Embetsfolks og bønders faddernettverk og -tradisjonar i Nord-Gudbrandsdalen på 17- og 1800-talet. Ei samanlikning av to bygder, Lesja og Lom



Like dokumenter
«Han (eller ho) kunne fare. Slektsforskardagen Ålesund Arnfinn Kjelland

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Til deg som bur i fosterheim år

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Altas bosetningshistorie

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

IKT-kompetanse for øvingsskular

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

16/2010. Fadderskap som sosial relasjon NOTAT. Arnfinn Kjelland. Forskingsstatus, kjelder og metode

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Med god informasjon i bagasjen


12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Lønnsundersøkinga for 2014

HORDALANDD. Utarbeidd av

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Vestlandet ein stor matprodusent

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Notat om historie og kulturlandskap

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

20/2010 EMBETSMENN, BØNDER OG FADDERSKAP I HOSANGER SOKN NOTAT. Atle Døssland

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Jon Fosse. For seint. Libretto

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kva er økologisk matproduksjon?

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Vurderingsrettleiing 2011

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

«Ny Giv» med gjetarhund

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Brukarrettleiing E-post lesar

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Transkript:

Embetsfolks og bønders faddernettverk og -tradisjonar i Nord-Gudbrandsdalen på 17- og 1800-talet. Ei samanlikning av to bygder, Lesja og Lom Av Arnfinn Kjelland Versjon dato 16. juli 2011, paper til Det 27. nordiske historikermøte 11. 14. august 2011 i Tromsø Innhald: 1 Innleiing problemstilling... 1 1.1 Problemstilling... 2 1.2 Undersøkingsområda: Lom og Lesja... 2 1.3 Primærkjeldematerialet og føringspraksis... 3 1.4 Primærkjeldemateriale, omfang... 3 1.5 Om omgrepa «embetsmenn» og «bønder» i undersøkingsområdet... 4 2 Metode... 5 2.1 Hovudtrekk... 5 2.2 Identifisering av bønder i fadderlistene... 5 2.3 Identifisering av embetsfolk (og andre kondisjonerte)... 6 3 Resultat: embetsfolkets faddernettverk og -tradisjonar... 6 3.1 Embetsfolks fadderval i Lom 1733 48... 6 3.2 Embetsfolk som fadrar i Lom 1733 48... 7 3.3 Embetsfolk som fadrar i Lesja 1834 44... 8 3.4 Embetsfolks fadderval i Lesja 1834 44... 9 3.5 Planlagte, ikkje fullførte delundersøkingar... 9 4 Drøfting... 9 5 Kjelder... 10 6 Referert litteratur:... 10 1 Innleiing problemstilling «Dåbsceremonien var en oplagt lejlighed til at fremhæve familiens placering i lokalsamfundet, og markere sociale relationer og fællesskab til andre familier i området. Relationen mellem familier kunne næppe blive tydeligere for lokalbefolkningen end ved dåben, hvor en gudmoder bar en anden families barn frem til dåb,[...]. Det kan ikke have været uvæsentligt i et lille samfund, hvilke faddere de nybagte forældre valgte, blev set sammen med deres barn. Vi ved, at netop barnedåb var en begivenhed, som trak mange mennesker til kirken.» 1 Dette sitatet er er frå PhD-avhandlinga til den eina av kommentatorane til denne sesjonen, Martin Bork. Da eg las den første gongen var reaksjonen: sjølvsagt, slik var det i norske bygder òg. Det var i kyrkja under gudstenester og på kyrkjebakken etterpå som var den einaste plassen stort sett alle i bygdesamfunna kunne møte folk utanfor det næraste grendelaget. 2 1 Bork 2006: 132f. 2 Nokre av mannfolka samlast på tinget, nokre reiste til marknadsplassar, nokre møtte til militær mønstring (også det oftast på kyrkjebakken) nokre få gonger for året, men andre møtestader for større grupper av bygdefolket fanst ikkje. 1

Undersøkinga inngår i det strategiske høgskuleprosjektet Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder, delprosjekt 2 Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet (nedafor: SHP) ved Høgskulen i Volda. Fadderskap er ein friviljug «mikrorelasjon» som er slik Bork påpeiker i sitatet over klart sosial, men som kan ha og truleg hadde økonomiske implikasjonar. 3 Vi har derfor funne at relasjonen er godt eigna for nærare analyse under delprosjekt 2. Utgangshypotesen var at vi sannsynlegvis kan finne at embetsgruppa og bondegruppa utvekslar fadrar i norske bygdesamfunn, men a) i kor stor grad dei gjorde det og b) om omfanget av fadderutvekslingar endra seg over tid, er spørsmål vi skal sjå om vi finn svar på. Fordelen med å ta for seg ein slik relasjon,er at den er godt dokumentert attende til første del av 1700-talet for dei aller fleste norske bygdesamfunn gjennom kyrkjebokføringa. I tillegg har mange norske bygdesamfunn òg meir eller mindre grundige bygdebøker av sjangeren busetnads- eller gards- og ættesoge. I desse vil som regel alle personar som er representerte i kjelder som viser hovudpersonar i kjernefamiliar og / eller hushald med namn vere identifiserte og sett inn i biologiske slektssamband. 4 1.1 Problemstilling Hovudføremålet med i denne undersøkinga er, ved å studere to lokalsamfunn i to forskjellige periodar, å kartlegge og forstå dei fadderskapsnettverka embetsfolk er involverte i. Lokalsamfunna er delar av prestegjelda Lesja og Lom i Nord-Gudbrandsdalen, og dei to periodane er 1720-åra til sist i 1740-åra og 1830- og første del av 1840-åra. Alle aktørane i alle dåpshandlingar der embetsfolk er involvert, enten som foreldre og / eller som medfadrar i desse to periodane vil bli forsøkt identifisert. I den endelege versjonen vil det bli forsøkt å få oversyn over dei generelle fadderskapsskikkane til allmugen i undersøkingsområda og periodane. Det grunnleggjande spørsmålet i den samanhengen er det same som David W. Sabean stilte for si undersøking av landsbyen Neckarhausen i Sør-Tyskland: i kva grad valde foreldra slekt som fadrar for barna sine, og i tilfelle kor nær slekt? 5 Det som blir presentert her er førebelse svar på følgjande spørsmål: Kven valde embetsfolket i desse to lokalsamfunna til fadrar for sine barn? Kven stilte embetsfolk opp som fadrar for utanom sine eigne i desse to lokalsamfunna? 1.2 Undersøkingsområda: Lom og Lesja Dei to prestegjelda undersøkingsområda er valde frå ligg begge i Nord-Gudbrandsdalen, Lesja øvst i hovuddalføret og Lom øvst i Ottadalen. Med unntak av naturgjevne forhold er dei nokså like: relativt langt frå sentralmynde og ein kombinasjon av åkerbruk og husdyrhald, der betydinga av det siste nok var størst i Lesja, som ligg på 650 700 m.o.h. mot Lom på frå 370 500 m.o.h. for dei mest sentrale delane av bygda. Lom var dermed ei mykje sikrare kornbygd enn Lesja. Undersøkingsområda er vald først og fremst fordi dei har rimeleg nye bygdebøker. Desse har eg sjølv hatt hovudansvaret for å kontrollere informasjonen i òg skrive saman, sjølv om andre til dels har gjort den grunnleggjande kjeldeinnsamlinga og -bearbeidinga. Bygdebøkene for Lesja dekkjer det som er Lesja kommune etter frådelinga av Dovre annekssokn og grenda Dombås til Dovre kommune i 1863. Dei vart fullførte i åra 1987 96. I åra 2000 2007 fekk òg Dovre rimeleg gode bygdebøker, i alle fall for perioden før 1900. 6 Bygdebøkene for Lom dekkjer Lom kommune etter frådelinga av Skjåk annekssokn som eigen kommune i 1863. Korkje for Skjåk eller nabobygda Vågå, finst det bygdebøker av denne sjangeren. 7 3 Sjå Kjelland 2010 om forskingsstatus, kjelder etc. 4 Om denne spesielle norsk lokalhistoriske sjangeren, sjå Sørumgård og Kjelland 2003. 5 Sabean 1998: 23. Han undersøkte dette for fem kohortar frå ca 1700 til midt på 1800-talet, og fann betydelege endringar i praksis. 6 Kaas og Engen. Det var Gunnar Kaas (1915 2007) som utførte eit stort, manuelt familierekonstitusjonsarbeid for bygda for perioden ca 1700 1900, eit arbeid eg i 1998 vurderte som godt for Dovre kommune i samband med planlegginga av bygdeboka. 2

Elles er Lom ei klassisk, einsidig landbruksbasert bygd i vår periode, med i periodar betydeleg overskot av korn som vart seld ut av bygda. Lesja fekk eit nytt element i næringslivet i siste halvdel av 1600-talet: eit lite jernverk ved den søraustre enden av Lesjaskogsvatnet (som dannar vasskilje mellom Aust- og Vestlandet). Drifta av verket gjekk i bølgjer det var ute av drift i lange periodar, og klarte nok aldri å gje korkje eigarane eller statsmakta særleg profitt, men det gav arbeid utanom dei viktigaste arbeidsperiodane i jordbruket for allmugefolket i bygda 8 og bidrog derfor til større folkevekst enn det som elles ville vore muleg. 1.3 Primærkjeldematerialet og føringspraksis Undersøkinga tek altså utgangspunkt i dei dåpsregistreringane som er gjort i kyrkjebøkene. Her er namna på barnet, foreldre og fadrar registrerte, vanlegvis i forma: [kyrkje, dåpsdato] «døypt Ole Bøs drengebarn Hans. Faddere: Lars Haug, Kari Li» osv. Dei eldste kyrkjebøkene er nærast ei slags dagbok for sokneprestane i begge prestegjelda. Dei er førte tilnærma kronologisk, men likevel etter forskjellig prinsipp. 9 I den eldste kyrkjeboka for Lesja er alle kyrkjelege handlingar samla på same oppslag (dobbeltside), 10 medan i den same for Lom er dei kyrkjelege handlingane førte kvar for seg. 11 Presten i Lesja kan altså ha ført boka som ein slags journal eller dagbok, medan lomspresten truleg har ført kladdelister som er innført i etterkant for kvart år i den protokollen som er arkivet. Talet på fadrar skulle etter 1607 ikkje vere høgare enn fem. 12 Det ser likevel ut til at seks fadrar var vanleg i Lesja, der det er døme på til dels betydeleg høgare tal fadrar. Dette forklarar Troels-Lund med faddergåvene; både prest og foreldre var interessert i mange fadrar. 13 I Lom er det i større grad berre innført fem fadrar. Berre i eit tilfelle er ikkje praksis med mannfolkfadrar først i lista følgt. 14 1.4 Primærkjeldemateriale, omfang Undersøkinga av praksis i Lom tek utgangspunkt i dei 1127 dåpsinnføringane i den første kyrkjeboka for prestegjeldet, dataregistrerte av Atle Brandsar og publisert på Digitalpensjonatet. 15 Boka dekkjer perioden 1733 48, og til desse dåpshandlingane er det til saman ført inn 6013 fadrar i kyrkjeboka, dvs. i gjennomsnitt 5,3 fadrar pr dåp. Ingen hadde meir enn seks. 16 Undersøkinga av praksis i Lesja tek utgangspunkt i 546 dåpsinnføringar 17 som inkluderer fadrane i den første og andre kyrkjeboka for prestegjeldet, dataregistrert av meg for denne undersøkinga. Boka startar med fire innføringar frå 1724 og eg har registrert alle til og med 1732. Til desse dåpshandlingane er det til saman ført inn 3108 fadrar, dvs. i gjennomsnitt 5,7 pr dåp. Spreiinga er likevel større her: ved 8 dåpshandlingar var det sju fadrar, og i tillegg var det 11 i ein og 14 i ein. 7 Men dei har i staden nyare, gode bygdebøker av den andre delsjangeren, allmenn bygdehistorie, og dei er til god hjelp. 8 Særleg gjennom transport av varer: malm, kol, halvfabrikata og ferdigvarer på vinterføre. 9 Det lå ikkje føre noko detaljert instruks for korleis slike bøker skulle førast i Noreg før 1812. Dyrvik 1982: 37. 10 Permanent sidelenke til Lesja ministerialbok nr 1 (1724 1731), s. 2: http://www.arkivverket.no/urn:kb_read?idx_kildeid=9235&idx_id=9235&uid=ny&idx_side=-3. 11 Permanent sidelenke til Lom ministerialbok nr 1 (1733 1748) s. 1: http://www.arkivverket.no/urn:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-2. Her går lista over døypte gutar for året 1733 til s. 2a, døypte jenter til 3b, introduserte kvinner til 4a, begravede 4b til 5b osv. 12 Hodne 1979: 8. Først fastsett i Chr. IV s kyrkjeordinans, fornya kyrkjeritualet 1685 og reskript 1739. 13 Troels-Lund 1914: 115ff. 14 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/urn:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-82 15 Som er Arkivverkets tilbod til interesserte som vil publisere dataregistrerte kjelder, utan at Arkivverket tek noko ansvar for kvaliteten på registreringane. 16 Men jfr Kjelland 2010: 5, særleg dømet i note 9 om at talet på fadrar kan ha vore større enn dei som er innførte i kyrkjeboka. 17 Det var òg i perioden fem innføringa av dødfødde, som ikkje har oppgjeve fadrar. I den dataregistrerte versjonen for Lom er det ikkje med slike. 3

