BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015
|
|
- Thomas Aune
- 4 år siden
- Visninger:
Transkript
1 BARNEOMBODET Kunnskapsdepartementet E-post: Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015 Svar på høyring av NOU 2015: 8 «Fremtidens skole - fornyelse av fag og kompetanser» Barneombodet ynskjer hovudtrekka i NOU 2015:18 velkommen, fordi dei leier fram mot eit mogleg paradigmeskifte i korleis ein ser på læringa til elevar, på læreplanar og på kompetansar i norsk skule. Vi meiner et slikt skifte er naudsynt for at barn og unge skal verte betre rusta for utfordringane i framtida, og at norsk skule skal svare på dei utfordringane som følgjer av artikkel 3, 12 og 29 i barnekonvensjonen. Vi er likevel bekymra for at ei slik omstilling til framtidsskulen kan gå føre seg stykkevis og ikkje heilskapleg, og med for dårlege økonomiske rammer. Barneombodet ønskjer å åtvare mot ei slik stykkevis omstilling, fordi den vil ramme elevane. I denne høyringa vil vi gå gjennom dei fire hovudtemaa departementet ynskjer synspunkt på. Vi kommenterer berre nokre av dei områda utvalet har arbeida med. I tillegg vil vi ta opp nokre forhold som vi ser som viktige for framtidsskulen, men som ikkje er dekka av dei fire temaområda. Vi vil svare på høyringa etter den disposisjonen departementet ynskjer og legg opp til i høyringsbrevet. Samandraget i første avsnitt følgjer også same disposisjon. Samandrag av hovudpunkta i høyringssvaret 1. Kompetansar i framtidsskulen Barneombodet støttar alle tiltaka som utvalet foreslår, men vi ønskjer å få avklart einskilde forhold. Vi er særs nøgd med at utvalet legg stor vekt på at dei sosiale og emosjonelle kompetansane til elevane vert utvikla som ein del av faga. 2. Fagfornying og læreplanmodell Barneombodet vil særskilt trekke fram og støtte dei tiltaka som gjev elevane djupare forståing og kunnskap, og tiltaka som bidreg til betre kunnskap om folkehelse og livsmestring. 3. Undervisning og vurdering Barneombodet er særs nøgd med at utvalet legg avgjerande vekt på ein ny praksis for vurdering med elevane i fokus. 4. Implementering Barneombodet er nøgd med at utvalet tek omsyn til vanskar med å implementere den førre læreplanen, og at dei ønskjer ein betre prosess denne gongen. Vi støttar Postadresse: Besøksadresse: E-post: Postboks 8889 Youngstorget Karl Johansgate OSLO 0154 OSLO Tlf Inngang frå Dronningens gate Org.nr.:
2 dei fleste forslaga frå utvalet, men saknar eit sterkare fokus på dialog med elevane og deira organisasjonar i arbeidet med å implementere planane. 5. Barneombodet tek opp døme på fleire tiltak vi meiner må sjåast i samanheng med tiltaka i pkt. 1-4 for at ein skal lukkast med viktige endringar i framtidsskulen, til dømes læringsmiljøet og det psykososiale miljøet til elevane. Om Barneombodet Barneombodet har ein eigen lov og instruks som seier at vi skal jobbe for at barn og unge sine behov, rettar og interesser skal bli tekne godt nok omsyn til på alle område i samfunnet. Barneombodet skal foreslå tiltak som er bra for barn, og vi skal spesielt følgje opp FNs barnekonvensjon. Kompetansar i framtidsskulen Barneombodet støttar utvalet i forslaga om dei fire nye kompetanseområda i faga i framtida, og gjennom dette ei større breidde i synet på kompetanse enn i dag. Når skuledagen framleis skal organiserast etter fag, er det avgjerande for læringa til elevane i framtidsskulen at nye kompetanseområde blir prioritert. Barneombodet meiner utvalet har gjort kloke val når dei legg større vekt på kva elevane kan gjere framfor kva dei beskriv at dei kan. Ei slik endring er også gjort i ei rekke andre land i verda dei seinare åra. Barneombodet meiner det er klokt å formulere om dei grunnleggjande ferdigheitene i skulen, slik utvalet foreslår. Det er særs viktig at det å rekne, lese og skrive går inn i fleire fag. Barneombodet støtter utvalet i at den sosiale og emosjonelle kompetansen til elevane skal gå inn i faga som ein del av dei tilrådde kompetanseområda, og få ein plass når ein skal vurdere elevane sin kompetanse i faga. Vi er usikre på korleis dette skal