Føreord: Samfunnsanalyse og kunnskapsgrunnlag... 5 1 OM «DIALOGBASERT AREALUTVIKLING PÅ JÆREN»... 6 2 BEHOVET FOR DEMOKRATIFORNYING...



Like dokumenter
Dialogbasert arealutvikling og deltakande demokrati på Jæren. Byregionprogrammet fase 2

Mobilisering og utviklingsarbeid. Professor Dag Jørund Lønning

Byfolk om bønder. Kan landbruket gje Sandnes ein unik byidentitet? Dag Jørund Lønning. HLB Arbeidsrapport nr. 2, 2013 ISBN

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Frå novelle til teikneserie

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Engasjement og rekruttering

Informasjonshefte Tuv barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Kommunikasjonsstrategi

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk


Innovasjonsmetoden vår

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Indikatorevaluering. Innspel til Distriktssenteret Presentasjon halde I Distriktssenteret sine lokale i Sogndal, 20. april 2010

Trygg og framtidsretta

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Lønnsundersøkinga for 2014

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategi Forord

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Med god informasjon i bagasjen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

Brukarrettleiing. epolitiker

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Ny strategiplan for Høgskulen

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Psykologisk førstehjelp i skulen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Transkript:

Innhald Føreord: Samfunnsanalyse og kunnskapsgrunnlag... 5 1 OM «DIALOGBASERT AREALUTVIKLING PÅ JÆREN»... 6 2 BEHOVET FOR DEMOKRATIFORNYING... 8 2.1 Kva er medverknad?... 8 2.2 Sektorisering kan gje demokratisk underskott... 8 2.3 Det gode lokalsamfunnet blir skapt nedanfrå... 9 2.4 Berre den som kjenner seg verdsett blir ein aktiv utviklingsaktør... 10 2.5 Gjer-det-sjølv-demokratiet... 11 3 KUNNSKAPSGRUNNLAG FOR DIALOGBASERT AREALUTVIKLING PÅ JÆREN... 13 3.1 Den gode dialogen er kunnskapsbasert... 13 3.2 Dialog kan gje jordvern med brei forankring... 14 3.2.1 Dialog kan avsløra stereotypiar/misforståingar og byggja nye alliansar... 16 3.3 Kunnskapsgrunnlag for å utforska interesseskilnader og mogleg felles grunn... 17 3.3.1 Lite kontakt mellom bønder og andre brukargrupper i landskapet... 17 3.3.2 Bonden prioriterer bruks- og buverdiar, fritidsbrukaren ser natur- og opplevingsverdiar som viktigast... 18 3.3.3 Sterkt ueinige om vern og tilgjenge i landskapet... 20 3.3.4 Opplevingsbrukaren: grunneigar og offentlege reguleringar hindrar tilgjenge. 22 3.3.5 Opplevingsbruk av landskapet er utfordring for landbruksnæringa, men mange bynære bønder legg aktivt til rette for turgåaren... 22 3.4 Skapande dialog kan realisera bynært landbruk som vekstnæring... 24 3.4.1 Ei nysatsing veks ikkje fram av seg sjølv... 26 4 KVA ER EIGENTLEG JÆREN? NORDMENN SINE HOLDNINGAR TIL EIT POPULÆRT MEN OMSTRIDD LANDSKAP... 27 4.1 Om spørjegranskinga... 27 4.2 Om å spegla seg i den andre sine auge... 28 4.3 Oppbygging av undersøkinga... 29 4.3.1 Gjennomføring og metodikk... 29 4.3.2 Feilmarginar... 29 4.3.3 Bakgrunnsvariablar... 29 4.4 Bakgrunn for undersøkinga... 30 4.5 Problemstillingar og resultat... 31 2

4.6 Dialogbasert landskapsutvikling... 31 4.7 Landbruk og Landskap er Jæren... 32 4.7.1 Vestlendingane merkar seg ut... 34 4.7.2 Dei som har vore på Jæren har dei klaraste assosiasjonane... 35 4.7.3 Nokre ord om jærstrendene som attraksjon... 35 4.8 Jordbruk og matproduksjon er prioritet nummer ein, bustadbygging kjem sist på prioriteringslista... 36 4.8.1 Natur- og kulturvern er prioritet nummer to... 37 4.8.2 Alder, bustad og tal på personar i husstanden verkar inn... 38 4.8.3 Dei som har vore på Jæren er enno meir opptekne av å prioritera landbruk... 38 4.9 Jæren er definitivt bygd og ikkje by... 38 4.9.1 Region og besøk på Jæren spelar inn... 40 4.10 Regionen Jæren har tydeleg innhald men uklare geografiske grenser... 40 4.10.1 Stader som ikkje er Jæren... 41 4.10.2 Grensestadene... 42 4.10.3 Stader som er Jæren... 42 4.10.4 Dei yngste er aller tydelegast på at byane ikkje er Jæren... 43 4.10.5 Vestlendingane er klare på kvar Jæren byrjar og sluttar... 43 4.11 Folk flest er positive til Jæren... 44 4.11.1 Vestlendingar og dei med høg utdanning er dei aller mest positive... 44 4.11.2 Besøk på Jæren forsterkar positive assosiasjonar... 45 4.12 Konklusjonar... 45 4.13 Referansar... 46 5 BYFOLK OM BØNDER. KAN LANDBRUKET GJE SANDNES EIN UNIK BYIDENTITET?... 48 5.1 Om spørjegranskinga... 48 5.1.1 Gjennomføring og metodikk... 50 5.1.2 Innverknad av bakgrunnsvariablar... 50 5.2 Ja til eit sterkt jordvern!... 50 5.2.1 Vern av matjord er ein fellesverdi... 52 5.2.2 Jordvern er viktigare enn bustadbygging... 53 5.3 Kulturlandskapet i Sandnes er eit viktig rekreasjonsområde for mange menneske.. 54 5.4 Få veit at Sandnes er ein av landets største landbrukskommunar... 56 5.5 Bøndene bør bli betre på ekstern kommunikasjon... 57 3

5.6 Stor interesse for lokale produkt... 58 5.6.1 og stor vilje til å betala meir for slike... 59 5.7 Bøndene i Sandnes bør satsa aktivt på dei nye handlingsrom det bynære gir... 60 5.8 Kva vil så bøndene sjølve?... 62 4

FØREORD: SAMFUNNSANALYSE OG KUNNSKAPSGRUNNLAG Erfaringar, kunnskapsstudiar og samfunnsanalysar frå prosjektet «Dialogbasert arealutvikling på Jæren», byregionprogrammet for Jæren fase 1, er publisert som praktbok: Lønning, Dag Jørund 2014: Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying. Jæren forlag. Kommunane som har medverka i prosjektet, har alle fått 25 eksemplar av denne boka for bruk i eige dialog- og mobiliseringsarbeid, og som kunnskapsbygging før fase 2 i byregionprogrammet. Distriktssenteret har ytra ønskje om at noko av kunnskapsproduksjonen i programmet også kan gjerast tilgjengeleg via det nasjonale byregionprogram-mettverket. I denne samansette rapporten, tenkt til publisering på Distriktssenteret sine byregionprogramsider, har me samla delrapportar som har danna bakgrunn for programmet og samfunnsanalysen i bokform. Delrapportane handlar alle om dialogbasert arealutvikling i jærregionen. Me har og inkludert to mindre delar av boka (jmf. over) innleiing og avslutningskapitel (kapitla 2 og 3 under). Dialogarbeidet på Jæren har også resultert i to prinsipperklæringar om jordvern versus bustadbygging og næring, vern og friluftsliv. Desse er tilgjengelege som eigen rapport både via Distriktssenteret og Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (hlb.no). Denne delrapportsamlinga er ført i pennen av Dag Jørund Lønning. 5

