Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad
Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL KVAM HERAD Logga inn og ut av e-postlesaren på www.kvam.no 1. Gå inn på www.kvam.no. 2. Nedst i venstre hjørne på nettsida vil du ha eit menyval som heiter E-postlesar. 2.1 Du kan og skrive www.kvam.no/epost, då kjem du rett inn på den rette sida. 3. Trykk på E-postlesar. 4. Du vil då få opp eit nytt bilete som ser omtrent slik ut: 5. Ta kontakt med IKT-avdelinga på 56 55 30 45 for å få brukarnamn og passord. Brukarnamnet ditt er og e-post adressa di. Er brukarnamnet ditt ole.olsen så er e-post adressa ole.olsen@epost.kvam.no 6. I det første feltet, Epostadresse, skal du skrive inn brukarnamnet ditt. 7. Trykk på Logg På. 8. Du kan då få opp dette biletet:
9. Det er berre ei åtvaring om at det kan vere mogleg for andre å se informasjon som du sender over internett. Trykk på «Ikke vis denne meldingen igjen», og deretter trykk på Ja. 10. Du får då opp eit bilete som ser omtrent slik ut: Du er no inne i e-post lesaren, og du kan no til dømes lese og sende e-post. Til venstre i biletet har du e-post menyen. 1. For å logge ut trykk du på Logg ut. ENDRE PASSORD OG ANDRE INNSTILLINGAR Endre passord og andre innstillingar Det første du bør gjere dersom det er første gongen du loggar inn på e-postlesaren din, er å endra passordet ditt. 1. Trykk på Innstillingar. 2. Trykk på Brukarprofil. 3. I dei to øvste felta skal du no skriva inn passordet du ynskjer å nytta. Ikkje vel eit passord som er enkelt for andre å gjette. Vel eit passord som inneheld minimum 6 teikn, og som har ei blanding av tal og bokstavar, bruk gjerne og andre spesialteikn som t.d. stjerne, eller store bokstavar. 4. Når du har skrevet inn passordet i det øvste feltet, skal du gjenta passordet i feltet under.
Dette for å sikre at du har skrevet inn passordet akkurat slik du tenkte å ha det. 5. Du kan og endre andre opplysningar om deg her. Merk: Desse opplysningane vil ikkje personalavdelinga kunna sjå. Adresseendring m.m. må du framleis melde inn på vanleg måte til heradet. 6. Gå heilt nedst på sida. Trykk på Oppdater Profil. 7. Du har no lagra dei nye innstillingane. LESE OG SLETTE E-POST Lese e-post 1. Trykk på Innboks. 2. Under feltet Frå, kan du sjå at det står eit namn. Det er namnet på den du har motteke e-post frå. 3. Trykk på eit av namna. 4. E-posten vil då opna seg. 5. Dersom du har motteke ei e-post med eit vedlegg sjå punktet under som heiter: Opna e-post med vedlegg. Slette e-post Du bør slette dei e-postane som du ikkje treng lenger. Dette fordi du har ei begrensa storleik på denne e-post kassa. (Pr. 28.02.06 er den på 20 MB). Det vil seie at dersom du overstig storleiken på e-postkassen, vil e-post til deg ikkje verte levert inn i postkassa di. Merk deg at når du slettar e-post frå innboksen vil e-posten verte lagt i katalogen Deleted Items. E-post som ligg i denne katalogen vil og ta opp plass. For å slette e-posten heilt må du og sletta e-posten frå katalogen Deleted Items. Slette e-post når du har opna ei melding: 1. Trykk på knappen 2. E-posten vert no sletta, og du vil då automatisk få opp neste e-post frå e-postkassa di.
