Møre og Romsdal fylke Bruke berbar PC



Like dokumenter
Møre og Romsdal fylke Bruke bærbar PC

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

IKT-reglement for elevar ved MRfylke sine vidaregåande skolar

Brukarrettleiing E-post lesar

Systemansvarleg John Helge Grevstad har kontor i administrasjonen. E-post: john.helge.grevstad@mrfylke.no Telefon: // Mobil:

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

IKT for elever Kurs mandag 12. sept Reglement Trådløst nettverk på skolen Ressurser på nett Program og filtyper Lagring

Skolestart VG1 elever

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast!

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarmanual.

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

Nytt HFK Intranett

Bruk av reiserekning i Agresso

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Databrukara vtale. for. Rauma kommune

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Opprydding i mapper og filer

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.

Rådgjevarkonferanse 2009

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Til deg som bur i fosterheim år

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. FRITZ Box 7360/7390

IKT innføring for elever. Kurs tirsdag 12. september 2017

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Lotteri- og stiftingstilsynet

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

osbergetcms Brukarmanual

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

PC-ordninga 2011/2012

Søking til skuleåret

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Informasjon og brukarrettleiing

IKT-reglement for kommunane i SING

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

TUSSAFIBER KOPLING AV RUTERMODEM RETTLEIING FOR KABEL-TV

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Installasjon av SK Admin 6.11

Rådgjevarkonferanse 2010

Lingspeak Lingit AS

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

IKT-informasjon elever

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Kvinnherad kommune-lønsavdelinga. Visma.net Expense. Evelyn Tveito 1

Søking til skuleåret

Kopier heile katalogen Metxxxxx inn i Weatherlink-katalogen (eller i ein underkatalog).

IT-Reglement for Telemark fylkeskommune (TFK) 1 Reglementets virkeområde



Respekt på Rommetveit skule

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

KUNNSKAP.NO (versjon 7)

IKT-kompetanse for øvingsskular

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. Fritz!Box

Ny på nett. Operativsystemer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Den nye seksjon for applikasjonar

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Bruksvilkår for Enivest Sikker Lagring

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

ehandel og lokalt næringsliv

IT-guide for elever. Generelt/forord

Norsk Hammeeting, Letohallen 5. april 2014 Frode Igland LA6VQ

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Regler og informasjon til foresatte om bruk av datautstyr for trinn

Informasjon til pasientar og pårørande

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Generell brukerveiledning for Elevportalen

IT-reglement Aurskog-Høland kommune for ansatte og politikere

TUSSA RADIOLINK RUTER - FRITZ BOX 3490/7490 TUSSA BREIBAND MONTERINGSRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER. tussa.no

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Transkript:

Møre og Romsdal fylke Bruke berbar PC Velkomen som elev ved vidaregåande skole i Møre og Romsdal fylke. Vi vil i dette heftet fortelje deg litt om korleis du skal bruke den berbare PC-en din i våre nettverk 1. PC-ordning Dei som begynner på vidaregåande i skoleåret 2009/10 har to val: a. PC frå Møre og Romsdal fylke Møre og Romsdal fylke har inngått avtale med AR-Data om levering av skole-pc. Valgt modell er ACER Aspire one D751H sort. Det er ein PC med 11,6 skjerm, 1 GB internminne, 160 GB disk og vekta er berre 1,25 kg. Dersom du vil nytte PC-tilbodet frå fylket vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du må betale kr. 550 det første skoleåret (2009) og kr. 500 det andre skoleåret (2010). Faktura blir sendt ut omkring 15.september. Betalinga inkluderer m.a. service, vedlikehald og forsikring. Du får behalde PC-en når innbetalingane er gjort (kr.1050) etter to år. Sluttar du før kan du kjøpe ut PC-en. b. Kjøpe/bruke eigen PC Dersom du heller vil bruke/kjøpe eigen PC vil du få utbetalt eit PC-stipend frå fylket på kr 2 667. Du må sjølv halde deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring. PCstipendet blir utbetalt omkring 15. september. Den PC-en du brukar må minst svare til dei krava som gjeld for fylket sin PC-modell. Dette stipendet treng du ikkje å søke om det kjem automatisk til alle som er tatt inn på vidaregåande hausten 2009. c. Spesielle krav I nokre fag og utdanningsprogram (for eksempel medie og kommunikasjon) kan det vere behov for ein PC som kan behandle avanserte grafiske applikasjonar (for eksempel Adobe photoshop). Dersom du ønskjer å arbeide med slike program set det ekstra krav til PC-en din. Skolen du har søkt kan gi råd om krav til slike PC-ar, kontakt skolen eller gå inn på skolen si heimeside.

2. Første innlogging 1.års-elevane som ikkje har aktivert FEIDEbrukaren sin må bruke ein "fellesbrukar" for å kome inn på det trådlause nettet første gong. Du må inn på det trådlause nettet for å registrere FEIDE-brukaren din (dersom du ikkje har aktivert brukaren din heime), men må bruke FEIDE-brukaren for å kome på det trådlause nettverket. Det vil bli aktivert ein slik fellesbrukar som blir de-aktivert den 15.september. FEIDE: Det er eitt brukarnamn og passord for dei fleste tenester og Single-Sign-On etter at du har logga deg på den første tenesta (ungweb.no). Du kjem ikkje vidare før du har logga seg på den første tenesta. Når det gjeld registrering/aktivering og passordkiosk, så er dette no samla i tenesta https://minid.mrfylke.no. Det trådlause nettet For å bruke datamaskina på skolen, må du logge deg på det trådlause nettverket. Dei fleste skolane har så godt nett at du kan logge deg på nesten over heile skolen. Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på PC-en din. Dei fleste maskiner søkjer opp trådlause nettverk av seg sjølv. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del PC-ar er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk). Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbeltklikk på dette. Du vil her få opp ein liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga. UngWeb Det første du får opp når du er pålogga nettverket på skolen, er nettsidene til UngWeb. Det er prosjektet UNG i Møre og Romsdal som står bak UngWeb. Målet med UngWeb er å gi deg som ungdom meir påverknad på det som skjer i samfunnet, men det gir deg også tilgang til ei rekke tenester som du treng i undervisninga. Kva er FEIDE? Møre og Romsdal fylke har tatt i bruk FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du skal sleppe å skrive brukarnamn og passord på dei ulike systema (Fronter, SkoleArena osv) etter å ha logga deg inn på nettet via FEIDE. På MIN SIDE får du tilgang til dei digitale nettressursane til skolen. Her vil du få tilgang til alle elevtenestene, og mykje anna informasjon. På sida «MIN SKOLE» får du opp nettsida til skolen din, her ligg nyheiter om skolen, fagtilbodet, etc.

