Tokke kommune 11# Kultur- og Oppvekstetaten Telemark Fylkeskommune Fylkeshuset 3706 Skien 3kob 9Vor)G HE r\) Dvkkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/272-4 Finn Arne Askje,35075220 16.02.2013 finn.arne.askje@tokke.kommune.no Struktur for vidaregåande opplæring i Telemark - høyringssvar I høyringa for skuletilbod 2020 vidaregåande opplæring, fatta Tokke kommunestyre følgjande vedak: "Tokke Kommune sluttar seg i hovudsak til arbeidsgruppas innstilling på modell D, med følgjande endringar: Elektrofag/elenergi held fram ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Bø vgs. avd. Seljord oppretthaldast. Lunde vgs bør konsekvensutgreiast nærare, særleg sett i lys av det gode samarbeidet mellom skule og m. a Bandak AS. I rapporten er skuletilbodet i Vest Telemark regionen sterkt redusera. Elevgrunnlaget i Vest Telemark er stabilt og det er unaturleg å redusere antall elevplassar i regionen. Ein sterk Vest Telemark vgs er viktig for samfunns- og næringsutvikling i regionen, m.a for å halde på kompetanse arbeidsplassar i Vest Telemark." Med helsing Finn Arne Askje oppvekstsjef Ved legg: 1 Struktur på vidaregåande opplæring i Telemark 2020 - høyringssvar frå Tokke Kommune Postadresse:Storvegen 60 Telefon: 35 07 52 00 Bankgiro. 2685 07 02968 3880 DALEN Telefaks: 35 07 71 33 Org.nr:964 964 521 E-post: postmottak@tokke.kommune.no Heimeside: www.tokke.kommune.no
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2013/272-2 Saksbeh.: Finn Arne Askje Direkte tlf.: 35075220 Dato: 04.02.2013 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato' Oppvekstutvalet 13/4 12.02.2013 Kommunestyret 13/13 12.02.2013 Struktur på vidaregåande frå Tokke Kommune opplæring i Telemark 2020 - høyringssvar Vedlegg: 1. Skuletilbodet 2020 - høyringsdokument Saksdokument: Saksutgreiing: Bakqrunril Telemark Fylkeskommune har sett ned ei arbeidsgruppe, som har mandat å vurdere vidaregåande skultilbod i Telemark fram mot 2020. Gruppa har no lagt fram ei tilråding og Tokke kommune er ein av fleire høyringsinstansar. Den største utfordringa for fylkeskommunen er at elevtalet i Telemarks vidaregåande skular vil bli redusert med om lag 1100 elevar fram mot 2020. Rammeoverføringane til Fylkeskommunen er i stor grad knytt opp mot andelen i aldersgruppa 16-18 år, sidan vidaregåande opplæring er ei av dei størte oppgavene til Fylkeskommunen er denne faktoren vekta høgt i rammeoverføringa frå Staten. Ein nedgang av personar i denne aldersgruppa vil medføre store reduksjonar i rammeoverføringane. Telemarksforsking har estimert ein nedgang 75 mill. i perioden 2013 2016. Det utgjer ein estimert nedgang på 8,7% i overføringane til dei vidaregåande skulane i fylket (om midlane ikkje skal overførast frå andre område Fylkeskommunen har ansvar for). Det er vidare estimert ein nedgang i rammeoverføringane på 60 mill. i perioden 2016 2020. Utgiftene til vidaregåande opplæring er i hovudsak knytt mot faste kostnader og kostnader til pedagogisk aktivitet. Faste kostnader er i hovudsak drift av bygg (reinhald, vaktmeistartenestar, vedlikehald, finanskostnader,...), transport, kontorfunksjonar mm. om ein ikkje føretek strukturelle grep, vil desse kostnadane vere tilnærma like.
