SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid"

Transkript

1 Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring /13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Hovudutval for Teknisk og Næring Arkiv: GBNR-4/1, N-504 Arkivsaknr. 13/55 Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid Dokument i saka: Dok.nr. T Dok.dato Namn Tittel 1 I Wiberg AS - Supplerande melding om oppstart av privat planarbeide 2 I Statens vegvesen Region Vest Oppstart av planarbeid gnr 4 bnr 1 Herand - vår uttale 3 I Wiberg AS - Mail-korrespondanse vedr. saka. januar PlanID I Hordaland fylkeskommune Oversending av kostnadsoverslag for arkeologisk registrering. 5 I Hordaland fylkeskommune Fråsegn vedr oppstart av detaljreguleringsplan. 6 I Wiberg AS - Ny merknad frå Hordaland Fylkeskommune 7 I Wiberg AS - Reguleringsplan Vassel. - elektroniske dokument. 9 I Wiberg AS - Revidert ROS-analyse Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova Kommuneplan for Jondal kommune, vedteken i Jondal kommunestyre

2 Saksopplysningar: Wiberg as, arkitektur og plan har på vegne av tiltakshavar Glenn Olsen, 5628 Herand utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for gnr 4 bnr 1, Hyttefelt Vassel gard. Området ligg om lag 3 km frå Herand og 16 km frå Jondal, vest for FV550 mot Utne og har tilkomst frå kommunal veg til Mælen. Planframlegget består av: Reguleringsplankart Planføresegner Planomtale ROS-analyse Illustrasjonsplan Utsnitt kommunedelplan for Herand, planområdet er merka med raudt Jondal kommune gav løyve til oppstart av arbeid med reguleringsplan i Fylkesmannen fremja motsegn, fordi planen ikkje var i samsvar med gjeldande kommuneplan. Tiltakshavar valde å stoppa planarbeidet i påvente av ny kommuneplan. Planframlegget er no i hovudsak i samsvar med kommuneplanen, område FB3. Planområdet er om lag 55 daa. Det er planlagt 33 fritidsbustader. Utvidinga av område mot vest er

3 tilpassa eigedomsgrense for bnr 1 og mot sør fjellskrent. Mot vest er auka areal foreslått til fritidsbustader og mot sør til naturområde og uteoppholdsareal. Planoppstart vart varsla på ny 20 januar 2013 med frist for innspel og merknader 22 februar Det kom inn uttale frå: Fylkesmannen i Hordaland: Ingen merknader Hordaland fylkeskommune: Etter synfaring har Kulturavdelinga ingen merknader, når det gjeld kulturminne. Ber om at det vert utarbeidd fotomontasje og minner om silhuettverknad. Statens vegvesen: Kjem med uttale ved offentleg ettersyn. Illustrasjonsplan Hyttefelt Vassel gard Det er planlagt køyreveg fram til alle tomtene med minst ein biloppstillingsplass for kvar tomt. I tillegg er det planlagt felles parkering og miljøstasjon på nordsida av vegen til Mælen for 40 bilar. Den er tenkt nytta til gjester og vinterbruk. Kulturminne, naturmangfald og naturfarar Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne i området. Når det gjeld naturmangfald er det ikkje registret sårbare artar i naturbase eller i samband med kommuneplanarbeidet. Planområdet er heller ikkje utsett for ras, skred eller flaum.

4 For detaljar vert det vist til vedlagte planomtale. ROS-analysen viser potensiell fare for liv og helse som fylgje av fallulykker ved fjellskrent/stup mot sør. For å redusere risikoen skal det setjast opp gjerde. Skogbrannfare og auka trafikk på kommunal veg til Mælen er også områder der det vil verte vurdert tiltak for å reduser risikoen. For detaljar vert det vist til ROS-analysen Før 2. gongs handsaming av planen vil kommunen vurdere tilgang på brannvatn og utbetring av kommunal veg til Mælen med tanke på mjuke trafikantar. Vurdering: Arealdisponeringa og planføresegnene er i hovudsak i samsvar med kommunedelplanen for Herand, vedtatt Planføresegnene bør endrast på fylgjande punkt: 1 Felles bestemmelser Det skal utarbeidast detaljplanar for interne tilkomstvegar som viser terrengtilpassing med lengde- og tverrprofilar. Planane skal godkjennast av kommunen før arbeidet tek til. 2 Bebyggelse og anlegg Pkt er ikkje relevant og går ut (tomtegrenser er vist i plankartet) Pkt Endrast til maks mønehøgd 5 m. Nytt pkt, BYA inntil 190 m2, eitt bygg i ein etasje pr tomt (jfr kommuneplanen)

5 3 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Byggjegrense mot kommunal veg er 10 meter (frå senter veg) Det kan ikkje førast opp bygg nærare vegkant (interne vegar) enn 4 meter. Plandokumenta inneheld informasjon og opplysningar i samsvar med plan- og bygningslova og planen kan leggjast ut til offentleg ettersyn. TILRÅDING FRÅ RÅDMANN: 1. Hovudutvalet for Teknisk og næring vedtek med heimel i PBL at privat forslag til detaljregulering for del av gnr 4 bnr 1, Hyttefelt Vassel gard i Herand, PlanID , dagsett vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal føresegnene endrast som fylgjer: 1 Felles bestemmelser Det skal utarbeidast detaljplanar for interne tilkomstvegar som viser terrengtilpassing med lengde- og tverrprofilar. Planane skal godkjennast av kommunen før arbeidet tek til. 2 Bebyggelse og anlegg Pkt er ikkje relevant og går ut. (tomtegrenser er vist i plankartet) Pkt Endrast til maks mønehøgd 5 m. Nytt pkt, BYA inntil 190 m2, eitt bygg i ein etasje pr tomt (jfr kommuneplanen) 3 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Byggjegrense mot kommunal veg er 10 meter (frå senter veg) Det kan ikkje førast opp bygg nærare vegkant (interne vegar) enn 4 meter. 3. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast. Siv Helle Prestegard - rådmann Hovudutval for Teknisk og Næring Utvalsleiar Jon Steinar Skeie var inhabil i saka og gjekk frå. Utvalet valde samrøystes Rigmor Pile Lothe som setjeleiar. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. HTN-067/13 VEDTAK: 1. Hovudutvalet for Teknisk og næring vedtek med heimel i PBL at privat forslag til detaljregulering for del av gnr 4 bnr 1, Hyttefelt Vassel gard i Herand, PlanID , dagsett vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal føresegnene endrast som fylgjer:

6 1 Felles bestemmelser Det skal utarbeidast detaljplanar for interne tilkomstvegar som viser terrengtilpassing med lengde- og tverrprofilar. Planane skal godkjennast av kommunen før arbeidet tek til. 2 Bebyggelse og anlegg Pkt er ikkje relevant og går ut. (tomtegrenser er vist i plankartet) Pkt Endrast til maks mønehøgd 5 m. Nytt pkt, BYA inntil 190 m2, eitt bygg i ein etasje pr tomt (jfr kommuneplanen) 3 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Byggjegrense mot kommunal veg er 10 meter (frå senter veg) Det kan ikkje førast opp bygg nærare vegkant (interne vegar) enn 4 meter. 3. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast.