Utviklingsprosjekt: Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre Nasjonalt topplederprogram, kull 10 Mona Ryste Volda, april 2011
1. Bakgrunn og organisatorisk forankring for prosjektet Hjerneslag representerer ei stor utfordring for den enkelte, for pårørande, for helsetenesta og for samfunnet. Det er også ein sjukdom som gir store samfunnsøkonomiske konsekvensar. Totalkostnadene med hjerneslag i Noreg årleg er om lag sju til åtte milliardar kroner. Mange av dei som overlever hjerneslag, vil derfor ha behov for rehabilitering, og mange vil vere avhengige av hjelp og støtte av andre menneske og av samfunnet. Dei siste tiåra har vi fått meir kunnskap om hjernen sin plastisitet, noko som også har medført auka fokus på rehabilitering. Forsking viser at tidleg mobilisering og aktiv rehabilitering aukar moglegheitene for å gjenvinne tapte funksjonar (Dietrichs 2007). Fordi det vert fleire eldre, forventar ein at hjerneslag vil bli ei stadig større utfordring for samfunn og helsevesen i åra fram mot 2030 (Indredavik, 2004). Med bakgrunn i dette har Mork Rehabiliteringssenter inngått avtale med kommunane på Søre Sunnmøre for å få til eit kompetanseløft på rehabilitering av hjerneslag. Prosjektet er forankra i medisinsk klinikk i Helse Sunnmøre, og prosjektet skal vere knytt til lokalsjukehuset i Volda, Mork Rehabiliteringssenter og dei sju kommunane på Søre Sunnmøre i opptaksområdet til lokalsjukehuset. Helseleiarane i desse sju kommunane er organiserte i eit felles utviklingsforum som dei kallar sjustjerna. 2. Problemstilling og målsetting Problemstilling: Mork Rehabiliteringssenter vil levere rehabiliteringstenester av høg kvalitet til beste for pasientane. For å få til dette, er vi avhengige av høg kvalitet i heile behandlingskjeda både for den rehabiliteringa som vert utført i spesialisthelsetenesta og den som vert utført i kommunehelsetenesta. Kommunesektoren har manglar når det gjeld systematiske tiltak for å utvikle eigen kompetanse innanfor rehabilitering, og spesielt innan rehabilitering av hjerneslag. Det er viktig å utvikle spesialisttenestene slik at dei i størst mogleg grad er til nytte både for pasientar og for lokalsamfunnet. Dette er ei omstilling som ikkje først og fremst skal forståast som flytting av tenester mellom nivå (desentralisering og sentralisering), men som endring av tenestene og måten helsepersonell arbeider på. Gjennom dette prosjektet ønskjer vi såleis å utvikle ulike samhandlingsmodellar og betring av pasientforløp, i tråd med nasjonale retningsliner, i høve til rehabilitering av hjerneslag. Avdelinga har eit høgt aktivitetskrav, slik at vi i for liten grad har kunna prioritere å arbeide ambulant. Vi har søkt om og fått tildelt samhandlingsmidlar frå Helse Midt-Norge, men vi manglar full finansiering for to år. Effektmål: Pasienten med hjerneslag skal få kvalitativt gode og likeverdige rehabiliteringstenester både i første- og andrelinetenesta i tråd med nasjonale retningsliner for rehabilitering av hjerneslag, og med basis i samhandlingsavtalane mellom Helse Sunnmøre og kommunane.
Resultatmål: 1. Organisere og sikre fagleg innhald og finansiering av prosjektet med deltaking frå sju kommunar i nærområdet vårt 2. Sikre kompetanseutveksling og god oppgåvedeling mellom dei sju kommunane og dei spesialiserte tilboda i Volda som også involverer pasientar og pårørande 3. Mork Rehabiliteringssenter skal utvikle ambulante tenester for betre å kunne formidle kunnskap og kompetanse til kommunehelsetenesta, samt informasjon og opplæring til pasientar og pårørande. På denne måten skal det implementerast nye samarbeidsmodellar som også omfattar korleis ein sikrar systematisk kompetanseoverføring mellom alle deltakarane i behandlingskjeda innan 2013 3. Analyse og argumentasjon rundt problemstilling Med utgangspunkt i pasientane sine behov, er det særs viktig at behandlingskjeda fungerar og vert opplevd som ein samanhengande rehabiliteringsprosess uavhengig av kva for forvaltningsnivå som har ansvaret. I flg. Nasjonale retningsliner for behandling og rehabilitering av hjerneslag er det lite forsking på kva som er den mest ideelle rehabiliteringa av hjerneslag. Det som er sikkert, er at det er viktig med samhandling mellom første- og andrelinetenesta. St. meld. 47 ( 2008 2009) Samhandlingsreforma stadfestar desse utfordringane, og til dømes er heilskaplege og koordinerte tenester eitt av måla. Dette stiller ein heil del krav til leiarar i helseføretaka, som til dømes: - utvikle gode retningsliner/prosedyrar/pasientforløp i dialog med samarbeidspartnarar og brukarar og pasientgruppene - kompetanseutvikling i takt med nye utfordringar - rehabilitering som nøkkel til meistring og livskvalitet Åm 2011 Ovannemnde