Om midlane som blir brukt til vidaregaande opplæring blir redusert og ein ikkje klarer å gjere noko med faste kostnader, vil midlar til pedagogisk aktivitet bli redusert. Arbeidsgruppa peikar på at det ikkje kan foreinast med robuste vidaregåande skular i fylket. Sidan arealbruken og finanskostnader i stor grad påverkar dei faste kostandane, er arealutnyttinga vektlagt i rapporten. Arbeidsgruppa har lagt vekt på at elevane i størst mogeleg grad skal kunne gå på nærskulen (næraste vidaregåande skule i forhold til heimen). Det er av den grunn vektlagt at det i størst mogeleg grad skal vere tilsvarande studietilbod i inntaksområde A og B. (Inntaksområde B er Nome, samt kommunane vest- og austover i fylket. ) I arbeidsgruppas tilråding er det tilsvarande studietilbod i inntaksområde A og B, bortsett frå musikk, dans og drama som berre er i inntaksområde A og naturbruk som berre er i inntaksområde B. I rapporten frå arbeidsgruppas tilråding går det fram at elevar frå Tokke må ha hybel om dei ikkje går på Vest-Telemark vidaregåande skule. Det er nok i hovudsag rett, men det er nok elevar som bur nær E-1341 i Tokke, som kan ha dagleg pendling til Seljord heile eller delar av veka. Nedgangen i elevgrunnlaget tilseier at Fylkeskommunen har ein redusert trong for 111 lærarårsverk fram mot 2020. Telemark Fylkeskommune har i same periode estimert ein avgang på 198 årsverk av pedagogisk personale. Trongen for pedagogisk personale reknar ein med skal tilpassast gjennom naturleg avgang og «tourn-over». Arbeidsgruppa peikar på at Vest-Telemark vgs- og Rjukan vgs. med tilrådinga vil ha fagmiljø for pedagogisk personale som er sårbare. Skuleskyss er ein anna faktor som arbeidsgruppa har vurdert. Vurderinq av rådmannen: I Tokke kommunes svar på høyringa, vel ein å fokusere på konsekvensane strukturendringa vil få for Tokkes ungdommar, samt struktur på studietilbodet i inntaksområde B. A. Kva vidaregåande skular nyttar ungdommen frå Tokke: Vest-Telemark vidaregåande skule 2010 2011 2012 Snitt i perioden 2010-2012 Antal Andel Antal Andel Antal Andel 45 66% 45 62,5% 60 71,4 % 66 % Craftholmen vgs 1 1,4 % 1 1,2 % 0,9% Hjalmar Johansen vgs, 1 1,5 % 0 1 1,2 % 0,9 % Porsgrunn vgs. 3 4,4 % 0 1 1 2 % 1,9 % Skien vgs. i 1,5 % 2 2,8 % 2 2,4 % 2,2 % Skogmo 2 2,9 % 1 1,4 % 0 1,1 % Lunde vgs. 7 10,2 % 10 7,2 % 7 8,3 % 8 6 % Notodden vgs. 0 1 1,4 % 1 1,2 % 0,9 % Bø vgs 6 8,8 % 10 7,2 /0 5 6 % 7,8 % Bø vgs. avd. Seljord 3 4,4 % 2 2,8 % 6 7,4 % 4 8 % SuM 68 72 84
Over tid (2010-2012) er det følgjande vidaregåande skular ungdommen i Tokke nyttar (nummerert etter omfang) : Vest-Telemark Lunde vgs. Bø vgs. Bø vgs, Seljord vgs. B. Vurdering av studieretningane som elevane frå Tokke i hovudsak vel, om dei ikkje går på Vest-Telemark vidaregåande skule. Samt konsekvensane det får for elevane frå Tokke: Lunde vidaregåande skule i hovudsak går ungdommane frå Tokke på bygg- og anleggsfag, design- og handverksfag. Konsekvens ved arbeidsgruppas tilråding: Design og handverk Bø vgs. Bygg- og anleggsfag Søve vgs. Rådmannen ser det som ein føremon for Tokkes ungdom å ha bygg- og anleggsfag på Søve og design og handverk i Bø, då offentleg kommunikasjon til Søve og Bø er monaleg betre, samt at Søve har tilbod om internat. Vidare er det fleire av Tokkes ungdomar som bur i Bø om dei går i Lunde, dagleg kommunikasjon til Ulefoss frå Bø er betre enn frå Bø til Lunde. Bø vgs. i hovudsak går ungdommane frå Tokke på i idrettsfag Konsekvens ved arbeidsgruppas tilråding: Ingen konsekvens. Bø vgs. avd. Seljord i hovudsak går ungdommane frå Tokke på restaurant og matfag, media- og kommunikasjonsfag Konsekvens ved arbeidsgruppas tilråding: Media- og kommunikasjonsfag Bø vgs. Restaurant- og matfag Søve vgs. For enkelte ungdommar i Tokke har det vore mogeleg å ha dagleg pendling frå Tokke til Seljord. Slik ville det for Tokkes ungdommar vore ein føremon at Bø vgs. avd. Seljord framleis hadde vore i drift. Dersom Fylkeskommunen trass av trongen for Bø vgs. avd. Seljord legg ned skulen, er ein positiv til at restaurant- og matfag blir flytt til Søve, der ein har tilbod om internat. d.) Elektrofaget spesielt: I 2010 og 2011 var det ikkje tilbod om elektrofag på Vest-Telemark vidaregåande skule. I denne perioden har det vore naudsynt for ungdommen i Tokke å ta elektrofag utanom nærskulen. Erfaringa er at desse ungdomane i 2010 og 2011 har valt Notodden vgs. og Lunde vgs. Frå 2012 har elevane fått elektrofag på nærskulen, som Tokke kommune vurderar som svært positivt. Frå hausten 2013 er det vedteke Vg 2 i elenergi. C. Fjerne elektrofag/elenergi frå Vest-Telemark vgs: Arbeidsgruppa