Fylkesmannen i Hordaland Sakshandsamar, innvalstelefon Eva Katrine Taule, 55 57 22 26 Hordaland fylkeskommune Strategi- og næringsavdelinga Postboks 7900 5020 Bergen Uttale til Klimaplan for Hordaland 2010-2020 - nn 2010 Dykkar dato 17.12.2009 Vår referanse 2008/9318 421.2 Dykkar referanse HORDALAND FYLKESKOMMUNE SdkiQoO SOO Si'éok nr 13.APR 2010 Arkivnr. -^j-^ Saksh.///^iJ^^iT Eksp. U.off. Vi viser til brev av 17. desember 2009 med utkast til Klimaplan for Hordaland på høyring. Vi viser også til gjennomgang av planframlegget frå Gudrun Mathisen og Magnar Bjerga i Statens hus 25. januar 2010. Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk vert formidla og ivaretatt gjennom handsaming av regionale og kommunale planar. Vi kjem difor med merknader til planen ut frå statlege forventingar til planarbeidet i høve fagområda miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Dei ulike avdelingane har kome med innspel til planen som er samla i uttalen. Vår uttale til planprogram for klimaplanen av 22. oktober 2008 er også lagt til grunn. Bakgrunn Fylkesutvalet vedtok oppstart av planarbeidet 13. mars 2008. Klimaplan for Hordaland er ein regional plan heimla i plan- og bygningslova. Planen er bygd opp kring tre hovudtema: 1) Utslepp av klimagassar, 2) Energi og 3) Tilpassing til klimaendringar. Visjon: Klimafylket Hordaland tar ansvar og skapar berekraftige løysingar. Hovudmål klimagassutslepp: Reduksjon med 22% i 2020 i høve til 1991. Hovudmål energi: Reduksjon av energibruk til stasjonære og prosess-føremål med 30% innan 2020 og 50% innan 2050. Innan 2030 skal energibehovet i all hovudsak dekkjast av fornybare energikjelder med lite tap av naturmangfald. Hovudmål klimatilpassing: Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane og klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve. Planen har delmål og strategiar for desse tema: energi, forbruk og avfall, bygningar, arealbruk og transport, næringsutvikling og klimatilpassing. E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E t E E t E E E E E t E E E E E E E I E E E E E E E E E E E E 1 E E E E E E E E E E E E E 1 E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E E Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvernavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: 55 57 22 01 Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Generelle merknader Fylkesmannen er positiv til utarbeiding av Klimaplan for Hordaland og meiner at Hordaland fylkeskommune har tatt tak i utfordringa på ein god måte. Planen gjev god kunnskap om klimagassutslepp i Hordaland. Måla i planen er ambisiøse og det er ei utfordring korleis dei skal målast og følgjast opp. Planen gjev ikkje tydelege svar på dette. Det er trong for eit handlingsprogram til klimaplanen med konkretisering av strategiar og delmål. Her må også fordeling av kostnader for dei ulike tiltaka gå fram. Det må etablerast eit system for oppfølging av handlingsprogrammet med oppdatering i høve til endring av rammevilkår og ny teknologi. ' Eit døme på dette er Klimakur 2020 som Klif (Klima- og forurensningsdirektoratet) lagt fram. Klimakur 2020 vurderar behovet for nye tiltak og virkemiddel for å oppfylle målet Stortinget har vedtatt om klimagassreduksjonar. Klimakur 2020 skal tjene som grunnlagsmateriale for vurdering av virkemiddelbruken i klimapolitikken frem til 2020. Tiltaka i Klimakur2020 bør vurderast i handlingsprogrammet til planen. Fylkesmannen meiner også at det bør etablerast eit permanent sektorovergripande klimanettverk for å følgje opp planen og handlingsprogrammet. Fylkesmannen er usikker på kor hensiktsmessig det er å sette opp tidsplan for bestemte protokoller. Premissene som protokollane no vert tufta på, kan i framtida være heilt andre. Det er lite logisk at det først er i 2050 (Finseprotokollen) ein skal "fastsette naturen si bæreevne som det mest grunnleggjande kravet for fortsett utvikling". Det bør i høgste grad verte gjort no. Det er nettopp naturens bæreevne som må danne ramma for handlinga