St.meld. nr. 38 (2004 2005) Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004



Like dokumenter
Innst. S. nr ( ) Innstilling til Stortinget fra utenrikskomiteen. St.meld. nr. 36 ( )

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

St.meld. nr. 15 ( ) Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

EUROPARÅDET MENNESKERETTIGHETENES FORSVARER EN OPPSUMMERING

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Lønnsundersøkinga for 2014

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kap 1 Innleiande fastsettingar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Forslag frå fylkesrådmannen

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Søknad om Anbodsgaranti

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Til deg som bur i fosterheim år

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

St.meld. nr. 10 ( )

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

VEDTEKT av februar 2007

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 98/27/EF. av 19. mai 1998

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

INTERNASJONAL STRATEGI

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

10/60-14/N-211//AMS

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

Reglement for Kvam kontrollutval

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Innst. S. nr Innstilling fra utenrikskomiteen om Norges deltakelse i Europarådet i 2000 St.meld. nr. 35 ( ) ( ) Til Stortinget

Transkript:

St.meld. nr. 38 (2004 2005) Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Innhold 1 Utfordringar for Europarådet... 5 4.3 Den reviderte europeiske sosialpakta 16 4.4 Europarådets menneskeretts- 2 Den norske formannskapen kommissær... 17 (mai november 2004)... 7 4.5 Vern av nasjonale minoritetar... 17 2.1 Innleiing... 7 4.6 Veneziakommisjonen... 18 2.2 Styrking av det europeiske 4.7 Den europeiske torturkomiteen menneskerettssystemet... 7 (CPT)... 18 2.3 Styrking av samarbeidet mellom 4.8 Nord/sør-senteret... 19 europeiske organisasjonar... 8 2.4 Vidareutvikling av Europarådet si Vedlegg rolle i konfliktførebygging... 8 1 Det mellomstatlege arbeidet... 20 2.5 Politisk deltaking under formann- 2 Tale av statsminister Bondevik til skapen... 8 Parlamentarikerforsamlinga i Europarådet 23. juni 2004... 32 3 Det politiske samarbeidet... 10 3 Høgnivåseminar om reform av det 3.1 Europarådet. Medlemsland og europeiske menneskerettssystemet, institusjonar... 10 Oslo 18. oktober 2004... 35 3.2 Møta i ministerkomiteen... 10 4 Konferansen Styrking av lokalstyre 3.3 Utviklinga i medlemslanda... 11 og demokratisk deltaking i ei verd i 3.4 Arbeidet mot internasjonal endring, Oslo 30. september terrorisme... 13 1. oktober 2004... 39 3.5 Samarbeidet med andre organisa- 5 Førebygging av kvardagsvold i sjonar... 13 Europa: Reaksjonar i eit demokratisk 3.6 Budsjett for Europarådet... 14 samfunn... 42 6 Medlemsland i Europarådet i 2003 4 Menneskerettar og demokrati- og 2004... 44 bygging... 15 7 Rettsakter som er iverksette av Noreg 4.1 Den europeiske og saker som gjeld Noreg frå 1. januar menneskerettskonvensjonen... 15 2003 til 31. desember 2004... 45 4.2 Den europeiske 8 Forkortingar av ekspert- og menneskerettsdomstolen... 15 styringsgrupper der Noreg deltek... 59

Utanriksdepartementet St.meld. nr. 38 (2004 2005) Tilråding frå Utanriksdepartementet av 3. juni 2005, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Bondevik II) 1 Utfordringar for Europarådet Hovudutfordringa for Europarådet i åra framover er å gjere heile det europeiske kontinentet til eit område der menneskerettane, demokratiet og rettsstaten vert respekterte fullt ut. Dette er ei oppgåve av historisk omfang. Den framleis ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen syner at dei utfordringane som låg til grunn for opprettinga av Europarådet, er høgst aktuelle. Noreg hadde formannskapen i ministerkomiteen i Europarådet i seks månader i 2004. For regjeringa representerte det eit høve til å påverke dagsordenen i ein av dei eldste og breiast samansette europeiske samarbeidsorganisasjonane, og ein sjanse til å fremje norske politiske interesser i Europa. Sist Noreg hadde formannskapen var i 1989. Det har skjedd store forandringar i Europa sidan då, noko som også har påverka samarbeidet i Europarådet. I dag er det ein organisasjon med 46 medlemsstatar, dobbelt så mange som i 1989, med til saman 800 millionar innbyggjarar. Styrken til Europarådet ligg i å utvikle og gjennomføre standardar på rettsstats- og demokratiområdet. Dette er grunnleggjande bidrag til førebygging av konflikt og sikring av menneskerettane. Gjennom europarådskonvensjonane er det lagt eit felles rettsleg grunnlag på sentrale samfunnsområde, og organisasjonen for valtar viktige kontrollog oppfølgingsmekanismar. Samstundes er det nødvendig med reformer for å styrkje og effektivisere arbeidet i Europarådet. Den viktigaste saka under den norske formannskapen var såleis å få sett i gang reforma for å sikre framtida til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Denne reforma blei vedteken samstundes med at Noreg tok over formannskapen i mai 2004. Bakgrunnen er at bunken av ubehandla saker ved domstolen stadig veks, noko som truar heile institusjonen. Reforma går mellom anna ut på å betre situasjonen i medlemslanda slik at brot på konvensjonen ikkje oppstår, eller at dei blir retta opp på ein korrekt måte på nasjonalt plan. Det er også viktig å betre effektiviteten til domstolen og gjennomføre dommar. Noreg arrangerte eit høgnivåseminar i Oslo i oktober 2004 som gav konkrete forslag til korleis reformprosessen kan førast vidare. Noreg arbeidde også aktivt for at medlemslanda skulle underteikne og ratifisere reformpakken (sjå nærare under om reforma i kapittel 2 pkt. 2). Regjeringa meiner at det er nødvendig å sikre Europarådet sin plass i den samla europeiske arkitekturen. Arbeidet i Europarådet må også sjåast i samanheng med oppgåvene til Organisasjonen for tr yggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og eit utvida EU. Ei viktig prioritering under den norske

6 St.meld. nr. 38 2004 2005 formannskapen var difor eit sterkare samarbeid med desse organisasjonane og at dei må framheve sine fordelar der dei har ekstra bidrag og særleg kompetanse. Noreg tok initiativ til å etablere ein mekanisme for konkret samarbeid mellom Europarådet og OSSE. Dette opplegget blei godt motteke, og begge organisasjonane vedtok tekstar slik at mekanismen no er operativ. EU-utvidinga har ført til ønske om ei klårare rollefordeling mellom EU og Europarådet. Regjeringa meiner det er særleg viktig å unngå to konkurrerande menneskerettsstandardar i Europa. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg, er berebjelken i samarbeidet i Europarådet og i forvaltninga av menneskerettane i Europa. Forfatningstraktaten for EU vart underteikna i Roma i oktober 2004. Pakta om dei fundamentale rettane er innarbeidd i forfatninga, og vil på denne måten bli rettsleg bindande. Samstundes står det i traktaten at EU skal bli part i EMK. Dette vil gjere det mogeleg å halde fram med ein sams standard for menneskerettar og å sikre eit sameint vern av menneskerettane i Europa, også i høve til EU-organa. Med EMD til å kontrollere at EU respekterer menneskerettane, vil menneskerettane stå sterkare i Europa. I desember 2003 vedtok Det europeiske rådet å opprette eit nytt EU-byrå for menneskerettar. Eit anna viktig spørsmål vil såleis vere korleis dette menneskerettsbyrået skal arbeide og korleis det skal samverke med Europarådet. Regjeringa meiner at Europarådet òg har ei rolle å spele i førebygging av konfliktar, blant anna ved å arbeide for godt styresett og å fremje forståing mellom ulike kulturar. Under formannskapen blei difor arbeid på dette området prioritert. Særleg utdanning har eit potensial til å fremje kunnskap og forståing mellom kulturar og ulike trussamfunn. Det var tema under ein konferanse som Noreg arrangerte i Oslo om interreligiøse aspekt ved utdanning. Vidare vil demokratisk deltaking og godt styresett på regionalt og lokalt nivå vere viktig for stabile demokratiske styresett og førebygging av konfliktar. Under formannskapsperioden arrangerte den norske formannskapen difor ein stor konferanse i Oslo om dette emnet. Formannskapen fall saman med førebuingane til det tredje toppmøtet mellom stats- og regjeringssjefane i medlemslanda. I juli 2004 vart det vedteke å halde toppmøtet i Warszawa 16. 17. mai 2005. Etter regjeringa sitt syn er toppmøtet eit høve for Europarådet til leggje ein strategi for framtida. Noreg har arbeidd for hovudsakene frå formannskapen og for at tanken om å gjere Europarådet til ein meir effektiv og open organisasjon får gjennomslag på toppmøtet. Regjeringa meiner at dette bør vektleggjast for at Europarådet skal kunne utvikle seg positivt i tida framover.

