Hordaland fylkeskommune Opplæringsdirektøren Postboks 7900 5020 Bergen Vår ref.: Dykkar ref.: Bergen, 18. september 2012 U-151/Rektor / 201101096 SKOLEBRUKSPLANEN: HØYRINGSUTTALE FRÅ FYLLINGSDALEN VG SKOLE V/REKTOR Framlegget til skolebruksplan for Hordaland fylkeskommune med hovudvekt på framlegget som gjeld Fyllingsdalen vg skole, har vore drøfta i skolen sine ulike utval og fagseksjonar. Denne høyrings-uttalen er eit resultat av den prosessen skolen har vore igjennom i høyringsarbeidet og er soleis representativ for ein samla Fyllingsdalen vg skole sitt syn på framlegget. Høyringsuttalen følgjer på dei neste sidene. Med vennlig helsing for FYLLINGSDALEN VIDEREGÅENDE SKOLE Per Morten Nordbotn Rektor
FYLLINGSDALEN VG SKOLE V/REKTOR: HØYRINGSUTTALE TIL SKOLEBRUKSPLANEN: Skolebruksplanen foreslår for Fyllingsdalen vg skole at alle utdanningsprogam med unnatak av drama skal leggjast ned og overførast til andre skolar. Grunngjevinga er ikkje knytt til kvaliteten på det tilbodet Fyllingsdalen vg skole har i dag, men på omsyn, argument og føringar som gjeld forhold innanfor region Bergen vest og på tvers av fleire regionar. Kortversjonen som gjeld Fyllingsdalen vg skole er: Alle dei vg skolane i region Bergen vest har berre tre parallellar på trinna i utdanningsprogram for studiespesialiserande fag. Det er er rekna for å vere for lite til å kunne gi eit breitt fagtilbod på dette utdanningsprogrammet. Skolebruksplanen føreslår: Ein skole bør miste utdanningsprogrammet studiespesialiserande utdanningsprogram. Framlegg: Fyllingsdalen vg skole. Tilbodet i region sør er bra dekka. Fana gymnas (av bygningsmessige og andre årsaker) blir føreslått lagt ned. Elevane blir fordelte delvis til andre skolar i region sør, men primært til Langhaugen vgs. Skolebruksplanen føreslår at utdanningsprogramma for dans og musikk ved Langhaugen vgs og utdanningsprogrammet for musikk ved Voss gymnas begge blir lagde ned og at desse tilboda blir flytta til Fyllingsdalen vg skole, som skal ha berre utdanningsprogram for musikk, dans og drama (MMD) og vere fylket sin «kreative vidaregåande skole». Derfor må alle dei andre utdanningsprogramma ved Fyllingsdalen vg skole leggjast ned og blir overført til andre skolar. Dersom dette blir det endelege resultatet, skal Fyllingsdalen vg skole sjølvsagt lojalt følgje det opp og arbeide for å lage ein best mogleg vg skole slik som skolebruksplanen skisserer med alle tilbod innan musikk, dans og drama for stor-bergen samla på ein skole. I så fall bør ein leggje studieførebuande med formgivingsfag til Fyllingsdalen vg skole i staden for Medie og kommunikasjon. Det vil høve betre saman med MMD, m.a fordi formgivingsfag har programfaget scenografi og kostyme. Men FYV har svært mange innvendingar mot framlegget. Vi meiner at ein her har vore meir oppteken av struktur enn av innhald, og at framlegget inneber eit langt dårlegare vg skoletilbod for ungdommar i Fyllingsdalen og Bønes enn ein har hatt til no. Vi vil i det følgjande grunngi dette synet. Ein bydel av Fyllingsdalen sin storleik bør ha eit breitt samansett vidaregåande skoletilbod Fyllingsdalen vg skole blei bygd i 1980 som ein kombinert vidaregåande skole for bydelen Fyllingsdalen med ein kombinasjon av allmenn- og yrkesfag. Den gongen var det viktig å ha skolar i nærområdet som elevane høyrde heime i ikkje fritt skoleval slik vi kjenner det i dag. Med ein storleik på ca 30 000 innbyggjarar i Fyllingsdalen/Bønes bør bydelen framleis ha eit breitt skoletilbod, uavhengig av fritt skoleval eller ikkje. Framleis er det slik at dei fleste elevane ønskjer å gå på skole i nærområdet, det er eit mindretal som ønskjer å søke til skolar utanfor lokalsamfunnet. Fyllingsdalen vg skole har dei seinare åra hatt ein variert fag- og elevsamansetning med sine vel 600 elevar: 11 klassar studiespesialiserande inklusive 2 klassar allmennfagleg påbygg, 6 klassar Helse- og oppvekst (tidlegare HS), 6 dramaklassar, 2 klassar Teknikk og industriell produksjon (TIP/mekaniske fag), ei gruppe Arbeidstrening (1HTHA) og ei gruppe Bilservice (1HTA). 2
