MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254 BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND YMSE Balestrand 28.12.09 Anne Margrete Kråvik leiar
MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 3/09 Utval for oppvekst og omsorg 10.03.2009 4/09 Utval for oppvekst og omsorg 01.04.2009 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaknr.: 09/254 Arkiv: A11 BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Det vert til tidlegare informasjon, m.a. i utvalsmøte den 28.01.09, om at tal søkarar til Sagatun barnehage er høgt, og så høgt at ein ikkje klarer å innfri alle ynskje om plass. Det har i tråd med utvalet sine føresetnader vorte arrangert opne dagar slik at foreldre kunne få høve til å orientere seg nærare om tilbodet ved Nesse og Fjordtun oppvekstsenter, i fall nokre som bur i Balestrand krins kunne vere tente med plass der. Etter hovudopptaket for 2009 manglar ein barnehageplass til 8 barn under 3 år, dvs 16 plassar, ved Sagatun barnehage. Det er ikkje søkt om heildagsplassar for alle barna, men enkelte dagar har alle 8 søkt om plass. Det er forventa at det kan kome fleire søknader. Av barna som er født i 2008 er det 7 barn som det førebels ikkje er søkt om barnehageplass for. Balestrand kommune har ein praksis der ein har fått plass gjennom heile året. Dette tilseier behov for å etablere ei ny barnehageavdeling. Frå 01.01.10 vil det bli frigjort ein del plassar på avdelinga Kon Tiki og på ei evt. ny avdeling, fordi barn som er født i 2007 då vil telje for ein. Då kan ein ha to avdelingar som er under halvfulle. Tal barn frå januar 2010 vil avhenge av kor mange nye søknader som kjem undervegs i år. Det er og signal om det blir født nokså mange ungar i år, så ein nedgang frå starten av 2010 kan vere av mellombels art. Balestrand kommune har full barnehagedekning som mål og tilbodet skal vere pedagogisk tilrettelagt og fleksibelt for foreldra. Vidare er det no lovpålagt å gje tilbod om barnehageplass frå august til born som har fylt eitt år i august.
VURDERING Fylgjande vurderingar er gjort i høve til dei alternativa som har vore skissert så langt: Nytte 2. etasje i Klokkargarden til personalrom/adm. funksjonar for å frigjere plass i barnehagen. Ombygging av noverande personalavdeling til ei småbarnsavdeling krev høvesvis små inngrep, og arealet vert vurdert til å vere stort nok. Men etter synfaring kan ein konstatere at arealet på loftet i Klokkargarden ikkje er eigna til personalavdeling slik det er i dag. Det må til heller store investeringar for å få dei i akseptabel og godkjent stand. Nytte Nedre Sande mellombels Dette huset har fire husvære og eit stort kontor/personalrom på loftet. Huset har rimeleg god standard og ein kan ta det i bruk utan store investeringar. Ein kan tenke seg at ein nyttar eitt av husværa i 1. etasje til småbarnsavdeling, medan ein kan ha personalrom i det andre husværet i 1. etasje. Då har ein og areal dersom det skulle kome fleire søknader om barnehageplassar. Det må gjennomførast noko oppussing, vask og det må til noko inventar. Vidare må eit leikeareal inngjerdast og ein må ha nokre leikeapparat. Ved å nytte dette alternativet er den største utfordringa at det må til noko meir personalressursar enn ved dei andre alternativa p.g.a, avstanden til Sagatun barnehage (3 stillingar i staden for 2). Vidare må det skje ei avpassing i høve til annan bruk av bustaden som kan bli planlagt, evt sal. Brakkeløysing opp mot barnehagen Alternativet inneber at personalavdeling og kontor vert flytt over til brakker plassert ved Sagatun barnehage (nytte delar av brakkeriggen på Granlia). Dette medfører utfordringar i høve til å ordne med vatn og avløp til brakkene. Påbygg til Sagatun barnehage Ved denne løysinga er det eit tilbygg med ny personalavdelinga ein bør ta sikte på, og at noverande personalavdeling vert gjort om til småbarnsavdeling. Eit permanent tilbygg til barnehagen bør ein truleg ikkje ta sikte på før det er avklart om det skal byggjast ny barnehage i tilknyting til skuleanlegget. I gjeldande utkast til kommuneplan står det: "Det skal tidleg i perioden utgreiast og avklarast om barnehage og skule i sentrum kan samlokaliserast ved noverande Sagatun skule." Etablering av familiebarnehage Ein er ikkje kjent med at det er personar som kan tenke seg å starte opp familiebarnehage. Dersom ein ser denne løysinga som aktuell, må ein truleg kunngjere dette slik at interessentar kan melde seg. Det er grunn til å tru at tidsfaktoren i høve til ei slik etablering kan vere vanskeleg, dvs at det kanskje er lite sannsynleg at det vil vere eit tilbod klart til august 2009. Kor lenge ein kan klare seg med ei mellombels løysing som ikkje er fullgod, vil kunne avhenge av det langsiktige behovet og tidshorisonten fram til ei eventuell ny permanent løysing.
