Godt gjort er bedre enn godt sagt



Like dokumenter
DIS- Sogn og Fjordane

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

Kva er økologisk matproduksjon?

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Landbruk og jordvern i plansaker

Figur 1. Tur for dei tilsette

Leiaren har ordet. Ola Hopperstad Styreleiar

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Saman for framtida (Ref # )

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Haugaland landbruksrådgjeving Side - 19

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Dialogmøte i regionane

Optimal utnytting av husdyrgjødsel

Innkalling til idrettskrinstinget 2016

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Saman for framtida (Ref # )

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Årsmelding 2011 for Sognefrukt BA

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

NCC avd. Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Stemnehandboka for NKSF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Stryn kommune 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Årsmøte i Haugaland landbruksrådgjeving

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som bur i fosterheim år

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Rapport prosjekt «høy til hest»

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Vestlandsløftet : Film om meldingsutveksling Historia om dei elektroniske meldingane

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

«Ny Giv» med gjetarhund

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Rådgjevarkonferanse 2010

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

3. Har kommunen trygge parkeringsplassar ved buss-stopp og bussstasjonar/knutepunkt

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Transkript:

M ed Fiskå Melketopp får du et sluttresultat som gir bedre lønnsomhet og sunnere dyr Det er dokumentert i egne og utenlandske forsøk at ved å erstatte bygg med mais i kraftfôret, bedres vommiljøet og fordøyelsen av fiber. Det betyr at ved appetittfôring av surfôr vil mais i kraftfôret bidra til økt surfôropptak. Resultatene kan måles gjennom økt protein-% og/eller økt melkeytelse. Bedre fruktbarhet og mindre risiko for ketose er også et resultat av same sak. Etter at Fiskå Mølle introduserte Melketopp med mais i 1997 har vi kontinuerlig forbedret kvaliteten på fôret helt fram til i dag. Du finner detaljene ved å gå inn på våre nettsider www.fiska.no under «produkter». Vi tilbyr 3 varianter Melketopp: Låg, Nøytral og Høg - som angir forskjellige PBV-nivåer. Ta gjerne kontakt med oss for mer informasjon om både Melketopp, andre produkter og, ikke minst, om vårt sterke fokus på enkelt og personlig samarbeid. Godt gjort er bedre enn godt sagt Jan Ove Hafstad Kundekontakt Tlf. 915 77 976 Bård Kjetil Aske Lager Sandane Tlf. 977 82 547 M.M. Øvrebø Lager Bygstad Tlf. 57 71 72 04 2 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 Foto: Frida Meyer

Leiaren har ordet! Eit nytt år er gått, og 2010 kan kort oppsummerast som både spennande og utviklande for forsøksringen, eller Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane som det no eigentleg heiter. Det vil nok kunne ta litt tid å venje seg til det! Av dei spennande tinga som bør nemnast er tilsetjinga av Marianne som rettleiar innan hagebruk i Sogn. Marianne starta rett før ferien, fyrst med fagtur til USA, deretter full rulle med bringebær og moreller, seinare plommer og eple. Utvilsamt ein krevjande og hektisk start på jobben, men og gjevande og spennande. Eg føler at Marianne har kome godt i gong, til beste for utviklinga av hagebruket i Sogn. Edvin har hatt ansvaret for det landsdekkande grøne nummeret innan bygningsplanlegging, og tilbakemeldingane er udelt positive om jobben som vert gjort. På tampen av året fekk vi og fart i søkjarane til den ledige stillinga som bygningsingeniør, og den nytilsette vil ta til i stillinga tidleg på vårparten. Det gir rom for auka satsing innan planlegging og teikning av driftsbygningar, testing av sprøyter, og ikkje minst; få i gong prosjektet Bygg til sau i samarbeid med FMLA. Som dei fleste kjenner til, opphøyrde Vestlandsk Landbruk sist haust, og ein av informasjonskanalane våre er dermed historie. Vi trur vi skal kunne oppnå like god informasjonsflyt til våre medlemmar ved å bli endå flinkare med nyheitsmeldingar innan alle fagområde. Med ei ringerunde utover vinteren, og registrering av alle med tilgang til e-post, skal vi komme langt, sjølvsagt med god oppfølging frå våre rettleiarar mot alle medlemar som ynskjer faglege råd, gjødslingsplan, bygningsplan eller gratis førsteråd for økologisk drift. Det har vore arrangert 2 beitekurs, eit i Lærdal og eit i Luster. Tilbakemeldingane har vore gode, og vi tek sikte på å arrangere fleire slike kurs i 2011. Vi har også fått svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane på dyrkingskurset vårt i Jølster. I mars og april gjekk dei fleste våronnmøta av stabelen, med tema kring val av såfrø, kalking, gjødsling, plantevern, ensilering m.m. Møte blei arrangert over heile fylket, med til saman 36 våronnmøte innan grovfôr. Alt i alt er eg godt nøgd med aktivitetsnivået i 2010. Styret har fungert godt saman, og vi har ein flott gjeng med engasjerte og fagleg dyktige rettleiarar som alle jobbar målretta til beste for oss som medlemar. Eg ynskjer alle medlemar og tilsette eit godt driftsår! Ola Hopperstad Styreleiar Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 3

