Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. trinn. Veke 24 Navn:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Psykologisk førstehjelp i skulen

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014


Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsplan for Hare November

Informasjon til elevane

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking


Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

MEDLEMSINFO. august 2009

OK, seier Hilde og låser.

Gluggen. Nr Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang. Gluggen tek i bruk nye medier. Vintaren på Brakanes Skule

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Brukarrettleiing E-post lesar

Jon Fosse. For seint. Libretto

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Rådgjevarkonferanse 2009

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vi lærer om respekt og likestilling

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Valdres vidaregåande skule

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkommen til nytt barnehageår!


Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Kom skal vi klippe sauen

Brødsbrytelsen - Nattverden

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Frå tre små til ein stor.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Månedsbrev april 2015

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Plassebakken Barnehage BA

Frå novelle til teikneserie

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

mmm...med SMAK på timeplanen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Transkript:

Gluggen Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang Ny førsteklasse på Brakanes skule 100 årsminnet for Hauge Nye elever og lærarar Dette ska du fao 9 & 10 kl på Betel Eg kan Kvitebjørnen Boklansering Skulejoggen Songglede Bogeskyting Shantitur med Mathilde Denne hausten fekk Brakanes skule ein ny førsteklasse med under ti elevar. Kontaktlærar Elin Rondestveit kjem frå ein klasse på tjueto og ned til desse ni. -Korleis merkar du skilnaden i klassestorleiken? - Det vert få elevar å spela på og mykje rom for den einskilde eleven. Dette gjer sosialiseringa til eit endå viktigare tema, og det er mykje arbeid å læra dei sosial tilpassing, slik at elevane får det godt saman. -Vert det framleis sunge med elevane i førsteklasse? - Desse likar å syngja dei gode gamle songane. Songar er god læring, særleg når vi skal til med engelsk. Då nyttar vi engelske barnesongar. - Har datakunnskapen endra seg? - Dei kan meir om IKT, men det er fort å læra uvanar. For mange elevar er data og spel ei og same sak. Utfordringa vert å læra dei at IKT er eit læremiddel. Dei treng trening i å nytta pedagogisk programvare desse første åra på skulen, seier Elin. Bak f. v: Assistent Oddny Lid, Elise Østraat, Embla Vestrheim, Sihaam Osman, Håvard Brattli og Jørund Vestrheim. Framme f. v: Karen Bang, Anna Davies, Vincent Johansen, Alexander Øydvin og kontaktlærar Elin Rondestveit

100 årsmarkeringa av Olav H. Hauge sin fødselsdag Ei flott markering, som samla mange Olav H. Hauge var fødd 18. august 1908. Akkurat på dagen 100 år etter samlast heile skulen og elles mange andre rundt bautaen for å feira fødselsdagen hans. Bautaen er den naturlege møteplassen. Han er reist over diktinga til Hauge, og Hauge valde sjølv diktet Ogmund rid heim! Kan henda gjorde han det, fordi han følte at han sjølv var komen heim, altså at diktinga han vart godteken i bygda. Då er det ikkje så rart at tårone dryp under hjelmen når han ser sjølve merket på heimbygda, Vassfjøro. No er me også heime i Hauge si dikting. Nye bøker har kome, ikkje minst om Hauge og bygda. Fem poesifestivalar har også gjort sitt. Fastbuande, utflytte ulvikje, og mange andre over heile landet har gjort Hauge til si eiga. Desse heidra Olav H. Hauge frå heradet, f.v: Maren Svingen, Jarand Kolås, Leif Malvin Hjelmevoll, Gunnar Hjeltnes og Arne Skjerven T.h: Maren Svingen og Jarand Kolås legg på blomar frå heradet. T.v. Forlagsredaktør Sverre Tunvik i Det norske Samlaget heidra òg Olav H. Hauge med blomar. 2

