Nordplan side 1 FØRESEGNER DETALJREGULERINGSPLAN FOR ÅSNES SJØ OG FRITID. Føresegner dagsett: 06.11.2017 Plankart dagsett: 06.11.2017 1. GENERELT / SIKTEMÅLET MED PLANEN Desse føresegnene gjeld for området innanfor plangrensa på plankartet. Utbygging av området skal skje i samsvar med plankartet og føresegner. Føresegnene kjem i tillegg til det som vert bestemt i plan- og bygningslova med forskrifter, samt vedtekter til plan- og bygningslova vedtekne av kommunestyret i Fjaler kommune. Etter at plankartet med desse føresegner er vedtekne, er det i planområdet ikkje tillate å inngå privatrettslege avtalar i strid med reguleringsføresegnene. Formålet med reguleringsplanen er å er å leggje området til rette for utbygging av leilegheiter som skal nyttast til bustad og fritidsbustad og nokon kombirom for kortidsutleige, samt småbåtanlegg, utstillingsareal og møte-/selskapslokale for bevertning. 2. REGULERINGSFØREMÅL Området er regulert til følgjande føremål: Bygningar og anlegg (pbl 12.5 nr.1 ) Kombinert bygg og anleggsformål, BAA Vass- og avløpsanlegg, BVA Lager, BL Småbåtanlegg i sjø og vassdrag, BSB Uteopphaldsareal, BUT Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (pbl 12.5 nr.2) Køyreveg, SKV Annan veggrunn grønt areal, SVG Parkeringsplassar, SPP Landbruks-, natur- og friluftsføremål (pbl 12.5 nr. 5) Landbruksformål, LL Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (pbl 12.5 nr. 6) Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, V Omsynssoner (pbl 12.6) Faresone Sikringssone
Nordplan side 2 3. FELLES FØRESEGNER 3.1. Krav til byggesøknad a. Bygg, anlegg og verksemder skal utformast med sikte på å sikre gode arkitektoniske løysingar og ta naudsynt omsyn til eksisterande miljø. b. Søknad om løyve til tiltak skal innehalde ein utomhusplan. Denne skal minimum vise plassering av bygningar, handsaming av terreng, parkeringsplassar, interne vegar og båtopptrekk for båtar og avstand til nabogrense. c. Løysing for HC-parkering skal framgå av planen. d. For bygningar i planområdet skal det ved byggesøknad leverast plan for alle etasjar, fasadeteikning der nabobygg skal takast med for å vise heilskapen, snitt gjennom nye bygg og tilhøyrande areal. Planteikningar skal vere høgdesett. Det skal visast høgdesett snitt av tomta vinkelrett på inngangsparti. 3.2. Plassering og definisjonar a. Bygningar skal plasserast innanfor dei regulerte byggegrenser. Der byggegrensa ikkje er vist, gjeld reglane i Plan- og bygningslova. b. Tilltatt bebygd areal (BYA) vert definert etter den til kvar tid gjeldande byggeteknisk forskrift. %-BYA angir tillatt bebygd areal i prosent av tomta sitt nettoareal. Parkering på bakkenivå vert rekna med i utnyttinga. c. Møne- /gesimshøgde vert rekna i samsvar med den til kvar tid gjeldande byggeteknisk forskrift, ut frå ferdig planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen. 3.3. Bygnings form, plassering, materialbruk og farge a. Kommunen skal ved handsaming av byggesøknader sjå til at bygningar får ei god form og materialbehandling, og at det vert lagt vekt på å finne ei så god løysing som mogleg i høve til terrengtilpassing, utsikt for naboar samt opparbeiding av gode uteopphaldsareal. b. Ved byggesøknad skal ein sjå til at bygningar innanfor same området får ei einsarta og harmonisk utforming med omsyn til materiale, takvinkel/takform og farge. 3.4. Handtering av VAO a. Ved søknad om rammetillatelse skal det sendast inn ei teikning for VA-anlegg som inkludera tilknytingspunkt og som er i samsvar med den til kvar tid gjeldande VA-norm for Fjaler kommune. b. Løysing for handtering av overvatn skal visast enten på situasjonsplanen eller i plan for VAanlegg. c. Utbyggar skal sørgje for nødvendig drenering for overvatn og grunnvatn, og føre dette til avløp til sjø eller kommunalt/privat leidningsnett etter godkjenning av kommunen. d. Anlegg for overvasshandtering skal dimensjonerast for framtidig nedbørsauke på 30 %. 3.5. Parkering a. Kravet til parkeringsplassar er fastsett slik: - 1 parkeringsplass + 0,5 gjesteparkeringar pr. leilegheit. Parkering for leilegheit for kortidsutleige inngår i gjesteparkeringar.
Nordplan side 3-5 parkeringsplassar for museum-, møte-, selskap- og bevertningslokale. b. 10 % av parkeringsplassane innanfor kvart enkelt formål skal vere tilpassa personar med nedsett røyrsle (HC). c. Nødvendig parkeringsdekning skal løysast innanfor planområdet. d. Parkering i tilknyting småbåtanlegg (BSB1) skal løysast innanfor SPP-område i planen. e. Terreng, gjerde, hekkar o.l. i føremålsgrensa langs vegar skal ikkje vere høgare enn 1,2 m over vegnivået, og 0,5 m ved kryss eller avkøyrslar. Sjå elles føresegnene som gjeld frisiktsone. 3.6. Renovasjon a. Felles område for renovasjon/bossoppstilling for tiltak innanfor planen si avgrensing skal etablerast innanfor planområdet. 3.7. Trafo, pumpehus og liknande a. Innanfor planområdet kan det oppførast trafokioskar, pumpestasjonar eller andre innretningar for teknisk anlegg, samt nødvendige leidningar for VAO, der dette er naudsynt. 3.8. Automatisk freda kulturminner a. Om det i samband med gravearbeida vert gjort funn av gjenstandar eller konstruksjonar, pliktar ein å stoppe arbeidet snarast og underrette kulturavdelinga i fylket for avklaring, jf. kulturminnelova 8 andre ledd. 3.9. Universell utforming a. Planlegging og utbygging skal basere seg på prinsippet om universell utforming/tilgjenge for alle. b. Byggeområde, trafikkområde og uterom skal utformast med tilfredsstillande tilkomst. Offentlege uterom og gangvegar skal utformast slik at personar med nedsett funksjonsevne lett kjem seg fram. c. Universell utforming skal dokumenterast i byggesøknad. 3.10. Krav om uteopphaldsareal for bustader a. For alle husvære med meir enn to rom, skal det i rimeleg nær tilknyting til husværet vere minst 15m² uteopphaldsareal som er eigna til rekreasjon, leik og opphald. b. Som uteopphaldsareal kan reknast dei delar av tomta som ikkje er bebygd eller avsett til køyring og parkering, og er eigna til formålet. Uteplassen skal vere skjerma mot uønska ferdsle og sterk støy. Plassen bør ha solinnfall. Arealet bør primært vere på bakken, men areal på terrasse/balkong kan også godtakast. Uteopphaldsarealet kan vere felles og privat. 3.11. Utnyttingsgrad a. Maksimal utnyttingsgrad er fastsett som %- BYA, etter reglane i TEK 17. Eit vilkår for å utnytte tomta med maksimal %-BYA, er at krav til byggehøgde, byggegrense og dokumentert parkeringsdekning er innfridd. 3.12. Tiltak og fylling/mudring i sjø a. All utfylling skal skje med reine bestandige materiale. b. Før det kan startast arbeid med fylling/mudring i sjø skal det ligge føre godkjent plan for omfanget av arbeidet, med etablering av permanent kaifront.
