Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117"

Transkript

1 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2005/2798 Løpenr.: 13136/2006 Arkivkode: 100/1 Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117 Sakshandsamar: Lotte Næss Reguleringsplan for Botn Aust, del av gnr. 100, bnr. 1 - utlegging til offentleg ettersyn Vedlegg: Framlegg til reguleringsplan for Botn Aust, plankart Plandokument m/føresegner Skisse som syner trasé for høgfartsbane Skisse med framlegg til bustadområde B1 Fotomontasje: utsyn frå E134, Botntjernet og Botn Skysstasjon mot nytt hyttefelt Dokument i saka: Kommunedelplan for Vågsli , vedteke Reguleringsplan for Botn Skysstasjon, vedteke Framlegg til reguleringsplan for Botn Aust, plankart og plandokument m/føresegner, datert Innspel til planarbeidet Bakgrunn: Kommunedelplanen for Vågsli og gjeldande reguleringsplan for Botn Skysstasjon legg opp til fortetting av dei eksisterande hyttefelta på Botn. Det er tidlegare vedteke ny reguleringsplan for Botn Vest. Plankontoret Hallvard Homme AS har no utarbeida framlegg til reguleringsplan for Botn Aust, på vegne av Berge Sag og Trelast as. Sjå plankart og plandokument med føresegner som er lagt ved saka. Plandokumentet gjer greie for innhaldet i framlegget. Det blei varsla oppstart av planarbeid Kunngjeringa og innspel til planarbeidet er gjort greie for i plandokumentet.

2 Plangrensa er endra noko i høve til kommunedelplanen. Det er synt byggeområde noko lenger sør, i areal som i kommunedelplanen er avsett til LNF-område. Landbruksrådgjevar i kommunen har ingen innvendingar. Ein har ikkje teke med næringsområde N2 som har vore tenkt til campingplass. Me tolkar det likevel slik at denne framleis skal vere med i kommunedelplanen. I nord har ein avgrensa planen i høve til ei mogleg framtidig høgfartsbane, sjå vedlegg. Framlegg til trase for denne er endra noko i høve til kommuneplanen. Den går no i dagen i sørenden av Botntjernet, mellom bustadene til Aslak Botn og dottera. Norsk Bane as har vore på synfaring på Botn. Slik planframlegget er no, skulle det ikkje vere konflikt mellom planlagd hytteområde og framtidig høgfartsbane. Ein har då teke utgangspunkt i ei byggegrense på 30 frå banen. Støy frå ei mogleg framtidig høgfartsbane er ikkje vurdert. Vurdering: Det er gjort eit grundig og bra arbeid med planframlegget. Framlegget legg opp til ei sterk fortetting, talet hytter aukar frå 38 til 117. Etter det me kan sjå er det likevel ikkje planlagd sterkare fortetting her enn i andre liknande område. Fortettinga vil gjere det mogleg å heve standarden med framføring av vatn og avløp til alle hyttene. Bustadområde B1 og B2 Planframlegget syner bustadområde B1 flytt ned i høve til kommunedelplanen og gjeldande reguleringsplan. Det er no to som er interessert i bustadtomt i området. Dei ynskjer tomt lenger opp. Me vil difor rå til å halde fast ved bustadområdet oppe i skråninga, som synt i vedlegg. Tilkomstvegen må flyttast litt ned, og den øvste tomta må ha eigen tilkomst. Den øvste tomta blir ganske eksponert, og bør difor ha eigne føresegner : mønehøgde maks 5,5 m og gesimshøgda maks 3,5 m frå topp grunnmur. Alle takflater skal vere ubrotne (utan ark, oppløft el.l.). Bustadtomt B2 er ikkje så aktuell likevel, og bør gå ut. Tilhøvet til eksisterande hytter Det er om lag 10 nye hyttetomter som er planlagd nær eksisterande hytter. Ved varsel om oppstart er det kome inn 6 konkrete protester frå hytteeigarar som meinar nye hytter vil kome svært nære, hindre tilkomst eller hindre utsyn. Hyttelaget Botn Øst er uroa med tanke på inngrep i terrenget og at dei nye hyttene kjem svært tett på kvarandre, og på eksisterande hytter. Plandokumentet kommenterar innspela. Me forstår hytteeigarane. Hytteområdet vil bli svært endra, og dei som får nye hytter nær seg vil oppleve dette som negativt. Det er likevel vanskeleg å sjå at det er nokon som peiker seg ut. Ein kunne vurdere å flytte byggegrensene der dette er lagleg det kan vere tomt 27, 40, 42 og 51 (slik at den nye hytta kjem lenger ned). På den andre sida vil dette redusere arealet å bygge ny hytte på. Ein av hytteeigarane, som protesterar på hytte 40 og 42, gjer framlegg om å slå dei to saman til ein, og leggje byggegrensa slik at ein sikrar at ei ny hytte kjem lenger vekk frå han. Friluftsliv Generelt vil det verte tettare med hytter og dermed annleis å ferdast mellom hyttene. Det er ikkje lett å omgange når ein fortettar så mykje. Elles er det viktig at ein so langt det er mogleg ikkje tettar att viktige stiar og løypar. Ein av hytteeigarane har innspel om det. Planleggar kommenterar at den aktuelle løypa framleis kan nyttast, men at dei i framtida vil måtte krysse ein veg. Heilt i enden av feltet mot søraust er ein kolle på toppen, som er eit naturleg

