Om heftet... 2. Kven er lærekandidat?... 3. Kontrakter, avtaler og planer... 3. Opplæringskontrakt... 3. Arbeidsavtale... 4



Like dokumenter
Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

-Ein tydeleg medspelar. Lærekandidatordninga. Varig arbeid

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Ny høring, «Fagbrev på jobb»

Fagopplæring - muligheter i ordninga for lærlingar og lærekandidatar

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Lærekandidatordningen i Buskerud fylkeskommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Spørsmålsrunde

Rådgjevarkonferanse 2009

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Retten til spesialundervisning

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Søking til skuleåret

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

Rådgjevarkonferanse 2010

Teksten i endringsforskriften er hentet fra Norsk Lovtidend og gjengitt nedenfor.

Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven og forskrift til friskoleloven med merknader

Tenk framtid Bli lærebedrift

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Søking til skuleåret

OVERSIKT OVER AKTIVITETER I FAGOPPLÆRINGEN BASERT PÅ OPPLÆRINGSLOVEN MED FORSKRIFT 2011/2012

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Yrkesfagleg grunnutdanning. eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Besl. O. nr Jf. Innst. O. nr. 89 ( ) og Ot.prp. nr. 44 ( ) År 2000 den 13. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Vidaregåande opplæring Ditt val!

LÆRLINGER. BEHOV, PLANLEGGING OG KOSTNADER

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Fagopplæringsordningen ulike veier til kompetanse Sigrid Isdal Rådgiver fagopplæringskontoret

Fleksibel opplæring innan fag- og yrkesopplæringa

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Hordaland fylkeskommune - Forvaltningsrevisjon av fagopplæring Prosjektplan/engagement letter

VEILEDER FOR LÆREKANDIDATORDNINGEN I TROMS

Minoritetsspråklige- informasjonsdeling og nettverksbygging

Fylkesutvalet Tom-Christer sette fram slikt forslag:

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

YRKESOPPLÆRINGSNEMNDA I MØRE OG ROMSDAL. Årsoversikt 2011

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Arne Roar Lier Høgskolen i Akershus

Fagdag om søkjarar til vgo med B-skjema

Velkommen til kurs for faglig ledere og instruktører i lærebedrifter

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Slik blir du lærekandidat

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Slik blir du lærekandidat

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Faglig lederperm fagopplæring i bedrift. Lærefag. Navn:

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Endringene står i kursiv. Endringer i overskriftene til bestemmelsene står understreket.

FRA LÆREKONTRAKT TIL FAG-SVENNEBREV. Kåre Blålid Konst. Fagopplæringssjef VEST-AGDER FYLKESKOMMUNE UTDANNINGSAVDELINGEN

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Praksiskandidatordningen og 23/5- regelen

Håndbok for Lærekandidatordningen. Opplæringsavtale og Opplæringskontrakt

ENDRINGAR I DELEGASJONSREGLEMENTET FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Faglege presiseringar for samarbeid mellom PPT - skole - bedrift. Inntaksmøte 14. februar 2019

Lærekandidatordningen og avklaringer om spesialundervisning

Ulike veier til fag- og svennebrev

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Veileder for lærebedrifter i Agder

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Transkript:

0 Revidert februar 2015

Om heftet... 2 Kven er lærekandidat?... 3 Kontrakter, avtaler og planer... 3 Opplæringskontrakt... 3 Arbeidsavtale... 4 Lærekandidaten sin opplæringsplan... 4 Korleis teikne ein opplæringskontrakt?... 4 Heilskapleg opplæring skule bedrift... 5 Kor lang er læretida?... 5 Rett til pedagogisk-psykologisk teneste?... 5 Rett til spesialundervisning?... 5 Tilskot til opplæringsbedriftene... 6 Opplæringsbedriftene rettar og plikter... 6 Lærekandidaten - rettar og plikter... 6 Kompetanseprøve... 6 Vurdering av kompetanseprøve... 7 Særleg tilrettelegging av kompetanseprøva... 7 Kontaktinformasjon på fagopplæringsseksjonen... 8 Årshjul for lærekandidatordninga Frå elev til lærekandidat... 10 Lærekandidatordninga - kva organ har ansvar for kva?...12 Heilårsaktivitetar med ansvarsfordeling 13 Vedlegg... 15 Vedlegg 1: Passord og tilgang Vigo Bedrift... 15 Vedlegg 2: Opplæringskontrakt... 16 Vedlegg 3: Melding om heving av lærekontrakt/opplæringskontrakt... 17 Vedlegg 4: Døme på lærekandidaten sin opplæringsplan... 19 Vedlegg 5: Vedleggsskjema for søknad om lærekontrakt/ opplæringskontrakt... 23 Vedlegg 6: Oppmelding til kompetanseprøve... 27 Vedlegg 7: Protokoll frå kompetanseprøva... 28 Malar: Mal 4. Sakkunnig vurdering for spesialundervisning....29 Mal 6 A Sakkunnig vurdering av søknad om utvida rett.... 31 Mal 7 Sakkunnig vurdering knytt til behov for særskilt tilrettelagt tilbod i bedrift... 32 1