framover. Kap 3. Klimaendringar og klimagassutslipp Kapitlet gir god oversikt over kva som nå er alminnelig akseptert frå IPCCs konklusjonar og framskrivingar. Hordaland har størst auke av utsleppa i landet. Dette er først og fremst knytt til olje- og gassindustri og transport. Olje/gass ligg i stor grad utanfør regionalpolitisk påverknad. Det gjer ikkje transport. For transport er auka 58 % frå 1991 til 2007. Det vil klart vere føremålstenleg med ein innsats innan denne sektoren. Det er satt opp tabellar for utslipp av klimagassar frå stasjonære, mobile kjelder og frå prosessutslipp. Det er også satt opp mål for reduksjon fram mot 2020. Reduksjonsmåla er rekna ut frå to årstal, 1991(-22%) og 2007(-30 %). Resultata samsvarer ikkje heilt, - sjå tabell: kva skal gjelde? Type, kjelde 1991-grunnlag 2007-grunnlag Stasjonære kjelder 613 080 858 200 Mobile kjelder 578 760 819 000 Prosessutslepp 1 421 940 1 483 300
Her er utsleppsnivåa som dei skal verte med høvesvis 1991 eller 2007 som utgangspunkt (rekna ut frå tabell 3.1 ). Tala spriker med strengare krav til tiltak med 1991 som grunnlag. Binding av CO2 i skog er godskriven i den nasjonale klimarekneskapen, men ikkje på regionalt og lokalt nivå. Dette har samanheng med Kyoto-avtalen som gjeld fram til 2020. Korleis dette vert i framtidige internasjonale avtalar er usikkert. Klima- og forurensningsdirektoratet peikar på i Klimakur 2020 - sektorrapport skogbruk at "Utslipp og opptak av klimagassar i skog er en viktig del av det norske klimagassregnskapet" (oppsummeringa). For landet sett under eitt var nettoopptaket i skog i 2007 mellom 28 millionar tonn CO2. Under gjeldande reglar i Kyoto-protokollen godskriv Noreg 1,5 millionar tonn CO2 frå skog. Skogen i Hordaland har om lag 4 % av den samla tilveksten i Noreg (1 mill kubikkmeter tømmer av 25 millionar kubikkmeter tømmer). Nettoopptaket av klimagassar i skog i Hordaland er på 1,12 millionar tonn CO2, noko som er om lag ein fjerdedel av klimagassutsleppa i Hordaland i 2007 på ca 4,5 millionar tonn C02-ekvivalentar. Val av treslag er viktig for bindingseffekten. Gran syner ein særs stor produksjon, og står for om lag halvparten av bindinga av klimagassar i skogen i fylket og det sjølv om grana berre står for 15 % av skogarealet i fylket. Samstundes er det problem med å få etablert ny granskog etter hogst av eksisterande granskog. Det vil difor vera eit godt klimatiltak å fa etablert meir ny granskog i fylket. Både Stortingsmelding 39 (2008-2009) Klimautfordringene - landbruket en del av løsningen frå Landbruks- og matdepartementet, og Klima- og forurensningsdirektoratet sin sektorrapport om skogbruk under Klimakur 2020 peiker på planting av skog på nye areal som eit tiltak som vil gje auka opptak av klimagassar. I desse tilfella er det snakk om å erstatta lågproduserande attgroingsmark med høgproduserande kulturskog av gran. Etter 30-50 år vil det årleg verta bunde 1-2 tonn CO2 per dekar og år, og over eitt omløp på 70 år vil den totale bindinga av klimagassar per dekar vera om lag 70-80 tonn CO2. Landbruks- og matdepartementet legg i si melding til grunn nyetablering av kulturskog (skogreising) på 1 million dekar. Legg ein til grunn fordelinga på eksisterande skogreisingsskog (Hordaland har 20 % av den) så vil Hordaland ha trong for å etablera 200 000 dekar ny kulturskog (mot 500 000 dekar i dag). Til gjengjeld vil gjermomsnittleg årleg binding av klimagassar auka med 200 000 tonn CO2. 4. Energi Det er sett ambisiøse mål for å redusere energibruken, men her er ikkje skildra tiltak. Med unntak av eigne bygg, har ikkje Hordaland fylkeskommune råderett over aktørane. 80% av energiforbruket til oppvarming skal i 2020 dekkast av anna energi enn elektrisitet og fossile brensel. Dette er berre 10 år fram i tid, og vi spør korleis skal ein få dette til? Sjølv om ein får auka produksjonen av fornybar energi, så er det spørsmål om det er tilstrekkeleg nettkapasitet. Vi har ikkje merknader til målformuleringane anna enn at vi er kritiske til gennomføringsevna.