Behov for hjelp? Det kan dukke opp datatrøbbel som du må ha hjelp til å løyse. Då er det godt å vite at det er fleire som kan hjelpe deg: IT-ressursane ved skolen Skolen har eigen ITressurs som arbeider med dagleg drift av ITsystema våre. Den berbare PCen er din private, og våre ITkonsulentar kan difor ikkje hjelpe deg med tekniske problem som måtte oppstå. Vi rår deg til å ta kontakt med butikken der du kjøpte PC-en. Hos IT-ressursane kan du få hjelp med installasjon av antivirusprogram, tilkopling til skrivarar, opp-kopling til det trådlause nettverket og andre problem du måtte ha med å bruke datamaskina på skolen. Spørsmål om dagleg bruk Kontaktlærar eller avdelingsleiar kan ofte hjelpe deg, men ikkje med alle problem. Fronter og/ eller SkoleArena Problem med innlogging eller gløymt brukarnamn og passord til Fronter og SkoleArena: Snakk med kontaktlærar! Han/ hun vil vidare få hjelp hos IT-ressursen ved skolen Når du vil skrive ut Skolane har skrivarar plassert i nær tilknyting til det rommet der du har undervisning. Fylket har lagt til rette med eit eige utskriftsystem via Internett. Dette systemet har namnet Bifrost. Du må først installere drivar til Bifrostskrivaren. Dette står forklart på UNGweb.no, under området NYTTIG. Her finn du meir informasjon om Bifrost-systemet, og du kan finne rettleiing for korleis du legg inn Bifrostdrivar på PC-en din. Du kan bruke ulike operativsystem på PC-en din. Bifrost skal støtte alle. Når drivaren er installert og du har sendt dei første utskriftene, går du til den skrivaren du ønskjer, dreg elev-kortet ditt, og utskriftene kjem ut samla. Du får ein utskriftskvote med papir. Denne kan du sjekke sjølv på Ungweb. Her kan du også sjekke din eigen utskriftskø, og evt. slette utskrifter i køa. Slik fungerer Bifrost utskrift Brukar sender utskrifter frå sin PC Gode råd: Gå aldri frå PC-en din utan tilsyn. Den bør låsast inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje sjølv passar på den. Snakk med føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekke tapet. Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (minst 6 teikn). Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din Brukar går til ønska skrivar - dreg elevkortet gjennom kortlesar Utskriftene kjem ut samla

3. Digitale læremiddel Som elev ved ein vidaregåande skole eigd av Møre og Romsdal fylke har du tilgang til mange digitale læremiddel på nett. For å bruke desse må du logge deg på Min Side på UngWeb. Epost Alle elevane i vidaregåande skole har fått eigen e-postadresse. All informasjon frå skolen blir sendt til denne adressa. Den er slik: feidebrukernavn@ungweb.no Du les e-posten din på: https://skolepost.mrfylke.no (du må logge deg inn med FEIDEkontoen din). Du kan også lese denne e-posten på mobiltelefonen din. I tillegg til å lese og sende e-post, kan du slå opp i ei felles adressebok som inneheld e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne e- postadressa er sikra av fylket sin spam- og virusvaskar. Fronter Møre og Romsdal fylke brukar ClassFronter (Fronter) som digitale skolar og klasserom for elevane i vidaregåande skole. Vi kallar dette ofte for skolen sitt LMS (Learning Managment System). Eit LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I Fronter kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, e- post og forum. Ordlister Ordlister på PC kan vere like gode som ordbøker, det er raskt å slå opp og søke etter ord. Ordnett finn du på DIN SIDE på UngWeb. Vi rår deg til å laste ned Ordnett pluss. Då har du ordlista lokalt på PC-en, og er dermed ikkje avhengig av internett (t.d. på heildagsprøver). LOKUS Lokus er Aschehoug sin nettstad for den vidaregåande skolen. Nettstadane erstattar eller supplerer den tradisjonelle arbeidsboka/ oppgåve-samlinga. Elevar og lærarar loggar seg på LOKUS med sin FEIDEkonto. NDLA Nasjonal digital læringsarena har som målsetjing å etablere fagnettstader for alle fag i vidaregåande opplæring. Elevar og lærarar loggar seg på NDLA med sin FEIDEkonto. SkoleArena Elevar og lærarar har tilgang til karakter- og fråværssystemet SkoleArena. Her fører alle lærarar fråværet ditt og karakterane dine. Du kan til ei kvar tid sjekke at det er rett ført. Vi rår deg til at du sjekkar kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle ordens- og åtferdsmerknader blir også ført her. La foreldre/ føresette få sjå SkoleArena. Industriskolen Industriskolen vil du få tilgang til i fronter-rommet for klassen.