Nye elevar og lærarar Silke Hein Silke kjem frå Tyskland. Ho flytta til Ulvik med familien no i sumar. Dette skuleåret er ho m.a. tilsett som tysklærar i ungdomsskulen. Frå venstre bak:: Anne, Jakob og Niels. Framme frå venstre: Kathrin og Lena. I småskulen og på mellomsteget er det til saman kome fem nye elevar. I tredje klasse går tvillingparet Kathrin og Lena, som kjem frå Tyskland. I femteklasse har elevane fått ein ny gut Niels, som er bror til tvillingane. I sjette klasse kom dei to siste elevane. Det er Anna frå Tyskland og Jakob frå Polen. Anne Marie Øydvin Anne Marie er opprinneleg frå Oslo, men har lang fartstid og røynsle gjennom ulike arbeidsoppgåver i Ulvik. Dette skuleåret har ho m.a. ansvaret for musikkundervisninga i ungdomsskulen. Marit Aarekol Marit er 33 år og kjem frå Ulvik. Ho bur saman med Terje og borna Kari (3 år) og Arnfinn (1 1/2). Sidan 2000 har ho vore lærar i Eidfjord, Lægreid skule. Ho tykjer det er kjekt og inspirerande å arbeida på Brakanes skule. Dette året er ho kontaktlærar i 3. klasse. Søskenparet Natalie og Sebastien Lemovski har byrja i 10. klasse. Dei bur på Lekve, og bruker no mykje krefter på å læra seg norsk. Det er ikkje lett å skifta skule i avgangsåret, og enda verre må det vera å skifta språk òg. Nina Johnsen er tilsett som timelærar for å undervisa dei to i norsk. Til neste haust er begge innstilte på å fortsetja i ein innføringsklasse på Voss, om eit slikt tilbod vert oppretta der. Syskenparet kjem frå byen Lomza i Polen og har gått på ein skule med over tusen elevar. 3

Dette ska du fao Bror min Oddvin, som alltid vitja Olav H. Hauge, gjekk saman med meg ein sommarsdag på Hakestad, fortel Jens Reisæter. Me gjekk der vegen nå går gjennom tunet på Hakestad, mellom anna på garden til Ole E. Hakestad. Der tok Oddvin bilete av meg ved almen, som i det ukjende diktet under har fått namnet Storealmen på Hakestad. Så gjekk me vidare, og vitja Olav. Det var då eg fekk diktet, så eg nyss har funne att no på seinsommaren. Detta ska du fao, sa Olav. Her kejm diktet under. Det skal ha vore prenta tre strofer av det i årskriftet for Hjeltnes i 1991. Vidare har Jan Erik Vold fått fram dei same strofene i Dag og Tid føre 100-årsdagen til Hauge 18. august. No syner det seg at diktet har dobbelt så mange strofer, altså seks i alt opphaveleg. Det på tre strofer skal opphaveleg vera frå 1940. etter det Vold skriv. Då er truleg opphavet frå før den tid. Hauge brukte nemleg mykje arbeid på å skriva ned og korta inn, eller for å seia det slik,: Han brukte mykje tid før han var nøgd. Gled dykk lesarar. Storealmen på Hakestad Storealmen her i garden det er radt eit skogatroll! Og som skogatroll hev den karen hovud ni i krans og koll, Digre kjemperøter rytet fast i gamal matjord knyte`. Millom alda ter seg stuven villmarkkomen, dipleg mest. Vårdags, lell, då pryder buven seg med brurbljug bjørk til fest, byster lauv i skjeggjamose ungkar han, med grøne hose! Kolla vart han, styvd og snauda Mang ein gong i beit for mork, og når svaden tærne frauda flekte dei ned bast og bork Men den gamle hedna logga, og snart fljote teinar vogga. Atter duskar yver mønet; vårvind, sumarljuv og kåt, song i reir og blokkor grøne; under den vart ingen våt, det var alltid godt i skugjen, under tette almakruggen. Under denne almen rusla mang ein husbond frå og til: Her stod kåramann og pusla skov på staur og pikka ved, medan ungane deg sæla og i hole stuven spela. Eitt er vorten, ætt og almen, her i denne gamle gard. Endå syng han lauvsus-salmen som han song til oldefar breider traust den fagre kruna atter yver ein manns bunad. 4 Olav H. Hauge