Om heftet Ein lærling har normalt fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skule og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skule og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæringa i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over 2 år. (Opplæringslova 3-3, 3.ledd) Etter fullført vg3, med opplæring i bedrift, går lærlingen opp til fagprøve, kompetanseprøve eller sveineprøve. Ein lærekandidat får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Dei fleste lærekandidatar har hatt ein individuell opplæringsplan (IOP) for den opplæringa dei har hatt i grunnskule/vidaregåande skule. Ein lærekandidat har som mål med læretida å nå delar av læreplanmåla for faget, og å kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der kravet ikkje er fagbrev/sveinebrev. Ein del lærekandidatar får seinare fullstendig fag- eller sveinebrev gjennom praksiskandidatordninga. Formålet med dette heftet er å gjere greie for prosedyrar slik at ein sikrar at lærekandidatordninga blir gjennomført best mogleg og etter gjeldande forskrifter og lovverk. Fagopplæring skjer både i skule og i lærebedrift. Opplæringslova med forskrifter regulerer opplæringa. 4-7 i Opplæringslova seier: Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring, slik at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring i samsvar med Opplæringslov og forskrift. Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta føljer pliktene etter opplæringslova med forskrift. Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar og lærekandidatar. Denne rapporteringa skal skje gjennom Vigo Bedrift. Heftet du sit med i handa fins på fylket si nettside, under Utdanning/Fagopplæring, og alle malar og skjema som er nemnd her, vil du også finne der. Opplæringslova (Oppll): https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1998-07-17-61 Forskrift til Opplæringslova: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2006-06-23-724 Læreplaner og retningsliner for yrkesfag: http://www.udir.no/lareplaner/finn-lareplan/ 2

Kven er lærekandidat? Opplæringslova 4-1 definerer kven som er lærekandidat: «Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i 3-4. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøva.» Dei fleste lærekandidatar har hatt individuelle opplæringsplaner (IOP) for opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule. Målet for ein lærekandidat i ei bedrift, er å meistre arbeidsoppgåver der kravet ikkje er fag- eller sveinebrev. Målet for lærekandidatordninga er å gi lærekandidaten meistringskjensle og grunnlag for fagleg og personleg vekst samt å oppnå høgast mogleg kompetanse og kvalifikasjonar for arbeidslivet. Les meir på mrfylke.no. Der finn du også søknadsskjema for godkjenning som lærebedrift. Kontrakter, avtalar og planer Opplæringskontrakt Etter Opplæringslova 4-5 skal det opprettast ein skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrift og lærekandidat når læreforholdet startar. Lærekandidaten har rett til opplæring i samsvar med denne opplæringskontrakten. Dersom opplæringskontrakten medfører behov for ekstra midlar utover ordinært tilskot, krev det sakkunnig uttale frå PPT. Sjå vedlegg 2 for døme på opplæringskontrakt Endring og heving av opplæringskontrakt Ein opplæringskontrakt kan, etter samtykke frå fylkeskommunen, endrast til lærekontrakt i løpet av læretida dersom det viser seg at lærekandidaten kan greie full kompetanse innanfor lærefaget. Endringa kan også vere frå lærekontrakt til opplæringskontrakt. Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærekandidaten dersom a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet, b) lærlingen, lærekandidaten eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller c) lærlingen eller lærekandidaten skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida. Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført, med ei fråsegn om denne delen av opplæringa. 3