3 turmål. Planleggar hadde fyrst teikna inn nokre hyttetomter her. Me vart saman einige om å ta desse ut. Rådmannen vil rå til å ta ut også tomt 69, slik at heile kollen er ope for alle. Landskap Vinje kommune har ein del å svare for i høve til hyttebygging og landskap i Vågsli. Nokre hytteområde ligg fint i landskapet, andre ikkje. Det varierar også kor synlege hyttefelta er frå viktige stader der mange ferdast gjennom området, td E134. Oppe langs den fyrste kollen ein kjem til, syner planframlegget ein veg og mange hytter. Sjå fotomontasje som ligg ved. Denne vegen blir tilkomst til 22 nye hytter. Vegen og 13 av hyttene blir synlege frå E134, nokre truleg i silhuett. Planleggjar kommenterar dette omsynet i plandokumentet, og skal laga ein illustrasjon av dette til møtet i planutvalet. Dei meinar at dersom me krev at feltet ikkje skal vere synleg frå E 134, vil det vere å handsame dei ulikt i høve til andre felt i Vågsli-området. Det er rett at det er mange andre felt i Vågsli som er synlege frå E 134. Det er likevel skilnad på korleis dei er synlege. Det burde vere eit mål for utbyggar og planleggar å få skryt av felta sine. Det kan dei få dersom feltet er heilt usynleg frå vegen, men også dersom det som synes er gjort på ein fin måte i høve til terrenget. Ein illustrasjon vil hjelpe oss med å sjå kor synleg det som nå er planlagd vil bli. Dersom me er einige om at det skal vere så lite i silhuett som mogleg, kan me etterkvart diskutere korleis me skal få det til. Eit anna moment er at om det faktisk skulle komme ei høgfartsbane i området om nokre år, så vil det at hytteområdet vert særs eksponert mot E134 bli lite relevant. Det vil då bli ein banetrasé framfor hytteområdet, kanskje ein stasjon. So langt må me halde oss til at det blir mange år til det kjem ein høgfartsbane. Det er då fleire alternativ. Det mest restriktive er å ta ut vegen (veg 1) og tomtene 1-3, 5-14 og 106. Tomtene må da få tilkomst på anna vis. Ein kan også ta ut berre dei tomtene kor hyttene vil verte synlege i mot horisont, truleg 1, 2, 6, og 106. Ein meir moderat endring vil vere å redusere storleiken på hyttene som ligg ut mot E134. Me vil rå til det siste, men er også opne for å diskutere med planleggar etter at me har ein illustrasjon på bordet. Framlegget frå rådmannen blir då : For tomtene 1 3, 5 14 og 106 vert grad av utnytting sett til 85m2 BYA, + et anneks på inntil 15 m2 dersom terrenget tillet det. Mønehøgda skal ikkje overstige 4,5 m, og gesimshøgda skal ikkje overstige 3,0 m. Gavl skal vere maks 7,0 m. Alle takflater skal vere ubrotne (utan ark, oppløft el.l.). Inne i området vil nok mange av de nye hyttene bli ganske eksponert. Mellom anna vil det bli nokre fleire hytter langs kammen som gjeng aust-vest, som er særs synleg frå den nordlege delen av hytteområdet (tomtene 32 33, 51, 70 73). Blant dei mest eksponerte her er truleg tomt nr. 33, som ligg slik at hytta vil bli synleg i silhuett, kanskje med gavlen fram. Lenger nord i området er det også mange tomter som ligg høgt. Tomt 23 ligg oppe på ein topp mellom Botn Aust og Botn Vest. Dersom ein flytt byggegrensa mot søraust, td 6 m lenger nordvest, vil hytta bli noko mindre synleg frå aust. Hytta vil likevel bli ganske synleg

4 frå vest. Me vil ikkje rå til nokre endringar, inne i området må ein må kunne leva med ein del eksponerte hytter. Storleiken på hyttene Det er gjort framlegg om ei moderat storleik, samanlikna med fleire av dei andre nye hyttefelta i Vågsli : 110 m2 + 2 anneks på 15 m2, med maks 6,3 m mønehøgde og 3,9 m gesimshøgde. Det er no vedteke nye målereglar for høgde. Dersom oppstoge skal vere tillete, må det inn ei setning om det, for eksempel : Oppstoge er tillete innafor maks 1/3 av hyttas totale lengde. Rådmannens framlegg til vedtak: Framlegg til reguleringsplan for Botn Aust, del av gnr 100, bnr 1 vert lagt ut til offentleg ettersyn i tråd med pbl 27 1, med fylgjande endringar : 1. Bustadområde B1 vert endra som vist på skisse. På den øvste tomta skal mønehøgda ikkje overstige 5,5 m og gesimshøgda ikkje overstige 3,5 m frå topp grunnmur. Alle takflater skal vere ubrotne (utan ark, oppløft el.l.). 2. Bustadtomt B2 vert endra til fritidsbustad. 3. Tomt 69 går ut. 4. For tomtene 1 3, 5 14 og 106 vert grad av utnytting sett til 85 m2 BYA, + et anneks på inntil 15 m2 dersom terrenget tillet det. Mønehøgda skal ikkje overstige 4,5 m, og gesimshøgda skal ikkje overstige 3,0 m. Gavl skal vere maks 7,0 m. Alle takflater skal vere ubrotne (utan ark, oppløft el.l.). Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Planutvalet : Framlegg frå Halvor Midtveit: Saka vert utsett for å få omarbeidd planen ved at hyttene som blir mest synleg frå E-134 må kuttast ut. Planen må omarbeidast slik at næringsområdet vert ein del av planen. Planutvalet syner elles til kommunedelsplanens føresegner om utbyggingsrekkjefølgje i område med kombinert formål. VEDTAK: Framlegget frå Halvor Midtveit vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett for å få omarbeidd planen ved at hyttene som blir mest synleg frå E-134 må kuttast ut. Planen må omarbeidast slik at næringsområdet vert ein del av planen.

5 Planutvalet syner elles til kommunedelsplanens føresegner om utbyggingsrekkjefølgje i område med kombinert formål.