Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 058/16 Formannskapet PS

Like dokumenter
Sak 7/16 Høyring av revisjonsdokument for Sira-Kvina reguleringa i Sirdal og Kvinesdal kommunar

Melding om vedtak. Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO

Villreinen, villreinfjellet og vilkårsrevisjonane korleis sikre ein heilskapleg tilnærming?

Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder

Uttale: Søknad om overføring av Vestre Melraktjødn til Heimre Flogvatn, Sirdal kommune

RENEWABLE REINDEER. Per Ø. Grimsby Fagleder miljø INNSPILL BRUKERMØTE

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: S /658 Jørn Trygve Haug. UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 14/2 Arbeidsutvalet i villreinnemnda

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Vassdragsreguleringer i Nordfjella og vilkårsrevisjoner

Møtebok. Villreinnemda for Setesdalområdet. Bykle hotell april 2016

Høyringuttale - Søknad om løyve til bygging av Borsæ kraftverk i Tokke kommune i Telemark

Uttale Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Mo laksegård, Suldal. Margit Smeland Leder ÅMLI Oddmund Ljosland Medlem ÅSERAL Leif Roholdt Olav Tveita

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Søknad om bygging av Bjørnevatn kraftverk i Valle kommune og Veringsåne kraftverk i Bykle kommune - uttale frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 17. oktober 2017, kl

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke v/ viltforvalter Tor Punsvik Fylkesmannen i Vest-Agder

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jarle Lunde K2 - S11, K3 - &13 19/254

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 21. september 2017, kl Faste medlemmar til stades: Tommy Vatslid

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 7/18 Verneområdestyret for SVR

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Møtebok. Arbeidutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 06. mars 2017, kl

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2012/143/13/ Laila Nersveen

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Setesdal Ryfylke Villreinlag sitt innspill til revisjon av Sira-Kvina konsesjon

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/70-29 Kjersti Bergland,

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2016 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2016 Kommunestyret PS

Den kommende revisjonsprosessen

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Saksframlegg. Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K /471. Saksnr Utvalg Type Dato 041/19 Areal- og forvaltningsutvalet PS

Melding om vedtak. AUST-AGDER FYLKESKOMMUNE Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL. 2017/ Sigrid Bjørgum

Uttale til reguleringsplan E134, Vågsli Seljestad

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

KOMMUNEDELPLAN FOR FRILUFTSLIV BORTELID LJOSLAND , ÅSERAL KOMMUNE PLANPROGRAM

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Erfaringar med revisjon konsesjonsvilkår - Årdalsvassdraget

Møteinnkalling. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte, Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 08:00

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 3/18 Verneområdestyret for SVR

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Strand, O. m-fl. (2015). Villreinens arealbruk i Knutshø. Resultater fra GPS- undersøkelsene.- NINA rapport s. 2

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utval 16/19

Kvam herad. Sakspapir

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

HØYRINGSUTTALE FRÅ HJELMELAND KOMMUNE- ENDRING I REGLANE OM NYDYRKING - FORBOD MOT NYDYRKING AV MYR Vedlagt er høyringsuttale frå Hjelmeland kommune.

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

Møteprotokoll. Medlem Leder

INNSPILL TIL HØRING AV SØKNAD OM OMBYGGING AV EIVINDSVATN KRAFTVERK OG OMBYGGING AV INNTAK I KVINESDAL KOMMUNE

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Saksframlegg. Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Nilsen, Haldis Karine K2 - K12 14/1240. Saksnr Utvalg Type Dato 074/18 Formannskapet PS

Klage på konsesjonsvedtak Hovatn Aust vindkraftverk, saksnr

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

Høringsuttalelse - Vilkårsrevisjon for Holsreguleringen i Hol og Ål kommuner

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

Møteinnkalling. Utval: AU i verneområdestyret for SVR Møtestad: Møterom i Hovdetun, Hovden Dato: Tidspunkt: 10:00

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Bjåen i Bykle

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: DOLSIM - 17/

Handsaming: Saka vart drøfta Ragnhild Bjåen sa seg ugild i saka då delar av tiltaka som er skissert berører henne som gruneigar.

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Saksgang Møtedato Saknr 1 Kommunestyret /15. Høyring av endring av motorferdsellov med nasjonal forskrift - opning for catskiing

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 6/18 Verneområdestyret for SVR

INNSPILL TIL UTREDNINGSPROGRAM FOR RØLDAL- SULDAL REGULERINGEN

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

Linda Nyvoll Antonsen

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke

Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland. Sakshandsamar Anbjørg Nornes Vår ref. 2018/ Dykkar ref. Dato

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5

Hvordan få til god samhandling mellom fylkesmannen og fylkeskommunen?

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

KONGELIG RESOLUSJON. Klima- og miljødepartementet Statsråd: Vidar Helgesen Saksnr.: 15/3374 Dato: 21. juni 2017

Villreinen, kulturarv og verdiskaping

Verknad av planen for vasskraft

Svar på høring - Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk - Fyresdal kommune

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2014 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Transkript:

Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K2 - S10 16/558 Saksnr Utvalg Type Dato 058/16 Formannskapet PS 07.06.2016 SIRA - KVINA - REVISJON AV KONSESJONSVILKÅR - UTTALE Vedlegg: Uttalelse til høring av revisjonsdokument Møteinnkalling. Styremøte 02.2016-O Motebok 2-16 Villreinnemda for Setesdalomraadet Konsesjonsdokument - revisjon Forslag til vedtak: Vilkårsrevisjonen for Sira-Kvina reguleringa er viktig for Hjelmeland kommune fordi det kan opne for gjennomføring av avbøtande og kompenserande tiltak som kan ha positiv effekt for villreinen, og som påverkar friluftslivet i Setesdals vesthei - Ryfylkeheiane. Det er fleire føresetnader som må til for å få til dette, bl.a.: - Ei felles forståing for at kraftutbygginga har medført negative konsekvensar for villreinen. - Ein må ta utgangspunkt i villreinen sitt leveområde, ikkje kraftregulanten sitt nedbørsfelt. - For å finne dei beste kompenserande tiltaka må ein ta utgangspunkt i dei samla negative konsekvensane i villreinområda, ikkje berre tiltak knyt direkte til kraftselskapet sine inngrep. - Eit godt kunnskapsgrunnlag. - Vilje og økonomi for å gjennomføre tiltak. Erfaringane med GPS-prosjektet har så langt synleggjort fleire problemstillingar knytt til reinens trekk, barrierar og påverknad av ferdsel som må vurderast i samband med revisjonen. Til dømes: - Flytting av turisthytter - Omlegging av turløyper - Ferdsel på magasin - Jaktfrie soner - Terskelbygging for å opne gamle trekkvegar Det må vera rimeleg at Sira-Kvina kraftselskap må vera med, på sama måte som dei allereie har vore, på å

finansiera forsking og innsamling av kunnskap, slik at ein får det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for å gjera dei rette kompenserande tiltaka. Vilkåra bør vidare ta høgd for at ein kan kreva gjennomført tiltak etter kvart som ein har nok kunnskap til å avgjerda kva som er dei rette tiltaka. Hjelmeland, den 27.05.2016 Dag Flacké Rådmann Formannskapet - 058/16 FSK - behandling: Behandling: Røysting: Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak. FSK - vedtak: Vilkårsrevisjonen for Sira-Kvina reguleringa er viktig for Hjelmeland kommune fordi det kan opne for gjennomføring av avbøtande og kompenserande tiltak som kan ha positiv effekt for villreinen, og som påverkar friluftslivet i Setesdals vesthei - Ryfylkeheiane. Det er fleire føresetnader som må til for å få til dette, bl.a.: - Ei felles forståing for at kraftutbygginga har medført negative konsekvensar for villreinen. - Ein må ta utgangspunkt i villreinen sitt leveområde, ikkje kraftregulanten sitt nedbørsfelt. - For å finne dei beste kompenserande tiltaka må ein ta utgangspunkt i dei samla negative konsekvensane i villreinområda, ikkje berre tiltak knyt direkte til kraftselskapet sine inngrep. - Eit godt kunnskapsgrunnlag. - Vilje og økonomi for å gjennomføre tiltak. Erfaringane med GPS-prosjektet har så langt synleggjort fleire problemstillingar knytt til reinens trekk, barrierar og påverknad av ferdsel som må vurderast i samband med revisjonen. Til dømes: - Flytting av turisthytter - Omlegging av turløyper