Det var faktisk til soknepresten og konas eiga førstefødde dotter dei valde neste tre gonger så mange fadrar som det var lov til å ha etter kyrkjeritualet. 18 Vidareføringa av undersøkinga vil ta utgangspunkt i bestilte dataregistrerte dåpshandlingar for Lesja for åra 1834 44, i alt 1157 med registrerte fadrar. Der har eg gjort ei lita forundersøking som blir referert i pkt 3.3 og 3.4 nedafor, men eg skal ta att dette materialet seinare. Samstundes skal eg gjere ei tilsvarande registrering av kyrkjeboka for Lom for ein tilsvarande periode. 1.5 Om omgrepa «embetsmenn» og «bønder» i undersøkingsområdet Hovudprosjektet studerer altså møte mellom «embetsmenn og bønder». Men i undersøkingar av møte i form av fadderrelasjonar må ei slik grov todeling justerast. Den første delinga er etter kjønn for begge grupper; kvinner er tilnærma likt representerte som fadrar som menn. Omgrepet bonde var i prinsippet kjønnsnøytralt også i den perioden denne undersøkinga dekkjer, men det har likevel sterk konnotasjon til mannen i hushaldet. Dessutan var det sjølvsagt store indre forskjellar innan den gruppa som blir kalla bønder også i Nord-Gudbrandsdalen. For denne undersøkinga har eg derfor vald å nytte nemninga «allmuge» om dei som i prinsippet hadde levebrød av dei lokale primærnæringane og jernverket i Lesja. For den andre gruppa nyttar eg nemninga «embetsfolk», som gjeld både dei faktiske embetsmennene, deira nære kvinnelege familie (kone og døtrer), slektningar og andre tilknytte personar (t.d. heimeverande søner som personlege kapellanar, huslærarar o.a.). I dei to kystnære områda som hittil er undersøkte innafor dette delprosjektet synte det seg at denne gruppa likevel måtte utvidast, først og fremst med handelsfolk og lågare offentlege tenestefolk i ikkje ubetydeleg omfang. 19 Som samleomgrep for desse og dei eigentlege embetsfolk er nemninga «kondisjonerte» nytta, også til delt utvida med ei gruppe «halvkondisjonerte», der skiljet i hovudsak går ved økonomisk kapital og formelle privilegium. I dei to prestegjelda som eg har undersøkt, er innslaget av kondisjonerte utanom embetsfolket lite. I Lom er det fråverande; nokre av personane som dukkar opp som fadrar og er plassert i gruppa embetsfolk var nok ikkje det formelt sett, men dei var sannsynlegvis på gjennomreise eller gjesting hos dei lokale embetsfolka. Eg har derfor nytta ein samlekategori «andre embetsfolk eller kondisjonerte» for slike aktørar. I Lesja hadde vi utanom dei nemnt i førre avsnittet eit innslag av denne gruppa knytt til jernverket som tidvis var i drift på Lesjaskogen. Den systematiske gjennomgangen av fadderlistene kring 1730 syner faktisk at desse må ha hatt eit nettverk med andre i same kategori busette utanfor bygda, men som var på besøk og stilte opp som fadrar. Her har eg derfor funne nokre personar eg har kategorisert som «andre kondisjonerte». Finare inndeling av denne gruppa har eg ikkje funne hensiktsmessig; dei var få, og neppe nokon av dei var busett i bygda i alle fall ikkje i lang tid. Gruppa «bønder» er meir problematisk den skjuler eit spenn frå «høg» til «låg», i alle fall ut frå skilnader i tilgjengeleg økonomisk kapital, som i periodar nok kunne vere like stort som innan embetsstanden. Dette spenner varierer likevel mykje frå region til region. Ser ein Gudbrandsdalen under eitt, har den nok vore rekna som ein region med store skilnader, med ei gruppe «ættebyrge storbønder» på toppen, 20 og ei talrik husmannsklasse på botnen. Men denne todelinga er heller ikkje dekkjande, både fordi desse forholda endra seg over tid, og fordi det i løpet av perioden prosjekt tek for seg voks fram mellomgrupper i norske bygdesamfunn; husmenn vart småbrukarar og større gardsbruk vart delte i mindre driftseiningar. Desse prosessane varierte frå bygd til bygd, ja til og med innan bygder, slik eg har påvist for Lesja tidlegare. 21 18 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/urn:kb_read?idx_kildeid=9235&idx_id=9235&uid=ny&idx_side=-39 19 Døssland 2010, Sliper 2011. 20 Sjå t.d. Mortensson 1904: 50ff. 21 Jfr Kjelland 2009: 246ff., bygd på arbeid med bygdebøkene i begge bygdene. 4

