Lærdal kommune. Strategisk næringsplan for. Lærdal kommune. Versjon 01 - Mars 2010

Like dokumenter
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Avdeling for regional planlegging

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Sentrale utviklingstrekk i Luster kommune. Næringsarbeidet i Luster kommune

Vestlandet ein stor matprodusent

HORDALANDD. Utarbeidd av

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Strategisk utviklingsanalyse. Skjåk kommune. Juni 2010

Problemstillingar vi vil oppdraget skal belyse

Planstrategi for Balestrand kommune

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SOGN driftig raus ekte

Om Fylkesprognoser.no

Strategisk Utviklingsanalyse

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

STRATEGIPLAN

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Næringsarbeidet i Luster

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Utviklingstrekk Fræna kommune

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Næringsanalyse Sunnfjord kommune. Mars 2019

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Program for. Årdal Venstre

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Finnmarks fremtidige arbeidsmarked. Av Sveinung Eikeland og Ivar Lie, Norut NIBR Finnmark as

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

SOGN driftig raus ekte

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Kommunedelplan for oppvekst

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

PENDLING OG BULYST I HARDANGER

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Strategisk utviklingsanalyse. Vanylven kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Til deg som bur i fosterheim år

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

VEDTEKT av februar 2007

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Befolkningsutvikling. Figur 1

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Ål Venstre. Ål Venstre

2014/

Regionalplan for Sogn regionråd Del 1: Strategiplan. Driftig Raus Ekte

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Oversyn over økonomiplanperioden

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Transkript:

Lærdal kommune Strategisk næringsplan for Lærdal kommune Versjon 01 - Mars 2010

Samandrag Denne rapporten er todelt. I første del (kap 2 til 5) av rapporten vert arbeidsplassbehov, næringsmessige konkurransefortrinn og utviklingspotensiale i Lærdal kommune analysert. Konklusjonen av denne analysen er som følgjer: Kommunen har trong for fleire arbeidsplassar. Årsaka til dette er dels tap av etablerte arbeidsplassar i Lærdal kommune. I tillegg pendlar mange frå Lærdal til Årdal og Årdal har også tapt arbeidsplassar den seinare tida. Analysen avdekkar vidare nokre utfordringar som det må arbeidast aktivt med dei komande åra: Det vert færre unge vaksne i kommunen. Frå 2002 har det blitt over 20 % færre i aldersgruppa 30 år til 39 år. Det blir dermed færre barnefamiliar i kommunen. Næringsarbeidet og samhandlinga mellom kommunen og næringslivet bør bli betre. Kommunen bør legge til rette for fleire attraktive bustadtomter Det er for liten aktivitet i sentrum. Detaljhandelen er svak. Kommunen har fleire næringsmessige fortrinn som ein bør bygge på i næringsutviklingsarbeidet: Kommunen ligg midt i ein naturleg bu- og arbeidsregion og eit viktig vegsamband går gjennom kommunen Som trafikk-knutepunkt har kommunen eit potensiale for næringsutvikling og handel Kommunen har fleire næringar med utviklingspotensial. Kraftproduksjon, reiseliv, landbruk og bygg/anlegg vil vere naturlege næringar å utvikle vidare. Miljøet kring sjukehuset bør også ha utviklingsmoglegheiter mellom anna som følgje av samhandlingsreforma. Det er også utviklingsmoglegheiter knytt til moderne ledige areal der Opplysningen 1881 no driv. Konklusjonen er såleis at kommunen har utfordringar som gjer at ein har behov for å setje i verk eit omstillings- og utviklingsarbeid for å skape fleire arbeidsplassar. Fortrinna til kommunen viser at det bør vere mogeleg å få god effekt av eit slikt målretta arbeid. Side 2