- Ferdsel på magasin - Jaktfrie soner - Terskelbygging for å opne gamle trekkvegar Det må vera rimeleg at Sira-Kvina kraftselskap må vera med, på sama måte som dei allereie har vore, på å finansiera forsking og innsamling av kunnskap, slik at ein får det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for å gjera dei rette kompenserande tiltaka. Vilkåra bør vidare ta høgd for at ein kan kreva gjennomført tiltak etter kvart som ein har nok kunnskap til å avgjerda kva som er dei rette tiltaka. Saksopplysninger: Samandrag På bakgrunn av felles krav frå Sirdal og Kvinesdal kommune og føringar frå NVE har Sira-Kvina kraftselskap utarbeidd eit revisjonsdokument som bl.a. beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjende med. Revisjonsdokumentet er lagt ut til offentlig høyring. Fordi felles interesser som friluftsliv og villrein blir påverka av reguleringa er det naturleg at også kommunen gir ein uttale i saka. Fakta På bakgrunn av felles krav frå Sirdal og Kvinesdal kommune og føringar frå NVE har Sira-Kvina kraftselskap utarbeidd eit revisjonsdokument som bl.a. beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjende med. Revisjonsdokumentet er lagt ut til offentlig høyring, med frist 18.april. Hjelmeland kommune stod ikkje på høyringslista i saka, og det gjekk difor litt tid før kommunen blei kjend med saka. Heller ikkje Villreinnemnda, eller Verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, der kommunen er representert i begge, var på høyringslista. Begge desse har fått utsett høyringsfrist og har gitt sine uttalar til saka. Fordi felles interesser som friluftsliv og villrein blir påverka av reguleringa er det naturleg at også kommunen gir ein uttale i saka. Me har bede om utsett frist, og fått det hjå NVE. Revisjonsdokumentet og høyringssvar til dette vil utgjera ein viktig del av grunnlaget for å fastsetje reviderte vilkår. I nyare konsesjonar er det innført standardvilkår som gir heimel for å kunne pålegge ulike miljøtiltak. I følgje NVE innfører dei dagens standardvilkår i samtlege revisjonar. Det gir rom for å pålegge regulanten miljøtiltak utan konsekvensar for energiproduksjon. Det er ikkje sjølve konsesjonen som er gjenstand for revisjon, men vilkåra den er gjeven på. Eventuelle endringar av vilkåra vert og vurdert i forhold til kost/nytte inkl. mogleg produksjonstap. Kort om utbygginga: Reguleringsområdet i Sira-Kvina reguleringane dekker eit areal på i overkant av 2.700 km2 i Vest Agder, Aust Agder og Rogaland. Sira-Kvina kraftselskap regulerer dei to hovedvassdraga Sira og Kvina, i tillegg er ein mindre del av Dirdalsvassdraget overført til Siravassdraget. Sira-Kvina har ein total magasinkapasitet på 5,6 TWh som svarar til ca. 90 % av den årlige produksjonen. Svartevatnsmagasinet, som er kraftselskapet sitt klart største magasin, har ein magasinkapasitet på 1398 million m3, eller ein energimengde på ca. 2,8 TWh. Sira-Kvina kraftselskap har totalt 7 kraftverk. Total installert effekt er 1760 MW fordelt over 16 aggregat. Utbygginga omfattar ikkje areal eller vassdrag i Hjelmeland kommune. Som nemnd ovanfor har utbygginga derimot hatt konsekvensar for blant anna friluftsliv og villrein, som er felles interesser for alle brukarane av det samanhengande fjellområdet som Setesdals vesthei og Ryfylkeheiane utgjer. Utbygginga av Sira Kvina har difor indirekte påverka tilhøva i vår kommune. Den samla effekten av Sira Kvina, Ulla Førre og også Lyseutbygginga må sjåast i samanheng.