gjerast i praksis, og om eller korleis ein skal måle/vurdere denne delen av kompetanseområda i framtidsskulen. Vi ønskjer difor at dette vert avklara. Utvalet legg stor vekt på at elevane skal lære å «kommunisere, samhandle og delta». Ein del av dette er å kunne samarbeide om oppgåver som skal løysast, og ein annan del er demokratisk kompetanse. Barneombodet er særs nøgd med dei vurderingane utvalet gjer når det gjeld samarbeid og demokratisk kompetanse. Vi saknar likevel at utvalet har tatt omsyn til dette i sine eigne forslag. Dette kjem best til syne i forslaga til implementering av framtidsskulen, der medverknaden frå elevane er uklår. Vi viser til barnekonvensjonen, artikkel 12, om barn og unge sin medverknad og rett til å bli høyrd i alle saker som angår dei. Fagfornying og læreplanmodell Barneombodet meiner alle dei ni tiltaka utvalet foreslår i prinsippet kan vere gode. Likevel er det naudsynt å konkretisere tiltaka før det er mogleg å sjå korleis dei praktisk vil verke inn på elevane. Eit døme på dette er metodar i faga som kan bidra til ei djupare forståing og kunnskap. For at elevane skal få meir kompetanse innafor dei fire kompetanseområda, er det naudsynt med ei djupare forståing. Dette vil også vere avgjerande for at elevane skal kunne vurderast ut frå kva dei faktisk kan gjere, og ikkje berre kva dei seier at dei kan. Barneombodet er einig i prinsippet, men vi ønskjer å sjå fleire konkretiseringar og korleis dette skal gjennomførast innafor ramma av tilpassa opplæring i ein inkluderande skule. Vi vil også trekke fram dei forslaga utvalet kjem med når det gjeld å fornye fleirfaglege tema. Vi er glade for at viktige tema som folkehelse, livsmestring, det fleirkulturelle samfunnet og berekraftig utvikling får plass i fleire fag på ein systematisk måte. Barneombodet meiner slike tema heng nært saman med dei kompetansane som er omtala som kompetansar i 2
3 framtidsskulen, særleg kompetanse i å kommunisere, tenke kritisk og i å løyse problem. Det er difor naudsynt at slike tema ikkje blir einskildståande tema eller eigne fag. Som nemnt i innleiinga til avsnittet, krev nokre av forslaga å bli konkretiserte. Eit område som er uklårt for Barneombodet, er korleis ein skal løyse vurderinga av om eleven har ein tilfredsstillande progresjon i faga, om eleven treng spesialundervisning eller ikkje, og kva ei slik vurdering skal byggje på (Jf. Pkt ). Vi er sikker på at eit så viktig spørsmål for den rettslege og faglege tryggleiken til elevane kan løysast, men ser fram mot at dette vert konkretisert og avklara. Det siste punktet i høyringsbrevet til departementet er særs viktig. Utvalet legg stor vekt på ein god samanheng mellom læreplanane og ressursar til rettleiing. Dette vart ikkje teke omsyn til når dei noverande læreplanane vart innførde. Eit resultat av dette var store forskjellar i korleis kommunar og skular evna å utvikle lokale læreplanar. Barneombodet meiner det er kritisk når ein skal innføre nye læreplanar at økonomi, kompetanse og rettleiing er på plass, og at arbeidet vert heilskapleg og med felles nasjonale føringar. Undervisning og vurdering Barneombodet er nøgd med at utvalet ønskjer å utvikle ein plan for kompetanseutvikling som legg vekt på dei fire kompetanseområda og fornya læreplanar. Vi er likevel bekymra for kor mykje vekt dette kjem til å få når nye læreplanar skal innførast. Dette kjem fyrst og fremst av dei høge kostnadane eit slikt tiltak har. Vi viser til siste punkt i vårt svar, der vi omtalar samanhengen med andre naudsynte tiltak i skulen. Barneombodet er særs nøgde med at utvalet ønskjer å legge stor vekt på ein ny praksis for vurdering med elevane i fokus. Vi mottar i dag mange saker der elevar er misnøgde med måten vurdering i skulen skjer på. Barneombodet er bekymra for kompetansen og praksisen i skulen når det gjeld ei fagleg forsvarleg vurdering for læring. Å leggje om praksis og utvikle ny kompetanse kan vere eit riktig steg mot ei verkeleg vurdering for læring for elevane. Det å leggje om krev at skulane tek elevane med frå starten av i arbeidet med å implementere