4. Programvare Møre og Romsdal fylke legg vekt på at det blir brukt fri programvare når det har ein funksjonalitet som er likeverdig med tilsvarande lisensiert programvare. Derfor skal følgjande program vere tilgjengeleg på datamaskin di: * Mozilla Firefox nettlesar - http://nbno.www.mozilla.com/nb-no/ * Kontorstøtteprogrammet Open Office (tekstbehandlar, rekneark, presentasjon) http://no.openoffice.org/ * Adobe Pdf-lesar -http://get.adobe.com/no/reader/ * Antivirus-program som AVG - http://free.avg.com/ * Ryddeverktøy CCleaner -http://www.ccleaner.com/ * Spesialprogramvare som blir brukt i undervisninga og som skolen kan installere på maskina di For at du skal kunne installere eit nytt antivirusprogram må du fjerne programmet som ligg inne på maskina (f.eks. McAfee) Nettlesar På nokre læremiddel kan det vere vanskeleg å opne på rett måte med Explorer. Bruk Firefox. Kontorstøtteprogram Alle elevar skal ha eit skriveprogram installert på sin PC. Når du leverer skolearbeid på Fronter skal desse vere i eit lesbart format. I Møre og Romsdal fylke blir dette formata brukt: Samskrivingsprogram Det finst også ei rekkje program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på same dokument eller rekneark samtidig. Døme på dette er Google Docs, Zoho, etc. Desse er gratis i bruk, og du får tildelt eit lagringsområde som er tilstrekkeleg til vanlege formål. Desse verktøya er svært nyttige når du skal skrive på same dokument frå fleire maskiner, eller samarbeide om eit dokument f.eks. som prosjektarbeid. Ein annen fordel er at du ikkje treng å laste ned program, du gjer alt i ein vanleg nettlesar som f.eks. Opera, Firefox eller Explorer. Det finst også gode presentasjonsprogram som f.eks. SlideRocket, der du kan lage relativt avanserte presentasjonar kun ved hjelp av ein nettlesar (Firefox, Explorer, Opera, etc.) Antivirus Alle elevar som brukar Windows og som skal logge seg på nettet til skolen SKAL ha antivirusprogram installert på sin PC (gjeld ikkje dei med Mac og Linux). Du står fritt til å velge kva virusprogram du vil bruke. Vi tilrår AVG frå Grisoft. Dette kan lastast ned gratis på internett. Pass på at virusprogrammet er oppdatert til ei kvar tid. Vi tilrår også at du har data-verktøy som vaskar PC-en din for eventuelle spionprogram. ODT (OO) for redigerbare filer eller DOC (MS) for redigerbare filer eller PDF (Adobe) for filer som ikkje skal redigerast vidare

Unngå uønska avhengigheit av programvare Møre og Romsdal fylke tilrår bruk av mest moglig open programvare som har færrast mogleg restriksjonar og som har låge kostnader. Vi legg også til rette for at det meste av dataprogram og tenester skal vere mogleg å få tak i frå Internett. Då treng du eigentleg ikkje så mange fleire program enn ein nettlesar. Gløymt passord Dersom du har gløymt passordet kan du få eit nytt via MinID-tenesta. Gå inn på http://minid.mrfylke.no Trykk på ikonet Gløymt passord, og du vil få opp ei rettleiing. Du vil få tilsendt eit eingongspassord på sms, dette brukar du for å få tilgang til å lage eit nytt passord. Når du kjøper ein ny PC har den ofte installert program som er gratis i nokre månader (for skape avhengigheit), deretter kostar den pengar. Det er viktig at du er obs på dette og ikkje gjer deg avhengig av ei programvare du ikkje ønskjer eller treng. Bilde og multimedia Vi vil her nemne nokre nyttige program som fritt kan lastast ned frå Internett: Picasa bildebehandling Gimp grafisk design Vlc videoavspelar Gode råd: * Tenk nøye over korleis du behandlar datamaskina på skolen, og korleis du fraktar den til og frå skolen. * Ver nøye på korleis du oppbevarer datamaskina dei timane du ikkje brukar den, f.eks når du har kroppsøving. * Det kan vere lurt å merke datamaskina, batteri og strømadapter med namnet ditt. Det er lett å ta feil.