1 OM «DIALOGBASERT AREALUTVIKLING PÅ JÆREN» Prosjektet «Dialogbasert arealplanlegging på Jæren» er eit samarbeid mellom kommunane i Jærrådet Gjesdal, Sandnes, Time, Klepp og Hå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), arealbasert næringsliv på Jæren, regionale utviklingsaktørar og ulike interesseorganisasjonar med fokus på utviklinga i jærlandskapet. Satsinga har vore delfinansiert gjennom Kommunal og Moderniseringsdepartementet sitt «byregionprogram» - fase 1. Prosjektet tek utgangspunkt i dei mange arealkonfliktane i regionen, konfliktar som berre vert meir og meir krevjande grunna rask befolkningsvekst i både byar, tettstader og bygder over heile Jæren (meir enn 140 000 menneske pr 01.01.14). Det fysiske arealet er særs avgrensa og skal romma både rask by- og tettstadutvikling, mangfaldig næringsvekst, ny infrastruktur, landets mest produktive landbruk (jordvern), veksande behov for friområde og store natur- og kulturverneverdiar. At mange konfliktar oppstår mellom både private og offentlege interesser i arealsaker, indikerer behov for nye og kreative tilnærmingar til medverknad og kollektiv deltaking i planleggingsog utvikingsprosessar. I prosjektet vil deltakande kommunar og samarbeidspartnerar prøva ut institusjonalisert aktørdialog som modell for arealutvikling. Der diskusjon er eit nullsum-spel, handlar dialog om å utvikla visjonar og idear i fellesskap med fleire aktørar/interesser på eigarsida. Dialog som modell for arealplanlegging er allereie løfta inn i regionen, m.a. gjennom Jærsmiå, og både kommunale og regionale utviklingsaktørarar har signalisert stor interesse for og behov for nye modellar på dette området. At dialog er eit satsingsområde på Jæren gjev eit spennande rom for integrasjon og samspel mellom ulike prosjektsatsingar. Konkrete arealutfordringar innanfor deltakarkommunane i byregionprogrammet kan løftast inn som grunnlag for teori- /metodeutvikling i Jærsmiå, medan det breie kommune-/regionsamarbeidet i det omsøkte prosjektet gjev rom for direkte å prøva ut teoretiske og metodiske dialognyvinningar i konkrete arealsaker. Følgjande arbeid har vore prioritert i fase 1 av byregionprogrammet: 6

I samarbeid med Jærsmiå er det sett dialogisk fokus på både landbruk, boligbygging, natur-/kulturvern og friluftsliv. Arbeidet har fått mykje merksemd, og stadig fleire ønskjer å bli med. Det er utvikla ein eigen dialogmanual (Dialogbasert utvikling. Manual for lokal mobilisering og demokratifornying), utgitt som praktbok via Jæren forlag. Dialogportalen.no er etablert. Her er både byregionprogrammet og Jærsmiå presentert. Portalen blir stadig meir brukt. Det er gjennomført fleire undersøkingar om arealbruk og holdningar i regionen. Dette arbeidet held fram med ei undersøking om bruk av friluftsområde. Ope dialogkurs har vore avvikla med deltaking frå alle involverte kommunar, samt frå lokalt næringsliv og frå frivillige organisasjonar. Open dialogkveld om jordvern om boligbygging vart arrangert i Klepp rådhus i august 2014. Arrangementet fylte festsalen. Open dialogkveld om friluftsliv, vern og landbruk vart arrangert i april 2015. Også her var engasjementet stort. Dialogbaserte prinsipperklæringar om jordvern versus bustadbygging og næring, bruk, vern og friluftsliv er utvikla. Desse blir aktivt brukt av både private og offentlehe landskapsaktørar. 7

2 BEHOVET FOR DEMOKRATIFORNYING 2.1 KVA ER MEDVERKNAD? Politikarar og byråkratar lokalt og sentralt snakkar i dag mykje om «medverknad». Vår rett til å medverka i saker som vedkjem oss som innbyggjarar, er og tydeleg definert i plan- og bygningslov. Den tunge vektinga av medverknad kan vera uttrykk for at idealet synest stadig vanskelegare å realisera. Det er mange årsaker til dette, og me vil gå gjennom ein god del av dei i denne publikasjonen. For det første har den raske og omfattande sektoriseringa, både i offentleg og privat sektor, lagt store avgrensingar på kva form medverknaden kan ha og kva omgrepet i det heile tyder. Kvar sektor planlegg og utviklar for seg. Vår folkelege medverknad blir styrt av den same sektoriseringa. Saker blir delte opp i mange underkategoriar og delar, og vår eventuelle medverknad skjer såleis også del for del. Det offentlege tenderer til å gå for minimumsløysingar når det gjeld å invitera oss inn, løysingar som ikkje utfordrar eiga sektoriserte organisering. Ja, saker blir lagde ut på høyring, men kor mange av oss kjenner oss kompetente til å kommentera og/eller koma med innspel til delplan 4 av delplan B av samfunnsplanen i kommuneplanen? I ny og ne blir me inviterte til eit informasjonsmøte, men planane er stort sett alltid meir eller mindre klare på førehand og vår medverknad blir difor gjerne avgrense til å seia nei eller ja til det me er for eller mot. Me blir sjeldan eller aldri inviterte inn så tidleg i prosessane at me kan vera med og utvikla satsingane frå starten. 2.2 SEKTORISERING KAN GJE DEMOKRATISK UNDERSKOTT Mens dei gode løysingane alltid vil finnast på tvers/horisontalt, blir me her tvinga inn i eit vertikalt mønster der me blir nekta denne retten til å sjå ting i samanheng. Som vanlege busette og næringsdrivane i lokalmiljøet ligg vår fremste kunnskap og ekspertise i å vurdera korleis ulike delar heng saman som ein heilskap, men denne kunnskapen blir mindre og mindre relevant etter kvart som sektorane veks fram, stykkar opp og deler omgivnadene våre mellom seg. Over tid oppstår eit ikkje ubetydeleg demokratisk underskott. Makt og mynde blir overført frå folkevalde organ og inn i dei ikkje-folkevalde sektorane beståande av «fagfolk» og «ekspertar». 8

