Innebandy Ro/padling SØRAL-løp Treningssenter «For eigen maskin» Ski Golf Dans Tennis Fotball Bowling Fjelltrim Volleyball Årsrapport SØRAL bedriftidrettslag Årsrapport 2004 2004
STYRET Styret Samansetning i året har vore : Leiar Nestleiar Kasserar Sekretær Styremedlem Bjørn Heimvik Gjermund Skogseth Kirsten Hals Jan Magne Nesse Odd Arnold Hauge Det er i perioden halde eit ordinært årsmøte, fem styremøter og ei samling for alle med verv i bedriftsidrettslaget. Samlinga, som er ein nykommer, hadde oppe aktivitetstilbudet vårt, økonomi (budsjett og rekneskap) og idedugnad. I kretsregi er bedriftsidretten omorganisert på landsbasis. Dvs at rådene som har vore ute i distriktene er lagt ned og at drift/komunikasjonen i dag er i første rekke direkte til kretskontoret. Stor aktivitet Også i 2004 vart det utført stor dugnadinnsats i laget. Den største jobben var å laga ny tursti på vestsida av golfbanen. Endeleg har vi fått ein trasé for SØRAL løpet og tursti som i heilhet går utanfor industrigjærdet. Klubbhuset er blitt beisa og fekk med det eit fint ansiktløft. Deler av turstiane i fjellområda våre er nymerka, ny trase på veg til Handelandshorgja med utsikt ned i Valedalen kan anbefalast. Medlemmer frå trimgruppa set i styret i lag med turfolk frå fleire av bygdene i Kvinnherad for å laga turbrosjyre og tilretteleggja for allment friluftsliv i nærområdet. Gruppa samarbeider med turlaget og kulturkontoret. Aktiv sjef Bediftsidrettslaget vil få gratulera Jan O. Yttredal som aktiv sjef. Med alle dei aktivitetane og tiltaka som Jan og ledelsen har vore med å starta, delteke på og støtta så var det ikkje vanskeleg å vera enig med bedriftsidrettskrets, forbund, jury og avtemminga at det var ein verdig vinnar. Sportsleg opptur. Fotballgruppa vann ein etterlengta seier i eigen turnering i Husneshallen på vinteren. Laget beit óg godt frå seg i årets NM for 7ar lag i Skien. Volleyballgruppa skaffa laget heder og ære med 1. og 3. plass i turneringa på Stord. SØRAL-løpet fekk på ny deltakarrekord. Totalt 1208 personar var med på turen i 20 års jubileumet. Kvinnherad videregåande skule deltok for 5. året på rad og var også i år ein viktig medspelar i skuleløpet der også Husnes ungdomskule var med (for 4. gang) Trimgruppa arrangerte på ny rekordtur til Kaldestadåsen, og endeleg klarte vi å bryta grensa med over 1000 på besøk på ein dag. Total besøkstal vart 1041. Som vanleg fekk alle Kaldestadbolle og saft på toppen. Stor innsats av alle, men størst var likevel dei minste frå barnehagen som brukte heile dagen på turen. Sykle til jobben vart vunne i år også, men kampen vert hardare år for år. Motivasjon og gode nye idear vert nøkkelord for om vi skal fortsatt trona som best i Norge. Frå «høg» fjellet er det og svært gode tal å lesa. Etter at 5 av 11 turmål er talde opp har vi passert 17.200 besøk for 2004. Med andre ord fleire og fleire går på tur sjølv om været ikkje var spesiellt godt dette året. I september besøkte 60 pensjonistar frå SØRAL, Kvinnherad og Stord oss for å gå SØRAL-løp løypa samt sosialt samvær i klubbhuset. Takk Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og oppgaver - utan denne hjelpa kunne vi ikkje laga eit så godt fritidstilbud for våre tilsette, deira familiar m.fl. Stor takk til KVV, elevar og lærarar ved idrettsklassane for god hjelp i ulike arrangement. Sist, men ikkje minst stor takk til ledelsen på SØRAL som aktivt arbeidar ilag med oss om aktivitetane. 