Utarbeidd i samarbeid mellom Asplan Viak og:



Like dokumenter
Arbeidsmarkedet nå november 2007

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Juni Bedriftsundersøkelsen 2016 Akershus

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Arbeidsmarkedet nå April 2006

Vestlandet ein stor matprodusent

Arbeidsmarkedet nå mars 2007

Arbeidsmarkedet nå februar 2006

13. Sendetida på TV aukar

Arbeidsmarkedet nå april 2007

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Bedriftsundersøkelsen Østfold. 27. april 2017 // NAV Østfold

Bedriftsundersøkelsen Hedmark Et stabilt arbeidsmarked

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

// Notat 3 // Hvilke rekrutteringskanaler benytter bedriftene?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

jan.04 jul.04 jan.03 jul.03 jan.02 jul.02

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

NAV har for 23 året foretatt en landsdekkende bedriftsundersøkelse hvor NAV Vestfold er ansvarlig for vårt fylke.

3Vaksne i fagskoleutdanning

NAV Sør-Trøndelag, 27. mai Bedriftsundersøkelsen 2014

8. Museum og samlingar

Arbeidsmarkedet nå april 2014

Opplæring gjennom Nav

Kunnskapsbaserte næringsklyngjer

2014/

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

NAV har for 22 året foretatt en landsdekkende bedriftsundersøkelse hvor NAV Vestfold er ansvarlig for vårt fylke.

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

Hvilke rekrutteringskanaler benytter bedriftene?

NAV har for 20.de året foretatt en landsdekkende bedriftsundersøkelse hvor NAV Vestfold er ansvarlig for vårt fylke.

// NOTAT. Kjelde: NAV jan.98. jul.98. jul.99. jul.01. jul.00. jul.03. jul.02. jul.08. jul.09. jul.07. jul.06. jul.04. jul.05. jan.99. jan.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Arbeidsmarkedet nå - oktober 2015

Arbeidsmarkedet nå juni 2006

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

12. Færre besøk ved norske kinoar

Lønnsundersøkinga for 2014

Arbeidsmarkedet nå april 2016

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Nedgang i legemeldt sykefravær 1

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

NAV Sør-Trøndelag. Bedriftsundersøkelsen 2015

14. Radio og TV. Liv Taule

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Arbeidsmarkedet i handels- og tjenesteytende næringer

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Mai Bedriftsundersøkelsen 2015 Akershus

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Rådgjevarkonferansen 2009

Arbeidsmarkedet nå mai 2006

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Om Fylkesprognoser.no

Næringsbarometeret for Hordaland januar Utarbeidd av ideas2evidence i samarbeid med partane bak Næringsbarometeret

Mai Utarbeidd i samarbeid mellom av Asplan Viak og:

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Avdeling for regional planlegging

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

1Vaksne i grunnskoleopplæring

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

NAVs bedriftsundersøkelse 2018 Hedmark

Til deg som bur i fosterheim år

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

// PRESSEMELDING nr 1/2013. Pressemelding fra NAV Sør-Trøndelag

HORDALANDD. Utarbeidd av

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

Forsiktig oppgang. BEHOV FOR NY KOMPETANSE? 89 % sier de har tilstrekkelig kompetanse i dag, men for fremtiden spår 67 % at ny kompetanse må tilføres.

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

tapte årsverk i 2011

Finansiering av dei offentlege fagskolane

IKT-kompetanse for øvingsskular

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Transkript:

Utarbeidd i samarbeid mellom Asplan Viak og: Mai 25

Innhald Optimismen held fram 3 Oppsummering: Framleis forsiktig vekst 4 Arbeidsmarknaden: Arbeidsløysa går ned 6 Spesialtema Rekruttering av arbeidskraft 8 Utdanning for innovasjon 1 Forventingar og utviklingstrekk for ulike næringar/næringsgrupper Offentleg sektor og anna privat tenesteyting 12 Industri 14 Energi 16 Bygg og anlegg 17 Primærnæringane 18 Transport og kommunikasjon 19 Bank, finans, eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting 2 Varehandel 21 Reiseliv: hotell- og restaurantverksemd 22 Kjelder 23 Næringsbarometeret tek pulsen på næringslivet på Vestlandet Næringsbarometeret gir status og framtidsutsikter for privat og offentleg sektor. Målet er å vise utviklingstrekka i marknadsutsiktene, lønnsemda, sysselsetjinga og investeringane. Vi peiker òg på ulike utfordringar og mogelegheiter. Planen er at publikasjonen blir utgitt to gonger per år. Tema og omfang kjem til å variere frå utgåve til utgåve. Rapporten er utarbeidd i samarbeid mellom Asplan Viak og aktørane som er nemnt på neste side. Vi vil gjerne ha innspel til innhaldet i barometeret. Bileta på framsida og nedanfor er frå bygginga av Campus på Fosshaugane i Sogndal. Foto: Oskar Andersen.no

Foto: Frode Storvik, Aetat Optimismen held fram Vi har gleda av å presentere den andre utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. Næringsbarometeret er eit resultat av partnarskap mellom Sparebanken Vest, NHO, Innovasjon Norge, fylkeskommunen og Aetat i dei to fylka. Barometeret tek pulsen på utviklinga i næringslivet det neste året. Denne utgåva har særleg fokus på utviklinga i arbeidsmarknaden. 15 offentlege og private verksemder har svart på kva behov dei har for arbeidskraft det kommande året. Vi ser nærmare på offentleg sektor og industrien, som to av dei mest arbeidsintensive sektorane. Som spesialtema presenterer vi ei stor undersøking om kva kanalar som blir brukte til rekruttering. Ein annan artikkel gir overblikk over korleis det blir satsa på utdanning for innovasjon og entreprenørskap i Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi kan slå fast at spådommane om industridød i fylka våre blir gjort til skamme. Bedriftene er optimistiske for 25, særleg innafor verkstads-, olje- og verftsindustrien. Byggje- og anleggsnæringa ventar òg framleis høg aktivitet. Dei negative utsiktene finn vi innanfor den offentlege tenesteytinga i helse- og omsorgssektoren og i undervisningssektoren. Det har samanheng med den svake kommunale økonomien. Vi må nytte dei gode tidene til å hjelpe dei som står utanfor arbeidslivet, med å komme tilbake i arbeid. Eit meir inkluderande arbeidsliv må innebere at ein periode som arbeidsledig ikkje blir ein plett på rullebladet! Mai 25 Partnarane bak Næringsbarometeret Aetat Hordaland Aetat Sogn og Fjordane Innovasjon Norge Hordaland Innovasjon Norge Sogn og Fjordane NHO Hordaland NHO Sogn og Fjordane Hordaland fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Sparebanken Vest Tommy Johansen Fylkesarbeidssjef Aetat Hordaland Frode Henden Fylkesarbeidssjef Aetat Sogn og Fjordane 3

Oppsummering Framleis forsiktig vekst Det ligg an til å bli 3 4 fleire arbeidsplassar i Hordaland det kommande året I Sogn og Fjordane kan det bli rundt 3 fleire arbeidsplassar Arbeidsløysa minkar i begge fylka Arbeidsløysa aukar i offentleg sektor Vel 4 prosent av bedriftene i begge fylka ventar auka omsetnad i 25 Meir enn kvar tredje bedrift ventar auka lønnsemd Gode marknadsutsikter og høgare omsetnad Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret tyder på at store delar av næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane opplever ei positiv marknadsutvikling i 25. Kvar tredje bedrift rapporterer at marknadsutsiktene for 25 er betre enn for fjoråret. Svært få meiner at marknadssituasjonen er blitt dårlegare. Samanlikna med resultata frå det førre Næringsbarometeret har bedriftene justert ned forventingane noko. Over 4 prosent av bedriftene ventar at omsetnaden i 25 blir høgare enn i 24. Høgast omsetnadsvekst er venta innanfor forretningsmessig tenesteyting og mekanisk industri. Ein stor del av desse næringane, særleg i Hordaland, nyt godt av eit svært høgt aktivitetsnivå i oljesektoren. Fleirtalet av varehandelsbedriftene i Hordaland ventar òg framleis vekst i omsetnaden. Arbeidsløysa minkar Arbeidsmarknaden har utvikla seg positivt både i Hordaland og Sogn og Fjordane til no i år. Det har samla sett vore ein nedgang i arbeidsløysa i begge fylka, mest i Sogn og Fjordane. Arbeidsløysa har særleg gått ned i industrien, mens ho har auka i offentleg sektor. Den same tendensen ser vi på landsbasis. I første tertial 25 gjekk arbeidsløysa ned med 11 prosent i Sogn og Fjordane og éin prosent i Hordaland samanlikna med første tertial 24. På landsbasis var det i same perioden ein nedgang på fem prosent. Med tre prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid er Sogn og Fjordane framleis blant fylka med lågast arbeidsløyse, mens Hordaland ligg på landsgjennomsnittet med 3,8 prosent. HORDALAND 8 7 6 5 4 3 2 1 8 7 6 5 4 3 2 1 Marknadsutsikter Omsetnad Tilsette Lønnsemd Marknadsutsikter Omsetnad Tilsette Lønnsemd Investeringar Figur 1: Bedriftsundersøkinga - vurdering av 25 samanlikna med 24. Ekskl. offentleg verksemd (n=664). SOGN OG FJORDANE Investeringar Figur 2: Bedriftsundersøkinga - vurdering av 25 samanlikna med 24. Ekskl. offentleg verksemd (n=427). Sysselsetjinga er venta å auke I Hordaland er det rundt 22 sysselsette 34 prosent i offentleg verksemd, 17 prosent innanfor varehandel, hotell og restaurant og 13 prosent i industrien. I Sogn og Fjordane er det rundt 55 sysselsette. Her har offentleg sektor 33 prosent, mens varehandel, hotell og restaurant har 15 prosent og industri 16 prosent. Bedriftsundersøkinga tyder på at sysselsetjinga kjem til å auke i begge fylka det kommande året. Samla sett er det venta ein sysselsetjingsvekst i Hordaland på rundt 1,5 prosent. Veksten i Sogn og Fjordane er venta å bli på rundt,5 prosent. Dei næringane som ventar størst prosentvis vekst, er oljeutvinning, bygg og anlegg, mekanisk industri og eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting, se figur 3. Også innanfor hotell og restaurant og transport signaliserer bedriftene ein bemanningsauke. Innanfor varehandel er det tydeleg forskjell mellom fylka. I Hordaland er det venta ein vekst på rundt fire prosent, mens det i Sogn og Fjordane er venta ein liten nedgang. Det store utslaget innanfor kommunikasjon kjem av nedbemanninga i Posten. Mangel på fagarbeidarar innanfor mekanisk Delar av næringslivet i regionen rapporterer om rekrutteringsproblem. Problema er størst innanfor mekanisk industri og bygg og anlegg. Fleire av bedriftene har ledige stillingar fordi dei ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft. Det er særleg behov for tømrarar, sveisarar, elektrikarar og maskinarbeidarar. Betre lønnsemd Kvar tredje bedrift i Hordaland og Sogn og Fjordane trur at lønnsemda blir betre i år enn i 24. I Hordaland er optimismen størst innanfor varehandel, eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting. Her ventar over 4 prosent betra resultat. Det er òg stor optimisme innanfor bygg og anlegg, industri og hotell og restaurant. I Sogn og Fjordane er det bygg og anlegg, industri og eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting som har størst tru på resultatvekst. Også her ventar rundt 4 prosent betring i forhold til i fjor. investeringsnivå Ifølgje bedriftsundersøkinga er det lite som tyder på at investeringane skal auke. Rundt 7 prosent av bedriftene i Hordaland og 6 prosent av bedriftene i Sogn og Fjordane planlegg eit stabilt investeringsnivå. 4

VENTA SYSSELSETJINGSVEKST 12 9 6 Hordaland Sogn og Fjordane Endring i % 3-3 -6-9 -12 Bergverksdrift og olje- /gassutv. Industri Bygg og anlegg Hotell og restaurant Transport Finans/ tenesteyting Kraftog vassforsyning Varehandel Kommunikasjon Eigedomsdrift/forr. ten.yting Offentleg forvalting Undervisning Helsetenester og sos. tenester Andre sos. og pers. tenester Figur 3: Venta sysselsetjingsvekst i Hordaland og Sogn og Fjordane frå mars 25 til mars 26. Kjelde: Aetat. Rundt 2 prosent vil auke investeringane. Særleg innanfor industri- og energisektoren er det venta høgare investeringar. I Sogn og Fjordane signaliserer dessutan transport og kommunikasjon høgare investeringar. Ifølgje Innovasjon Norge er det likevel mykje som tyder på at investeringane faktisk aukar. Innovasjon Norge har registrert økt pågang etter finansiering både når det gjeld fysiske investeringar og FoU første kvartal 25, i første rekke frå industri, primærnæringane, reiseliv og tenestesektoren. Også Sparebanken Vest melder om auke i utlån til næringsføremål. Veksten i offentleg sektor har stoppa opp Kommuneundersøkinga for Næringsbarometeret viser at mange kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane ventar strammare økonomi i 25, dels på grunn av reduserte rammetilskot frå staten, dels på grunn av lågare skatteinntekter. Det gir seg utslag i færre tilsette. Særleg undervisning, men òg administrasjon er aktuelle sektorar for budsjettkutt. Dei fleste kommunane får uendra eller auka utgifter til barnehagane og skulefritidsordninga. For helse- og sosialsektoren er biletet blanda: Om lag halvparten av dei som har svart, legg opp til kutt, mens den andre halvparten legg opp til auke. Betre tider for industrien Med rekordhøge investeringar i petroleumsnæringa og lysare tider for verfta ligg forholda betre til rette enn på lenge for industrien på Vestlandet. Det viser igjen i resultata frå bedriftsundersøkinga. 4 prosent av industribedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane ventar auka omsetnad i 25. Etter fleire år med minkande industrisysselsetjing ser trenden ut til å snu. Industrien signaliserer no vekst i sysselsetjinga i begge fylka. Høgast vekst er det venta innanfor mekanisk industri, der det kan komme 13 14 nye arbeidsplassar neste år. Høg byggje- og anleggsaktivitet I begge fylka er det høg aktivitet i byggjeog anleggsnæringa. 24 blei eit rekordår med omsyn til bustadbygging i Hordaland. Igangsetjinga av nye bustader auka med heile 5 prosent frå året før. I Sogn og Fjordane var auken på 15 prosent. Også innanfor annan byggjeaktivitet har det vore auke. Trass i den sterke veksten i 24 ventar bedriftene ytterlegare vekst i 25. Kvar tredje bedrift ventar auka omsetnad i år. Sysselsetjinga er venta å auke med fire prosent, noko som tilsvarer 7 8 arbeidsplassar. Positiv trend i fleire fylke Den positive trenden vi ser i delar av næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane, ser ut til å gjere seg gjeldande i andre kystfylke òg. Bygg- og anleggsnæringa ventar ein sysselsetjingsvekst på fire fem prosent i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og trøndelagsfylka. Den venta veksten innanfor forretningsmessig tenesteyting og varehandel ligg på same nivået i desse fylka. Unntaket er varehandelen i Sogn og Fjordane, som ikkje ventar fleire tilsette. Dei positive signala frå mekanisk industri finn vi òg igjen i andre fylke. I trøndelagsfylka ventar næringa nesten like stor vekst som i regionen vår. I Rogaland derimot ventar dei mykje mindre vekst i 25. Datagrunnlag Næringsbarometeret er i stor grad basert på ei bedriftsundersøking som Aetat gjennomførte i mars 25. Undersøkinga omfattar vel 15 verksemder 952 i Hordaland og 574 i Sogn og Fjordane. Det er òg gjennomført ei undersøking blant kommunane i dei to fylka. Kommunane som har svart, representerer til saman 2/3 av folketalet i dei to fylka. Artikkelen om rekruttering er basert på ei undersøking frå Aetat. Lastekontrolløren frå Saga Fjordbase AS (INC Gruppen, Florø) ser til at supplyfartøyet får med rette varer. Foto: Oskar-Andersen.no 5

Arbeidsmarknaden i arbeidsløysa i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane, om lag uendra i Hordaland i arbeidsløysa innanfor industri, bygg og anlegg auke i offentleg sektor Størst nedgang i arbeidsløysa i Sunnfjord i arbeidsløysa blant menn auke blant kvinner Auke i stillingstilgangen i Sogn og Fjordane nedgang i Hordaland Hovudtrekka i utviklinga på arbeidsmarknaden i Hordaland og Sogn og Fjordane så langt i år er nedgang i arbeidsløysa i industrien og auke i offentleg sektor. Den same tendensen ser vi på landsbasis. Totalt sett har det vore ei betring på arbeidsmarknaden i begge fylka. Sunnfjord er den regionen som har mest positiv utvikling. Størst nedgang i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane I første tertial 25 gjekk arbeidsløysa ned med 11 prosent i Sogn og Fjordane og éin prosent i Hordaland samanlikna med første tertial 24. På landsbasis var det ein nedgang på fem prosent i den same perioden. Prosent 7 6 5 4 3 2 1 Østfold Tiltaksdeltakarar Akershus Oslo Hedmark Heilt ledige Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust-Agder Figur 1: Arbeidsledige og deltakarar på arbeidsmarknadstiltak i fylka i prosent av arbeidsstyrken. Gjennomsnitt 1. tertial 25. Kjelde: Aetat. Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Troms Finnmark Landet Med tre prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid er Sogn og Fjordane framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse, mens Hordaland ligg på landsgjennomsnittet med 3,8 prosent (figur 1). Prosent 6 4 2 Hordaland Sogn og Fjordane Positiv utvikling i industrien I både Hordaland og Sogn og Fjordane er det av dei større næringane industrien som har hatt størst reduksjon i arbeidsløysa (figur 2). Færre permitterte, særleg i verkstadindustrien, er ei viktig årsak til nedgangen. I tillegg har bygg og anlegg hatt ein monaleg reduksjon i Sogn og Fjordane og primærnæringane i Hordaland. I begge fylka er det undervisning og helse, pleie og omsorg som har hatt størst auke i arbeidsløysa. Størst nedgang i arbeidsløysa i Sunnhordland, Sunnfjord og Nordfjord I begge fylka er det regionale forskjellar i utviklinga på arbeidsmarknaden. I Hordaland har Bergen sentrum og Voss/Hardanger ein auke i arbeidsløysa på høvesvis to og fire prosent, mens dei andre regionane har nedgang. -2-4 Naturvitskapelege yrker Helse, pleie og omsorg Undervisningsarbeid Administrativt og humanistisk arbeid Figur 2: Prosentvis endring i talet på heilt ledige frå 1. tertial 24 til 1. tertial 25 etter yrkesbakgrunn. Kjelde: Aetat. I Sogn og Fjordane har Sunnfjord og Nordfjord ein nedgang i arbeidsløysa på høvesvis 14 og 11 prosent, mens Sogn har ein nedgang på sju prosent. Sogn har i utgangspunktet lågare arbeidsløyse enn Sunnfjord og Nordfjord. I Sunnfjord er betringa for verkstadindustrien ei årsak til den positive utviklinga på arbeidsmarknaden. Merkantile yrker Handelsarbeid Jordbruk, skogbruk og fiske Transportarbeid Bygg- og anleggsarbeid i arbeidsløysa blant menn auke blant kvinner Den positive utviklinga i industrien har ført til mindre arbeidsløyse blant menn, mens auken i arbeidsløysa i offentleg sektor har ramma flest kvinner. Frå første tertial i fjor har Hordaland ein reduksjon i arbeidsløysa blant menn på seks prosent, mens det for kvinner er ein auke på seks prosent. I Sogn og Fjordane er skilnaden endå større. Her har menn hatt ein nedgang på 18 prosent, Industriarbeid Anna servicearbeid 6

Frå Backer Entreprenør sitt oppdrag for Jernbaneverket ved Ristesund på Bergensbanen. Foto: Backer Entreprenør A/S mens kvinner har hatt ein auke på éin prosent. 12 Hordaland Sogn og Fjordane I Hordaland har arbeidsløysa blant dei med meir enn fire års høgare utdanning auka med 16 prosent frå første tertial i fjor til første tertial i år. I Sogn og Fjordane er det ein auke på fem prosent blant dei med inntil fire års høgare utdanning. Denne auken kan forklarast med at det er blitt fleire arbeidsledige i offentleg sektor. Langtidsarbeidsløysa ned i Hordaland Langtidsarbeidsløysa (over 26 veker) har utvikla seg ulikt i dei to fylka. Hordaland har hatt ein nedgang på 16 prosent frå første tertial 24 til første tertial 25, mens Sogn og Fjordane har hatt ein auke på 13 prosent. Ei forklaring på forskjellen mellom fylka kan vere at den negative trenden på arbeidsmarknaden snudde tidlegare i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Hordaland har også i denne perioden hatt eit høgare tiltaksnivå enn Sogn og Fjordane. Oppfølging frå Aetat er viktig for dei langtidsledige, og Aetat i Sogn og Fjordane er no i ferd med å trappe opp dette arbeidet, mellom anna gjennom tettare oppfølging og tilbod om arbeidsmarknadstiltak. Auke i stillingstilgangen i Sogn og Fjordane nedgang i Hordaland Utviklinga i talet på utlyste stillingar er ikkje ein like god målestokk for utviklinga på arbeidsmarknaden som tidlegare. Årsaka er at rekrutteringa i stadig større grad skjer utanom dei tradisjonelle kanalane som Aetat registrerer (direkte meldingar til Aetat, aviser, tidsskrift o.a.). Tilgangen til utlyste ledige stillingar er likevel stor nok til å gi eit inntrykk av utviklinga. I perioden frå første tertial 24 til første tertial 25 har Hordaland hatt ein nedgang Prosent 1 8 6 4 2-2 -4 Naturvitskapelege yrker Helse, pleie og omsorg Undervisningsarbeid Administrativt og humanistisk arbeid Figur 3: Prosentvis endring i stillingstilgang frå 1. tertial 24 til 1. tertial 25 etter yrkesbakgrunn. Kjelde: Aetat. på éin prosent i stillingstilgangen, mens Sogn og Fjordane har hatt ein auke på seks prosent. Det samsvarer med at Sogn og Fjordane i denne perioden har hatt ein større nedgang i arbeidsløysa enn Hordaland. I Sogn og Fjordane er auken i stillingstilgangen størst innanfor naturvitskaplege yrke, industri, bygg og anlegg, som òg har størst nedgang i arbeidsløysa (figur 3). Helse/pleie/omsorg og undervisningsarbeid har størst nedgang i stillingstilgangen. Desse sektorane har òg størst auke i arbeidsløysa. I Hordaland er ikkje samanhengen mellom utviklinga i arbeidsløyse og stillingstilgang like klar. Her er det størst nedgang i stillingstilgangen i industri, bygg og anlegg, mens helse, pleie og omsorg har ein auke i stillingstilgangen. Mykje av nedgangen i industri, bygg og anlegg kan truleg forklarast med at rekrutteringa skjer via andre kanalar enn dei som er med i statistikken. Merkantile yrker Handelsarbeid Jordbruk, skogbruk og fiske Transportarbeid Bygg- og anleggsarbeid Fleire yrkeshemma Talet på yrkeshemma har auka mykje dei siste par åra, og det er no snart like mange yrkeshemma som heilt ledige. Frå første tertial 24 til første tertial 25 har talet på yrkeshemma auka med 12 prosent i Hordaland og 11 prosent i Sogn og Fjordane. Ein del av auken skuldast at Aetat no får overført fleire frå trygdeetaten til vurdering og utprøving på attføring. Aetat aukar satsinga på oppfølging og tiltak for denne gruppa for å kunne føre flest mogleg tilbake til ordinært arbeid. Talet på yrkeshemma aukar mest i aldersgruppa over 5 år og blant dei med høgare utdanning, men framleis er det få yrkeshemma med høgare utdanning. Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av Aetat. Industriarbeid Anna servicearbeid 7

Spesialtema Rekruttering av arbeidskraft Ledige stillinger som utlyses utgjør ca 4 prosent av stillingsmarkedet 6 prosent av ledige stillinger blir besatt uten at informasjon om dem har vært offentlig tilgjengelig Den vanligste rekrutteringskanalen er eget nettverk eller bekjentskapskrets Aetat har gjennomført en spørreundersøkelse for å kartlegge hvordan bedrifter rekrutterer arbeidskraft. 7 virksomheter innenfor både offentlig og privat sektor fikk tilsendt spørreskjema. 64 prosent svarte. Valg av rekrutteringsmetode varierer til dels betydelig både med stillingens varighet, krav til utdanningsnivå og etter hvilken næring bedriften tilhører. 6 prosent av ledige stillinger lyses ikke ut Bedriftene som deltok i undersøkelsen har oppgitt at 4 prosent av ledige stillinger blir utlyst. En stilling er her definert som utlyst dersom informasjon om stillingen er gjort offentlig tilgjengelig, for eksempel gjennom avisannonsering. Dette innebærer at flertallet av alle ledige stillinger besettes uten at informasjon om dem har vært offentlig tilgjengelig. Disse besettes ved at bedriftene kun benytter uformelle rekrutteringskanaler, intern rekruttering eller rekrutteringsfirmaer/vikarbyråer. Rekruttering gjennom eget nettverk eller bekjentskapskrets er den vanligste rekrutteringskanalen. Figur 1 viser at andelen utlyste stillinger stiger når stillingenes varighet øker. Prosent 1 8 6 4 2 Under 3 mnd Utlyste stillinger Mellom 3 mnd og 1 år Stillinger som ikke er utlyst Over 1 år (herunder fast stilling) Totalt Figur 1: Andel utlyste stillinger, fordelt etter varighet. Kilde: Aetat. Rekrutteringskanalene Virksomhetene ble også spurt om hvilken eller hvilke rekrutteringskanaler som ble benyttet siste gang bedriften rekrutterte ny arbeidskraft. Eget nettverk eller bekjentskapskrets er den kanalen som oftest blir benyttet når bedriftene rekrutterer arbeidskraft. Hele 37 prosent av stillingene rekrutteres på denne måten, jf. figur 2. Aviser, tidsskrifter eller andre trykte medier benyttes ved 26 prosent av stillingene, og er den hyppigst brukte kanalen ved ekstern utlysing. Nesten like vanlig er det at personer som blir rekruttert, selv tar kontakt med bedriften, uten at stillingen er gjort kjent gjennom andre rekrutteringskanaler (25 prosent). Prosent 35 3 25 2 15 1 5 Avis, tidsskrifter eller andre trykte medier Stillingsdatabase på internett Egen hjemmeside Aetat Rekrutteringsfirma, vikarbyrå el. Figur 2: Bruk av rekrutteringskanaler, prosentvis fordeling av antall stillinger totalt. Kilde: Aetat. Aetat benyttes ved 16 prosent av stillingene, og intern rekruttering ved 14 prosent, mens både stillingsdatabase på internett og egen hjemmeside hver benyttes i 1 prosent av tilfellene. Intern rekruttering Eget nettverk/ bekjentskapskrets CV-database på internett Personen som ble rekruttert tok selv kontakt Annet Rekrutteringsfirma, vikarbyrå e.l. blir benyttet ved åtte prosent av stillingene, mens undersøkelsen indikerer at kandidatsøk i CV-databaser på internett er en rekrutteringsmetode som foreløpig benyttes relativt sjelden. Vi antar imidlertid at resultatene kan undervurdere bruk av internettannonsering og nettbaserte CV-databaser. Det må understrekes at resultatene fra undersøkelsen kun anslår hvor ofte hver enkelt rekrutteringskanal blir benyttet. I de tilfeller bedriftene som deltok hadde benyttet flere ulike kanaler for samme stilling, vet vi ikke hvilken kanal som faktisk førte til ansettelse. Store variasjoner mellom næringer Ikke overraskende er det innenfor offentlig forvaltning, undervisning og helse- og sosialtjenester at stillinger oftest lyses ut eksternt. Disse sektorene drar også gjennomsnittet opp. De aller fleste næringene lyser ut mindre enn 1/3 av ledige stillinger. Prosent 1 8 6 4 2 Jordbruk, skogbruk og fiske Utlyste stillinger Industri Bygg og anlegg Varehandel Hotell og restaurant Stillinger som ikke er utlyst Figur 3: Andel utlyste stillinger, fordelt etter næring. Kilde: Aetat. Kanalvalg etter næringsgruppering Aviser, tidsskrifter o.l. benyttes oftest som rekrutteringskanal ved stillinger innenfor offentlig forvaltning (61 prosent). Dette henger delvis sammen med at offentlige virksomheter har plikt til å lyse ut stillinger utover en viss varighet. Denne plikten er Transport og kommunikasjon Finans og forr.messig tj.yting Offentlig forvaltning Undervisning Helse- og sosialtjenester Totalt 8

BRUK AV REKRUTTERINGSKANALER, PROSENTVIS FORDELING AV ANTALL STILLINGER INNENFOR HVER NÆRINGSGRUPPE Avis, Stillings- Egen Aetat Rekrutt- Intern Eget CV- Personen Annet tidsskrifter database hjemme- erings- rekrutt- nettverk, database som ble eller andre på side firma, ering bekjent- på rekruttert tok trykte medier internett vikarbyrå e.l. skapskrets internett selv kontakt Jordbruk, skogbruk og fiske 12 % 1 % 2 % 8 % 2 % 11 % 59 % % 28 % 5 % Industri 19 % 5 % 5 % 11 % 18 % 9 % 42 % % 25 % 3 % Bygg og anlegg 16 % 4 % 4 % 11 % 4 % 8 % 4 % % 41 % 5 % Varehandel 19 % 7 % 7 % 14 % 4 % 11 % 36 % % 34 % 3 % Hotell og restaurant 15 % 5 % 3 % 18 % 4 % 16 % 45 % 1 % 43 % 4 % Transport og kommunikasjon 14 % 5 % 5 % 13 % 6 % 16 % 41 % 1 % 3 % 3 % Finans og forr.messig tj.yting 23 % 16 % 17 % 19 % 13 % 11 % 44 % 1 % 18 % 4 % Offentlig forvaltning 61 % 22 % 35 % 36 % 4 % 22 % 17 % 1 % 7 % 4 % Undervisning 46 % 17 % 12 % 16 % 2 % 16 % 31 % 1 % 12 % 6 % Helse- og sosialtjenester 37 % 13 % 1 % 17 % 3 % 23 % 25 % % 21 % 6 % Totalt 26 % 1 % 1 % 16 % 8 % 14 % 37 % 1 % 25 % 4 % nok også noe av grunnen til at denne rekrutteringskanalen også er relativt vanlig innenfor undervisning (46 prosent) og helseog sosialtjenester (37 prosent). Begge har et sterkt innslag av offentlige virksomheter. Stillingsbase på internett er også mest vanlig innenfor offentlig forvaltning (22 prosent) og undervisning (17 prosent), men også innen finans og forr. messig tj.yting (16 prosent). De næringsvise ulikhetene følger samme mønster når det gjelder annonsering på egen hjemmeside. Dog benyttes denne rekrutteringskanalen ved hele 35 prosent av stillingene innenfor offentlig forvaltning. Aetat benyttes oftest av offentlig forvaltning (36 prosent) etterfulgt av finans og forretningsmessig tj.yting (19 prosent), hotell og restaurant (18 prosent), helse og sosialtj. (17 prosent) og undervisning (16 prosent). Aetat benyttes minst av jordbruk/skogbruk/fiske (8 prosent), og også relativt lite av industri og bygg og anlegg (11 prosent). Bruk av rekrutteringsfirma, vikarbyrå o.l. forekommer oftest innenfor industri (18 prosent) og finans og forretningsmessig tjenesteyting (13 prosent). Eget nettverk/bekjentskapskrets er helt dominerende innenfor jordbruk/skogbruk/fiske (59 prosent), men også den mest brukte rekrutteringskanalen innenfor hotellog restaurantnæringen (45 prosent), finans og forretningsmessig tj.yting (44 prosent), industri (42 prosent), transport og kommunikasjon (41 prosent) og varehandel (36 prosent). Denne kanalen er minst vanlig innenfor offentlig forvaltning (17 prosent), noe som nok har sammenheng med at en slik rekrutteringsmåte neppe er forenlig med de formelle prosedyrer som der gjelder ved ansettelse i stillinger over en viss varighet. At personer blir rekruttert etter selv å ha tatt kontakt med bedriften forekommer spesielt ofte innenfor hotell- og restaurantnæringen (43 prosent) og bygg og anlegg (41 prosent), men er også ganske vanlig innenfor varehandel (34 prosent) og transport og kommunikasjon (3 prosent). Rekrutteringsmetode etter utdanning Valg av rekrutteringsmetode varierer til dels betydelig også etter krav til utdanningsnivå. Eget nettverk og bekjentskapskrets benyttes hyppig ved rekruttering til stillinger innenfor alle utdanningsnivåer (gjennomsnittlig 37 prosent). Desto høyere kravene til utdanning er, desto oftere benyttes rekrutteringskanalene aviser, tidsskrifter o.l., stillingsdatabase på internett, egen hjemmeside og rekrutteringsfirma, vikarbyrå e.l. Hele 43 prosent benytter avis, tidsskrift og lignende i disse tilfellene. At personen som blir ansatt selv har tatt kontakt er vanligere ved stillinger som krever lav enn ved stillinger som krever høy utdanning. Bruken av Aetat som rekrutteringskanal synes å forekomme noenlunde i samme omfang uansett stillingens utdanningsnivå (ca 16 prosent), dog benyttes Aetat noe oftere ved rekruttering til stillinger med lave krav til utdanningsnivå. Intern rekruttering synes også å forekomme omtrent i samme omfang (rundt 14 prosent) uavhengig av stillingens utdanningsnivå. Artikkelen er basert på en undersøkelse fra Aetat. Datagrunnlag I november/desember 24 gjennomførte Aetat en landsomfattende spørreundersøkelse om rekruttering av arbeidskraft. Spørreskjema ble sendt til 7 bedrifter og virksomheter, og 64 prosent svarte. Utvalget ble fordelt på 1 næringsgrupperinger, disse fremgår av figur 3. Den enkelte bedrift kunne krysse av for flere ulike rekrutteringskanaler dersom flere ulike kanaler faktisk var blitt benyttet. I undersøkelsen omfatter begrepet stilling både arbeidsforhold som opprettes ved å ansette en person og arbeidsforhold som dekkes ved å leie inn en person. For å unngå dobbelttelling av stillinger skulle innleid personell kun telles med hos bedriftene som hadde leid inn slike. Ansettelse av utleiepersonell i vikarbyråer o.l. skulle ikke telles med. Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge AS 9

Spesialtema Utdanning for innovasjon Evna og viljen til nyskaping og til å løyse oppgåver på nye måtar er ein føresetnad for å lukkast på den opne, internasjonale marknaden. Både produkt, tenester og produksjonsprosessar blir raskt kopierte av land med lågare kostnader. Marknadsmessig levetid for produkta blir stadig kortare. For alle vestlege høgkostnadsland er utfordringa å gjere ting smartare enn konkurrentane. Norske bedrifter må heile tida liggje i framkant av utviklinga. Eit høgt kunnskapsnivå og gode holdningar til entreprenørskap er føresetnader for nyetablering og vekst. Derfor må entreprenørskap ha ein sterk plass i undervisninga, og samarbeidet mellom kunnskapsinstitusjonane og næringslivet må bli tettare. Etablering av nye bedrifter entreprenørskap Eit nyskapande og internasjonalt konkurransedyktig næringsliv er avhengig av ein stor underskog av nye kunnskapsbaserte og innovative bedrifter. Det er viktig både for å få fram nye vekstbedrifter og for at eksisterande bedrifter skal kunne styrkje seg gjennom oppkjøp av nyetableringar. Sjølv om det blir etablert mange nye bedrifter i Noreg, er overlevingsevna, vekstviljen og vekstpotensialet gjennomgåande for svakt. Tal frå SSB viser rekordmange nyetableringar i Noreg, men fire av ti nyetablerte føretak overlever ikkje det første året. Det er konstatert stor grad av samanfall mellom nyheitsgrad og potensiale for vekst og avkasting hos nyskapande etablerarar. Skal vi få til ein tilvekst i underskogen av nyskaparar, må det fokuserast både på å få fleire entreprenørar generelt og på å få nyskapande entreprenørar spesielt. Det bør dessutan leggjast vekt på å betre evna til gjennomføring og vekst gjennom finansiering, kompetanse og nettverk tilpassa dei ulike fasane i etableringa. Ungdomsbedrifter aukar etableringsraten Av dei som har gjennomført konseptet Ungdomsbedrift, har 2,5 prosent i aldersgruppa 25 til 34 år etablert si eiga bedrift, mens den normale etableringsraten er fire prosent. Det går fram av den nasjonale undersøkinga Hva hendte siden? Ungdomsbedrifter i den videregående skolen, som Nord-Trøndelagsforskning gjennomførte i 23. Dette viser at det er mogleg å byggje ein kultur for entreprenørskap dersom ein går systematisk til verks. Ungdomsbedrift er ein pedagogisk metode som gir ungdom i den vidaregåande skulen kunnskap om og forståing for bedriftsetablering. Med støtte frå lærarar og ein rådgivar eller mentor frå næringslivet skal elevane gjennom eit skuleår etablere, drive og avvikle ei ungdomsbedrift. Stor deltaking i ungdomsbedrifter Det offentlege prøver å fremje utdanning for entreprenørskap gjennom utdanningsløpet frå grunnskule til høgskule. Arbeidet med å gi elevar i den vidaregåande skulen opplæring i entreprenørskap er godt i gang både i Hordaland og Sogn og Fjordane. Utviklinga er kommen lengst i Sogn og Fjordane, der heile 29 prosent av elevane er med i ungdomsbedrifter. Berre i Nord- Trøndelag er dette talet høgare. Sjølv om Hordaland er blant fylka med flest ungdomsbedrifter, er det berre åtte prosent av elevane som deltek i skuleåret 24/25. Hordaland Sogn og fjordane Skular med ungdomsbedrift 23 15 Ungdomsbedrifter 98 72 Elevar som deltek i UB 454 455 Prosent av elevane som deltek i UB 7,9 29,8 Tabell 1: Skular, ungdomsbedrifter, talet på elevar og prosentdel av elevane som deltek i konseptet Ungdomsbedrift i 24/25. Kjelde: Ungt Entreprenørskap. Mange av skulane får fram stor entusiasme og mange elevar med interesse for entreprenørskap. Eit døme er Datanerdane UB ved Flora vidaregåande skule, som reparerer og held ved like PC-ar for privatpersonar og arrangerer cup i dataspelet Counter-strike. Eit anna døme er Jungelklubben Barnepark UB, som starta barnepark ved Sartor Senter. Senteret har no teke over verksemda og driv barneparken vidare etter same konseptet med ein av elevane som deltidstilsett. For at alle elevar i den vidaregåande skulen skal få eit slikt tilbod, ønskjer ein å styrke Ungt Entreprenørskap si støtteverksemd i fylka, utvikle utdanningstilbodet til lærarane og få fleire lærarar med kompetanse på feltet. Ungt Entreprenørskap (UE) er ein landsdekkjande organisasjon med aktivitet i alle fylka. UE har utvikla materiell og læremiddel til bruk i undervisninga og arbeider kontinuerleg med å utvikle nye konsept og metodar. Fylkeslaga er gode støttespelarar for lærarane i skulane gjennom kompetansebygging og rettleiing, og dei er brubyggjarar mellom næringslivet og skulen. Studietilbod skal bidra til å auke entreprenørkompetansen For lærarane som kastar seg ut i dette, krev det mykje eigeninnsats å tileigne seg den nødvendige kunnskapen. Høgskolen i Sogn og Fjordane tilbyr derfor lærarar halvtårseiningar i entreprenørskap til bruk i undervisninga. I Hordaland arbeider Høgskolen i Bergen med å utforme eit liknande tilbod. Når det gjeld utdanning for entreprenørskap på høgare nivå, gir Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen tilbod om fordjuping i innovasjon og entreprenørskap knytt til bachelorstudiet i økonomiske og administrative fag. Etter at studiane er avslutta, får studentane ved Høgskolen i Bergen høve til å etablere og utvikle bedrifter i samarbeid med skulen og Innovasjon Norge. Skulen har plass til ti slike bedrifter. 1

UB Badehette frå Bjørgvin videregående skole vann fylkeskonkurransen for Hordaland i klassen Beste ungdomsbedrift 24. Bedrifta importerer ei superbehageleg badehette som ikkje riv og slit i hårrota. Mesteparten av salet går til skolar med hårsåre elevar. Universitetet i Bergen samarbeider med Norges Handelshøyskole om tilbodet Gründerskolen, ei halvtårseining i entreprenørskap med tre månaders praksis i oppstartverksemder i utlandet. I Hordaland har fleire teke til orde for å etablere eit permanent senter for innovasjon og entreprenørskap som skal sikre eit breiare og fagleg tyngre tilbod av denne typen utdanning. Denne utviklinga er no inne i ein avklarande fase, og konkrete planar kjem truleg til å liggje føre hausten 25. Utvikling av eksisterande bedrifter Utvikling av eit konkurransedyktig næringsliv kan ikkje berre baserast på etablering av nye bedrifter. Tvert om viser erfaringane at dei fleste innovasjonar finn stad i det eksisterande næringslivet, og at innovasjonsprosjekt har betre føresetnader for å lukkast i eksisterande enn i nyetablerte bedrifter. Det kjem mellom anna av at utviklinga av slike prosjekt skjer i ein etablert organisasjon med kompetanse på det aktuelle fagområdet og med eit nettverk å samhandle i. Det eksisterande næringslivet er derfor berebjelken når eit framtidig internasjonalt konkurransedyktig næringsliv skal utviklast. Behov for betre rettleiing om utdanning og karriere I den vidaregåande skulen har det lenge vore mangel på god rettleiing av elevane med omsyn til utdanning og karriereval. Samanlikna med andre europeiske land har vi i Noreg vore gode på å informere, men dårlege på å rettleie, altså saman med eleven reflektere omkring samanhengen mellom utdanningsval og framtidige jobbalternativ. Det fører til at bedrifter har vanskar med å rekruttere personer med kvalifikasjonar som passar til bedrifta. I Hordaland har ein sett i gang etableringa av Senter for yrkesrettleiing i Hordaland. Direktør for strategi og utvikling i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve, opplyser at dette er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Aetat og Bergen kommune. Dei tre partane finansierer arbeidet med bidrag på høvesvis 1,9, 1,5 og,2 millionar kroner. Senteret skal samle informasjon frå næringslivet og rettleie elevar som står framfor eit utdanningsval. Gjennom samarbeid med dei ulike næringane skal ein gå mykje meir systematisk til verks for å få fram oppdatert og relevant informasjon i forhold til dei behova som finst i bedriftene, og nytte denne informasjonen aktivt når ein rettleier elevane. Målet er å redusere talet på omval i utdanningsløpet og å auke relevansen av utdanninga sett i høve til behova i arbeidslivet. Bru mellom kunnskapsproduksjon og behov Også høgskulane og universiteta arbeider for å byggje bru over gapet mellom kunnskapsproduksjonen og verksemdene som kan gjere bruk av kunnskapen. I Sogn og Fjordane arbeider Noregs forskingsråd og fylkeskommunen saman om eit kompetansemeklingsprogram for å styrkje evna forskingsinstitusjonane har til å formidle kunnskap til næringslivet. Den same målsetjinga har Marin VEST-programmet og TEFT (Teknologiformidling fra forsknings-institutter til små og mellomstore bedrifter) i Hordaland. I TEFT-programmet skal Christian Michelsen Research lære forskarar korleis dei kan gjere forskinga meir brukarvenleg for bedriftene gjennom konkrete produktutviklingsprosjekt. Utarbeidd for Næringsbarometeret av Hordaland fylkeskommune. Oppløftande resultat for Sogn og Fjordane HOLGER AASEN Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane Det er fleire årsaker til at så mange elevar i Sogn og Fjordane deltek i Ungdomsbedrifter. Sidan 21 har vi hatt fokus på entreprenørskap i fylkesplanarbeidet. Dei aktuelle aktørane har hatt eit formelt forum der planar og gjennomføring av entreprenørskapsarbeidet har blitt kvalitetssikra. Og alle dei vidaregåande skulane har fagpersonar i entreprenørskap. - Vidare fungerer stiftinga Ungt Entreprenørskap som motivator, organisator og rettleiar innanfor entreprenørskapsarbeid i grunnskule og vidaregåande skule. Vi har opplagde rammevilkår og kan ha eit langsiktig perspektiv på arbeidet. Til slutt har Høgskulen i Sogn og Fjordane utvikla ein kompetansepakke innanfor entreprenørskap som dekkjer alt frå småskulesteget til høgskule-/universitetsnivå og lokalsamfunnet. Materialet dekkjer ulike temaområde og byggjer på prinsippet lære gjennom å gjere. Innovasjon Norge-prosjekta Alkymisten og Fjord Innovasjon, der deltakarane får hjelp til å utvikle sine eigne forretningsidear til ferdige forretningsplanar, bruker òg materialet og pedagogikken. 11

Det er venta nedgang i sysselsetjinga innanfor omsorg og undervisning. Foto til venstre: Sigbjørn Sigbjørnsen, Helse Vest Redusert sysselsetjing i mange kommunar Forventa reduksjon i alle delar av offentleg sektor i 25 Små til moderate rekrutteringsproblem Stabilt i anna personleg tenesteyting Store ringverknader ved utflytting av statleg verksemd Flest offentleg tilsette i helse- og sosialsektoren Offentleg sektor er her definert som dei næringsgruppene der dei fleste arbeidsplassane er offentlege, det vil seie offentleg forvalting (99 prosent), undervisning (91 prosent) og helse- og sosialtenester (75 prosent). Dei fleste andre næringsgruppene har òg nokre få offentlege arbeidsplassar, til dømes Aetat i anna forretningsmessig tenesteyting og delar av Jernbaneverket i bygg og anlegg. I Hordaland er det om lag 73 tilsette i offentleg sektor, i Sogn og Fjordane 18. Med om lag 34 prosent av arbeidstakarane i begge fylka er offentleg sektor den næringa som har flest sysselsette. Tal sysselsette OFFENTLEG SEKTOR - SYSSELSETTINGSFORDELING 3 25 2 15 1 5 Offentleg forvaltning Undervisning Helse og sosial Sogn og Fjordane Bergen Hordaland elles Figur 1: Fordeling av sysselsette i offentleg sektor i 23. Kjelde: SSB. Heile 52 (57 prosent) av arbeidsplassane i offentleg sektor er innanfor helseog sosialtenester. I tillegg til offentleg administrasjon inkluderer den offentlege forvaltinga politi, rettsvesen, brannvern, trygdekontor og forsvar. Sysselsetjingsveksten i offentleg sektor har stoppa opp Offentlege verksemder ventar nedgang i sysselsetjinga i 25. en ser ut til å bli størst innanfor undervisning og helse og sosial, og han verkar å bli større i Sogn og Fjordane enn i Hordaland. Sogn og Fjordane ventar ein nedgang i desse sektorane på høvesvis 2,2 og 1,4 prosent. Dei tilsvarande tala for Hordaland er,2 og,6 prosent. I Sogn og Fjordane tilsvarer nedgangen om lag 15 tilsette i helse- og sosialsektoren og om lag 1 i undervisningssektoren. Også i Bergen er det venta om lag 15 færre tilsette i helse- og sosialsektoren, og i Hordaland utanfor Bergen om lag 1. OFFENTLEG SEKTOR - FORVENTA ENDRING I SYSSELSETJINGA Forventa endring i %,5 -,5-1, -1,5-2, -2,5 Offentleg forvaltning Undervisning Helse og sosial Hordaland Sogn og Fjordane Figur 2: Kommuneundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24. Når det gjeld den offentlege forvaltinga, ser det ut til at Sogn og Fjordane får ein nedgang på 1,1 prosent, noko som tilsvarer om lag 35 stillingar. I Hordaland har nokre forvaltingsverksemder med tilknyting til byggje- og anleggsverksemd tru på sysselsetjingsvekst i 25, slik at undersøkinga har komme ut med venta positiv vekst. Men det er usikkert kor representativt dette er. Færre offentleg tilsette i mange kommunar Kommuneundersøkinga viser at mange kommunar ventar strammare økonomi i 25 og dermed færre tilsette dels på grunn av reduserte rammetilskot frå staten, dels på grunn av lågare skatteinntekter. Fleire kommunar peikar på dårleg samsvar mellom pålagde oppgåver og overføringar, og at innlemming av øyremerkte tilskot i inntektssystemet i dei fleste tilfelle fører til underdekning. Særleg undervisning, men òg administrasjon blir nemnde som aktuelle sektorar for budsjettkutt. Dei fleste kommunane legg 12

Offentleg sektor og anna personleg tenesteyting opp til uendra eller auka utgifter til barnehage og SFO (skulefritidsordninga). For helse- og sosialsektoren er biletet blanda: Om lag halvparten av dei som har svart, legg opp til kutt, mens den andre halvparten legg opp til auke. Vekstkommunane Askøy og Fjell ventar fleire kommunale årsverk, særleg til skule og barnehage. Dei reknar likevel ikkje med nokon vesentleg auke i dei totale inntektene. Lågare investeringar Bergen kommune kjem gunstig ut av endringane i skattesystemet, som fører til at kommunen får behalde ein større del av inntektene som det lokale næringslivet skaper. Fordi kommunen må dekkje tidlegare underskot, reknar dei ikkje med at det er grunnlag for aktivitetsvekst dei neste åra. Unntaket er statlege satsingsområde der det følgjer med eigne midlar. Bergen kommune ventar ein liten nedgang i totale årsverk. Dei fleste kommunane ventar lågare investeringar i 25 enn året før. Investeringsplanane gjeld mange område, men hovudvekta ligg på skular og bygningar innanfor helse- og sosialsektoren. Små rekrutteringsproblem i Hordaland, vanskelegare i Sogn og Fjordane I Hordaland er offentleg forvalting ei av næringsgruppene med minst rekrutteringsproblem, mens problema er litt større i Sogn og Fjordane. Dei fleste tilfella av alvorlege rekrutteringsproblem gjeld stillingar innanfor politi, rettsvesen og brannvern, men òg administrative funksjonar i mindre kommunar. Helse- og sosial i begge fylka og undervisning i Hordaland har noko større rekrutteringsproblem, men få har meldt om alvorlege problem. Begge fylka nemner sjukepleiarar og hjelpepleiarar og til ein viss grad andre typar helsepersonell som yrkesgrupper det er behov for å rekruttere til. I Hordaland ventar ein at behovet for nyrekruttering til vitskapelege stillingar på universitet og høgskular kjem til å auke. Utflytting av statleg verksemd store ringverknader Dei seinare åra er det flytta eller gjort vedtak om å flytte 13 arbeidsplassar ut av Oslo. Under den noverande regjeringa har Konkurransetilsynet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Senter for internasjonalisering av høgare utdanning blitt lagt til Bergen, Servicekontor for panteregisteret til Ullensvang og Stiftelsestilsynet til Førde. Stortingsmelding nr. 25 (24/25) Om regionalpolitikken peikar på at lokaliseringa av statlege arbeidsplassar gir ringverknader og styrkjer kompetansebasen i regionane. Ifølgje Rogalandsforsking genererer eit årsverk i ei utlokalisert statleg verksemd eitt årsverk i tillegg gjennom kjøp av varer og tenester frå verksemda og lokalt konsum. Stortingsmeldinga seier mellom anna dette om lokaliseringspolitikken: Nye statlege verksemder skal som hovudregel lokaliserast utanfor Oslo. [ ] Regjeringa vil også leggje til rette for utflytting av oppgåver og funksjonar frå statlege verksemder. Regjeringa legg ikkje opp til nye store utlokaliseringar av heile eksisterande verksemder frå hovudstadsområdet med det første, ettersom dette er omfattande og kostnadskrevjande prosessar. Avdelingsdirektør Jostein Skaar i Konkurransetilsynet seier at dei ikkje har hatt rekrutteringsproblem i den tida dei har arbeidd med å byggje opp hovudkontoret i Bergen. Tvert imot har vi opplevd at det er betre tilgang på folk med erfaring i Bergen enn i Oslo. Det kjem i stor grad av at mange søkjarar som er busette i andre delar av landet, ønskjer å flytte tilbake til bergensområdet. Konkurransetilsynet har 35 tilsette i Bergen (april 25). Av dei har om lag halvparten flytta med frå Oslo, dei andre er nytilsette. Konkurransetilsynet rekrutterer i hovudsak juristar og økonomar, og hovudkontoret skal vere fullt bemanna med 9 tilsette 1. januar 27. Stabilt i anna personleg tenesteyting Denne næringsgruppa sysselset om lag 64 personar i Hordaland og 12 i Sogn og Fjordane. Det utgjer rundt fire prosent av arbeidstakarane i Hordaland og tre prosent av arbeidstakarane i Sogn og Fjordane. Anna personleg tenesteyting omfattar ei rekkje næringar, mellom anna bibliotek, kyrkje, frisørar, kosmetisk pleie, gravferdsbyrå og delvis kunst- og kulturverksemd. Anna personleg tenesteyting er i vekst, og tala tyder på framleis stabil sysselsetjingsutvikling. Ein del mindre bedrifter i Sogn og Fjordane og i Hordaland utanfor bergensområdet ventar ein moderat auke. Mange av bedriftene innanfor anna personleg tenesteyting melder om rekrutteringsproblem, særleg i Sogn og Fjordane, der det gjeld nesten kvar tredje bedrift. Men bedriftene i Sogn og Fjordane ser ikkje på rekrutteringsproblema som så store at dei ikkje får tilsett personell i det heile teke. Relativt fleire i Hordaland ventar alvorlege problem. Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune. Vi er inne i ein tøff periode, men situasjonen kan betrast FREDRIK GULBRANSON rådmann Flora kommune Kommuneøkonomien er stram, og i forhold til omstruktureringar i staten kjem vi ikkje særleg gunstig ut. Det skjer ei vriding frå industri og primærnæringar til privat tenesteyting. Mellom 6 og 75 arbeidsplassar er tapte i verftsindustrien og mekanisk industri på nokre få år. Samtidig har vi høge utgifter til attføring og sosialhjelp. Vi er framleis inne i ein tøff periode, sjølv om nokre bedrifter gjer det bra. Det er likevel ingen grunn til å svartmåle situasjonen. Vi må ha ei offensiv haldning til det som skjer, dersom ikkje heile fylket skal tape på det. I ytre delar av Sunnfjord har vi store komparative fortrinn, og det er hard jobbing som skal til for å betre situasjonen. Ingenting kjem av seg sjølv. Vi ser for oss at offentleg tenesteyting framleis kjem til å ha låg sysselsetjing. Vi trur ikkje på nokon særleg auke i offentleg sektor i tida som kjem. 13

Inspisering av ny teknologi for lett brønnintervensjon frå FMC Kongsberg Subsea AS. Gode tider i oljerelatert industri Det er lysare tider for industrien i Hordaland og Sogn og Fjordane Industrisysselsetjinga i begge fylka er venta å auke, mest i Sogn og Fjordane Rundt 4 prosent av industribedriftene ventar auka omsetnad og lønnsemd i 25 Størst er optimismen i mekanisk industri men kvar tredje bedrift her har rekrutteringsproblem I begge fylka har industrien ein stor del av sysselsetjinga. Hordaland har 28 industrisysselsette, og vel 13 av dei er i mekanisk industri og metallvareindustrien mens dryge 5 er i nærings- og nytingsmiddelindustrien. I Sogn og Fjordane er industrisysselsetjinga på rundt 85. Vel 27 av dei er i mekanisk industri og metallvareindustrien, 24 er i nærings- og nytingsmiddelindustrien. Industrien står for 13 prosent av sysselsetjinga i Hordaland og 16 prosent i Sogn og Fjordane. Lysare marknadsutsikter Den siste bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser at kvar tredje industribedrift i Hordaland og Sogn og Fjordane vurderer marknadsutsiktene i 25 som betre enn dei var i 24. Undersøkinga omfattar vel 4 industribedrifter, 255 i Hordaland og 152 i Sogn og Fjordane, som totalt sysselset 18 personar. Noko av forklaringa på den positive utviklinga er at det oljerelaterte næringslivet har svært gode tider på grunn av rekordhøge investeringar på norsk sokkel. Det slår mest ut i Hordaland, som har rundt 16 sysselsette i det petroleumsrelaterte næringslivet. Den positive utviklinga i verftsindustrien som starta i fjor ser òg ut til å halde fram. Dei gode tidene i desse delane av industrien ser ut til å vare nokre år. I forhold til den førre bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret, hausten 24, har bedriftene justert ned marknadsvurderingane noko. Men i mekanisk industri stadfester bedriftene optimismen frå hausten 24. Høgast omsetnadsvekst i mekanisk industri 4 prosent av industribedriftene budsjetterer med auka omsetnad i 25 i forhold til 24. Den høgaste veksten er venta i mekanisk industri og metallvareindustrien, der kvar andre bedrift ventar omsetnadsvekst. Samanlikna med resten av næringslivet er mekanisk industri ei av næringane der flest bedrifter ventar vekst. Optimismen i denne delen av industrien er like stor i begge fylka. Auka industrisysselsetjing Rundt 3 prosent av industribedriftene i dei to fylka planlegg å auke bemanninga i 25. Samla er det venta at sysselsetjinga skal auke med rundt tre prosent i Sogn og Fjordane og rundt to prosent i Hordaland. Industribedriftene i Sogn og Fjordane signaliserer ein større sysselsetjingsvekst enn i den førre undersøkinga. I Hordaland er vekstoverslaga noko nedjusterte. Den største veksten er venta i mekanisk industri, med sju prosent i Hordaland og heile 17 prosent i Sogn og Fjordane. Hausten 24 spådde denne næringa at bemanninga kom til å gå ned i 25. Også i trevareproduksjonen er det venta auka bemanning. Trevareindustrien har gode tider som følgje av høg byggjeaktivitet i inn- og utland. 24 blei for mange eit svært godt år. Undersøkinga tyder på ein sysselsettingsvekst på tre prosent. Ikkje alle delar av industrien ventar vekst. I nærings- og nytingsmiddelindustrien er det venta ein nedgang i bemanninga på mellom to og tre prosent. Årsaka til det er at delar av næringa rasjonaliserer for å førebu seg på ein tøffare marknadssituasjon. Både meieri og slakteri gjennomfører tiltak. Det gjeld særleg i Hordaland. I Sogn og Fjordane ventar næringa stabilitet. Dersom prognosane til bedriftene slår til, kan vi i 25 få ein sysselsetjingsvekst i industrien i Hordaland på mellom 5 og 6 personar. I Sogn og Fjordane kan det bli sysselsett mellom 2 og 3 fleire. Mangel på fagarbeidarar I enkelte delar av industrien er det stor mangel på fagarbeidarar. Det gjeld særleg i mekanisk industri. Det er mangel på sveisarar i begge fylka. I tillegg er det stort behov for røyrleggjarar, industrimekanikarar og maskinarbeidarar. Kvar tredje bedrift innanfor mekanisk produksjon og metallvareproduksjon seier at rekrutteringsproblema fører til at stillingar blir ståande ledige. 14

Industri Endring i % 2 16 12 8 4-4 Nærings- og nytingsmiddel Hordaland Tekstil- og lêrvarer Trevarer Sogn og Fjordane Treforedling og grafisk Petroleum og kjemisk produksjon Produksjon av andre industrivarer Figur 1: Venta sysselsetjingsvekst i industrien i Hordaland og Sogn og Fjordane frå mars 25 til mars 26. Kjelde: Aetat. Maskinproduksjon Metallvareproduksjon Elektronikkproduksjon offshore- og onshore-industri. INC-gruppa sysselset over 4 personar. Administrerande direktør i INC Invest AS, Vidar Grønnevik, fortel at ordresituasjonen til gruppa er god, mykje betre enn i 24. Innanfor baseverksemd og industrivedlikehald onshore er det stabilitet med langsiktige kontraktar. Den attverande kontraktsperioden er to til fire år. Innanfor offshore vedlikehald og leveransar til skipsbyggingsindustrien er det derimot stor vekst. Dei høge investeringane på norsk sokkel og auka aktivitet ved verfta gir gode tider for oss. Derfor må vi auke bemanninga. Men det er vanskeleg å skaffe nok fagarbeidarar i mekaniske fag, avsluttar Grønnevik. ventar auka lønnsemd. I mekanisk industri ventar kvar andre bedrift betre lønnsemd. Nokre, særleg dei oljerelaterte verksemdene, har hatt eit godt år i 24 og ventar meir vekst i år. Andre, som til dømes verftsindustrien, har slite med låg lønnsemd dei siste par åra og ser no endeleg ei lysning. Låg investeringsvekst Bedriftsundersøkinga tyder på at investeringane i industrien kan auke noko i 25. Rundt 25 prosent av bedriftene i begge fylka planlegg auka investeringar. For industrien samla seier ti prosent at dei har rekrutteringsproblem. Ifølgje Hordaland fylkeskommune er det svært skeiv rekruttering til dei ulike fagutdanningane. I år var det berre 17 søkjarar til VK1 Maskinfag, mens det var 223 til VK1 Køyretøy. Det blir lagt stor vekt på å halde oppe tilbodet sjølv om søknaden til tider er låg. God driv i oljenæringa Oljerelatert næringsliv går som det susar for tida. Oljeprisen er rekordhøg, og 25 blir eit rekordår på norsk sokkel med investeringar på 88 milliardar kroner. Det oljerelaterte næringslivet i regionen merkar dette godt, mellom anna på Ågotnes på Sotra. Coast Center Base har utvikla seg til å bli det største undervassmiljøet i landet. Ei av dei største bedriftene er FMC Kongsberg Subsea AS. Ifølgje administrerande direktør Nils- Petter Sivertsen er det mykje å gjere, og FMC utvidar derfor aktiviteten på Ågotnes. Dei held på å byggje ein ny verkstadhall. Også INC-gruppa i Florø merkar trykket i oljesektoren. Hovudaktivitetane er drift av forsyningsbasen i Florø og ulike tenester for Betre tider for verfta For fleire av verfta både i Hordaland og Sogn og Fjordane er ordresituasjonen blitt mykje betre. Fleire er inne i ein oppbyggingsfase. Det skjer etter eit par år med svært låg kontrahering. Auka oljeaktivitet og høg etterspurnad etter tonnasje internasjonalt gir etterlengta oppdrag. Kleven Florø er i ferd med å auke bemanninga med 14 personar i samband med at dei skal byggje ein over 2 meter lang juicetankar. Auka skipsbygging gir ringverknader til annan industri på Vestlandet. Rolls-Royce Marine AS på Hordvikneset i Bergen skal doble produksjonen av motorar og tilsette mellom 8 og 1 nye medarbeidarar. Det skal investerast 4 til 5 millionar kroner i ny serviceverkstad og produksjonsprøvestand. Bedrifta reknar ikkje med å dekkje heile bemanningsbehovet sitt med folk frå bergensområdet eller Vestlandet elles. Dei ser ikkje bort frå at dei må søkje etter folk i andre delar av landet og i utlandet. Lønnsemda aukar Det er stor optimisme knytt til lønnsemda i 25. Nesten 4 prosent av bedriftene SOGN OG FJORDANE 7 6 5 4 3 2 1 Figur 2: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=152). HORDALAND 7 6 5 4 3 2 1 Figur 3: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=255) Gode tider innanfor offshore vedlikehald NILS-PETTER SIVERTSEN direktør FMC Kongsberg Subsea AS Ågotnes FMC Kongsberg Subsea utviklar undervassteknologi og lagar utstyr for oljeproduksjon på havbotnen. Hovudkontoret ligg på Kongsberg. Avdelinga på Ågotnes har ansvar for 58 tilsette og driv basar på Ågotnes, i Kristiansund og i Stavanger. I tillegg blir det drive basar i Afrika, Canada, Skottland og Australia. 4 prosent av omsetnaden er internasjonal. Høg oljepris og store utbyggings- og modifikasjonsprosjekt på norsk sokkel og internasjonalt gir stor aktivitet for oss. Marknaden veks, og vi ser vekst innanfor både nybygging og ikkje minst innanfor drift og vedlikehald, som er ansvarsområdet vår. Aktiviteten i 25 er mykje høgare enn i fjor, og vi ventar endå meir vekst i 26. For å kunne møte den store pågangen har vi det siste halve året auka bemanninga med 15 prosent. Vi har tilsett både ingeniørar og teknisk servicepersonell, og til no har vi ikkje hatt problem med å få tak i folk. Vi kjem til å auke bemanninga ytterlegare. 15