Kommunen kan få inntil kr 60.000 i statstilskot til etablering av nye barnehageplassar, auka skjønstilskot og i tillegg kjem auke i foreldrebetaling og ordinært statstilskot. Av dei skisserte alternativa ovanfor, synest bruk av Nedre Sande mellombels som det minst krevjande, og det som gir størst fleksibilitet. Om ein vil gjere bruk av dette bygget mellombels, må vegast opp mot føremonene med annan bruk, evt. sal av bygget. Rådmannen si tilråding: Handsaming: Utval for oppvekst og omsorg : Gunnvor Linde (Sp) la fram slikt framlegg til vedtak: Senterpartiet har vurdert dei 5 ulike alternativa som er framlagt av administrasjonen, og kome til at brakkeløysing opp mot barnehagen, ved å nytte delar av brakkeriggen på Granlia, vil vere den beste løysinga i denne omgang. Brakkeriggen er tilgjengeleg og kan vere på plass og takast i bruk innan kort tid. Barnehagedekninga i kommunen er svært god og ein må arbeide vidare med å finne gode barnehageløysingar slik at ein får utnytta kapasiteten i alle tre barnehagane. Leif Grinde (H) gjorde slikt framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg føreset at 1. etasje i Klokkargarden vert nytta til mellombels utvida barnehagetilbod. Når vaksenopplæringa for psykisk utviklingshemma vert overført til nye lokale i gamle Sagatun skule, vert dagtilbodet innan psykisk helsevern overført til frigjorte lokale i bygdahuset. Lokala i 1. etasje i Klokkargarden vert tilpassa til ein tenleg standard til både barnehage og anna føremål. Det vert teke atterhald om godkjenning av lokala i høve til miljøretta helsevern m.v. Ved behov vert det kalla inn til ekstra møte i utval for oppvekst og omsorg før påske for vidare handsaming av saka. Gunnvor Linde trekte sitt framlegg og la fram slikt nytt framlegg: 1. Som framlegget frå Leif Grinde. 2. Tilføying: Barnehagedekninga i kommunen er svært god og ein må arbeide vidare med å finne gode barnehageløysingar slik at ein får utnytta kapasiteten i alle tre barnehagane.
Det vart røysta over framlegget frå Grinde. Dette vart samrøystes vedteke. Det vart røysta over pkt 2 i framlegget frå Linde. Dette fekk ei røyst og fall. Vedtak Utval for oppvekst og omsorg føreset at 1. etasje i Klokkargarden vert nytta til mellombels utvida barnehagetilbod. Når vaksenopplæringa for psykisk utviklingshemma vert overført til nye lokale i gamle Sagatun skule, vert dagtilbodet innan psykisk helsevern overført til frigjorte lokale i bygdahuset. Lokala i 1. etasje i Klokkargarden vert tilpassa til ein tenleg standard til både barnehage og anna føremål. Det vert teke atterhald om godkjenning av lokala i høve til miljøretta helsevern m.v. Ved behov vert det kalla inn til ekstra møte i utval for oppvekst og omsorg før påske for vidare handsaming av saka. Samrøystes