Konkurransegrunnlag og kontrakt - eksempel Seniorrådgjevar Ola Betten Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kvifor anstrenge seg med å lage godt konkurransegrunnlag og kontrakt? (følgje lov-/regelverket) Oppnå beste pris? Oppnå beste løysning? Få eit grunnlag for å velje det kostnadseffektivt beste tilbodet Lette arbeidet for tilbydar og kjøpar
Erfaringane til Fylkesmannen i M&R Vi har lært etterkvart Starta med SNO sin innkjøpskontrakt Utvikla denne Først enkle oppdragsskildringar Prisførespurnad på e-post Så meir forseggjorte konkurransegrunnlag.. Til større prosjekt lagt ut på DOFFIN Erfaring frå einskapsfylket FK innkjøpseksjon
Innkjøp hos FMMR Planleggingstiltak skjøtselsplanar Overvaking vassdirektivet Byggetiltak (masseflytting m.v.) Søppelrydding Fjerning av store gjenstandar Hogst og behandling av vyrke Transport i kombinasjon med andre
Utforming av konkurransegrunnlaget Lay-out tiltalande sjå seriøs ut, ikkje for rik! Kartfest, vis koordinatar og avstandar Bilde Detaljert arbeidsomtale Deloppdrag? Opning for kreative løysningar? Sett opp kriteria for val av tilbod m/vekting Pris Leveringsdyktigheit Tilbodsskjema for å samanlikne lette kontraktsutforming
Enkelt konkurransegrunnlag
1 OPPDRAG Fylkesmannen i Møre og Romsdal ber om pristilbod på ei totalentreprise med fjerning av eit eigarlaust, ca. 35 fots båtvrak frå fjøra i Storevik naturreservat, på Sandsøya i Sande kommune. Båten skal fraktast til godkjent avfallsmottak og behandlast der. Skroget er i tre, med motor og drivverk. I tillegg skal ei plastbøye i vika nordom fjernast. Avfallet skal fjernast innan 31.10.2012. For nærare opplysningar viser vi til bilete og kartvedlegg. 2 KRAV TIL ARBEIDET Arbeidet krev stor varsemd då vraket og bøya ligg i eit naturreservat.
2.1 Materialar 1) Alle materialar frå båten, faste i skroget som lause på staden, skal fjernast. 2) Avfall som kan vere miljøskadeleg (olje, kjemikaliar, batteri) skal behandlast slik at der ikkje skjer utslepp til miljøet. 3) Vraket kan delast opp på staden. 4) Bøya skal fjernast frå fjøra. 2.2 Transport 1) Det vil bli gjeve løyve til køyring ut i fjøra med traktor og henger, og evt. gravemaskin. 2) Køyring skal skje forsiktig av omsyn til naturreservatet og verneverdiane. Vi viser til kartet med vernegrensa (grøn strek). 3) Det skal køyrast der grunnen er fastast i retning vest eller nordvest. 4) Det skal takast omsyn til vassleidning og andre installasjonar i området 5) Alt arbeid skal skje i perioden 1. september 31. oktober 2012. 2.3 Transport, behandling. Avfallet skal transporterast utan unødvendig mellomlagring og leverast til godkjent mottaksanlegg for denne type avfall. 3 TILBODSFRIST Pristilbod skal sendast innan 20. august 2012 til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshusa, 6404 Molde og merkast «Pristilbod båtvrak Storevik ikkje opne», evt. på mail til ola.betten@fmmr.no.
OBS i konkurransegrunnlaget Ta nødvendige atterhald Finansiering (opplyse om økonomisk ramme?) Praktiske forhold Køyreforhold Flo/fjøre Hekkesesong Må kunne forkaste alle tilbod Atterhald Oppdragsgivar kan fritt avlyse konkurransen dersom det føreligg sakleg grunn. Oppdragsgjevar tek atterhald om at omfanget av tiltaket kan verte endra i forhold til dei økonomiske rammene som er avsett til føremålet. Kan vere for seint å rette opp i kontrakten.