Ein vidare konsekvens er at me innbyggjarar i eit konkurranse- og interessesamfunn prioriterer å bruka tida vår på anna enn å medverka i offentlege utviklingsplanar. Me prioriterer gjerne våre eigne private prosjekt, og/eller kollektive aktivitetar der me kjenner oss langt meir i stand til å påverka. Slik blir det sektoriserte systemet stadfesta og forsterka. Representantar for det eg har valt å kalla «Sektorkraturet» kan då stå fram offentleg og peika på at me innbyggjarane ikkje nyttar oss av vår rett til medverknad, og at me difor heller ikkje har noko grunn til å klaga. Framveksten av Sektorkraturet som eit system beståande av fleire og fleire ikkje-folkevalde sektorar med meir og meir makt er knappast ei utvikling i pakt med idealet om demos kratos, folkestyret. Når denne modellen blir dominerande også i lokal utvikling, forsvinn meir og meir av rommet vårt som innbyggjarar for å delta som skaparar og utviklarar. «Medverknad» blir i staden eit ritual, der me, for å bruka ein analogi frå det kulinariske, i beste fall blir inviterte til å smaka på ein meir eller mindre ferdig utvikla rett. 2.3 DET GODE LOKALSAMFUNNET BLIR SKAPT NEDANFRÅ Det gode lokalsamfunnet er derimot ein nedanfrå og opp-prosess med brei og mangfaldig, lokal deltaking. Berre folkeleg engasjement kan motverka dei negative verknadane av sektorkraturet. Der sektorisering er å dela heilskap opp i stadig fleire og mindre delar, må dette engasjementet ha ei motsett målsetjing; å setja det oppstykka saman att og å sjå dei enkelte delane som bitar av ein heilskap. Det er dette dialogmanualen primært handlar om. Første del, kalla «Utfordringa», identifiserer sektorkraturet og dei utfordringar ei vedvarande sektorisering/vertikalisering representerer når det gjeld demokrati og folkeleg deltaking. Del to, «Løysinga», handlar nettopp om breitt engasjement, samanheng og heilskap. For å oppnå dette treng me kreative og nyskapande måtar å involvera og engasjera på. Bolken handlar om noko av det mest krevjande i alt utviklingsarbeid, mobilisering, eller; korleis få andre med. Me skal sjå på modellar som har vist seg å ikkje verka, og på nokre som har vist seg å fungera godt når det gjeld å trekkja mange menneske med i felles løft. Tredje bolk, kalla «Verktøyet», går djupare ned i ein bestemt metode, dialogbasert utvikling. Fokus er på dialog som verktøy for å gje eigarskap og difor reell involvering i utviklingsarbeid. 9

Gjennom dialogen skal kvar enkelt deltakar kunna skriva seg inn i og gjera utviklingsprosessen til sin eigen. Metoden representerer ei vesensulik tilnærming til «medverknad». Det offentlege er ikkje lenger prosesseigar. Tvert om er prosessar felleseige som viklar seg ut i pakt med deltaking og engasjement frå deltakarane. Slike prosessar må difor vera opne for vedvarande utvikling, og det skal løna seg å medverka som deltakar. Manualen illustrert med empiriske døme, frå lokal utvikling rundt i distrikts-noreg og frå dialogarbeidet knytt til landskapskonfliktar i jærregionen. Døma syner ei gjennomgåande utfordring me står overfor i samtida både som enkeltmenneske og som lokalsamfunn; å verdiskapa eller bli verdiskapt. For å ta det siste først. Me er omgitt, på alle kantar, av meir eller mindre ferdigsnikra løysingar på det meste. Desse er det berre å ta i bruk. Utover å gje tilbakemelding som «prøvekaninar», er lite kravd av kvar og ein av oss som skapande aktørar. Samtidig ser at me at desse ferdigløysingane i beste fall delvis fyller våre eigne behov. Våre, eller staden vår sine, særlege interesser, kunnskapar og engasjement er ikkje med. Utan desse er også eigarskapet i liten grad til stades. Å verdiskapa er difor det motsette, å leggja dette engasjementet og eigarskapet til grunn for utviklingsarbeidet. Me lever i ei tid som, sjølv om den kanskje ikkje akkurat oppmodar oss til det, likevel er open for nyskaping. Mobiliserings- og utviklingsarbeid handlar om at staden/regionen vår skal byggjast nedanfrå, på våre eigne engasjement og på den utviklingskraft me alle sit på. 2.4 BERRE DEN SOM KJENNER SEG VERDSETT BLIR EIN AKTIV UTVIKLINGSAKTØR Eit aktivt lokalt utviklingsarbeid kan gje mange positive resultat, ikkje minst ved å skapa rom for påverknad og deltaking. Dette er spennande, men også særs kunnskapskrevjande arbeid. Dialoganualen prøver å vera så målretta som råd i så måte. Metoden som vert presentert, dialogbasert utvikling, har breitt eigarskap, mangfald og horisontalitet som mål og arbeidsmåte. Som alle andre modellar må den tillempast lokale utfordringar, så vel som lokalt aktør- og ressursgrunnlag. Samtidig er det ein dimensjon med denne tilnærminga som i alle fall til no har synt seg allmenngyldig: berre aktøren som kjenner seg invitert, verdsatt og høyrt vil bli ein engasjert medspelar og lokalutviklar. Dette høyrest logisk ut, men er i røynda eit vanskeleg 10

prinsipp å utøva i praksis. Alle som har vore involvert i mobiliseringsarbeid veit kor krevjande å få folk både til å bli med og til å forplikta seg over tid. I mange mobiliseringsprosessar er likevel både arbeidsmåtar og mål meir eller mindre definerte på førehand. I dialogbasert utvikling utgjer den enkelte aktør sine interesser og engasjement ressursgrunnlaget. Den gode mobiliseringa byggjest rundt det tyngdepunktet der både den enkelte aktør og prosessen som kollektiv tener samstundes. Det å delta er såleis ikkje å ofra, men å utøva ei samtidig eigen- og kollektivinteresse. Lukkast ein med å finna dette balansepunktet kan prosessen bli særs attraktiv å delta i, og nettopp derfor vil den og kunna gje både mange og store frukter. 2.5 GJER-DET-SJØLV-DEMOKRATIET Substantivet manual og adjektivet manuell har opphav i det latinske «manualis» og det gammalfranske «manuel». Båe ord handlar om hender, om å ta noko i handa. «Manualis» er å koma frå, eller å høyra til i, handa. «Manuel» tyder rett og slett handbok. Ein manual formidlar handlingskunnskap. Den er ei «gjer-det-sjølv»-oppskrift. I manualen får ein kunnskap og innspel som kan takast direkte ut av teksten og omsetjast til verdiskapande (sosialt, kulturelt og/eller økonomisk) handlingar. Det er behov for demokratifornying fordi det utøvande lokaldemokratiet vårt i dag i alt for stor grad er tufta på prinsippet om at andre-gjer-det-for-oss. «Planlegging» pregar offentleg sektor i dag, på alle nivå. Koplinga til handling er likevel uklar. For kven er den handlande aktøren? Kven skal oppfylla samfunnsplanen, arealplanen, miljøplanen, landbruksplanen, sentrumsplanen? Ein offentlegheit utan utviklingsressursar? Eller er det kanskje me buande som skal stå for oppfyllingshandlingane? Og dermed realisera planar me knappast har vore involverte i å utvikla? Med dette utgangspunktet vel veldig mange av oss i dag å ikkje involvera oss i lokalt utviklingsarbeid. Men dess meir me seier frå oss retten til å velja og til å medverka, dess meir mistar me høvet til å vera med og skapa eit «vårt», eit lokalsamfunn i alle fall delvis tufta på eigne verdiar og interesser. 11