I denne undersøkinga har eg derfor, mest ut frå skjøn, gjort ei inndeling av gardbrukargruppa etter matrikkelskylda på gardane deira. Eg har sett skiljet mellom storbønder og «vanlege» bønder ved at garden dei dreiv og budde på hadde ei skyld på 3 huder. 22 Ei særskilt gruppe militære ein finn i dei fleste bygder, er underoffiserane. Desse kan delast i to klart skilde grupper: søner av embetsfolk og kondisjonerte og gutar frå allmugegruppa. 23 Når desse pga. slektsnamn ikkje er frå allmugen, har eg rekna dei til embetsgruppa. 24 2 Metode 2.1 Hovudtrekk Metoden eg har følgt er i hovudtrekk slik: a) Studien opererer på hendings- og aktørnivå, der hendingane er dåpshandlingar og aktørane er dei som deltek i hendingane i den eine av to roller: som forelder eller fadder. b) Alle dåpshandlingar i undersøkingsperiodane er gjennomgått, og alle aktørar som ikkje er av allmugegruppa er trekt ut som tilhøyrande embetsfolk eller andre kondisjonerte. Uttrekkinga er i hovudsak gjort på grunnlag av tittel og / eller namnebruken; aktørar i desse gruppene bruker nesten alltid eit slektsnamn, som regel i kombinasjon med tittelbruk. Titlane kan vere konkrete i høve funksjon 25 eller berre med «Madam», «Jomfru» eller «Monsieur». 26 c) Aktørane av embetsfolkgruppa er så identifisert så langt det har vore muleg å gjere det og kategorisert i dei tilnærma kjønnsnøytrale «prestfolk», «offisersfolk», «andre kondisjonerte». personar i denne gruppa eg hittil ikkje har klart å identifisere er lagt i gruppa «andre». d) Deretter er dei av allmugefolket som er involvert i identifiserte ved hjelp av bygdebøkene for dei to undersøkingsområda og kategoriserte i samsvar med pkt. 1.5. 2.2 Identifisering av bønder i fadderlistene Det kan tilsynelatande sjå ut til å vere vanskeleg å identifisere fadrane frå allmugegruppa. Namneformene er nokså forenkla: «Ole Bø», «Kari Li», altså fornamn og bustadnamn. Men ved systematisk gjennomgang av bygdebøkene under bustadane Bø og Li er det i tilnærma alle tilfelle berre ein person ved namn Ole eller Kari som passar inn som gamal nok og i live på det aktuelle tidspunktet. I visse tilfelle er fornamnet supplert med farsnamn («Ole Hanssen Bø», «Kari Larsdtr. Li», og da er i alle fall identifiseringa som regel uproblematisk. 27 Utan at eg har undersøkt akkurat denne namnebruken systematisk, kan det tyde på at prestane følgde denne lokale namneskikken. Nokre fadrar er likevel særleg i den eldste perioden ikkje sikkert identifiserte. Det kjem vanlegvis av at dei ikkje er å finne att i bygdebøkene. Forklaringa er da sannsynlegvis at dei ikkje har sett 22 Eg har planar om å gå nærare inn på dette spørsmålet ved eit seinare høve. Førebels har eg brukt skjøn i kombinasjon med lokalkunnskap. 23 Jfr. Ovenstad 1930: 86. Skiljet mellom offiserar og underoffiserane var ved lågaste offisersgrad, fenrik eller sekondløytnant. Dei med gradsnemning korporal, sersjant, furer, fanejunker og Capitaine des armes vart rekna som underoffiserar. Særleg den siste gradsnemninga, som eigentleg galdt den med ansvar for våpen i kompaniet (iflg. Historisk leksikon), kan forvirre mange. 24 Nokre av desse slo seg ned i bygda og vart etter kvart integrerte i allmugen. Ole Mentss. Schelderup er eit døme på slike i denne perioden. Han gifta seg med gardjenta på ein mellomstor gard (2,5 hud skyld) i Lesja, Nordistugu Norderhus, og har stor etterslekt i bygda. Ref. Kjelland 1992: 290. 25 Som «Capitain», «foged» o.l. 26 Innan allmugegruppa vart slike titlar aldri brukt. Her ser det i den eldre perioden ut til berre å vere skilt mellom bønder (utan tittel) og folk lågare på rangstigen: husmenn, innerstar. I tillegg er ein del lokale yrke nytta: «snidker», «skolemester» m.fl. I tilsvarande lister for seinare periodar har som regel også gardbrukarane fått tittelen «gaardmand» o.l. 27 Sjå nærare om identifisering av aktørar i Kjelland 2010: 12 14. 5

