REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND"

Transkript

1 Tingvoll, 31. mai 2018 Nesset kommune REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND Viser til dykkar ref. 2018/235. Naturvernforbundet ønskjer å uttale seg til reguleringsplanen og konsekvensutgreiinga vedkomande deponi for avfall på Bergmesteren, Raudsand. Saka er omfattande og fagleg krevjande. Vi ser oss ikkje mål på å gi vår vurdering til alle spørsmål. Vi veit også at andre har gått djupare inn i ein del tema. Naturvernforbundet vel difor å seie noko om ein del spørsmål vi meiner vi har spesielle føresetnader for å seie noko om. Nasjonal oppgåve nasjonal vurdering Ein del av saka vedkjem deponi for uorganisk farleg avfall. Dette er ei viktig oppgåve som må løysast i alle land. Dette er ikkje noko ein kan gjere på alle nes. Det er eit nasjonalt behov og krev ei nasjonal løysing. Det er mellom anna eit klart tyngdepunkt der dette avfallet oppstår, som bør legge føringar i stor grad for kva del av landet som er aktuelt for eit slikt avfallslager. Det er ikkje på nordvestlandet. Til eit slikt lager krevst god tilgang frå sjøen, eit industriareal til å arbeide med avfallet, eit stort hol til å lagre avfallet i og fråvere av nære naboar. Bergmesteren sin lokalitet i Nesset manglar industriarealet og holet, men har derimot nokre naboar. I tillegg har dei veldig mykje sjø mellom seg og leverandørane av avfallet. Sjølv om Bergmesteren kanskje kan få til å lage seg eit industriareal og få laga store hol, så manglar Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 TINGVOLL Telefon epost moreogromsdal@naturvernforbundet.no internett

2 Side 2 dei ein fleksibilitet som truleg er nødvendig for denne avfallstypen. Vi er komne så langt i vår utvikling av vi er i ferd med å avvikle den naturlege råstofftilgangen av ei rad verdifulle metall. Reservane av kopar held til 30 års forbruk, sink går det tomt for om kortare tid. Vi må difor slutte med å kaste metall som vi elles vil gå tomme for. Vi kan ikkje halde fram med å støype desse metalla inn i gips og gøyme dei bort for all framtid. Det seier oss at deponibehova i løpet av få år vil bli heilt annleis enn det ein ser for seg i Bergmesteren AS si løysing i dag. Det store volumet av svovelsyre og flygeoske vil truleg bli borte. Det ein då sit igjen med kan bli dess vanskelegare å ta hand om, og løysinga med store hallar i fjellet langt vekk frå der avfallet oppstår blir både dårleg og dyrt. Naturvernforbundet er skeptisk til at geologien i dette området er eigna til lagring av uorganisk farleg avfall. Å lagre slikt avfall i område med kalk verkar å vere vesentleg enklare, og det er mindre som kan gå gale. Konsekvensane viss noko går gale er såpass alvorlege at ein bør gjere risikoen så liten som råd. Naturvernforbundet er svært skeptisk til transportbehovet som oppstår med denne lokaliseringa. Transport er energikrevjande, og vi må i framtida prøve å redusere dette behovet. Lang transport gir også lengre eksponering for uhell. Vi er berre litt redde for svovelsyra, og kan hende flygeoska, men dei 5% som er noko anna kan fort gi oss store og langvarige problem. Tekniske føresetnader på Raudsand Det er smalt mellom sjøen og fjellet på Raudsand. Løysinga med ei stor steinfylling verkar på oss å vere eit prosjekt det kan bli vanskeleg å gjennomføre. Vi har gjennom vårt engasjement knytt til Figur 1. Arealet langs sjøen er smalt, og fjellet går bratt i havet.