Fylkesmannen meiner det er positivt at planen har tatt opp bioenergi og biogass som eit eige punkt. Ein meiner og at planen har fokusert for lite på moglegheitene for bioenergi til varmeproduksjon. Planen trekkjer fram produksjon av pellets og brikettar basert på avfallsvirke, noko som er bra. Likevel er det største potensialet for bioenergi i Hordaland flisfyringsanlegg som leverer varme. I høyringsutkastet til regionalplan for energi og klima for Rogaland er målet å auka produksjon av biobrensel frå skog med 0,2 TWh. Det burde vera mogeleg å greia det same i Hordaland. Råstoffmengda er i det minste mykje større her. Fylkesmannen vil peika på at medan det finst nokre gardsvarmeanlegg i fylket, så finst det per i dag ingen større nærvarme- eller ijemvarmeanlegg basert på flis. Dette er anlegg som toler flis med høgare fuktprosent enn gardsvarmeanlegga. Dei nyttår meir virke enn dei mindre anlegga, produserer meir varme og gjev større klimagassgevinst. Difor er det ynskjeleg å få etablert slike anlegg i fylket, både utifrå eit klimagassperspektiv og eit næringsperspektiv. 5. Forbruk og avfall Strategi B: Miljøsertifisering av verksemder Miljøsertifisering er ein frivillig ordning som gir offentlege og private verksemder god oversikt over miljøtilstanden i verksemdene. Dette er viktig med tanke på å planlegge tiltak for å oppnå dei reduksjonar ein ynskjer. Sertifisering av alle fylkeskommunale einingar, gjer at Hordaland fylkeskommune kan gå føre med eit godt eksempel når dei marknadsfører ordninga ovanfor kommunar og næringsliv. Fylkesmannen i Hordaland er sett opp som ansvarieg for at statlege verksemder i Hordaland blir miljøsertifisert. Fylkesmannen kan ta på seg ansvaret for at Statens hus vert miljøsertifisert. Når det geld andre statlege aktørar kan vi vere pådrivarar, men ikkje pålegge at miljøsertifisering blir gjennomført. Strategi E: Redusere avfallsmengdene Delmål: Avfallsmengda i Hordaland skal reduserast. Innan 2013 skal veksten i avfallet vere relativt lågare en brutto nasjonalproduktet BNP. Frå og med 2020 skal produksjonen av avfallet gå ned. Fylkesmannen rår til at ein brukar formuleringane i dei nasjonale måla om avfall (St. meld. Nr. 26(2006-2007). Det vil vere svært vanskeleg for Hordaland å følgje opp andre krav enn dei nasjonale måla. Erfaring viser at dette er spesielt vanskeleg når det gjeld reduksjon av avfallsmengder. Det må vere samsvar mellom verkemiddel og mål. Strategi F: Auke grad av materialgjenvinning, inkl. kompostering Delmål: Samla gjenvinning frå avfall (material og energi) skal innan 2020 vere 90%, jf. nasjonale mål i St.meld. nr. 26 (2006-2007). Materialgjenvinninga skal vere på 70% innan 2020. Vi rår til at ein brukar formuleringane frå dei nasjonale måla om gjenvinning (St. meld. Nr. 26(2006-2007). Det fins ikkje nasjonale måltal for materialgjenvinning. Dei nasjonale måla gjeld all gjenvinning, både materialgjenvinning og energigjenvinning.