Konsekvensar for friluftsliv: Fjellområdet Setesdal-Ryfylkeheiene er eit svært viktig friluftslivsområde. Fotturar, fiske og jakt har ein drive med i dette området i lang tid. Turistforeninga, representert ved DNT-Sør og Stavanger turistforening, har eit omfattande løypenett og talrike turisthytter i hele området. Statskog, fjellstyra og private grunneigarar tilbyr jakt og fiske i området. Vassdragsreguleringa gjorde at eksisterande hytter og løypenett blei neddemde, og etablerte barrierar i dei opphavlege ferdselsvegane. Oppdemminga har også virka inn på villreinen sine leveområde og trekkvegar, og i sum har det ført til at brukane av heiane og villreinen konkurrerer om dei same areala. Villrein: Problemstillingar knytt til redusert tilgjengelegheit for villrein til beiteområda er omtalt i revisjonspapira. Det er og utfordringar knytt til at anleggsveier har opna opp fjellområda for auka ferdsel. Det har gitt økt tilgjengelegheit til naturområda, men samtidig økt forstyrringar for dyrelivet i fjellområda. Sira-Kvina har gjennom GPS merkeprosjektet bidrege til kunnskapsoppbygging om villreinbestanden i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Prosjektet er vidareført frå 2011 og skal gå fram til 2018 med GPS merking på bestemte fokusområder. Dette gjelder til døme sentrale områder til Sira-Kvina anlegga ved Svartevatnsmagasinet og Roskreppfjorden. Vidare har Sira-Kvina vært sentral i prosjektdesign i nytt villreinprosjekt RenewableReindeer som er hovudfinansiert av Norges Forskningsråd. Tiltak knytt til villrein foreslått i avtaledokument (s48): 1. Videreføre FoU aktivitet knyttet til villrein i fjellområdene. 1b Vurdere avbøtende tiltak gjennom konsesjonen i forhold til standard naturforvaltningsvilkår. Lovar, føresegner, rundskriv Vassdragskonsesjonar og revisjonar av desse blir behandla etter vassdragsreguleringslova. Økonomiske konsekvensar Sidan Sira Kvina anlegga ikkje ligg i Hjelmeland kommune, vil endra vilkår med ev. krafttap som konsekvens, ikkje føra til direkte økonomiske konsekvensar for kommunen. Gjeldande planar, retningsliner og vedtak Revisjonssaka gjeld vilkåra gitt for følgjande meddelte konsesjonar. Jfr. NVEs vedtak mottatt i brev datert 05.10.2015 Kgl. Res. av 05.07.1963 Reguleringer og overføringer i Sira- Kvina vassdragene Kgl. Res. av 24.06.1977 Utbygging av Roskrepp Kraftverk Kgl. Res. av 16.06.1978 Erverv og regulering av Øvre Kvina, Kvinen kraftverk Innkomne uttalar Uttalar som allereie er gitt som har relevans for Hjelmeland kommune er uttale frå Villreinnemnda i Setesdalsområdet, frå Verneområdestyret for Setesdals vesthei og Ryfylkeheiane, og uttale frå Fylkesmannen i Vest-Agder og Aust-Agder.

