HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Hordaland fagskulestyre Dato: 14. september 2011 Kl.: 10.00 11.30 Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Stenseide, Roald (FRP) Robberstad, Hans Otto (A) Hellesøy, Aslaug (KRF) Sørland, Even Oleson (R) Aasen, Arne (tilsettrepresentant) Rambjørg, Anne Mette (studentrepresentant) FORFALL Aakvaag, Bjørn Arne (FRP) Schjelderup, Cathrine E (H) DESSUTAN MØTTE Rektor Fitjar vidaregåande skule Anna Bodil H. Tislevold Rektor Austevoll tekniske fagskule Håvard Rabben Rektor Bergen maritime fagskole Anne de Lange Rektor Bergen tekniske fagskole Torbjørn Tvedt Rektor Voss tekniske fagskule Odd Kløve Avdelingsleiar Hjeltnes vidaregåande skule Andrid Innset Opplæringsdirektør Inger Ø. Tønder Seniorrådgjevar Per-Willy Mørk Karlsen Rådgjevar Adeline Landro Utvalssekretær Øydis Rydland Ziem MERKNADER TIL INNKALLINGA Innkallinga vart godkjend med følgjande merknader: a) Lærarrepresentant A. Aasen fekk sakspapira to dagar før møtet. Administrasjonen undersøkjer saka. b) Styremedlem Even O. Sørland stillte spørsmål om kvifor møtet var utsett frå 06.09.11 GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend utan merknader. 1
GODKJENNING AV MØTEBOKA 12.05.11 Møteboka vart godkjend utan merknader. YMSE Orienteringar Rektor v/bergen maritime fagskole Anne de Lange og prosjektleiar Jørgen Eriksen orienterte fagskulestyret om prosessen vedk. anskaffing av boresimulator. Trond Haga frå Kværner Stord orienterte fagskulestyret om planar vedk. teknisk utdanning i Sunnhordland og ønskje om oppstart av teknisk fagskule v/stord frå hausten 2011. Rektor v/bergen maritime fagskole Anne de Lange informerte om at skulen har fått tilskot frå Stø Kurs - midlar (UDIR) i samband med eit samarbeid med Høgskulen i Haugesund og Høgskulen i Ålesund. Fullmakt Hordaland Fagskulestyre gir styreleiar fullmakt i samband med to tilsetjingar ved Bergen Maritime videregående skole. Konstituering av nestleiar. Hans Otto Robberstad vart konstituert som nestleiar. 2
MELDINGAR Periode: 13. mai 2011-14. september 2011 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 14/11 201013633-66 Val av ny studentrepresentant for skuleåret 2011 / 2012 og ny tilsett representant for åra 2012 / 2013 15/11 201013633-67 NOKUT-godkjenninger etter søknadsfrist 15. februar 16/11 201013633-70 Ny database for registrering av fagskule statistikk 17/11 201013633-35 Løyve til å sende søkand om godkjenning av fagskoletilbod innan 2 - årig fagskoleutdanning i Maskinteknikk, fjernundervisning på deltid over 3 år 3
SAKNR. 12/11 LØYVE TIL Å SENDE SØKNAD OM NOKUT-GODKJENNING AV FAGSKULETILBOD INNAN 2-ÅRIG FAGSKOLEUTDANNING I MASKINTEKNIKK, FJERNUNDERVISNING PÅ DELTID OVER 3 ÅR Arne Aasen sette fram følgjande forslag: Da det er Hordaland Fagskolestyre som er ansvarlig for kvaliteten i utdanningen må Hordaland Fagskolestyre få forelagt de læreplanene det søkes om godkjenning for. Inntil oppdaterte læreplaner er forelagt styret sendes det melding til NOKUT om at ny søknad vil komme, eller at eksisterende kjent læreplan blir omsøkt i denne omgang. Aasen sitt forslag fekk ei røyst og fall. Administrasjonen sitt forslag til vedtak vart vedteke mot ei røyst. Bergen tekniske fagskule kan søkje NOKUT om godkjenning av fagskuletilbod innan 2-årig fagskuleutdanning i Maskinteknikk, fjernundervisning på deltid over 3 år med oppdaterte læreplanar. 