spor etter seg i det materialet som vart systematisk gjennomgått i bygdebokprosjekta, og fadderlistene er ikkje blant dei. 28 2.3 Identifisering av embetsfolk (og andre kondisjonerte) Denne gruppa har faktisk vore vanskelegast å identifisere. Bygdebøkene har i prinsippet med same informasjon som fast innanbygdsbuande, og det vil i praksis seie det som har sett spor etter seg i det primærkjeldematerialet som blir brukt i slike bøker. Etter som dei fleste i denne gruppa var mobile og flytta på seg, kan familiemedlemer som ikkje ein finn som fødde, vigde eller gravlagde 29 dukke opp som fadrar. Eg har funne mange slike i dette materialet. Vi har likevel mange hjelpemiddel til å identifisere embetsfolket, særleg etter at meir og meir papirbasert primær- og sekundærkjeldemateriale er tilgjengelege på internett. 30 3 Resultat: embetsfolkets faddernettverk og -tradisjonar 3.1 Embetsfolks fadderval i Lom 1733 48 I perioden var embetsfolket og andre kondisjonerte foreldre til 12 barn døypt i Lom. Alle utanom eitt foreldrepar hadde vald fem fadrar, slik at det totalt var 61 «fadderskap». Av barna var to «uekte» fødd. Den eine av desse hadde ein ikkje identifisert kondisjonert far (Christian Eggertsen) og fadrane ved den dåpen er ikkje med i oversynet nedafor. 31 Den andre uekte hadde begge foreldra frå embetsfolkgruppa. 32 Resten finn ein oversyn over i figur 1. År for dåpsh. Valde fadrar frå: Andre emb./ kond. Prestefolk Offisersfolk Storg.- folk Husmannsf. Fornamn Slektsnamn Kategori: Gardfolk Sum Sara Larsd. Blix Andre emb./kond. 1739 1 4 5 Hans Brandt Offisersfolk 1741 3 1 1 5 Hans Brandt Offisersfolk 1745 3 2 5 Amund Erlandsen Offisersfolk 1739 3 2 1 6 Amund Erlandsen Offisersfolk 1740 3 2 5 Amund Erlandsen Offisersfolk 1742 4 1 5 Johan Storm Prestefolk 1742 2 2 1 5 Gløer Gløersen Andre emb./kond. 1744 5 5 Lars (Laurits) Frisach Prestefolk 1745 4 1 5 Henning Kierulf Prestefolk 1746 3 1 1 5 Henning Kierulf Prestefolk 1747 2 3 5 Henning Kierulf Prestefolk 1748 3 2 5 Summer: 25 12 5 9 8 0 2 61 Figur 1 Embetsfolk og andre kondisjonerte som fadrar i Lom 1724-48. Sara Blix er ikkje identifisert, og vi ser at det berre var lokale fadrar, rett nok fire av fem frå gruppa storgardar. Hans Brandt var underoffiser (Capitain des armes), men namnet syner han ikkje var frå bygda. Han og kona valde fadrar i det øvste sjiktet for det første barnet, men gjekk over til lokale for det andre. Tre av desse var frå Skjåk, og to var etter namna å døme lokalt rekrutterte underoffiserar. Andre / ukj. 28 Fadderlistene vart i nokre høve nytta som hjelpemiddel i identifiseringa av foreldrar i dåpslistene, men ikkje sjølve systematisk identifiserte. 29 Som er dei grunnleggjande kjeldeseriane slike prosjekt forsøker å lenke. 30 Viktigast er Digitalarkivet som har publisert det aller meste av norske mikrofilma primærkjelder i bildeformat. Eldre trykte bøker, t.d. Ovenstad 1948. Også nettstaden www.genealogi.no har etter kvart ein god del relevante kjelder på nett. 31 Fordi alle fadrane var bygdefolk, frå gardar på begge sider av soknegrensa mellom Lom og Skjåk. Mora er ikkje identifisert i bygdebokarbeidet, og var derfor truleg frå Skjåk. Eggertsen er ikkje funne i andre samanhengar (t.d. som fadder) i materialet. 32 Mora, Sara Cathrine Larsd. Blix, har eg ikkje klart å identifisere førebels. Barnefaren var Otto Henrich von Printz, kaptein og sjef for Lomske nasjonale kompani. Han var gift fekk off. syndforlating. Kona var fadder same år (1739) for barn til løytnanten i kompaniet. 6