har tilrådd à samle utdanninga innan elektrofag ved Notodden vidaregåande skule, som resulterar i at tilbode blir borte frå Lunde vgs., Rjukan vgs. og Vest-Telemark vgs. For Tokke kommune og det lokale næringslivet i kommunen, var det særdeles viktig å få tilbod om elektrofag i 2012. Tokke kommune har fleire hjørnesteinsverksemder som treng kompetanse innan elektrofag, her kan ein nemne Statkraft, Scana Mar-EI og Vest-Telemark Kraftlag. Dei tre verksemder treng fagpersonell innan elektrofag, dei har gjennom lengre tid slite med å skaffe fagpersonell. Når skulen ikkje fekk pedagogisk personell i inneverande skuleår, stilte verksemdene opp med personell som kunne ta undervisning ved skulen. Rådmannen meiner det
syner kor viktig denne studieretninga er for desse tre verksemdene, då deira velvilje å stille med personell påverkar deira drift i negativ retning. Fylkestinget vedtok i desember 2012, å opprette ei klasse vg 2 innan elenergi ved Vest- Telemark vidaregåande skule. Det er no gjort store investeringar på driftsmidlar til linja. Rådmannen vurderar det som lite kostnadseffektivt å flytte utdanninga no, då investeringane er gjort og det syner seg å vere trong for utdanninga i næringslivet (læreplassar). Rådmannen ser at dimensjonering av klassene ved elektrofag/elenergi kan bli vurdert. Det er potensial for innsparing ved at ein vurderar dimensjonering og at delar av undervisninga går saman med andre klasser på skulen. Vest-Telemark vidaregåande skule spesielt: Skulen har utifrå rådmannens vurdering vore veldriven og skulen har gode resultat på ulike kartleggingar. Skulen er liten og elevane får tett oppfølging, resultatet er at fråfall er nærast ukjent. Ressurssentret ved Vest-Telemark vidaregåande skule: Ressurssentret tilbyr opplæring som er viktig for innbyggjarane og næringslivet i regionen. Ressurssentret har elles vore aktiv i forhold til utveksling av kompetanse (innan Europa) og pådrivar for internasjonale prosjekt. Det har gjennom fleire år vore gode tilbakemeldingar om yrkesmessa og Vest-Telemark konferansen som ressurssentret arrangerar / med arrangør i. Overgang frå grunnskule til vidaregåande skule: Dei siste åra syner tilstandsrapporten for Tokke kommune, 100% overgang frå grunnskule til vidaregåande skule. Rådmannen er ikkje i tvil at mykje av grunnen, er tilbodet ein har i nærskulen. Rådmannen si tilråding: Tokke Kommune sluttar seg i hovudsak til arbeidsgruppas innstilling på modell D, med følgjande endringar: o Elektrofag/elenergi held fram ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Omfang av klassa kan vere gjenstand for vurdering. o Bø vgs. avd. Seljord bør ha ei nærare konsekvensutgreiing for elevane i regionen ved ei nedlegging. Saksprotokoll i Oppvekstutvalet - 12.02.2013 Håvard Holstaa (Ap) fremma fylgjande Stryke siste setning i fyrste punkt. Bø vgs. Avd. Sejord oppretthaldast. framlegg: Framlegget vart samrøystes tilrådd vedteke. Vedtak Tokke Kommune sluttar seg i hovudsak til arbeidsgruppas innstilling på modell D, med følgjande endringar:
Elektrofag/elenergi held fram ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Bø vgs. avd. Seljord oppretthaldast. Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.02.2013 Det vart røysta over Oppvekstutvalets vedtak, samrøystes vedteke Nytt fellesframlegg frå Olav Storåslid, AP og Olav Seltveit Urbø, SP: Lunde vgs bør konsekvensutgreiast nærare, særleg sett i lys av det gode samarbeidet mellom skule og m.a Bandak AS. Framlegget vart vedteke med 17 mot 4 stemmer. Tilleggsframlegg frå Thor Arne Heggtveit, SP: I rapporten er skuletilbodet i Vest Telemark regionen sterkt redusera. Elevgrunnlaget i Vest Telemark er stabilt og det er unaturleg å redusere antal elevplassar i regionen. Ein sterk Vest Telemark vgs er viktig for samfunns- og næringsutvikling i regionen, m.a for å halde på kompetanse arbeidsplassar i Vest Telemark. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vedtak Tokke Kommune sluttar seg i hovudsak til arbeidsgruppas innstilling på modell D, med følgjande endringar: Elektrofag/elenergi held fram ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Bø vgs. avd. Seljord oppretthaldast. Lunde vgs bør konsekvensutgreiast nærare, særleg sett i lys av det gode samarbeidet mellom skule og m.a Bandak AS. I rapporten er skuletilbodet i Vest Telemark regionen sterkt redusera. Elevgrunnlaget i Vest Telemark er stabilt og det er unaturleg å redusere antall elevplassar i regionen. Ein sterk Vest Telemark vgs er viktig for samfunns- og næringsutvikling i regionen, m.a for å halde på kompetanse arbeidsplassar i Vest Telemark.