2005 er utnevt som friluftslivets år - håpar du set av tid til deg å dine til å delta. Vi skal gjera vårt for å laga eit allsidig tilbud. Bjørn Heimvik. FOTBALL Fotball I år starta vi frekt og freidig med å gå av med seieren i vår egen innendørs SØRAL-CUP i mars. Vi hadde to lag med i denne turneringa og det andre laget rauk ut noko tidlegare. På vårparten kunne vi endelig ta i bruk den nye grasmatta vår, noko me har sett fram til heile vinteren. I.o.m at banen vart tilgjengelig starta vi opp bedriftserien att. Det var 8 lag i årets serie, og SØRAL tok ein hederlig 3.plass. Bygger n gjekk av med seieren. Det viste seg etter kvart at banen vår vart veldig populær blant mange fotballentusiastar i alle aldrar. Dette kombinert med at stort sett alle kampar i serien vart spela på banen, gjorde at grasmatta vart svært nedslitt og vi såg det nødvendig å stenge banen ein periode. Dette må vi truleg òg gjera i åra framover dersom aktiviteten vert for stor. Vi måtte gjera ein innsats med preparering av banen seint på hausten for å få matta i stand før vinteren sette inn. Årets NM var arrangert i Skien i september. Her stilte vi som vanlig med lag og spelte oss greit gjennom gruppespelet på lørdagen, men rauk ut i 2. kamp på søndagen. Her møtte vi et lag med snittalder på ca. 20 år og vart meir eller mindre overkjøyrd. NM er eit av årets høgdepunkt for oss i fotballgruppa, og det at vår bedre halvpart alltid vert innvitert med på denne reisa bidrar positivt til den sosiale biten. SØRAL var ikkje med på årets Romjulsturnering som vart arrangert av Trio. Tore Sjo Vinnarlaget SØRAL-CUP 2004
Trim TRIM Trimgruppa har hatt 3 (6) møte i 2004. I tillegg kjem ein god del møte i høve SØRAL-løpet og rekordturen til Kaldestadåsen mm. Medlemer i gruppa har vore: Bjørn Heimvik (leiar), Lars Jostein Rørvik, Tordis Sagstad, Geir Berntzen, Steinar Kleven, Geir Sigmund Saghaug, Tor Opsanger. Fjelltrim. I 2004 fullførte 115 (165) personar fjelltrimmen, ein nokså stor nedgang for fyrste gong på lenge. Kaldestadåsen er som vanleg det mest vitja turmålet vårt, og hadde i 2004 ein fin framgang på rundt 1 000 registreringar, men ligg framleis rundt 1500 under rekordåret 2001: 6 172 (5 198). Ned gangen skuldast nok for det meste at det ikkje blei arrangert rekordtur i 2003. Deretter kjem Nordfjell med: 4023 (4428), Fenafjell (ny): 3237 og Vardhaugselet (ny): 2121. Av dei høge toppane merkar Mjelhaug seg ut med god framgang og ny «personleg» rekord: 433 Dagtid i Støyperiet er uslåeleg i Sykle til jobben aksjonen. (374). Ulvanåsa manglar me tal for førebels, men to talen er likevel på heile: 17 179 (14 473) - ein solid auke, noko som nok skuldast dei 2 nye turmåla. Det er merka løype med raudmåla «stikker» over tregrensa inn mot toppen på Handelandshorga frå Handelandsdalen. Hovuddugnaden for merking i samarbeid med KVV måtte diverre avlysast. Årets vinnar av sykkel-premien i «sykle til jobben» aksjonen vart Lars Dagfinn Sundfjord. Sykkelen vart gitt til SØRAL som vinnar av klasse «bedrift over 400 tilsette». Klubbhuset KLUBBHUSET Styret si sammensetning i året 2004 Leif Thuland Per Magne Bringedal Malfred Johnsen Klubbhuset har gjennom året vore godt nytta av laget og andre ulike leigetakarar. Pensjonistgruppa i SØRAL B.I.L har sine vekentlege samlingar med bridge på programmet. Idrettsrådet, ulike politiske parti, Kvinnherad golfklubb, fagforeningar, avdelingar på bedriften, lokale bygdalag nyttar óg huset til møtevirksomhet. Skulane brukar huset som base når dei arrangerar idrettsdag i SØRAL parken. Med god hjelp frå innebandygruppa har ein i løpet av året fått beisa heile klubbhuset. Ny trapp til terassen er laga. I stova har ein fått nytt fint premieskap der gamle minner kan presenterast. Utfordringar for neste arbeidsår vert å isolera under gulvet samt å gi ein ansiktsløfting på uteområdet rundt hytta.