Amund Erlandsen var f. i Gudbrandsdalen, truleg frå gardbrukar- eller storgardsfolk i Gausdal, gjekk gradene frå 1722 og kom til Lom som premierløytnant ved kompaniet i 1731. I 1738 gifta han seg med dotter til den nyss avdøde kompanisjefen, Svend Westerberg. Som vi ser valde han og kona stort sett fadrar frå embets- og storgardsgruppa. Johan Storm var personleg kapellan i Lom frå 1739 43. Han gifta seg med søster til kona til soknepresten, Magdalena Stub. To av den nære familien, søster hennar, Catharine Stub og sonen til sokneprest Hans Frisach, Lars, stod fadrar saman med kona til førre kompanisjefen og sonen hennar. Den siste fadderen var ei Bodil Jensd. Hoff som er uidentifisert, men som var fadder ikkje mindre enn 35 gonger dei femten åra materialet dekkjer. I 1745 gifta ho seg til Sveine, i gruppa storgardar, 33 men da ho og mannen skifta frå seg i 1757 var buet i dårleg økonomisk tilstand. 34 Gløer Gløersen dukkar opp i kjeldematerialet 19. desember 1743 da han og dotter til sokneprest Frisak, Magdalena, «efter kongl. allern. bevilgning uden forgaaende lysning og trolovelse [vart] copulerede hjemme i huuset». 35 Om lag to månader seinare fekk dei ei dotter, og her var det berre den aller næraste familien som var fadrar. 36 Gløersen vart utnemnt til sorenskrivar over Øvre Romerike sorenskriveri i september same året. 37 Lars Frisach var altså son av soknepresten. Fadrane var tre av syskena hans, løytnanten i Lomske kompani og ei frå prestefamilien i nabosoknet Vågå. Henning Kierulf frå Hyllestad på Sjælland tok over som sokneprest i Lom etter at Hans Frisach døydde i 1744. Han og kona valde fadrar mellom «sine eigne» til dei to første ungane, rett nok også utanfrå bygda ved første dåpen kom prestekona på Lesja over fjellet for å stå gudmor, saman med ei jente som kanskje var søster hennar. 38 Dei andre var sorenskrivaren i Nord-Gudbrandsdalen, busett i Vågå, og futen, busett i Fron. 39 Den siste var sonen til førre soknepresten. Ved siste dåpen inkluderte dei to kvinner frå ein av storgardane like ved prestgarden, Sygard Andvord. 3.2 Embetsfolk som fadrar i Lom 1733 48 Embetsfolk er representert med 96 fadderskap fordelt på 34 forskjellige aktørar i perioden; 17 kvinner og 17 menn. Desse fordeler seg med 16 i underkategorien prestefolk (62 fadderskap), 10 offisersfolk (19 fadderskap) og 8 andre kondisjonerte (15 fadderskap). Vi ser altså at det er den lokale prestefamilien bortsett frå presten sjølv som er den absolutt mest aktive som fadrar i bygda i perioden. Catharina Stub var kona til soknepresten og Frederikka Munch var dotter til presten i Vågå og vart gift med Lars Frisach i 1744. Magdalena Stub var syster til Catharina og gift med den residerande kapellanen, Johan Storm. Dei var berre i bygda i 4 5 år, og om ein skulle rekne frekvens var det Magdalena blant embetsfolket som var mest populær som fadder i heile perioden. Vi ser at det lokale prestefolket ikkje stiller opp berre for standsfellar, men for bygdefolk i betydeleg grad. Ingeborg Lem var kona til neste sokneprest, Kierulf, og Peter Wulf var kapellan i Lom. Dei resterande bortsett frå Henrika Fugleberg frå Lesja, var av familien til Vågåpresten. Offisersfolket er ikkje like mykje brukt, men så var dei da òg meir mobile. Kvinnene var mest aktive. Ingeborg Brandt var gift med Hans Brandt som kom hit som Capitaine des armes i 1738, vart sekondløytnant ved livkompaniet i 1747 og kom til Vågå som premierløytnant ved kompaniet der i 1750. 40 Oline Parsleff var enkje etter førre kompanisjefen, Svend Westerberg. Thøger Schandorff 33 Kolden 2002: 247. 34 Oppland fylke, Nord-Gudbrandsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 2, 1752-1764 pag. 330b: 18. april 1757. 35 Oppland fylke, Lom, Ministerialbok nr. 1 (1733-1748), Kronologisk liste 1743. 59. 36 Smst.: 61, døypt 24. februar. Fadrar var tre av brørne til Magdalena, mora og komande svigerinne. Dåpen var på ein måndag. Det kan tyde på at relasjonen ikkje skulle gjerast kjent i lokalsamfunnet. 37 Olafsen 1945: 96. 38 Vi veit ikkje at ho bar barnet, men ho er ført først i lusta over fadrar, framafor mannsfadrane. 39 Eigentleg i eit grenseområde mellom Vågå og Fron, Breibygde, som har skifta mellom prestegjelda. 40 Ovenstads militærbiografier. 7

