Leiing og personalutvikling INFORMASJON OM OPPTAK, EKSAMEN OG RETTLEING 2013-14 Ta eksamen og oppgrader kurset til eit verdifullt høgskulestudium. Dette er kompetanse som i aukande grad vert etterspurt! 1
1. Informasjon om eksamen i emnet Leiing og personalutvikling Høgskulen i Volda tilbyr eksamen Møre og Romsdal fylke sitt lederutviklingsprogram er eit praktisk retta etterutdanningskurs. Sjå programbeskrivelse frå Møre og Romsdal fylkeskommune. For dei som ynskjer det, tilbyr Høgskulen i Volda å gjennomføre kurset med eksamen på mastergradsnivå. Sjå emneplanen: Eksamen på mastergradnivå gir 15 studiepoeng og emnet blir rekna som ekvivalent med emnet IPA304 Leiing og personalutvikling. Sjå emneplanen: Fagleg kontaktperson Magnar Hjertenæs, telefon 7007 5103 Magnar.Hjertenes@hivolda.no 2. Kven kan søkje om opptak og korleis søkje Berre dei som er opptekne på fylkeskommunens lederutviklingsprogram kan søke om opptak ved Høgskulen i Volda. For å ta eksamen på mastergradsnivå må du ha 180 stp høgare utdanning (3 års utdanning på universitet/høgskule). Sjå høgskulen si heimeside: http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/20402 Du søker på Høgskulen i Volda sine nettsider ved å følge denne lenka: (lenke kjem når kurset er sett opp i weben). Du må hugse å sende kopiar av vitnemål og attestar, då ein krev dette for å fullføre handsaminga (behandling) av søknadene. Dokumenta dine skal sendast til: Høgskulen i Volda, PB 114, 6101 Volda. Spørsmål kan rettast til: Richard.Muller@mrfylke.no, eller sok@hivolda.no tlf. 7007 5018 mellom kl. 0900-1500. Søknadsfrist for studentar med eksamen vårsemesteret, 1. desember. 2
3. Registrering, semesteravgift, oppmelding til eksamen m.m. Svarslipp og tilbod om opptak Etter handsaming av søknad med vedlegg, sender Høgskulen i Volda ut eit brev med tilbod om studieplass til dei som er kvalifiserte. Den som får tilbod om opptak MÅ svare ja og returnere svarslippen til høgskulen innan fastsett frist. Semesteravgift Alle som svarar ja til studieplassen får deretter tilsendt giro for semesteravgift for det semesteret ein skal ta eksamen, og denne SKAL vere betalt før ein vert meldt opp til eksamen. For tida er semesteravgifta kr. 670,-. Evt. avtalar med arbeidsgivar om refusjon av semesteravgift er ei sak mellom deg og arbeidsgivar, og vi minner om at det er DU som student som er ansvarleg for å oppfylle dei krava som blir sett i samband med oppmelding og eksamen. Difor rår vi til at du sjølv betalar semesteravgifta til oss, og seinare søkjer refusjon hjå arbeidsgivar. Dette for å sikre at vi får inn betalinga innan fristen. Registrering/Studentweb Når du har svara ja på tilbod om opptak vil du automatisk bli meldt til undervisning og eksamen. Du må sjølv opprette konto i Fronter, og du vil motta informasjon om dette i eigen epost. Kunngjering av karakter og karakterutskrift Eksamenskarakteren vert kunngjort i Studentweb. Sensuren skal vere klar innan 3 veker etter eksamen, og du er sjølv pliktig å halde deg orientert om kunngjeringa, fristar for evt. grunngjeving og klage på eksamenskarakter. Karakterutskrift vert sendt ut til dei som består eksamen. Pensum Møre og Romsdal fylkeskommune dekkjer utgifter til pensum. 3
4. Arbeidskrav, eksamen og bruken av Fronter Arbeidskrav (må være godkjente for å kunne gå opp til eksamen) Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse egne og andre sine planleggingsutfordringer står sentralt. Difor er det krav om obligatorisk oppmøte på disse (80%). Eksamen Prosjektoppgåve og munnleg eksaminasjon 1. Individuell prosjektoppgåve (maksimum 20 sider + ev. vedlegg). Prosjektoppgåva skal koplast mot utfordringar og utvikling av eigen organisasjonen og eining, og som gjer greie for resultata som er nådd og som inneheld faglige begrunning for val av tilnærmingsvinklar, korleis resultata er forankra, referansar til litteratur m.m. Prosjektoppgåva skal også innehalde eit kapittel eller del med refleksjon over eiga læring, utvikling av meg sjølv som leiar, samt refleksjon over arbeidsform, erfaringar og observasjonar. 2. Munnleg eksaminasjon. Alle studentar skal presentere utviklingsprosjektet for og diskutere med ekstern sensor/intern eksaminator. Medstudentar og andre kan vere tilhøyrarar. Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av dei to eksamensdelane, prosjektoppgåva og munnleg eksaminasjon. Det blir gitt en samla karakter der den munnlege eksaminasjonen skal brukast til å justere karakteren på den innleverte prosjektoppgåva. Bruken av Fronter Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der kan studentane kommunisere med høgskulen og med kvarandre. Når du er logga inne i Fronter, finn du rommet vårt med å opne rullgardina Vel rom opp til venstre på sida. Deretter Vis romliste og så klikk på lenkja til emnet. I dette rommet finn du forelesingar, pensumartiklar, råd, rettleiing, lenkjer m.m. Rettleiing (veiledning) Som deltakar har du krav på rettleiing. Innlevering av prosjektoppgåvene til rettleiing kan skje kontinuerlig. Rettleiarane kan bruke inntil 3 timer per oppgåve/student til rettleiinga og lesing av prosjektoppgåva. Fylkeskommunen og kursansvarleg er etter avtale med høgskolen ansvarlig for rettleiing i arbeidet med prosjektoppgåva. Gjennomføring av eksamen Eksamen er individuell, og vert gjennomført som ei innlevering av ei prosjektoppgåve som du arbeider fram over tid og ein munnleg eksaminasjon med presentasjon og forsvar av oppgåva. I praksis vil det seie at du sjølv kan velje kor mykje arbeid du ønsker å legge i prosjektoppgåva, og korleis du disponere tida fram mot fastsette innleveringsfristar. Til grunn for den munnlege presentasjonen skal der utarbeidast Power Point ark som danner grunnlag for en spenstig, formidlingsorientert framstilling, med ei tidsramme på 15 minutt. Power Point arka skal leverast sensoratet før den formidlingsorienterte framstillinga. I vurderinga skal det leggast vekt på metode, funn og presentasjonsform. Eksamenskommisjonens representant gir en vurdering av arbeid på grunnlag av presentasjonen, materialet og svar på spørsmål i etterkant, dvs; en vurdering med 4
tilbakemelding om sterke og svake sider og en vurdering av prosjektoppgåva, presentasjonen og forsvaret. Medstudentar og andre kan vere tilhøyrarar under eksaminasjonen. Vurdering av eksamen Endelig vurdering i emnet skjer på grunnlag av prosjektoppgåva og den munnlege eksaminasjonen. Den munnlege eksaminasjonen skal brukast til å juster karakteren på den innleverte prosjektoppgåva. Det blir brukt bokstavkaraktar. Skalaen går frå A til F, der A er best, og E er lågaste ståkarakter. HVO si deltaking i undervisninga og eksamen HVO deltek i hovudsak på første samlinga med faglege og administrative bidrag, og på siste samlinga med oppsummering og eksamensførebuing. HVO syter for interne og eventuelt eksterne sensorar. 5. Formelle krav til eksamenssvaret Kva skal eksamenssvaret innehalde: Standard framside. Framsida finn du her http://www.hivolda.no/index.php?id=9234 Prosjektoppgåva Ei blank bakside Opplysningar på framsida Studieprogram: LEIPER-F Emne/kode: IPA304F Kandidat- og studentnummer: Begge finn ein i Studentweb eller ein kan få dei ved å kontakte Studentsørvis. Eigenerklæring for kjelde- og sitatbruk skal fyllast ut og sendast inn i eitt eksemplar til adressa oppgitt på skjemaet seinast ein dag etter innleveringsfristen. Eigenerklæringa m.m. finn du her http://www.hivolda.no/index.php?id=9234 Frist for innsending/levering vert opplyst ved studiestart. Eksamenssvaret skal leverast i Fronter. 6. Om prosjektoppgåva På første samling presenterer deltakarane aktuelle utfordringar frå sin kvardag. Desse vert brukt både som eksempel og som gjenstand for arbeid seinare i kurset. Gjennom samarbeid i tematisk organiserte grupper, kan deltakarane hjelpe kvarandre med analyse og bruk av kursets innhald i disse praktiske oppgåvene. Den aktuelle utfordringa skal vidareutviklast til ei prosjektoppgåve. 5