3 Side 3 kraftverk fått litt kjennskap til steinfyllingsdammar. Dei har ofte ei helling 1:1,5, slik som planlagd på Raudsand. Med ein steinfyllingsdam er det ein føresetnad at foten er lagt på flatt og fast fjell. Vidare blir utvald stein stabla lag for lag med streng kontroll. Ein av dei største dammane av denne typen, Sysendammen, har volum som planlagd steinfylling på Raudsand, men berre halve høgda. Ein steinfyllingsdam skal halde stand mot vatn på eine sida. Ei sjøfylling har ikkje ei slik oppgåve, men sjølve fyllinga har ei eigenvekt som er omkring det doble av sjøen. I tillegg kjem det som blir lagt oppå fyllinga. Vi har prøvd å finne fram til miljø som har røynsler med store sjøfyllingar. Dei vi har funne er Statens vegevesen, og då er det tale om fyllingar som går ned til meter djupne. Så langt vi har forstått har det vore tale om utsprengt terskel for fyllingsfoten, og tiltak vidare oppover slik at ikkje fyllinga lenger opp tar til å skli. Dette er veldig forskjellig frå det Bergmesteren AS har lagt fram. Vi har også vore i kontakt med NVE som har kompetansen på svært store fyllingar på land. Vi får ei forståing for at ein slik type steinfylling er svært planmessig oppbygd, på ein heilt annan måte enn ein kan få til med dumping frå lekter. Morenelaget mellom fjellet og fyllinga er eit anna punkt som krev nøye utgreiingar. Konsekvensane viss fyllinga glir ut, fort eller sakte må også reknast på. Utvaskingsproblematikk når det gjeld konstruksjonen av steinfyllinga bør også vere eit tema. Både som følgje av naturleg straum og ikkje minst som følgje av verknad frå båtpropellar. Utvasking kan føre til seinare utrasing. Viss ei slik fylling glir ut, vil store steinmassar skli ned mot botnen av fjorden, og sannsynlegvis skape ei flodbølgje. Kvar denne vil gjere av seg veit ikkje vi, men Sunndalsøra ligg inst i fjorden, og ikkje særleg høgt over havet, i andre enden ligg Kristiansund. Vi meiner verken planen eller konsekvensutgreiinga held mål på dette punktet, og krev at dette spørsmålet må greiast ut på nytt. Utan ei steinfylling ser det ut til at det manglar areal for handsaming av avfallet. Følgjeleg er det heilt vesentleg at ein får det heilt klårt om denne løysinga er mogleg, og kva konsekvensar det kan vere. Opp gjennom åra har ein av og til registrert gule gasskyar over noverande deponi på Langøya ved Holmestrand. Vi ser for oss at feil kan oppstå, slik at ein får slike gasskyar også over Raudsand. Slike skyar vil typisk vere tyngre enn luft og følgjeleg ikkje forsvinne over fjelltoppane utan vidare. Vi ser for oss at det finst ein vindstyrke som ikkje er sterk nok til å løyse opp ei slik sky i ein fei, men sterk nok til at skya flytter seg innover fjorden. Det er kortare mellom fjella i Sunndalsfjorden enn i Oslofjorden. Vi er ikkje overtydd om at dette er heilt uproblematisk, slik det kan sjå ut som i rapportane. Raudsand har ei historie frå før når det gjeld løysing av avfallsproblem. Den første delen av dette gjeld jarngruva, i ei tid då all slik verksemd førte til ureining. Så kom det ein periode då nokon ville bruke anlegget til å reinse avfall frå smelteverk. Det gjekk ille, og enden på det har vi framleis ikkje sett. Ein del av problema er i ferd med å bli dekt til, men problemet er eigentleg ikkje løyst. På tuftene av Aluscan kom det ei ny verksemd i delvis same gate. Det er framleis utslepp til sjø og til luft. Kor mykje som kjem frå tidlegare verksemd og kor mykje som blir laga til no, det er vel stadig vekk eit tema. Vi slit med avrenning frå gruvene som vi ikkje veit kva inneheld. Vi slit med ein havbotn som har fått sine bidrag og er langt frå rein. Det vi treng aller minst er ny verksemd som utset oppryddinga og helst fører til endå litt meir av det vi har for mykje av frå før i dette området.