BONDENS TRYGGE VALG ALT DU TRENGER TIL DIN PLANTEPRODUKSJON Såvarer Gjødsel Plantevern Kalk Mikronæring Ensilering Desinfeksjon VI HAR OGSÅ Fôr til alle dyreslag Butikkvarer Kornhandel www.dmt.no Norgesfôr Ottadalen Mølle, Lom, tlf. 61 21 18 20 avd. Vågå, tlf. 61 23 70 72 avd. Stryn, tlf. 57 87 69 15 4 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 www.ottadalen.norgesfor.no

www.dmt.no

6 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Sak 4 2011: Årsmelding 2010 Styret 2010 Leiar Nestleiar Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem Ola S. Hopperstad (Vik) Hans Frislid (Eid) Bente Drageset (Stryn) Per Magnar Sognnes (Hyllestad) Jan Erik Horstad (Naustdal) Rune Vereide (repr. for tilsette) 1.varamedlem: Sigurd Reksnes, Eid 2.varamedlem: Jon Arve Førde, Jølster 3.varamedlem: Henrik Ravnøy, Solund Vara for tilsette: Astrid Sandvik Valnemnd Leiar: Finn Solend, Høyanger Medlem: May Årvik Ligia, Stadlandet Medlem: Jo Eirik Aarnes, Sande i Sunnfjord (valperiode 2011-2013) Revisorar Ivar Frøysland, Gaular Gunnar Råheim, Gaular Tilsette og kontor Ved utgongen av 2010 hadde Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane ti tilsette. I tillegg til dagleg leiar har vi fem rådgjevarar innan jordbruk, tre innan hagebruk, og ein bygningsplanleggar. Vi har som før fem kontorstader; Brekke, Fureneset, Leikanger, Måløy og Sandane. Styrearbeidet Styret har vore samla til fem styremøte i 2010 og har i tillegg hatt eit telefonstyremøte i samband med lønsforhandlingane. I alt er 45 saker handsama av styret. Styreleiar Ola Hopperstad, nestleiar Hans Frislid og dagleg leiar Åse Leirgulen deltok på årsmøte i Norsk Landbruksrådgiving på Gardermoen i 22. og 23.mars. Styreleiar har i tillegg vore aktiv i prosjektet Hagebruksrådgjeving i Sogn, delteke på samarbeidsmøte om byggteknisk rådgiving på Vestlandet, og møte med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om nytt saueprosjekt. Viktige saker i 2010 har vore hagebruksprosjektet i Sogn med tilsetjing av ein ny rådgjevar i juli 2010 og utviklinga av tenestene innan byggteknisk planlegging der vi har vore gjennom to utlysingsrundar og vil tilsetje ny planleggar i 2011. Årsmøte 2010 Årsmøte 2010 vart halde på Henjatunet i Leikanger den 20.mars, med 17 frammøtte medlemar. Det faglege programmet var ei orientering om det nye rådgjevingsprosjektet på hagebruk i Sogn v/rikard Lysne, Lærdal Grønt og ei orientering om NLR Sogn og Fjordane sitt tilbod om Bygningsplanlegging ved bygningsrådgjevar Edvin Hugvik. Purpurmarihand 8 Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010

Medlemstal 31.12.2010: Askvoll 54 Aurland 33 Balestrand 34 Bremanger 72 Eid 108 Fjaler 58 Flora 100 Førde 32 Gaular 69 Gloppen 223 Gulen 75 Hornindal 49 Hyllestad 21 Høyanger 53 Jølster 99 Leikanger 33 Luster 37 Lærdal 39 Naustdal 70 Selje 45 Sogndal 63 Solund 15 Stryn 192 Vik 63 Vågsøy 29 Årdal 8 I alt 1674 Kommunestøtte 2010: Askvoll Kr 20.000,- Aurland Kr 15.625,- Balestrand Kr 16.910,- Bremanger Kr 20.000,- Eid Kr 0,- Fjaler Kr 20.000,- Flora Kr 20.000,- Førde Kr 0,- Gaular Kr 0,- Gloppen Kr 125.000,- Gulen Kr 51.000,- Hornindal Kr 10.000,- Hyllestad Kr 0,- Høyanger Kr 0,- Jølster Kr 0,- Leikanger Kr 29.505,- Luster Kr 20.927,- Lærdal Kr 18.880,- Naustdal Kr 15.000,- Selje Kr 0,- Sogndal Kr 25.095,- Solund Kr 17.200,- Stryn Kr 15.000,- Vik Kr 25.680,- Vågsøy Kontorhald 2 rådgjevarar Årdal Kr 7.355,- Støttemedlemar 2010: Dryppvanning AS Felleskjøpet Agri Fjaler Bondelag Fjordane Grønsakdyrkarlag Gloppen Produsentlag Hole Traktor og Maskin Innvik Fruktlager Sagaplant Skogbruksetaten i Gloppen Skogbruksetaten i Stryn Thor Tenden transport Yara Fjærlandsbønder Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 9

