LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR Slogen Brekketindbreen
Fyrst litt om istidene I løpet av kvartærtida (som starta for 2,6 millionar år sidan) har det vore over 30 kraftige klimasvingingar Vi har hatt istider (kalde periodar) og mellomistider (milde periodar) Spor etter isen som fortel utbreiinga: - endemorener - flyttblokker Isen var på sitt tjukkaste for 20 000 år sidan. Tilbakesmeltinga starta for 10 000 år sidan.
Ra tida 10600 år sidan Siste istid Nest siste istid
Flyttblokk. Folgefonna - ein platåbre i bakgrunnen
Korleis vert ein bre til? Breane som vi har i dag vart danna for 2500 år sidan og er såleis ikkje restar etter siste istid (som mange trur). Dersom ei snøfonn ikkje smeltar om sommaren og også dei neste sesongane er kalde, startar bredanninga. Når den er så tjukk at den vert plastisk (den sig i hellande terreng), har vi fått ein isbre.
Litt brelære Massebalanse = pålagring (vinter) smelting (sommar). Næringsområde: meir pålagring enn smelting Tæringsområde: meir smelting enn pålagring Jamvektslinje: grensa mellom nærings og tæringsområde. Dvs. her er smeltar det like mykje om sommaren som pålagringa om vinteren.
Bretypar Botnbre liten bre som ligg i fjellsida i skålforma søkk. Bratte skrentar bak og på sida av breen (eks. Brekketindbreen) Platåbre stor ismasse som dekker eit stort område (eks. Jostedalsbreen) Dalbre utløparar frå platåbre som går ned i dalane (eks.briksdalsbreen og Nigardsbreen) Innlandsis fleire platåbrear som veks saman og dekker eit stort landområde (eks. Grønland og Antarktis)
Brevandring på Briksdalsbreen som er ein av utløparane frå Jostedalsbreen. Briksdalsbreen er ein dalbre.
Dalbre Nigardsbreeen i Jostedalen
Vandring i blåisen er kjekt både for liten og for stor
Jostedalsbreen ein platåbre Vårskituren Josten på langs Her på veg opp på platået 16.mai 2008
Kajakkpadling på Grønland er også vorte populært med åra. Innlandisen dekker nesten heile Grønland. Mange skiekspedisjonar har gått over her.
Korleis arbeider breen? Breerosjon: skuring og plukking Erosjonskrafta aukar med tjukkelsen på breen. Skuring: Steinar i ulike størrelsar er fastfrosne i bresolen og verkar som skure eller slipemiddel. Store steinar lagar skuringsstriper i berget. Plukking: Frostsprenging under breen. Dei lause delane frys fast til botn av breen og vert frakta av stad.
Skuringsstriper
Rundsva: Avrunda på støtsida og avkutta på lesida.
LANDFORMER ALPINE LANDFORMER (Jotunheimen, Sunnmøre og Nord Noreg) Botnbrear eroderer inn i fjellsida og lagar ei skålform ein botn når breen smeltar vekk. Tindar og eggar står att der som botnbrear eroderer frå ulike sider.
Slogen Søre Brekketind Store Brekketind Hengande dal
Smørskredtindane Det alpine landskapet er populært å ferdast i både på ski og til fots. Her på veg opp til Brunstadtind.
Utsikt frå Brunstadtind mot vest. Velledalen rett under.
U-dalar, fjordar og fjordsjøar Under kvartærtida vart V dalane omforma til U dalar. Dalane vart djupare og djupare for kvar istid. I mellomistidene var det V dalar i U profilen. Mest erosjon der isen var tjukkast (i hovuddalen) I sidedalane var erosjonen mindre. Desse dalane er i dag hengande dalar / hengande fjordar. Fjorden har same form som dalane. Her var erosjonen stor dvs. dalen er så djup at havet har trengt inn etter at isen forsvant. Fjorden er altså ei forlening av dalen.
Spor etter gamal dalbotn Geirangerfjorden er ein del av Vestnorsk fjordlandskap som står på UNESCO si liste over verdas natur og kulturarv.