4 Side 4 Gamle sår i terrenget Fleire gamle dagbrot representerer sår i terrenget. Såra er i seg sjølv skjemmande, men det er veldig forskjellig korleis dei syner. Kjem ein inn i det aktuelle området frå aust, så får ein såra midt i fleisen. Dei syner også mykje frå Tingvollsida av fjorden. Kjem ein derimot inn i dei indre delane av området frå vest eller sør, ser ein nesten ikkje dei gamle såra før ein kjem nære innpå dei. Det har i nokre år vore eit mål å få ordna opp i dei gamle dagbrota, slik at heile området kan takast i bruk igjen på meir normalt vis. For det som i planen er nemnt som deponi 1 har det vore stadige endringar i ein god del år, og tydelegvis vanskar med å gjennomføre. Det er lite tillitvekkande at det har vore så store problem knytt til dette, og at det har tatt så lang tid. Deponi 4 skil seg frå dei andre sidan det her er tale om å ta i bruk terreng utan store sår frå før. Her er terrenget i dag tilnærma i orden og fullverdig til friluftsliv i alle fall. Viss det blir opna for deponi, vil det gå mange tiår til det atter ein gong kan likne litt, og hundretals år før det blir tale om noko som kan likne natur. Dette er eit unødvendig inngrep som dermed vil opplevast som spesielt tyngande. I dag finn ein i dette området store og små myrer med flotte formasjonar av ulike slag knytt til vatn. Dette vil aldri kome igjen. Å skulle øydelegge dette området med grunngjeving at ein skal rydde opp etter den gamle gruvedrifta, det går berre ikkje an. Dette området burde heller få fri for luftureining, slik at stry, skjegg og elghornslav atter kan kome tilbake. Figur 2. Eit av dei nedre dagbrota som syner i nærområdet og ikkje minst frå andre sida av fjorden.

5 Side 5 Figur 3. Dagbrotet som er grunnlag for deponi 5, sett frå sør, om lag frå kanten av der deponi 4 er planlagd. Så lenge ein ikkje går nær kanten, er det dette som er inntrykket av gruvedrifta frå delar av området. Figur 4. Området for deponi nr 4, sett frå sørvestre hjørnet av deponiet. På dette biletet kan ein sjå to inngrep, kraftlina øvst i venstre biletkant og riggplassen for prøveboring i skogen litt til høgre for midten av biletet. Resten er i grunnen natur, sjølv om skogen heilt ut manglar hengelav, venteleg som følgje av luftureining.

6 Side 6 Figur 5. Å legge eit deponi her for å reparere naturen så han kan takast i bruk igjen, det verkar veldig feil. Konklusjon Det er vesentlege spørsmål kring sjøfyllinga som er uklare, og truleg teknisk umodne. Konsekvensane om noko går gale kan moglegvis vere store, utan at dette er tilstrekkeleg utgreidd. Dette kan berre rettast opp med ny konsekvensutgreiing. Vurderingane av konsekvensar knytt til deponi 4 for friluftslivet verkar ikkje å vere i samsvar med brukarane si faktiske oppleving. Ei «forbetring» om mange tiår kan ikkje kompensere for store ulemper dei neste tiåra. Med vennleg helsing Øystein Folden leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Tingvoll, 21. april 2017 NVE FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 201305202-8 Arkiv: 312 / 113.4Z Naturvernforbundet har nytta høvet til å bruke barmarksituasjonen

Detaljer

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom. Tingvoll, 6.1.2018 Tingvoll kommune FRÅSEGN - NYDYRKING Vi viser til dykkar ref. 2017/1432. Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

VOLLASETRA UTTAK AV TORV Side 1 Tingvoll, 02. oktober 2015 Verneområdestyret for Trollheimen VOLLASETRA UTTAK AV TORV I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den 24.9.2015. Då registrerte

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning

Detaljer

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG Tingvoll, 20. juni 2013 Tingvoll kommune KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG Viser til arkivnr. 2012/1240, vedtak av 28.05.2013, som vi mottok 31.5.2013. Naturvernforbundet klager med dette på vedtaket.

Detaljer

OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG!

OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG! Energi- og miljøkomiteen Stortinget 0026 OSLO OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG! Det har over tid vore eit stort engasjement rundt opprusting av Verma

Detaljer

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

1 Algebra og likningar

1 Algebra og likningar Algebra og likningar Repetisjon av gamalt sto Løysingsforslag Oppgåve a) ln( + y) = ln + ln y F b) sin( + y) = sin + sin y F c) k ( + y) = k + ky R d) e +y = e e y R e) cos( + y) = cos cos y sin sin y

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,

Detaljer

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 5. mars 2013 Fylkesmannen i Møre og Romsdal FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 2008/5281/KJLY/432.4 Naturvernforbundet kjenner

Detaljer

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC Det finst mange bildeprogram som kan overføre bilde frå kamera nærmast automatisk. Også Windows har eit slikt alternativ. Men vi skal bruke ein metode

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Opprydding i mapper og filer

Opprydding i mapper og filer Opprydding i mapper og filer Office 2013/2016 1. Filer og mapper Ei fil inneheld informasjon, for eksempel tekst, bilde eller musikk. På datamaskina kan du vise filene som ikon, og kjenne att ei filtype

Detaljer

FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN

FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN Tingvoll, 10.2.2019 Haram kommune FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN Vi gjer merksam på at vi ikkje har gått gjennom alle dokumenta i saken, men har plukka ut nokre spørsmål som vi har fått tips om eller

Detaljer

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014. Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald

Detaljer

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill NVE Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Tove Mette Arnø Fyllingen 17.09.2018 Vår: 18/2476-18/28434 ftm@lindas.kommune.no Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill Vedlagt

Detaljer

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad. Sakshandsamar, innvalstelefon Nina Vadøy, 5557 2316 Vår dato 07.10.2013 Dykkar dato 30.09.2013 Vår referanse 2012/9227 472 Dykkar referanse Trond Leganger Ragn-Sells AS Postboks 49 2001 LILLESTRØM Mellombels

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen Vågå kommune Teknisk Miljødirektoratet Postboks 5672, Sluppen 7485 TRONDHEIM Melding om vedtak Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen 16.12.2015 61293615 Høyring

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2005/2798 Løpenr.: 13136/2006 Arkivkode: 100/1 Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! 14.11.2006 06/117 Sakshandsamar: Lotte Næss

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING Sjutoppsturen FAKTA Startpunkt: Rosenlund Trimpoeng: 4 + 3 + 10 + 3 + 5 = 25 Målstad: Rosenlund Høgdeendring totalt: + 1007 m, - 1007 m Trimpostar på turen: Kletten, Kulen, Total løypelengd: 15 km Rinden,

Detaljer

NOTAT Skredhendingar på kommunale vegar i Kvam herad

NOTAT Skredhendingar på kommunale vegar i Kvam herad KVAM HERAD NOTAT Til Leif Skår, Vatn - Avløp - Veg Dato: 01.12.2014 Skredhending: 28.10.2014 Synfaring 29.10.2014 mfl. Frå Tore Dolvik, kommunegeolog Vår ref: 14/1304-3/N-860//TORDOL Kopi til: Lars Ese

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Søk regionale miljøtilskot elektronisk Søk regionale miljøtilskot elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne foldaren er det ei skildring av korleis

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013. Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 18.03.2013 Ref. nr.: 12/31482 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015 BARNEOMBODET Kunnskapsdepartementet E-post: postmottak@kd.dep.no Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/00875-2 Morten Hendis 11. oktober 2015 Svar på høyring av NOU 2015: 8 «Fremtidens skole - fornyelse

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2012/734 Løpenr.: 2883/2017

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2012/734 Løpenr.: 2883/2017 ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2012/734 Løpenr.: 2883/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/32 Teknisk utval 16.03.2017 17/53 Teknisk utval 11.05.2017 Saka gjeld: DETALJREGULERING

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr.109/08 Arkivsaksnr.: 08/1443 Arkivkode:GNR 75/34

SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr.109/08 Arkivsaksnr.: 08/1443 Arkivkode:GNR 75/34 Side 1 av 5 SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr.109/08 Arkivsaksnr.: 08/1443 Arkivkode:GNR 75/34 Sakshandsamar: Harald Huse Saksnummer Utval Møtedato 109/08 Hovudutval Plan og Ressurs 18.12.2008 75/34

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Statens vegvesen NOTAT E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Fagtema - Støy Dato: Juni 2016 Innhald Støy-KU E39 Stord-Os... 2 Prissett konsekvens... 7 Støy ved realisering av prosjektet...