kom som premierløytnant til Lomske kompani i 1747, ca 60 år gamal(!). 41 Hans var truleg ein son. Dei vart inkludert i prestefamilien sitt nettverk like etter dei kom til bygda. Andre emb./ kond. Står fadder for: Antal fadderskap Prestefolk Offisersfolk Storg.- folk Husmannsf. Fornamn Slektsnamn Kjøn Kategori: Gardfolk Sum Catharina Stub k Prestefolk 11 1 1 1 3 2 2 1 11 Lars Frisach m Prestefolk 8 2 2 1 1 1 1 8 Jørgen Frisach m Prestefolk 6 1 1 2 2 6 Magdalena Frisach k Prestefolk 6 1 3 2 6 Hans Frisach m Prestefolk 6 1 1 1 3 6 Magdalena Stub k Prestefolk 6 2 2 2 6 Fredrikka Mariana Munch k Prestefolk 4 1 1 2 4 Bartolomeus Frisach m Prestefolk 3 1 1 1 3 Johan Storm m Prestefolk 3 2 1 3 Anna Sofie Stochflet k Prestefolk 2 2 2 Per Wulf m Prestefolk 2 1 1 2 Else Frisach k Prestefolk 1 1 1 Henrika Helmine Fugleberg k Prestefolk 1 1 1 Anna Munch k Prestefolk 1 1 1 Karen Munch k Prestefolk 1 1 1 Ingeborg Munthe Lem k Prestefolk 1 1 1 Ingeborg Brandt k Offisersfolk 4 1 1 1 1 4 Oline Sofie Parsleff k Offisersfolk 4 2 1 1 4 Hans Brandt m Offisersfolk 3 1 1 1 3 Amund Erlandsen m Offisersfolk 2 1 1 2 Brun m Offisersfolk 1 1 1 Jens Kraft m Offisersfolk 1 1 1 Niels Leyell m Offisersfolk 1 1 1 Tugenreich Sophie Printz k Offisersfolk 1 1 1 Thøger Schandorff m Offisersfolk 1 1 1 Hans Schandorff m Offisersfolk 1 1 1 Helvig Biering k Andre emb./kond. 5 1 4 5 Rebekka Eilersen k Andre emb./kond. 3 2 1 3 Nils Hauridtz m Andre emb./kond. 2 1 1 2 Mats Borchsenius m Andre emb./kond. 1 1 1 Christen Pram m Andre emb./kond. 1 1 1 Jakob Smith m Andre emb./kond. 1 1 1 Sørensen k Andre emb./kond. 1 1 1 Anne Kristense Zem k Andre emb./kond. 1 1 1 Summer: 96 26 14 5 10 19 21 1 96 Figur 2 Embetsfolk og andre kondisjonerte som fadrar i Lom 1733-48. Andre / ukj. Amund Erlandsen kom som nemnt hit i 1734, fekk opprykk og flytte truleg frå bygda i 1742 altså åtte år, og var fadder to gonger. Kona hans var aldri fadder. I gruppa andre er det to kvinner som merker seg ut: Helvig Biering og Rebekka Eilersen. Ingen av dei er nemnde i bygdeboka, og eg har førebels ikkje klart å identifisere dei i samband med dette arbeidet. 3.3 Embetsfolk som fadrar i Lesja 1834 44 Her gjorde eg som nemnt ei forundersøking i 2010. 42 Her var perioden samanfallande med embetstida til sokneprest C. A. Lyche i Lesja. Han gifta seg i 1834 med Annethe Magdalene Riis og dei fekk 6 barn i Lesja. 43 Kjeldematerialet for denne perioden er vesentleg betre og gir eit meir fullstendig bilde både av allmugen og embetsfolket. På denne tida var det utanom presten desse kondisjonerte busette i Lesja og Dovre: løytnant Søren Wang vari tenest i Lesja frå ca 1837, fekk seks barn født i Lesja tom. 1844 41 Bygdabok for Lom bd. 2: 283. 42 Paper til prosjektseminar 22.4.2010. Informasjonen er stort sett henta frå det paperet, men skal vidarebearbeidast. 43 Bygdebok for Lesja bd 3: 39. 8

lensmann Thomas Jørstad til 1843, som ikkje hadde barn sjølv f. e. 1834, men sonen hans, Tobias, vart gift i 1842 og fekk to barn før 1845 Faddernettverka desse var involvert i omfatta òg folk frå storgardane Tofte og Holåk og tilreisande kondisjonerte. Familien Lyche var fadrar sju gonger for familien Wang (fem barn), to gonger for familien Jørstad, tre gonger for familien Holåk, to for ein mellomstor gardfamilie, ein for seminarist Jordhøy (født i bygda, soneson av ein tidlegare sokneprest) og to for eigne husmannsfolk. Familien Wang var fadrar for Lyche tre gonger (to barn), ein for Jørstad, ein for ein mellomstor gardfamilie og tre gonger for tre småbrukar- / husmannsfamiliar. Familien Jørstad var fadrar for Lyche fem gonger (fire barn), for familien Wang åtte gonger (fire barn), for familien Holåk tre gonger (ein dåp) og to gonger to større gardbrukarar. Brukarane både på Tofte og Holåk stod ofte fadrar for husmannsfolk. Faddernettverk embetsfolka i Lesja ikkje deltok i: klokkar Viborg (som var født i bygda som etterkommar av ein innflytt lågare kondisjonert midt på 1700-talet) andre lærarar (som elles var etterspurde som fadrar for bygdefolket) etterkomarar av offiserar (Rappe) eller jernverkseigarar (Irgens, Thøring) 3.4 Embetsfolks fadderval i Lesja 1834 44 Til barna valde familien Lyche var fadrar sjølve eller nær familie for 4 av barna sine (7 fadderskap). Resten av dei 31 fadderskapa bestod av løytnant Wang: 3, lensmann Jørstad: 5, Holåk: 3, Tofte: 2, andre offiserar: 1, geistlege: 6, kondisjonerte: 1 og andre bygdefolk: 3. Familien Wang var ikkje fadrar for eigne barn. Dei 31 dei valde ut som fadrar for barna bestod av sokneprest Lyche: 6, lensmann Jørstad: 8, Holåk: 2, andre offiserar: 3, andre geistlege: 1, kondisjonerte: 3 og andre bygdefolk: 7. Storgarden Holåk: fadrane var frå familien Lyche: 3, lensmann Jørstad: 3, andre bygdefolk 9 Brukarane på Tofte hadde ikkje eigne barn til dåp i perioden. 3.5 Planlagte, ikkje fullførte delundersøkingar Undersøkinga skal etter planen omfatte vidare delundersøkingar av embetsmennenes praksis i fadderskapsnettverk i Lesja i perioden 1724 32 og Lom i 1830- og 40-åra. 44 Vidare er det ei målsetting også å analysere også allmugens faddernettverk og -tradisjonar gruppert i tilsvarande fire periodar. Her vil slektskap mellom fadrane og foreldra bli eit sentralt tema, 45 noko kjeldematerialet ligg til rette for å undersøke. Da er det òg aktuelt å utvide også analysen av embetsfolkets praksis til å inkludere slektskap, som eg til no har registrert så langt eg har vore i stand til å kartlegge det. 4 Drøfting Drøftinga av resultata vil ta utgangspunkt i dei hypotesane som er lagt fram for prosjektet, om graden av inkludering og ekskludering mellom dei identifiserte gruppene i det som nok godt kan kallast nettverk av fadderskapsrelasjonar. 46 Den vil da vurdere resultata opp i mot funna til Atle Døssland (2010) og Grethe Sliper (2011). 44 Perioden er her ikkje endeleg definert. Eg må sjølv dataregistrere materialet. 45 Jfr Sabean 1998. 46 Jfr Døssland 2011. 9

