Siri Helle. Korleis berge norsk jordbruk



Like dokumenter
Last ned Skal landet gro att? - Siri Helle. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Skal landet gro att? Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

/

Til deg som bur i fosterheim år

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kom skal vi klippe sauen

Kva er økologisk matproduksjon?

mmm...med SMAK på timeplanen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Teknikk og konsentrasjon viktigast

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brukarrettleiing E-post lesar

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Terminprøve i matematikk for 10. trinnet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

«Ny Giv» med gjetarhund

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Lotteri- og stiftingstilsynet

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

IKT-kompetanse for øvingsskular

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Brukarrettleiing. epolitiker


PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Informasjon og brukarrettleiing

ehandel og lokalt næringsliv

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Kampen om spelemarknaden

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Setring ved Håbakkselet Hareid

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Rapport prosjekt «høy til hest»

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Klepp kommune Tu skule

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

Lønnsundersøkinga for 2014


ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Transkript:

Siri Helle Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk DREYERS FORLAG OSLO, 2015

DREYERS FORLAG 2015 EPUB-PRODUKSJON: ROSENDAHLS BOOKPARTNERMEDIA ISBN: 978-82-8265-146-2 Det må ikke kopieres eller tilgjengeliggjøres noe fra denne bok i strid med åndsverkloven, eller uten særskilt avtale med Dreyers Forlag Oslo eller med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel.

Planlegg du for eit år, plantar du korn. Planlegg du for eit liv, plantar du eit tre. Planlegg du for æva, lærer du folk å dyrke. KINESISK ORDTAK

Innhald Innleiing. Noreg det umoglege jordbrukslandet DEL 1: KVIFOR SKAL VI HA JORDBRUK I NOREG? 1. Jordbruket for oss sjølve 2. Sjølvforsyning litt for oss og litt for dei 3. Jordbruket har ikkje pauseknapp: Vern gjennom bruk 4. Norsk jordbruk som bidrag til verda 5. Den store småbrukaren: Korleis dei mange små framleis er størst til slutt DEL 2: KORLEIS SKAL VI HA JORDBRUK I NOREG? 6. Historia om bonden som ville vekse seg stor 7. «Norsk mat på norske ressursar» 8. Kva et husdyra våre? 9. Baksida av billeg fôrimport: Om å leve med soyaindustrien 10. Austerrike: Stønad til areal og miljøtiltak sikrar produksjon over heile landet

11. Danmark: Store tal utan innhald 12. Deltidsbonden er den verkelege helten 13. Grasfôra kjøt: Mykje av svaret veks i graset 14. Ku og klima ein kongekombinasjon? 15. Kor mykje økologisk er nok? 16. Døma som syner at det er mogleg, alt saman 17. Kva kostar billegmaten eigentleg? 18. Kven tener på maten vår? Oppsummering. Noreg det ultimate jordbrukslandet Kjelder

Innleiing Noreg det umoglege jordbrukslandet Kvifor skal vi styre med jordbruk i Noreg? I eit land av stein og fjell, der den isnande nordanvinden kjempar om plassen med våte vindkast frå vest, regnet kjem sidelengs og nedanifrå og det einaste som er sikkert, er at snøen som kom i går, ikkje er den same som du saknar til jul og forbannar på 17. mai. Der dyrka areal per innbyggjar ikkje eingong er nok til å fø opp ei fjerdedels ku. Vi har vorte vane med 37,5 timar arbeidsveke, fem veker ferie og ei lønnsutbetaling som kjøper oss fri frå vegen mellom jord og bord. Ikkje produserer vi særleg mykje på den jorda vi har heller. I 2013 fekk vi i snitt 363 kilo kveite ut av eitt dekar norsk jordbruksjord. Vi treng ikkje reise lenger sør enn Danmark for å finne over dobbelt så høge tal 728 kilo per dekar. Kornavlingane i Noreg har ikkje auka vesentleg sidan åttitalet. Og kven bortsett frå nokre få nordmenn ville merka om vi la ned produksjonen? Vi er det 74. mest kornproduserande landet i verda og produserer berre ein