Litt om aktivitetar i 2010 Ver og vekst Det blei sein vår dette året. Sauene kom seint ut, og det blei vårknipe mange stader. Utover i mai vart det klart for mange, særleg i ytre strok, at store engareal var skada etter 3 månader med snødekke og lite tele. Soppen snømugg vart påvist mange stader, og det vart raskt sett i gang med reparasjons- og fornyingsarbeid. Etter kvart blei det og observert mykje stankelbeinlarvar som gjorde skade på planterøtene. Fleire plassar var nok begge skadegjerarar tilstades. Det vart sein slåttestart og avlingsnivået var ikkje på topp. Vanskelege tilhøve under 2. slått blei det også fleire stader. I august var det 8 nedbørfrie dagar på Fureneset i Fjaler og 11 dagar fri for nedbør i Loen. Etter ein fin start på september med gode beiteforhold, vart det etter kvart svært vått att, og frosten kom tidleg. Totalt eit knapt middels år når det gjeld avlingar og kvalitet for jordbrukarane. Snømugg frå Verkland i Brekke Bløminga i frukt og bær kom seint i gong, særleg i Nordfjord, men og i Sogn starta bløminga seinare enn normalt. Også bringebærfelta stod lenge utover våren før knoppbrytinga kom skikkeleg i gong, og ein frykta at det ville bli mykje vinterskade. Sjølv med ein del utfrosne knoppar i mange felt viste sorten Glen Ample nok ein gong at den har stor evne til å kompensere i avling for utfrosne knoppar og stenglar. Indre fjordstrøk, som fekk barfrost i jordbæra om hausten før snødekke kom, fekk omfattande skade i løpet av vinteren. I Lærdal, som vart hardast råka, måtte mykje av jordbærarealet fornyast. Sjølv om sommaren ikkje var den mest solrike, vart det likevel god kvalitet på frukt- og bæravlingar. Ingen kjempesommar med temperaturar kring 30-talet, men ein lang periode der nattetemperaturen sjeldan var Markvandring i Ervik på Stadlandet under 16-18 grader, og dagtemperaturen sjeldan over 23 grader. Såleis ganske optimale vekseforhold. Det blei sein hausting, dei fleste stader omlag to veker seinare enn normalt. Fyrste frostnettene kom tidleg, allereie siste dagane i september på utsette stader, med det resultat at om lag 25 tonn av dei seinaste plommene fraus i Nordfjord. Frosten gjorde ikkje skade på dei seine epleavlingane. Av skadedyr var det venta noko angrep av rognebærmøll, men i fylket vårt var det langt mellom hagane som hadde angrep av betydning. I nokre få hagar vart det likevel ein del skade. Det var også registrert ein del frostmålarar i hagane rundt om. Dette kan tyde på at fruktdyrkarane må vere budde på auka åtak av desse skadedyra dei næraste åra framover. Hausteklare jordbær hjå Aage Føleide i Gloppen Inger Starheim fekk noko rognebærmøllangrep 10 trass i låge prognosetal Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Generell rådgjeving Rådgjevarane har brukt ein god del tid på rådgjeving direkte mot den einskilde medlem. Dette kan vere spørsmål eller diskusjon over telefon, på kontoret, eller i form av gardsbesøk. Tema har m.a. vore ugrassprøyting, gjødsling, tolking av fôranalysar, haustetidsvurdering og plantevern i frukt og bær, altså fagtema både sommar som vinter. Medlemane har uavgrensa rett til kontakt på telefonen, og har rett til eit gardsbesøk kvart år. Rådgjevarane rekk ikkje rundt til alle kvart år, så det blir ofte dei mest aktive som fyrst blir prioriterte. Vi oppmodar medlemane til å etterspørje gardsbesøk i vekstsesongen! Jordprøvar og gjødslingsplanar I 2010 laga dei tilsette ca 300 gjødslingsplanar inkludert Arve Tefre i Førde studerer spiring i attlegg nokre for 2011. Etter å ha brukt dataprogrammet Gjøpro i mange år, gjekk alle rådgjevarane dette året over til Skifteplan. Gjøpro var brukarvenleg og raskt å bruke, men hadde også svakheiter. Skifteplan ligg på felles server, slik at alle rådgjevarar har tilgang på gjødslingsplanar som er laga. Sjølv om det var ein del skepsis til å gå over på nytt program, gjekk dette svært bra. Det blei teke ca 1050 jordprøvar i haust. Vinteren kom litt for tidleg, så ein nådde ikkje over alle som stod for tur til nye jordprøvar i haust. Rådgjevingsmeldingar Dette året vart tilbodet om rådgjevingsmeldingar på e- post utvida, og det blei sendt ut 18 meldingar til jordbrukarane og 22 meldingar til frukt- og bærdyrkarane. Meldingane inneheld aktuelt fagstoff til ei kvar tid. Her blir det kunngjort møte og markdagar, presentert haustetidsvurderingar i frukt og bær, samt slåttetidsvurderingar i eng. Aktuelle råd om plantevern og gjødsling går også ut i desse meldingane. Ein har så langt sendt ut frukt- og bærstoff i felles skriv. Nytt av året var potetmeldingar og grønnsakmeldingar til Erlend Eide var innleigd til jordprøvetaking medlemar med slike produksjonar. Potetmeldingane vart innkjøpt frå Agder, grønnsakmeldingane frå GAFA Vestfold, og det vil dermed variere noko korleis stoffet treffer produsentane her i fylket. Likevel har dei tilbakemeldingar vi har fått vore positive. Grønnsak- og potetmeldingane gjekk berre ut som e-post. Utsending på e-post er enkelt og billeg med det datasystemet som er i bruk. E-post-adresser er innsamla dei siste par åra, og det kjem stadig nye til. Framleis er det dessverre ein god del medlemar som ikkje kan nåast på e-post. Dei får inn til vidare tilsendt rådgjevingsmeldingane i vanleg postgang. Svært mange arrangement Det vart det arrangert 36 våronnmøte, 10 av desse var kombinert med miljøplankurs som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane støtta økonomisk. Våronnmøta var somme stader heime hjå ein medlem, eller på forsamlingshus i bygda. Møta har lokalt preg, og det er ikkje kapasitet nok til å gje alle medlemar tilbod om våronnmøte kvart år. Aktuelt våronnstoff som gjødsel, kalk, såfrø, sprøytemiddel, ensileringsmiddel er tema på desse møta. Nokre var i samarbeid med TINE eller Bioforsk. Innkalling til våronnmøte og andre arrangement for medlemar skjer no ved hjelp av sms, gjennom rådgjevingsmeldingar, og info på heimesida http://sognogfjordane.lr.no/ Det er utarbeidd ei fullstendig liste over alle arrangement dei tilsette har vore med på, både som føredragshaldarar på eigne opplegg, eller på møte i andre sin regi. Dessutan over kurs og interne møte for tilsette m.m. Aktiviteten har neppe vore større noko år tidlegare. Av plassomsyn blir ikkje denne trykt i årsmeldinga, men er tilgjengeleg for internt bruk. Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 11