Gamal overflate Hengande dal Elveeroderte dalar / gjel
Slik natur finn ein få stadar elles i verda. Derfor er det eit populært turistmål.
Vestlandet og Nord Noreg har lange (djupe) fjordar og korte dalar Årsak: Pga. at vestblokka heva seg i tertiær har denne vert utsatt for størst erosjon. Ser vi dalen i lengdeprofil består den av trau (basseng) og tersklar. Dette pga. av ulik tjukkelse på isen og ulik bergartssamansetning (mjuke bergartar er meir utsatte for erosjon enn harde). Fjordsjø: Oppdemd sjø innanfor ein terskel / isfrontdelta. Elvedelta / øyr: Der elva munnar ut i fjorden. Dalende: Der dalen endar. Her har gjerne to mindre brear møttest, gått saman og danna ein hovudbre / hovuddal. Dvs. tjukna og erosjonen vart plutseleg mykje større her. Sjå også på denne animasjonen http://www.nygeografi.cappelen.no/flash/popup_vis.html?tid=96001
Fetvatnet i Velledalen er eksempel på ein fjordsjø.
Austlandet fjordsjøar og lange dalar Lengdeprofilen er den same men dalane er ikkje så djupe at fjorden trengjer inn. Fjordsjøar : eks. Mjøsa og Randsfjorden Dalane er breie men somme stader finn vi dalklyper. Her er det motstandsdyktige (harde) bergartar. Mjøsa sett frå Minnesund
AVSETNINGSFORMER FRÅ ISAVSMELTINGSTIDA MORENEJORD Då dei siste isbreane smelta ned på slutten av istida vart lausmaterialet som dei førte med seg liggjande som usortert materiale botnmorene. Dette er den vanlegaste jordarta i landet. ISRANDAVSETNING Fellesnemning på ryggforma lausmasseavsetningar som er lagde opp fremfor eller på sida av ein bre. Dette kan vere både sidemorene, endemorene, isranddelta eller ein kombinasjon av dei to siste.
Isranddelta : Der isen vart ståande stille i ein periode under isavsmeltinga. Her er materialet sortert fordi isfronten stod i havet / fjorden. Det grøvste materialet ligg nærast fronten og det finaste lengst ut. Bratt skråning utfor kanten (marbakke). Pga. landheving etter at isen forsvant ligg desse i dag over havnivå. Dei er store sand og grusressursar.
Endemorene: Avsetningar på land. Breen har skuva lausmassane framfor seg og laga ryggar. Dersom brefronten står i ro over ein periode får ein også danna ein endemorene. Endemorenar sørover på kontinentet viser maksimal utbreiing på innlandsisen. Sjå tidlegare kart. Under isavsmeltinga var det også veksling mellom kalde og milde periodar. I kalde periodar vart det danna ei israndavsetning. Dette vert kalla trinn. Hovudtrinnet er 10 600 år gamalt også kalla ratida (raet i Østfold og Vestfold).
På Austlandet innanfor hovudtrinnet finn vi fleire område med tydelege israndavsetningar, både endemorenar og isranddelta. For eksempel har vi Hauersetertrinnet på Romerike der hovudflyplassen Gardemoen ligg. Sjå også animasjonen på nettstaden til læreboka. http://www.nygeografi.cappelen.no/flash/popup_vis.h
Marin grense Det høgaste nivået havet har hatt etter at isen forsvant. Landet vart pressa ned av isen mest der isen var tjukkast. Då isen forsvant følgde havet etter. Seinare har landet heva seg. I terrenget under den marine grensa finn vi finkorna lausmassar marin leire. Dette er dei mest verdifulle jordbruksområda i landet (Austlandet og Trøndelag). Høgda på den marine grensa i vårt område er ca. 150 m.
Ravineterreng Djupe V dalar som elvar og bekkar har erodert i leirslettene. Her i Lørenskog (Akershus)
Den vesle istida På 1700 talet tok breane i Noreg igjen til å vekse. Dei var på sitt største kring 1750. Etter dette trekte dei seg attende. Også i denne tida har det vore ulikt klima slik at endemorenar har vorte danna. Nigardsbreen i Jostedalen har vore mykje brukt i breforskning.