Slette e-post når du står i Innboks: 1. Sjå på biletet til høgre. 2. Set eit kryss i ruta til venstre for konvolutten på dei e-postane du ynskjer å slette. 3. Du kan og velje å trykke på krysset øvst over alle rutane. (Sjå på biletet over). Då vil alle e- postane som er på sida verte merkt. 4. Trykk deretter på Slette e-post frå andre katalogar 1. Trykk på Katalogar i E-post menyen. 2. Dersom du skal slette e-posten frå katalogen Deleted Items kan du setje eit merke i ruta foran katalog namnet. 3. Deretter trykk du på 4. No vil all e-post som ligg i heile katalogen Deleted Items verte sletta.
SENDE OG SVARE PÅ E-POST Sende e-post 1. Trykk på Ny melding i E-post menyen. Du får då opp dette biletet: 2. I den første linja står det kven e-posten er frå. Den kan du som oftast ikkje endre på. 3. I Til feltet må du skrive inn e-post adressa til den du skal sende e-posten til. Her må du vere heilt nøyaktig når du skriv inn adressa. 4. Du kan og trykkje på Til: «knappen». Du vil då få opp eit nytt vindauge der du kan søkje etter alle ansatte som har ei e-post adresse hjå Kvam herad. 5. I Kopi feltet kan du skrive inn ei eller fleire adresser. Dei mottakarane du skriv inn her vil då få ei kopi av e-posten. 6. I Blindkopi feltet kan du og skrive inn ei eller fleire mottakarar. Dei mottakarane du skriv inn her vil og få ei kopi. MERK: Dei mottakarane som du skriv inn i Blindkopi feltet vil vere skjult for dei mottakarane som står i felta Til og Kopi. Skriv du inn fleire mottakarar i Blindkopi feltet vil ingen av mottakarane som står i Blindkopi feltet kunne sjå kven andre du har sendt meldinga til. 7. I emne feltet skriv du inn det du ynskjer som overskrift i e-posten. 8. I det store kvite feltet under Send skriv du inn det du ynskjer å skrive inn i sjølve e-posten. 9. Når du har skrevet ferdig meldinga og ynskjer å sende ho, trykk du på
Dersom du ikkje ynskjer å sende meldinga no, men ynskjer å gjere det seinare kan du trykkje på Lagre som utkast. Då vil meldinga lagrast i ei katalog som heiter Drafts. Du finn ho ved å gå på Katalogar. Trykk deretter på katalog namnet Drafts, og deretter finn du e-posten. Opne ho på vanleg måte, og deretter kan du skriva vidare på e-posten, eller du kan sende ho på vanleg vis. NB: Det er mange som ynskjer å kunne gå tilbake og sjå på e-post som dei har sendt tidlegare. Dersom du ynskjer det må du krysse av på «Lagre ein kopi av utgåande melding» FØR du trykk på «Send». (Sjå ill.) For å sjå eller lese e-posten du sendte må du gjere følgjande: 1. Trykk på Katalogar. 2. Du får då opp ei liste over dei katalogane du har oppretta i e-postlesaren. Ei av dei heiter «Sent Items». 3. Trykk på «Sent Items». Svare på e-post Dersom du ynskjer å sende svar tilbake til den du har motteke e-post frå kan du gjere det. 1. Opne e-posten du ynskjer å svare på. 2. Trykk på 3. Du vil då få opp eit bilete som ser nesten likt ut som når du skal lage ei heilt ny e-post. Det som er ulikt er at avsendar sin e-post adresse står i Til feltet.
4. I emne feltet vil det stå det same som i e-posten du sender svar på. Forskjellen er at det står RE: foran emnet. (RE: står for Reply på engelsk. Dersom det står SV: står det for Svar på norsk.) 5. Den opphavlege e-posten vil og koma med i sjølve meldingsfeltet. Du kan sjølv velje om du ynskjer å slette den opphavlege e-posten eller ikkje. 6. Når du er ferdig med å skrive inn det du ynskjer i e-posten kan du trykkje på
SENDE OG MOTTA E-POST MED VEDLEGG Sende e-post med vedlegg Heilt nedst i vindauget finn du dette biletet: 1. Trykk på Bla gjennom... 2. Du vil då få opp ei dialogboks som vil sjå omtrent slik ut: 3. Her kan du velje kva fil du ynskjer å sende med. Merk fila du ynskjer å sende med, og trykk på Åpne. 4. Då vil dialogboksen forsvinne, og du kjem tilbake til det forrige biletet.