Når det gjeld tiltak, så er det ikkje sikkert at sortering i fire fraksjonar er den beste løysinga. Det er ikkje praktisk mogeleg å få det til overalt, og løysinga må utredast før ein kan sei kva som gir best resultat og er mest kostnadseffektivt. Avfallsforum Vest kan vere ein samarbeidspartnar når det gjeld avfall, sidan desse representerer både offentlege og private aktørar innan avfall. Strategi G: Auke energigjenvinning av restavfall som ikkje vert materialgjenvunne Delmål: Energiutnytting av restavfall som iklge kan materialgjenvinnas skal vere på minst 70% innan 2020. Den mest langsiktige og effektive måten for energiutnytting med minst tap undervegs skal føretrekkas!. Det er ikkje sagt noko om dette i dei nasjonale måla. Vi stiller spørsmål om det er naudsynt med nye metodar for energiutnj^tting, når ein allereie i dag har auka forbrenningskapasiteten. Sett i lys av dei høge måla for materialgjenvinning i planen, så er det truleg nok forbrermingskapasitet allereie. 6. Bygningar Målet om at minst 80%) av varmebehovet innan 2020 skal dekkast av anna energiforsyning enn direkte verkande elektrisitet og/eller fossile brensel er ambisiøst. Det er truleg vanskeleg å oppnå dette utan økonomiske verkemidlar som får innbyggjarane i Hordaland til å velje andre løysingar. Vi har elles ingen merknader til målformuleringar og forslag til tiltak. Hordaland fylkeskommune har sett konkrete mål for energibruken i eigne bygg. Dette er noko fylkeskommunen har heimel til å få gjennomført, og vil vere eit positivt element i arbeidet med å påverka andre til å følgje etter. Kvar kubikkmeter tre som vert brukt i staden for andre byggingsmaterialar, reduserer i snitt utsleppa av CO2 med 1,1 tonn. Kombinert med CO2 som er lagra i trevirket, vil kvar kubikkmeter brukt trevirke representere ei innsparing på 2 tonn CO2. Mengda CO2 som vert tilført atmosfæren ved nedbryting, tilsvarer den mengda som vert bunde i treet sin vekstfase. Trevirke må reknast difor som klimanøytralt. I tillegg kan element av massivt tre vere karbonlagar over lengre tid. Denne karbonlagringseffekten bidrar til at CO2 vert haldt borte frå atmosfæren, og vil holde seg borte så lenge skogen veks slik den gjer i Noreg. Meir eller mindre omfattande bruk av tre i bygg har en positiv verknad på klimarekneskapen, noko som resulterer i ulike satsingar og prosjekt i fylket. Til dømes er Bergen kommune i gang med ei satsing kalla "Tidfor tre" som går inn i Miljøverndepartementet sitt byutviklingsprogram "Fremtidens byer". Fleire potensielle kommunale og private byggeprosjekt skal utviklast som forbildebygg innanfor material- og energibruk. Bruk av tre og massivtre i kombinasjon med strenge energikrav i pilotbyggene vil gje indikasjonar for treet sitt potensiale i framtida. Irmafor satsinga "Tidfor tre" jobbar Bergen kommune og for å auka kompetansen kring bruk av tre i bygg og kommande energikrav. Kommunen i samarbeid med m.m. Norske Arkitekters Landsforbund, Fylkesmannen i Hordaland, Høgskolen i Bergen og Husbanken gjennomfører
