2010 Eit svakt år for åkerriksa



Like dokumenter
Oppgang i talet på syngande hannar, men ingen konstaterte hekkingar.

2011 Eit greitt år for åkerriksa og første påviste hekking sidan 2008.

2012 To dokumenterte hekkingar og eit elles bra år for åkerriksa

2013 Sju påviste hekkingar og eit etter høva bra år for åkerriksa

Åkerriksa er en kritisk truet fugleart

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Handlingsplan for åkerrikse Crex crex

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

13. Sendetida på TV aukar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

12. Færre besøk ved norske kinoar

VOLLASETRA I SUNNDAL

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Vegtrafikkindeksen 2018

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

8. Museum og samlingar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kva er økologisk matproduksjon?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Vegtrafikkindeksen januar 2018

Vegtrafikkindeksen februar 2018

Vegtrafikkindeksen august 2018

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

14. Radio og TV. Liv Taule

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Lønnsundersøkinga for 2014

Vegtrafikkindeksen mars 2018

Vegtrafikkindeksen september 2018

Vegtrafikkindeksen juni 2018

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Vegtrafikkindeksen februar 2017

Vegtrafikkindeksen januar 2017

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Vegtrafikkindeksen oktober 2016

«Ny Giv» med gjetarhund

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brukarrettleiing E-post lesar

Vegtrafikkindeksen august 2017

Vegtrafikkindeksen juni 2017

Vegtrafikkindeksen mars 2017

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Vegtrafikkindeksen 2017

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

HORDALANDD. Utarbeidd av

Vegtrafikkindeksen november 2017

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vegtrafikkindeksen. februar

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Transkript:

22.10.2010 Torborg Berge, Fylkesmannen i Rogaland: Oppsummering 2010 - Handlingsplan for åkerrikse 2010 Eit svakt år for åkerriksa Bestand Per 22.10.2010 har det vorte rapportert inn 72 syngande hannar for hekkesesongen i 2010. Dette er ein stor nedgang på 64 % frå i fjor, då talet på syngande hannar vart estimert til 200. Det er også eit av dei svakaste åra sidan Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) starta åkerrikseprosjektet i 1995. Feltaktiviteten på prosjektet har vore like stor i år som i fjor, så den store nedgangen kan ikkje skuldast mindre innsats. Nedgangen kan difor tolkast som reell. I fire av fylka som hadde åkerrikse i fjor (Buskerud (8), Telemark (8), Sør-Trøndelag (3) og Oslo (5)), har det ikkje vorte observert åkerrikse i år. Størst nedgang er det i Hedmark, der 31 av riksene har forsvunne sidan i fjor. Stor nedgang er det også i dei andre to beste fylka i fjor; Akershus (-23), Rogaland (-20), sjølv om desse fylka også i år skil seg ut med flest åkerrikser. Berre i to fylke har talet på syngande åkerrikser gått opp frå i fjor (Hordaland frå 5 til 6, og Nordland frå 0 til 1). Tabellen viser utviklinga i den norske åkerriksebestanden etter at Norsk ornitologisk foreining (NOF) starta overvaking av bestanden i 1995. Fram til 1995 hadde bestanden vore utsett for ein massiv nedgang, og var på eit minimum då prosjektet starta. På byrjinga av 2000-talet, hadde bestanden ein opptur. Oppturen var truleg ikkje eit resultat av betra reproduksjon i Noreg. Han var truleg heller eit resultat av påfyll frå Aust-Europa på grunn av gunstige tilhøve der, kombinert med gunstig vêr og søraustlege vindar frå søraust. På same måten kan ein kanskje skulda nedgangen i år på dårleg vêr og nordlege vindar under trekket, slik at mange åkerrikser slo seg ned før dei kom fram til Noreg. Me veit i alle fall at det var nordavind i heile mai, og store delar av juni, og at dei fleste andre trekkfuglane kom hit til landet seinare enn dei brukar å komma. 1

Kart Kartet viser talet på åkerrikser i kvart fylke i 2010. Dei viktigaste fylka er markert med mørkare grønt. Dei to nordlegaste fylka er ikkje med, ettersom det Ikkje har vorte rapportert om åkerrikser frå her i 2010. Hekking Heller ikkje for 2010 har det kome inn rapportar om konstaterte hekkingar. I 14 tilfelle har ein rapportert om moglege hekkingar. Ein tredel av desse var frå Akershus, medan dei siste var delte mellom Hordaland (3), Rogaland (2), Møre og Romsdal (2), Østfold (1) og Nord-Trøndelag (1). Frå resten av landet er det ikkje rapportert om hekking eller sterke indikasjonar på dette. Grunnen til at det ikkje er rapportert om fleire hekkingar, kan vera at det er svært vanskeleg å finna reir av åkerrikse. Det kan difor ha vore hekkingar som ikkje har vorte påviste. 2