2004 2005 St.meld. nr. 38 7 2 Den norske formannskapen (mai november 2004) 2.1 Innleiing Frå mai til november 2004 hadde Noreg formannskapen i ministerkomiteen, som er det øvste vedtaksorganet i Europarådet. Prioriteringane var tredelte: styrking av det europeiske menneskerettssystemet og det rettslege samarbeidet, styrking av samarbeidet mellom dei europeiske organisasjonane, særleg OSSE og EU, og vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging gjennom politisk dialog og arbeid for godt styresett og auka forståing mellom ulike kulturar. 2.2 Styrking av det europeiske menneskerettssystemet På ministermøtet i mai 2004 vart det vedteke ein reformpakke som skulle sikre framtida for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Grunnen til dette var at talet på klagemål til domstolen har auka kraftig dei seinare åra, noko som har ført til store restansar og lang saksbehandlingstid. Reformpakken inneheld desse elementa: 1) protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) om endring i kontrollsystemet til konvensjonen, som særleg skal gjere domstolen meir effektiv, 2) fem tilrådingar til medlemsstatane som skal betre gjennomføringa av EMK på nasjonalt plan og slik minske talet på klagemål til domstolen i Strasbourg, 3) ein resolusjon retta mot domstolen om dommar som avdekkjer underliggjande systemfeil, og 4) ei erklæring som mellom anna seier at komiteen av faste representantar skal treffe særlege og effektive tiltak for å sikre betre og raskare gjennomføring av dommane frå domstolen, særleg slike som avdekkjer underliggjande systemfeil. Komiteen av faste representantar skal føre tilsyn med at statane gjennomfører tilrådingane som er nemnde i punkt 2 ovanfor, og komiteen skal sørgje for tilstrekkelege ressursar særleg for domstolen til å gjennomføre protokoll 14 til EMK. Ei særleg viktig sak for Noreg var å sørgje for at denne reformprosessen vart ført vidare, ettersom domstolen er sjølve berebjelken for Europarådet i arbeidet med å fremje menneskerettar, demokrati og rettsstat. Norske styresmakter arrangerte i samarbeid med Europarådet eit seminar i Oslo 18. oktober 2004 om reform av det europeiske menneskerettssystemet. Seminaret vart opna av kronprins Haakon. Utanriksministeren, presidenten i Den europeiske menneskerettsdomstolen og leiaren for menneskerettsavdelinga i sekretariatet for Europarådet heldt hovudinnlegg. Seminaret munna ut i ei liste med konkrete forslag til korleis reformprosessen kan førast vidare. Ein hovudkonklusjon er at balansen mellom nasjonalt og internasjonalt menneskerettsvern må rettast opp. Medlemsstatane må ta eit større ansvar for å oppfylle sine menneskerettsplikter. Dei kan ikkje skyve ansvaret over på domstolen i Strasbourg. Konklusjonane, som er lagde ved denne meldinga, er lagde fram i relevante organ i Europarådet. Regjeringa arbeider for at dei skal følgjast opp vidare. Noreg tok under formannskapen også kontakt på høgt nivå med alle medlemsland med oppmoding om underteikning og ratifisering av protokoll 14 til EMK. Internasjonal terrorisme som trussel mot demokratiet og menneskerettane var eit sentralt tema for ministerkomiteen i den norske formannskapsperioden. Nokre medlemsland, mellom dei Russland, Spania og Tyrkia, vart hardt råka av terroristanslag. Etter Beslan-tragedien i september 2004 kom ministerkomiteen straks saman etter initiativ frå Noreg for å finne fram til korleis Europarådet betre kan nytte sin kompetanse i kampen mot internasjonal terrorisme. Delegatane vedtok ei politisk erklæring om terrorisme 9. september 2004. Ekspertkomiteen som er utnemnd av Europarådet til å ta hand om spørsmål som gjeld terrorisme, og andre relevante komitear, vart instruerte om å intensivere arbeidet for å rette på manglar i internasjonal lovgjeving og internasjonale vedtak. Styringskomiteen for menneskerettar har starta prosessen med å treffe ei endeleg avgjerd så snart som råd når det gjeld retningslinjer for vern av terroroffer. Land som enno ikkje har ratifisert tilleggsprotokollen til den europeiske konvensjonen mot terrorisme, er blitt sterkt oppmoda til å gjen-

8 St.meld. nr. 38 2004 2005 nomføre dei nasjonale endringane som er nødvendige for å setje denne i verk. Eit anna spørsmål i tilknyting til menneskerettane er den auka valdsbruken i dagleglivet. Europarådet har utarbeidd forslag til tiltak for å bøte på dette, og Noreg arrangerte ein breitt opplagd konferanse i Oslo 7. 9. november 2004 for å leggje fram og drøfte desse tiltaka. Den norske formannskapen tok også initiativ til ein konferanse i Strasbourg 8. 9. november 2004 for å styrkje rettane til funksjonshemma born. Konferansen tok føre seg funksjonshemma born og foreldra deira med tanke på å fremje rettane og livsvilkåra deira (sjå nærare vedlegg 1 kapittel 3 pkt. 1). Det blei gjennomført fleire tiltak i Strasbourg for å profilere Noreg under formannskapen. I samband med møtet i ministerkomiteen i mai 2004 blei det opna ei retrospektiv utstilling med bilete av kunstnaren Kjell Pahr-Iversen. Det blei arrangert ei norsk utstilling om Nobels fredspris. Det blei også lansert ein omfattande kampanje for norsk sjømat på den franske marknaden. 2.3 Styrking av samarbeidet mellom europeiske organisasjonar Noreg hadde under formannskapen ei leiande rolle i arbeidet med å avklare Europarådet si rolle i høve til andre internasjonale organisasjonar, særleg OSSE og EU. Ei viktig sak for regjeringa var det norske initiativet for å styrkje samarbeidet og å sikre auka komplementaritet mellom Europarådet og OSSE. Dette vart teke godt imot av den dåverande bulgarske formannen for OSSE, og vart drøfta på møtet mellom utanriksministrane Petersen og Passy i Sofia 13. oktober 2004. Ministrane var einige om at eit sterkare samarbeid må til, og det blei lagt fram eit norsk dokument som føreslo ei rekkje tiltak for å leggje til rette for eit betre samarbeid mellom dei to organisasjonane. Dette dokumentet vart lagt til grunn for eit felles initiativ som føreslo oppretting av ei koordineringsgruppe mellom dei faste representantane i Strasbourg og i Wien. Denne gruppa fekk i oppdrag å sjå nærare på samarbeidet mellom dei to organisasjonane og komme med konkrete forslag til oppfølging. Initiativet vart vedteke i desember. Ei oppfølging av vedtaket vil bli ein del av dagsordenen for toppmøtet i Warszawa. Noreg deltok også i det arbeidet som er sett i gang for ytterlegare å styrkje samarbeidet med EU gjennom rapportørgruppa for tilhøvet til EU, og leier arbeidet i gruppa. 2.4 Vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging Som ein tredje prioritet under formannskapen la Noreg vekt på ei vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging, blant anna ved å arbeide for godt styresett og fremje forståing mellom ulike kulturar. Utdanning kan etter regjeringa sitt syn vere med på å fremje kunnskap og forståing mellom kulturar og ulike trussamfunn. Dette var hovudtema under ein konferanse med fokus på interreligiøse aspekt ved utdanning som vart arrangert i Oslo i juni 2004. Deltakarar var mellom anna representantar frå utdannings- og forskingsinstitusjonar i medlemslanda i Europarådet. For regjeringa er det viktig å få i stand demokratisk deltaking og godt styresett på regionalt og lokalt nivå for å utbreie stabile demokratiske styresett og førebyggje konfliktar. Dette var tema for ein stor konferanse som vart arrangert i Oslo 30. september og 1. oktober 2004 med deltaking på ministernivå frå fleire medlemsstatar. På konferansen vart det drøfta korleis Europarådet best kan nyttast for å styrkje godt styresett gjennom samarbeid på lokalplanet mellom medlemslanda. I tillegg vart det stadfesta at Europarådet vil ha ei leiande rolle når det gjeld utvikling og gjennomføring av standardar for overvaking innanfor lokal- og regionaldemokrati. Regjeringa ser på barne- og ungdomssamarbeidet som ein viktig del av den førebyggjande innsatsen, og har stilt ein ekspert til rådvelde for arbeidet i Strasbourg med å samordne barne- og ungdomspolitikken i Europarådet. Noreg gav òg støtte til minoritetsarbeidet, m.a. ved eit seminar om tiltak for å fremje sysselsetjing for roma- og sintiungdom (sjå nærare kapittel 4, pkt. 5) 2.5 Politisk deltaking under formannskapen Under formannskapen heldt statsministeren tale for sommarsesjonen i parlamentarikarforsamlinga den 23. juni 2004, og la særleg vekt på behovet for internasjonal dialog og konfliktførebyggjande arbeid. Utanriksministeren gjorde greie for det norske formannskapsarbeidet under møtet i ministerkomiteen i Strasbourg i mai 2004 og i parlamentarikarforsamlinga i juni og oktober same året.