konferansar, kurs og seminar for sakshandsamarar, byggherrar, arkitektar, ingeniørar og byggmeistarar. Auka kompetanse og kunnskap hos forbrukarar og folk flest er viktig. Dette går att fleire stader i klimaplanen. Det er likevel få konkrete tiltak for å følgje dette opp. Fylkesmannen arbeidar i desse dagar med eit informasjonsprosjekt retta mot ålmenta. Prosjektet fokuserer på kva konsekvensar klimaendringane vil få for eit typisk vestlandsbruk og kva ein sjølv kan gjera for å redusere eigne klimautslepp. Prosjektet skal vera nettbasert og interaktivt, det vil seie at kvar enkelt nettvitjar skal kunne endra og lage si løysing. Dette skal føra til eit lettfatteleg rekneskap som seier noko om karbonavtrykket til bruket/hushaldet. Ei slik nettside vil kunne summera og formidla noko av innhaldet i klimaplanen, og Hordaland Fylkeskommune er velkomen til å delta i arbeidet. Kontaktperson for prosjektet er Kristian Eide Jensen. Kap 7 Areal og transport Kapitlet gjev ei kort og grei innføring i status knytt til klimagassutslepp frå transportsektoren. Vi merker oss særlig at CO2- utsleppa frå transport aukar kraftigare i vårt fylke samanlikna med resten av landet. Som forklaring på dette avviket vert det peika på ein del kjente element, men vi saknar manglande prioritering av kollektivtrafikk, særleg i Bergensregionen, som forklaringsvariabel. Planen poengterer kor viktig det er å unngå nedbygging av jordressursane. Dette av di landjorda er eit enormt karbonlager og det såleis er avgjerande å ta vare på jordsmormet for å avgrensa utsleppa av CO2 til atmosfæren. I tillegg er jorda ein viktig beredskapsfaktor i form av at den er ein buffer for store nedbørsmengder. Fylkesmannen meiner at desse momenta er så betydelege at dei bør refiekterast i kapittel 7.10 - Mål, tiltak og retningslinjer for arealbruk og transport. Vi ber om at ein vurderer ei målsetjing om å redusere omdisponeringa av jordsmonn - som i vårt fylke er betydeleg. Til dette kan ein knytte konkrete tiltak. Eksempelvis at det skal setjast krav til forsvarleg attbruk av jorda i reguleringsplanar som legg opp til omdisponering/nedbygging. Dette kan gjerast gjennom føresegner i kvar konkret plam Erfaring visar at frivillige virkemiddel ikkje gir transportreduksjon i særleg omfang. Prinsippet om at forureinaren skal betale er nedfelt i miljøpolitikken. Dette bør også kunne gjelda i høve til transportsektoren. Under strategiar for redusering av utslipp frå transport er ei rekkje virkemiddel og tiltak lista opp. Vi merker oss særlig meir effektiv arealbruk, auka offentleg transport og trafikkregulering ved hjelp av vegprising og parkering. Dette er dels virkemiddel og tiltak som fylkeskommunen sjølv har viktig påverknad på og som difor er særleg interessant i ein regional plan. Under meir effektiv arealbruk er bl a fortetting peika på som eit viktig tiltak. Fortettingspotensialet er sjølv i sentrale bystrøk i praksis utfordrande å realisera. For å bidra til realisering av potensialet i omeignskommunane, bør fylkeskommunen som ansvarieg for kollektivtransporten i fylket, prioritere eit betre kouektivtransporttilbod i områda med stort fortettingspotensiale.