Manualen syner korleis eit gjer-det-sjølv-lokaldemokrati kan skapast. Den syner korleis sektormakta over oss kan svekkast gjennom å styrka vår eigamakt til å påverka eigne omgivnader. Manualen søkjer å identifisera og utvikla det handlingsrommet me alle potensielt har for å bli aktive samfunnsutviklarar. Samtidig legg den ikkje skjul på at mobiliseringsarbeid er svært kunnskapskrevjande. Den store utfordringa «korleis få folk med» let seg ikkje redusera til ei enkel «smørbrødliste». Gjennom å kopla filosofiske refleksjonar med praktiske tiltak, søkjer manualen å både vera ei fagbok om mobiliseringsarbeid og ei handbok for mobiliseringsarbeid. Teksten er så konkret og handlingsretta som råd, men også full av anekdotar og spørsmål til refleksjon. I den mobiliseringsmodell som byggjest opp gjennom teksten er det rom for mange (alle!) aktørar; kunnskapsprodusenten, det engasjerte enkeltmennesket, lag/organisasjonar, næringsliv/næringsinteresser og det offentlege. Modellen byggjest rundt felles eigarskap og ansvar. 12

3 KUNNSKAPSGRUNNLAG FOR DIALOGBASERT AREALUTVIKLING PÅ JÆREN Dette kapittelet presenterer forskingsbasert kunnskap om interessekonfliktar og dialogbehov i det omstridde jærlandskapet. Materiellet er såleis direkte relevant for dialogarbeidet i denne regionen. Samtidig vil materiellet også vonleg gje inspirasjon til tilsvarande holdningsundersøkingar andre stader. Dialogen utviklar seg ikkje frå eit tomrom, men frå etablerte ståstader og interesseforskjellar. Materiellet under viser korleis slike kan identifiserast, og korleis dei kan inspirera til verdiskapande interessentdialog. 3.1 DEN GODE DIALOGEN ER KUNNSKAPSBASERT Dialog- og mobiliseringsarbeid er kunnskapskrevjande i seg sjølv. Dei potensielle fallgruvene er mange, og ei fagleg kvalitetssikring av arbeidet kan spara både tid, ressursar og frustrasjonar. Men også temaet for dialogen må kvalitetssikrast. Spesielt dersom dialogarbeidet relaterer seg til kontroversielle tema med eit betydeleg eksisterande eller latent konfliktnivå, må/bør det føreliggja eit faktagrunnlag eller ei temaskildring som har legitimitet blant alle deltakarane. I ein dialog knytt til latente/etablerte konfliktar, kan dette datamateriellet t.d. syna holdningsfordelingar i ei gitt befolkningsgruppe, eller korleis holdningar varierer mellom sektorar, interessegrupper eller andre involverte grupper i den aktuelle konflikten. Med dette materiellet som utgangspunkt, kan dialogdeltakarane bli utfordra til å søkja bak tala og utforska både kvifor årsaker til eventuelle holdningsskilje og, dernest, mogleg felles grunn mellom dei involverte aktørane og såleis ei samskaping av nye fellesverdiar. Ei slik tilnærming gir både eit utgangspunkt og ei tydeleg retning for dialogarbeidet. I det følgjande vil eg gje nokre døme på korleis Høgskulen for landbruk har arbeidd med utvikling av eit kunnskapsgrunnlag for dialogarbeidet i jærlandskapet. Døma er overlappande, men likevel ulike. Dei viser korleis forskingsbasert/kvalitetssikra kunnskap både kan avsløra eit direkte behov for dialog, og demonstrera korleis verdiskapingspotensiale ikkje kan realiserast utan dialog. 13

Eg vil likevel leggja hovudvekta på data frå ei undersøking om interesseskilnader mellom ulike private og offentlege aktørar i bruk og utvikling av jærlandskapet. 1 Dette datamateriellet er særleg godt eigna for å synleggjera aktuelle tema og problemstillingar for dialogarbeid. Alle undersøkingane handlar, direkte eller indirekte, om framtida for landbruket i jærregionen, og alle syner dei svært så tydeleg at meir dialog med andre brukarar av jærlandskapet er særs viktig for eit framtidig berekraftig vekstlandbruk. 3.2 DIALOG KAN GJE JORDVERN MED BREI FORANKRING Kvalitetssikra holdningsundersøkingar kan avsløra behov for dialog mellom grupper/aktørar. Heile ideen med å nytta dialog som utviklings- og konfliktløysingsverktøy i jærlandskapet kom som resultat av eit forskingsprosjekt. Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling sitt arbeid med det såkalla «Kva er Jæren?»-prosjektet, hadde i utgangspunktet som mål å finna nye jordvernargument i ein region som både er kjend som den viktigaste landbruksregionen i Noreg, men som samtidig også har fått eit slags «versting»-stempel når det gjeld nedbygging av matjord. 2 Første del av dette prosjektarbeidet viste kor sterkt festa Jæren er som landbruksregion i den norske befolkninga. Landbruk/matproduksjon bør definitivt prioriterast høgast i arealdisponering på Jæren, seier eit representativt utval av den norske befolkninga. 3 1 Dette er nye data som ikkje tidlegare er presenterte offentleg. 2 http://www.jbl.no/index.php?page=vis_nyhet&nyhetid=33064 3 Ref. fotnote 27 14

Eit veldig tydeleg resultat som dette kan nyttast som «ammunisjon» i diskusjonen som nullsum-spel. Dette vil likevel ikkje løysa den reelle utfordringa, ettersom eit areal/landskap aldri kan verta eit null-sum-spel. Eit landskap må delast. Diskusjonen som kommunikasjonsform vil her berre forsterka eventuelle eksisterande aktørkonfliktar eller skapa nye. Utfordringa for jærbonden er at byen veks, og at stadig fleire menneske i regionen har eit grunnsyn på kva Jæren er som ikkje utgår frå garden og bygda. Der mange bønder held fast ved det gamle produksjonslandskapet, kjem det stadig nye innbyggjarar i regionen som ser Jæren som eit opplevingslandskap eit landskap som skal gje rom for både gode bumiljø og rom for dyrka fritidsinteresser. Med dette utfordrande bakteppet har politisk og aktivistisk forankra «jordverninteresser» både «vunne og tapt» over tid. Mykje matjord er bygd ned, men regionalt har ein også vunne fram med ei «langsiktig grense landbruk», ei grense som alle politiske parti i regionen hevdar å stilla seg bak. Dette betyr likevel ikkje at den har same forankring hos andre utviklingsaktørar. Befolkningsveksten i regionen er vedvarande stor, og det er stort behov for nye hus. Ei politisk forankra «langsiktig grense landbruk» vil representera både ei utfordring og til og med eit hinder for ei bolignæring med stort arealbehov. Ein må såleis forventa at ei slik grense blir utfordra, og at den vil vera heilt avhengig av brei politisk godvilje for å kunna bli oppretthalden over tid. 15