Nordplan side 4 c. Naudsynt løyve etter hamne- og farvasslova må ligge føre før igangsetting av tiltak i sjø. Det må og vurderast om det er naudsynt med løyve etter Forureiningslova 11 eller Forureiningsforskrifta kap. 22. Dersom slikt løyve er naudsynt, skal det ligge føre før det vert gjeve løyve til igangsetting av tiltak. 4. REKKEFØLGJEKRAV 4.1. VAO- rammeplan a. Ved søknad om rammetillatelse skal det sendast inn ei teikning for VA-anlegg som inkludera tilknytingspunkt og som er i samsvar med den til kvar tid gjeldande VA-norm for Fjaler kommune. b. Bru/plate over Åsneselva kan ikkje etablerast før dei tilrådde sikringstiltaka i samband med erosjon vert utført, jf. rapport for flaumsonekartlegging. c. Flaumsikring skal gjennomførast i henhold til rapport «Flaumsonekartlegging ved gamle Åsnes skifabrikk, Fjaler kommune», datert 28.09.2017, og i samråd med kvalifisert personell, før løyve vert gjeve for nye tiltak innanfor fareområdet. 5. BYGNINGAR OG ANLEGG 5.1. Kombinert bygg og anleggsformål, BAA1 a. Innanfor byggjeområde BAA1 kan det etablerast bustad og fritidsbustad i inn til 4 etasjer i form av leilegheiter, samt møtelokale, selskapslokale/bevertning og utstillingslokale. b. Møne- /gesimshøgde på bygg innanfor BAA1 er maks 15 meter og måles ut frå ferdig planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningane. Ref. TEK 17. Tekniske installasjonar og takoppbygg kan byggast med møne- /gesimshøgde på maks 17 meter og måles ut frå ferdig planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningane. Ref. TEK 17. c. Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA= 55 %. d. Det skal etablerst leikeplass/samlingsplass for bebuarane innanfor planområdet. Plassane skal nyttast/opparbeidast til leikeareal for born og til sosialt samling- og aktivitetsområde. 5.2. Lager a. Her skal ein nytte området til mindre lagerbygg og utelagring av maritimt utstyr tilknytt småbåtanlegg, som båtar, kajakkar og anna utstyr. b. Mønehøgd på bygg innanfor BL1 er maks 3 meter over gjennomsnittleg planert terreng. c. Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA= 40 %. d. Byggegrense ligg i formålsgrensa. Det ligg føre ein tinglyst rett til å bygge i grensa til gnr. 33, bnr. 1.
Nordplan side 5 5.3. Vass- og avløpsanlegg, BVA a. Innanfor området BVA1 skal det etablerast eit reinseanlegg. Her kan også byggast eit toalett for fastbuande og badegjester i området. b. Byggegrense ligg i formålsgrensa. 5.4. Uteopphaldsareal, BUT a. Uteopphaldsareal BUT1-3 er grøntdrag i landskapet, mellom ulike områder i planområdet. b. I uteopphaldsareal skal ein i størst mogleg grad ta vare på eksisterande vegetasjon. Enkle tiltak som fremjar området sitt føremål, kan tillatast etter plan godkjend av kommunen. Det er ikkje høve til å gjennomføre tiltak eller oppføring av bygg som er til hinder for bruken av området som uteopphaldsareal. 5.5. Småbåtanlegg, BSB a. Innanfor BSB1 er området tenkt nytta til småbåtanlegg på land og i sjø. Innanfor området kan det etablerast steinmolo med flytebrygger og utliggarar. Dei ytre rammene for småbåtanlegget bør vere tydeleg definert av steinfylling/molo. b. Byggegrense er vist i plankart. Byggegrense mot sør og aust følgjer formålsgrense for BSB1. Området BSB1 kan fyllast/mudrast innanfor byggegrensene vist på plankartet. c. Båtoppdrag/slipp kan etablerast i området. d. Båtar kan fortøyast langs med kai og på innsida av steinmolo, men det skal ikkje vere permanent fortøying av båtar på utsida av anlegget. e. Landarealet i tilknyting til småbåtanlegget kan opparbeidast. f. Tiltak i sjø, herunder utfylling, mudring, utgraving, legging av leidningar/ røyr og utlegging av flytebrygger/molo, er søknadspliktige ifølge plan- og bygningslova. g. Tilkomst til BSB1 er frå felles veg f_skv1 og privat veg SKV3. 6. SAMFERDELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR 6.1. Køyreveg SKV a. Veg f_skv1 er felles køyreveg til eigedomane innanfor plangrensa og for bustad på eigedom gnr. 32, bnr. 4 i sør og gnr. 32, bnr. 16 nordaust for planområdet. b. Privat køyreveg SKV2 og fellesveg f_skv1 er regulert med vegbreidde 4,0m inkl. skulder. Kjørebane 3,5m med 0,25m skulder. Del av køyreveg SKV2 er bru over Åsneselva. Privat køyreveg SKV3 er vidareføring av dagens veg, vegbreidde 3m. c. Murar, grøfter og skjerings- og fyllingsområder kan etablerast på føremål som grensar til samferdselsanlegg. 6.2. Annan veggrunn grøntareal, SVG a. SVG omfatter areal som naturleg høyrer til vegen som grøft, skjering, fylling, mur m.m. Breidde 1,5m langs med køyreveg f_skv1 og SKV2. 6.3. Parkeringsplassar, SPP
Nordplan side 6 a. Innanfor SPP1, SPP2 og SPP4 skal det etablerast parkeringsplassar i tilknyting til småbåtanlegg BSB1 og byggeareal BAA1. SPP3 skal nyttast i tilknyting til BSB1. 7. Landbruks-, natur- og friluftsformål og reindrift 7.1. Landbruksformål a. Areal LL1 og LL2 er landbruksareal for nødvendige tiltak for landbruk og gardstilknytt næringsverksemd. 8. BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG 8.1. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, V a. V1 er område i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Bekkelaupet i Åsneselva kan plastrast og sikrast mot erosjon slik at flaumvatn ikkje fører til skade på omkringliggande område, jf. 10.1. Elvedragets naturlege vegetasjon og terreng skal takast vare på i størst mogleg grad. Det kan etablerast ei bru/plate over Åsneselva. 9. OMSYNSSONE 9.1. Frisiktsone a. Innanfor frisiktsonene skal det vere fri sikt på minimum 0,5 m over tilgrensande vegars nivå. Vegetasjon kan ryddast, tre hoggast og fjell sprengast for å halde frisiktsona oversiktleg. Høgstamma tre, trafikkskilt og lysmaster kan plasserast i frisiktsona, dersom dei ikkje hindrar fri sikt. Kommunen kan krevje at sikthindrande vegetasjon og gjenstandar blir fjerna. b. Parkeringsplassar kan ikkje etablerast i frisiktsonene. 9.1. Faresone Havnivåstigning, H320_1 a. Grensa er sett der vasstand i sjø rekk, etter vurdering av stormflo, forventa havnivåstigning og bølgjepåverknad, kote 2,7m. Ved etablering av bygningar lågare enn nivået for ein 200 års stormflo, skal den utformast og dimensjonerast med vasstett konstruksjon eller ved bruk av materialar som toler vassinntrenging. Ved plassering av tekniske anlegg under c + 2,7 må det plasserast i ein vasstett konstruksjon eller tåla å stå under vatn. b. Tiltaket skal ved planlegging og byggesakshandsaming vurderast i høve stormflo/havnivåstigning. 9.2. Faresone Flaum Åsneselva, H320_2 a. Dersom det skal byggjast nybygg innanfor flaumgrensa med eit nominelt årleg sannsyn på 1/200 (H320_2), bør det gjerast sikringstiltak. Dette kan gjerast ved å utvide/gjere elveløpet djupare eller ved å heve elveforbygginga langs det utsette partia. 10. Føresegnområde 10.1. Utforming/ erosjonssikring, #1 a. Elveforebygginga skal utbetrast innanfor område #1 for at område skal vere tilstrekkeleg sikra mot erosjon, jf. rapport «Flaumsonekartlegging ved gamle Åsnes skifabrikk, Fjaler kommune», datert 28.09.2017.
Nordplan AS Telefon 57 88 55 00 www.nordplan.no NO 948 081 768 MVA Telefax 57 88 55 01 post@nordplan.no Bankkonto: 3790 05 03459