Ein åkerriksehann som har fått para seg, kan fort gå over til å synga mykje mindre enn tidlegare. I mange tilfelle kan han også forsvinna heilt, ettersom det er hoa som rugar egga og passar på kyllingane den første tida. Hannen vil vera tent med å flytta seg til ein annan stad for å forsøka å tiltrekkja seg ei ny hoe. Dersom ein vurderer hekking ut frå songåtferd, kan det difor vera snakk om mange fleire hekkingar, men desse vil me aldri få påvist. Metode Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) har hatt ansvaret for innsamling og vurdering av observasjonar. Kjerneområde i dei tre viktigaste fylka (Oslo og Akershus, Hedmark og Rogaland) vart overvaka systematisk for å fanga opp alle syngande hannar i området. NOF hadde også ansvaret for å samla inn og verifisera meir perifere område i desse fylka, samt resten av landet. Fylkesmannen i Rogaland hadde ansvaret for å sjekka opp rapportar som kom inn i web-skjema på www.akerrikse.no samt å leggja dei inn i Artsobservasjonar, eller vidareformidla desse til rett fylke. Alle observasjonane vart lagde inn i fuglemodulen i Artsobservasjoner, som dermed kunne hentast ut ved behov. Fylkesmennene i Rogaland, Hedmark, Oslo og Akershus, samt Østfold, gjekk inn direkte for å henta ut observasjonar frå sine fylke. Dei andre fylkesmennene fekk observasjonane vidaresend frå fylkesmannen i Rogaland når det var aktuelt. Fylkesmennene hadde deretter ansvaret for å vidareformidla og følgja opp observasjonane i sitt fylke. I dei aller fleste tilfella gjekk dette ut på å informera kommunen og be kommunen om å kontakta grunneigarar/leigetakarar for å informera dei om at dei hadde åkerrikse på eigedommen sin, og oppfordra dei til å setja i verk tiltak for å ta vare på henne. Same ansvarsrekkja gjaldt for å informera om diverse tilskotsordningar, samt sørgja for at desse vart utbetalte der det vart sett i verk tiltak. Tiltak og erstatning Utsett slått og åkerriksevennleg slåttemønster Også i 2010 vart det satsa på ulike tiltak. Størst var satsinga på utsett/avstått slått av areal kor det vart observert åkerrikse. Fire fylke fekk gjennomført slike tiltak, og total 7 åkerrikser vart forsøkt sikra. (Rogaland: 4, Akershus: 1, Nord-Trøndelag: 1 og Østfold: 1). Dette utgjorde eit totalt areal på 122,5 dekar som ikkje vart slått til vanleg tid. Gjennomsnittleg areal sett av til kvar åkerrikse var på 17,5 dekar. Alle tiltaka med utsett slått vart gjennomførte på dyrka mark med slåtteng, men nokre få var kombinert med beitemark. Den utsette slåtten vart som oftast kombinert med åkerriksevennleg slåttemønster. I tillegg vart slåtten gjennomført etter åkerriksevennleg mønster for ein del åkerrikser der det av ulike årsaker ikkje vart avsett areal. Dette var til dømes aktuelt for 4 av åkerriksene i Akershus. Desse sat i kornåkrar som ikkje skulle treskast før eventuelle ungar hadde vorte så store at dei var utanfor fare. Elleve av åkerriksene sat i areal som var verna, låg brakk, eller som ikkje skulle slåast av andre grunnar. Desse vart difor vurderte til å sitja trygt, og tiltak vart sett på som unødvendig. Alle bøndene som utsette slåtten fekk utbetalt erstatning for avlingstap. Til sesongen i år, hadde det i samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland og Bondelaget, vorte 3