nye læreplanar, jf. Artikkel 12 i barnekonvensjonen. Elevmedverknaden kjem ikkje klart nok fram i forslaga frå utvalet. Vi vil understreke at det er særs viktig at kompetansen i skulen er på plass før ein innfører eit nytt grunnlag for vurdering av kompetansen til elevane. Utvalet drøftar korleis måten skulane arbeider med læringsmiljøet og det psykososiale miljøet på er avgjerande for at skulen skal lykkast med å gje elevane naudsynt læring og utvikling i faga (pkt ). Barneombodet ber departementet om å sjå nøye på korleis forslaga i NOU 2015:8 kan sjåast i samanheng med forslaga i NOU 2015:2, «Å høre til». Implementering Utvalet ønskjer ein overordna strategi for å innføre eit nytt innhald i skulen, der både nasjonale, regionale og lokale oppgåver er klart formulerte, og at ein legg stor vekt på dialog. Barneombodet har ingen merknadar til de meir overordna strategiane for implementeringa. Vi legg merke til at utvalet har gått grundig gjennom erfaringane frå K-06, og at dei ønskjer å hindre at same feil vert gjort på nytt. Dette er positive ambisjonar som Barneombodet støttar. Barneombodet er nøgd med at utvalet beskriv ei aktiv elevrolle når det gjeld læring i framtidas skule. Vi er difor noko overraska over at utvalet i mindre grad beskriv korleis elevar og føresette og deira organisasjonar skal involverast i arbeidet med å implementere eit nytt innhald i skulen. Det å involvere foreldre er nemnd, men det er uklårt om elevane skal 3
4 vere ein part lokalt, regionalt eller sentralt i arbeidet med å implementere nytt innhald i skulen. Barneombodet ønskjer at dette sikrast gjennom sentrale føringar og ikkje overlatast til regionale eller lokale initiativ. Andre innspel som ikkje er dekka av stikkorda til departementet Skule- og læringsmiljøet til elevane Barneombodet er nøgd med at utvalet legg avgjerande vekt på elevane sitt skulemiljø og læringsmiljø i det å utvikle framtidsskulen. Vi ber om at departementet ser på tiltaka til utvalet i samanheng med tiltaka i NOU 2015: 2 «Å høre til», slik at det vert ein heilskapleg innsats når det gjeld det å byggje kompetanse i skulen. Fleire av tiltaka i NOU 2015:2 er særs viktige, og vi meiner desse må prioriterast før ein startar arbeidet med å implementere nye læreplanar i skulen (Sjå Barneombodets høyringssvar til NOU 2015:2) Barneombodet er redd for at alle dei gode forslaga som ligg i både NOU 2015:2 og NOU 2015: 8, er så kostnadskrevjande at dei ikkje kan følgjast opp. Dei store endringane som er naudsynte for å sikre elevane eit trygt skulemiljø, og for å byggje framtidas skule, kan ikkje gjennomførast utan omfattande økonomiske tiltak. Utan økonomiske insentiv på høgt nivå kan elevane bli ramma på ein særs uheldig måte. Det same kan skje om ein ser rekka med gode tiltak som einskilde fragmentar av ein ny skule for elevane. Det er nettopp samanheng og heilskap i forslaga som bidreg til å forme framtidsskulen. Eit døme på ein slik heilskap er at skulemiljø og læringsmiljø blir sikra på forsvarleg vis før ein set nye krav til kva og korleis elevar skal lære. Fleksible løysingar i framtidsskulen Utvalet ønskjer fleksible løysingar i fag- og timefordeling i framtidsskulen for å stimulere til læringsarbeid på tvers av faga. Barneombodet meiner ei slik endring er positiv. Vi saknar samstundes ei utgreiing av andre nødvendige fleksible løysingar i framtidsskulen. Dette gjeld både lekser, starten, slutten og lengda på skuledagen, og lengda på skuleåret lengde. Nedanfor gjer vi greie for nokre område vi meiner bør vurderast i samband med å utvikle framtidas skule. Lekser Elevar er delte i synet på om lekser er naudsynt for å lære, det same er forskarar. Det er likevel ei kjennsgjerning at skuledagen er lang for mange elevar, og at lekser kan vere krevjande på kveldstid for både elevar og føresette. Fleire elevar som i dag skriv til Barneombodet, fortel om daglege lekser som gjer at dei ikkje kan delta i aktivitetar på fritida. Vi er bekymra for om nokre skular nyttar lekser som ei løysing på tidspress i skuledagen, slik at elevane skal komme gjennom alle dei