Forsøk og utprøvingar Jordbruk: Store mengder husdyrgjødsel Tre nye forsøksfelt der det blir prøvd ut ulike typar handelsgjødsel saman med husdyrgjødsel. Rådgjevarane vil gjerne vere så sikre som mogeleg når ein gjev råd om gjødsling. Er det på tide å i større grad å gå over frå fullgjødsel til nitrogengjødsel med svovel? Dette er spørsmål ein stiller i samband med denne forsøksserien. Felta ligg i Myklebustdalen, Stardalen og i Naustdal. Desse felta skal ligge i mange år, slik at ein får fram langtidseffekten av ulik gjødsling. Jordpakking og nitrogenfiksering Jordpakking; eitt felt i Fjærland. Her ser vi m.a. på kor mykje nitrogenfikseringa frå kløver betyr ved ulik jordpakking. Bioforsk Vest Fureneset har regien på prosjektet. Haustetidsprognosar for slåttestart Det vart samla inn grasprøvar før 1. slåtten. Analysane blei brukte i Grovfôrmodellen til Bioforsk for å prognosere slåttetidspunkt og kvalitet. På lokaliteten i Askvoll vart det gjort grundige registreringar av plantehøgde og utviklingstrinn fleire gongar før hausting. Ved slått vart avlingsmengde registrert ved forsøkshausting. Bekjemping av siv i beite Dette er eit prosjekt i regi av Bioforsk Vest Fureneset, der NLR Sogn og Fjordane er med på eit del-prosjekt. Beitepussing med Marit Henjum Halsnes under forsøkshausting i Fjærland ryddesag vert testa på to stubbehøgder. Svært interessante resultat, men metoden krev stor innsats. Det er skrive ein artikkel i Vestlandsk Landbruk om dette i 2010. Prosjektet går vidare i 2011. Hagebruk: Nye soppmiddel i bringebær Nytt soppmiddel til bringebær; Luna Sensation, samanlikna i to ulike dosar med Signum og Amistar. Breidtverkande middel mot fleire soppartar på stenglar og i blomst. Resultat blir publisert i frukt- og bærmeldingane. Feltvert: Stein Hauge, Sandane. Kalsiumbladgjødsling i bringebær Fire ulike kalsiumpreparat prøvd i bladgjødsling til bringebær fleire gongar under kartvekst. Målingar av kjemisk innhald i bær og blad under hausting. Målt fastleik på bæra ved trykkbelastning. Publisering av resultat i frukt- og bærmeldingane. Feltvert: Roar Verlo, Utvik. Restanalyse for Envidor i tunnellbringebær Restanlyse for kontroll av restmengde i bæra ved starthausting. Envidor vart godkjent i bringebær framfor komande sesong. Feltvert: Mathias Hestenes, Hestenesøyra. Bladmiddbekjemping i bringebær Avsluttande oppteljing og resultatbehandling på våren etter ulike bekjempingar hausten i førevegen. Gjennombrot i bladmiddbekjempinga: Forsøksleddet med novembersprøyting av 4 % rapsolje + 4 % grønsåpe utrydda all bladmidd. Ubehandla midd overlevde den harde vinteren og var i god kondisjon når våren kom. Sein Thiovitsprøyting gav og gode resultat mot bladmidden. Feltvert: John Elling Vereide, Sandane. Grønsåpe og rapsolje har god verknad mot bladmidd i bringebær Tynningsforsøk i plomme 2010 var siste prøveåret med feltforsøk i tynning av plomme. I Nordfjord vart ATS prøvd i ulike dosar og til ulike utviklingstidspunkt under blomstring i sorten Jubileum. I Hardanger vart det gjort nye prøvingar med Thiovit som tynningsmiddel. Det blir skrive ein samla rapport frå forsøka. Feltvert: Atle Skaaden, Innvik. 