2004 2005 St.meld. nr. 38 9 Under formannskapen tala kommunal- og regionalministeren til årsmøtet for kongressen for lokale og regionale styresmakter i mai 2004. Det var også deltaking på statssekretærnivå på ei rekkje møte og konferansar under formannskapsperioden. Utanriksministeren besøkte Vest-Balkan frå 13. til 15. september som formann i ministerkomiteen. Han vitja Sarajevo, Beograd og Pristina for å drøfte den politiske utviklinga og forholdet til Europarådet for Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro. Utanriksministeren vitja Georgia, Armenia og Aserbajdsjan frå 7. til 13. oktober 2004. Dette besøket var ein del av dialogen mellom organisasjonen og dei tre Kaukasus-statane, som er blant dei nyaste medlemslanda i Europarådet, mellom anna for å vurdere utfordringane desse landa møter i arbeidet med å tilpasse seg dei standardane Europarådet praktiserer.

10 St.meld. nr. 38 2004 2005 3 Det politiske samarbeidet 3.1 Europarådet. Medlemsland og institusjonar Europarådet har i dag 46 medlemsland. Det einaste landet på det europeiske kontinentet som enno ikkje er medlem, er Kviterussland. Behandlinga av søknaden frå Kviterussland har vore suspendert sidan 1997 på grunn av dei innanrikspolitiske tilhøva i landet. Dei grunnleggjande vilkåra for medlemskap i Europarådet er eit fungerande demokratisk styresett med frie val, respekt for rettsstatsprinsippa og vern om menneskerettane, medrekna minoritetsvern. Kviterussland har enno eit godt stykke igjen før vilkåra er oppfylte. Den norske formannen i ministerkomiteen uttr ykte i ei pressemelding 18. oktober 2004 særleg uro over parlamentsvalet og folkerøystinga som fann stad 17. oktober 2004. Serbia og Montenegro vart medlem i april 2003, medan Monaco kom med i organisasjonen i oktober 2004. Desse tilslutingane er resultat av lange prosessar, og er overtydande eksempel på at statar utfører forbetringar som gjer det mogeleg å verte medlem i Europarådet. Dei politiske hovudorgana i Europarådet er ministerkomiteen og parlamentarikarforsamlinga. Ministerkomiteen består av utanriksministrane i medlemslanda. Tidlegare har ministrane komme saman to gonger i året. Ei omlegging til årlege møte er for tida under utprøving. Regjeringa er positiv til ei slik reform. Eit forsøk på å dreie møtet i retning av meir politisk debatt er ønskjeleg. Mellom møta i ministerkomiteen har komiteen av faste representantar fullmakt til å gjere vedtak på vegner av Europarådet. Her sit dei faste representantane (ambassadørane) for medlemslanda i Strasbourg, som normalt møtest ein gong i veka. Parlamentarikarforsamlinga er samansett av representantar for nasjonalforsamlingane i medlemslanda, og har ein rådgjevande funksjon i høve til ministerkomiteen. Forsamlinga samlast til fire sesjonar i året, kvar på ei veke. Den norske delegasjonen til parlamentarikarforsamlinga omfattar ti stortingsrepresentantar fem medlemmer og fem varamedlemmer. Dei politiske omveltingane i Georgia og Ukraina, den politiske situasjonen i Moldova og konflikten i Tsjetsjenia stod i 2003 og 2004 sentralt i arbeidet til parlamentarikarane. I juni 2004 valde forsamlinga briten Terry Davis til ny generalsekretær i Europarådet. Den europeiske menneskerettsdomstolen er Europarådet sitt hovudorgan for å sjå til at medlemslanda etterlever den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som tok til å gjelde i 1953. I domstolen sit ein dommar frå kvart av medlemslanda. Norsk dommar er Sverre Jebens. Kongressen for lokale og regionale styresmakter møtest ein gong i året, og består av representantar for kommunale og regionale styresmakter i medlemslanda. Kongressen arbeider for å fremje samarbeidsprosjekt på lokalt og regionalt nivå, med særleg vekt på oppbygging av lokale styresmakter i dei nye medlemslanda. Frå Noreg deltek representantar frå Kommunenes Sentralforbund. Politisk leiar i KS, Halvdan Skard, leier den eine av dei to avdelingane i kongressen (lokale styresmakter). Europarådets utviklingsbank (CEB) er ei vidareføring av det tidlegare europeiske sosialfondet. Banken har 38 medlemsland, og gjev lån til prosjekt innan flyktning- og asylspørsmål, utvikling av små og mellomstore bedrifter, utbygging av helseog sosialsektoren og støtte til offer for miljøkatastrofar. Banken prioriterer dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Noreg sit i styret for banken. 3.2 Møta i ministerkomiteen 3.2.1 Det 112. ministerkomitémøtet Møtet vart avvikla i Strasbourg 14. 15. mai 2003. Moldova tok over formannskapen etter Malta. Ministrane diskuterte den framtidige rolla til Europarådet og eit eventuelt tredje toppmøte. Ei viktig sak var tiltak for å betre effektiviteten i menneskerettsdomstolen. Ministrane bad om at arbeidet med å konkretisere tiltaka i form av ein samla reformpakke, inkludert ein endringsprotokoll til menneskerettskonvensjonen, skulle vere klart til