I ein «debattmodus» vil ein utifrå dette fort trekkja konklusjonen at bolignæringa er landbruket sin «motpart» i kampen om areala på Jæren. Ein slik «konklusjon» kan fort utvikla seg til å bli ein stereotypi og difor fungera sektoriserande. Arbeidet med «Kva er Jæren»-prosjektet avslørte slik me såg i bolk 1 ei meir eller mindre total mangel på dialog mellom desse to næringane. Både «jordverninteresser» og «utbyggingsinteresser» møtest på eigne arenaer. Her er ikkje «den andre» representert. Over tid vil ein slik konfliktliknande tilstand prega av mangel på dialog leggja beslag på store ressursar hos aktørane. 3.2.1 Dialog kan avsløra stereotypiar/misforståingar og byggja nye alliansar Dialogen har potensial til å bryta ned denne tilstanden. Ideen til dialogforumet Jærsmiå (sjå under), kom opp då representantar for eit større utbyggingsselskap tok kontakt med HLB med ønskje om hjelp til å koma i kontakt og dialog med landbruket. Desse representantane hadde lagt merke til høgskulen sitt arbeid knytt til jordvern, regionalt særpreg og arealforvalting, og gav tydeleg uttrykk for at også bolignæringa ønskte å bidra til eit langsiktig og berekraftig landbruk og jordvern på Jæren. Det kom også fram at næringa var frustrert over heile tida å bli tillagt holdningar til landbruk ein ikkje har og framstilt som «den store stygge ulven» i jordvernsaker. Allereie her blir eventuelle stereotypiar om at landbruk og bolignæring har vesensforskjellige verdiar/mål utfordra. Det er identifisert ein fellesverdi, eit felles ønskje om at landbruk framleis skal vera ei karakternæring for Jæren. Bolignæringa utfordra såleis ikkje den forskingsbaserte kunnskapen om landbruk som jærsærpreg og prioritært arealbruk, men gav i staden uttrykk for vilje til å bli ein del av ei slik målsetjing. Denne fellesverdien kan utforskast og utviklast vidare gjennom eit styrt dialogarbeid. Gjennom dialogen kan bolignæringa få høve til å skriva seg inn i ta eigarskap til ei slik overordna målsetjing. Skjer dette, vil jordvernet få ein større horisontal legitimitet og difor bli mindre avhengig av lovsikring. Jordvernet blir gjennom dialogen flytta frå å vera sektor- og interessekamp, til å bli ei felles målsetjing for alle deltakarane. Dialogen i Jærsmiå har seinare synt at landbruk og bolignæring i røynda har svært mange felles interesser og mål. I staden har ein erfart at interesseforskjellar mellom private næringsaktørar 16

(både bønder og utbyggarar med ønskje om rom for utvikling) og offentlege forvaltingsmyndigheiter (som krev respekt for etablerte lov-/planverk) representerer ei minst like stor utfordring når det gjeld å koma fram til dialogutvikla fellesverdiar og -tiltak. Det siste viser tydeleg eit kjenneteikn ved den skapande dialogen som arbeidsmåte. Den viklar seg ut og søkjer dei gode horisontale løysingane uavhengig av lover og planverk (jmf. delkapittel om dialog og planlegging). Slik vil den alltid utfordra ein sektorisert offentlegheit sin definerte/prioriterte arbeidsmåte. Dette er dialogen sin styrke, vil mange hevda, men samtidig krev dialogen sin uformelle karakter ei opning og interesse i det offentlege for å nå fram. 3.3 KUNNSKAPSGRUNNLAG FOR Å UTFORSKA INTERESSESKILNADER OG MOGLEG FELLES GRUNN Korleis oppfattar lokale bønder/grunneigarar, lokalpolitikarar og natur- /friluftslivorganisasjonar jærlandskapet og bruken av dette? 4 Dei to siste gruppene har som opplevingsbrukarar av jærlandskapet fått spørsmål om kor vidt ein opplever tilgjenge som utfordrande, og kva/kven som eventuelt utgjer denne utfordringa. Til bøndene stilte me spørsmål om korleis ein oppfattar eige forvaltarrolle av jærlandskapet som arena for både eiga verdiskaping og andre sin fritidsbruk. Alle respondentane fekk spørsmål om kor vidt ein dannar eigne oppfatningar om jærlandskapet i samtale med andre, og kven desse eventuelt er. 3.3.1 Lite kontakt mellom bønder og andre brukargrupper i landskapet I ein region som Jæren med så stor kamp om areala, er det nok mange oppfatningar om kva verdiar samfunnet bør prioritera høgast i utvikling og forvalting av landskap og areal. Me ønskte å finna ut kor vidt representantar for tydelege brukargrupper i landskapet utvekslar synspunkt og innspel når ein gjer seg opp eigne meiningar. Undersøkinga fortel at dette i liten grad skjer: 4 Denne epostundersøkinga gjekk til alle lokalpolitikarar i jærkommunane Time, Klepp og Hå, styremedlemmer i idretts-/friluftslivorganisasjonar i dei same kommunane, og til bønder tilknytta Norsk Landbruksrådgiving i kommunane Klepp, Time, Hå, Sola, Randaberg, Stavanger, Gjesdal og Bjerkreim. Undersøkinga har 431 respondentar (170 bønder, 201 lokalpolitikarar og 60 representantar for friluftslivorganisasjonar). 17

40% av bøndene/grunneigarane og 45% av opplevingsbrukarane svarar at dei aldri har samtalar med representantar for andre brukargrupper i landskapet. 52% av bøndene og dei same 45% frå opplevingsbrukarane svarar at slike samtalar skjer «av og til». Berre 8% av bøndene og 10% av opplevingsbrukarane svarar at slike samtalar skjer ofte. Slike tal er knappast overraskande. Det er ingen grunn til å tru at jærbuen skiljar seg ut verken i den eine eller den andre retninga her. Tala kan like godt vitna om travle kvardagar enn om manglande vilje til å møta «den andre». Men ein kjem ikkje forbi at desse tala fortel om behov for dialog. Det omstridde jærlandskapet må delast. Konfliktnivået er allereie for høgt, og dette vil berre auka ettersom den urbane befolkninga, og difor opplevingsbrukarane, blir stadig fleire. Verdiskapande (og difor konfliktløysande/-førebyggande) dialog skjer ikkje av seg sjølv. Den må setjast i gang som eit spesifikt utviklingstiltak. 3.3.2 Bonden prioriterer bruks- og buverdiar, fritidsbrukaren ser natur- og opplevingsverdiar som viktigast Korleis me som enkeltmenneske og representantar for interesser/interessegrupper verdset og prioriterer, er eit naturleg tema for dialog. I vår undersøking kjem det fram at dei tre gruppene bønder, lokalpolitikarar og fritidsbrukarar har samanfallande verdisyn når det gjeld ei rekkje landskapselement i jærlandskapet, men næringsbrukaren (bonden) og opplevingsbrukaren skil også lag på nokre område. Respondentane har blitt presenterte for ei rekkje meir eller mindre karakteristiske landskapselement i jærregionen, steingjerda, strendene, heiane, kulturlandskapet, utsikta/vidsynet, fugle- og dyrelivet, plass og romslegheit samt fred og ro. For kvart element har ein svara på kor viktig ein oppfattar at dette er for jærlandskapet. For å synleggjera kva verdiar dei tre gruppene deler og kor ein prioriterer ulikt, har me teke i bruk eit såkalla «edderkoppdiagram» som presentasjonsverktøy. I figuren under representerer fargen blå bonden sitt syn, den raude lina er lokalpolitikaren, medan den grøne er representanten for natur-/friluftslivorganisasjonar. 18