Eg kan! Kunnskapsløftet har sett auka fokus på elevvurdering. Småskulen vart i vår einige om å nytta Eg kan som reiskap for vurderinga. Sigrid Manger som er lagleiar på småskulen er medansvarleg for gjennomføringa. - Kva klassar skal evaluerast? - Kvar elev frå 1. til 7. klasse skal kartleggjast i faga norsk, matte, engelsk, sosial kompetanse og IKT. Denne hausten startar vi opp med matematikk. - Er ikkje dette eit svært tidkrevjande arbeid? - Det tek om lag ein time pr. elev no i haust. Etter kvart vert vi meir effektive, samstundes som vi oppdagar nye ting som kanskje ikkje er på plass. -Kva meiner dei minste elevane om vurderinga? - Dei tykkjer det er stas, og spør om det ikkje snart er sin tur. Mykje av opplegget er knytt til konkrete ting som elevane kan sjå og forklara. - Korleis kan du vurdera sosial kompetanse? - Det går m.a. på om dei kan sitja i ro når dei et, om dei helsar god morgon. Her er det praksis som avgjer om dei kan dette. Måla må sjekkast ut nokre veker etter måloppnåinga. - Kven registrerar måla? - Elevane sjølve kan farga trafikklysa i boka. Målarka startar med raudt og gult lys, før det grøne er farga inn etter måloppnåinga. - Er desse vurderingspermane berre til skulebruk? - Foreldra kan henta permane heim, men primært skal dei vera på skulen. Elevane kan visa dei fram sjølve om dei vil, og syna kor langt dei er komne. Sigrid Manger syner fram Eg kan boka. Elevane gler seg til å ta ho i bruk. Trivsel på Betel? Dei to største ungdomsskuleklassane har blitt stovevarme på Betel. Lys og omnar, teknisk utstyr og datamaskinar fungerer etter tilhøva bra. Elevane har funne seg til rette så godt som råd er i eit gamalt hus. Det er kort veg til skuleplassen, og dei får vera meir for seg sjølve her enn oppe i ungdomsskulefløyen. Inneklimaet er ikkje spesielt godt, og tilgangen på frisk luft kjem på gamlemåten med lufting gjennom glas. Dette går bra for ein kort periode no i haust. Utleigar Ulvik indremisjon er òg nøgd med ordninga og er glad for at huset gjennom utleige har fått nye omnar. Slik ser ei side i boka ut. Elevane skal sjølve farga symbola som syner kva dei kan i matematikk denne hausten. 5

Kvitebjørnen Rasmus Løland er kjend for sin forteljarkunst som særleg kjem til uttrykk i barnebøkene. Forteljarkunsten må takast vare på både i heim og skule. Det kjem fram i Kunskapsløftet. Dette året har difor Brakanes skule meldt seg på eit firårig prosjekt som skal fremja både skrivekunst og forteljarglede. Prosjektet er knytt opp til Rasmus Løland som forfattar og hundreårsmarkeringa frå 2007-2011. "Undrande og skapande" er visjonen Løland-markeringa har teke i bruk for å karakterisera forfattaren og mennesket Rasmus Løland. Ei viktig utfordring for prosjektet vert å ta utgangspunkt i bornas fantasi og undring og lata kreativitet og skaparkraft få utfalda seg med lokal kultur og identitet som grunnlag. Jon teiknar vidare Jon Hjelmevoll hjelper oss så ofte han kan. Teikningane hans vert verdsette av svært mange i bygda. No har han kome med tre nye til dikt av Olav Hauge. Gle dykk, kjære lesarar, og les gjerne dikta til tekningane. Det vert som kaffi med noko godt attåt. Med å ta i bruk ulike arbeidsmåtar som forteljing/ drama, innovasjon, utstilling, filosofi, film og lesing, vil satsinga òg ivareta dei grunnleggjande ferdigheitene som blir fokuserte på i Kunnskapsløftet. Elevarbeid og loggar vert lagt ut på prosjektet si heimeside: http://kvitebjornen.com Lukke til! as Anne Hjelmevoll syner fram t-skjorter og bøker frå skattekista som elevane har fått til prosjektet. 6