2004 2005 St.meld. nr. 38 11 møtet i ministerkomiteen i mai året etter. Elles hadde ministrane mellom anna ordskifte om tiltak mot menneskehandel og mot internasjonal terrorisme. 3.2.2 Det 113. ministerkomitémøtet Møtet vart halde i Chisinau i Moldova 5. 6. november 2003, der Nederland tok over formannskapen. Hovudtema var samarbeidet mellom Europarådet og EU, det tredje toppmøtet og oppfølging av spørsmål frå det føregåande ministermøtet. Her kan særskilt nemnast tiltak for å betre effektiviteten til domstolen og kampen mot internasjonal terrorisme og menneskehandel. Utanriksministeren gav i sitt innlegg klart uttr ykk for at ein måtte intensivere arbeidet med å få fram ein så relevant politisk agenda som mogeleg for toppmøtet. Dette måtte falle på plass før ein kunne drøfte tidspunkt for toppmøtet. På dei to ministerkomitémøta i 2003 var den politiske deltakinga relativt låg. Det vart bestemt å innføre ei prøveordning ved å redusere møtefrekvensen til eitt møte per år og samtidig gjere møta meir politisk relevante. 3.2.3 Det 114. ministerkomitémøtet Møtet vart halde i Strasbourg 12. 13. mai 2004, og Noreg tok over formannskapen. Hovudtema for møtet var reform av det europeiske menneskerettssystemet, særleg protokoll 14 til EMK, ei reform for å betre effektiviteten til domstolen. Ministrane oppfordra alle landa til å underteikne og ratifisere protokollen så snart som mogeleg. I alt 17 land underteikna protokollen i samband med møtet, blant dei Noreg. Vidare diskuterte ministrane det tredje toppmøtet, og Polen fremja tilbod om å halde møtet i Warszawa. Endeleg vedtak om fastsetjing av dato for møtet vart overlate til dei faste representantane i Strasbourg. Andre hovudpunkt på dagsorden var kampen mot internasjonal terrorisme og tilhøvet mellom Europarådet, EU og OSSE. Utanriksministeren la fram prioriteringane for den norske formannskapen. 3.3 Utviklinga i medlemslanda Situasjonen i Tsjetsjenia har vore kontinuerleg på dagsordenen. Ved utgangen av 2004 var det framleis grunn til djup uro over forholda i delrepublikken. Ministerkomiteen har dessutan følgt nøye med på utviklinga i Armenia og Aserbajdsjan. Utviklinga på Balkan har også stått sentralt i arbeidet i komiteen av faste representantar, både når det gjeld situasjonen i Bosnia-Hercegovina, Kosovo og Serbia og Montenegro. Hendingar i Ukraina, Moldova, Georgia og Tyrkia har på same vis blitt nøye følgde. I tillegg til den vedvarande debatten om aktuelle politiske spørsmål i medlemslanda, har ministerkomiteen etablert kontrollmekanismar for å sjå til at medlemslanda oppfyller pliktene sine innanfor kjerneområda til Europarådet. På grunnlag av innspel frå medlemslanda utarbeider generalsekretæren rapportar om medlemslanda på konkrete felt. På grunnlag av rapportane vert situasjonen vurdert på møte i komiteen av faste representantar. Konklusjonane frå desse møta gjev viktige retningslinjer for samarbeidsprogramma i Europarådet. 3.3.1 Engasjementet på Balkan Europarådet har også i 2004 lagt ned eit stort arbeid i prosessen med å stabilisere dei politiske tilhøva på Balkan. Mykje av dette arbeidet har skjedd innanfor ramma av stabilitetspakta for Søraust-Europa, men Europarådet har også gjennomført eigne program i regionen. Europarådet har etablert eigne kontor, som er samlokaliserte med feltkontora til OSSE i Beograd, Pristina, Sarajevo, Podgorica, Skopje og Tirana. Den vanskelege situasjonen i delar av Kaukasus og Europarådet sitt omfattande engasjement der har sett arbeidet på Balkan litt i skuggen, men det vil framleis vere ei stor utfordring å skape stabile forhold på Balkan. Assistanse innan politiarbeid og arbeid knytt til utviklinga av rettsstaten står som store og viktige oppgåver. Europarådet har eit særleg ansvar på det sistnemnde feltet. Serbia og Montenegro vart medlem av Europarådet i 2003. I samband med dette vart det lagt opp ein strategi for korleis landet skulle etterkomme dei pliktene medlemskapen medfører. Styresmaktene har vist gode intensjonar og enkelte resultat er synlege, men på mange område går utviklinga sakte. Blant dei aktuelle satsingsområda er demokratiske institusjonar, vern av menneskerettar og minoritetar, samsvar med rettsstatsprinsipp og utdanning. Ein trur at fleire ICTY-tiltalte (ICTYkrigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia) framleis oppheld seg i Serbia og Montenegro, og ein ønskjer difor betre samarbeid mellom styresmaktene og domstolen. Europarådet har vore til stades i Kosovo sidan krigshandlingane tok slutt, i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1244. Organisasjonen har samarbeidd med andre representantar frå det

12 St.meld. nr. 38 2004 2005 internasjonale samfunnet på staden. Fire store arbeidsområde kan skiljast ut: overvaking av forsamlingsvalet som fann stad 23. oktober 2004, bruk av Europarådet sine mekanismar for vern av menneskerettar og standardar, desentralisering og restaurering av kulturarv. I Bosnia-Hercegovina har Europarådet fortsett arbeidet på sine satsingsområde etter at landet vart medlem av organisasjonen i 2002. Ein har oppfordra styresmaktene til å gjennomføre demokratiske reformer og å vise respekt for det landet har forplikta seg til som medlem. Dette er særleg med tanke på over vakingsrapportane frå sekretariatet der dei kjem med ulike tilrådingar. Ein større innsats er ønskt på område som sakna personar, utdanning, fullt samarbeid med ICTY og styrking av arbeidet for rettferd og forsoning. Stabilitetspakta for Søraust-Europa er eit samarbeidsprogram mellom internasjonale organisasjonar som er engasjerte på Vest-Balkan, mellom anna EU, OSSE og Europarådet. Pakta har som målsetjing å styrkje det politiske og økonomiske samarbeidet mellom landa i regionen og å leggje til rette for å integrere landa i europeiske samarbeidsstrukturar. Det vert lagt stor vekt på å involvere dei aktuelle landa aktivt i arbeidet gjennom såkalla arbeidsbord. Europarådet er engasjert på følgjande hovudområde: utvikling av lovgjeving som er i samsvar med menneskerettskonvensjonen og andre sentrale europarådsinstrument, styrking av lokalt demokrati og desentralisert samarbeid, oppretting av ombodsmannsinstitusjonar, oppbygging av fleirkulturelle samfunn som sikrar respekt for nasjonale minoritetar, styrking av ytringsfridom og frie medium, utvikling av utdanningssystem bygde på demokratiske verdiar, likestillingsspørsmål, kamp mot organisert kriminalitet og korrupsjon, fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling. Dagsordenen er ambisiøs, men er uttr ykk for prioriteringar som er grunnleggjande for Europarådet. Dette er i tråd med norske politikk. 3.3.2 Engasjementet i Kaukasus Kaukasus har vore eitt av dei prioriterte områda for ministerkomiteen. Regionen er prega av uløyste konfliktar som hindrar demokratisk utvikling. Komiteen har følgt utviklinga nøye, og fleire tiltak er sette i gang når det gjeld hjelp med reformer og over vaking av medlemskapstilsegner. Det har vore enkelte tilfelle av framskritt. Europarådet har fått ei viktigare rolle i Tsjetsjenia etter at mandatet for OSSE-nær været tok slutt ved utgangen av 2002. Dette er eit stort ansvar og eit teikn på at Europarådet framleis har ei politisk rolle å spele. Situasjonen i Tsjetsjenia har kravd stadig fornya merksemd. Trass i vanskar på bakken har ein halde fram med å gjennomføre samarbeidsavtalen med Russland frå 2003. Eit stort tal aktivitetar er blitt utførte i samarbeid med den russiske menneskerettskommissæren, som koordinerer Europarådet sine program i Tsjetsjenia. Menneskerettskommissæren for Europarådet har også gjort ein stor innsats for å skape dialog i området, og er av den tsjetsjenske presidenten blitt beden om å halde fram med dette arbeidet. Armenia og Aserbajdsjan vart begge medlemmer i 2001. Europarådet har i dag eigne rådgjevingskontor i Jerevan og Baku. I samband med medlemskapen forplikta landa seg til å fortsetje ein dialog med hjelp frå Minsk-gruppa i OSSE for å finne ei fredeleg løysing på den over ti år lange konflikten i Nagorno-Karabakh. Separatistrørsler dominerer framleis området, og situasjonen i dag er vanskeleg. FN-resolusjonar om tilbaketrekking av militære styrker har ikkje ført fram, og utviste personar har framleis ikkje kunna flytte heim att. Konflikten vert drøfta i parlamentarikarforsamlinga, der ein no har teke til orde for ein kampanje for toleranse- og informasjonsarbeid i dei to landa. Det er også andre tilsegner overfor Europarådet som landa ikkje har halde. Dette gjeld konstitusjonelle reformer og valpraksis, i tillegg til diverse borgarrettar. Ministerkomiteen har ei overvakingsgruppe som rapporterer jamleg om utviklinga. Ei anna sak som har vore drøfta i ministerkomiteen, gjeld politiske fangar i Aserbajdsjan. Etter presidentdekretet av 20. mars 2005, som m.a. gav nåde til dei sju opposisjonsleiarane som blei arresterte etter presidentvalet i 2003, står det framleis att tre namn på Europarådet si opphavlege liste over 716 politiske fangar. I Georgia har ministerkomiteen merkt seg dei framstega som er gjorde i oppfyllinga av medlemskapstilsegnene, særleg etter roserevolusjonen i 2003. Komiteen har oppfordra landet til å følgje tilrådingane i overvakingsrapporten frå sekretariatet om å fullføre demokratiske reformer. Europarådet held jamleg oppsyn med demokratiske institusjonar også regionale, domstolar og lovforsterkande organ og kampen mot korrupsjon og organisert kriminalitet. Som følgje av konflikten i Sør-Ossetia sommaren 2004 oppfordra ministerkomiteen styresmaktene til å arbeide med lokalt sjølvstyre i separatistregionane i samarbeid med Europarådet. President Saakashvili lanserte ein plan for sjølvstyre i Sør-Ossetia under sitt innlegg i parlamentarikarforsamlinga i januar 2005. Denne planen inneber eit lokalt folkevalt og utøvande organ som vil få mange ansvarsområde. Mykje vil også bli gjort for