Diagrammet er bygd som ein skala frå 0 100%, og måler såleis kor stor prosentdel av respondentane i kvar gruppe som meiner at dei ulike elementa er viktige for jærlandskapet. Der dei tre linene går saman, har dei tre gruppene same verdisyn (men utan at ein treng vera klar over dette!). Tilsvarande, stor avstand mellom linene indikerer ulike verdisyn: Figuren viser tydeleg korleis eige bruksforhold til landskapet påverkar verdisyn og holdningar. Bonden den «buande» hentar utkome frå landskapet, men har også eit sterkt forhold til buverdiar som utsikt, rom, plass. Bonden er også som produsenten oppteken av kulturlandskapet. Strendene er eit særs mykje nytta rekreasjonsområde på Jæren, og dette ser me gjeld fleirtalet av bøndene og. Fleire av desse verdiane delast med dei andre brukargruppene. Likevel ser me også korleis gruppene tydeleg skil lag på nokre heilt sentrale punkt. Der 70% av fritidsbrukaren ser fugleog dyrelivet som særleg viktig, er det 40% av bøndene som meiner det same. Lokalpolitikarane plasserer seg i midten her. Når det gjeld steingjerda, er det mellom 50% og 60% av både fritidsbrukarar og lokalpolitikarar som ser desse som særleg viktige, men berre knapt 25% av bøndene meiner det same. Desse to døma indikerer konfliktpotensialet i møtet mellom det tradisjonelle produksjonslandskapet og det framveksande, meir urbant fundamenterte, opplevingslandskapet. Fugleliv og steingjerde, der desse blir representerte gjennom verneinteresser, kan representera hindringar for drifta til ein bonde som av det same 19

storsamfunnet har fått beskjed om å vera så effektiv som råd, medan slike element representerer heilt sentrale opplevingsverdiar for andre grupper. «Steingjerdet» er både eit fysisk og meir symbolsk uttrykk for denne latente konflikten, og kanskje også eit spennande dialogsymbol. Som for jærlandskapet elles, er det bonden som er produsenten. Men kva får bonden att for dette? Kanskje me andre landskapsbrukarar skulle vore langt flinkare til å takka bonden for at han både produserer og held ved like dei verdiar me set så stor pris på? Kanskje burde ein rett og slett møtast oftare over steingjerdet; bonden som produserer det, dei myndigheiter som krev at det skal produserast, og han eller ho som haustar både flotte estetiske opplevingar og stadleg identitet frå det? 3.3.3 Sterkt ueinige om vern og tilgjenge i landskapet Konfliktpotensialet, og difor også dialogbehovet, kjem enno klarare fram når me utfordrar respondentane på å prioritera kva tiltak ein ser som viktige for ei berekraftig utvikling av jærlandskapet. På fleire spørsmål som omhandlar behovet for vern, og, ikkje minst, betre tilgjenge og tilrettelegging for opplevingsbruk og friluftsliv, ser me at representantane for produksjons- og opplevingslandskapet, bøndene og fritidsbrukarane, skil lag. Der siste gruppe ropar eit 20

rungande ja til både «auka tilgjenge» (56%) og betre tilrettelegging for friluftsliv (65%), er det berre 15% av bøndene som meiner det same. Lokalpolitikarane plasserer seg midt mellom her. Ein annan vedvarande konflikt på Jæren handlar om ulike former for natur-/landskapsvern. 40% av fritidsbrukarane vil ha sterkare vern enn i dag, mens under 10% av bøndene deler dette synet. Som ein liten kuriositet og med debattane rundt «Høghuset på Bryne» i tankane spurte me også om behovet for å byggja fleire høghus i jærlandskapet. Her ser me at verken lokalpolitikarar eller fritidsbrukarar er særleg entusiastiske, medan langt fleire bønder ser positivt på eit slikt tiltak. Igjen ser me såleis korleis ulikt forhold til landskapet spelar inn; fleire høghus kan verna matjord (bonden), men blir kanskje oppfatta å senka opplevingsverdien av jærlandskapet (fritidsbrukaren). 3.3.3.1 Men einige om «gode lokalsamfunn», nei til kommunesamanslåing og ja til jordvern Samtidig viser diagrammet over veldig tydeleg at bøndene har ein betydeleg støtte både frå fritidsbrukarar og lokalpolitikarar i eit krav om stopp i nedbygginga av matjord. Nærare 90% av bøndene ser dette som viktig, og 60% av både lokalpolitikarar og fritidsbrukarar meiner det same. Som eg var inne på over, er dette verdipotensialet eit jordvern med langt breiare forankring berre mogleg å realisera gjennom skapande dialog. I dag er denne svært lite utvikla, og dei ulike gruppene sine verdisyn blir utvikla isolert frå kvarandre. For dialogarbeidet er det også verdt å merka seg at alle tre gruppene møtest rundt «kravet» om at det må leggjast enno meir vekt på arbeidet «med å skape gode og levedyktige lokalsamfunn». Gruppene er også svært så samstemte, no med låge prioriteringar, når det gjeld kommunesamanslåing. Verken bønder, fritidsbrukarar eller lokalpolitikarar meiner dette er viktig å prioritera. Sist men ikkje minst seier eit tydeleg fleirtal i alle dei tre gruppene at det er behov for meir kontakt og samarbeid på tvers. 21

3.3.4 Opplevingsbrukaren: grunneigar og offentlege reguleringar hindrar tilgjenge For å gje dialogen eit best mogleg utgangspunktet, treng me og å vita meir om dei ulike gruppene sine grunnar for å svara som dei gjer. Svara over viser at fritidsbrukaren ser tilgjenge i jærlandskapet som eit problem i dag. Men kva består dette problemet i? Kven hindrar betre tilgjenge i landskapet? Diagrammet under fortel at fritidsbrukaren har identifisert to «hovudskurkar». Heile 70% av respondentane i denne gruppa (raud line i diagrammet) svarar at grunneigar gjer tilgjenge vanskeleg. Ein like stor prosentdel kjenner seg hindra av offentlege reguleringar. 55% peikar og på for dårleg infrastruktur (skilting, parkering) for fritidsbrukarar. Desse resultata syner nok ein gong den sentrale konfliklina mellom produksjon og oppleving. Samtidig er det interessant å registrera at konfliktar mellom ulike opplevingsorienterte brukargrupper også byrjar å gjera seg gjeldande. 20% opplever at andre opplevingsbrukarar begrensar eige tilgjenge. 3.3.5 Opplevingsbruk av landskapet er utfordring for landbruksnæringa, men mange bynære bønder legg aktivt til rette for turgåaren Men korleis opplever då bonden møtet med eit raskt framveksande opplevingslandskap? Me såg at fritidsbrukaren opplever bonde/grunneigar som eit hinder for eiga landskapsbruk. Går 22

