Nr. 17 Torsdag 3. mars 2011 Årgang 39 Laussal kr. 20 Årsmelding 2011 for Grannar as Org.nr. 923 708 715 Portrett: Kari Johansson Treng du EU-kontroll? Bestill time på www.etneauto.no heile døgnet eller tlf. 53 75 69 69 SIDE 18-19 Styrer milliardar Tor Magnar Kambe og hans vesle suksessbedrift i Ølen har passert ei kundeportefølje som inneber over ti milliardar kroner i økonomistyring. SIDE 4 Trenar meir enn VM-dronninga Sterkne namn til marknaden Den folkekjære rockepresten Bjørn Eidsvåg er blant dei sterke norske artistnamna som er klare til Etnemarknaden i august. SIDE 20-21 Omreisande i livsglede Elin Anita Verdal har gjesta Vindafjord der det landsomfattande konseptet «Livsglede for eldre» blei godt mottatt. SIDE 6 OG 7 På tampen Erika Fatland skriv om sin fuktige barndom BAKSIDA «Sitatet Kriminelle MC-klubbar kan ikkje vinna mot eit heilt samfunn. SIDE 5 Å vera gardist i musikktroppen krev disiplin og orden. Dei siste fem månadene har David Kleiven lagt bak seg rundt 800 timar med trening. Å stryka Kongens klede er ei av mange oppgåver om dagen for David Kleiven (19). Den unge skjoldabuen er dagleg i tv-ruta i Kollen der han som gardist trakterer signalhorn under blomsterseremoniane for FOTO: ANTON LIGAARDEN skiheltane. Den siste tida har Kleiven og dei andre i 3. Gardekompani lagt bak seg meir trening enn sjølvaste VM-dronninga Marit Bjørgen for å vera klare til meisterskapen i Oslo. SIDE 9 Viktige hendingar i året: Januar Kari Johansson, Skånevik kåra til Årets namn 2010 3. mars 28. mars Juli 1. august Oktober Stor omlegging og fornying av papiravisa Årsmøte i Grannar, Ølen kulturhus Gir ut avis i samarbeid med Etnemarknaden Anne Karine Stautland går inn i nyoppretta journaliststilling. Grannar-figuren Guri Malla kjem ut i bokform 24. november Rekord: Nr 87 er på 52 sider som er største enkeltnummer i historia
Grannar As gir ut lokalavis for kommunane Etne og Vindafjord. Kontorstaden er Etne 2011 var eit hektisk år for Grannar med ei stor omlegging av papiravisa og fleire utskiftingar i staben, men også eit godt år økonomisk. Annonseinntektene var betre enn budsjetterte, medan opplaget hadde eit fall. Avisa kom ut med eit positivt driftsresultat, og posisjonen til avisa er solid både i lokalmarknaden og økonomisk sett. Også nettavisa (grannar.no) har god utvikling. Lokalavisa Grannar (tal frå fjoråret i parantes) Godkjent opplag hadde ein tilbakegang på 134 (-36) eksemplar, som tilsvarer 3,5% (0,9%), til 3.682 (3.816) i opplag. Laussalet var på 164 (171). Grannar kom ut med 96 utgåver i 2011 med totalt 2.252 sider. Dette er like mange utgåver som året før, men 260 sider meir enn året før, ein auke på 13%. Auken skriv seg frå omlegging av papiravisa frå 1. mars. Kvar utgåve var i gjennomsnitt på 23,5 (20,6) sider. Fordeling: 1.772 redaksjonelle sider, som utgjorde 78,7%, og 480 annonsesider, tilsvarande 21,3%. Fire aviser blei gitt ut med temasider; éi av desse blei laga i samarbeid med Tysvær Bygdeblad. Sommaravisa 2011: Totalt 32 sider, fordelt på 12 annonsesider og 20 redaksjonelle sider. Prosjektaviser 2011: Etnemarknadsavisa, totalt 32 sider; 15 annonsesider og 17 redaksjonelle sider. Etne senteraviser, blei gitt ut 4 gonger med totalt 52 sider. Personale og arbeidsmiljø Inger Marie Skjølingstad begynte i ledig stilling som annonsekonsulent 1. mars. Nye i redaksjonen er Grethe Hopland Ravn, frå 15.02., Anne Karine Stautland, frå 1.08. og Elin B. Øvrebø, frå 18.08. Ved utgangen av året hadde Grannar 10,8 (9,8) årsverk i faste stillingar. Ved utgangen av året var det 12 fast tilsette, og gjennomsnittsalderen var 42 år (47). Det var kvinner i ni av stillingane. Sjukefråværet