneskap ved hjelp av ulike verktøy rekne ut skatt og avgifter undersøkje og vurdere forbruk og ulike høve

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten

Detaljer

Arverett. Arvepakt/Innfortolking av ugjenkallelighet i testament. Al. 56. HR desember Fakta:

Arverett. Arvepakt/Innfortolking av ugjenkallelighet i testament. Al. 56. HR desember Fakta: 1 Seminarsand Arverett Arvepakt/Innfortolking av ugjenkallelighet i testament. Al. 56. HR-2018-2424 18. desember 2018 Fakta: 1984: C, kvinnen født i 1934 og B, mannen født i 1927 giftet seg i 1984. Felleseie.

Detaljer

1015 kr 1,015 1000 kr 1,015 1,015 1000 kr 1,015 1030 kr. Vi ganger med vekstfaktoren 2 ganger.

1015 kr 1,015 1000 kr 1,015 1,015 1000 kr 1,015 1030 kr. Vi ganger med vekstfaktoren 2 ganger. 7.9 Kredittkort I Norge bruker de fleste betalingskort ved kjøp av varer og tjenester. Betalingskortene kan vi dele i to typer: debetkort og kredittkort. Når vi bruker et debetkort, trekker vi pengene

Detaljer

2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering

2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering For enklare oversikt er skjeringane nummerert frå 1 til 4, sjølv om det i utgangspunktet er ei kontinuerleg bergblotting. Overflata til bergskjering 1 og 3 går omtrent vinkelrett ut mot hamna og for 2

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune. Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune. Lokal forskrift er gjeve i medhald av 12-6 i forureiningsforskrifta, fastsett av Miljøverndepartementet 15.12.05. 1 Verkeområde og føremål.

Detaljer

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen AKT2001 Aktiviseringsfag Våren 2014 Privatister/Privatistar

Detaljer

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Vedtekter for Fusa Kraftlag - 1 - Vedtekter for Fusa Kraftlag Gjeldane frå 01.01.2011 1 Namn Føretaket sitt namn er Fusa Kraftlag SA. 2 Føremål. Fusa Kraftlag SA er eit ålmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital. Føremålet

Detaljer

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2 Interkommunalt IKT-samarbeid Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal Vår ref 10/3794-29 Eining/avd/saksh. REGIKT//CARNYB Arkiv Dykkar ref Dato 28.11.2012 ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013 Innhald Kva har

Detaljer

Fast eigedoms rettsforhold

Fast eigedoms rettsforhold Fast eigedoms rettsforhold Våren 2009 Kåre Lilleholt Emnet Rettsreglar som gjeld fast eigedom eigedomsrett og avgrensa rettar til fast eigedom inndeling av fast eigedom erverv av rett til fast eigedom

Detaljer

Forbrukarrådet sin husleigekontrakt

Forbrukarrådet sin husleigekontrakt Partane 1. Partane i avtalen Dersom leigar eller utleigar er under 18 år, må ein person over 18 år (fullmaktshavaren) stå ansvarleg for avtalen. Fullmaktshavaren skal i så fall underskrive avtalen. Utleigar

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Sel kommune Utskrift av møtebok

Sel kommune Utskrift av møtebok Sel kommune Utskrift av møtebok Arkivsak: 2006/638-6 Arkiv: A10 Saksbehandler: Ola Hage Dato: 19.11.2007 Utv.saksnr Utvalg Møtedato 51/07 Driftsutvalget 10.12.2007 128/07 Kommunestyret 17.12.2007 Endringar

Detaljer