Detaljer

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.:

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: Åseral kommune HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L30/&00 2016/451 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO:

Detaljer

Grunnforureining gbnr 97/2 - Luster - Oversending løyve

Grunnforureining gbnr 97/2 - Luster - Oversending løyve Vår dato: Vår ref: 29.08.2019 2019/3808 Dykkar dato: Dykkar ref: Hallgeir Nes Jorangervegen 291 6873 MARIFJØRA Saksbehandlar, innvalstelefon Gøsta Hagenlund, 5764 3121 Grunnforureining - 13230 gbnr 97/2

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 3. 4. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP: Ingen. AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2) Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2) www.fylkesatlas.no er frå 06.05.2010 oppgradert til ny versjon (basert på Adaptive2). Overgangen til ny teknologi har ført til store endringar/betringar. Raskare prosessering

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

KLAGE - VEDTAK OM SKOGSBILVEG - ORMSETVEGEN 2

KLAGE - VEDTAK OM SKOGSBILVEG - ORMSETVEGEN 2 NATURVERNFORBUNDET I TINGVOLL Tingvoll kommune 20. oktober 2010 KLAGE - VEDTAK OM SKOGSBILVEG - ORMSETVEGEN 2 Det vises til vedtak i brev av 27.8.2010, landbrukssaker nr 24/2010. Naturvernforbundet fekk

Detaljer

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as PLANOMTALE Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID 1421-2010003 1 Bakgrunn og føremål Nordbohus Sogn AS har utarbeida framlegg om endring for del av reguleringsplan for Smiebakken,

Detaljer

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk S breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk 1 2 Breivik sementvarer Vårt sementvarespekter består av forskalingsblokk (heil, halv- og hjørneblokk), i tillegg til nopsastein.

Detaljer

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved MILJØKVALITET AS Kontrollnummer: I.FMMR

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved MILJØKVALITET AS Kontrollnummer: I.FMMR Fylkesmannen i Møre og Romsdal MILJØKVALITET AS Molde, 25. juni 2018 Jarnes Industripark (JE) 6222 Ikornnes Dykkar ref.: Vår ref.(oppgi ved svar): Dan Bø 2007/1479 Sakshandsamar: Anne Melbø Inspeksjonsrapport:

Detaljer

S1-eksamen hausten 2017

S1-eksamen hausten 2017 S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6

Detaljer

FRÅSEGN SØKNAD OM TAREOPPDRETT

FRÅSEGN SØKNAD OM TAREOPPDRETT Side 1 Tingvoll, 15. mars 2013 Kristiansund kommune postmottak@kristiansund.kommune.no FRÅSEGN SØKNAD OM TAREOPPDRETT Viser til kunngjering på Kristiansund kommune si heimeside. Då dette gjeld ei sak som

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet 22.06.2017 047/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 12/702-31 Reguleringsendring Ofta Aust -

Detaljer

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Rapport Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Sak: Jotunheimen nasjonalpark. Rydding av gamalt søppel i Fannaråken-området. Rapport. Frå oppsynsmann:

Detaljer

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen Vår ref. Dykkar ref. Dato: 09/2273-18-MBA 04.08.2011 09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen Ombudet fann at St Jetmunds kyrkjegard i Vanylven ikkje er universelt utforma. Rullestolbrukarar

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16 Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 19.02.2015 2015/481-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 02.02.2015 Balestrand kommune Kong Beles

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/1446 Løpenr.: 5195/2017 Arkivkode: 151/5 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 22.03.2017 17/61 Plan- og miljøutvalet 19.04.2017 17/85

Detaljer

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS 1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS Det er Studieadministrativ avdeling som tek seg av det tekniske kring sjølve opprettinga og avsluttinga av utvekslingsavtalar i FS, også lokale,