Kanskje me i mangt og mykje like er, me tvo Kjelda på garden der Olav H. hauge var fødd er einaste minnet att på fødestaden Då boka til Arne Skjerven og Steinar I Bergo vart sendt ut til alle her frå Ulvik på fødselsdagen til Olav H. Hauge 18. august som jamvel var 100 årsdagen- var gjestene innom garden der diktaren var fødd.. Det einaste, som no er att frå 1908 då Hauge var fødd, er kjelda, der dei fann vatn til dyra. Kjelda er god, og vatnet renn jamt og trutt. Det er ei oppkome av beste sort. Song No hadde det seg slik denne dagen, då kjelda kom for dagen for fyrste gong for mange, at dei tre jentene Vilde, Maria og Sara i 9. klasse skulle syngja for alle om piggsvinet. Nett dette diktet handlar om han som tuslar heim ei natt, legg vegen om kjelda, og møter piggsvinet. Kanskje me i mangt og mykje er like, me tvo, heiter det i to verseliner. Jentene song fint, til ein tona av Heine Tjoflot. Det kan vera grunn til å setja diktet inn i denne samanhengen for alle lesarane. PIGGSVINET Her ei natt på heimveg fall det so eg vegen la yver teigen, der eg visste det ei kjelde va. Kjelda fram or myrkret blenkte, fanga natti inn. Der ved døkke spegelen sat det, sløkte torsten sin, Forfattarane Arne Skjerven og Steinar Bergo saman med prosjektleiar for prdokumentasjonssenteret, Ida Holen. vesle nysta! Alle piggar låg so mjukt i fred, og den svarte snuten smaka fint på drykken ved. Berre drikk du! Eg kan venta, og eg tolug stod. Kanskje me i mangt og mykje Like er me tvo. Liksom eg du likar rusla slik i myrkret kring millom haustlauv, finna kjeldor, bær og slike ting, - likar pusla einsam. Men um nokon kjem oss nær, kryp me inn i huva og ut stive piggar slær. Sara, Vilde og Maria ved kjelda på fødestaden til Olav H. Hauge på Haukestad Fv Vilde, Maria og Sara song for innbodne gjeste under boksleppet på Hakestad 18. august. 7

OM HANAR I TUN OG TÅRN - tvangsgifte og ekstremsport i 1950-åra Nye forteljingar av Steinar I. Bergo TIDE Buss Turbuss Vi kan tilby: Erfarne & serviceinnstilte turbil-sjøførar Moderne, komfortable turbussar av høg kvalitet Trygg & punktleg transport TLF: 56526980 Gluggen For gåver og bladpengar 3450. 2402090 Autorisert installatør ULVIK TLF: 56526547 A/S Skeie Tre Ulvik i Hardanger Tlf. 56527600/fax 56527601 Pallar og tre-emballasje Johannes Øydvin Tlf: 56526608/95026946 Fax: 56526659 Ulvik Rekneskapslag P/L Pb. 96, 5731 Ulvik Tlf. 56526480 Rekneskapsføring for landbruk & andre næringsdrivande Utdanningsval Etter innføring av Kunnskapsløftet har ungdomsskulen fått eit nytt fag. Det har fått namnet Utdanningsval, og skal vera ei førebuing til dei tre åra i vidaregåande skule. Elevane skal bli kjende med strukturen i vidaregåande skule, og få smakebitar frå fag eller tema i dei ulike utdanningsvala. Brakanes skule håper på eit utvida samarbeidet med Hjeltnes gartnarskule i samband med utprøving av fag. Eit praktisk opplegg for 8. klasse er under planlegging. Fylket har særleg satsa på 9. klasseingane, som får eit tilbod om orienteringstimar frå næringsdrivande denne hausten. Til hjelp i kartlegginga har elevane på Brakanes fått tilgang til ein nettressurs som har brei dekning av yrke og utdanningstilbod. 8