Vurdering og konklusjon Villrein: I forhold til villrein viser rådmannen til vurderinga til villreinnemnda si behandling av saka, og deler av saksutgreiinga er gjengitt nedanfor: Gjennom ein internasjonal avtale (Bern-konvensjonen) har Norge teke på seg ei plikt til å ta vare på villreinen. Bakgrunnen er at villreinen i Norge er siste rest av arten i Europa. Fokus på arealforvaltning er ein viktig strategi for å ta vare på dyra på lang sikt. I energisaker som vind- og vasskraftutbygging er det vanleg at villreininteressene jobbar for at dyra skal vere så lite skadelidande som mogleg. I revisjonssaker som denne blir problemstillinga annleis: Korleis kan ein gjere avbøtande og kompenserande tiltak i leveområda til villreinen som vil forbetre arten sine levevilkår. Det er fleire føresetnader som må til for å få til dette, bl. a: - Ei felles forståing for at kraftutbygginga har medført negative konsekvensar for villrein - Ein må ta utgangspunkt i villreinen sitt leveområde, ikkje kraftregulanten sitt nedbørsfelt - For å finne dei beste avbøtande tiltaka må ein ta utgangspunkt i dei samla negative konsekvensane i villreinområde, ikkje berre tiltak knyt direkte til kraftselskapet sine inngrep. - Eit godt kunnskapsgrunnlag - Vilje og økonomi for å gjennomføre tiltak Setesdal Vesthei er frå naturen si side eit marginalt villreinområde med særleg avgrensa tilgang til vinterbeite. Eit anna særpreg er ei rekkje tyngre naturinngrep som har bidrege til ei vesentleg fragmentering av området. Sira-Kvina har saman med Ulla-Førre reguleringa vore med på å legge avgrensingar for korleis villreinen nytter områda. Store reguleringsmagasin som Svartevassmagasinet, Rosskreppfjorden og Blåsjø har øydelagt viktige beiteområde. Og kanskje ennå meir dramatisk for villreinen; dei nye magasina har avskore mange av dei viktigaste trekkvegane. I praksis er villreinbestanden i dag difor delt i to bestandar, ein i syd og ein i nord og aust for Blåsjø. Det synes i dag å vere stor samd om at kraftutbygginga har hatt ei negativ direkte innverknad på reinen si vandring og beitemoglegheiter. Det er og grunn til å peika på dei inndirekte verknadane. Med anleggsvegar er det blitt lettare adkomst og dermed auka ferdsel i området. Ein konsekvens av reguleringa var og flytting av turistforeninga sitt rutenett frå vest mot meir sentralt villreinområde i aust. Auka bruk og ferdsel medfører meir forstyrringar for dyra. I tillegg kjem annan påverknad i form av vegutbygging, hyttebygging i randområda med meir. Med bakgrunn i dette er det vesentleg at ein vurderer den totale belastninga villreinområdet er utsett for. Det synast i den samanheng til 10 i naturmangfoldlova vedkomande krav om vurdering av «samlet belastning». I denne samanheng er det eit poeng at dei ulike reguleringskonsesjonane i villreinområda forfell til revisjon til ulik tid. Det er pr. i dag ikkje opna for revisjon av Ulla-Førre, dette må gjerast før 2022. Høyring til revisjonsdokument for Tokke-Vinjereguleringa (Statkraft) blei gitt av villreinnemda i 2013. Dette blei blant anna framheva i uttalen: - Fastsetting av nye konsesjonsvilkår må byggje på ei vurdering av den samla belastninga villreinen i Setesdal Ryfylke er utsett for - Vilkårsrevisjonen av Tokke-Vinjereguleringa må sjåast i samanheng med pågåande og kommande revisjonsprosessar i andre delar av villreinområda. Villreinnemda vil altså gjenta at NVE må akseptere at både avbøtande og kompenserande tiltak ovanfor