dette også andre vegen; er aukande fritidsbruk opplevd som eit hinder for eit aktivt og intensivt jærlandbruk? Kor mange bønder tek aktivt omsyn til fritidsbrukaren i drifta? Svara i diagrammet under er brotne ned på kor garden ligg i jærregionen. I Stavanger/Randaberg er meir eller mindre alle gardar tett på bustadfelt eller andre bynære funksjonar, medan mykje av Jæren (Klepp, Time, Hå, Gjesdal) framleis er prega av store, samanhengande landbruksområde. Sandneslandbruket er i ei slags mellomstilling. Her er det ein god del bynær drift, men også større samanhengande landbruksområde og område med meir «bygdeprega» småskalalandbruk. Resultata viser at bonden som alltid er svært tilpassingsdyktig. Det er merkbare skilnader mellom dei tre områda. Den bynære bonden i Stavanger/Randaberg (blå) er mest oppteken av å leggja til rette for andre. Dette gjeld for 70% av bøndene i denne regionen. Berre 40% av bøndene på Jæren seier det same. Samtidig er det også bonden frå Stavanger/Randaberg som opplever andre grupper sin landskapsbruk som mest utfordrande for eiga drift. Heile 90% av bøndene frå dette området svarar at dei må bruke ressursar på hindre at andre grupper sin bruk av landskapet skal gå utover drifta. Nesten 80% av bøndene frå Jæren svarar det same og 65% av sandnesbøndene. Der eit stort fleirtal av fritidsbrukarane ser bonden som eit hinder mot eiga landskapsbruk, er det eit enno større tal bønder som ser opplevingsbruk som eit hinder for eiga drift. Slike tal blir stadfesta av mange samtalar både med bønder og fritidsbrukarar i dialogarbeidet i 23

jærlandskapet. Det er mykje mistillit og lite kommunikasjon mellom ulike brukargrupper. Med rask byvekst vil dette konfliktgrunnlaget berre bli større. Samtidig ser me og ei tilpassing frå bøndene. I kolonne 2 ser me at bynære bønder legg stor vekt på «særpreg» i landskapsutvikling. Dette er eit godt utgangspunkt for å nå ut til med ei veksande bybefolkning på jakt etter nettopp dette. Dess nærare byen ein driv, dess meir oppteken blir ein også av breitt samarbeid om å utvikla landskapet som ressurs (kolonne 4). 3.4 SKAPANDE DIALOG KAN REALISERA BYNÆRT LANDBRUK SOM VEKSTNÆRING Holdningsundersøkingar kan avsløra kor vidt ulike grupper deler mykje av dei same verdiane/måla utan å vera klar over dette. I den grad desse måla kan knytast til verdiskaping, kan slike undersøkingar dermed visa eit heilt konkret potensiale for eit dialogarbeid. Fokus vil då liggja på å kopla ulike grupper/kollektive målsetjingar og difor gje større gjennomslagskraft og berekraft til ei satsing. I eit samarbeid Sandnes kommune, har Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling sett fokus på omgrepet «bynært landbruk» og freista å gje dette eit meir konkret innhald enn det som har vore tilfelle til no. Sandnes er både landets raskast veksande by og ein av landets største landbrukskommunar. I denne unike kombinasjonen ligg det i seg sjølv eit betydeleg potensiale. Eit potensiale for ei ny temasatsing på dette nivået kan likevel ikkje realiserast utan aktive aktørar med sterkt eigarskap til ide/mål. I forskingsarbeidet har me gjennomført to separate holdningsundersøkingar, den eine retta mot bøndene den andre mot bybrukaren. Båe handlar om syn på og forventningar til kvarandre. 5 Resultata er svært interessante. Frå bøndene si side kjem det fram at dei aller fleste er positive til nyskaping og eit meir lokalt landbruk. Eit betydeleg fleirtal ser likevel på byen og byveksten som eit stort problem både for eiga drift og for landbruket i kommunen generelt. Mange trudde også at bybuar flest er negative til bønder og landbruk. Slike holdningar avspeglast til dels også 5 Ref. fotnote 28. 24

i den offentlege debatten i regionen, der nedbygging av landbruksjord er det fremste temaet. I ein landbruksregion dominert av intensiv, volumorientert drift er det eit betydeleg fokus på kampen om areala. Den eine si vinning (byvekst) blir den andre sitt tap (landbruksnæringa). At byvekst også kan representera eit utviklingspotensial for landbruket er ei nærast ikkjeeksisterande vinkling. Difor kom det nok overraskande på mange at den jamne bybrukar ikkje har denne null-sumspel-tilnærminga til landbruket i kommunen/regionen. Tvert om ønskjer ein både eit sterkt vern av matjorda (91% svarar «ja, veldig viktig») og eit landbruk som er langt meir synleg i bybildet og i langt større grad rettar seg mot behova til ei veksande bybefolkning. Me spurte 650 menneske i gågata Langgata og det største kjøpesenteret i byen om kva ein meiner landbruket i Sandnes si viktigaste rolle i åra framover bør vera. Me fekk følgjande svar: Svaralternativ Prosent Volumproduksjon utan særleg lokal 13% fokus Produksjon av lokal og/eller kortreist 66% mat Å halda kulturlandskapet ope og i hevd 58% Utvikling av nye produkt og tenester 41% retta mot ei veksande urban befolkning Anna 4% Veit ikkje/ingen meining 2% Sum overstig 100% grunna multisvarsmulegheit Det landbruk ein her etterspør, eksisterer ikkje pr. i dag. Samtidig er det i ein landbrukskommune med mange fleire mindre bruk enn elles i jærregionen eit landbruk som kan utviklast i tillegg til, og ikkje i staden for, den meir volumorienterte drift som dominerer i dag. I den same undersøkinga svarar 69% at ein ønskjer seg eit større utbod av lokale matprodukt i butikkar og serveringsstader i byen, og heile 82% at ein gjerne betalar meir for mat med lokalt opphav. 25

Når det gjeld bruk av det landbruksproduserte og vedlikehaldne kulturlandskapet, svarar 72% at dette skjer «ofte». Dette høge talet vitnar om det bynære landbruket si viktige rolle som forvaltar av eit landskap veldig mange menneske brukar. Dette er eit utstillingsvindauge, men også eit betydeleg potensiale. 3.4.1 Ei nysatsing veks ikkje fram av seg sjølv Desse resultata vakte til dels stor oppsikt då dei kom, med ei rekkje oppslag i lokale/regionale media. Også talspersonar frå bøndene gjekk ut og uttalte glede over å ha så stor støtte frå befolkninga i kommunen. Den kanskje tydelegaste konklusjonen ein kan trekkja frå desse tala handlar nok likevel om behovet for skapande dialog. Dei to gruppene bønder og byfolk har veldig samanfallande mål, men synest ikkje å vera klar over dette. Frå undersøkinga retta mot bøndene kjem det og fram at veldig få representantar for «landbrukssandnes» samarbeider med representantar for «bysandnes». Undersøkinga viser eit veldig potensiale for eit nyskapande bynært landbruk, men dette kan verken veksa fram av seg sjølv eller gjennom einsidige tiltak frå berre ei av gruppene. Utgangspunktet for ein skapande dialog rundt temaet bynært landbruk bør vera svært så godt. Målet må vera å samla t.d. representantar for landbruket, næringsliv i sentrum, sentrumsbrukarar, lag/organisasjonar og offentlege utviklingsaktørar for å utvikla visjonar, idear og tiltak med felles eigarskap og ansvar. Med sitt betydelege landbruk har Sandnes eit større potensial enn nokon annan by i Noreg for eit aktivt, bynært landbruk. Dette kan gje bøndene fleire bein å stå på, og vera med og gje byen ein unik identitet. Her er det nok av potensielle vinn-vinn punkt som kan utforskast og vidareutviklast gjennom målretta dialogarbeid. 26