5. Lagring av data Den vanlegaste måten å lagre data på er på den innebygde harddisken eller minnekortet (SD RAM). Oppgåver, stilar, etc. skal lagrast på Fronter ved innlevering. Fronter har noko avgrensa lagringskapasitet, og skal ikkje brukast for private filer. Lagringsmedium Eigen harddisk Internett RAM-kort Ekstern harddisk Brenne cd Pinnepenn (USB) Fordel/ulempe Kan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filer. Er bunden til ei maskin Kan lagrast som epost-vedlegg eller på tenester som adrive.com (max 50 gb). Her må du ha tilgang til internett ved bruk. RAM-brikker er eit godt alternativ for å ta backup av viktige filer. Dei fleste berbare PC-ene har plass for eigne RAM-kort Det finst eigne harddiskar som du kan kople til PCen via USB-inngangen. Desse har vanlegvis svært god kapasitet. Dette er primært ein grei måte å ta backup på rimeleg. Ikkje alle pc-er har eigen cd-brennar. Rimeleg og mobil. Er ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar Vi legg til rette for at du kan lagre mest mogleg på Internett. I tabellen under har vi lista opp fleire alternative moglegheiter for lagring. Dersom du har t.d. ein webmail-konto på Internett, som f.eks. Gmail, Hotmail eller Yahoo-mail, kan det vere praktisk å sende filer du vil ha backup på som epost-vedlegg til denne kontoen. Da får du tilgang til desse filene uansett kvar du er berre du har tilgang til nettet. Via verktøy som adrive.com eller getdropbox.com får du eigne lagringsområde på web som du kan bruke som ordinær lagring eller backup Når du bruker PCen din til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine. Ein katalog pr fag På dei aller fleste datamaskiner er det ei mappe som heiter Mine Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag gjerne nye katalogar for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, t.d. Norsk eller Naturfag. DropBox gjer det mogleg å oppdatere same dokumenta frå fleire maskiner via Internett. Støttar Windows, Linux og Mac. Windows XP Linux (Acer One) DropBox max 2 gb

6. Ditt ansvar Om bruk av skolen sitt datanett Du er pliktig til å sette deg inn i det som står om «IKT-reglement for elevar ved MRfylke sine vidaregåande skolar» I utgangspunktet er det klare reglar for bruk av datanettet til skolen: 6-1 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som strid mot opphavsretten etter åndsverklova. 6-2 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som krenker grenser for sømeleg og anstendig åtferd, eller som er krenkjande. 6-3 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar til å framsette truslar og hets, utøve mobbing eller opptre på rasistisk vis. 6-4 Brukaren skal på elevnettet og Internett opptre ærleg, høfleg og vise respekt for andre personar sitt livssyn, nasjon og rase. 6-5 Brukaren skal vere kritisk før eit e- postvedlegg vert opna. frå ein sendar brukaren ikkje kjenner, eller med eit innhald som verkar useriøst eller uforståeleg. Sanksjoner 7-1 IKT-reglementet er ein del av skolereglementet. For brukarar som bryt reglane i dette reglementet vil tiltak bli vurdert etter dei reglane som er fastsett i skolereglementet. I særlege tilhøve vil brot på reglementet kunne føre til erstatningsansvar og straffeansvar. 7-2 For brukarar som bryt reglane i dette reglementet kan brukarkontoen bli sperra. 7-3 Mistanke om lovbrot kan bli meldt til politiet. 7-4 Alvorlege brot på dette reglementet skal rapporterast til skolen si leiing. Ved skolane i Møre og Romsdal fylke vil vi vere heilt tydelege på at dersom mobbing via internett kan knytast til skoleaktivitetar, så vil vi reagere strengt på dette. Våre vidaregåande skolar skal vere ein trygg arbeidsplass både for elevar og lærarar! Lykke til med skolegang og PC-bruk ved skolene i Møre og Romsdal fylke