villrein må vera retta inn mot villreinområda, og ikkje avgrensa mot regulanten sitt nedbørsfelt. Som følgje av dette må ein sjå pågåande og kommande revisjonar i samanheng. Tiltak: Dei seinare åra er det og gjort eit monaleg arbeid mtp. kartlegging av villreinen sin bruk av område. Det synast i den samanheng til NINA Rapport 694, Villreinen sin bruk av Setesdalsheiene. Det avsluttande villreinprosjektet avdekka viktige kunnskapsmanglar. I 2013 blei det igangsatt eit nytt GPSmerkeprosjekt. Eit overordna mål for prosjektet er å få villreinen til å bruke ein større del av heiområdet. Denne målsettinga og aktuelle tiltak for å nå målet bygger på anbefalingar gitt i sluttrapport frå det avslutta forskningsprosjektet. Fleire arbeidgrupper er nedsett for å gå djupare inn i ulike problemstillingar som til dømes reinens trekk (eller mangel på trekk), påverknad av ferdsel, barriereeffektar av dei store magasina og vegar, endra bestandsforvaltning og ikkje minst: Er det avbøtande eller kompenserande tiltak å foreslå? Svaret er JA, men analyser og rapportering frå prosjektet vil ikkje bli sluttført før i 2018. Difor er det no for tidleg å komme med endelege konklusjonar når det gjeld forslag til tiltak. Her er nokre døme på tiltak som blir diskutert: - Flytting av fleire turisthytter og stiar frå det mest sentrale villreinområde til randområda, dvs frå aust til vest - Jaktfrie soner for å redusere forstyrringar - Terskelbygging i regulerte Ytre Storevatn for å opne ein gamal trekkveg - Reetablering og drift av Satnat-prosjektet; Kartlegging og og overvåking av beite Vilje og økonomi for å gjennomføre kompenserande tiltak: I St.meld. nr. 26 (2006-2007), Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, blei det slått fast at sikring av villreinen sine leveområder er eit nasjonalt mål. Dette skal bl.a. skje ved å opprette Nasjonale villreinområder. Arten er ikkje truga, men blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Likevel har den generelle samfunnsutviklinga ført til aukande fragmentering av leveområda. I 2013 blei regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen) godkjent der omsynet til villreinen står sentralt. Fjellområda med fleirårsmagasin i øvre del av Kvinavassdraget og Siravassdraget ligg innanfor grensene som er satt for omsynssone villrein og omsynssone nasjonalt villreinområde. Stammen er den sørlegaste førekomsten i Europa. Rådmannen meiner at det er avgjerande viktig at revisjon av dei ulike utbyggingane (Sira-Kvina, Ulla-Førre m.fl.) blir vurdert i ein samanheng. Både den samla effekten av utbygginga, og den samla effekten av ulike kompenserande tiltak, i dei ulike områda. Det er viktig at ein har best mogleg kunnskap for å vurdera tiltak for å kompensera for ulempene som følgje av utbyggingane. Dei ulike forskingsprosjekta knytt til villrein, både dei som er ferdige og dei som pågår, vil gi ein del svar i forhold til villreinen sin arealbruk, forhåpentlegvis også noko om samanhengen mellom villrein og menneskeleg aktivitet i området (friluftsliv og anna). Dersom den kunnskapen ein får t.d. gjennom GPS-merkeprosjektet tilseier at hytter/turløyper bør flyttast eller leggjast ned, så må ein sjølvsagt også bruka den kunnskapen ein har fått, til å vurdera konsekvensen for dei områda ein flyttar trafikken til: Dersom det er viktig å få villreinen til i større grad ta i bruk områda vest for Blåsjø (hovudsakleg i Hjelmeland kommune), kva effekt vil det ha på villreinen om ein legg turistløyper og hytter over på denne sida? Vil ei nedlegging av hytta på Storsteinen og Hovatn, og flytting av turistløypene over på vestsida, gi så store fordelar for villreintrekket nord-sør og aust-vest, at det kompenserar for auka forstyrringar av villreinen som faktisk har funne vegen på vestsida? Eller er villreinen sin bruk av vestområda så marginal at det eigentleg ikkje betyr så mykje om trafikken aukar? Tilsvarande er det bra om ein vurderar tiltak for å letta villreinen sitt trekk over Svartevassmagasinet, men ikkje utan at ein vurderar negative konsekvensar som kan følgje av sjølve anleggsarbeidet. Det må vera rimeleg at Sira-Kvina kraftselskap må vera med, på sama måte som dei allereie har vore, på å

finansiera forsking og innsamling av kunnskap, slik at ein får det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for å gjera dei rette kompenserande tiltaka. Rådmannen oppfattar ikkje at ein er heilt i land med dette ennå. Vilkåra bør vidare ta høgd for at ein kan kreva gjennomført tiltak etter kvart som ein har nok kunnskap til å avgjerda kva som er dei rette tiltaka.