4 KVA ER EIGENTLEG JÆREN? NORDMENN SINE HOLDNINGAR TIL EIT POPULÆRT MEN OMSTRIDD LANDSKAP 4.1 OM SPØRJEGRANSKINGA Korleis ser gjennomsnittsnordmannen på Jæren? Kva oppfattar ein som dette landskapet og denne regionen sine særtrekk? I den grad ulike interesser står i motsetnad til kvarandre i eit jærlandskap under press, kva bør regionen prioritera i åra framover? Me stiller desse spørsmåla i ei samtid prega av sterke arealkonfliktar på Jæren. Desse konfliktane er innfløkte og samansette, men dei fleste har likevel utgangspunkt i stadig aukande tal uavklarte møte mellom det rurale agrikulturelle produksjonslandskapet og urban og periurban ekspansjon. Eit rakst veksande urbant befolkningssegmentet krev utviklingsrom og tilgjenge til eit omkringliggjande opplevingslandskap ; eit landskap bygd opp rundt turgåing, ymsande landskapsbaserte fritidsaktivitetar og natur- og kulturvern. Der andre norske bygderegionar jublar for urban interesse og landskapsbruk er stoda svært annleis på Jæren. Det er fleire grunnar til dette. For det første er arealet det står om fysisk svært avgrensa i storleik. Ein times køyretur og heile regionen er stort sett dekka. For det andre er befolkningsveksten i regionen rekordstor. I 2050 kan det vera heile 403 000 berre i byområda rundt Stavanger/Sandnes, trur Asplan Viak. 6 For det tredje talar me om landets mest produktive landbruksareal med ein stor prosentdel av den samla matproduksjonen i Noreg. 7 Utan klare prioriteringar og handling i samtida vil arealkonfliktane berre forsterka seg i åra framover. Både opplevings- og produksjonslandskapet Jæren vil krevja tydelege rammevilkår og vekstrom. Ei veksande urban og urbanisert befolkning vil krevja både stadig meir plass og innverknad i Jæren som opplevingslandskap. Samtidig er det vanskeleg å sjå at auke i 6 Artikkelserie i Stavanger Aftenblad: http://www.regjeringen.no/upload/subnettsteder/framtidens_byer/stavanger/stav2012/visjon_2050_stavanger_ Aftenblad_Mai_Juni_2011.pdf Vitja 08.04.12 7 Sjå nyheitsbrev frå Matfatet Jæren for tal: http://www.matfatetjaeren.no/news/goxpage00000007.html Vitja 08.04.12 27

matproduksjonen dei neste 20 åra 8 skal kunna realiserast utan at jærlandbruket spelar ei viktig rolle. 4.2 OM Å SPEGLA SEG I DEN ANDRE SINE AUGE I desse vanskelege prioriteringane og avvegingane mellom bustadutbygging, produksjonslandskap og opplevingslandskap kan det vera nyttig å få inn eit eksternt blikk. Korleis ser andre på oss? Kva er det andre oppfattar som det sentrale med vår region? Kva gjer at folk eventuelt ønskjer seg hit? Å identifisera og utvikla det spesielle for Jæren er i all ein hovudsak ein prosess som må drivast og styrast av befolkninga regionalt. Ein positiv framtidsvisjon kan berre realiserast gjennom aktiv handling (Lønning 2007, 2008, 2009b, 2011, Ray and Anderson 2000, Torrence 1995) utført av menneske i nærkontakt med staden og staden sine ressursar og potensial. Effektiv og positiv lokalsamfunnsutvikling er eit resultat av lokalt engasjement, lokal medverknad, og rom for interesserte og dedikerte menneske til å sleppa til med nye idear og initiativ. Samstundes er lokal utvikling i dag aldri ein isolert prosess. Forholdet mellom det lokale og det ekstralokale (det utanfor oss), er eit heilt sentralt element i vellukka regional utvikling i vår tid (Lønning 2002b, 2003, 2007, 2009b). Skal ein trekkja til seg menneske utanfrå, anten som turistar, utviklarar eller innflyttarar, er det heilt avgjerande at ein lyttar til deira erfaringar og forventningar. Ein kan og læra mykje om seg sjølv ved å spegla seg i den andre sine auge, ettersom denne andre kan hjelpa ein med å få auga på både sterke og svake sider ved eigen stad, nye ressursar og eventuelle unytta potensial, og utfordringar som kunne vore løyst betre. Det å trekkja inn det ekstralokale i arbeid med å identifisera og vidareutvikla eigne ressursar er både ei kjelde til kunnskap om viktige drivkrefter i samtida og til utvida kunnskap om ein sjølv. Det å vandra i det same landskapet dagstøtt gjev kunnskap, men det kan og medføra at ein vert heimeblind (ibid.). Den heimeblinde har gått fast i konvensjonar og det daglegdagse, og maktar ikkje lenger å sjå staden sine andre og nye potensial. Difor trengst andre og nye blikk. Det eksterne blikket verken kan eller skal diktera våre val lokalt og regionalt, men det representerer nyttige innspel og informasjon til vår eigen debatt. Denne arbeidsrapporten er ei 8 Sjå Stortingsmelding nr 9: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/regpubl/stmeld/2011-2012/meld-st-9-20112012.html?id=664980 Vitja 08.04.12 28

påminning til lokale og regionale styresmakter og utviklarar om at folk over heile Noreg følgjer med på arealkonfliktane og at dei har tydelege holdningar til kva som både er og skal vera Jæren si aller fremste merkevare. Effektiv lokal utvikling skjer nedanfrå og opp (endogen utvikling), men ein sentral føresetnad for å lukkast er at me aldri vert oss sjølve nok; at me relaterer oss til og inviterer inn det/dei som står utanfor, at me relaterer oss til relevante drivkrefter i samtida, og at me difor kommuniserer bilete og skaper bygder, byar og regionar som framstår som interessante, spennande og tiltrekkjande for omverda. Den attraktive staden er ein møteplass; mellom det etablerte og det nye, det lokale og det ekstralokale, mellom fortid, samtid og framtid. Den attraktive staden er eit produkt av lokalt initiativ og engasjement, kopla med vilje til å inkludera det nye og lytta til det eksterne. 4.3 OPPBYGGING AV UNDERSØKINGA Undersøkinga er bygd opp rundt følgjande hovudtema: kjennskap til og erfaringar med Jæren karakteristikkar av Jæren sine særtrekk syn på landbruk og jordvern syn på bustadutbygging, friluftsliv og verneinteresser syn på Jæren sin utstrekning assosiasjonar til Jæren 4.3.1 Gjennomføring og metodikk Undersøkinga er basert på telefonintervju med eit representativt utval på 1000 menneske over 15 år busette i Noreg. Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research Norge på oppdrag frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. 4.3.2 Feilmarginar Feilmarginane varierer frå maksimalt 1,9% ved ei 10 90 fordeling, til 3,1% ved ei 50 50 fordeling. 4.3.3 Bakgrunnsvariablar Alle svar har blitt vekta opp mot landsdelsgeografi, by land, kjønn, hushaldsinntekt, tal personar i husstanden, alder og utdanning. Eit viktig bakgrunnsspørsmål handlar dessutan om 29