naudsynte områda i læreplanen. Fleire meldingar frå elevar tydar på at lekser ikkje er ein repetisjon av lært stoff, men handlar om å lære seg nytt stoff. Barneombodet ønskjer at framtidsskulen også skal ta tilstrekkeleg omsyn til behovet elevane har for kvile og fritid, og retten til å delta i aktivitetar innafor idrett og kultur, jf. barnekonvensjonen artikkel 31. Ei endring av lengda på skuledagen, der alt skulearbeid er ferdig når eleven kjem heim, kan vere ei løysing på nokre av dei utfordringane ein ser i dag. Skuleåret Barneombodet ønskjer at departementet ser på skuleåret til elevane og fordelinga av timer og dagar når dei skal forme. Vi er usikre på om ferie, fridager og lengda på sommarferien er utforma etter behova til elevane, eller om det er andre omsyn som ligg til grunn. Ein open og brei prosess, der ein vurderer kva som er behova til elevane og kva som er til det beste for 4
5 elevane, kan gje andre svar på korleis ein skal dele inn eit skuleår enn den delinga og lengda på feriar vi har i dag. Barneombodet meiner ein slik gjennomgang er naudsynt med tanke på å ruste elevane best mogleg for utfordringane i framtida. Fleksible skuledagar Utvalet har ei lang rekke forslag til korleis læring skal skje i framtidsskulen. Nokre av tiltaka legg stor vekt på at det er elevane sin eigen progresjon og korleis dei lærar som skal prege opplæringa. Barneombodet ønskjer at det i framtidsskulen også skal vere mogleg med fleksible løysingar på skuledagane. I dag har vi god kjennskap til korleis hjernen til elevar utviklar seg, og kva som er kjenneteikn på dei ulike fasane i utviklinga. Framtidsskulen kan ta denne kjennskapen med når skuledagen skal planleggjast. Vi har ikkje svaret på korleis slike fleksible løysingar kan gjerast, men vi ønskjer at departementet vurderer ulike moglegheiter der nyare forsking og kjennskap til elevar former når, kor og korleis elevane skal lære for at dei skal ha best mogleg utbytte av det. Barneombodet ser fram til å følgje dei komande politiske prosessane der framtidsskulen skal formast, og vi ønskjer velkommen naudsynte avklaringar og konkretiseringar. Venleg helsing Anne Lindboe barneombod Morten Hendis seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur. 5
Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying
Fag og fornying sentrale begrep Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting fleirfagleg tverrfagleg kjerneelement kompetanse vurdering læreplanar fagfornying byggesteinar djupnelæring
BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/01630-2 Ane Gjerde 11. desember 2013
BARNEOMBODET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/01630-2 Ane Gjerde 11. desember 2013 Høyring - forslag til endringar
BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014
BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett
SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO
SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske
Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i
Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018
Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT
Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Komité for drift Uttale til høyringa - NOU 2015:2 Å høyre til.
Vurdering på barnesteget. No gjeld det
Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev
Elev- og lærlingombod i HFK
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16
Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule
Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø
Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )
Nytt kap 9A opplæringslova Prop 57 L (2016-2017) Nye reglar om skulemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høyring av nytt kapittel 9 A i april 2016 Proposisjon lagt fram for Stortinget 17. feb.
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4 Planlagt behandling: Formannskapet Kommunestyret NY IDRETTSHALL -TOMTEALTERNATIV Bakgrunn for saka: Denne saka vart
RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017
RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...
Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule
Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske
Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT
Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/2181-25368/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 16.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 16/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Uttale til høyringa
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK
Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd
Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 18.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Bergen kommune Postboks 7700 5020 Bergen ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Kommunedelplan for oppvekst
Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står
Varsel om tilsyn med Gaular kommune - Bygstad skule, Sande skule og Viksdalen skule
Vår dato: Vår ref: 23.05.2019 2019/11079 Dykkar dato: Dykkar ref: Gaular kommune Vadheimsvegen 15 6973 SANDE I SUNNFJORD Saksbehandlar, innvalstelefon Helge Pedersen, 5764 3101 Varsel om tilsyn med Gaular
HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA
Kunnskapsdepartementet Postbokds 8119 Dep 0032 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: MR 16971/2006/A50/&13 Anita Steinbru,71 25 86 95 13.09.2006 - HØYRINGSUTTALE - RAPPORT
Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor
Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til
VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss
VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette
Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det
Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande
GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage
Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser
Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/8496-4 Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser Fylkesdirektøren rår
Skuleåret 2017/2018.
Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva
til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte
PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
Til Kunnskapsdepartementet
Fra: fmrohbo@fylkesmannen.no Sendt: 2. januar 2015 13:31 Til: Postmottak KD Emne: E-post: Høring Forslag til endringer i opplæringsloven og privatskoleloven - Kompetansekrav for å undervise i fag - Barneverntjenestens
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse 13/756 Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr: 12/178 16/10841 Arkiv: K1-430, K2 - A00 Oppvekst -Skuleeigarrapport om tilstanden i Sulaskulen 2015-2016 Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet
Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN
Saksprotokoll Utvalg: Kommunestyret Møtedato: 15.12.2011 Sak: 121/11 Resultat: Innstilling m/tillegg vedtatt Arkivsak: 11/794 Tittel: HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN Behandling:
BARNEVERNET. Til beste for barnet
BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet
Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon
SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT UTBYTE AV OPPLÆRINGA Spørsmål som skal vurderast og svarast på Ja/nei Skuleleiinga si vurdering av situasjonen ved skulen grunngjeving for svara i førre kolonne SKULEN
Side 1 av 1 Fylkesrådmannen postmottak@kd.dep.no. Sakshandsamar: Ina Therese Sørfonden E-post: Ina.Sorfonden@sfj.no Tlf.: 41530709 Vår ref. Sak nr.: 15/5202-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Langeland skule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Langeland skule...
til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag
Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske
Radøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 062/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.10.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/230 16/12590 Kommunal planstrategi Radøy kommune 2016-2020
HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013
Høyringssvar - endringar i opplæringslova og friskulelova - nytt kapittel om elevane sitt skulemiljø
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2016/4303-2 Saksbehandlar: Mari-Kristine Morberg Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.09.2016 Høyringssvar - endringar i opplæringslova
Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:
MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09
Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet
Noregs Mållag Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo E-post: nm@nm.no Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo E-post: postmottak@kd.dep.no Oslo, 31. oktober 2010 Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet
BARNEOMBODET. Høyring råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar i kommunar og fylkeskommunar
BARNEOMBODET Kommunal- og moderniseringsdepartementet Postboks 8112 Dep 0032 OSLO Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 16/00288-2 Thomas Wrigglesworth 6. mai 2016 Høyring råd for ungdom, eldre og
Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet
Kafédialog Ungdommens kommunestyre
Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.
Plikt til å tilby leirskuleopphald eller annan skuletur med overnatting som ein del av grunnskuleopplæringa
Høyring om endringar i opplæringslova og friskolelova. Plikt til å tilby leirskuleopphald. Skulebyte i vidaregåande opplæring. Høyringssvar frå Utdanningsforbundet Utdanningsdepartementet har sendt ut
PPT no og i framtida.
PPT no og i framtida http://liuandco.uk/news/diversity-within-architecture Har du møtt ei PP-teneste har du møtt ei PP-teneste FINN PPT! Oppgåvene til PPT Opplæringslova 5.6 - Tenesta skal hjelpe skulen
Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.