2004 2005 St.meld. nr. 38 13 å gje kompensasjon til dei som har lidd under konflikten. I motsetnad til Adsjaria, som er fredeleg reintegrert i Georgia, og der Europarådet spela ei positiv rolle gjennom sitt arbeid, er det enno ingen framgang når det gjeld Abkhasia. 3.3.3 Engasjementet i Ukraina, Moldova og Tyrkia Presidentvalet i Ukraina i 2004 vart sett på som ein prøve for landet si demokratiske framtid. Valet vart følgt nøye av Europarådet for å sjå om det var i samsvar med demokratiske standardar. Polen, som då var formannskapsland, spela ei viktig rolle i arbeidet med gjennomføringa av ny valomgang. Den nyvalde ukrainske presidenten Viktor Justsjenko har som uttala mål å gjere demokratiske reformer irreversible, i tillegg til å tilpasse ukrainsk lov til europeiske lovverk og verdiar. Ministerkomiteen har også hatt situasjonen i Moldova på agendaen fleire gonger. Nokre av prioriteringane har vore oppfølging av pluralistisk demokrati, rettsstat og menneskerettar. Konflikten i regionen Transnistria har ført til mange debattar. Ein har særleg følgt to viktige saker: stenginga av moldovske skular i dette området, der utanriksministeren som formann i ministerkomiteen gav uttrykk for stor bekymring, og vanskane med å få frigjevne to av dei fire fangane i den såkalla Ilascusaka for domstolen (ref. kapittel 4 pkt. 4.2). Ministerkomiteen ser med stor uro på at dette har utvikla seg til ein region der ingen land vil innrømme juridisk ansvar og autoritet, og at slike saker difor vanskeleg kan løysast. Motvilje mot å sleppe inn utsendingar i området gjer dialog endå vanskelegare. Europarådet samarbeider no med Europakommisjonen i dette området. I juni 2004 vedtok parlamentarikarforsamlinga å avslutte overvakingsprosedyrane i Tyrkia. Dette vart resultatet etter at Europarådet såg seg nøgd med framgangen landet har hatt når det gjeld gjennomføring av reformer i samsvar med den europeiske menneskerettskonvensjonen. Europarådet har eit samarbeid med EU for å støtte landet sine europeiske perspektiv. 3.4 Arbeidet mot internasjonal terrorisme Arbeidet mot internasjonal terrorisme har vore særleg høgt prioritert i Europarådet sidan terrorhandlingane i USA 11. september 2001. Europarådet har i første rekkje verka på dei områda der det har mest sakkunne og røynsle, som til dømes samarbeid om utvikling av felles europeiske rettsreglar. Arbeidet er grunna i retningslinjene for menneskerettar og kamp mot terrorisme som ministerkomiteen vedtok i juli 2002. Den europeiske konvensjonen om kamp mot terrorisme frå 1977 er ein sentral konvensjon, og sikrar utlevering av terroristar gjennom å gjere det klart at terrorhandlingar ikkje kan kallast politiske (politiske handlingar inneber normalt unntak frå plikt til å utlevere). I mai 2003 vart ein endringsprotokoll, som mellom anna utvida lista over terrorhandlingar, opna for underteikning. Som første land ratifiserte Noreg protokollen i september same året. For å følgje opp arbeidet mot terrorisme vart ekspertkomiteen mot terrorisme oppretta i februar 2003. Komiteen fekk i juni 2004 fornya mandat, og fremja på det grunnlaget eit første forslag til ein ny konvensjon om førebygging av terrorisme i desember same året. Denne konvensjonen har tre hovudsiktemål, nemleg kriminalisering av offentleg oppmoding til terrorhandlingar, rekruttering til terrorisme og øving i terrorhandlingar. Konvensjonen var klar for underteikning til det tredje toppmøtet i mai 2005. Frå norsk side har vi vore særleg opptekne av at arbeidet skal gje konkrete resultat og at ein må unngå dobbeltarbeid i forhold til arbeid i FN-regi. Europarådet har ved sida av dette også utarbeidd eit sett retningslinjer om offer for terrorhandlingar, som kjem i tillegg til retningslinjene om tiltak mot terrorisme og forholdet til menneskerettane. 3.5 Samarbeidet med andre organisasjonar Europarådet og EU møtest to gonger i året til konsultasjonar i såkalla høgnivåmøte. På høgnivåmøta i 2003 diskuterte ein EU-charteret for grunnleggjande rettar og utsiktene for at EU formelt tiltrer som part i menneskerettskonvensjonen. Parlamentarikarforsamlinga har gått sterkt inn for dette. Vidare drøfta ein utvida prosjektsamarbeid. På dei to høgnivåmøta i 2004 vert føresetnadene for eit toppmøte ei hovudsak, ved sida av eit nærare samarbeid mellom EU og Europarådet. Noreg har, som rapportør for tilhøvet til EU, vore deltakar på høgnivåmøta sidan 2004. Samarbeidet mellom OSSE og Europarådet fokuserer særleg på demokrati, menneskerettar (inkludert minoritetsrettar), og styrking av rettsstatsprinsippa. Det vert lagt vekt på at samarbeidet

14 St.meld. nr. 38 2004 2005 mellom dei to organisasjonane skal vere saksorientert. OSSE har sin styrke i det preventive diplomatiet og i evna til å handle raskt i felten ved hjelp av sine institusjonar og sendelag, medan Europarådet først og fremst arbeider i djupna med juridiske instrument og ekspertise på ei lang rekkje samfunnsområde for å medverke til langsiktig demokratisk utvikling. OSSE og Europarådet har hatt eit spesielt godt samarbeid i Kosovo, ikkje minst ved gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1244. På politisk nivå samarbeider dei to organisasjonane mellom anna i form av høgnivåmøte. Etter norsk initiativ har ein styrkt medlemslanda si stilling i samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Samarbeidet mellom Europarådet og FN fekk eit gjennombrot i år 2000, då Kofi Annan, generalsekretæren i FN, gjesta Strasbourg. I 2003 og 2004 har samarbeidet halde fram på hovudområda til Europarådet, dvs. demokratibygging, menneskerettar og rettsstatprinsipp. Det vert samarbeidd med fleire av særorganisasjonane i FN og i ei rekkje land, framfor alt på Balkan. Europarådet deltek kvart år på generalforsamlinga i FN i New York, og samarbeidet er oppført som eige punkt på dagsordenen. Annakvart år vert det fremja ein resolusjon om samarbeidet. I fjor var Noreg, som formann i ministerkomiteen, ansvarleg for forhandlingane om resolusjonen. Denne vart vedteken samrøystes i Strasbourg og utan debatt under generalforsamlinga i FN i New York. Europarådet har opp gjennom åra utvikla nær kontakt med ei rekkje internasjonale ikkje-statlege organisasjonar som er aktive på Europarådet sine fagområde. Rundt 400 organisasjonar har status som samarbeidsorganisasjonar hos Europarådet. Samarbeidet med ikkje-statlege organisasjonar er særleg godt utvikla innanfor arbeidet med ungdom. 3.6 Budsjett for Europarådet Europarådet har dei siste åra hatt null realvekst i sine budsjett. Storbritannia, Russland og Frankrike er blant dei landa som ikkje har ønskt realvekst. På grunn av den kritiske situasjonen i domstolen er det likevel i stor grad semje om at budsjettet for domstolen bør aukast noko for å kunne gjennomføre ein nødvendig reformprosess. Dei to siste åra har domstolsbudsjettet difor hatt ein viss realauke. Dei fem største bidragsytarane til Europarådet Frankrike, Italia, Storbritannia, Tyskland og Russland dekkjer kvar 12,3 % eller til saman 61,5 % av det ordinære budsjettet for organisasjonen. Det ordinære budsjettet var i 2004 på 180,5 millionar euro, der Noreg stod for 2 733 312 euro eller 1,5 % av det totale budsjettet. Medrekna finansiering av pensjonar og delavtalar (blant anna Pharmacopeia og Eurimages) som Noreg er med i, betalte Noreg til saman 3 812 413 euro. I tillegg til denne budsjettdelen ytte Noreg støtte til ei rekkje prosjekt i europarådsregi. Frivillige norske bidrag til Europarådet i 2004 utgjorde såleis 644 710 euro. Dei tre siste åra har Noreg stått for 4,4 % av dei samla frivillige bidraga.