Handel & Handverk (Promendebutikken) Tlf. 56526447 Godt utval i film, foto og gåveartiklar ULVIK Tlf 56526101 Ulvik Reiselivslag N-5730 Ulvik Tlf. 56526360 Fax: 56526623 www.ulvik.org/ulvikinfo Ulvik herad Tlf. 56 52 70 00 Røyrleggjar Magne Øydvin V/Åge Øydvin Tlf. 56526284/90924477 Fax 5626443 Ulvik Avløysarlag Prosjekt UNGJOBB 5730 Ulvik Tlf. 95918975 GRILLKIOSKEN Hildegunn & Kjell Røkenes Tlf. 56 52 64 40 -Vidaregåande skule i Hardanger med grøn profil- Tilbod hausten 2008: Vg1 Naturbruk -Naturbasert reiseliv NY!! (gjev generell studiekompetanse etter 3 år) Vg1 Naturbruk gartnar- / anleggsgartnarfag Vg2 Landbruk og gartnarnæring - med vekt på gartnarfag Vg2 Anleggsgartnar/driftsoperatør idrettsanlegg Vg2 Blomsterdekoratør Vg3 Gartnarnæring - Flytt heimanfrå og prøv internatlivet- Søknadsfrist 1.mars sjå www.vigo.no For meir informasjon: Hjeltnes gartnarskule, 5730 Ulvik. Epost: post.hgs@post.hfk.no Telf. 56 53 88 00 Heimeside : http:\\hgs.hfk.no 9 Ulvik Folkebibliotek Har desse opningstidene: Måndag: 14.00-20.00 Tysdag: 10.00-14.00 Onsdag: 10.00-14.00 Torsdag: 14.00-20.00 Fredag: 10.00-12.00 Frå 1. mai til 1. sept. er biblioteket stengt på fredagar.

Skulejoggen 2008-10-14 8. 10. KL. 2 rundar GUTAR: JENTER: Erling 9. 24.51 Signe 9. 27.28 Sander 10. 24.55 Katrine 9. 27.34 Sigurd 10. 25.43 Nora 8. 31.41 Gard 10. 26.45 Stina 9. 33.07 Leif M. 8. 28.29 Helga 10. 34.15 Vidar 9. 29.56 Nasro 8. 34.21 Gunnar 8. 30.28 Anne Katr. 8. 34.23 Åsmund 10. 30.29 Amalie 9. 37.26 Eivind 9. 31.34 Ingelin 9. 42.21 Mikal 10. 32.16 Sara 9. 43.22 Kristian 10. 35.23 Rani 9. 45.15 Stian 10. 35.23 Malin 9. 47.22 Jesper 8. 37.01 Ena M. 10. 47.37 Mattis 9. 37.28 Trine 9. 48.02 Pål Andr. 10. 38.35 Synne 9. 50.40 Sevrre 9. 41.00 Sjur 8. 41.02 Oddgeir 10. 49.48 Thomas 10. 50.25 5. 7. KL. 1 runde Marius 7. 11.25 Henriette 7. 13.47 Mohammed 7. 11.26 Tuva 5. 14.23 Abdricaq 6. 11.51 Anette 7. 14.53 Håkon 6. 12.27 Solfrid 5. 15.56 Markus 6. 13.13 Tora 5. 16.47 Tobias 7. 14.12 Fadumo 7. 16.54 Aleksander 5. 15.14 Marta 7. 17.21 Abubakar 6. 16.17 Sasha 7. 19.07 Nils 5. 16.22 Eira 7. 19.09 Håvard 7. 22.53 Anna 6. 20.34 Jonas 6. 22.54 Synnøve 5. 22.58 Thomas 7. 25.10 Åshild 7. 24.00 Anders 5. 25.10 Lena 6. 25.10 Håkon 5. 25.41 Katharina 5. 25.40 Marita 5. 25.50 Ingrid 5. 28.00 10