13/11 ENDRING I STYREVEDTEKTER ETTER ANBEFALING FRÅ NOKUT Administrasjonen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Hordaland fagskulestyre vedtek reviderte styrevedtekter med følgjande endring: - Punkt 6: Styret opprettar ei klagenemnd som med tre personar frå dei ulike fagmiljøa ved fagskulane og ein sakshandsamar frå administrasjonen. Klagenemnda skal handsama klagar på enkeltvedtak for styret. Avgjerd om habilitet etter 6 til 10 og om teieplikt etter 13 til 13 e i forvaltningslova 10. februar 1967 gjeld for handsaming av saker jamfør fagskulelova. Avgjerd om opptak, avsluttande vurdering, bortvisning, utestenging, utvising og andre disiplinære sanksjoner skal handsamast etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. 14/11 ENDRING I STUDENTREGLEMENT FOR FAGSKULANE I HORDALAND Even O. Sørland sette fram følgjande forslag: Saka vert utsett. Sørland sitt utsetjingsforslag vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. 4
15/11 ÅRSMELDING FRÅ FAGSKULANE I HORDALAND - 2010/11 Arne Aasen sette fram følgjande forslag: Da mange av de tilbakemeldinger de ansatte har kommet med ikke fremkommer av de fremlagte rapportene ber de ansattes representant herved sekretariatet komme med forslag til hvordan denne prosessen kan gjennomføres uten at denne type informasjon forsvinner på veien. Administrasjonen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Aasen sitt forslag vart samrøystes oversend administrasjonen. Hordaland fagskulestyre tek saka til etterretning og ber fagskulane om å gjere naudsynte betringar basert på årsmeldingane. 16/11 FAGSKULETILBOD PÅ STORD I SAMARBEID MED BERGEN TEKNISKE FAGSKOLE Roald Stenseide sette fram følgjande fellesforslag på vegner av fagskulestyret: 1. Under føresetnad av tilleggsløyving støttar Hordaland Fagskulestyre at det vert oppretta fagskuletilbod på Stord i høve til pilotprosjektet. 2. Fylkesutvalet tilleggsløyver kr. 950.000 til pilotprosjektet 3. Det må vidare tilleggløyvast til fagskulane for ei fast etablering av fagskuletilbodet på Stord med kr. 1.750.000 og kr. 2.150.000 annakvart år. 4. BTF sender søknad til NOKUT om tilbod innan maskinteknikk og elkraft med lokalisering på Stord. 5. Innstillinga går som melding til Opplærings- og helseutvalet Stenseide sitt fellesforslag vart samrøystes vedteke. Administrasjonen sitt forslag fekk ingen røyster INNSTILLING 1 Under føresetnad av tilleggsløyving støttar Hordaland Fagskulestyre at det vert oppretta fagskuletilbod på Stord i høve til pilotprosjektet. 2 Fylkesutvalet tilleggsløyver kr. 950.000 til pilotprosjektet 3 Det må vidare tilleggløyvast til fagskulane for ei fast etablering av fagskuletilbodet på Stord med kr. 1.750.000 og kr. 2.150.000 annakvart år. 4 BTF sender søknad til NOKUT om tilbod innan maskintekniskk og elkraft med lokalisering på Stord. 5 Innstillinga går som melding til Opplærings- og helseutvalet 17/11 SØKNAD OM NAMNESKIFTE - FUSA OG FITJAR VIDAREGÅANDE SKULE 5
Roald Stenseide sette fram følgjande tilleggsforslag: Innstillinga går som melding til Opplærings- og helseutvalet Administrasjonen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke saman med Stenseide sitt tilleggsforslag. INNSTILLING 1 Fusa vidaregåande skule kan nytta namnet Fusa fagskule om fagskuledrifta ved skulen 2 Fitjar vidaregåande skule kan nytta namnet Fitjar fagskule om fagskuledrifta ved skulen 3 Innstillinga går som melding til Opplærings- og helseutvalet 18/11 LØYVE TIL Å SENDE SØKNAD TIL NOKUT OM VESENTLIG ENDRING Administrasjonen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Fusa vidaregåande skule kan sende søknad til NOKUT om endring av allereie godkjent studie innan: - Vidareutdanning i Psykisk helsearbeid - Fagskuleutdanning i Kreftomsorg og lindrande pleie Inger Øvsthus Tønder Roald Stenseide Øydis Rydland Ziem opplæringsdirektør styreleiar styresekretær 6