2004 2005 St.meld. nr. 38 15 4 Menneskerettar og demokratibygging 4.1 Den europeiske menneskerettskonvensjonen Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og dei 14 protokollane til denne er fundamentet for Europarådet sitt arbeid for menneskerettane. Konvensjonen vart vedteken i Roma i 1950, og er seinare utvida med protokollar. Konvensjonen omfattar dei grunnleggjande menneskerettane og har ei unik stilling i det europeiske menneskerettsvernet, særleg på grunn av kompetansen Den europeiske menneskerettsdomstolen har til å treffe bindande avgjerder mot statar som er part i konvensjonen, og ved at alle individ har rett til å fremje klagesaker. Regjeringa tillegg EMK og protokollane den største vekt. Noreg er tilslutta EMK og protokoll 1 til 11 utan atterhald. I tillegg har Noreg underteikna og ratifisert protokoll 14. Denne protokollen vart vedteken som eitt av fleire reformtiltak for å sikre framtida til domstolen. Protokoll 14 opnar for meir effektive prosedyrar i handsaminga av innkomne klager. Noreg har også underteikna protokoll 12 om eit generelt forbod mot diskriminering, og protokoll 13 som inneber ei total avskaffing av dødsstraff. EMK og dei protokollane som inneheld materielle føresegner, er inkorporerte i norsk lovgjeving gjennom menneskerettslova og gjeld som norsk lov. 4.2 Den europeiske menneskerettsdomstolen Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) er det viktigaste instrumentet i Europarådet sitt arbeid for menneskerettane. Domstolen er oppretta i medhald av EMK. Personar og organisasjonar som meiner at rettane deira etter konvensjonen er krenkte, kan rette klage om dette til domstolen. Frå november 1998 har domstolen fungert i si noverande form med éin permanent dommar for kvart medlemsland. Dommar frå det nyaste medlemslandet, Monaco, er førebels ikkje vald. Når det skjer, vil det vere 46 dommarar i domstolen. Norsk dommar er Sverre Jebens. I 2003 fatta domstolen om lag 18 000 avgjerder, av desse var 703 dommar og resten avgjerder om å avvise klager. I dommane vart det funne brot på EMK i 521 saker. Dei tilsvarande tala for 2004 er meir enn 21 000 avgjerder og 718 dommar. I dommane vart det funne brot på EMK i 588 saker. Dette inneber ein auke på om lag 18 prosent i talet på saker som vart avslutta. Dommar som er retta mot fire land Tyrkia, Polen, Frankrike og Italia, utgjer meir enn halvparten av alle dommane (meir enn 60 pst. i 2003, 52 pst. i 2004). Trass i auka effektivitet er domstolen ikkje i stand til å halde tritt med den aukande saksmengda. I 2003 kom det inn om lag 39 000 klager, medan dette talet auka til nær 45 000 klager i 2004. Resultatet er at det hopar seg opp med saker i EMD som er uavslutta. På slutten av 2004 var det meir enn 80 000 uavslutta saker. Av desse gjeld om lag 40 pst. klager frå fire land: Polen, Russland, Tyrkia og Romania. Dette gjev domstolen eit alvorleg kapasitetsproblem. Handsamingstida er aukande og er no på fleire år. Til dømes er dommen i Broniowski-saka (sjå nedanfor) frå juni 2004 grunna i ei klage frå mars 1996, medan Ilascu-dommen (sjå nedanfor) frå juli 2004 gjeld ei sak som vart innklaga i april 1999. På sikt vil desse problema gå ut over truverdet til domstolen. Dette er bakgrunnen for den omfattande reformpakken som vart vedteken av ministrane i mai 2004. Alle landa er samde om at det er særs viktig å setje i verk reformtiltaka i pakken som vart vedteken. Regjeringa meiner at reformprosessen må sikre at ein får ei reell betring av situasjonen ved domstolen. Ein domstol som ikkje er velfungerande, er det største trugsmålet mot legitimiteten og framtida til EMD. Etter norsk syn er det særleg viktig at landa treffer nasjonale tiltak som sikrar at brot på EMK ikkje finn stad, og at ein set i verk ordningar som kan bøte på skaden for den det gjeld dersom brot likevel skjer. Ministerkomiteen har ansvaret for å sjå til at avgjerder frå domstolen vert etterlevde i medlemslanda, og har møte for å gjennomgå oppfølginga av dommar. I dei aller fleste tilfelle set medlemslanda i verk nødvendige tiltak etter at dei har fått ein dom mot seg, men eit fåtal saker må komiteen følgje opp

16 St.meld. nr. 38 2004 2005 aktivt. Generelt kan ein likevel slå fast at domstolen står sterkt. Også frå norsk side ser ein det som viktig å verne om domstolen sin posisjon i tida som kjem. I åra 2003 og 2004 vart det sagt dom i fem saker mot Noreg. Fire saker gjeld tilhøvet mellom frifinnande dom i straffesaker og saker om erstatning. I desse sakene vart det sagt dom i februar 2003, og det blei konstatert EMK-brot i tre av dei. Dette er Hammern-saka og O-saka, som begge gjeld tilhøvet mellom ei frifinning og retten til å krevje erstatning for urettmessig straffeforfølging. Etter den då gjeldande straffeprosesslova var det eit vilkår for å få erstatning at den frikjende kunne prove som det mest sannsynlege at han ikkje hadde gjort det han var tiltala for. Før EMD sa sin dom, var desse reglane i lova endra slik at lova no er i samsvar med EMK. I dei to andre dommane var det berre i saka om fetteren til Birgitte Tengs at EMD fann brot på EMK. Denne saka gjaldt høvet mellom ei frifinning og erstatning til dei pårørande til offeret. EMD sa at ei frifinning i seg sjølv ikkje er til hinder for ei slik erstatning, men domsgrunnane som avgjorde erstatningssaka vart funne å så tvil om frifinninga, og dette vart sett på som brot på EMK. Det var med andre ord ei konkret tolking av domsgrunnane som låg til grunn for EMDdommen, ikkje den norske ordninga. Den siste saka var Walston-saka som gjeld rett for ein part i rettssak til å få tilsendt saksdokument. Dom i denne saka fall i juni 2004. Alle sakene er fullbyrda, og ministerkomiteen har avslutta overvakinga av etterlevinga av dommane. Ut frå andre dommar som er felte i åra 2003 og 2004, kan ein seie at eit mønster i utviklinga er at stadig fleire saker gjeld alvorlege brot på EMK og har sitt opphav i konfliktområde. I tillegg til denne allmenne observasjonen er det særleg to dommar som kan trekkjast fram fordi dei syner ei ny utvikling. Dommen i saka Broniowski mot Polen kom i juni 2004 som den første såkalla pilotdommen. Ein pilotdom er ein dom som inneber ei særskild handsaming av like klagesaker; sakene vert lagde til side til myndigheitene har sett i verk alle allmenne tiltak som er naudsynte for å rette opp situasjonen som inneber brot på EMK. I Broniowski-saka går det fram at det var brot på retten til eigedom (EMK protokoll 1, art. 1) ikkje å tilby ei ordning som gjer det reelt mogeleg å få rimeleg erstatning for eigedommar som vart eksproprierte i det tidlegare Aust-Polen. Ein reknar med at det finst om lag 80 000 polakkar som er råka av problem av same slaget. I dommen sa EMD at allmenne tiltak må setjast i verk, og gjekk langt i å peike på kva type tiltak dette var. Dette vart gjort for å hjelpe polske styresmakter med rask etterleving, slik at alle dei andre klagesakene kan avsluttast snarast råd utan vidare handsaming i domstolen. Dette er nytt, då det vanlege er at EMD ikkje gjer anna enn å slå fast at sjølve brotet ligg føre. På møte i ministerkomiteen der etterlevinga vert kontrollert, har Polen greidd ut om førebuingane som vert gjorde for å få til naudsynte endringar i lov og praksis. Det er enno for tidleg å seie når desse endringane vil kunne få praktisk verknad for dei som er råka. Den andre dommen som syner ei ny utvikling, var i saka Ilascu med fleire mot Moldova og Russland i juli 2004. Ilascu og andre vart fengsla i strid med EMK art. 5 (rettferdig rettargang) av styresmaktene i Den moldovske republikken Transdnjestr, og vart handsama på eit vis som innebar brot på EMK art. 3 (mot umenneskeleg og nedverdigande straff). To av dei sat framleis fengsla då det vart sagt dom. Det nye er at dommen gjorde meir enn å slå fast brota; han slo også fast kva dei to statane måtte gjere for klagarane og når tiltaket skulle setjast i verk: dei fengsla måtte straks lauslatast. I saka Assanidze mot Georgia vart ein dom av same sorten sagd i april 2004. Her blei klagaren sett fri dagen etter at dommen vart sagd. Det har vore problem med etterlevinga av Ilascu-dommen, fordi kontrollen med kva som skjer i Transdnjestr-området er vanskeleg for dei to statane som fekk dommen mot seg. Sidan det gjeld klagarar som sit fengsla i strid med dom i EMD, har ministerkomiteen følgt utviklinga i saka på kvart møte sidan dommen vart sagd. Russiske styresmakter har i fråsegn frå juli 2004 sett seg imot at dei har rettsleg ansvar for å sikre lauslating. I ministerkomiteen er ein elles samde om at dommen må etterlevast, og det vil vere aktuelt å følgje med på vedtak som har dette som føremål. 4.3 Den reviderte europeiske sosialpakta Noreg ratifiserte den reviderte europeiske sosialpakta i 2001. Pakta er ein revisjon og ei vidareutvikling av den europeiske sosialpakta av 1961. Ho inneheld reglar og rettslege standardar på områda arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, helse- og sosiale spørsmål og tr ygd. Sosialpakta er den viktigaste sosiale konvensjonen i Europarådet. Den reviderte pakta har på fleire område teke omsyn til utviklinga og dei grunnleggjande sosiale endringane som har skjedd sidan 1961. Moderniseringa gjeld mellom anna styrking av rettane til born og ungdom, likestillingsaspekt og familien sine rettar. Dei nye arti-