utarbeidd forslag til satsar for erstatning. Satsane var stort sett dei same som for 2009, d.v.s. 1500 kr/daa for tre tapte slåttar, og 1000 kr/daa for to tapte slåttar. I tillegg vart det utbetalt erstatning for ekstrautgifter med åkerriksevennleg slått i samband med utsett slått, der kor dette var aktuelt. Ettersom det ikkje var aktuelt å setja av utreska areal i kornåkrar, vart det heller ikkje utbetalt erstatning til dette. Totalt vart det utbetalt 171.900,- kroner i erstatning til utsett slått og åkerriksevennleg slåttemønster. Medan det meste av erstatningane i fjor gjekk over SMIL-budsjettet i kommunane, har erstatningane i 2010 i dei fleste tilfelle vorte delte mellom SMILmiddel (60%) og pengar frå handlingsplan for åkerrikse (40%). I eitt tilfelle kor det ikkje har late seg gjera å bruka SMIL, har det vorte nytta reine handlingsplanmiddel. I 2 tilfelle har det berre vorte nytta SMIL-middel. I samråd med Bondelaget har Fylkesmannen i Rogaland også fått i stand ein mal for avtalar mellom kommunen og bonden som skal gjennomføra tiltak. Dette verktyet har gjort prosessen rundt tiltak og erstatning ryddigare og meir samordna. Åkerriksevennleg drift på bakgrunn av avsett areal på grunn av åkerrikse året før I 2009 vart det i eitt tilfelle avsett areal til åkerriksevennleg drift på bakgrunn av eigna habitat, kombinert med åkerrikse tidlegare år. Arealet kunne ikkje tilverkast før etter 1. august, og det kunne heller ikkje gå beitedyr på området før 1. august. Målet var å laga eigna habitat i eit aktuelt område, som skulle tiltrekkja seg åkerrikse. Det vart ikkje observert åkerrikse på dette arealet i 2009, og for å målretta tiltaket meir, vart kriteria i 2010 endra til å berre gjelda område kor det sat åkerrikse i fjor, og som hadde fått avsett areal. Ordninga er berre aktuell på Vestlandet, ettersom åkerriksene på Austlandet i mindre grad kjem tilbake til det same jordet år etter år. Dersom det ikkje vert observert åkerrikse innan 10. juli, kan bonden gjerne slå graset før 1. august, og tilskotet vil verta endra deretter. Ordninga vart i 2010 nytta i eit tilfelle; Karmøy i Rogaland, der 15,5 daa fulldyrka og 5,5 daa beite vart drive åkerriksevennleg. Tilskotssatsen var den same som for tre slåttar, men ettersom det ikkje vart registrert rikse på arealet innan 10. juli, vart det opna for slått, og tilskotet dermed redusert. Totalt vart det utbetalt 24.935,- kroner frå kommunen sine SMIL-middel. Langsiktig sikring av areal Arbeidet med å sikra gode areal for åkerrikse på lang sikt, har rulla vidare i 2010. Med bakgrunn i meldingar om åkerrikseobservasjonar dei siste tre åra, vart eit område på om lag 23 dekar regulert inn som spesialområde åkerrikse på Vibrandsøy i Haugesund, Rogaland i 2009. I tillegg vart eit større areal regulert til naturvernområde. Området nord for spesialområdet åkerrikse kan vera aktuelt som utvidingsområde. Her er det sauebeite i dag. Heile Vibrandsøya vart i september 2009 kjøpt opp av Haugesund kommune for frilufts- og naturformål. Miljøverndepartementet donerte halvparten av summen, 7,5 millionar, til oppkjøpet. Det er difor gledeleg å vita at det også i 2010 vart observert åkerrikse i hekketida på Vibrandsøy. I 2010 har Haugesund kommune byrja arbeidet med forvaltningsplan for Vibrandsøy. I Rælingen, Akershus, vart det i fjor sett i gang langsiktige tiltak på Fautøya i Nordre Øyeren. I samband med forvaltningsplanarbeidet for Nordre Øyeren naturreservat, bestemte fleire bønder som dreiv med kornproduksjon på Fautøya, seg for å leggja 4