12 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Storskalafelt nye eplesortar Våren 2010 vart fire storskalafelt med 10 nye eplesortar planta ut; to av desse ligg på Vestlandet; eitt i Hardanger og eitt i Nordfjord. På felta skal det i fleire år framover gjerast registreringar av avling og kvalitet på frukta, likeeins på vekst og utvikling av trea, sjukdomsresistens m.m. Feltvert: Karl Ove Loen, Loen. Jodtesting og haustetidsvurdering i eple og pære Både i Sogn og i Nordfjord vart det samla inn eple og pærer frå ei rekke frukthagar for å finne fram til mest mogleg korrekt haustetid. Innsamlingane gjekk føre seg frå siste del av august til slutten av september. Umiddelbart etter ferdigstilling av analysearbeidet, vart resultat og tilrådingar utsende gjennom hagebruksmeldingar og frå fruktmottak. Tilbakemeldingane frå dyrkarane har jamt over vore svært positive til slike haustetidsvurderingar. Heksekost i eple I mange hagar i Sogn vart det på ettersommaren oppdaga mykje små eple i sorten Discovery. Mattilsynet og Bioforsk plantehelse vart varsla, og dei vart svært overraska over det omfanget denne sjukdommen hadde fått i 2010. Også andre fruktdistrikt vart varsla, og det vart etter kvart klart at sjukdommen hadde fått stor spreiing også i andre distrikt. Det vert det ganske sikkert lagt opp til mykje undersøkingar i 2011, for å prøve å finne ut omfang og mogeleg årsak til at sjukdommen dei siste par åra har auka slik i omfang. Ein må rekne med auka merksemd på sugande skadedyr (m.a. bladlus, Raud Gravenstein hausteklar på Rake i Stryn sugarar og teger), og plan for effektive tiltak mot desse. Mange reknar med at den sterke spreiinga av sjukdomen heksekost er noko av det alvorlegaste som har ramma norsk fruktdyrking på fleire tiår. Optimal sprøyteteknikk i bringebær Dette er eit prosjekt som vart innvilga i 2010 med to deltakande NLR- einingar på Austlandet i tillegg til NLR Sogn og Fjordane. I prosjektet skal ein finne meir ut av korleis dagens sprøyteutstyr fungerer i bringebæra, og korleis ein kan få best mogeleg resultat av sprøytearbeidet med justering og riktig innstilling av ulikt sprøyteutstyr. Det er mellom anna skaffa UV-lampar som blir brukt til å kontrollere væskedekninga på bladverket. Handlingsplan for slåtteenger Sigmund Larsen og Astrid Sandvik er representantar i Skjøtselgruppa for handlingsplan for slåtteenger i fylket. Gruppa er sett ned og leia av Fylkesmannen, delt mellom Landbruk og Miljø. Bioforsk Vest Fureneset og Høgskulen i Sogn og Fjordane er representerte med Pål Thorvaldsen, Ingvild Austad og Leif Hauge. Målet er at dei mest verdifulle slåtteengene i fylket skal sikrast skjøtsel framover. Heksekost i sorten Discovery. Små, underutvikla eple saman med velutvikla Vurdering av utvalde slåtte- og beitemarker for løyving av RMP-midlar Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen løyvde midlar til NLR Sogn og Fjordane for å få vurdert dei areala som kommunane var usikre på med omsyn til løyving av RMP-midlar (Regionalt Miljøprogram). 40 lokalitetar vart synfart og vurderte. Dei søknadene som kommunane Verdifull slåtteeng i Årdal i Selje hadde avslått i 2009, og bedt om ekstern vurdering på, skulle prioriterast. Sigmund Larsen og Astrid Sandvik har difor i sommar besøkt desse områda. Til saman besøkte dei kring 40 lokalitetar, med rapportering til kommunane. Tidsforbruket i dette prosjektet er ca 370 timar i 2010. Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 13