Fellesturen til Svelgen blei avlyst pga dårleg ver. For eigen maskin (dagleg trim). 198 personar har delteke. Av desse har 98 klart premiekravet. (209 deltok i 2003) SØRAL-løpet. KVV og HU deltok som vanleg i «skuleløpet». Idrettsklassen ved KVV var medarrangør igjen, og tok seg av arbeidet med deltakarregistrering, tidtaking mm. Dette gjekk svært greit i år òg. Totalt blei det ein bra auke i SØRAL-løpet i det 1208 (1096) deltok. Også før løpet i år var det stor innsats med å laga ny løypetrasé - denne gongen på vestsida av golfbanen. Dermed er det opparbeidd ei flott permanent tur- og trimløype - open for alle - rundt heile golfbanen. Kaldestadåsen. Rekordturen til Kåldestadåsen er tilbake på vårparten - med større deltaking enn nokonsinne; 1041 (865). Etter det 4. forsøket nådde me endeleg det opprinnelege målet på over 1000. Sykle til jobben-aksjonen. SØRAL vann gruppa 400+ også i 2004, med 187 deltakarar og 17,7%, føre Brønnøysundregisteret og Statoil, Bergen. Beste gruppe på SØRAL blei, endå ein gang, dagtid i støyperiet. Dei blei løna med diplom, lunsj og premiar trekt mellom deltakarane. Tor Opsanger
Innebandy INNEBANDY Innebandygruppa er meir aktiv enn nokon gong. Laget starta opp temmeleg spedt med gymsaltreningar i 2001, men sidan har det balla på seg. I år har vi 2-3 treningar pr veke, i Husneshallen. Mest speling, men også litt teknikk- og skottrening innimellom. Ein har også gått til innkjøp av vant (vegg rundt banen), slik at Husneshallen kan brukast til å spele kampar. I fjor meldte vi på eit lag i 3.divisjon i Hordaland bandykrets. Pga manglande vant måtte vi spele heimekampane i Bergen, men i år har vi også fått spele på heimebane. Resultata har ikkje late vente på seg. I skrivande stund toppar SØRAL Eagles 3.divisjonstabellen, med 7 strake sigrar og 90-33 i målskilnad! Laget består av ein del SØRAL-tilsette og ein del lokale ungdommar. Treningane er opne for alle og tidvis er SØRAL-folk godt oppe i 30-åra med og trenar. Jan Tommy Kalsaas Skår og Kjetil Grønstøl er primus motor for laget. Unge og gamle bandyspelarar, ferske som erfarne, er alltid velkomne på trening. Are Ulseth SØRAL LØPET 1985 20 år 2004 SØRAL-LØPET
Volleyball VOLLEYBALL Ro/padling RO/PADDLING Rogruppa har jamnt og trutt trent i lokala til Kvinnherad Roklubb. Vi nyttar i hovudsak romaskinar, ergometersyklar, vekter, samt hoppetau og liknande til treninga vår og trener i vårt eige høvelege tempo. Morten Vatterdal Volleyballgruppa har hatt trening i Husneshallen ein gong pr. veke (september-april). Frammøte har lege på rundt 12 personar pr. trening. Den årvisse SØRAL cup i volleyball vart arrangert laurdag 14. februar med 12 deltakande lag frå heile regionen. TRIO volleyballgruppe stillte dommarar og sekreteriat. Aktiv sjef AKTIV SJEF Også dette året reiste to lag ned til Stavanger Superhelg. Den 19.-21. mars gjekk denne store turneringa av stabelen. Sjølv om det resultat messig ikkje gjekk så bra for SØRAL-laga, er ramma rundt arrangementet så flott, at det var fornøgde deltakarar som reiste heim søndag ettermiddag. Då vart det sportslege resultatet bedre i Hobbyvolley på Stord. Vårcupen 27. mars enda med ein flott 1. plass og i haustcupen 30. mars fekk me ein 3. plass. Tone Lægreid Golf GOLF Stadig fleire SØRAL-tilsette vert med å spela golf og skaffar seg greencard gjennom Kvinnherad Golfklubb. Jan O. Yttredal vart kåra til «Aktiv sjef» av NRK-nitimen sine lyttarar og «Sykle til jobben» aksjonen for at han som adm.dir legg tilhøva tilrette for at tilsette kan driva fysisk aktivitet. «Bak dette ligg sjølvsagt trua på at fysisk aktivitet er eit gode både med tanke på eige velvære og eit aktivt arbeidsliv med lågt sjukefråvær» seier sjefen.