2004 2005 St.meld. nr. 38 17 klane inneheld mellom anna føresegner om vern av arbeidstakarar når arbeidsforhold vert avslutta og når arbeidsgjevar går konkurs, sikring mot sosial utestenging og retten til bustad. I 2003 behandla regjeringskomiteen, som består av representantar frå alle landa som har ratifisert sosialpakta, rapportperioden for 2000 og 2001. Den europeiske komiteen for sosiale rettar (den uavhengige ekspertkomiteen) kritiserte i sine konklusjonar Noreg for blant anna bruken av overtid, som komiteen i nokre tilfelle fann å vere nytta i for lang tid (artikkel 2 1). Noreg påpeika at vårt regelverk var i samsvar med EU-direktiv 94/ 104. Noreg blei vidare kritisert for å ha for strenge reglar for trekk i lønn. Det blei påpeika at trekk i lønn berre blei nytta når det var avtala på førehand. Noreg blei vidare, saman med ei rekke andre land, kritisert for å gje studentar frå EØS-land betre vilkår enn studentar frå land som ikkje er EØS-medlemmer når det gjeld lån og stipend frå Statens Lånekasse (artikkel 10 4). Noreg krev lengre butid for studentar frå land utanfor EØS. Alle dei kritiserte landa merkte seg kritikken. I 2004 behandla regjeringskomiteen rapportperioden for 2002 og 2003. Den europeiske komiteen for sosiale rettar kritiserte i sine konklusjonar Noreg for ikkje å ha gjeve opplysningar om minimumslønningar for ungdom (art. 7 3). Noreg kunne som tidlegare opplyse at det ikkje finst reglar om minimumslønningar i Noreg, men at ny statistikk viste at lønnsnivået for ungdom ikkje er mykje lågare enn lønnsnivået elles. Denne statistikken var ikkje tilgjengeleg på rapporttidspunktet, og vil bli send til komiteen i samband med den neste rapporten. Noreg blei vidare, saman med mellom andre Sverige, kritisert fordi den lovfesta ferien for ungdom i skulepliktig alder berre er to veker, og ikkje utgjer meir enn halvparten av sommarferien, slik art. 7 3 etter ekspertkomiteen si oppfatning krev. Noreg viste til at barnearbeid ikkje er eit samfunnsproblem i vårt land, og vil dokumentere dette i neste rapport. Noreg blei saman med mange av dei andre medlemslanda også kritisert fordi borgarar i medlemsland utanfor EØS ikkje er sikra rett til familieytingar utan opphald i landet, eller rett til samanlegging av tr ygdeperiodar (art. 12 4). Ingen av medlemslanda som blei kritiserte på dette grunnlaget, er samde i at art. 12 4 kan seiast å gje grunnlag for slike rettar. Sidan regjeringskomiteen ikkje kan overprøve den juridiske tolkinga, er det svært vanskeleg å ta stilling til desse konklusjonane. Kritikken som gjaldt denne artikkelen blei difor behandla felles for alle landa som blei kritiserte, utan at regjeringskomiteen slutta seg til kritikken frå ekspertkomiteen. 4.4 Europarådets menneskerettskommissær Sidan oktober 1999 har Europarådet hatt ein eigen kommissær for menneskerettar. Alvaro Gil-Robles frå Spania sit i stillinga. Menneskerettskommissæren skal medverke til å fremje kunnskap om og respekt for menneskerettane i medlemslanda. Arbeidet til kommissæren inneber besøk i medlemslanda, og rapportane gjev verdifulle innspel for å identifisere kvar problema ligg og kva tiltak som kan vere tenlege for å betre menneskerettssituasjonen. Menneskerettskommissæren har gjesta Noreg éin gong, i 2001. Han var også i Noreg i november 2003 i samband med eit rundebord for europeiske ombodsmenn som sivilombodsmannen var vert for. I 2003 vitja menneskerettskommissæren Russland, Tsjekkia, Slovenia, Portugal, Tyrkia, Kypros, Malta og dei tre baltiske landa. I 2004 vitja kommissæren Luxembourg, Danmark, Sverige, Kroatia, Russland, Sveits og Liechtenstein. Kommissæren arbeider med dei overordna problemstillingane i landa og ser ikkje på enkeltsaker. Slik regjeringa ser det, utgjer rapportane positive innspel, og stillinga representerer ein god tilvekst til Europarådet. Gil-Robles har lukkast godt med å byggje opp ein institusjon som har høgt truverde og som blir lytta til. Dette gjev kommissæren ei uavhengig stilling som gjer det mogeleg å halde dialog med både styresmaktene og sivilsamfunnet i landa. 4.5 Vern av nasjonale minoritetar Europarådet gjennomfører eit omfattande arbeid for å verne nasjonale minoritetar. Sentralt i dette arbeidet står rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar, som tok til å gjelde for Noreg i juli 1999. Hovudformålet med konvensjonen er å hindre diskriminering av nasjonale minoritetar, syte for at dei oppnår reell likestilling, garantere at dei har full organisasjons- og ytringsfridom og å fremje minoritetskulturar. Rammekonvensjonen pålegg statane å sende generalsekretæren i Europarådet fullstendig informasjon om lovgjeving og andre tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa i rammekonvensjonen ut i livet. Noreg leverte sin første rapport til Europarådet om gjennomføringa av konvensjonen i mars 2001. Rapporten vart behandla i den rådgjevande komiteen

