MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 27.11.2007 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 41/07 07/1384 LEIGESATSAR I BELEHALLI 2008 42/07 07/1340 GEBYR FOR RENOVASJON OG SLAM 2008 43/07 07/1382 GEBYRREGULATIV TIL PLAN OG BYGNINGSLOVA 2008 44/07 07/1383 GEBYR 2008 VATN, AVLØP OG FEIING/TILSYN YMSE Balestrand 25.11.15 Knut U. Thue leiar
Sak 41/07 41/07 Utval for plan og utvikling 27.11.2007 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 07/1384 Arkiv: 231 D11 LEIGESATSAR I BELEHALLI 2008 Vedlegg: Framlegg til leigesatsar for Belehalli for 2008. Lovheimel: Leigesatsane for Belehalli for tilfeldig utleige vert godkjent av kommunestyret i samband med budsjettet kvart år. Det har vore vanleg å regulere leigeprisane i takt med løns- og prisstigning. Kommunen sine kostnader med drift av Belehalli er i stor grad relatert til løn, energi og nokre vedlikehaldskostnader. Desse kostnadene aukar jamt og det er ut i frå dette naturleg å auke leigeprisane tilsvarande. Leigeprisane for 2008 er i framlegg til leigesatsar for 2008 sett opp med 5% stigning. Balestrand kommune aukar leigesatsane for Belehalli med 5% frå 2007 til 2008.
Sak 42/07 42/07 Utval for plan og utvikling 27.11.2007 Sakshandsamar: Åge Skrede Arkiv: 231 Arkivsaknr.: 07/1340 GEBYR FOR RENOVASJON OG SLAM 2008 Vedlegg: Brev frå SIMAS 30.11.2007 Lovheimel: Styret i SIMAS har vedteke å tilrå 6 % auke i renovasjonsgebyret og 5 % auke i slamgebyret for 2008 jfr vedlagte brev frå SIMAS. Balestrand har i dei fire siste åra hatt eit høgare renovasjonsgebyr enn SIMAS for å dekke inn eit negativt fond. Dette fondet var ved utgangen av 2006 på 149.000. I år vil ein få dekka inn ca. 80.000,- av dette, noko som betyr at ein pr 31.12.07 vil ha eit negativt fond på 69.000. Dette betyr at ein også i 2008 må ha eit høgare gebyr for å dekke inn underskotet. For 2007 ligg gebyret i Balestrand 88 kr høgare enn eit standard SIMAS-gebyr. Skal gebyret for 2008 for Balestrand ligge 88 kr over SIMAS vil det stige frå 2.026 til 2.143, dvs ca. 6 %. Dette vil igjen føre til at ein vil kunne få inn i overkant av 80.000 kr til å redusere det negative fondet. I løpet av 2008 vil ein då vere ferdig med å dekke inn fondet. Satsane i Kapittel 6 i "Betalingsregulativ for gebyr etter ureiningslova 26 og 34 - renovasjon og kloakkslam" vert auka med 6 % frå 2006 til 2007. Satsane i Kapittel 7 i "Betalingsregulativ for gebyr etter ureiningslova 26 og 34 - renovasjon og kloakkslam" vert auka med 5 % frå 2006 til 2007.
Sak 43/07 43/07 Utval for plan og utvikling 27.11.2007 Sakshandsamar: Åge Skrede Arkiv: 231 Arkivsaknr.: 07/1382 GEBYRREGULATIV TIL PLAN OG BYGNINGSLOVA 2008 Vedlegg: Forslag 19.11.07 Lovheimel: Plan og bygningslova 109 Det er lagt opp til 3 % auke i gebyrsatsane. Dette fører til følgjande gebyr i vanlege byggesaker: Type sak 2007 2008 Bustadhus 4007 4128 Tilbygg under 30 m 2 667 687 Tilbygg over 30 m 2 1336 1376 Garasje 729 751 Fritidshus 4007 4128 Inntektene varierer med aktiviteten når det gjeld bygging og er difor usikre. Gebyrsatsane kan aukast ut over prisstigninga, men må stå i eit visst forhold til tidsbruken på handsaminga. Gebyra er budsjettert med inntekter på 65.000 og tidsbruken med 10 % stilling i 2008. Satsane i gybyrregulativet til Plan og bygningslova vert auka med 3 % frå 2007 til 2008
Sak 44/07 44/07 Utval for plan og utvikling 27.11.2007 Sakshandsamar: Åge Skrede Arkiv: 231 Arkivsaknr.: 07/1383 GEBYR 2008 VATN, AVLØP OG FEIING/TILSYN Vedlegg: Forslag til gebyrsatsar 19.11.07 Utrekning av Årskostnad og gebyrsatsar 20.11.07 Tilbod frå Luster brannvesen om tilsyn av fyringsanlegg betalingstenester Lovheimel: Rundskriv H-2140 Kommunal og regionaldepartementet Retningslinjer for berekning av selvkost for kommunale Gebyra for vatn, avløp og feiing/tilsyn skal dekke dei faktiske kostnadane kommunene har for å utføre desse tenestene. Når det gjeld vassverket har ein på bakgrunn av kostnadene med den pågåande utbygginga berekna kostnadane i åra fram til 2020. Som det går fram av utrekninga er det ikkje trong for auke i gebyrsatsane ut over generell prisstigning dei første åra. På bakgrunn av dette vil ein tilrå ein auke på 3 % for 2008. For avløp har ein ikkje føreslege auke då gebyret dekker dei faktiske kostnadane. Sidan 1997 har det vore krav om at brannvesenet skal føre tilsyn med fyringsanlegg i bustadhus minimum kvart 4. år. Dette er det vanleg at feiarane utfører. Hos oss har dette ikkje vore utført på grunn av manglande ressursar og kompetanse. Dette vart påpeika sist DSB hadde tilsyn med brannvesenet. Det har vore gjort fleire framstøt overfor nabokommunar m.a. Vik og Høyanger for å få til eit samarbeid utan at dette har ført fram. Ein har no fått tilbod frå Luster brannvesen om denne tenesta. Dei tilbyr seg å utføre 100 tilsyn pr. år for kr.340,- + mva pr hus. Med tilsyn kvart 4. år vert dette kr 85,- pr år Brannsjefen tilrår difor at ein inngår avtale med Luster brannvesen om utføring av tilsyn med fyringsanlegg, og at ein dekker inn kostnaden med auke i feiegebyret.
Sak 44/07 Satsane for kommunale gebyr for: Vatn: Vert auka med 3 % frå 2007 til 2008. Tilknyttingsgebyret vert uendra. Avløp: Vert ikkje auka frå 2007 til 2008.. Tilknyttingsgebyret vert uendra. Feiing/tilsyn: Vert auka med 3 % + 85 kr for tilsyn frå 2007 til 2008.