var på ca 2,4% (6,3). Grannar er Inkluderande Arbeidslivsbedrift, og har nytta ordninga éin gong i året til internt seminar. Grannar har obligatorisk tenestepensjon på 3%. Det er ikkje gjennomført medarbeidarsamtalar i året, men HMS har vore opp som fast sak på 6 personalmøte. Det er montert rømingsstige etter pålegg frå Arbeidstilsynet. Bedrifta har verneombod i tråd med Arbeidsmiljølova. Dagleg leiar har gjennomført HMS-kurs for daglege leiarar. Det fysiske arbeidsmiljøet er godt. Ytre miljø Verksemda sin bransje medfører verken forureining eller utslepp som kan vera til skade for det ytre miljø. Økonomi I samsvar med rekneskapslova 3-3 blir det stadfesta at vilkåret om vidare drift er lagt til grunn ved utarbeidinga av rekneskapen. Driftsresultatet for 2011 utgjer kr 240.215 (38.026) som tilsvarer 2,4% av inntektene - ca kr 70.000 over budsjett. Samla driftsinntekter var kr 9.983.100 (9.394.000). Netto annonseinntekter var 10,3% høgare enn året før, medan bladpengar inkl. laussal auka med 1,3%. Grannar mottok kr 495.244 (480.353) i statleg pressestøtte, som er 5,0% av inntektene. Driftskostnadene inklusiv avskriving for året var på kr 9.742.904 (9.356.000), ein auke på 4,1%. Personalkostnad utgjorde 55,3% (56,8) av driftsinntektene. Ser ein bort frå pressestøtta, gjekk drifta med eit underskot på kr 255.000 (442.000). Resultat før skatt er kr 422.338 (216.476). Rekneskapen er gjort opp med eit årsresultat etter skatt på kr 301.919. Overskotet blir lagt til opptent ei-
Sak 10 Retningslinjer ved sal av aksjar Administrasjonen har på oppdrag frå styret laga retningslinjer for sal av aksjar i Grannar AS, som i er behandla i styret (sak 17/2011). I vedtaket ber styret om at retningslinjene blir lagt fram som sak på årsmøtet i 2012. Bakgrunn for saka: Fleire aksjonærar tar kontakt med Grannar med ynskje om hjelp til å selja sine aksjar. Dette kan vera i samband med dødsbu, arveoppgjer eller at dei rett og slett ikkje ynskjer å sitja på aksjar. Administrasjonen svarer at aksjesal i utgangspunkt ikkje er ei sak for selskapet, men at me kan bistå dersom det likevel er eit ynskje. Vedtektene seier ingen ting om korleis slike saker skal handterast, og det er difor behov for faste retningslinjer slik at det blir ein einsarta prosedyre for aksjar i handel. Forslag: 1. Aksjar for sal skal tilbydast tilsette og styremedlemmar i Grannar AS ved at det går ut ein førespurnad maks éin gong i året. 2. Dei som ikkje har aksjar frå før skal ha fortrinnsrett. 3. Aksjepost med fleire aksjar skal splittast opp og kjøpast enkeltvis slik at flest mogeleg interesserte får sjansen. 4. Når det er fleire som melder seg enn aksjar tilgjengelege, skal kjøpar avgjerast ved loddtrekning av administrasjonen. 5. Handelen blir ei sak mellom seljar og kjøpar i tilfelle der seljar ikkje har gitt administrasjonen ei fullmakt. 6. Pris per aksje er eit forhold mellom seljar og kjøpar. Likningsverdi bør vera rettleiande. 7. Alle aksjetransaksjonar skal godkjennast av styret. Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner forslaget
Årsmøte 2011 - Grannar AS Måndag 26. mars 2012 kl. 19.30 Årgang 40 Saksliste Sak 1 Godkjenning av innkalling og saksliste Sak 2 Val av møteleiar og skrivar Sak 3 Val av to personar til å skriva under møteprotokoll Sak 4 Godkjenning av fullmakter, og registrering av kven som møtte av aksjonærane og kor stor del av aksjonærane som er representert Sak 5 Styret si årsmelding for 2011 Sak 6 Årsrekneskap med revisjonsmelding for 2011 Sak 7 Orientering om styret sitt budsjett for 2011 Sak 8 Val etter vedtektene Sak 9 Godtgjersle til styret Sak 10 Retningslinjer ved sal av aksjar