Med sine ca 30 000 innbyggjarar er bydelen større enn eller jamstor med mange norske byar. Her er nokre døme: o Moss: ca 31 000 innbyggjarar o Lillehammer: ca 21 000 innbyggjarar o Kristiansund: ca 24 000 innbyggjarar o Harstad: ca 20 000 innbyggjarar o Narvik: ca 14 000 innbyggjarar Alle desse byane har sjølvsagt eitt breitt skoletilbod med ein eller fleire vidaregåande skolar. Fyllingsdalen vg skole har dei seinare åra hatt i overkant av 600 elevar ein nærast ideell storleik - og er ein av dei største skolane i Hordaland. Nedlegging av Helse- og oppveksttilbodet (tidlegare HS) ved Fyllingsdalen vg skole Når ein har føreslått å gjere om Fyllingsdalen vg skole til ein rein musikk, dans og drama-skole, har ein primært hatt fokus på at ein av skolane i region Bergen vest bør miste utdanningsprogram for studiespesialisering, ikkje på verknadene for dei andre faga som skolen har. Helse og oppveksttilbodet (HO) ved Fyllingsdalen vg skole har i dag 4 parallellar på VG1 inklusive ein klasse Helse- og oppvekstfag for framandspråklege, i samsvar med kriterielista for skolebruksplanen, og to klassar VG2 Helsefagarbeidar, altså til saman 6 klassar og 90 elevar. Dermed er HO-tilbodet det største i region Bergen vest. Skolen har dei 4-5 siste åra hatt eit aukande søkjartal, i motsetnad til ein del andre skolar med HO-tilbod. Lokalisering og reisetid har vore viktige føringar for skolebruksplanen. Vi rekrutterer flest elevar frå Fyllingsdalen og Bønes. Dersom HO-tilbodet ved Fyllingsdalen vg skole blir lagt ned, vil Olsvikåsen vg skole vere den nærmaste skolen i region vest for elevane frå Fyllingsdalen/Bønes. Askøy og Sotra vil nok ikkje få søkjarar frå vår bydel. Vi fryktar at mange elevar vel vekk HO-fag dersom tilbodet i Fyllingsdalen forsvinn. Elevane på yrkesfag har lange dagar med 35 timer undervisning i veka. Skolebruksplanen legg opp til at elevane i vår bydel får lang reiseveg til nærmaste skole. Å hindre fråfall i den videregående skole er ei nasjonal satsing. Lang skoleveg meiner vi vil gi auka risiko for fråfall. For fire år sidan rusta vi kraftig opp til eit moderne praksisrom med 6 senger, pasientløftar og anna naudsynt utstyr. Andre skoler som vi sammenligner oss med, har gjerne små praksisrom med 2-3 senger. Dimensjoneringa av HO-faget blir planlagt å auke. Korleis skal ein gjere HO-fag meir attraktive for å nå den forventa auka satsinga for kvalifisert helsepersonell? I skolebruks-planen blir Lønborg vgs flytta til Åsane vgs og ikkje til Amalie Skram. Bjørgvin blir flytta til Årstad og HO- tilbodet i Fyllingsdalen er planlagt fjerna. HO-tilboda nær sentrum er radert vekk, og private aktørar som Danielsen vg skole vil nok få gode tider utan konkurranse. Vi stiller oss undrande til om dette er tiltak som vil auke rekrutteringa. 3
Kap. 4.2.7 i planen handlar om kva type arbeidskraft som trengst i Hordaland i framtida. Sitat frå planen: «I 2035 ventar ein 74000 fleire sysselsette. 18 400 av desse arbeidsplassane kjem innan helse og sosialtenester. Helse og sosial vil stå for den største veksten». Fyllingsdalen bydel vil frå denne hausten av ha tre store sjukeheimar: Løvåsen sykehjem, Hospitalet Betanien samt Florida, som flyttar inn i gamle Fyllingsdalen sykehjem. Fyllingsdalen vg skole har samarbeidsavtaler med både sjukeheimar, open omsorg (heimesjukepleien), skolar og barnehagar i Fyllingsdalen bydel. Vi har i alt 90 samarbeidsavtalar med forskjellige praksisplassar i Fyllingsdalen og Bønes. Vi har godt samarbeid med Bergen kommune, yrkesopplæringa. Vi rekrutterer mange av våre elevar til lærlingar. Skal verkeleg Hordaland fylkeskommune ikkje ha eit vidaregåande undervisningstilbod i Fyllingsdalen innan Helse- og oppvekstfaga med den konsentrasjonen og storleiken på helseinstitusjonstilbod som finst i Fyllingsdalen? Skal ein kaste over bord all den kompetansen og det fagmiljøet som er utvikla ved Fyllingsdalen vg skole over lang tid? Arbeidstreningsgruppa (1HTHA) ved Fyllingsdalen vg skole eit svært populært tilbod Arbeidstreningsgruppa er fagleg sett nært knytt til skolen sine studiespesialiserande-, drama og HO-fag. Elevane i gruppa har gjennom mange år hatt svært god utvikling og gode resultat. Ein del av tilbodet er at elevane får praksis i vekstbedrift delar av skolegangen. Dei fleste elevane har etter endt skolegang ved Fyllingsdalen vg skole fått fast arbeid i verna bedrifter eller andre sysselsettingstiltak. Arbeidstreningsgruppa ved skolen er svært populær og har stor pågang av søkjarar. Derfor har vi