14 Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010

Dyrkingskurs I samarbeid med Dvergsdal Fellesfjøs, Bioforsk Vest Fureneset, Fylkeskommunen og Jølster kommune, vart det arrangert eit vellukka kurs i Dvergsdalsdalen 17.september. Kurset kom i stand etter lokalt initiativ frå Dvergsdal Fellesfjøs, med Steinar Dvergsdal i spissen. Det blei henta både teoretisk og praktisk ekspertise frå Møre og Romsdal i form av Anders Hovde, og maskinkøyrar Ole Eidsæther. Dyrkingsmetoden var omgraving av jord i hallande terreng, med grøfting etter behov. Om lag 25 engasjerte bønder møtte opp. Fagmøte om fôring Fremste fôringseksperten her i landet, Harald Volden, vitja fylket i september. Tema på møtet var korleis ein produserer godt grovfôr, kva grovfôrkvaliteten betyr for val av kraftfôrmengde og type, kvigeoppdrett og optimal fôringsstrategi. Det var stor interesse, og over 80 personar møtte på Mo, og om lag 40 på Kaupanger. Møta var eit samarbeid mellom TINE Rådgiving og NLR Sogn og Fjordane. Skjering i eple og pære Samarbeid med Njøs Næringsutvikling og Sognefrukt gav økonomisk ryggdekning og gjorde det mogeleg å arrangere skjeringskurs med Aad Wisse frå Nederland. Aad Wisse er kjend for mange fruktdyrkarar etter at han har vore med på skjeringskurs på Austlandet og i Hardanger dei siste 5 6 åra. I distrikta han vore lengst ser ein no etterkvart som dyrkarar har teke metodane i bruk, at avlingane aukar og at sorteringsresultatet blir betre. Aad Wisse under skjeringskurs i eple Jop Westplate i aksjon Skjering i steinfrukt Samarbeid med Njøs Næringsutvikling, Lærdal grønt, Sognefrukt og Innvik Fruktlager gjorde at ein kunne arrangere skjeringskurs med Jop Westplate frå Nederland i Leikanger/Sogndal og i Lærdal. Dette var svært vellukka kurs med over 50 deltakarar. Tilsvarande kurs er også planlagt i 2011. Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 15

16 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 0

Det unike med KOFASIL-produktene: God effekt mot bakterier og sporer (Clostridia og Listeria) Begrenser gjær- og muggsopp Ikke etsende på hud Ikke korroderende på maskiner Dosering: KOFASIL LP: 2,0 3,5 liter pr tonn. KOFASIL Ultra: 3,5 4,5 liter pr tonn. Du trenger ikke lenger lete etter nåla i høystakken Tørrstoffprosent i graset 0 15 20 25 30 35 40 45 50 55 60 65 KOFASIL LP www.kofasil.no Rundballer Rundballer og plansilo KOFASIL Ultra ADDCON Nordic AS Herøya Industripark, tlf: 3556 4100 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 17