Samandrag I andre del av rapporten (kap 6) ser ein nærare på korleis kommunen bør arbeide for å skape slik utvikling. Visjonen for dette arbeidet er Trivsel skaper vekst. Rapporten konkluderar med at det bør iverksetjast 3 utviklingsprogram: 1. Næringsutvikling Innan næringsutvikling bør målet vere å skape 50 nye arbeidsplassar innan 2017. For å nå dette målet skal ein arbeide med følgjande strategiar: a) Reorganisere næringsarbeidet i kommunen gjennom at næringsapparatet i kommunen vert skilt ut i eit nytt næringsselskap eigd av kommunen og næringslivet sjølv. b) Styrke utviklingsevna i næringslivet c) Styrke evna til ny forretningsutvikling d) Satse på auka samarbeid innanfor næringar med størst potensial 2. Trivsel Målet for denne strategien er å auke innbyggartalet med 50 fram til 2017. I aldersgruppa 20 år til 40 år skal innbyggartalet auke med 30 personar For å nå dette målet skal ein arbeide med følgjande strategiar: a) Betre dei sosiale møteplassane b) Styrke infrastrukturen c) Styrke dei kommunale tenestene d) Innbyggarane i Lærdal skal vere privilegerte 3. Lærdal, knutepunkt i regionen Målet innan denne strategien er å etablere minst 5 nye varige og bærekraftige samarbeidsprosjekt med nabokommunane innan kommunal tenesteyting eller i næringslivet. For å nå dette målet skal ein arbeide med følgjande strategiar: a) Styrke det interkommunale samarbeidet b) Styrke næringssamarbeidet mellom verksemdene i regionen c) Gjere det enklare å vere pendlar i regionen d) Utnytte kommunen sine naturlege fortrinn til å få til ny aktivitet. Side 3

Innhald Samandrag 1. Føremål og gjennomføring a. Føremål b. Kjelder og forankring c. Organisering 2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv a. Innleiing b. Befolkningsstruktur, befolkningsutvikling c. Utdanningsnivå d. Næringsstruktur e. Arbeidsløyse f. Lærdal som ein del av regionen g. Senterstruktur og kommunikasjonar h. Vurdering av tendensar 3. Komparative fortrinn for næringsutvikling a. Innleiing b. Råstoff / naturressursar c. Arbeidskraft d. Næringskompetanse og teknologi e. Lokal kapitaltilgang f. Nærleik til marknad g. Vurdering 4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter a. Innleiing b. Bygg og anlegg c. Landbruk d. Reiseliv e. Handel og tenesteyting f. Kraftproduksjon g. Næringssamarbeid og næringsklynger h. Tidlegare næringsplan i. Vurdering 5. Kommunen si rolle som tilretteleggar a. Det kommunale tenestetilbodet overfor innbyggarane b. Det kommunale tenestetilbodet overfor næringslivet c. NæringsNM og Attraktivitetsbarometeret d. Vurdering 6. Strategiske val og satsingsområde a. Innleiing b. Visjon og mål c. Utviklingsprogram d. Nærare om dei ulike utviklingsprogramma e. Organisering, verktøy og metodar Side 4

1. Føremål og gjennomføring a Føremål Den strategiske utviklingsanalysen skal gje ein brei oversikt over arbeidsplassbehov, næringsmessige konkurransefortrinn og utviklingspotensiale i Lærdal kommune. Basert på denne analysen vert rapporten avslutta med eit kapittel der vi har utforma visjon, målsettingar og satsingsområde for næringsutviklingsarbeidet i Lærdal kommune. Årsaka til at ein har sett i gong å utforme ein slik rapport er at ein ser utfordringar i åra som kjem som følgje av mogeleg tap av mange arbeidsplassar ved Lærdal Sjukehus, Opplysningen 1881 og ved dei store industriverksemdene i Årdal. Det er også trekk ved folketalsutviklinga som gir grunn til otte. I ei bygd som Lærdal, med lågt innbyggartal, er det ein hårfin balansegang mellom det å kunne oppretthalde grunnleggande servicetilbod, og det folketal som kan stø oppunder slike næringar. Under arbeidet med analysen har industriverksemda Dooria gått konkurs. Hydro har gjeve signal om at det kan bli aktuelt med investeringar ved aluminiumsverket i Årdal. Arbeidet med utviklingsanalysen er sett i gang for å fram eit dokument som skal vere grunnlag for å vurdere om Lærdal kommune kan få omstillingsstatus. Dei strategiske vala skal nyttast som verktøy, uavhengig av om ein oppnår omstillingsstatus, for å profesjonalisere næringsarbeidet i kommunen. Ved utforming av denne rapporten har det vore tett dialog mellom kommunen og næringslivet i kommunen. Vi håpar at arbeidet med denne rapporten såleis har ført til at kommunen og næringslivet kan samarbeide tett om gjennomføringa av næringsutviklingsarbeidet i planperioden. Vinteren 2011 var Lærdal Sjukehus trua med nedlegging. I Denne rapporten avgrensar seg til å lage overordna strategiar avslutninga av dette arbeidet er det avklart at sjukehuset ikkje for det framtidige næringsutviklingsarbeidet. Når vert nedlagt. kommunestyret har handsama rapporten vil det bli utforma meir konkrete handlingsplanar som viser meir i detalj korleis Det er hard kamp om ressursane i helseforetaket, og det er næringsutviklingsarbeidet skal gjennomførast. Det er venta at sannsynleg at sjukehuset si stilling raskt vil koma opp til debatt dette arbeidet vil ta 3 til 5 månader. på nytt. Side 5