5. Trykk på 6. Då vil ei kopi av fila hentast inn i e-posten. Avhengig av storleiken på fila, og på kva linje du har ut på internett vil det kunne ta nokre sekundar til minuttar før vedlegget er komen inn i e-posten. Du kan sjå at vedlegget er komen inn i e-posten dersom du kan sjå at filnamnet har komen opp i den lille boksen nede til høgre i biletet ditt. 7. Du kan sende inntil 5 vedlegg i same e-posten. 8. Når du er ferdig trykk du på Send. Opna e-post med vedlegg 1. Opna e-posten på vanleg vis. 2. Nedst i e-posten vil du sjå at det står Vedlegg: og namnet på vedlegget står rett under. 3. For å opna vedlegget trykkjer du ein gong på namnet på det vedlegget du ynskjer å opna. 4. Du vil då få opp denne dialogboksen: 5. Trykk på Åpne dersom du ynskjer å opne vedlegget direkte. Trykk på Lagre dersom du ynskjer å lagre vedlegget på maskina di. Du vil då måtte velje kor du vil lagre vedlegget. 6. Dersom du trykk på Åpne vil vedlegget verte opna i eit eige vindauge. (Det avheng av om maskina kjenner att kva type vedlegg det er.) 7. Dersom vedlegget vart opna i eit eige vindauge i nettlesaren din må trykkje på Tilbake knappen i nettlesaren din for å koma tilbake til e-posten.
BRUKA ADRESSEBOKA I E-POSTLESAREN Bruka Adresseboka i e-postlesaren Du kan sjølv leggje til kontaktar i adresseboka di. Dersom du legg til kontaktar i adresseboka di kan du nytta adresseboka til å slå opp e-post adresser og på den måten sleppe å måtte skriva inn e-post adressa kvar einaste gong du sendar ei e-post til ei bestemt person. 1. Trykk på Adressebok i e-post menyen. 2. I høgre side trykk du på Legg til ny person. 3. Du vil då få opp ei side der du kan skrive inn ei rekkje opplysningar om personen du ynskjer å skriva inn i adresseboka di. 4. Det er to felt du må skrive inn i: Kallenamn og E-postadresse. 5. Når du har gjort det går du heilt ned i vindauget og trykk på For å nytta denne adressa når du skal sende e-post gjer du slik: 1. Gå inn på Ny melding. 2. I høgre hjørne vil du ha eit lite vindauge som ser omtrent slik ut: 3. Merk den eller dei du ynskjer å sende e-posten til. (For å velje fleire mottakarar på ein gong: Hald nede CTRL tasten medan du trykkjer med musa på dei du ynskjer å sende e-posten til.) 4. Trykk No er mottakaren sin e-post adresse komen inn i Til feltet i e-post meldinga. 5. Når du har skreven meldinga trykkjer du på
NYTTA KALENDER FUNKSJONEN I E-POSTLESAREN Føre inn avtaler i kalenderen Det er mogleg å nytta kalenderen til å føre inn avtaler m.m. 1. Trykk på Kalender. Du får då opp dette biletet. Dersom du ynskjer å skriva inn ei ny avtale må du først finne datoen du ynskjer å skriva inn avtale på. 2. I feltet Forklaring skriv du inn kva avtalen gjeld. 3. Vel klokkeslett for avtalen. 4. Trykk på Før inn avtale. 5. Avtalen vil no koma opp i kalenderen. Du kan og endra på utsjånaden til kalenderen. 1. I øvre høgre hjørne ser du dette biletet: 2. Trykk på Veke eller Månad. 3. Du vil då få opp kalenderen som ei vekeskalender eller som ei månadskalender.