krav er i samsvar med måla for dette prosjektet, og det er særs viktig for dei samla tenestene til slagpasienten at kommunane og lokalsjukehusa utviklar gode samarbeidsformer. Både medisinsk avdeling ved Volda Sjukehus og Mork Rehabiliteringssenter har dei siste åra utvikla pasientforløp for pasientar med hjerneslag, men der berre ein av dei sju kommunane har delteke i arbeidet. I vårt prosjekt utvidar derfor rehabiliteringssenteret perspektivet og dreg med alle dei sju kommunane som både er ulike i sin storleik og i tilbodet dei i dag kan gi innan rehabilitering. Søre Sunnmøre har i dag ei eldre befolkning enn til dømes Nordre Sunnmøre, og den demografiske utviklinga vil gi auka etterspørsel etter spesialisthelsetenester. Det er stor
variasjon i talet på innbyggjarar i kommunane, varierande mellom 2500 og 10000. Mork Rehabiliteringssenter har eit særs høgt aktivitetskrav når det gjeld rehabiliteringspasientar, og dette kravet er ofte til hinder for å kunne arbeide ambulant i kommunane. Konsekvensane av det er at vi ikkje ivaretek krava om å gi vegleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar i kommunehelsetenesta og andre instansar (Forskrift om habilitering og rehabilitering 2001). Øyremerka rammer til dette prosjektet vil kunne vere ein viktig bidragsytar for å endre på dette. Fagleg sett veit vi at effekten av tidleg intervensjon og rask rehabilitering er stor, og såleis vil dette prosjektet kunne vere med på å sikre likeverdige og kvalitativt gode rehabiliteringstenester for pasienten uansett kvar han er i behandlingskjeda. 4. Framdriftsplan med milepålar Prosjektet skal gå over tre år, og prosjektperioden tek slutt desember i 2013. For detaljert framdriftsplan: jfr. vedlegg 1. 5. Budsjett - nøkkeltall Prosjektet har kostnader på kr. 1 976 000,- pr. år. Finansieringa er ei tredeling mellom Helse Midt-Norge RHF, Helse Sunnmøre HF og kommunane på Søre Sunnmøre (jfr. vedlegg nr. 2). Prosjektet er allereie fullfinansiert for eitt år. 6. Interessentanalyse Det er utarbeidd interessentanalyse for prosjektet (jfr. vedlegg nr. 3). Interessentane i dette prosjektet finn vi både i kommunehelsetenesta og i spesialisthelsetenesta. Med bakgrunn i den nemnde analysen er det utarbeidd ein prosjektorganisasjon der det er lagt vekt på følgjande: Det skal vere deltaking frå dei sju kommunane og frå helseføretaket, og med vekt på å vere tverrfagleg samansett og ha med personar som har erfaring frå forsking og frå deltaking i brukarutval (jfr. vedlegg nr. 4). Det er også utarbeidd ein kommunikasjonsstrategi (jfr. vedlegg nr. 5). 7. Risikoanalyse Det er gjennomført risikovurdering på følgjande fem område: Deltaking/prosjektorganisering, rekruttering, finansiering, samhandling og omstilling. Risikofaktorane er identifiserte og rangerte etter sannsynlegheit og konsekvens (jfr. vedlegg nr. 6). Vidare finansiering er identifisert som ein faktor med høg risiko, og det må utarbeidast ein vidare finansieringsplan allereie på første møte i styringsgruppa. Dei andre identifiserte risikofaktorane har middels risiko, og tiltaksplan er utarbeidd.
Konklusjonar og tilråding Rehabilitering av pasientar med hjerneslag involverer mange aktørar og ulike forvaltningsnivå. God organisering og samhandling om rehabiliteringstilbodet i ulike fasar er viktig for optimal rehabilitering for den enkelte pasienten. Dette vil også kunne sikre betre ressursbruk. Eit kompetanseløft på rehabilitering av pasientar med hjerneslag er i tråd med nasjonale retningsliner og føringar. Det er viktig at prosjektet vert gjennomført med effektmålingar og at styringsgruppa fullfinansierar prosjektet for tre år. Prosjektet vert tilrådd gjennomført i tråd med framdriftsplanen. Litteraturliste Dietrichs E. Hjernens plastisitet perspektiver for rehabilitering etter hjerneslag. Tidskrift Nor Lægeforening 2007; 127 (9): 1228 31. FOR 2001-06-28 nr 765: Forskrift om habilitering og rehabilitering. Helse- og omsorgsdepartementet Helsedirektoratet, (2010): Nasjonal retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag. Oslo: Andvord Grafisk AS Indredavik, B., (2004): Hjerneslag. I: Wekre, L.L. og Vardeberg, K.: Lærebok i rehabilitering. Når livet blir annerledes. Bergen: Fagbokforlaget Mork Rehabiliteringssenter, (2010): Pasientforløp primærrehabilitering (v. 1.3) Utarbeidet ved: HMN RHF/HSM/Med-KL/Mork Rehabiliteringssenter St.meld. nr.47 (2008-2009): Samhandlingsreformen, Rett behandling på rett sted til rett tid. Helse- og omsorgsdepartementet Åm, Tor (2011): Førelesing om Samhandlingsreforma på Toppleiarprogrammet 15. februar Helse- og omsorgsdepartementet Vedlegg 1) Framdriftsplan 2) Budsjett 3) Interessentanalyse 4) Prosjektorganisasjon 5) Kommunikasjonsplan 6) Risikovurdering