1. Føremål og gjennomføring b Kjelder og forankring I samband med utarbeiding av denne strategiske utviklingsanalysen har ein brukt ei rekkje skriftlege kjelder, mellom anna; SSB sine nettsider for uttrekk av statistikk Lærdal kommune sine nettsider Statens Vegvesen sine nettsider som viser trafikkdata Telemarksforskning: NæringsNM og Attraktivitetsbarometeret Kommuneplan: Mål og strategiar 1999-2010 I samband med utarbeidinga av den strategiske utviklingsanalysen har det blitt gjennomført 11 bedriftsintervju og eit intervju med leiaren for ungdomens formannskap, der utviklingsmoglegheitene i kommunen har vore hovudtema. I tillegg har det blitt arrangert to opne møter for innbyggjarane i kommunen der arbeidet med strategisk utviklingsanalyse vart presentert. På desse møta fekk innbyggjarane høve til å kome med konkrete innspel til utviklingsanalysen. Innspel frå intervjua og frå det opne møte er innarbeidd i rapporten. Bedrifter som har blitt intervjua: Opplysningen 1881 AS Lærdal kommune Lærdal Grønt BA Lærdal Energi AS Borgund Kraftverk AS Trevaren 2tal Elektro AS Aarethun AS Lindstrøm Hotel AS Spesialgrossisten Årheim AS Sportsbui Lærdal Side 6

1. Føremål og gjennomføring c Organisering Figuren til høgre viser korleis arbeidet med denne analysen har vore organisert. Prosjekteigar Lærdal kommune Prosjektorganiseringa har fungert godt. Styringsgruppa har hatt 5 møter i samband med utforminga av rapporten. Prosjektansvarleg Lærdal kommune ved næringssjef Arvid Randen Prosjektleiar Jan Flølo, PwC Styringsgruppe Ordførar Arne Sanden (Ap) Rådmann Alf Olsen Næringssjeef Arvid Randen Eirik M. Aarethun Henning Lem Siri Lagmannsås Lilly Kvamme Jan Olav Fretland Prosjektgruppe: Arvid Randen Lærdal kommune Jan Flølo PwC Harald Mo PwC Svein Tore Sviggum - PwC Side 7

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv a Innleiing Målet med dette kapittelet er å gje ei kortfatta analyse av befolkningsutvikling, næringsstruktur, arbeidsløyse, utdanningsnivå, pendlingsmogelegheiter, senterstruktur og kommunikasjonar. Denne analysen dannar delar av grunnlaget for dei konklusjonane som blir trekt seinare i rapporten. Lærdal er ein kommune som består av ein større tettstad, Lærdalsøyri, samt mindre bygder oppover Lærdalsdalen som Tønjum, Ljøsne, Borgund og Borlaug. Følgjande skildring er å finne på kommune sine eigne nettsider: Om lag halvparten av dei 2150 innbyggjarane våre bur i kommunesenteret Lærdalsøyri. Her var det frå gamalt av ein strandstad, og heilt frå vikingtida, og fram til i dag eit viktig knutepunkt. Det aller meste av den dyrka jorda ligg i dag på flatene oppover dalen Lærdal og Borgund. Her er og busetjinga konsentrert. Administrasjonsstad er Lærdalsøyri. Innan ein reiseradius på 45 minuttar når ein tettstadane Sogndal, Årdalstangen, Øvre Årdal, og Aurland. Til Hemsedal tek det 1 time og 10 minuttar å køyre. Side 8