1. Prosjektoppgåva skal vere ein fagtekst. Det er forventa at kandidaten brukar den sentrale litteraturen knytt til emnet på en god og sjølvstendig måte, og at studenten viser at pensum er forstått og kan brukast aktivt. 2. Det vert gjeve generelt eit framlegg til disposisjon for prosjektoppgåva, men kandidaten står fritt til å utforme oppgåva i høve til eige prosjekt. Prosjektoppgåva skal uansett val av oppbygging innehalde to hovudelement: a. Prosjektoppgåva skal koplast mot utfordringar og utvikling av eigen organisasjonen og eining, og skal gjere greie for resultata som er nådd. Den skal innehalde faglige grunngjevingar for val av tilnærmingsvinklar og korleis resultata er forankra i organisasjonen. b. Prosjektoppgåva skal også innehalde eit kapittel eller del med refleksjon over egen læring, utvikling av meg sjølv som leiar, samt refleksjon over arbeidsform, erfaringar og observasjonar. 3. Omfanget skal være maksimum 20 sider og 10000 ord. Vedlegg kjem i tillegg. 4. Tema og problemstilling(er). Innleiingsvis skal det gjerast greie for tema og det skal formulerast ei klar og tydelig problemstilling (kva prosjektoppgåva handlar om, fokus, avgrensing, kva som er den røde tråden). Denne skal formulerast slik at den kan svarast på. 5. Bruk av litteratur. Tema og problemstilling(er) skal være innafor emnet faglig sett. Litteratur frå pensum skal nyttast, men omfanget av denne i forhold til annen litteratur vil kunne variere frå oppgåve til oppgåve. 6. Presentasjon av eventuell empiri. Ved bruk av empiri (egne intervju og analyse av statistikk, dokument m.m.) skal det gjerast greie for metode, data skal presenterast på ein riktig og oversiktlig måte, og det skal gå fram korleis praksiserfaringar eventuelt er brukt. 7. Drøftingar og resonnement. Det skal være gode grunngjevingar for påstandar og drøftingar må ha ein logisk struktur der resonnement heng saman. 8. Oppgåva skal ha ei avslutning med konklusjon der ein svarer på problemstillinga og reflekterer over oppgåva sin relevans for organisasjonen. 9. Referansar. Oppsett og bruk av referansar skal vere i høve til vanlige normer. Det skal være ei fullstendig liste over referansar som er brukt i teksten. 10. Språket skal være klart og forståelig, med heile setningar og god flyt og samanheng i språket. Fristar: Innlevering av tema, problemstillingar disposisjonar og utkast for kommentar skjer etter nærmare avtalte fristar. Kandidatar som ikkje held fristane har ikkje krav på rettleiing utan at dette er spesifikt avtalt. Konsekvensar ved manglande oppfølging av fristar: Oppgåver levert til kommentar etter fristen blir ikkje kommentert utan særleg avtale. Oppgåver levert til eksamen etter fristen blir ikkje sensurert. 6
Omfang av rettleiing (timer per oppgåve): Rettleiar kan bruke anslagsvis 3 timer per prosjektoppgåve. Tilbakemelding: Skjer primært i fronter, men også gjennom epost, samtaler på telefon, under samlingane m.m. Omfanget av tilbakemelding: Vil normalt være inntil 100 ord kvar gong (skriftlig). 7. Dersom du ønsker å ta master i samfunnsplanlegging og leiing Dersom du etter å ha fullført kurset med bestått eksamen, ynskjer å fortsette på vår master i samfunnsplanlegging og leiing, så blir kurset innpassa med 15 stp. Det inneber at det blir godkjent som ekvivalent med vårt emne IPA304 leiing og personalutvikling. Heile masterprogrammet er på 120 stp. Av dette utgjer metodeundervisninga med oppgåveseminar og masteroppgåva 45 stp (evt 60 stp dersom du vel å skrive oppgåve på 45 stp). Vidare må du ta dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling, 15 stp. og IPA303 Offentleg organisering og leiing, 15 stp. Då står du att med 15 stp. valfrie emne (evt. 30 stp dersom de vel masteroppgåve på 30 stp). Desse studiepoenga kan du ta med å skrive ein praksisrapport, ta andre emne hos oss eller på andre høgskular og universitet, eller søke om å få innpassa anna utdanning som du har. Normert studietid er 2 år heiltid og fire år deltid, men i praksis bruker studentane den tida dei treng. Alle emna våre har vekesamlingar i Volda, normalt tre samlingar per 15 stp. emne, og det er normalt ikkje obligatorisk frammøte. Du må kjøpe 5-6 bøker til kvart emne på 15 stp. Det er ikkje avgifter på emna. Dersom du er tidleg ute, vil du kunne leige hybel av Studentsamskipnaden når det er samlingar, elles finst de hotell og andre overnattingsmulegheiter i området. Dei fleste av våre masterstudentar har utdanning som sjukepleiar, sosionom, lærar, ingeniør, administrator, og dei fleste har masse yrkeserfaring som blir utnytta i det pedagogiske opplegget. Sidan oppstarten i 2000 har vi uteksaminert nær 100 masterstudentar og mange har fått nye spennande jobbar. Ein del har gått vidare på doktorgradsprogram, og ein har no forsvart si avhandling og fleire er i løypa. Du finn meir om mastergraden vår her: http://hivolda.studiehandbok.no/vis/studium/samfplmg 7