Vi merker oss vidare at fylkesutvalet har satt seg som mål med 50%) auke i kollektivreisene innan 2020. Dette er ambisiøst og krev langt høgare prioritering av kollektivtransport enn i dag og også reduksjon i hovudvegutbygginga i regionen i tillegg til restriksjonar på privatbilbruken gjennom vegprising og strammare parkeringsdekning. Tiltaka for å minske forureininga i kapittel 7 påverkar indirekte folkehelsa, men på ein positiv måte. Planlagt reduksjon av bilbruk ved å leggje til rette for gåande og syklande vil, i tillegg til å betre luftkvaliteten, medføre at mange fleire dagleg blir meir iysisk aktive. Dette er positivt. Kap 8. Næringsutvikling Ein vil peika på at planting av skog på nye areal er effektivt for å auka bindinga av klimagassar, som synleggjort under vårt innspel til kapittel 3. Samstundes gjev skogplanting eit stort langsiktig verdiskapingspotensiale gjennom å bygga opp tømmerressursar for skogeigar og industri. Difor oppmodar ein Hordaland fylkeskommvme om å stimulera til auka skogplanting som eit kostnadseffektivt tiltak både for å auka bindinga av klimagassar og for å styrka det langsiktige verdiskapingspotensialet i fylket. Kapittel 9 Klimatilpassing Samfunnstryggleik og beredskap Fylkes ROS for Hordaland gir eit oversyn over risikoforhold på fleire område, og har eit eige kapittel om naturulykker og klimaendringar. Her er det gitt, på eit overordna nivå, oversyn over kva risiko endringane i klima vil gi for Hordaland. Tiltak for å avbøte desse er og lagt fram, og oppfølging av tiltaka fordelt. Det er naturleg at fylkesmannen og fylkeskommunen samarbeider om oppfølging og gjennomføring av tiltaka i Fylkes-ROS og tiltaka i Klimaplan for Hordaland. Klimaplanen legg opp til 4 strategiar for å gjere Hordaland best mogleg budd på klimaendringar. Strategi A: Kunnskapsutvikling er viktig for å fa meir kunnskap om kva klimaendringane vil bety og avdekke vår sårbarheit over for dei. Når det gjeld tiltak 2); kartlegging av risiko for ras, flaum og auka havnivå er det naturleg at kommimane står ansvarieg for denne kartlegginga i og med at dei har ansvaret for sitt eige areal. Fylkesmannen og andre statlege og regionale etatar er naturlege støttespelarar i dette arbeidet. Risiko- og sårbaranalysar (ROS-analysar) er eit viktig verkemiddel i arbeidet med klimatilpassing, både for å avdekke kor utsett ein er for risiko, og avdekke eigen sårbarheit overfor klimaendringar. Difor er det avgjerande at kommunane gjennomfører ROS-analysar i samband med arealplanprosessar som fokuserer på verknadene av klimaendringar for det arealet som skal byggjast ut. Det er no krav til at kommunane gjennomfører sektorovergripande ROS-analysar etter lova om kommunal beredskapsplikt som vart sett i verk 1.1.2010. Det er naturleg at kommimane i desse ROSanalysane kartlegg kor sårbar dei er i høve til klimaendringar, og at det vert følgt opp i beredskapsplanar og i arealplanlegginga.
Kapitlet om folkehelse og sosiale tilhøve er for lite gjennomarbeidd. Her rår vi til å nytte samfunnsmedisinsk og epidemiologisk kompetanse for å gi ein meir omfattande fagleg omtale av helsekonsekvensane ved klimaendring. Klimaendringar vil ha innverknad på folkehelsa. Tal frå Noregs Astma- og Allergiforbund (NAAF) viser at kvart femte barn i Oslo utviklar astma før dei er ti år, og 900 000 nordmenn er råka av pollenallergi. Mange med astma og allergi har alvorleg og invalidiserande sjukdom. Det er grunn til å tru at store befolkningsgrupper vil fa større plager når forureiningssesongen (vinter) og pollensesongen (tidleg vår) i større grad enn no vil overlappe kvarandre. I tillegg vil omfanget av infeksjonssjukdommar generelt auke, noko som vil gjere situasjonen verre, både for denne pasientgruppa og for svært mange andre. Oppfølging av planen vil vere avgjerande for å kunne vurdere om tiltak for å unngå helseskade er tilstrekkelege. Oppsummering Klimaplan for Hordaland er eit stort og omfattande arbeid. Den gjev godt oversyn over klimagassutsleppa i fylket, men Fylkesmannen meiner at planframlegget er for lite realistisk i høve til dei oppsette måla. Handlingsprogrammet vil verte vesentleg i høve til oppfylling av planen og Fylkesmannen rår til at det vert sett i verk arbeid med dette som tar sikte på kontinuerlig oppdatering etter kvart som rammevilkåra endrar seg. Fylkesmannen meiner også at det bør etablerast eit permanent sektorovergripande klimanettverk med basis i oppfølging av Klimaplan for Hordaland. Elles meiner Fylkesmannen at planframlegget er lite konkret i det som vert nemnt om landbruk og tar i for liten grad omsyn til landbruket sine moglegheiter for klimavenleg næringsutvikling. Med helsing Kjell Kvingedal Fung. fylkesmiljøvernsjef