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv b Befolkningsstruktur, befolkningsutvikling 2300 2250 2200 2150 2100 2050 Folketalsutvikling Lærdal kommune, 1991-2011 Folketalsutvikling, kjelde SSB Lærdal kommune hadde pr 1. januar 2011 2 224 innbyggjarar. Dette er ein auke på 46 personar i den siste 10- årsperioden (2002 til 2011). Folketalet hadde ein topp i 1996 på 2 261. Frå 1996 og fram til 2007 var folketalsutviklinga negativ kvart år. I botnåret 2007 var folketalet 2 153. Nedgangen frå 1996 til 2007 var på 5%. Nedgangen snudde i 2008 til vekst, noko som har halde fram til 1. januar 2011. Sjølv om folketalet har variert noko i perioden frå 1991 til 2011, så er hovudslutninga at folketalet har halde seg relativt stabilt gjennom perioden. Folketalet har endra seg med kun 19 innbyggjarar, eller 1% frå 1991 til 2011. 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Folkemengde 2178 2180 2169 2158 2155 2153 2169 2199 2199 2224 Fødselsoverskudd -1-4 0-5 -3 10 10-1 3 0 Innflyttinger 79 60 53 45 64 88 93 83 97 0 Utflyttinger 77 68 63 43 63 82 73 82 75 0 Nettoinnflytting 2-8 -10 2 1 6 20 1 22 0 Folketilvekst 1-12 -10-3 -2 16 30 0 25 0 Folketalsutvikling, kjelde SSB *) per 3. kvartal 2009 Tabellen til venstre viser at det frå 2002 til 2006 var negativt fødselsoverskot. Frå 2007 har trenden vore mykje meir positiv, med eit fødselsoverskot på til saman 22 personar. Fødselsoverskot kombinert med nettoinnflytting har bidrege til folketalsveksten frå 2007 og fram til i dag. I 2008 og 2010 har Lærdal hatt betydeleg nettoinnflytting frå utlandet (26 personar i 2008 og 27 personar i 2010). Side 9

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv b Befolkningsstruktur, befolkningsutvikling Det kan vere nyttig å sjå korleis folketalsutviklinga er for ulike aldersgrupper. Aldersgruppa 20 39 er spesielt interessant å sjå nærare på, då dette i stor grad er i ein produktiv alder, både når det gjeld reproduksjon og deltaking i yrkeslivet. Om ein ser på aldersgruppa 20 29, så har tal innbyggjarar dei siste 10 åra halde seg på eit stabilt nivå. Denne gruppa har difor hatt omlag same utvikling som folketalet totalt sett. Folketalet har auka med 1,6 % i aldersgruppa 20 til 29 år, medan total folkemengd i Lærdal har auka med 2,1% i same periode. Det er også verdt å merke seg at skilnaden mellom menn og kvinner har jamna seg ut i denne 10-årsperioden. Fylket sett under eitt har hatt ein nedgang i tal personar mellom 20 29 år på 10,7%. Lærdal kommune har difor hatt ein meir positiv folketalsutvikling for denne aldersgruppa enn fylket samla. Om ein ser på tal unge vaksne i alderen 30 39 år, er utviklinga noko annleis. I denne gruppa er det ein nedgang i tal personar busett i Lærdal på 22,7% frå 2002 til 2011. Medan folketalet på totalnivå har auka med 2,1%, har altså denne aldersgruppa hatt ein markant nedgang. For fylket sett under eitt, er tilsvarande tal ein nedgong på 9,4%. Også for denne aldersgruppa ser ein at fordelinga mellom menn og kvinner har jamna seg ut. 140 120 100 80 60 40 20 0 180 160 140 120 100 80 60 40 20 0 Folketalsutvikling i aldersgruppa 20-29 år, etter kjønn og tid, 2000-2010 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Folketalsutvikling i aldersgruppa 30-39 år, etter kjønn og tid, 2000-2010 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Folketalsutvikling, kjelde SSB Menn Kvinner Menn Kvinner Side 10

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv c Utdanningsnivå Utdanningsnivå Lærdal kommune 2009 Grunnskolenivå Videregåendeskole-nivå Universitets- og høgskolenivå kort Universitets- og høgskolenivå lang Uoppgitt eller ingen fullført utdanning Utdanningsnivå heile landet 2009 Grunnskolenivå Videregåendeskole-nivå Universitets- og høgskolenivå kort Universitets- og høgskolenivå lang Uoppgitt eller ingen fullført utdanning 3 % 5 % 6 % 5 % 18 % 29 % 28 % 20 % 45 % 41 % Utdanningsnivå, kjelde SSB I høve til dei fleste andre distriktskommunar har befolkninga i Lærdal eit høgt utdanningsnivå. Befolkninga har i 2009 noko lågare utdanningsnivå enn landsgjennomsnittet. 5 % av befolkninga i Lærdal har meir enn 3 års universitets- eller høgskuleutdanning, medan 18 % har tre år eller mindre. Tilsvarande tal for heile landet er høvesvis 6 % og 20 %. Side 11