om drifta til grasproduksjon. 2009 gjekk i hovudsak med til restaurering, og i 2010 har dei 110 dekara blitt drive på ein måte som legg til rette for hekking av åkerrikse og andre raudlista kulturlandskapsartar. Arealet har ikkje vorte slått eller hatt inne beitedyr før etter 1. august. For 2010 har det vorte utbetalt driftsstøtte til Fautøya frå støtteordningar i landbruket. Informasjon Vinteren 2008-2009 vart det produsert informasjonsmateriell for handlingsplanen. Materiellet inkluderte 8000 brosjyrar, 1500 plakatar, 3 roll-ups og 2000 jakkemerke med åkerrikselogo på. Informasjonsmateriellet har vorte distribuert til organisasjonane me samarbeider med (NOF og Bondelaget), samt til alle fylkesmennene. Fylkesmennene i dei tyngste fylka har distribuert dette vidare til kommunane sine, alt etter kor potensielle desse er for åkerriksa. Fylkesmennene i dei tre viktigaste åkerriksefylka har fått roll-up. I år har det vorte sendt ut supplerande brosjyrar, plakatar og jakkemerke til dei som hadde gått tomme. Elles ligg det eit restlager hjå Fylkesmannen Rogaland. Dette vil sendast ut etter behov. I 2010 vart det også produsert skilt til oppsetjing der kor det vert sett av areal. Skilta forklarer prosjektet og kvifor enga/åkeren ikkje vert slått/hausta, og bonden slepp difor at folk mistenkjer han/henne for å vera ein dårleg bonde. Det har også i år vore innslag i om handlingsplanen og åkerriksa i lokale media. Desse innslaga har hatt god effekt og ført til at fleire i det ikkje-ornitologiske miljøet har meldt inn observasjonar av åkerrikse, sjølv om det med generelt få åkerrikser ikkje hadde like stor effekt som i 2009. Innslaga er likevel med på å spreia kunnskap om åkerriksa. Direktoratet for naturforvaltning produserte i byrjinga av 2010 t-skjorter for alle handlingsplanane for trua artar. Fylkesmannen i Rogaland har distribuert omlag 150 av t-skjortene med åkerriksemotiv til å ulike personar knytt til prosjektet, eller som kan spreia blæst om prosjektet. Mellom anna vart Knut Nærum i Nrk-programmet Nytt på nytt tilsendt ei t-skjorte. Denne brukte han i programmet den 5. mars. Forsking Ein av dei to studentane ved Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås (UMB), som tok masteroppgåve på åkerrikse, er ferdig med oppgåva si. Den andre oppgåva reknar ein med at skal verta ferdig før jul. Svein Dale har vore rettleiar. Resultata viser mellom anna at dei fleste åkerriksene, både på Vestlandet og Austlandet, føretrekk slåtteeng framfor kornåker, og at graset må vera minst 20 cm for at dei skal slå seg ned. Kantvegetasjon såg også ut til å vera viktig, spesielt i Rogaland seint i sesongen. Dersom slåttetidspunktet ikkje vert endra til etter 20. juli, eller det ikkje vert sett av areal, vil det verta svært vanskeleg for åkerriksene å fullføra hekking i slåtteeng. I kornåkrar og villeng er det derimot gode sjansar for å få vellykka hekkingar. Territoriestorleiken vart studert på radiomerka åkerriksehannar, og territoriet på dagtid kunne variera mellom 20x20 meter til 80x80 meter, og på nattestid mellom 10x10 meter og 30x30 meter. Ved mindre forstyrringar kunne åkerriksa flytta seg 5

midlertidig over i naboenga, men dersom ho måtte flytta seg meir enn 500 meter, kom åkerriksa ikkje tilbake til det opprinnelege territoriet sitt. Kvar åkerriksehann har noko spesielt ved songen sin som gjer at han kan skiljast frå andre individ, og analyse av songen viste at ni åkerrikser vart registrert både på Austlandet og på Vestlandet. Særleg etter første slåtten i Rogaland flytta åkerriksene seg til Austlandet. Konklusjon 2010 har vore eit dårleg år for åkerriksa, med berre 73 registrerte syngande. Det er heller ingen konstaterte hekkingar. Mykje kan tyda på at den dårlege sesongen skuldast dårlege vértilhøve under trekket, slik at mange av åkerriksene aldri kom fram til Noreg. Samstundes viser resultata frå studia til UMB-studentane at det kan vera færre åkerrikser enn det teljingane viser, ettersom dei kan flytta seg over store avstandar, og dermed verta talte fleire gonger. Heller ikkje i år kan ein seia at framtida til åkerriksa i Noreg er sikra. Det er framleis for tidleg å dra endelege konklusjonar rundt prosjektet, og resultata av iverksette tiltak vil ikkje kunna sjåast før om tidlegast nokre år. Mykje tyder likevel på at ein i tillegg til å utsetja slåtten, bør satsa meir på alternative tiltak for å bevara åkerriksa i åra framover. Mykje av arbeidet har også i 2010 gått ut på ut på registrering, men på grunn av den dårlege sesongen, vart det berre gjennomført tiltak i 5 fylke. Kommunar og grunneigarar har i stor grad vorte kontakta og informerte om åkerriksa og aktuelle tiltak. For 7 åkerrikser vart det sett av areal som ikkje vart slått. 14 åkerrikser vart vurderte til å sitja trygt, og for dei fleste andre åkerriksene vart det informert om åkerriksevennleg slått. Kor mange slåttar som til slutt vart gjennomført på åkerriksevennleg måte, er uvisst. Det vart også sett av eit område med bakgrunn i det var åkerrikse der i fjor, og det då vart sett av areal, utan at det vart registrert åkerrikse der i 2010. I tillegg held dei to langsiktige prosjekta Fautøya og Vibrandsøy fram. Der vert det lagt til rette for åkerriksevennleg drift i mange år framover. 6