Prinsipper for opplæringen Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. ARTIKKEL SIST ENDRET: 25.08.2015 Innhold Innleiing Læringsplakaten Sosial og kulturell kompetanse Motivasjon
TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole
TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Nord-Fron kommune Vinstra
Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole
BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Notat Saksnr.: 200807521-51 Saksbehandlar: OLHG Emnekode: SARK-2000 Til: Frå: Alle grunnskular Fagavdeling barnehage og skole Dato: 17. august 2010
UTVIKLINGSPLAN Bø skule
UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen
Barnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging
Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune
Endeleg TILSYNSRAPPORT
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med
Plan for eit trygt og godt skulemiljø
Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev
Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport
Fylkeskommunane sitt landssamarbeid Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport Eksamensrettleiing for lokalt gitt skriftleg eksamen i
Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene
Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Uttalelse - Utdanningsforbundet Status: Innsendt av: Innsenders e-post: Innsendt til Utdanningsdirektoratet Innsendt og bekreftet av
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet
SAMARBEID HEIM OG SKULE
SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)
Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 DEP 0032 OSLO Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 17 / 6799-5 Gje
Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad
Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag
HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF
Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan
Foreldremøte 19. september 2018
Foreldremøte 19. september 2018 Folkestad skule NB: Husk å slå på mobiltelefonen når møtet er ferdig! Presentasjon av personalet TEMA FELLESDEL Praktisk info Samarbeidet skule heim Digitalt medvit «Ta
Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg
BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO
BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera
Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet
Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule November 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet...
Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)
Adressatar ifølgje liste Deres ref Vår ref Dato 15/140-28.01.2015 Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova) 1. Kva høyringsbrevet gjeld Ny jordskiftelov blei fastsett 21.
Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers
Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers Alle foto: Elisabeth Tønnessen Kjære føresette Barnet ditt skal byrje i første klasse på ein skule som har takka ja til å vere med
NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.
NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef
Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.
Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for oppvekst, kultur, idrett Møtedato 25.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post:
Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule
Rutinar for overgangen frå barnehage til skule FORORD Hausten 2008 oppretta Lindås kommune ei gruppe Tidleg innsats, som mellom anna skulle utarbeida rutinar for overgangen frå barnehage til skule. Gruppa
Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting
Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11
Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator
Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval
Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet
Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.
6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte
TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.
FUSA KOMMUNE TILLEGGSSAK Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/6160-3 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 20.09.2012 Tid: Kl. 16:00 Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida
Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak
Eid kommune Arkiv: FE - 140 JournalpostID: 17/824 Saksbehandlar: Anne-Grete Eikås Vedtaksdato: 20.01.2017 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 006/17 Eid ungdomsråd 28.02.2017 006/17 Råd for menneske med
Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.
Møtereferat Orstad FAU Dato 17.4.2018 kl. 18.30 Til stades Bente Thingbø-Støldal Jone Aasland Sigurd Svela Silje Husveg Nerheim John Lende Inger Johanne R. Bøe Jan Harald Forsmo Kamilla Eikrem Nordmark
Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.
Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven
Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0
Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.
GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir
i -0'_::.:: ---N KOMMUNE _- - -: GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir r' I Styre, utval komite m.m. Møtedato Sakser O vekstutvalet Avgjerd av : Oppvekstutvalet Arkiv: Al Arkivsaker.: Saksbehandlar : Arne Eikenes
SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 037/17 Levekårsutvalet PS /17 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne PS
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 037/17 Levekårsutvalet PS 30.05.2017 028/17 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne PS 29.05.2017 Saksbehandlar ArkivsakID Dina Dyrhovden 17/1486 Høyringsuttale - ny
Kvalitetskriterium i PP-tenesta
Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke
SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:
v SUtDAI K O M M O N E STABEN K O Det kongelige kunnskapsdepartement Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Dykkar ref. Vår ref. Arkivkode: Dato: 2008000332-9 2008003334 A20 05.03.2008 UTVIDA TIMETALI SMÅSKULEN 2008
BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18
BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN HAUSTEN 2017-18 «Samarbeid, Kontinuerleg framgang, Omsorg SKO deg for livet!» Eleven si faglege resultat ligg stabilt på eller over landsgjennomsnittet
Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule
Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Dei tre skulane våre i kommunen har stor betyding for nærmiljøet i bygdene våre.
SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS 28.10.2014 Saksbehandlar ArkivsakID Kristin Moe 14/6952 Leksehjelp i grunnskulen i Lindås kommune Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Lindås kommune
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal
Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve
Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle
STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:
Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering