ARRNYTT 02/2010. Klart for fyrste nordisk ARR-konferanse. Vil utvikle Nav-tilbodet i arbeidsretta rehabilitering

Like dokumenter
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nasjonalt Kompetansesenter ARR - Arbeidsrettet Rehabilitering. - en nettverksmodell

Utvikling og virkninger ARR Åpen arena

GRUPPEBASERT UNDERVISNING FOR PERSONAR MED KOLS, DIABETES, OVERVEKT OG/ELLER HJARTE-KARSJUKDOM. Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Korleis fylle ut søknadsskjema

S T R A T E G I D O K U M E N T

Hva er arbeidsrettet rehabilitering?

Raskere tilbake i NAV. Tron Helgaker. Seksjonssjef, Tiltak og virkemidler Arbeids- og velferdsdirektoratet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Kognitiv fungering i arbeidsretta rehabilitering

Til deg som bur i fosterheim år

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Ny strategiplan for Høgskulen

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Korleis fylle ut søknadsskjema

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Arbeidsrettet rehabilitering for kreftoverlevere? Irene Øyeflaten Fysioterapeut og forsker, PhD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Tre grep som kan redusere sjukefråværet. Har laga eigne kvalitetsmål for ARR

ARRNYTT 01/ IA-avtala kan gje større rom for ARR. Set ny kvalitetsstandard med CARF-akkreditering

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Lønnsundersøkinga for 2014

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Regional Satsting Psykisk Helse

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE


6. trinn. Veke 24 Navn:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Effekt- og prosessevaluering Erfaringar frå FOUSAM. Lars M. Kvinge Høgskulelektor Høgskolen Stord/Haugesund, FoU-rådgjevar FOUSAM

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samarbeid om etisk kompetanseheving. Erfaring frå Vågå, Lom og Skjåk. Edel Kveen, november2010

Frå novelle til teikneserie

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Storarena for ARR samla mange aktørgrupper

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

ARRNYTT 03/ Bra med meir rehabilitering lokalt. Samhandling i fokus på ARR Åpen Arena 2010

Arbeidsretta rehabilitering for overvektige ARRO

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Metodiske verktøy ved kursleiing

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ny livsstil mat og trivsel

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Informasjon til pasientar og pårørande

Velkomen til Mork barnehage

RAPPORT ARBEIDSRETTET REHABILITERING. Opphold måneders spørreskjema Bakke, Senter for Mestring og Rehabilitering AS

Månadsbrev for Rosa september 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

ARRNYTT Nyheiter frå arbeidsretta rehabilitering (ARR)

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

«Ny Giv» med gjetarhund

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Transkript:

02/2010 ARRNYTT Nyheiter frå arbeidsretta rehabilitering (ARR) Klart for fyrste nordisk ARR-konferanse I september går fyrste Nordiske konferansen innan arbeidsretta rehabilitering av stabelen. Arrangør AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering inviterer både forskarar og praksisfeltet til konferansen, og legg opp til at deltakarane både skal bli oppdatert på ny forsking og diskutere innføring av ny kunnskap i praksis. Les meir på side 3 Raskare tilbakeordninga evaluert Side 7 Møt to av årets studentar på tverrfagleg vidareutdanning i ARR Side 9 Ikkje nye midlar til Nav-avtalene Side 4 Vil utvikle Nav-tilbodet i arbeidsretta rehabilitering Arbeidsdepartementet og Nav ynskjer meir kunnskap om arbeidsretta rehabilitering, og har sett i gang eit eige metodeutviklingsprosjekt for fagfeltet. Som ei av dei utvalde attførings- og rehabiliteringsbedriftene skal Muritunet utvikle eit eige ARR-program for overvektige. - Vi har tidlegare erfart at den viktigaste tilnærminga er livsstilsendring, men ofte handlar det ikkje bare om overvekt, seier prosjektleiar Anita Dyb. Les meir på side 5-6 Nytt frå AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Side 14

Leiar Må bygge mer ARR-kunnskap Raskere tilbake er en storstilt nasjonal satsing for å gjøre noe med sykefravær, uføretrygd og satsingen på et inkluderende arbeidsliv. Både enkel og kompleks arbeidsrettet rehabilitering har vært prøvd ut i perioden, og ordningen har vært et signal om betydelig politisk satsing blant annet på dette fagfeltet. Dette er positivt. SNF har nylig kommet ut med en evalueringsrapport om Raskere tilbake-ordningen bestilt av Arbeidsdepartementet. Rapporten beskriver mange av de metodiske problemene forskerne på SNF har hatt med evalueringen. Når de nå har problemer med å konkludere om tiltakene har gitt resultater, er det bekymringsfullt. Utfordringene knyttet til konklusjonene er mange. Men det kan synes som at man i iveren etter å sette programmet ut i livet, har glemt å stille krav til at tilbudene skal sannsynliggjøre en raskere tilbakegang til arbeid og synliggjøre kunnskapsgrunnlag og effektmål. Når dette ikke blir gjort i forkant, sier det seg selv at det blir vanskelig å konkludere om tiltakene er virkningsfulle i etterkant. Hvis denne evalueringen brukes til å konkludere på noe vi reellt sett ikke har grunnlag for, kan vi risikere at vi kaster babyen ut med badevannet. Dette viser hvor viktig det er for oss som driver med arbeidsrettet rehabilitering at vi blir stadig bedre på å dokumentere og måle effekt av programmene våre, også når det det ikke foreligger absolutte krav om det fra bestiller. At vi bygger kunnskap om hva som virker for hvem. I dette ARR-nytt kan du blant annet lese om et nytt metodeutviklingsprosjekt i Nav-regi, forskningssamarbeid mellom Hernes Institutt og IRIS og Nordisk forskningskonferanse, en synliggjøring av forskningsarbeid innen ARR. Alle eksempler på at vi er godt i gang med å bygge slik kunnskap. Toril Dale Leder AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering 2 ARR - NYTT 02/2010

Inviterer dei nordiske ARR-miljøa til forskarkonferanse Arbeidsretta rehabilitering har utvikla seg som eige forskingsområde innan både arbeidslivs- og rehabiliteringsforsking i alle dei nordiske landa. Og i september finn den fyrste nordisk konferansen innan fagfeltet stad. Konferansen finn stad 14.-16. september på Rauland Høgfjellshotell og arrangør er AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Foredragshaldarane kjem både frå Sverige, Danmark og Noreg. Eit av høgdepunkta vil nok likevel vera professor Patric Loisel frå Universitetet i Toronto, Canada som legg fram deira forsking om arbeidsretta rehabilitering Ynskjer deltakardialog Konferansekomiteen har som mål at deltakarane skal bli oppdatert på ny forsking og nyare forståing av fagfeltet, og diskutere moglegheiter for innføring av ny kunnskap i praksis. Fleire anerkjente forskarar innan arbeidsretta rehabilitering kjem til Rauland, og programmet er bygd opp av arbeidsseminar der det er lagt opp til mykje dialog mellom deltakarane og forskarane. Skiftande fokus til temaet Konferansen startar med eit fokus på arbeidsplassens, der seniorforskar Merete Labriola, IRIS (tidlegare tilsett ved Det Nationale Forskningssenter for Arbejdsmiljø, Danmark), opnar med eit arbeidsseminar om arbeidsplassens betydning i arbeidslivet. Før kanadiske Patrick Loisel presenterer Sheerbrooke-modellen gjennom ein videokonferanse. Dag to vil professor Kerstin Ekberg og post.doc. Christian Ståhl, National Center for Work and Rehabilitation, Linköpings Universitet, Sverige, snakke om integrert perspektiv på velferd og arbeidsliv. I siste arbeidsseminaret på dag tre ser seniorforskar Thomas Lund, IRIS (tidlegare tilsett ved Det Nationale Forskningssenter for Arbejdsmiljø, Danmark) og forskingsleiar og ph.d.-stipendiat Irene Øyeflaten, AiR - Nasjonalt kompetansesenter - Stort behov for forsking - Ulike velferdssystem og ulike regelverk til trass, grunnspørsmålet er det same: korleis få sjukemeldte tilbake i arbeid? Slik oppsummerer Kerstin Ekberg, professor ved National Center for Work and Rehabilitation, Linköpings Universitet, Sverige, behovet for ein nordisk konferanse i arbeidsretta rehabilitering. Og sjølv om det også skjer mykje forsking i dag, seier Ekberg at vi framleis veit for lite om kva som forklarar prosessen med å koma tilbake i arbeid. - Og behovet for meir forsking er stort i alle landa, seier Ekberg, som også sit i konferansekomiteen for Nordisk konferanse for arbeidsrettet rehabilitering som arrangerast 14.-16. september. - Vi arbeider ofte med enkeltindivid for å hjelpe og lindre plagene for desse. Men det er trong for auka fokus på arbeidsplassen for arbeidsretta rehabilitering, på prognostiske faktorar for sjukefråvær og tilbakeføring til arbeid. Konferansen starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering og NIVA (Nordisk institutt for vidareutdanning innan arbeidsmiljøområdet), men fyrstnemnte organisasjon står no for arrangementet aleine. og samarbeidet mellom ulike samfunnsaktørar, held ho fram. - Treng auka kunnskap om effekt av ulike regelverk Som den fyrste samlinga for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering har Ekberg forventningar om at deltakarane får auka kunnskap om ulike regelverk og kva konsekvensar det har for sjukefråværet. - Slik kan vi arbeide betre i kvart vårt land, seier ho. Det er ikkje noko utbreitt forskingssamarbeid mellom dei nordiske landa i dag, men Ekberg seier ho håpar det blir utvikla eit framover. Og her kan konferansen i september vera eit viktig utgangspunkt. Det er likevel ikkje bare forskarar som er målgruppa for konferansen. Praksisfeltet er også invitert, dei som møter pasientane enten innanfor helsevesenet, arbeidslivet eller trygdesystemet. - Gjennom auka kunnskap kan vi arbeide betre i kvar våre land, men det vanskelegaste er å implementere kunnskapen i praksis, seier Ekberg. - Eg trur det blir ein interessant og spennande konferanse. For oss utanfrå Noreg vil det til dømes vera interessant å lære meir om det nye Nav-systemet, avsluttar Ekberg. ARR - NYTT 02/2010 3

Stortinget fylte ikkje opp Nav sin tome Raskare tilbake-konto Stortinget gav ikkje Nav øyremerkte ekstraløyvingar til inngåtte Raskare tilbake-avtaler i revidert nasjonalbudsjett, slik mange både stortingsmedlemmer og interesseorganisasjonar hadde arbeidt for. Fleire av rehabiliteringsinstitusjonane som inngjekk Raskare tilbakeavtaler med Nav om døgnbasert arbeidsretta rehabilitering hausten 2009, har fått problem med å fylle opp kapasiteten for 2010. Årsaka er at Nav tideleg i 2010 gjorde det klart at dei likevel ikkje hadde nok midlar på 2010-budsjettet til å bruke avtalene. Og frå fylkeshald har fleire Navkontor sendt ut brev til institusjonar med beskjed om at dei ikkje lenger har midlar til å kjøpe arbeidsretta rehabilitering. Forventningar til revidert statsbudsjett Institusjonane har i vår likevel hatt forventningar til at avtalene kunne bli teke i bruk gjennom ei eventuell tilleggsløyving i revidert nasjonalbudsjett. Der føreslo regjeringa ein monaleg auka av ressursane til arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav på 247 millionar kroner. Og fleire aktørar har arbeidt for at desse midlane skulle bli øyremerkt Raskare tilbake-avtalene for arbeidsretta rehabilitering. Ser problemstillinga Eit fleirtal i Arbeids- og sosialkomiteen med medlemmar frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viste i si budsjettinnstilling til problemstillingar knytt til finansieringa av tiltak under ordninga Raskare tilbake. Fleirtalet peika også på at reduksjonen i aktivitet i Raskare tilbake frå 2009 til 2010 kan skape ein vanskeleg situasjon for leverandøranes moglegheit til å oppretthalde eit godt tilbod på området. Dei bed også regjeringa sikre at leverandøranes trong for langsiktige avtaler blir teke vare på gjennom betre informasjon og kommunikasjon framover. Men fleirtalet viste også til at dei tiltaka som er sett av til sjukemeldte gjennom Raskare tilbake-ordninga, også kan bli tilbode andre som del av den ordinære løyvinga til arbeidsmarknadstiltak. Og auka midlar til arbeidsmarknadstiltak kan leggje til rette for endringar til tiltakssamansetjinga, til dømes auka bruk av arbeidsretta rehabilitering, skriv fleirtalet i si innstilling. Opposisjonspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti fremja også eit forslag om at regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2011 kjem tilbake med ein opptrappingsplan for arbeidsretta rehabilitering. Ikkje øyremerkte midlar I fleirtalsforslaget var løyvinga redusert med 2 millionar kroner, slik at endelege tilleggsløyving til tiltak for arbeidssøkarar kom på 245 millionar kroner. Stortinget løyvde med det ikkje friske midlar til Raskare tilbake- ordninga for 2010, og avtalene om døgnbasert arbeidsretta rehabilitering er i praksis stoppa. Store konsekvensar ARR-nytt er kjent med at fleire institusjonar som har avtale med Nav i desse dagar går til permittering av tilsette fordi dei ikkje lenger får fleire brukarar frå Nav gjennom Raskaretilbake -avtala i 2010. ARR-nytt tek opp tema og spørsmål innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering (ARR). Målsetjinga med nyheitsbrevet er å utvikle og skape merksemd rundt fagfeltet, og byggje bruer mellom arbeid og helse innan arbeidsretta rehabilitering. Utgjevar: Attføringssenteret i Rauland AS Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering 3864 Rauland www.air.no Ansvarleg redaktør: Toril Dale toril.dale@air.no Redaktør: Inger Johanne Midtgarden inger.johanne.midtgarden@air.no Redaksjonsmedlemmar: Liv Haugli, fagsjef for arbeidsretta rehabilitering Svein Kostveit, direktør AiR 4 ARR - NYTT 02/2010

Skal utvikle eige ARR-program for overvektige Som ei av to rehabiliterings- og attføringsbedrifter i landet er Muritunet valt ut til å delta i eit metodeutviklingsprosjekt for arbeidsretta rehabilitering spesielt retta mot overvektige. Arbeidsdepartementet står bak metodeutviklingsprosjektet og Nav har fått ansvaret med å setje i gang og fylgje opp. I tillegg dei to rehabiliteringsbedriftene som er plukka ut til å sjå på ARR retta mot overvektige, er tre andre Muritunet er godt i gang med å utvikle eit eige ARR-program for overvektige (Foto: Muritunet). index) på mellom 30 og 40. - Men det handlar ikkje bare om å få folk tilbake til arbeid. Samtidig må vi ivareta både fysisk aktivitet, kosthald og ernæring, og motivasjon til livsstilsendring, seier Dyb. På rehabiliteringssenteret har dei erfart at den viktigaste tilnærminga er livsstilsendring. Overvekt er ofte årsak til at pasientane har falle ut av arbeidslivet, men dei ser at det ofte er ein samansett bakgrunn til at overvektige deltakarane ikkje klarar å stå i arbeid. ulike matrettar i lag, forklarar Dyb. Til dette prosjektet har Muritunet utvikla eit to-delt tilbod der deltakarane startar med ein månads opphald på Muritunet, for så å få oppfylging i lokalmiljøet. Dei har difor inngått avtale med 3 attføringsbedrifter i Møre og Romsdal, der brukarane får opptil 48 veker med oppfylging. Dei fire tilnærmingane er del av programmet både i fase ein og to. - Frå Muritunet fylgjer vi brukarane opp til fase to. Her får dei veiledarar som fylgjer dei opp vidare. For å få overgangen til å fungere har vi to overføringsmøte i fase ein. Fyrst eitt med deltakaren og representantar frå rehabiliterings- og attføringsbedrifter plukka ut til å vidareutvikle ein metode for ARR generelt. (Sjå eiga sak side 6.) Muritunet har erfaring både med ARR og rehabilitering for overvektige, og prosjektleiar Anita Dyb seier det har vore inngangsporten til prosjektet. - Det spesielle med dette prosjektet er at deltakarane får oppfylging på fleire område, ikkje bare på arbeidsdimensjonen. Prosjektet har som intensjon å etablere ein framtidig driftsmodell som kan ha overføringsverdi til andre institusjonar, og det er spanande å utarbeide ein modell som andre kan integrere, seier Dyb. Skal ikkje bare få folk i arbeid Målgruppa for prosjektet er overvektige som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, personar som har falle ut, inkludert uføretrygda, sjukemeldte og dei som ikkje har kome inn i arbeidslivet enno. For å snevre inn gruppa, er tiltaket spesielt retta mot deltakarar med ein BMI (Body mass - Det handlar ofte ikkje bare om overvekt. Som døme kan eg fortelje om ei kvinne som opplevde at ho og borna åt meir rask og usunn mat då mannen byrja å pendle. Ho arbeidde turnus, og for å tid til både borna og arbeid vart løysinga lettvinte måltid, som raskt gav utslag på vekta. Det viser at det er mange ting i livet kan føre til vektauke, seier Dyb. Brei tilnærming Programmet er delt inn i fire tilnærmingar. - Fyrst kartlegg vi kva tiltak som må til for at vedkommande kan koma tilbake i arbeid og førebygge at ho/ han ikkje fell ut av arbeid att. Den andre tilnærminga er fysisk aktivitet. Mange av brukarane har vore inaktive over lengre tid, her kjem dei i gang med å vera fysisk aktive att. Vidare ser vi på motivasjon, og spør kva som må til for å motivere seg sjølv til livsstilsendring. Siste punktet er kosthald og ernæring, som vi har både ei teoretisk og praktisk tilnærming til. Vi handlar mat i lag på forretninga, ser på innhaldet i matvarene og lagar Fysisk aktivitet er ei av fire tilnærmingar til målgruppe (Foto: Muritunet). Muritunet og attføringsbedrifta. I siste møtet deltek også arbeidsgjevar. - I fase to får deltakarane i gjennomsnitt 12 timar veiledning kvar månad. Til dømes kan oppfylging vera at deltakar og veiledaren spelar squash i lag slik at deltakaren skal bli trygg på å trene i ny omgjevnadar, fortel Dyb. Framhald neste side ARR - NYTT 02/2010 5

Fortsetjing frå side 5 Tett oppfylging Muritunet har signert avtale med Nav om ein prosjektperiode på 2 år med mogleg forlenging på eitt pluss eitt år. Metodeutviklingsprosjektet skal utviklast gjennom heile perioden, og alle brukarane blir kartlagt med spørjeskjema ved inntak og ved oppfylging etter 3 og 12 månadar. - St.Olavs hospital analyserer desse skjemaa og rapporterer tilbake. Vi har blant anna eit mål om at deltakarane skal oppnå ein vektreduksjon på 5-10 prosent. Dersom rapportane viser at dette ikkje skjer, må vi endre tiltaket. Muritunet signerte avtala med Nav i april, og har til no gjennomført 2 gruppebaserte inntak. Målet er at 150 deltakarar skal delta i programmet fyrste året, men det viste seg å vera vanskeleg å fylle opp dei fyrste inntaka, så Dyb fortel at dei truleg må justere dette talet noko. Kva erfaringar har de gjort dykk så langt? Vi ser ta deltakarane har stor nytteverdi av å vere i gruppe. Dei støttar kvarandre opp og motiverer kvarandre til å stå på. Gruppedynamikken er sterk også etter at dei reiser i frå Muritunet, og kontakten blir brukt til å motivere kvarandre til å stå på, seier Dyb. Neste utgåve av ARR-nytt kjem medio september 2010. Har du innspel eller forslag til saker vi bør ta opp? Kontakt redaktør Inger Johanne Midtgarden e-post: inger.johanne.midtgarden@ air.no AD vil vidareutvikle arbeidsretta rehabilitering Eit metodeutviklingsprosjekt for arbeidsretta rehabilitering i regi av Arbeidsdepartementet (AD) skal sjå nærmare på korleis Nav kan arbeide enno betre med kvar enkelt brukar. Prosjektet har utgangspunkt i eit dokument 8 forslag i Stortinget. Som ein del av tiltaka i IA-avtalen vart partane i arbeidslivet og regjeringa einige om å avsetje midlar til dette metodeutviklingsprosjektet. AD har sett av om lag 12 millionar kroner til prosjektet i 2010, og hausten 2009 og i vår har Nav underteikna avtaler med 5 institusjonar i fire fylke. Desse er Durapart (Aust-Agder), Brisk kompetansesenter (Møre og Romsdal), Grep (Telemark), Muritunet (Møre og Romsdal) og Fønix (Vestfold). Målet med metodeutviklingsprosjektet er å vidareutvikle og evaluere metodar og modellar både innanfor arbeidsretta rehabilitering generelt og arbeidsretta rehabilitering retta mot overvektige. Effekt i fokus - Vi er opptatt av at all rehabilitering skal få brukarane i best mogleg stand til å få eller behalde arbeidet, samstundes som det må vera økonomisk forsvarleg, seier Gina Lund, statssekretær i AD. - Evalueringa av Raskare tilbake viser at resultata samla sett ikkje har svart heilt til forventningane. Det gjer dette metodeutviklingsprosjektet enno viktigare. Arbeidsretta rehabilitering som blei evaluert i rapporten har vore ein eksisterande teneste innanfor nokre ganske fastsette rammer. Vi er opptatt av å vidareutvikle og sikre at arbeidsretta rehabilitering er effektfullt, og i prosjektet vil vi utvikle metoden vidare knytt til korleis vi kan arbeide betre mot enkeltbrukarane. Vi vil både gjera ei metodevurdering og prøve å finne fram til dei beste elementa i dei metodane som brukast i dag, seier Lund. Tyngre målgruppe Seniorrådgjevar i AD Roger Lorås har arbeidt med utforminga av metodeutviklingsprosjektet, og seier det er retta mot ei tyngre målgruppe. - Difor er det også noko lengre varigheit på dette tilbodet i forhold til ordinært tilbod innan arbeidsretta rehabilitering. Det er òg lagt opp til tettare oppføylging. Dette er for å sjå korleis slike tilbod kan fungere for dei som står noko lengre frå arbeidslivet og korleis dei kan gjevast moglegheiter for å koma tilbake i arbeid, seier Lorås. Viktig tilbod framover AD ser på arbeidsretta rehabilitering som eit viktig tilbod framover for dei gruppene som har trong for det, og departementet er difor generelt interessert i å utvikle feltet arbeidsretta rehabilitering vidare. Gjennom Raskare tilbake-ordninga som vart sett i gang i 2007 vart det etablert arbeidsretta rehabilitering gjennom Nav i heile landet. - Slik fekk arbeidsretta rehabilitering eit lyft, og metodeutviklingsprosjektet blir viktig for å kunne få erfaringar med ulike tilbod og moglegheit for å evaluere tiltaket meir systematisk, seier Lorås. 6 ARR - NYTT 02/2010

Raskare tilbake gjev ikkje ynskt resultat Raskare tilbake-ordninga er no evaluert. Konklusjonen er at ho har hatt liten effekt, sjølv om det heftar stor usikkerheit ved mengda og kvaliteten på datamaterialet som har vore tilgjengeleg. På oppdrag frå Arbeidsdepartementet har SNF (Samfunns- og næringslivsforsking) gjort ei evaluering av tilskotsordninga Raskare tilbake. Formålet med ordninga er å bidra til at personar som mottek sjukepengar skal koma raskare tilbake i arbeid enn dei elles ville ha gjort. Ordninga blei innført i 2007, og er eit resultat av IAavtala mellom partane i arbeidslivet og regjeringa. Arbeidsretta rehabilitering (ARR) er ei av mange tilbod som har blitt gjeve innan Raskare tilbake, og i rapporten blir tilboda frå både RHFane og Nav evaluert. Usikre resultat Når det gjeld ARR i regi av private rehabiliteringsinstitusjonar under kontrakt med spesialisthelsetenesta, viser analysane at det er kortare ventetid på behandling for Raskare tilbake-deltakarar samanlikna med dei som ikkje fekk dette tilbodet gjennom ordninga. Når det gjeld lengda på sjukefråværet, var det ingen signifikante forskjellar mellom gruppene. Det blei heller ikkje funne betydningsfulle forskjellar i sannsynleg utfall for å vera sjukemeldt ut sjukepengeperioden. Seniorforskar ved SNF og ein av forfattarane bak rapporten Egil Kjerstad seier at på grunn av analyseutvalet dei hadde til rådvelde, er desse resultata likevel svært usikre. - Vi hadde få observasjonar på grunn av at dei fleste private institusjonane ikkje har rapportert inn personidentifikasjon på deltakarane. Dermed hadde vi heller ikkje moglegheit til å kople Raskare tilbakedata mot trygdeopplysningar, slik som sjukefråværsopplysningar, seier Kjerstad, som presiserer at det ikkje er snakk om personnummer, men avidentifiserte opplysningar. Lengre sjukefråvær Gjennom Raskare tilbake fekk Nav lokalt fire nye verktøy for å redusere sjukefråværet, der ARR var eitt av dei. Her blir altså sjukemeldte som har fått ARR samanlikna med ei gruppe personar som har fått vanleg oppfylging frå Nav. Analysane viser at det heller ikkje her er betydningsfulle forskjellar i sjukefråvær mellom dei som fekk ARR og ikkje. - Vi finn faktisk at sjukefråværet er lengre for Raskare tilbake-deltakarar samanlikna med dei som ikkje deltek. Dette resultatet skuldast etter vår meining at deltakarane gjennomgåande alt har hatt eit langt sjukefråvær bak seg, noko som kan indikere at deltakarane er tyngre tilfelle, seier Kjerstad. Motstridande funn Fleire studiar har vist at samansette tiltak som blir brukt i ARR har effekt på sjukemeldte med muskel- og skjelettplager, medan evalueringa av Raskare tilbake ikkje finn ein slik samanheng i Nav-materialet. Kjerstad seier at årsakene til arbeidsretta rehabilitering som Nav-tiltak viser liten eller ingen effekt kan vera fleire. - Det kan vera at tiltaka faktisk ikkje har nokon effekt på sjukefråværet. Ei anna forklaring kan vera at Raskare tilbake-tiltaka inneber meir tidkrevjande behandlingsopplegg enn det ein mottek i det ordinære behandlingsløpet. Ei tredje forklaring kan vera at dei som deltek i gjennomsnitt er tyngre pasientar enn dei som ikkje deltek, og vi ikkje i tilstrekkeleg grad har klara å fange opp dette i analysen. Vil ha ny evaluering av Raskare tilbake Arbeidsdepartementet (AD) som bestilte evalueringsrapporten av Raskare tilbake-ordninga frå SNF har alt sett i gang med å hente inn anbod på ny evaluering. - Vi treng å gå nærmare inn i utfordringane med å evaluere effektar av tilboda. Blant anna viser det seg å vera vanskeleg å finne gode kontrollgrupper, og då er det også vanskeleg å få gjort ei god effektevaluering, seier seniorrådgjevar i AD Roger Lorås. Vil SNF-rapporten påverke AD sitt syn på arbeidsretta rehabilitering? - Rapporten inngår i grunnlaget for å vurdere nivået og innretninga på Raskare tilbakeordninga samla sett, men det er for tideleg å seie noko om korleis utfallet blir der, seier Lorås. - Men vi har sett på arbeidsretta rehabilitering som eit viktig tilbod for å få fleire i arbeid og ein del av tiltaksporteføljen til Nav. Noko av bakgrunnen for at ein ynskte arbeidsretta rehabilitering i Nav var også at dei sakna eit lågterskeltilbod. Og særleg i grenseflata mellom arbeid og helse har det vore trong for ei kopling mellom helsemessig og arbeidsretta bistand. Lorås seier evalueringa til SNF er på eit meir overordna nivå, og AD har trong for å gå inn i dei ulike delane i tilbodet i ei ny evaluering. - Vi veit for lite om effekt av arbeidsretta rehabilitering og treng meir kunnskap om dei ulike tilboda og korleis dei verkar. ARR - NYTT 02/2010 7

Vil forske på verknadar av arbeidsretta rehabilitering Klarar arbeidsretta rehabilitering å få brukarane raskare tilbake i arbeid, spør Hernes Institutt og IRIS i prosjektskissa til eit nytt forskingsprosjekt. Prosjektet er tenkt å måle effekt av behandlingstilbodet som Hernes Institutt har utvikle over ein 50- års periode, med fokus på kva for eventuelle samfunnssparande kostnadar denne forma for rehabilitering kan innebera. Hernes-modellen er ein samansatt behandlingsmodell, utvikla spesielt for lågt utdanna langtidssjukemeldte personar med muskel- og skjelettplager. Modellen tek for seg både fysiske og kognitive problemområde i eitt og same behandlingsopplegg, og arbeidsgjevar, arbeidsplass og Nav blir trekt inn i samarbeidet mellom pasient og behandlingsinstitusjonen i heile oppfylgingsløpet. I studien ynskjer Hernes Institutt og IRIS (International Research Institute of Stavanger), Universitetet i Stavanger å måle effekten av denne metoden, finne meir ut av kvifor tilbodet verkar, eventuelt ikkje verkar, og sjå på kva som eventuelt bør forbetrast ved modellen. Det er gjort lite forsking i Noreg på kva som er effektive tiltak for å få langtidssjukemeldte med samansette problem tilbake i arbeid. Hernes Institutt sine eigne evalueringar dei siste 11 åra syner at 40-45 prosent av brukarane er heilt eller delvis tilbake i arbeid etter eitt år, og 25 prosent er på ulike tiltak. Men utan ei kontrollgruppe er det vanskeleg å vita om dette er gode tal eller ikkje. Prosjektet er todelt, der del I er ein randomisert kontrollert studie som ser på om Hernes-modellen har effekt. Her blir modellen skildra, og eventuell effekt modellen har på arbeidsdeltaking og samfunnsmessig kostnad versus nytte blir analysert. Del II er eit kvalitativt oppfølgingsstudie der dei ser nærmare på kvifor modellen verkar eller ikkje verkar, samt kva som bør endrast for å betre tilbodet. Prosjektleiar Randi Wågø Aas (forskingssjef for arbeidshelse og sjukefråvær, IRIS), og tre forskarar frå IRIS deltek i prosjektet. I tillegg er det oppnemnt eit internasjonalt ekspertpanel sett saman av professor Arild Bjørndal (Universitetet i Oslo og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten) professor Willem van Mechelen og professor Mauritz van Tulder (VU University Medical Centre, Nederland) og fyrsteamanuensis Ute Bultmann (Groningen University, Nederland). Prosjektet er i planleggingsfasen, og prosjektgruppa arbeider no med å finne finansieringskjelder. Går alt etter planen kan prosjektet starte opp for fullt sommaren eller hausten 2011. Effekt av arbeidsretta tiltak under forskarlupa I ei ny kunnskapsoppsummering har IRIS (International Research Institute of Stavanger) sett nærare på eit utval arbeidsretta tiltak. Utvalet av arbeidsretta tiltak er stort, men det er uklar dokumentasjon av effekt av fleire av desse, i fylgje IRIS. Tiltaka som blir drøfta i rapporten er rette mot brukarar med helseproblem. IRIS har valt ut seks tiltak eller verkemiddel som ofte er nytta overfor sjukemeldte: gradert sjukemelding, aktiv sjukemelding, tilretteleggingstilskot, arbeidsplassvurdering, dialogmøte og individuell oppfylging. 12 kvalitative og kvantitative studiar vart inkludert i rapporten, og dei retta seg i hovudsak mot sjukemeldte, og spesielt mot dei med muskel- og skjelettplager Rapporten gjev ein kunnskapsbasert oversikt over tiltaka, der kjenneteikn ved og erfaringar med tiltaka òg er teke med. Sjukefråvær og utestenging frå arbeidslivet er eit viktig tema i alle dei nordiske landa. Forfattarane har difor sett på det som nyttig å vurdere denne litteraturen under eitt, og viser kva som finnast av nordisk forsking på dei seks tiltaka innafor periode 2004-2009, med ei grundig vurdering av kvart tiltak. Rapporten er skrive på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Referanse: Arbeidsrettede tiltak ved helseplager og sykefravær. En kunnskapsoppsummering av nordisk forskningslitteratur. Ellingsen KL, Kiær E, Labriola M, Aas RW. Rapport IRIS 2010/049 8 ARR - NYTT 02/2010

Har etablert lærerikt koplingspunkt mellom arbeid og helse - Vektlegginga av både arbeids- og helsedimensjonen og den faglege koplinga mellom dei to felta opplevde vi som svært nyttig for eigen praksis, seier to av studentane på tverrfaglege vidareutdanninga i arbeidsretta rehabilitering. Høgskulestudiet samlar deltakarar frå både helsesektoren og arbeidsmarknadsbedrifter. Og i vår fullførte andre kullet det eitt-årige studiet. To av årets studentar, Helene Rangbru, Friskvernklinikken og Grethe Strande, Hadeland produkter (HAPRO), seier at studiet har vore både interessant og svært relevant fagleg. Og medan Helene Rangbru fortel at ho fekk ny kunnskap om korleis arbeidsfokus er ein viktig del av rehabiliteringsprosessen, seier Grethe Strande at ho lærte mykje om korleis den totale helsesituasjonen heng saman med arbeidsevne. Arbeids- og helseperspektivet - Innhaldet var omfattande med fleire vinklingar til temaet, og for meg var koplinga av arbeids- og helseperspektivet spesielt interessant, seier Helene Rangbru, psykolog ved Friskvernklinikken i Asker. - Eg kjem frå helsesektoren og har lært å gjera folk friske. På studiet lærte eg mykje om arbeidslinja, arbeidsretta rehabilitering, forsking på kva som får folk tilbake i arbeid og kunnskap om korleis dette kan gjerast innan rehabilitering. Kunnskap som eg ser stor nytt av i arbeidet mitt, held Rangbru fram. Deltakaren frå arbeidsmarknadsbedrifta HAPRO, Grethe Strande opplevde på si side at å sjå på arbeidsevne i samanheng med den totale helsesituasjonen var svært nyttig i arbeidet med å hjelpe arbeidssøkjarane å koma i arbeid. - Eg arbeider med menneske som har helseavgrensingar i forhold til arbeid, og ser ofte at arbeidssøkjarane opplever sin eigen helsesituasjon som både dårleg og avgrensande, noko som gjer det vanskeleg å setje i gang arbeidstiltak. Og på dette studiet har eg lært og prøvd ut gode metodeverktøy som får til rørsle hjå arbeidssøkjarar som har sett seg fast i helsesituasjonen sin, seier Strande. - Gjennom erfaringslæringa måtte vi sjølve prøve ut det vi lærte og kjenne det på eigen kropp - På studiet lærte vi å arbeide med helse samstundes med arbeidslivsfokuset. Og temaa som blei teke opp har eg sakna i mitt eige arbeid gjennom fleire år, held Strande fram. Lærte med kroppen I undervisninga er det lagt mykje vekt på at studentane gjennom praktiske øvingar sjølve skal erfare teorien. - Gjennom erfaringslæringa måtte vi sjølve prøve ut det vi lærte og kjenne det på eigen kropp. I staden for bare å lytte til føredrag fekk vi øve oss praktisk, seier Helene Ringbru. Ho seier det ikkje er eit studie ein kan høyre seg til, her må studentane vera aktive deltakarar og våge å by litt på seg sjølve. - Vi erfarte ting samstundes som vi lærte, og for min del fekk eg mykje ut av denne studieforma, også på det personlege plan. Men det er sjølvsagt friviljug kor mykje ein vil leggje i det, seier Ringbru. Også Grethe Strande seier ho opplevde studieforma som nyttig. - Vi leste mykje teori mellom samlingane og trena på metoden under samlingane. Slik fekk vi praktisk og god kompetanse kombinert med teoriane som ligg bak. Vi arbeidde mykje med oss sjølve, og det blei lettare å ta i bruk kunnskapen etterpå når vi hadde fått eit så nært forhold til han under samlingane, seier Strande. Har studiet påverka eigen praksis? - Det har vore nyttig å diskutere ulike tema med dei andre studentane. Og i ettertid har eg fått eit nettverk som eg kan få innspel og andre vinklingar på ei sak frå. Slik kan vi dra nytte av kvarandre, seier Helene Rangbru. - Ja, absolutt, svarar Grethe Strande. - Studiet har gjeve meg eit meir vake blikk for korleis folk lever heile livet sitt og held ved like eiga helse. No ser eg ikkje bare på kva som er vanskeleg på arbeid. Og gjennom veiledningsmetodikken vi lærte kjem eg inn på temaet raskare. Om ARR-studiet Vidareutdanninga i arbeidsretta rehabilitering har som formål å bidra til auka forståing for innhaldet i fagfeltet. Studentane skal òg utvikle handlings- og veiledningskompetanse i arbeidsretta rehabiliteringsteam. Vidare skal dei få auka kjennskap til og bruke verktøy som kartlegg funksjonsog arbeidsevne hjå brukaren som bidreg til auka bevisstgjering av brukaren sine ressursar og moglegheiter. Ansvarleg for studiet er AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering i samarbeid med Diakonhjemmet Høyskole, avdeling Stavanger. Studiet gjev 30 studiepoeng og er lagt opp som 6 samlingar over to semester. Dei to siste åra har 55 personar frå både helseinstitusjonar og arbeidsmarknadsbedrifter delteke på studiet. Nytt studie med 24 studieplassar startar opp hausten 2010, og det er framleis nokre ledige plassar att. ARR - NYTT 02/2010 9

Røros Rehabiliteringssenter satser på varierte ARR-program ARR-nytt presenterer en rehabiliteringsinstitusjon med ARRprogram i hvert nummer. Denne gangen har vi kommet til Røros Rehabiliteringssenter. Ingvild Arnesen og Marit Øverås på ARR-teamet har svart på spørsmålene. Hvorfor har dere utviklet et tilbud innen arbeidsrettet rehabilitering, og hvor lenge har institusjonen hatt dette tilbudet? På bakgrunn av henvendelse fra Rikstrygdeverket fikk Røros Rehabiliteringssenter (RRS) i 2003 forespørsel fra Helse Midt-Norge (HMN) om levering av tjenester som var spesielt utformet for å bidra til at sykmeldte og andre på sykdomsrelaterte ytelser kom tilbake til arbeid. RRS etablerte dette tilbudet i januar 2004. Fra 2007 inngikk vi avtale med Nav om arbeidsrettet rehabilitering gjennom prosjektet ved vår avdeling i Trondheim har vi nå avtale om 15 plasser på dagtilbud. Hvordan vil institusjonen definere kjernen i fagfeltet ARR? Tanken om at alle mennesker har muligheter og ressurser til å gjøre en innsats for å oppnå sine mål danner grunnlag for rehabiliteringsprosessen. Viktigheten av arbeidslivsdeltakelse til tross for sykdom er også essensielt. Rehabiliteringsteamet bidrar i prosessene blant annet med brobygging mellom arbeid og helse, hvor dialog med arbeidsgiver er et av tiltakene. Videre stimuleres deltakerne til mestringsopplevelser gjennom varierte aktiviteter. Tanken er mest mulig aktiv deltakelse til tross for sykdom og skade, noe som har stor overføringsverdi til dagliglivet. På denne måten blir fokuset rettet mot muligheter i stedet for begrensninger. Deltakerne veiledes til å sette seg realistiske mål i forhold til sin funksjonsevne, og jobber målrettet for å oppnå disse. som fastlege og lokalt hjelpeapparat. Deltakerne veiledes til å sette seg realistiske mål i forhold til sin funksjonsevne, og jobber målrettet for å oppnå disse. Rehabiliteringstilbudet vektlegger en tilnærming med fokus på den totale livssituasjon. Vår livsstil påvirker vår arbeidshelse. Tilbudet med fysisk trening, undervisning/veiledning og samtaler/gruppesamtaler skal styrke deltakerens kunnskap og mestringsevne og føre til økt varig endring og økt livskvalitet. Å legge til rette for endringsprosesser hos deltakeren er sentral i tilbudet. Våre tjenester bygger på systematisk intervensjon med vekt på helhetlig bruk av ICF som modell. Deltaker får veiledning i å utarbeide mål og delmål som grunnlag for individuelle tiltak under og etter oppholdet. Gjennom disse synliggjøres aktiv brukermedvirkning. Sentralt i tilbudet er gruppeveiledning, der overordnet mål er refleksjon, oppdagelser, læring, vekst og utvikling mot økt empowerment. Vi har fokus på hvordan forhold i arbeidsmiljøet virker inn på vårt følelsesliv, mellommenneskelige relasjoner, motivasjon, arbeidsglede/lyst og organisasjonens slagkraft. Raskere tilbake. I 2008 inngikk vi avtale med HMN om 15 døgnplasser for arbeidsrettet kreftrehabilitering. Dette er et samarbeidsprosjekt mellom Røros Rehabiliteringssenter, Kreftforeningen, NTNU og St.Olavs hospital. I 2009 fikk vi fornyet vår avtale med Nav om 20 plasser på døgn, i tillegg til 10 plasser på dagrehabilitering. Og Hva inneholder deres ARRtilbud av behandling og aktiviteter? Tjenesten som tilbys ved RRS har et betydelig arbeidsrettet fokus og relateres til deltakerens nåværende arbeidsforhold og arbeidsplass, eventuelt også andre muligheter på arbeidsmarkedet dersom det viser seg hensiktsmessig. Det legges opp til et spesielt tett og forpliktende samarbeid med arbeidsgiver og andre aktører som bidrar i prosessen med tilbakeføring til arbeid. Vi samhandler også med andre aktører Målet er å skape større forståelse for egne og andres reaksjonsmønstre og samspillet mellom mennesker. Dette skal fremme oppdagelser om muligheter til egne valg og bevisste endringsprosesser. Deling av erfaringsbasert kunnskap gir verdifulle gruppepsykologisk effekter som ofte fører til fellesskap og gjensidig støtte og forståelse. Vi tror at tilgang til andre menneskers erfaringer, meninger, holdninger, adferd og reaksjonsmønstre er viktige bidrag i en bevisstgjørings- og endringsprosess. 10 ARR - NYTT 02/2010

Hvor mange sengeplasser har ARRtilbudet? Av senterets totale kapasitet på 100 døgnplasser benyttes 35 til ARR. Hvilke målgruppe er ARR-tilbudet rettet mot? Deltakerne i arbeidsrettet rehabilitering ved RRS er personer som er sykmeldt og/eller har fått sin arbeidsevne nedsatt slik at vedkommende hindres i å skaffe eller beholde inntektsgivende arbeid. RRS har to tverrfaglige ARR-team. Det ene teamet har tilbud hovedsakelig for diagnosegruppene muskel- og skjelettplager, utbrenthet, lettere psykiske lidelser og sammensatte lidelser. Det andre teamet har tilbud for kreftpasienter som har gjennomført sin primærbehandling og har som mål å komme tilbake i arbeid, eller som er i arbeid og står i fare for å bli sykemeldt. Hvilke faggrupper arbeider sammen i det tverrfaglige teamet, og hva er bakgrunnen for denne sammensetningen? Alle aktivitetene ledes av personell med tverrfaglig formell og erfaringsbasert kompetanse. Fem av våre ansatte har også videreutdanning i arbeidsrettet rehabilitering og fire i kognitiv terapi. Våre faggrupper er fysioterapeut, spesialfysioterapeut, helse- og treningsterapeut, ergoterapeut, sykepleier, psykiatrisk sykepleier, lege, klinisk ernæringsfysiolog, kokk, sosionom, attføringskonsulent og psykolog. Attføringskompetanse og rehabiliteringskompetanse hos ulike helseprofesjoner gir oss en god tverrfaglig styrke. Samhandling med en helhetlig kognitiv tilnærming er sentralt, og alle teamansatte har et felles ansvar for sluttresultatet. Hvordan ser dere for dere utviklingen av fagfeltet ARR de neste 5 åra? Hva som vil skje innen fagfeltet Arbeidsrettet Rehabilitering de neste årene vil i all hovedsak styres av avtaler og øknomiske midler i Nav og Helseregionene. Våre erfaringer tilsier imidlertid at det er et tydelig behov for styrking og videreutvikling av fagfeltet og tilpasning til nye målgrupper i takt med endringer i arbeidsmarkedet. Fleksibilitet og omstillingsevne blir viktig, men vi har tro på videreføring av vårt tverrfaglige fokus, gruppeprosessen som virkemiddel i rehabiliteringen og individuelle tilpasninger etter behov. I tillegg til tradisjonell institusjonsbasert rehabilitering tror vi at dagrehabiliteringstilbudet blir viktig å videreføre for å tilby tett oppfølging i lokalmiljøet. Alle bilder: Røros Rehabiliteringssenter Røros rehabiliteringssenter Røros Rehabiliteringssenter (RRS) ble stiftet 29. juni 1999 av Landsforeningen for hjerte og lungesyke og Røros kommune, og bygget sto ferdig 1. januar 2003. Opptreningsinstitusjonen ble godkjent fra 1. september 2003 og har vært leverandør av rehabilitering siden. Vi har fra starten av vært organisert som tverrfaglige team. De første teamene ga tilbud til diagnosegruppene hjerte og lungesyke. I tillegg hadde vi en periode hofte og kneopererte. I 2004 ble første ARR-teamet opprettet, i 2005 team for sykelig overvekt og 2008 ARR-team for kreftrehabilitering. Vår visjon er mestring og livskvalitet, og behandlingstilbudet skal være ledende i Norge. RRS målsetting er å være et fremtidsrettet rehabiliteringssenter som bidrar til å hente frem deltakernes egne ressurser og ansvarliggjøre dem i deres egen rehabiliteringsprosess. Mestring er mulig gjennom realistisk og bevisst satsing, samt oppbygging av deltakernes tro på at de kan nå sine mål og få økt sin livskvalitet. RRS har en bemanning på 65 årsverk fordelt på 71 personer. ARR - NYTT 02/2010 11

Brukarhistorie - Jeg har ikke noen tro på at de doktorene vil finne ut av det lenger Kvinne, 37 år I denne spalten forteller tidligere brukere ved en ARR-institusjon om hvordan de opplevde oppholdet og målet om å komme tilbake i arbeid. Kvinnen er sykepleier på et pleiehjem og deltok på det arbeidsrettede rehabiliteringsoppholdet for omtrent ett og et halvt år siden. Hva var bakgrunnen for at du søkte om plass til et arbeidsrettet rehabiliteringsprogram? Jeg hadde slitt med det jeg kalte bekkenløsning i 8 år. Jeg hadde vært hos diverse behandlere, og manuellterapeuten mente jeg burde sykmeldes. Etter fire måneder kom jeg til en ortoped som sa at det ikke var noe galt, men at jeg hadde diskogene smerter, og han rådet meg til et arbeidsrettet rehabiliteringsopphold. Men fastlegen min kjente ikke til tilbudet om arbeidsrettet rehabilitering da jeg ba han søke plass for meg. Husker du hvilke forventninger du hadde til oppholdet? Jeg var ikke reflektert over noe. Jeg hadde hatt mye smerter så lenge, og andre jeg spurte sa at det var så fint å være der. Jeg tenkte vel at det blir godt å være litt for meg selv, tenke på meg selv og så tenkte jeg at det skulle bli fint å få en doktor for seg selv. Hva innebar det å få en doktor for seg selv? Jeg hadde et håp om at noen kunne finne en diagnose. Jeg har fått diagnosen diffuse muskel- /leddsmerter og forskjellige andre diagnoser, og manuellterapeuten tenkte at det kanskje var Bechtrew. Alle sier jo at det ikke er diagnosen som er viktig, at jeg skal være aktiv og gå på jobb uansett. Men i Nav-systemet trenger du en diagnose. Jeg er en ung kvinne med diffuse muskel/ ledd smerter og i et omsorgsyrke ingen vil ha deg! Ble forventningene dine innfridd? De fant jo ikke ut av det. Pratet med doktoren flere ganger og han var enig med meg at jeg burde utredes for Bechtrew så det sto i epikrisen at jeg burde det. Nå står jeg på venteliste til revmatolog og nevrolog for de tenker at kanskje kan det være en nerve som er i klem også. Men jeg har ikke noen tro på at de doktorene vil kunne finne ut av det lenger. Var det noe annet på ARR-institusjonen som du tenker hjalp deg tilbake i arbeid? Bassengtrening var bra for meg. Og så fikk jeg snust litt på oppmerksomhetstrening. Jeg fikk ikke tak på det der og da det var for overfladisk, men jeg skjønte at her var det noe. Så da jeg begynte hos en psykomotorisk fysioterapeut som introduserte meg mer for oppmerksomhetstrening, kjente jeg at det gikk den rette veien. Hva var det med oppmerksomhetstrening som du tenker hjalp deg? På grunn av alle smertene jeg har hatt i kroppen min så lenge, har jeg liksom ikke vært tilstede i kroppen min jeg har prøvd å flykte unna. Høres sikkert litt rart ut, men jeg har liksom levd på utsiden av kroppen min og ved hjelp av oppmerksomhetstrening driver jeg nå og flytter inn igjen. Jeg hadde jo smerter over det hele etter hvert ikke bare i ryggen men nå er de mer begrenset til bare ryggen. Når jeg begynte i jobb igjen fikk jeg økte smerter særlig når jeg skulle stelle folk. Oppmerksomhetstreningen har hjulpet meg til å takle stresset. Jeg greier å fokusere mer og verden detter ikke sammen når jeg ikke finner sprøyta på medisinrommet. Hvordan gikk det da du var ferdig med oppholdet? Vi hadde et dialogmøte med virksomhetsleder, Nav og meg. Det var over på noen få minutter og jeg fikk ingen hjelp. Jeg hadde begynt på et masterstudie under sykmeldingen, men hun på Nav likte ikke det og mente jeg skulle gå tilbake til arbeid. Jeg gikk tilbake til jobben i 60 prosent og tok masterstudiet ved siden av. Det gikk i 7 8 måneder, da klarte jeg ikke mer med tunge løft, nedbemanning og stress. Siden har jeg vært sykemeldt. Fortsettelse neste side 12 ARR - NYTT 02/2010

Forsettelse fra side 12 Men jeg har også vært på nytt dialogmøte, og denne gangen ble det helt annerledes. Da sørget jeg for at bedriftshelsetjenesten, og fysioterapeuten var med. I tillegg var både nærmeste leder og virksomhetsleder med. Det ble en helt annen atmosfære. Jeg hadde mer kontroll. Virksomhetslederen spurte etter mine mål og min plan. Hva kunne institusjonen ha gjort annerledes som du tenker ville ha hjulpet deg bedre? Det var flott å være der, jeg ble tatt ut av hverdagslivet liksom. Men det hjalp meg ikke tilbake til arbeid. Det var et team med mye kunnskap og ressurser, men vi kunne ha fått mer individuelle tilbud. Jeg trengte mer hjelp til å sortere, mer hjelp til oppmerksomhetstrening. Jeg hadde hele tiden hørt at jeg skulle holde meg i aktivitet og gå på jobb. Nå har jeg erfart at jeg trenger fire ting: gå tur, tøye etter turen, hvile og oppmerksomhetstrening. Jeg har trengt å lære å hvile og oppmerksomhetstreningen har hjulpet meg til å fokusere mer og til å håndtere smertene og stresset bedre. Det hadde også vært fint hvis rehabiliteringsinstitusjonen kunne ha kontaktet arbeidsgiver og fått ARRtankegangen inn på arbeidsplassen. Det kunne ha hjulpet flere på arbeidsplassen min også. Hvis en fra institusjonen hadde vært med på det første dialogmøte hadde det nok gått annerledes. Kalender Møteplass for kjernenettverket av arr-institusjonar Dato: 13.-14. september 2010 Stad: Rauland Høgfjellshotell, Telemark Målgruppe: Fagpersonar frå institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta (dvs med avtale med RHFar) Tema: Sjå www.air.no (blå side, Møteplassar i ARR) Kontakt:Toril Dale, AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, e-post: toril.dale@air.no Nordisk Konferanse i arbeidsretta rehabilitering Dato: 14.-17. september 2010 Stad: Rauland Høgfjellshotell, Telemark. Målgruppe: Forskarar og fagpersonar innan arbeidsretta rehabilitering Tema: Kva for forskingsresultat finnast i dag og korleis implementer desse i praksis? Meir informasjon og påmelding: www.air.no (blå side) Arrangør: AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Kontakt: Liv Haugli, e-post: liv.haugli@air.no ARR-vidareutdanning Haust 2010 Dato: 8.-10/9, 20.-22./10 og 17.-19./11 Stad: Diakonhjemmet Høyskole, Oslo Målgruppe: Helsepersonell og andre fagpersonar som arbeider innen fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Tema: Formålet med studiet er å gje auka forståing for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering og utvikling av handlingskompetanse som veiledar/fagperson i eit ARR-team. Arrangør: AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering i samarbeid med Diakonhjemmet Høgskole, Rogaland, DHS Kontakt: Liv Haugli, e-post: liv.haugli@air.no ReHab-uka 2010 Dato: 25. - 29. oktober 2010 Stad: Over heile landet Målgruppe: Alle som jobbar med rehabilitering eller er brukar av rehabiliteringstenester Tema: Ikkje klart enno, sjå www.helsedirektoratet.no for oppdatert informasjon Kontakt: Kirsti Rasmussen, Nasjonal koordinator for Re- Hab-uka 2010, e-post kirsti.rasmussen@telemedisin.no 3rd European Public Health Conference Dato: 10.-13 november 2010 Stad: Amsterdam, Nederland Målgruppe: Forskarar, politikarar og byråkratar, praktikarar og lærarar innan høgare utdanning med interesse for integrert folkehelse Tema: Integrated public health Kontakt: www.eupha.org Prekonferanse ARR Åpen Arena 2011 Dato: 11. januar 2011 Stad: Union Scene, Drammen Målgruppe: Forskarar og personar som arbeider i praksisfeltet Tema: Kva veit vi? Forsking innan arbeidsretta rehabilitering Kontakt: Irene Øyeflaten, forskingsleiar AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, e-post: irene.oyeflaten@air.no ARR Åpen Arena 2011 Dato: 12.-13. januar 2011 Stad: Union Scene, Drammen Målgruppe: Aktørar som vil skape bruene mellom arbeid og helse Tema: Hvordan skape bruer mellom arbeid og helse Kontakt: Toril Dale, leiar AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, e-post: toril.dale@air.no ARR - NYTT 02/2010 13

Nytt frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Klart for tredje ARR Åpen Arena ARR Åpen Arena, storarenaen for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering, arrangerast for tredje gong i januar 2011, og har med det blitt etablert som ein aktuell og levedyktig møteplass for ARR-fagfeltet. Arenaen finn stad 12.-13 januar, og nytt denne gongen er at arenaen arrangerast på Union Scene i Drammen. Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering og ressursgruppa for arenaen arbeider med utforming av program, som vil vera klart i september. I ressursgruppa sit Truls Grøteig, Sigrun Gjønnes, Jon Torgeir Lunke og May Cecilie Lossius frå Helsedirektoratet, Sigrun Andenes og Lars Bakken frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Liv Kaatorp frå KS, Elisabeth Arntzen frå Helse Sør-Aust og Marianne Sempler og Toril Dale frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Meir informasjon om ARR Åpen Arena 2011 blir lagt ut på nettsida vår etter kvart (www.air.no). Som i fjor vil arenaen starte med ein prekonferanse dagen før, der temaet er forsking på fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Spanande og interessante dagar på Røros for kjernegruppa I månadsskiftet mai/juni var Røros Rehabiliteringssenter møtestad for det årlege seminaret for dei fem ARR-institusjonane i kjernegruppa. Seminaret samla nærmare 30 deltakarar til to innhaldsrike dagar med ulike innfallsvinklar til fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Av dei mange temaa på programmet, vekte særleg Røros rehabiliteringssenter sitt Forum Teater interesse. Denne spesielle teaterforma brukast til å prøve ut ulike handlingsalternativ for brukaren, og er eit nyttig hjelpemiddel i konkrete situasjonar som opplevast som vanskelege å finne ei god løysing på. Det som kanskje særmerker teaterforma mest er at tilskodarane har ei aktiv rolle og er med på å finne løysingar eller alternative handlingsmåtar i ein situasjon som kan verke fastlåst. Elles fekk deltakarane høyre om korleis Røros kommune opplever arbeidsgjevarperspektivet og samhandling innanfor arbeidsretta rehabilitering. Personalsjef Jan Leif Furuhaug la spesielt vekt på trongen for tettare kontakt både mellom ulike instansar og aktørar, samt leiarar og tilsette. Fagrådet for arbeidsretta rehabilitering hadde òg ei økt, der dei la opp til diskusjon rundt kva som målast av kvalitet i dei ulike institusjonane no. Ei økt var også open, der deltakarane sjølve starte opp diskusjonar ut frå spørsmålet: Kva for utfordringar innanfor fagfeltet vil vi gå vidare med? Kjernegruppa består av institusjonane Valnesfjord Helsesportssenter, Raudekrossen Haugland Rehabiliteringssenter, Hernes Institutt, AiR Klinikk og Røros Rehabiliteringssenter. Ansvarleg for seminaret var AiR Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Inviterer til å sende inn abstrakt innan arbeidsretta rehabilitering Prekonferansen til ARR Åpen Arena 2011 spør korleis kunnskapen om risikofaktorar for sjukefråvær og uførhet best kan brukast på tiltakssida. Vi veit mykje om risikofaktorane, og på prekonferansen vil arrangørane fokusere på implementering av kunnskap i form av ulike tiltak i praksisfeltet, der tilbake i arbeid er hovudmålet. Arrangørane inviterer i den samanheng forskarar og andre fagpersonar til å presentere stor og små prosjekt som handlar om implementering av forsking i praksisfeltet. Prosjekta kan vera avslutta, pågåande eller i planleggingsfasa, eller handle om val av metode og design på forsking innan rehabilitering. Frist for innsending av abstrakt er 15. september. Prekonferansen finn stad 11. januar 2011 på Union Scene, Drammen. Arrangørar er AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering og Uni helse. For meir informasjon om retningsliner for abstrakt, sjå: www.air.no (blå side). Har lagt ned nettsida www.arbeidsrettetrehabilitering.no Nettsida for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering vart lagt ned 25. juni. Sida blei etablert i 2005 og var eit samarbeidsprosjekt mellom AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering og Uni Helse, Universitetet i Bergen. Etterkvart har båe dei to organisasjonane utvikla eigne sider som på mange område overlappa informasjonen som låg på www.arbeidsrettetrehabilitering.no, og dei blei difor einige om å leggje ned sida. Domenet peiker no til www.air.no. 14 ARR - NYTT 02/2010