tiandedel så mykje smør som vesle Nederland. Bøndene buset ikkje bygdene lenger. Berre knapt eit av fire gardsbruk med bustadhus har fast busetjing. Kring 31 000 gardshus stod i 2013 utan fast busetnad. Berre ein av seks gardseigedommar som bytte eigar i 2012, var i drift då han vart seld. Etter kvart som gardane vert større og større, får dei mindre og mindre fotfeste i lokalsamfunnet, og stadig færre bit seg merke i det når dei forsvinn. Vi vil ikkje ein gong jobbe i jordbruket meir. Gjennomsnittsalderen blant norske bønder klatrar seg oppover femtiåra, og berre ein dryg tredjedel av bøndene i Noreg vil tilrå neste generasjon å velje bondeyrket. Det er etter kvart så mange polakkar i arbeid i norsk jordbruk at vi kanskje rett og slett burde vurdere å flytte jordbærproduksjonen dit. Kva er eigentleg mest rettvist å transportere jordbær eller familiefedrar? Og kva får forbrukarane att for skattepengane sine? Jau, dyr mat. Dyr nok til at vi kvart år tek oss tid til å køyre over grensa til svenskane for å handle for over 14 milliardar kroner sannsynlegvis mykje meir, sidan dette talet berre tek for seg den lovlege handelen. Noreg har den dyraste maten i verda. Big Mac-indeksen som The Economist lagar kvart år, syner det klårt og tydeleg: Ein Big Mac er lik over heile verda, og statistikken er meint som ein uformell indikator for kjøpekrafta i eitt land. År etter år hamnar Noreg på toppen av lista. Den dyraste Big Mac-en i verda kosta i 2014 7,28 dollar, 15 prosent meir enn Sverige på tredjeplass. Så kjøpekrafta i Noreg er stor. Men kva hjelper det alle dei som ikkje får plass på kjøpefesten? I 2012 var det 78

000 fattige born i Noreg. Dei høyrer heime i det SSB definerer som låginntektsfamiliar at hushaldet har hatt ei gjennomsnittleg nettoinntekt som er lågare enn 60 prosent av den gjennomsnittlege medianinntekta dei siste tre åra. Statens institutt for forbruksforsking har utarbeidd eit standardbudsjett for eit hushald. Etter det er ni prosent av Noreg fattige. Desse familiane kan ikkje velje og vrake i norsk mat. Dei kan ikkje tenkje på kva som er sunnast, mest berekraftig eller kva som skapar flest arbeidsplassar i Noreg, men må kjøpe det som er billegast. Utan tollmurane eit norsk jordbruk krev, ville denne gruppa hatt meir og billegare mat å velje i. Kvart år gjev staten 13 milliardar kroner i stønad til norsk jordbruk. Altfor mykje, skal vi tru OECD. I ein rapport finn dei at 65 prosent av inntektene til bøndene kjem frå subsidiar. Gjennomsnittet i dei 47 landa OECD har tatt føre seg er 17 prosent. Det gjer Noreg til verst i verda. Stønaden hindrar produsentar og forbrukarar i å ta eigne val på verdsmarknaden, meiner OECD. Vi snakkar om bustadboble, men gjeldsnivået blant bustadeigarar er ingenting mot det i jordbruket. I 2012 var den samla gjelda fem gongar så høg som den samla inntekta i næringa. Og den aukar: For nokre tiår sidan var gjeldsgrada altså forholdet mellom eigenkapital og lånt kapital kring 30 prosent. No er ho 100. Kva med mattryggleiken? «Selvforsyning og matsikkerhet er det dårligste argumentet for å subsidiere norsk landbruk. Vår beste trygghet er at det finnes et verdensmarked på

korn. Nordmenn er under 1/1000 av verdens befolkning, og vi har høy kjøpekraft. Vi vil alltid kunne kjøpe korn av store eksportører som USA, Canada og Australia», skriv sjefredaktør i Nettavisen Gunnar Stavrum. Vi har mange handelspartnarar for korn. Kring krisa i Ukraina våren 2014 sjekka eg om krisa kunne ha nokon som helst påverknad på norsk tilgang til korn. Ukraina er den tiande største kornprodusenten i verda, og eitt av dei landa som verkeleg eksporterer monalege mengder. Det var ikkje i nærleiken av å vere eit problem for Noreg. Berre nokre få prosent av kornimporten vår kjem frå Ukraina. Sjølv om ein zoomar ut biletet til andre nærliggande korneksportørar som Russland og Kazakhstan var det liten grunn til otte. Noregs største kornleverandørar var i 2013 Tyskland, Frankrike, Sverige, Russland og Danmark men vi har òg ei heil rekkje andre å velje i om det skulle knipe. Tenk kva vi kunne gjort med alle pengane vi sparte på å legge ned jordbruket. Vi kunne importert mat frå land som har for mykje mat og for lite pengar utviklingsland som ikkje er klare til å byggje opp eigen industri endå, men som klarar å levere råvarer vi kan foredle her i Noreg. Transport er billeg, og forureinar kanskje ikkje meir enn det ekstensive, arktiske jordbruket. Ja, for jordbruket forureinar, og husdyra står for ein god del av utsleppa. I internasjonal målestokk har vi i Noreg eit ekstensivt dyrehald. Sidan vi er glade i seintveksande dyreslag som sau og geit, vert klimagassutsleppa per kilo kjøt ekstra høge. Det ser mørkt ut. Har dommedagsprofetane som vil legge