strekt oss til å ta i mot 8 elevar i gruppa, mot normalt 4-6. Personalet ved gruppa (miljøassistentar og lærarar) har utvikla eit fantastisk arbeidsmiljø, og gruppa fekk Hordaland fylkeskommune sin arbeidsmiljøpris for 2012. Av fire utdelingar av denne prisen, har Fyllingsdalen fått prisen to gonger, den første i 2006, som var første gong prisen blei delt ut. Det er ikkje i alle samanhengar at store fagmiljø er den beste løysinga. Når Fyllingsdalen vg skole har oppnådd dei gode resultata og det gode arbeidsmiljøet rundt denne gruppa, er det fordi ein har hatt fokus på dei 8. Å leggje ned skolen si arbeidstreningsgruppe og slå ho saman med tilbodet ved ein annan skole, vil vere eit tilbakeslag for fylket sitt tilrettelagde undervisningstilbod. Sjølv om endeleg vedtak blir at skolen skal vere ein rein musikk, dans og drama-skole, bør skolen behalde arbeidstreningsgruppa. Teknikk og industriell produksjon (TIP) Mens undervisningstilbodet har vakse innan helsefaga ved skolen dei seinare åra, har tilbodet for elektro- og dei mekaniske faga blitt redusert. Under Reform 94 hadde skolen tre elektroklassar og tre mekaniske klassar, den eine av dei sistnemnde var 2.-klassetilbodet Plate- og sveisefag. Med Kunnskapsløftet forsvann Plate- og sveisefag som eige fag. Skolen sto dermed att med to klassar TIP på VG1-nivå med 30 elevar og to lærarar. Elektrofaga blei samstundes lagde ned. Slik er situasjonen i dag. Ut i frå tanken om at det er naudsynt å byggje store fagmiljø i dei store faga, har vi fått klare meldingar om at skolen sitt TIP-tilbod vil bli lagt ned, slik skolebruksplanen no føreslår. I tillegg til 4
argumentet om storleiken, blir det og peika på at skolen sitt mekaniske utstyr er utrangert (= det opprinnelege utstyret frå da skolen blei opna i 1980). Stikk i strid med forventningane da TIP berre blei eit VG1-tilbod ved skolen, har tilbodet vist seg å vere svært populært med stor søknad. Kvart år må skolen seie nei til ungdommar og foreldre som vonar på skoleplass i TIP-faget. Årsaka meiner vi er å finne i nettopp eit lite fagmiljø der elevane blir sett. På det viset vil mindre fagmiljø vere eit tiltak mot fråfall, som særskilt rammar yrkesfaga. Det er altså ikkje berre store fagmiljø som er attraktive i dei mekaniske faga. Dette bør vurderast nøye når TIP si framtid skal avgjerast. Bilservice (1HTA) Dette starta for langt tilbake som eit innleiiande kurs for TIP, men har utvikla seg til å vere eit sjølvstendig HTA-tilbod for elevar som slit med sosiale vanskar og lærevanskar. Kurset er i dag eit arbeidsførebuande tilbod med opplæring i grunnleggjande vedlikehaldsarbeid på bilar, mopedar og syklar i tillegg til grunnleggjande opplæring i sentrale allmennfag. Eit viktig konsept er at ein opprettar elevbedrift der diverse oppdrag som innvendig og utvendig bilvask, polering og hjulskift blir tilbode. Dette er i dag eit svært populært tilbod som skolen svært gjerne vil behalde. Det er mangfaldet av ulike utdanningstilbod som gjer Fyllingsdalen vg skole til den populære utdanningsinstitusjonen og arbeidsplassen med eit sunt arbeidsmiljø for både elevar og personale. Sjølv om skolen blir ein musikk, dans og drama-skole, eller om berre TIP blir lagt ned, bør skolen få behalde Bilservice. Bilservice kan og bli ein viktig vare- og tenesteleverandør til musikk, dans og drama. Konklusjon Skolebruksplanen sitt framlegg om å samle musikk, dans og drama på Fyllingsdalen vg skole har vekt stor motstand både ved Langhaugen vg skole og Voss gymnas. Vi viser til høyringsuttalane frå desse to skolane. Dramaseksjonen ved Fyllingsdalen vg skole ser heller ikkje dette som eit godt tiltak. Dei meiner at blandinga av ulike utdanningsprogramtilbod er det som er verdifullt og som gir eit godt samarbeidsklima til inspirasjon for dramafaga. Dei viser og til erfaringane frå den nye Vågen vgs i Rogaland ein flott, rein musikk, dans og dramaskole, som har opplevd fallande interesse dei siste to åra. Vi oppmodar til at Fyllingsdalen vg skole i størst mogleg grad blir ein samansett kombinert vg skole for ungdommen i Fyllingsdalen og Bønes også i framtida. Dersom ein ikkje kan løyse studiespesialiserandetilbodet på ein annan måte enn det skisserte, kan vi leve med tre parallellar på trinna. Det har vi gjort i fleire år allereie! 5