Stor songglede mellom dei unge Frå venstre: Sarah, Ena-Malika, Maria, Stina, og Vilde. Det har vorte tradisjon i Ulvik at born og unge deltek under poesifestivalen. I år var programmet for Amboltprisutdelinga særleg prega av lokal medverknad. Ikkje mindre enn 5 ungdomsskuleelevar deltok med song. Tittelen på programmet var Lokale utøvarar og naboskap, og signaliserte at det òg var henta inn hjelp både frå Voss og Kvam kommune. Nytt i år var det at fleire vaksne amatørar frå Ulvik deltok i programmet med opplesing og song. I år som tidlegare var det Arne Skjerven som engasjerte dei unge songarane som kjem frå 9. og 10. klasse. Innstillinga til kultur kan vera blanda mellom ungdomar. I nokre klassar er ikkje song og dikt noko som engasjerar særleg mykje, medan i andre klassar deltek elevane med stor iver i programmet. -Kvifor var de i 9. klasse med og song under poesifestivalen? 11 - Det var Arne Skjerven som spurde oss i fjor, fortel Sara. Vi lærte songen i 5. klasse av Heine Tjoflot. - Korleis var det å syngja for så mange? - Kjekt, men vi var nervøse. Vi likte å opptre i lag med vaksne, sjølv om programmet då ble veldig langt. Mykje av det vi hørte var interessant, tykkjer eg. Det var ein tone til diktet Piggsvinet som vart sunge av Maria, Vilde og Sara, medan Stina song ein folketone med tekst frå diktet Seljefløyta. Ena- Malika i 10. klasse song same diktet tonesett av Geir Tveit. - Var det vanskeleg å lære seg folketonen, Stina? - Eg fekk ein CD, og øvde inne songen gjennom å lytta. Etterpå hadde eg òg øvingar med Geir Botnen. Det skal mykje øving til for at eit program skal verta så bra. Det er kjekt at unge vil nytta både tid og krefter for å formidla lokal kultur.

BOGESKYTING Bogeskyting er ein gamal tradisjon. Pil og boge har vorte brukt til sport og jakt og i krig. 5. klasse fekk prøva å skyta med pil og boge ein dag. Aun Egil og Gry var med oss, og me heldt til på Snikkarverkstaden. Aun Egil fortalde kva tryggleiksreglar som gjaldt før me fekk prøva. Det var to typar bogar, ein langboge og ein litt meir proff med sikte. Alle ville prøva, og me fekk bruka Katharina og Jardar sine bogar. Katharina sin var rosa og lilla. Me fekk skyta tre piler kvar gong. Det var tungt å dra opp pila, og me måtte få hjelp av dei vaksne første gongen. Me prøvde å treffa ein rev, ein hjort eller ein blink, men reven og hjorten var ikkje ekte. Det var ikkje lett å treffa, men det var veldig kjekt! Takk til Gry og Aun Egil som var med oss. Øverst: her får Solfrid hjelp til å sikta. Under: Aun Egil gir kyndig instruksjon til bogeskyttar Anders. To barske gutar frå 6. klasse i masta saman med ei jente frå mannskapet. Shantitur med Mathilde Onsdag 10. oktober mønstra 6. klasse på Mathilde. Denne gongen berre for ein dag, og med song på programmet. Klassen fekk innsyn i gamle shantis, og lærde litt om tradisjonar frå den gamle seglskutetida. Elevane opplevde møtet med båt og program som eit friskt innslag i skulekvardagen. Kontaktlærar Anne Hjelmevoll var med på turen som gjekk utover til Brimnes og innover mot Eidfjord. Tilbodet er organisert gjennom Den kulturelle skulesekken, og er retta inn mot elevar på mellomsteget. Seilskuta Mathilde ved kai på Brakanes. Elevane i 6. klasse er klar til tokt på Mathilde saman med kontaktlærar Anne Hjelmevoll. 12