Spesifikasjon VEDLEGG 1: SPESIFIKASJON AV HOGST AV LEBELTE VED VESTLI I HOPAVASSDRAGET NATURRESERVAT Deloppdrag Tiltak Spesifikasjonar Hogst 460 m lebelte, ca. 20 daa Hopavassdraget naturreservat, del av lebelte i reservatet og randsona sør for reservatet, frå UTM 7034207 451309 i nord, til UTM 7033781 451486 i sør, gnr 57 bnr 112. Manuell felling og kvisting av all sitkagran, bergfuru og lauvoppslag. Kapping i definerte lengder. Sitkagraner og bergfuruer skal kvistast ut i topp og kappast. Små, dårleg utvikla sitkagraner og bergfuruer som er mindre enn 3 meter eller mindre enn ca. 10 cm i brystdiameter skal kappast i 1 m lengder. Kvist og kapplengder skal elles leggast i forseinkingar der dei kan rotne. Dei skal ikkje leggjast i tjønner, bekkefar eller andre vassvegar. Kvist og kapp kan leggjast opp med tanke på framtidig køyretrasé for uttransport. Transport av kappa stokkar Hopavassdraget naturreservat, del av lebelte i reservatet og randsona sør for reservatet, frå UTM 7034207 451309 i nord, til UTM 7033781 451486 i sør, gnr 57 bnr 112. Etablering av lunneplass Område ved traktorveg ca. UTM 7033854 451467 på gnr 57 bnr 112. Uttransport av stokkar fram til lunneplass. Opplegging av stokkar for henting. Stokkar som er over 10 cm i diameter skal kappast i lengder på ca. 2 meter, eller i lengder som er manuelt handterbare, og leggjast i små lunnar eller reisast opp for tørking og seinare henting. Det skal ikkje brukast mykje tid på å bere slike stokkar fram til lunnar. Det skal køyrast på frosen eller snødekt mark. Det skal køyrast med snøscooter, jernhest/elgtrekk eller anna køyretøy med lite marktrykk. Det skal leggjast avgjerande vekt på skånsam køyring, gjerne på fjell i dagen. Der det er fare for terrengskadar, skal det leggast ut stokkar, kvist eller bærematter for å køyre på. Evt. terrengskadar skal rettast opp att av entreprenør for entreprenør sin kostnad etter avtale med Fylkesmannen, grunneigar og Statens naturoppsyn. Stokkane skal leggjast opp ved køyreveg for henting av grunneigar eller andre. Vi foreslår at dette skjer ved UTM 7033854 451467, men tilbydar kan foreslå anna plassering dersom dette fungerer betre. Det kan leggjast stokkar på begge sider av traktorvegen.
Fast pris Framsetting av tilbod Timepris med forventa time-/utstyrsforbruk Overtaking av verdiar Døme på at entreprenør har overteke omsett vyrket etter hogst som delfinansiering
Tilbodsskjema VEDLEGG 2: TILBOD HOGST OG UTKØYRING LEBELTE VED VESTLI, HOPAVASSDRAGET NATURRESERVAT Deloppdrag Tiltak Spesifikasjon Fastpris inkl. mva Hogst 460 m lebelte, ca. 20 daa, i Hopavassdraget naturreservat, del av lebelte i reservatet og randsona sør for reservatet. Transport av kappa stokkar frå lebelte i reservatet og randsona sør for reservatet, til lunneplass. Etablering av ein eller fleire lunneplassar ved traktorveg ca. UTM 7033854 451467 på gnr 57 bnr 112. Manuell felling og kvisting av all sitkagran, bergfuru og lauvoppslag. Kapping i definerte lengder. Oppreisning eller opplegging i lunnar Uttransport av stokkar fram til lunneplass. Opplegging av stokkar for henting. Tre som er < 3 meter i høgde eller diameter i 1,0 meters høgde < 10 cm kan kappast i meters lengder og leggjast att i forseinkingar i terrenget. Stokkar over 10 cm i diameter skal kappast ut i ca. 2 meters lengder (manuelt handterbare) og leggjast opp. Det må takast omsyn til terrengskader i naturreservatet og terrenget vidare. Det skal i størst mogeleg grad køyrast på berggrunn. Skadar skal reparerast. Kappa stokkar skal leggjast opp for seinare henting. Timepris inkl. mva Forventa timebruk X X Ferdig dato
1) Oppdragsgjevar for å beskrive tiltak 2) Anbodsbefaring (nokre vil gjere dette åleine) 3) Oppsyn undervegs v/sno 4) Ferdiggodkjenning (SNO) Må tilpasse etter kostnad Synfaring
Godkjenning av tilbod Bør ha rask avklaring av tilbod Tilbodsopning skal vere varsla Grovgjennomgang Finrekning Val av tilbydar Varsle andre med klagefrist Sende kontraktsframlegg Signaturar, lagre i ephorte
1) Frist 2) Stad, område Kontrakt 3) Tiltak - Vis til konkurransegrunnlag og tilbod, bruk gjerne formuleringar derifrå 4) Pris MVA? Adm? Fordeling av evt. tilleggskostnader? 5) Policy-spørsmål - media, lojalitet, motorferdsel 6) Tvistar
Moment å tenkje over Kjøp av varer og tenester kostar! Innkjøpsprosessen kostar! Å gje tilbod kostar! Ikkje press tilbydar inn i eit hjørne! Fordel risiko etter styrke! Tenk langsiktig samarbeid!
Takk for at de høyrte på! Sør-Smøla lvo 2012