Har DU sikra deg økonomi og tid til å trivast i kvardagen? TINE rådgjevarar kan hjelpe deg på veg! TINE Effektivitetsanalyse (EK): Ei driftsøkonomisk analyse av det som har skjedd og eit godt grunnlag for å planlegge framover. Blir til i samspel mellom bonde, TINE rådgjevar og rekneskapsførar. TINE Vegval og strategisk rådgjeving: Me tilbyr ein objektiv diskusjonspartnar når du skal planlegge langt fram i tid. TINE Produksjonsplan ØRT: Eit verktøy som gjev svar på korleis ulike endringar du vurderer i driftsopplegget, verkar inn på økonomien på dekningsbidragsnivå. TINE Bygningsplanlegging: Teikning av nybygg, påbygg eller endring av eksisterande bygningar. Prosjektering, kostnadsoverslag og byggeleiing. TINE Driftsplan: Saman med deg utarbeider me driftsplan som kan nyttast som dokumentasjon for å skaffe finansiering til større investeringar på bruket. TINE Kraftfôrliste: Når du ynskjer å betre økonomi gjennom å: Auke avdråtten og/eller proteinprosenten Betre fruktbarheita Redusere fôringsrelaterte sjukdomar TINE Fjøstrafikk: Kontakt TINE rådgjevaren når du er på jakt etter gode løysingar som tilfredsstiller haldforskriftene. TINE Mjølkemaskinkontroll: Ein grundig og objektiv kontroll av mjølkeutstyret, tilstandsrapport og råd om utbetringar. Mjølkeanlegget bør kontrollerast minst ein gong pr. år. TINE Funksjonstest: Blir gjennomført under mjølking. Kan avdekke forhold både ved mjølkeanlegg og mjølketeknikk som kan verke negativt på jurhelsa, men som ikkje kjem fram ved service eller mjølkemaskinkontroll. TINE Ventilasjon: Rådgjevar reknar ut ventilasjonsbehovet i fjøsen, sjekkar kapasitet på vifter og ventilar, måler trekk med meir og gjev råd om utbetringar. AHTS (Aktivt medlemskap i Helsetenesta for storfe): Bedriftshelseteneste for ku! Storfehelserådgjeving med fokus på førebyggande tiltak. Utvida Avlsplan Gjennomgang av besetningen i fjøset med sterkare fokus på enkeltdyr. Avlsrådgjevaren hjelp med å finne riktig okse til kvar einaste ku. Unngå uheldige kombinasjonar i robotplanar. Ta kontakt med TINE Rådgivaren for meir informasjon Godt, enkelt og lettfattelig - frå vurdering i fagbladet Norsk Landbruk Komplett frå bilagsføring til ferdige likningsskjema og skatteutrekning Også elektronisk innlevering Pris: kr. 2000,- ( årleg vedlikehald: 875,- ) 18 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Hagens Auto 57 85 27 00 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 19

20 Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010

Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 21

22 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Årsmelding Norsk Landbruksrådgiving 2010 23

Gjer ein innsats for miljøet Klimaendringane vi ser i dag kjem i stor grad av at vi Klimaendringane forsterkar drivhuseffekten vi ser i dag på kjem grunn i stor av grad utslepp av at av vi forsterkar drivhuseffekten klimagassar. på grunn av utslepp av klimagassar. og søker etter personar med vidaregåande klimagassutslepp ved å minim- Toshiba varmepumper reduserer klimautslepp ved å minimere forbruk forbruk av straum avtil straum oppvarming. til oppvarming. Det gjev lågare Det gjev straumrekn- lågare straumrekning samstundes som samstundes du får eitsom betre du innemiljø. får eit betre innemiljø. Invester i komfort : arnulf@braa.no Invester Toshibasi siste komfort toppmodell Daiseikai Polar, har eit nytt og 7868705 / 95057188 revolusjonerande filter som fjernar støv, pollen, bakteriar Toshibas og andre siste små toppmodell partiklar. Varmepumpa Daiseikai Polar, sitt har rensesystem eit nytt og revolusjonerande umiddelbart filter gjere som innelufta fjernar støv, rein. pollen, Det gjev bakteriar allergikarar og andre ein små vil partiklar. komfortabel Varmepumpa og lettare sitt kvardag. reinsesystem vil umiddelbart gjere innelufta Daiseikai rein. modellane Det gjev anbefalast allergikarar av ein Norges komfortabel Astma- og og lettare kvardag. Alleregiforbund for dei fleste personar gitt riktig plassering Daiseikai og vedlikehald. modellane anbefalast av Norges Astma- og Allergiforbund for de fleste personar gitt riktig plassering og vedlikehald. Henden Elektro Elektro AS AS braa.no Tlf: Tlf. 57 57 88 88 46 00 46www.okhenden.no 10 anten t til å prøve å spele ikkje har gjort det? ane-dagane. Også i seg med stand på ø på handa kan du ønt kort. Grønt kort e golfbaner. kke med konkurranm lag 50 meter ut i er ikkje så heilt enkje har du eit skjult ed eit lukketreff? Målarklubben Trøselen Tradisjonen tru vil målarklubben August.Vi stiller ut stiller Toshiba ut Toshiba varmepumpe, varmepumpe, og du og kan du kan få med få med deg deg brosjyrefor fordei dei systema som som passar passar best best i bustaden i bustaden din. din. Gjer ein innsats for miljøet stiller ut i Hendenbygget Trøselen også dette året ha si eiga salsutstilling under Sandane- tema-utstilling. Vi vil finne eit vers dagane. I Hendenbygget, vis a vis Sandane Interiør, vil eit titals kunstnarar, mellom andre Ståle Fitje, Petter Eide, Kristoffer Arnestad, Reidar Mardal, Sidsel Sandal Seljeseth og Irene Kroken stille ut måleria sine. Det vil vere nærare 100 arbeid med på utstillinga. Nytt av året er det at vi kjem til å ha ei eiga eller eit dikt som vi likar godt, og så illustrerer vi det med bilete, seier Liv Kjøde i målarklubben. Utstillinga vil vere opa for publikum både fredag, laurdag og søndag. TID til nye utfordringer utfordringar Når vi tar rekneskapet regnskapet får får du du meir mer tid tid til til å takle å takle utfordringene utfordringane i marknaden i markedet - til - til beste beste for for di verksemd. din bedrift. www.okonor.no Økonor Kontor Gloppen Sørstrandsvegen 6 Adresse Postboks 100 Postboks 6821 Sandane Poststed Tlf. 57 86 86 00 24 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