Energi Rekordhøg aktivitet på norsk sokkel Frå Kvitebjørn-plattforma. Foto: Statoil Rekordhøg oljepris stimulerer aktiviteten i petroleumsnæringa Olje- og energidepartementet har oppjustert investeringsoverslaga Prognosane tyder på høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel i mange år framover Bedriftene ventar auka omsetnad og fleire tilsette i 25 Det er stor mangel på ingeniørar og geologar Energi omfattar næringane utvinning av olje og gass og kraft- og vassforsyning. I Hordaland er det rundt 32 sysselsette innanfor utvinning av olje og gass og rundt 19 innanfor kraft- og vassforsyning. I Sogn og Fjordane er sysselsetjinga i desse næringane låg: 4 innanfor olje og gass og 7 innanfor kraft- og vassforsyning. Sjølv om næringa ikkje har så stor prosentdel av sysselsetjinga, er dei indirekte verknadene av oljeog gassnæringa store, særleg i Hordaland. Rekordhøg oljepris Prisen på råolje nådde i mars i år eit rekordnivå med 329 kroner per fat. Det er nesten 1 kroner meir enn det som er lagt til grunn i statsbudsjettet. Prisen på råolje auka frå 29 til 329 kroner per fat frå februar til mars. Oljeprisrekorden i oktober 24 blei dermed slått. I april var oljeprisen nede på februarnivået att. Årsaka til den rekordhøge oljeprisen er at det framleis er stor etterspurnad etter olje, mellom anna på grunn av frykt for at dei oljeproduserande landa ikkje skal dekkje behovet. Kvar gong oljeprisen aukar med 1 kroner, blir det 7,5 milliardar kroner meir i netto kontantstraum til staten på årsbasis. Oljeinvesteringane høgare enn venta Aktivitetsnivået på norsk sokkel er rekordhøgt. I 24 blei det investert 71 milliardar kroner i utbygging og drift. Innanfor leiteverksemda var investeringane på fire milliardar kroner. I 25 ventar Olje- og energidepartementet (OED) at investeringane kjem opp i 88 milliardar kroner, ein auke på 24 prosent frå 24. Det skal borast mellom 3 og 4 leitebrønnar. Investeringane går både til nye utbyggingar og til tiltak for å auke oljeutvinninga. Investeringane i 26 og 27 er venta å falle til høvesvis 7 og 65 milliardar kroner. Dette nivået er likevel monaleg høgare enn tidlegare prognosar. OED ventar at aktivitetsnivået på norsk sokkel blir høgt Milliardar 2-kroner 9 8 7 6 5 4 3 2 1 1995 1996 1997 1998 1999 2 21 22 23 24 25 26 27 28 Figur 1: Investeringar på norsk sokkel. Kjelde: OED. i mange år framover. Det gir store ringverknader i det oljerelaterte næringslivet i regionen. Det meste av dei framtidige investeringane kjem til å vere knytt til modifikasjonsarbeid og boring. Driftsog vedlikehaldsmarknaden er berekna til 3 35 milliardar kroner i fleire år framover. Shell til Bergen Shell, som er eit av dei største energiselskapa i verda, skal etablere eit pilotprosjekt i bergensområdet for forsyningar til Brentfeltet på britisk sokkel. Pilotprosjektet er eit ledd i Shells stadige arbeid med å rasjonalisere drifta av olje- og gassfelta selskapet har i Europa. Shell valde bergensområdet etter å ha vurdert aktuelle baseområde frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord. Det stadfester posisjonen Bergen og bergensregionen har som driftssenter for viktige delar av olje- og gassverksemda i Nordsjøen. Auka omsetnad og fleire tilsette Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret tyder på at det blir omsetnadsvekst og fleire tilsette i energisektoren i Hordaland. Utvalet består av 24 bedrifter, 15 innanfor oljeutvinning og 9 innanfor kraft- og vassforsyning. Det er særleg innanfor oljeutvinning at bedriftene signaliserer sysselsetjingsvekst. Her ventar kvar tredje bedrift fleire tilsette i 25 enn i 24. Samla er det venta nesten fire prosent fleire tilsette. Også innanfor kraft- og vassforsyninga er det venta ein liten vekst. Mangel på teknisk kompetanse Fleire av oljeutvinningsbedriftene seier at dei har problem med å skaffe nok fagfolk. Det er behov for høgt utdanna folk som sivilingeniørar og ingeniørar med petroleums- og geofag og for fagarbeidarar som sveisarar og elektrikarar. Kampen om arbeidskrafta spissa seg for alvor til etter sommarferien i fjor. Utviklinga i stillingsannonsar i Teknisk Ukeblad stadfester dette. Til no i år har det blitt over 4 prosent fleire annonsar enn i haustmånadene i fjor. HORDALAND 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 2: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=24). 16

Bygg og anlegg Høg aktivitet og stor optimisme Det er venta framleis høg byggje- og anleggsaktivitet i 25 Det kan komme 7 til 8 nye arbeidsplassar innanfor bygg og anlegg i regionen Nesten halvparten av bedriftene har problem med å skaffe nok arbeidskraft Rekrutteringsproblema er størst i Sogn og Fjordane Bygging av rasoverbygg på Bergensbanen. Foto: Backer Entreprenør A/S Byggje- og anleggsnæringa sysselset rundt 14 5 personar i Hordaland og 38 personar i Sogn og Fjordane. Næringa står for sju prosent av sysselsetjinga i begge fylka. Gode marknadsutsikter I Hordaland blei det igangsett nesten 5 prosent fleire bustader i 24 enn i 23. Tal frå SSB viser at det i 24 blei igangsett 29 bustader i Hordaland, 13 av dei i Bergen. Også i Sogn og Fjordane auka igangsetjinga av bustader i 24. Med ei igangsetjing på 36 bustader var auken 15 prosent frå året før. Også når det gjeld næringsbygg, tok aktiviteten seg opp i 24. I Hordaland var auken på nesten 25 prosent, mens det i Sogn og Fjordane var ein auke på 4 prosent. I Sogn og Fjordane var det ein nedgang innanfor offentlege bygg som skular og sjukeheimar, mens det var ein auke innanfor idrettsbygg og butikklokale. Bygginga av Campus på Fosshaugane slår ut her. Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser at den høge aktiviteten i byggje- og anleggsnæringa er venta å halde fram. 4 prosent av BA-bedriftene i Hordaland ventar ei positiv marknadsutvikling i 25. Dette er den mest optimistiske næringa med omsyn til marknadsutsikter i Hordaland. Det er litt færre som ventar oppgang i Sogn og Fjordane, nemleg 3 prosent. Samla sett er det få som ventar ei negativ utvikling. 56 bedrifter i Hordaland og 39 bedrifter i Sogn og Fjordane var med i undersøkinga. Auka sysselsetjing Nær 4 prosent av BA-bedriftene i begge fylka ventar auka bemanning i 25. Samla sett ventar utvalet i begge fylka ein vekst på fire prosent. Det er omtrent det same nivået som ved den førre undersøkinga for Næringsbarometeret, hausten 24. Det er små regionale forskjellar, og bergensregionen ligg på same nivået som resten av Hordaland og Sogn og Fjordane. Dersom bedriftsprognosane for 25 slår til, kan vi sjå ein sysselsetjingsvekst i næringa i regionen på mellom 7 og 8 personar. Arbeidsløysa i næringa minkar. Mangel på tømrarar Nesten halvparten av bedriftene seier at dei har rekrutteringsproblem. Ein tredjedel av bedriftene seier at dei har ledige stillingar fordi det er mangel på kvalifisert arbeidskraft. Rekrutteringsproblema er størst i Sogn og Fjordane, særleg i Nordfjord. Det er flest som seier at dei har behov for tømrarar. Framleis omsetnadsvekst Resultata frå bedriftsundersøkinga tyder på framleis vekst i byggje- og anleggsverksemdene i regionen. God ordresituasjon og mange planlagde byggje- og anleggsprosjekt gjer at ein tredjedel av bedriftene har budsjettert med auka omsetnad i år. Det gjeld begge fylka. I Hordaland er det svært få som ventar nedgang, mens denne delen er noko større i Sogn og Fjordane. Det er likevel ingen av dei store entreprenørane som ventar lågare aktivitet. Høgare lønnsemd 4 prosent av bedriftene ventar auka lønnsemd i år samanlikna med fjoråret. Prosentdelen er omtrent lik i dei to fylka. I Hordaland er det svært få som ventar lågare lønnsemd, mens 2 prosent i Sogn og Fjordane ventar nedgang. Samanlikna med den førre undersøkinga er det fleire i Hordaland som ventar stabil lønnsemd i 25. I Sogn og Fjordane gir bedriftene meir optimistiske signal enn dei gjorde hausten 24. Framleis låge investeringar Undersøkinga tyder på eit stabilt investeringsnivå i byggje- og anleggsnæringa. Det er få bedrifter både i Hordaland og Sogn og Fjordane som planlegg auka investeringar, berre rundt 15 prosent. Like mange planlegg å redusere investeringane. SOGN OG FJORDANE 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 1: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=39). HORDALAND 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 2: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=56). 17

Primærnæringane Straffetoll rammar oppdrettsnæringa Det har vore ei positiv prisutvikling i laksenæringa i første kvartal 25 Næringa opplever straffetoll på EU-marknaden som dramatisk Permanente kvotar reduserer overkapasiteten, betrar lønnsemda og aukar konsesjonsverdiane Bøndene får reduserte inntekter Frå Landøy fiskeoppdrett, Værlandet. Foto: Oskar-Andersen.no Jordbruk, skogbruk og fiske sysselset rundt 59 personar i Hordaland og 51 personar i Sogn og Fjordane. Det svarer til høvesvis tre og ti prosent av sysselsetjinga i dei to fylka. HAVBRUK Første kvartal i år blei det på landsbasis selt laks og aure for tre milliardar kroner. Det er ti prosent høgare enn på same tid i fjor og 123 millionar kroner høgare enn eksporten på same tid i toppåret 21. Gode prisar sørgjer for god lønnsemd. Straffetoll på EU-marknaden I slutten av april innførte EU ein mellombels straffetoll mot norsk laks. Straffetollen, ei såkalla antidumpingavgift, er ulikt fordelt på oppdrettarane og varierer mellom 16 prosent og 24,5 prosent. Næringa opplever straffetollen som dramatisk, sjølv om han berre skal vare ein avgrensa periode (seks månader). Næringa får både ein ekstrakostnad og ei konkurranseulempe i forhold til andre land, til dømes Chile. Konsekvensane kan bli at dei som har fått 24,5 prosent straffetoll, ikkje klarer å konkurrere på EU-marknaden. Antidumpingavgifta er forbigåande, og antidumpingundersøkingar av norske laksebedrifter held fram. Når undersøkingane er fullførte, kan EU-kommisjonen foreslå innføring av ein permanent straffetoll som må godkjennast av ministerrådet i EU, eller at straffetollen tek slutt. Ein permanent straffetoll kan vare inntil fem år. Norske styresmakter arbeider for å få avvikla straffetollen. Kort tid etter EU sitt vedtak har oppdrettsnæringa i regionen varsla permitteringar. Aktørane i næringa meiner at straffetollen på laks til EU ikkje er til å leve med. FISKEFLÅTEN Ringnotflåten opplever for tida gode rammevilkår med innføring av permanente kvotar, høge prisar, låg rente og gunstige valutakursar, noko som kjem til å styrkje lønnsemda. Men dyrt drivstoff fører til auka kostnader, og det er ei viss usikkerheit knytt til ein potensiell renteauke og innføring av ressursrente. Strukturtiltaka begynner å gi effekt Ordninga med permanente kvotar for å redusere overkapasiteten og betre lønnsemda i næringa blei innført med verknad frå 4. mars 25. Permanente strukturkvotar har ført til større framsyn i næringa, og fleire reiarlag i havfiskeflåten vil gå inn på ordninga. Strukturtiltaka kjem til å redusere overkapasiteten og betre lønnsemda, og konsesjonsverdiane kjem til å auke. Skattlegging av ressursrenta Regjeringa har som mål å innføre ei skattlegging av ressursrenta i dei norske fiskeria. Bakgrunnen er at fiskeressursane blir oppfatta som ein felles ressurs som høyrer til det norske folket. Ressursrenta er definert som avkastning på arbeid og kapital utover det normale i andre næringar, basert på utnytting av ein avgrensa naturressurs. Kva modellar som skal nyttast ved ei slik skattlegging er under utgreiing. Det er derfor usikkert kva konsekvensar ei slik skattlegging kan få. LANDBRUK Rasjonaliseringa i landbruket held fram, og utviklinga går mot færre, men større bruk og fleire samdrifter. Tala frå budsjettnemnda for jordbruket viser at inntektene til bøndene gjekk ned med 24 kroner per årsverk i 24. Prognosane viser ein ytterlegare inntektsnedgang i 25. Auka kjøtproduksjon I Hordaland og Sogn og Fjordane blei det produsert høvesvis 96 og 94 tonn kjøt i 24. Det var ein auke på tre prosent i Hordaland og fire prosent i Sogn og Fjordane. Begge fylka hadde dermed ein svakare auke i kjøtproduksjonen enn landsgjennomsnittet, som var på seks prosent. I begge fylka er produksjonen av storfekjøt størst. I Hordaland blei storfekjøtproduksjonen redusert med tre prosent frå 23 til 24, mens produksjonen var stabil i Sogn og Fjordane. Produksjonen av sau, svin og fjørfe auka i begge fylka. Første kvartal 25 har vore prega av eit markert prisfall på svinekjøt, noko som har skapt problem for ein del produsentar. Det er venta at situasjonen skal betre seg gradvis i år. Auka investeringsvilje Det har i første kvartal 25 vore mykje større interesse for å investere i nye driftsbygningar i landbruket. Innovasjon Norge i Hordaland har fått innmeldt investeringsplanar for ca. 6 7 millionar kroner i 25. Særleg er interessa for samdrift aukande. Tusen tonn kjøt KJØTPRODUKSJON 12, 1,5 9, 7,5 6, 4,5 3, 1,5 23 24 Storfe Sau Svin Fjørfe Figur 1: Kjøtproduksjon i Hordaland og Sogn og Fjordane i 23 og 24. Kjelde: SSB. 18

Transport og kommunikasjon Ventar auka sysselsetjing Høg aktivitet i industrien og på norsk sokkel gir stort behov for transportar Bedriftene ventar auka omsetnad og fleire tilsette i 25 Tøff konkurranse innanfor vegtransporten truar lønnsemda Øren Transport. Transportnæringa omfattar transport av personar og gods på veg, sjø, luft og bane. Kommunikasjon omfattar post- og telekommunikasjon. I Hordaland sysselset transport- og kommunikasjonsnæringa vel 15 personar, og i Sogn og Fjordane er 35 personar sysselsette innanfor denne næringa. Det er om lag sju prosent av den samla sysselsetjinga i kvart av dei to fylka. Kommunikasjon er 18 prosent av næringa. Auka sysselsetjing innanfor transport, redusert innanfor kommunikasjon Sysselsetjinga innanfor transport ser ut til å auke i Hordaland frå 24 til 25. Det same gjeld for Sogn og Fjordane. Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret tyder på ein vekst på 1,5 prosent i begge fylka. I fjor var det ein nedgang i sysselsetjinga, noko som òg er den langsiktige nasjonale trenden i bransjen. Innanfor kommunikasjon minkar derimot sysselsetjinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane. Det kjem nok i stor grad av nedbemanning i Posten. Undersøkinga tyder på at denne nedgangen held fram. Lønnsemd og omsetnadssvikt er venta å utvikle seg positivt eller stabilt. Stabil utvikling 94 transportbedrifter og 4 kommunikasjonsbedrifter er med i undersøkinga. 89 bedrifter innanfor transport og kommunikasjon ligg i Hordaland og 45 i Sogn og Fjordane. Marknaden er venta å halde seg stabil. Det er få forskjellar mellom dei ulike undersektorane. Over 3 prosent av bedriftene ventar auka omsetnad og auka lønnsemd. Fleire lastebilar Nær halvparten av godstransportørane på veg seier at dei planlegg å auke investeringane. Det skil seg frå resten av næringane, der investeringane ser ut til å liggje stabilt. Det er ei endring frå førre bedriftsundersøkinga, då investeringane i transportsektoren var venta å bli låge. POST- OG TELEKOMMUNIKASJON 9 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 1: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=4). TRANSPORT 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 2: Bedriftsundersøkinga vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=94). Dieselutgiftene aukar Dieselprisen stig i takt med den aukande oljeprisen. Dieselprisen er ein vesentleg del av kostnadene, særleg innanfor vegtransport. Avhengig av konkurranse- og kontraktsforhold påverkar høgare dieselpris lønnsemda til bedriftene på kort sikt. På lengre sikt kjem eit høgare kostnadsnivå til å presse prisane på transporttenester oppover. Mangel på sjåførar Bedriftsundersøkinga viser at det er mangel på sjåførar i Hordaland og Sogn og Fjordane, både når det gjeld persontransport og godstransport. Det er fleire bedrifter som rapporterer om ledige stillingar. Bedriftsundersøkinga viser at godstransportørar på vegen planlegg å auke bemanninga i 25. Det kan dermed bli vanskeleg for bedriftene å hente inn nødvendig arbeidskraft. Gode logistikkløysingar eit konkurransefortrinn? Godstransport, og særleg godstransport på veg, har i fleire år levd med sterk internasjonal konkurranse. Næringa har førebudd seg på og tilpassar seg no til auka konkurranse frå lågkostland. Det kan vise seg at denne tilpassinga har gjort næringa klar til å ta opp konkurransen. Det er ikkje berre prisen som tel for leverandøren; leveringsdugleik og fleksibilitet i produksjonen er òg viktig. Det fører til at mange transportørar køyrer på faste kontraktar for enkeltbedrifter. Eit slikt samarbeid kan gi meirverdi for begge partane utover det ein hadde tent ved å finne den billegaste tilbydaren for kvar enkelt transport. For fulle segl i shipping Veksten i Kina fører til høg aktivitet og ditto ratar for reiarlaga. Den utviklinga vi såg i det førre Næringsbarometeret, held fram. Av tiltaka i stortingsmeldinga om skipsfart frå våren 24 er tonnasjeavgifta redusert til europeisk nivå. I tillegg er det gjort mindre justeringar på andre forhold innanfor reiarlagsskattleggingsordninga. Andre tiltak som er foreslått, skal greiast ut i 25. Aktørar i næringa meiner at rammevilkåra framleis blir avgjerande for om veksten i næringa skjer i eller utanfor Noreg. Framtida for nettolønnsordninga for passasjermannskapet for utanriksferjer er ein usikker faktor for ferjereiarlaga. Fjord Line har utsett å flagge ut ferjene og seie opp medarbeidarar i påvente av kva som skjer. Med det gjeldande regelverket gjeld ordninga berre til årsskiftet. 19

Bank, finans, eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting Forretningsmessig tenesteyting veks Marknaden for datatenester veks Sysselsetjinga i den samla næringa stig Negativ utvikling i finanssektoren Stabilt innanfor eigedom Frå Elis A/S, Dale i Sunnfjord, som lagar dataprogram for energibransjen. Foto: Oskar-Andersen.no Næringa sysselset 26 personar i Hordaland og 35 personar i Sogn og Fjordane. Det er om lag tolv prosent av arbeidstakarane i Hordaland og sju prosent i Sogn og Fjordane. Fleire tilsette Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret omfattar 158 bedrifter, 94 i Hordaland og 64 i Sogn og Fjordane. Forretningsmessig tenesteyting omfattar ei rekkje ulike bransjar, til dømes rekneskapskontor, vikarbyrå, datakonsulentar, arkitektar og vaktselskap. Næringa har vakse dei seinare åra. Det kan mellom anna forklarast med at ulike deloppgåver i produksjonsprosessen blir sette ut til eigne selskap. Det gir større arbeidsdeling og fleire nye selskap. Om lag 4 prosent av bedriftene innanfor forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift ventar å auke talet på tilsette i 25 i forhold til 24. Berre sju prosent ventar redusert sysselsetjing. Bedriftsundersøkinga indikerer at sysselsetjingsveksten for næringa totalt kan bli om lag éin prosent. I Hordaland ligg veksten an til å bli i underkant av éin prosent og i Sogn og Fjordane i underkant av to prosent. Veksten kjem innanfor forretningsmessig tenesteyting, mens utviklinga ser ut til å bli negativ innanfor finans. Enkelte bedrifter manglar kompetente arbeidssøkjarar Fleire bedrifter, mellom anna i høgkompetansebransjar som juridisk tenesteyting, teknisk tenesteyting og arkitektverksemd, rapporterer om alvorlege rekrutteringsproblem. Dei har ubemanna stillingar. Stor tru på auka lønnsemd Over 4 prosent av bedriftene innanfor forretningsmessig tenesteyting og eigedom ventar auka lønnsemd i 25 i forhold til 2 FORRETNINGSMESSIG TENESTEYTING, FORMIDLING OG DRIFT AV EIGEDOM 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 1: Bedriftsundersøkinga - vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=1). 24. Prosentdelen er like stor i begge fylka. Forretningsmessig tenesteyting er den mest positive bransjen i undersøkinga. Innanfor finansiell tenesteyting er det òg tru på auka lønnsemd, men i meir moderat grad. Datakonsulentane er tilbake IT-bransjen, som sleit i motvind for nokre år sidan, er i kraftig vekst. Fleire av databehandlingsverksemdene seier at dei planlegg å rekruttere nye medarbeidarar i 25. Bedriftsundersøkinga har for få bedrifter innanfor dette segmentet til at ein kan gi ein prognose. Det ser likevel ikkje ut til at bedriftene har særleg store rekrutteringsproblem. Redusert sysselsetjing i finanssektoren Innanfor bank, finans og forsikring ventar om lag 55 prosent av bedriftene auka omsetnad, mens majoriteten ventar ei stabil utvikling i 25. Det er om lag like mange bedrifter som vil auke sysselsetjinga som vil redusere. Samla sett ligg det an til ein reduksjon i sysselsetjinga innanfor bank, finans og forsikring på om lag éin prosent. Reduksjonen er ei følgje av auka bruk av elektroniske tenester og meir rasjonell drift. Bedriftene trur på auka omsetnad, og berre nokre få bedrifter trur på redusert lønnsemd. BANK, FORSIKRING OG FINANSIELL TENESTEYTING 9 8 7 6 5 4 3 2 1 Figur 2: Bedriftsundersøkinga - vurdering av 25 samanlikna med 24 (n=58). Eigedomsmarknaden Bergen har framleis den heitaste bustadmarknaden i landet. Omsetnadstida for bustader til sals på Finn.no er den kortaste i landet, og i april 25 var ho i gjennomsnitt 15 dagar, eller nesten dobbelt så raskt som landsgjennomsnittet. Den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen i Bergen per april 25 var 2 7 kroner og er om lag som landsgjennomsnittet. Næringseigedom Omsetnaden av næringseigedom er på landsbasis stabilt god, med stadig aukande interesse for å investere i næringseigedom. Det gjeld òg for Bergen. Særleg er det stor interesse for eigedommar med lange leigeforhold og solide leigetakarar. Prisane på eigedom aukar, mens leigeprisane har stabilisert seg det siste året. Det er jamt over sju åtte prosent ledige kontorlokale i Bergen. Innanfor eigedom er det òg stor interesse for syndikering av næringseigedomsprosjekt. Bankar i samarbeid med meglarhus legg til rette for private og institusjonelle investorar som ønskjer å plassere i eigedom.