Med utgangspunkt i det som eg hittil har gjennomgått i avsnitt 3 ser det ut som om det for Lom er rimeleg bra samsvar med Døsslands hypotese om at det var klare faddernettverksband mellom embetsfolket og allmugen før midten av 1700-talet. 47 Utan at eg her førebels har hatt høve til fullstendig rekonstruksjon av nettverka i Lesja på same måte som i Lom, er inntrykket det same der: embetsfolket fadderval inkluderte medlemer i alle fall av storgardsgruppa i bygda. Om det er gradsforskjellar mellom den tidlege og seine perioden må eg kome attende til seinare. Undersøkinga frå Lesja frå første del av 1800-talet syner likevel førebels at embetsfolket i denne bygda ikkje isolerte seg frå allmugen på same måte som det Døssland fann for Hosanger, eller Sliper for Herøy. 48 Her kan da geografiske variablar spele inn. Både Hosanger og Herøy låg slik til at embetsfolket kunne få slekt og omgangsvener til heimstaden i tide til å stå fadrar for barna sine. I fjellbygdene med berre landverts kontakt til sentralare strøk tok det lenger tid å gje beskjed om at ein ønskte fadder, og for fadrar å reise oppover. 5 Kjelder Døypte i Lom 1733 48 på Digitalpensjonatet, registrert av Atle Brandsar: http://digitalarkivet.uib.no/cgiwin/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp05141733&metanr=3819 registrert frå skanna versjon av ministerialbok for Lom nr 1 på (permanent sidelenke): http://www.arkivverket.no/urn:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-2 6 Referert litteratur: Bork, Martin T. H. 2006. Fællesskabet efter fællesskabet. Sociale relationer og netværk i et dansk landbosamfund efter landsbyfællesskabets opløsning ca. 1785 1850. Upublisert Ph.d.- avhandling, Københavns Universitet, levert 1.5.2006. Dyrvik, Ståle 1983. Historisk demografi. Universitetsforlaget. Døssland, Atle 2010. Embetsmenn, bønder og fadderskap i Hosanger sokn 1750 1854. Notat 20 / 2010. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Lenke på www.hivolda.no/shp-kultur går til Publikasjonar. Døssland, Atle 2011. Det vi ventar å finne. Arbeidshypotesar for prosjektet. Paper til Det 27. nordiske historikermøte 11. 14. august 2011 i Tromsø. Hodne, Ørnulf 1979: Fadderskapet og dets funksjoner i norsk folketradisjon. Heimen 1: 3 22. Kjelland, Arnfinn 1987, 1992, 1996. Bygdebok for Lesja. gards- og slektshistorie bd 1, 2, 3. Lesja kommune. Kjelland, Arnfinn 2010. Fadderskap som sosial relasjon - forskings-status, kjelder og metode. Notat 16 / 2010. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. http://www.hivolda.no/neted/modules/archive/front/file.php?data=d58f2799e2adafdad89ddd 929e2c89fd Kolden, Jon (red. Arnfinn Kjelland) 2000, 2002, 2005, 2007: Bygdabok for Lom. Gards- og ættesoge bd 1, 2, 3, 4. Lom kommune. Kjelland, Arnfinn 2009. Norsk lokalhistorie og «nyare» mikrohistorie. Heimen 3: 237 254. Kaas, Gunnar og Arnfinn Engen 2003, 2004, 2006 og 2007. Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk. A. Engen Thorsrud, Lokalhistorisk forlag. Mortensson Ivar. 1904. Bondeskipnad i Norig i eldre tid. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 47 Døssland 2010: 3. 48 Sliper 2011. 10

Olafsen, Arent. 1945. Våre sorenskrivere. Sorenskriverinstitusjonen og sorenskrivere i Norge. Et bidrag til den norske dommerstands historie. Oslo. Ovenstad, Olai. 1930. Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturell utvikling gjennem tidene. Norsk militært tidsskrift: 82 102. Ovenstad, Olai. 1948. Militærbiografier: den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk Slektshistorisk Foreining. Bind II I-Ø samt Tillegg bind I og kilderegister. Sabean, David Warren 1998: Kinship in Neckarhausen, 1700 1870. Cambridge University Press. Sliper, Grethe 2011: Fadderskapsrelasjoner mellom embetsfolket og allmuen i Herøy prestegjeld 1731 1843. Masteroppgave i Kulturmøte, Høgskolen i Volda. Sørumgård, Ole Martin og Arnfinn Kjelland 2003. Putting a main part of Norwegian Local History the old farm- and genealogical history genre into the Computer. Paper presented at The XVth Conference of The International Association for History and Computing, Univ. of Tromsø 8th of August: http://tilsett.hivolda.no/ak/bss/paper_ahc_2003.htm Troels-Lund, Troels Fredrik 1914: Dagligt Liv i Norden i det sekstende Aarhundrede. VIII Bog: Fødsel og Daab. København, Kristiania. Nettutgåve: http://runeberg.org/dagligt/8/ 11