Breivik kalk Jorda på våre kantar er mange stader framleis svært sur. I sur jord er aktiviteten liten og gjødselverknaden dårleg - slik jord må tilførast kalk! Breivik kalk er ei rein kalktype av høg kvalitet med ideell grovleik for spreiing og opptak i jorda. CaO : 54 % Kalkverdi : 43/51 Tørrstoff : 99,8 % Breivik kalk får du levert i : BULK - STORSEKK - 40 KG s SEKK - 25 KG s SEKK direkte på tunet, eller du kan hente hos forhandlar eller på kai. Vi har også svart kalk i 40 kg s sekk på pall. Vend dykk til oss på tlf. : 70 02 80 34 for informasjon om våre tilbod og om kven som er vår forhandlar eller kontaktperson i ditt nærområde. Breivik Kalkverk As N-6084 Larsnes Telefon: 70 02 80 34 Telefax: 70 02 84 40 bkalk@online.no Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 25

Det er avling jeg ønsker - ikke CO 2 Yara garanterer nå at klimagassutslippene er halvert til fire kg CO 2 - evkivalenter for hver kg nitrogen som produseres for det norske markedet. Det betyr at du kan opprettholde avlingsnivået på gården og samtidig redusere klimapåvirkningen fra landbruket. Et viktig tiltak for fremtidig matproduksjon og fremtidige generasjoner. 26 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 Les mer på www.yara.no/klima Knowledge grows

Planlegg vårkalkingen nå! Felleskjøpet leverer Agri Dol med Magnesium der du bor. Ta kontakt med nærmeste utsalg for pris og leveringstid. Et samarbeid mellom Veksthus - og frilandsproduksjon av frukttre Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 27

Gratis app for iphone og Android Få lettare tilgang til dei mest brukte banktenestene. Applikasjonen er tilgjengeleg på App Store og Android Market! ssf.no 28 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

MF5455 PV Sertifisering, sal, kontroll, montering og overhaling av kranar, taljar, løfteutstyr, Brannvarslingsanlegg og overvåkingskamera (Elotec). Har delelager i bilen. Eik pris fra kr: 499.000,- Trima +2.0P frontlaster inkludert i prisen. Ring for tilbod: Geir Dvergsdal tlf: 950 47 640 e-post: dvergsdal.krankontroll@enivest.net Avbildet modell har tilleggsutstyr. 4 syl common rail motor, 125 hk maks-effekt, maksimalt dreiemoment 525 Nm Dyna-4 transmisjon med elektronisk betjening av alle gir, fire hurtiggir Trima +2.0P frontlaster Aircondition og luftsete Økonomikraftuttak Arbeidslys Svingbare framskjermer 100 l/min, 3 spoleventiler Eik pris gjelder uten innbytte. Frakt, klargjøring og montering kommer i tillegg. Eiksenteret Førde Tlf: 57 83 43 83 Eiksenteret Ørsta Tlf.: 70 04 85 50 Eiksenteret Sogndal Tlf. 57 67 18 57 www.eiksenteret.no Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 29

«Når målet er økt ytelse er det lurt å følge den grønne og gule ledertrøya» Når målet er høgtytende kyr - FORMEL Energi! Høgt grovfôropptak Godt vommiljø God smakelighet FORMEL Energi 80 og 90 Felleskjøpets kraftfôr til høgtytende kyr fk-landbruk.no 30 Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010

DIN TOTALLEVERANDØR A-K maskiner Førde og Hole Traktor og maskin New Holland T4020 65 hk 16+16 transmisjon 360/70R20 og 420/70R30 A-K kampanjetilbud kr 269 900,- NH T4020 Veil kr 359 300,- VELDIG GODE PRISER! På alle modeller med New Holland og Case IH. Ta kontakt for godt tilbod! CASE IH MAXXUM 125 Kraftig motor Topp komfort Enkel service Lett å kjøre Suveren hydraulikk A-K tilbud kr 528 400,- Veil kr 634 700,- Husqvarna motorsag og verneutstyr Duun VM 360 Alle priser er eks mva, frakt og klargjering Hole Traktor og maskin Byrkjelo Tlf. 57 86 72 00 A-K maskiner AS avd. Førde Tlf. 57 82 90 90 www.a-k.no Årsmelding Norsk Landbruksrådgjeving 2010 31