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.10.2014 60985/2014 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 22.10.2014 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget

Detaljer

NOTAT Landskapsvurdering

NOTAT Landskapsvurdering Oppdragsnamn: Engebøprosjektet, VA Nordic Mining ASA Oppdragsnummer: 601608-01 Skriven av: Hilde Ruud Sidemannskontroll: Kjell Arne Valvik Overordna KS: Nils Husabø Dato: 14.03.2019 Landskapsvurdering

Detaljer

Journalføring av epostrekkjer

Journalføring av epostrekkjer Journalføring av epostrekkjer Fungerande lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Oslo, 23. Oktober 2013 Journalføring utgangspunkt Journalføringsplikt etter arkivforskrifta 2-6 fyrste ledd andre punktum for inngåande

Detaljer

Biletbruk på nettet 1 2

Biletbruk på nettet 1 2 Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange

Detaljer

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11 FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: 19.03.2018 Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11 OS KOMMUNE Skorpo Sørvest, byggeområde S11, gnr. 27, bnr. 459 Nasjonal arealplanid 1243_20050604

Detaljer

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan Utforming av kommuneplan Plansamling 09.12.2014 Klepp sin kommuneplan 2014 25 blei vedteken i kommunestyret 17. november 2014. Planen består av: ETAT FOR LOKAL UTVIKLING Og dessutan av: ETAT FOR LOKAL

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart

Detaljer

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2016, 27.03.2017, s. 1 Partifinansiering 2016, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad

Detaljer

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 5. 7. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKJENNSKAP: Ingen AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund morten.torvund@hoyanger.kommune.no Områdeavgrensing Bestandsplanen har

Detaljer

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo PXT: Det regnar mat! Skrevet av: Helene Isnes Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Tema: Elektronikk, Blokkbasert, Spill Fag: Matematikk, Programmering Klassetrinn: 5.-7. klasse, 8.-10. klasse,

Detaljer

Kan planen gjennomførast? Erfaringar som prosjektleiar i Statens vegvesen - Iren Meisterplass

Kan planen gjennomførast? Erfaringar som prosjektleiar i Statens vegvesen - Iren Meisterplass Kan planen gjennomførast? Erfaringar som prosjektleiar i Statens vegvesen - Iren Meisterplass Problemstillingar Fokus kommunedelplan, reguleringsplan og anleggsarbeid: Kan føringar gitt i overordna planar

Detaljer

Løyve til utfylling av steinmassar i sjø i Grunnavågen i Stord, Erko Settefisk AS

Løyve til utfylling av steinmassar i sjø i Grunnavågen i Stord, Erko Settefisk AS Saksbehandler, innvalgstelefon Magne Nesse, 55 57 23 35 Vår dato 22.6.2017 Deres dato 24.5.2017 Vår referanse 2013/10407 461.5 Deres referanse Erko Settefisk AS Brevet sendt rune.sandvik@hauglandgruppen.no

Detaljer

Tegning Oversiktskart M= 1: dagsett Tegning Alternative trasear M= 1: 2500 dagsett rev

Tegning Oversiktskart M= 1: dagsett Tegning Alternative trasear M= 1: 2500 dagsett rev INNHALD: 1. Innleiing 2. Tidlegare forprosjekt 3. Ny trase med tunnel 4. Alternativ 5. Vegstandard 6. Oppsummering 7. Anbefaling 8. Bilete i alternativ 2 og 3 VEDLEGG: Tegning 1507-06 Oversiktskart M=

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte: Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,

Detaljer

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv»

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv» Hei! Vi vil takke for samarbeidet i samband med oppstart av IHR ved legekontora. IHR er no breidda til 21 legekontor i Møre og Romsdal. Vi er takksame for at de har vore positive til å komme i gang med

Detaljer

NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN

NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN NOTAT NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN Dok. ref. Dato: AK/10/483-174/K1-143/ 06.11.2013 Vurdering av problemstillingar drøfta i planutvalet etter synfaring 10 oktober 2013 1. Byggehøgder framfor eksisterande

Detaljer