Når det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav frå lærebedrifta, misser ikkje lærlingen eller lærekandidaten retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket fastset at retten fell bort. Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen eller lærekandidaten kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan læretida avbrytast i samband med permisjon. Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søke å skaffe lærekandidaten ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerast inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull. Sjå vedlegg 3 for melding om heving av kontrakt Arbeidsavtale Det skal også utarbeidast ein arbeidsavtale mellom lærekandidat og bedrift. Denne avtalen skal ivareta rettar og plikter som følgjer av lover og tariffavtalar for begge partar. (Ref. Opplæringsloven 4-2) Når læretida etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast. Lærekandidaten sin opplæringsplan Det skal utarbeidast ein eigen opplæringsplan for kvar lærekandidat. Denne opplæringsplanen skal beskrive dei opplæringsmåla kandidaten skal meistre. Grunnlaget for planen er avgjevarskulen sin vurdering av eleven sitt faglege og personlege nivå, lærekandidaten sine eigne ønskjer samt bedrifta sine vurderingar av kva som er realistiske mål. Denne planen skal evaluerast og kan endrast i løpet av opplæringstida slik at den på best vis er tilpassa lærekandidaten si utvikling og vekst. Planen med sluttevalueringa skal sendast inn til utdanningsavdelinga etter at opplæringa er avslutta. Sjå vedlegg 4 for døme på lærekandidaten sin opplæringsplan. Vi gjer merksam på at det kan vere ulik grad av måloppnåing innanfor dei einskilde kompetansemåla. Korleis søkje opplæringskontrakt? Eleven i samarbeid med skulen søkjer om opplæringskontrakt. Eleven skal søkje på VIGO. I tillegg skal vedleggskjema for opplæringskontrakt nyttast. Desse finn du på mrfylke.no og på udir.no. Skriv ut og send inn utfylt skjema i 3 eksemplar. Søknadsfrist 1.februar. Vedlegg 5 viser skjema som skal leggast ved søknad om opplæringskontrakt. Meir informasjon på vilbli.no 4

Heilskapleg opplæring skule bedrift For å få eit mest mogleg heilskapleg opplæringsløp er det viktig å definere eleven sine realistiske mål tidleg og få til praksisutplassering i ungdomsskule og vidaregåande skule. Kor lang er læretida? Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skule og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæringa i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år. Den fastsette strukturen for opplæring i lærefaget må føljast, men ein må i kvart tilfelle vurdere kva heilskapleg løysing som er best for lærekandidaten. Opplæringskontrakt kan til dømes opprettast rett etter ungdomskulen eller etter berre eitt år i vidaregåande skule. Rett til pedagogisk-psykologisk teneste? Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skule. Rett til spesialundervisning? Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i Opplæringslova. For spesialundervisning krevst det sakkunnig uttale frå PPT etter 5.3 i Opplæringslova. 5

Tilskot til opplæringsbedriftene Lærebedriftene får tilskot for opplæring av lærlingar og lærekandidatar. Bedrifter som tar inn lærekandidatar under 25 år med spesielle behov, kan søke om ekstraordinære midlar etter at opplæringskontrakten er godkjent. Dersom opplæringskontrakten medfører behov for ekstra midlar utover ordinært tilskot, krev det sakkunnig uttale frå PPT. Les meir på udir.no Opplæringsbedriftene rettar og plikter Bedriftene som tar inn lærekandidatar må vere godkjende av fylkeskommunen. Lærebedrifta pliktar å legge til rette produksjonen og lage ein plan for opplæringa slik at lærekandidaten kan nå måla i opplæringsplanen. Ifall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta legge til rette for dette. Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget. Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til bruk under prøva. Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærekandidaten tilfredsstillande opplæring, skal bedrifta melde frå til fylkeskommunen. Les meir på mrfylke.no. Der finn du også søknadsskjema for godkjenning som lærebedrift. Lærekandidaten - rettar og plikter Lærekandidaten har rett til opplæring i samsvar med opplæringskontrakten. Lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta han har teikna arbeidsavtale med, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Når læretida etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva etter 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast. Kompetanseprøve Ved slutten av kontraktstida kan lærekandidaten gå opp til ei kompetanseprøve som viser nivået opplæringa har ført fram til. Når kompetanseprøva er gjennomført og bestått får lærekandidaten kompetansebevis. Les meir i Forskrift til Opplæringslova 3-49, 3-57, 3-58, 3-60, 3-64. Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøva blir gjennomført i samsvar med reglane og har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med forskriftene som regulerer prøva. Det er bedrifta som har ansvar for oppmelding til kompetanseprøve. Sjå vedlegg 6 for melding til fag-, sveine- og kompetanseprøve. 6

Kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet. Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad. Vurdering av kompetanseprøve Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Lærekandidatane skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten. Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i Forskriftene til Opplæringslova 3-4 sjette ledd brukast. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling. Dersom kompetanseprøva ikkje er bestått, kan lærekandidaten melde seg til ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av ny kompetanseprøve. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med å gjennomføre andre gongs prøve. Sjå vedlegg 7 for protokoll frå kompetanseprøva (skal fyllast ut av prøvenemnda) Særleg tilrettelegging av kompetanseprøva Lærekandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagt til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykke i at gjennomføringa av kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærekandidaten så langt råd er. Tiltaka må ikkje føre til at lærekandidaten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærekandidaten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde. Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning. 7

Kontaktinformasjon på fagopplæring utdanningsavdelinga Inger Anita Sjømæling Seksjonsleiar 71 25 80 19 99 62 20 25 inger.anita.sjomaling@mrfylke.no Ola Ivar Eikebø Bygg og anleggsteknikk, Kjemi og prosessfag, Møbelfag, Maritime fag 71 25 80 89 95 06 54 86 ola.ivar.eikebo@mrfylke.no Ruth Farstadvoll Gjerde Design og handverk, Medium og kommunikasjon 71 25 80 14 91 39 44 23 ruth.farstadvoll.gjerde@mrfylke.no Roy Arild Tvedt Teknikk og industriell produksjon 71 25 87 95 47 31 89 37 roy.arild.tvedt@mrfylke.no Åse Vatne Riksfjord Elektrofag 71 25 87 60 95 93 21 59 ase.vatne.riksfjord@mrfylke.no Siv Sandøy Service og samferdsel (unnatt logistikk og transport) 71 25 87 98 906 64 913 siv.sandoy@mrfylke.no John Steinar Skomsø Gunvor Dyvik Friisvold Inger Lise Trønningsdal Naturbruk, Restaurant- og matfag Transport og logistikk Helse- og oppvekstfag, Aktivitørfag, Reinhaldsfag, Feiarfaget Vaksenopplæring Fagskule 71 25 87 66 47 24 43 64 john.steinar.skomso@mrfylke.no 71 25 89 37 gunvor.friisvold@mrfylke.no 71 25 88 12 90 05 29 02 inger.lise.tronningsdal@mrfylke.no 8

Torill Stavik Angvik Lærekontrakter, Godkjenning av lærebedrifter, Utbetaling av tilskot. Vigo bedrift 71 25 87 97 torill.angvik@mrfylke.no Venke Sandvik Formidling av læreplassar, Vigo Bedrift 71 25 80 87 venke.sandvik@mrfylke.no Hanne Småge Ruth Elin Aure Stine Waske Lillian Aarønes Søknad om særskilte tilskot Heving av lærekontrakter Dokumentasjon for kompetansebevis Dispensasjon frå teorikrava Registrering og kontroll av oppmeldingar Prøvenemnder (Honorar, protokoll og ajourhald) Dokumentasjon lærebedrifter Registrere fagleg leiar/lærebedrifter Registrere lærekontrakter og prøveprotokollar Statens Lånekasse Skrive ut fagbrev Utskriving av kompetansebevis og vitnemål. 71 25 87 77 hanne.smage@mrfylke.no 71 25 87 79 ruth.elin.aure@mrfylke.no 71 25 80 90 stine.waske@mrfylke.no 71 25 87 94 lillian.aarones@mrfylke.no Nina Skovly Prosjektarbeid innan fagopplæring 71 25 80 90 92 08 03 22 nina.skovly@mrfylke.no 9

Årshjul: Frå elev til lærekandidat - kven har ansvar for kva Når Kva Kven er ansvarleg Samarbeidspartnar Vg1: Kartlegging av aktuelle lærekandidatar Skule Bedrift Heile året Vg2: August - september Vg2: Januar Vg2: Februar Sjå til at eleven får praksis i bedrift og starte dialog med bedrifta om ei muleg opplæringskontrakt. Dersom denne bedrifta ikkje vil teikne ei slik, må skulen finne ei anna bedrift som eleven får utprøvast i. Dersom lærebedrifta ikkje har hatt lærling/lærekandidat tidlegare kan ha eit informasjonsmøte med bedrifta Planlegging/ tilrettelegging av opplæringskontrakt. Skulen kartlegger i samarbeid med elev kva slags bedrift som kan være aktuell. Elev (evt føresette) skriv under på samtykkeerklæring om utveksling av informasjon mellom skule og bedrift/opplæringskontor Møte med bedrifter, gi informasjon om elevens føresetnader, avklare om læreplass kan være aktuell Registrere søknad på Vigo.no (frist 1.februar). Vedleggskjema for søknad om opplæringskontrakt sendes Gjennomgang av søknadar. Hente inn eventuelle tilleggssopplysningar. Søkjarane fordelast på dei ulike rådgivarane i fagopplæringsseksjonen Finne bedrift til elever som ikkje har fått læreplass (sjå punkt 7 i vedleggskjema) Få oversikt over kven som treng eit særleg tilpassa opplæringsløp. Det må vurderast kva mål som kan oppnåast ved opplæring i bedrift. Det må vurderast om noko eller all opplæring bør bli gitt i skule eller i annan institusjon. Føremålet for opplæringa er heile læreplanen og kva opplæring som tener kandidaten best. Opplæringa skal gjere kandidaten best mogleg kvalifisert til å meistre sin kvardag i eit livsperspektiv. Skule Seksjon for fagopplæring Skule Skule Skule, elev Inntak Skule Skule Bedrift elev/føresette (for elevar under 18 år), aktuelle lærebedrifter, PPT Elev, aktuelle lærebedrifter, PPT Skule, PPT, bedrift Elev, aktuelle lærebedrifter,, evt opplæringskontor* Bedrift, PPT Vg2: Samtale ved behov med elev og bedrift. Skule, 10

Mars - april Vg2: Mars - april Vg2: Mai Avdekke behov for spesialundervisning i opplæring i bedrifta det er gjort avtale med. - Uttale dersom behov for spesialundervisning, jf. Opplæringslova 5.3 Mal 4 Finne bedrift til elever som ikkje har fått læreplass (sjå punkt 7 i vedleggskjema) Møte med NAV om elever som krev samarbeid for å få læreplass Skule Skule PPT, evt opplæringskontor Elev, aktuelle lærebedrifter,, evt opplæringskontor Skule, bedrift, PPT, elev/føresette Vg2: Juni Elever som skal ha opplæringskontrakt i samarbeid med NAV, registrerer seg der. Skule/elev (føresette for elevar under 18 år) Elev Bedrift Juni Gi beskjed til når opplæringa skal starte. Juni-august Registrere og godkjenne opplæringskontrakt Samtale ved behov med elev og bedrift. Bedrift - Utarbeide IOP for opplæringa - Ev. tilrettelegging for spesialundervisning - Uttale ved behov for å søkje om ekstra midlar til oppfølging i bedrift. Mal 7 Gi tilbod om alternativ opplæring (vg3 i skule) for søkjarar utan læreplass Teikne arbeidsavtale Bedrift PPT September -oktober Heile året Kartlegging av søkjarar som ikkje har fått læreplass. Bedrifter som vil søkje om midlar frå udir til ekstra oppfølging av lærekandidatar må sende denne inn til utdanningsavdelinga innan 15. september. samordnar søknadene og sender dei vidare til udir. Bedriftene må syte for at det ligg ved sakkunnig uttale frå PPT om behovet. Kartlegging av søkjarar som har takka nei til læreplass. Godkjenning av nye lærebedrifter Utarbeide oversikt over godkjente lærebedrifter * Opplæringskontor: Eit opplæringskontor er eit samarbeidsorgan for lærebedrifter som samarbeider om opplæring av lærekandidatar og lærlingar. Opplæringskontoret er juridisk ansvarleg for opplæringa, medan det daglege ansvaret for lærekandidaten ligg hos den enkelte bedrift. 11

Lærekandidatordninga kva organ har ansvar for kva? Ansvar: Kommentar: Lærebedrifter og opplæringskontor Vidaregåande skular PPT Prøvenemnder 1. Teikning av ny opplæringskontrakt. 2. Sørge for at bedrifta utarbeider IOP. 3. Kontroll halvårsvurdering. Revidere dette prosedyreheftet årleg. Fylle ut og ajourføre kompetansemål i lærekandidaten sin opplæringsplan. Gjennomføre halvårssamtaler/vurdering Gjennomgå kompetansemål i lærekandidaten sin opplæringsplan ved besøk frå fagopplæringsseksjonen. Oppmelding til kompetanseprøve. Rådgiving ved overgang skule-bedrift. Kontakt med bedrifter for formidling av lærekandidatar. Kontakt med PPT ved søknad om opplæringskontrakt. Kontakt med PPT ved eventuelle behov for spesialundervisning i opplæring i bedrift. Uttale dersom behov for spesialundervisning. Jf. Oppll 5-3 Uttale ved eventuell utviding av opplæringstida. Jf. Oppll 3-1, 5.ledd Uttale dersom behov for ekstra midlar til oppfølging i bedrift. Udir-midlar) Uttale dersom fritak for kravet om bestått i alle fag. Jf. Forskr til Oppll 3.51 og 3.67 c Tar kontakt med dersom det er behov for tilrettelegging av kompetanseprøva Tilpasse og legge til rette kompetanseprøva etter vedtak gjort av fylkeskommunen (jfr 3-64 i Opplæringsloven) Vurdere kompetanseprøva http://mrfylke.no/tenesteomraade/utd anning/fagopplaering/info-forlaerebedrifter/vigo-bedrift Mal 4 Mal 6-A Mal 7 Ingen mal 12

Heilårsaktivitetar med ansvarsfordeling Når Kva Kven Støttespelar Heile året Rådgiving/ Karriere-rettleiing Skule Opplæringskontor bedrift Vurdere aktuelle lærekandidatar Skule Elev, føresette Samarbeidsmøte vedkomande mulege lærekontaktar Skule Elev, føresette, bedrift, utdanningsavdelinga, ev topplæringskontor, evt PPT/NAV Finne praksisbedrifter Skule, Finne nye lærebedrifter Godkjenne nye lærebedrifter** Utarbeide oversikt over godkjente lærebedrifter opplæringskontor Bedrifter Skule Opplæringskontor Opprette opplæringskontrakt Justering av IOP Vurdere måloppnåinga i høve til gjeldande IOP Oppfølging av lærekandidat i bedrift Utbetale tilskot til bedrift/opplæringskontor Bedrift/opplæringskontor lærekandidat Bedrift Bedrift/opplæringskontor PPT Ansvarsgruppemøter Kommune Bedrift, elev/føresette, PPT, NAV, opplæringskontor Undervegsvurdering. Bedrift/opplæringskontor Utdanningsavdeling - Krav om dokumentasjon av halvårsvurderingane - Vurderingar i høve til IOP Overordna oppfølgingsansvar i høve til bedrift og lærekandidat. Kontrollbesøk i bedrifta for å sjekke om intern opplærings plan og dokumentasjon på lærlingsamtale ligg føre. 13

Avbrot/heving av lærekontrakt skal ha melding om alle endringar som har noko å seie for læreforholdet. Det kan vere forhold hos lærekandidaten som medfører avbrot i læretida slik som svangerskap, militærteneste, permisjon eller sjukdom. Heving av opplæringskontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen. Skrive ut kompetansebevis etter fullført opplæring i bedrift på bakgrunn av den individuelle opplæringsplanen til bedrifta. Bedrift Bedrift/opplæringskontor ** For å bli godkjent som lærebedrift krevst det at bedrifta har kompetanse og utstyr som kan gi lærekandidaten opplæring i høve til læreplanen i faget. Lærekandidatordninga opnar også for at ei bedrift som berre kan gi opplæring i delar av læreplanen kan ta inn lærekandidat. Ei lærebedrift skal ha ein fagleg kvalifisert person (fagleg leiar) som har ansvaret for og tilsynet med opplæringa. 14

Vedlegg Vedlegg 1: Passord og tilgang Vigo Bedrift 15

Vedlegg 2: Opplæringskontrakt 16

Vedlegg 3: Melding om heving av lærekontrakt/opplæringskontrakt 17

18

Vedlegg 4: Døme på lærekandidaten sin opplæringsplan 19

20

21

22

Vedlegg 5: Vedleggsskjema for søknad om lærekontrakt/ opplæringskontrakt 23

24

25

http://www.udir.no/regelverk/tilskudd/fag--og-yrkesopplaring/tilskudd-til-bedrifter-som-tar-innlarlinger-og-larekandidater-/ 26

Vedlegg 6: Oppmelding til kompetanseprøve 27

Vedlegg 7: Protokoll frå kompetanseprøva 28

Malar (Desse finn du i utskriftvenleg versjon på: http://mrfylke.no/tenesteomraade/utdanning/ppt/malar 29

30

31

32

33

34

35