18 St.meld. nr. 38 2004 2005 for rammekonvensjonen. Tilrådingane frå denne komiteen og merknader frå norske styresmakter danna så grunnlaget for resolusjonen om Noreg som vart vedteken av ministerkomiteen i april 2003 1. Som vanleg er i over vakinga av rammekonvensjonen, spegla resolusjonen i kor stor mon Noreg har følgt tilrådingane frå den rådgjevande komiteen. I resolusjonen vart det peika på at viktige framsteg er gjorde for å verne om minoritetane i Noreg, medan einskilde problemstillingar vert nemnde som døme på kvar det kan gjerast meir. I samsvar med ei generell tilråding frå den rådgjevande komiteen har Noreg bede om at både tilrådingane og merknadene vert offentleggjorde. Noreg organiserte også eit eige seminar for å følgje opp resolusjonen i mai 2004. No er den andre overvakingsrunda i gang. Noreg skal rapportere for andre gong innan juli i år. Professor Asbjørn Eide har vore medlem av den rådgjevande komiteen sidan 2002. I september 2004 vart han vald til leiar av komiteen. Europarådet er også engasjert i arbeidet med minoritetsspråk. Charteret for minoritets- eller regionalspråk har til hovudformål å fremje bruken av minoritetsspråk eller språk som vert nytta i delar av eit land. Denne avtalen vert følgd opp ved at landa jamleg rapporterer om utviklinga og ved at ei ekspertgruppe kjem på besøk og utarbeider rapportar. Også Europarådets menneskerettskommissær er oppteken av å verne om minoritetane sine rettar, og fokuserer mykje på dette i sitt arbeid. Initiativet som Finland tok om å opprette eit europeisk forum for romafolket, har det vore arbeidd med i heile 2003 og det meste av 2004. I oktober 2004 vedtok ministerkomiteen å opprette forumet. Forumet vil verte organisert som ein frivillig organisasjon som skal representere roma og reisande frå alle medlemsland i Europarådet. Frå norsk side har ein støtta initiativet. Ein trur forumet vil spele ei viktig rolle i å få romafolket til å ta del i diskusjon om saker som gjeld deira eiga framtid. I samband med den norske formannskapen i Europarådet arrangerte Noreg hausten 2004 eit seminar for og med romungdom. Med dette tiltaket ønskte Noreg å gje ei stemme til romungdom. Seminaret blei difor arrangert av Det europeiske forumet for romungdom, og deltakarane representerte romungdom frå heile Europa. Frå Noreg deltok ein representant for norsk romungdom og ein representant frå Landsforeininga for norske ungdomsorganisasjonar, LNU. Noreg fekk ros for å la 1 Resolusjon ResCMN(2003)6 av 8. april 2003. romungdom komme fram med eigne meiningar om eit vanskelig tema. Rapporten frå seminaret viser at migrasjon framleis er ei utfordring for rom. Rapporten blei lagd fram på haustmøtet i Europarådet si ekspertgruppe for romspørsmål. Ekspertgruppa konkluderte med at temaet rom og migrasjon måtte takast opp att. 4.6 Veneziakommisjonen Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving hadde pr. 1. januar 2005 47 medlemsstatar, eitt land var assosiert medlem, ni hadde status som obser vatørstatar og to hadde ein spesiell statusavtale: EU og Sør-Afrika. Noreg har vore aktivt med frå starten. Norsk medlem er professor Jan E. Helgesen. Kommisjonen vart oppretta for å støtte demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske landa ved å gje juridisk assistanse ved utforminga av grunnlover og andre sentrale lover. Etter kvart er arbeidsområdet blitt utvida til å omfatte land utanfor Europa. Noreg har tidlegare medverka til finansieringa av samarbeidet med Sør- Afrika. I 2004 gav Veneziakommisjonen assistanse i lovgjevingsprosessar i mellom anna følgjande statar: Albania, Armenia, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Georgia, Italia, Romania, Russland, Serbia og Montenegro, Tyrkia og Ukraina. Kommisjonen arbeider dessutan med utgreiingar og generelle juridiske spørsmål som er viktige for utviklinga av demokratiet og rettsstaten. Eit viktig prosjekt er å organisere det praktiske samarbeidet mellom forfatningsdomstolane eller øvste instans i det vanlege domstolsapparatet hos medlemsstatane. Kommisjonen held òg fleire seminar kvart år. 4.7 Den europeiske torturkomiteen (CPT) Den europeiske torturkonvensjonen etablerer eit kontrollsystem der ein undersøkingskomité, den europeiske torturkomiteen (CPT), kan gjeste medlemslanda for å undersøkje korleis dei behandlar personar som er fråtekne fridommen. Siktemålet er å betre gjennomføringa av forbodet mot tortur og umenneskeleg og nedverdigande behandling eller straff ved å styrkje overvakinga av medlemslanda.

2004 2005 St.meld. nr. 38 19 Komiteen gjestar mellom anna fengsel, politiarrestar og psykiatriske institusjonar. Komiteen skal ha fritt tilgjenge til dei aktuelle stadene, og kan ha fortrulege samtalar med dei innesperra utan vitne til stades. Komiteen er også i regelmessig dialog med styresmaktene i dei einskilde medlemsstatane. I 2003 og 2004 har komiteen gjesta ei rekkje land i både Vest- og Sentral-Europa, mellom anna Frankrike, Russland, Georgia, Tyrkia, Armenia, Finland, Sverige og Storbritannia. Komiteen vil gjeste Noreg i 2005. Det vert valt ein medlem for kvart medlemsland. Norsk medlem er psykiater Ingrid L ycke Ellingsen. 4.8 Nord/sør-senteret Nord/sør-senteret vart oppretta i 1989, dels for å spreie kunnskap om nord/sør-spørsmål i Europa og dels for leggje til rette for ein dialog mellom nord og sør om menneskerettar og demokrati. Senteret, som ligg i Lisboa, har fokusert på aktivitetar i Middelhavs-regionen, demokrati og menneskerettar i Afrika og utdanning. Mellom utdanningstiltaka er opplæringsprogram for ungdommar i nord og sør innan interkulturell dialog. Utanriksdepartementet til r år: Tilråding frå Utanriksdepartementet av 3. juni 2005 om Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004 blir send Stortinget.

20 St.meld. nr. 38 2004 2005 Vedlegg 1 Det mellomstatlege arbeidet 1 Menneskerettar og likestilling 1.1 Menneskerettar Det mellomstatlege samarbeidet om menneskerettar skjer i hovudsak i styringskomiteen for menneskerettar med underkomitear. Styringskomiteen har normalt to møte i året, men møttest tre gonger i 2004. I 2003 og 2004 brukte styringskomiteen og ei redaksjonsgruppe under komiteen som Noreg tok del i, det meste av si tid på å utarbeide ein protokoll til den europeiske menneskerettskonvensjon om endring av kontrollsystemet for konvensjonen (protokoll 14). Styringskomiteen hadde fleire møte med representantar for det sivile samfunnet, og innhenta synspunkt undervegs frå domstolen og parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Det vanskelegaste punktet i forhandlingane var spørsmålet om domstolen skulle få utvida høve til å avvise saker utan nærare prøving. Noreg støtta ei slik utviding (sjå nærare omtale i St.prp.nr. 4 (2004-2005)). Styringskomiteen og ekspertkomiteen for prosedyrespørsmål har også brukt mykje tid på å utarbeide tre tilrådingar til medlemsstatane om tiltak for å redusere mengda av klager til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Ministerkomiteen vedtok protokollen og tilrådingane 13. mai 2004. Styringskomiteen skal no over vake at statane gjennomfører tilrådingane. Ekspertkomiteen for prosedyrespørsmål (der Noreg er med), tek hand om denne oppgåva på vegner av styringskomiteen. Av andre aktivitetar som blei avslutta i 2003 2004 kan nemnast utarbeiding av: retningslinjer for vern av offer for terrorhandlingar ei handbok om rett til innsyn i offentlege dokument ei erklæring og ein aktivitetsrapport om vern av menneskerettane under væpna konfliktar og indre uro. Av pågåande aktivitetar kan nemnast arbeid med: ei handbok eller eit sett retningslinjer for menneskerettar og vern av miljøet basert på praksis frå domstolen å identifisere sosiale rettar som domstolen kan vere eigna til å handheve. 1.2 Likestilling Styringskomiteen for likestilling har ei sentral oppgåve i å integrere likestilling i resten av verksemda til Europarådet. Europarådet har lege i framkant internasjonalt med sitt arbeid for å utvikle metodar for å integrere likestilling på alle fagområde, og har mellom anna utarbeidd sentrale dokument om korleis dette arbeidet best kan utviklast metodisk. Relevante erfaringar og standardar frå arbeidet i EU er trekte inn. Noreg har mellom anna delteke i arbeidsgrupper om integrering og om budsjettarbeid. Handel med kvinner for seksuell utbytting har vore eit viktig tema i styringskomiteen. Komiteen fekk utarbeidd ein rapport som synte at ein europeisk konvensjon om menneskehandel kunne utfylle FNs tilleggsprotokoll om organisert kriminell verksemd (Palermoprotokollen). Ein ny komité med medlemmer frå alle medlemslanda hadde i desember 2004 utarbeidd eit utkast til konvensjon. Noreg har støtta dette arbeidet. Makedonia var vertskap for eit ministermøte i januar 2003. Temaet var demokratisering, konfliktførebygging og kvinnene si rolle i dette arbeidet. Ministrane vedtok ein resolusjon om styrking av kvinnene si rolle i fredsbyggjande arbeid. Dei vedtok òg ei erklæring som slo fast at fokus for Europarådet i det vidare arbeidet på likestillingsområdet skal vere: å fremje like utsikter og rettar for kvinner og menn å hindre vald og handel med kvinner å vidareutvikle det metodiske arbeidet med å integrere likestilling i verksemda til Europarådet og medlemslanda. Noreg sat i byrået for styringskomiteen frå 2001 til 2004.