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv c Utdanningsnivå 90 80 70 60 50 40 30 20 10 0 350 300 250 200 150 100 50 0 Universitets- og høgskulenivå kort 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Universitets- og høgskulenivå lang 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Det har vore ei auke i innbyggjarar med kort (mindre enn tre år) universitets- og høgskoleutdanning dei siste ti åra. Auken er på 27% eller 72 personar. Dette er akkurat same utvikling som det har vore for heile landet sett under eitt. Dette er ein positiv utvikling for Lærdal, då distriktskommunar ofte har eit lågare utdanningsnivå enn gjennomsnittet. Når ein ser på tal personar med lang høgare utdanning (meir enn 3 år) er tendensen den same som for kort høgare utdanning. Auken frå 2010 og til 2009 er på 60%, eller på 31 personar. Dette er ein betre utvikling enn for landet totalt, som har ein vekst på 47% i same periode. Utvikling i tal personar med høgare utdanning, kjelde SSB Side 12

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv d Næringsstruktur Lærdal kommune 01-05 Jordbruk, skogbruk og fiske 11 Utvinning av råolje og naturgass 10,12-37 Industri og bergverksdrift 40-41 Kraft- og vannforsyning 45 Bygge- og anleggsvirksomhet 50-55 Varehandel, hotell- og restaurantvirksomhet 60-64 Transport og kommunikasjon 65-67 Finansiell tjenesteyting 70-74 Forretningsmessig tjenesteyting, eiendomsdrift 75-99 Offentlig forvaltning og annen tjenesteyting Om ein samanliknar næringsstrukturen i Lærdal med landet sett under eitt, så er det nokre skilnader. Offentleg forvalting og tenesteyting utgjer ein større del av arbeidsplassane i Lærdal enn i landet elles. Sjukehuset i Lærdal kan vere med å forklare denne skilnaden. Forretningsmessig tenesteyting, jordbruk samt bygg- og anleggsverksemd er også viktigare næringar i Lærdal enn i resten av landet. Elles har kommunen eit nokså variert næringsliv. Heile landet 3 % 2 % 9 % 0 % 8 % 11 % 1 % 42 % 3 % 37 % 7 % 11 % 18 % 12 % 9 % 5 % 12 % 7 % 1 % Fordeling av sysselsetting innan ulike næringar per 4. kvartal 2008, kjelde SSB. 2 % Side 13

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv d Næringsstruktur Tabellen under viser utviklinga for talet på sysselsette, busett i Lærdal innan ulike sektorar i perioden 2000-2008. Offentleg sektor (9,4%) og bygge- og anleggsverksemd (30,3%) er dei sektorane med størst auke i tal tilsette. Den største nedgongen har forretningsmessig tenesteyting med 12,2%. Totalt er det ein auke i tal tilsette på 53 personar, noko som tilsvarer 4,7%. Dei øvrige næringane har mindre endringar i tal tilsette. Det er nedgang i talet sysselsette innan industri og transport, medan det er ein auke innan kraft- og vassforsyning og varehandel. 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2005 2006 2007 2008 01-05 Jordbruk, skogbruk og fiske 110 108 100 109 95 94 97 105 112 108-2 11 Utvinning av råolje og naturgass 3 1 4 2 3 5 5 6 5 4 1 10,12-37 Industri og bergverksdrift 103 103 105 111 99 99 99 99 90 96-7 40-41 Kraft- og vatnforsyning 29 31 36 33 30 35 35 33 32 36 7 45 Bygge- og anleggsverksemd 99 97 121 102 103 101 102 117 124 129 30 50-55 Varehandel, hotell- og restaurantverksemd 127 129 145 138 144 135 139 161 147 134 7 60-64 Transport og kommunikasjon 67 64 62 52 63 73 73 62 59 58-9 65-67 Finansiell tenesteyting 11 9 13 11 10 11 11 13 15 9-2 70-74 Forretningsmessig tenesteyting, eigedomsdrift 115 125 93 88 83 92 93 92 111 101-14 75-99 Offentleg forvalting og anna tenesteyting 455 444 436 467 473 451 455 456 477 497 42 Sum 1 119 1 111 1 115 1 113 1 103 1 096 1 109 1 144 1 172 1 172 53 Endring 2000-2008 Utvikling i sysselsetting innan ulike næringar, kjelde SSB. Side 14

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv d Næringsstruktur Grafen under viser plassering i NæringsNM når det gjeld lønsemd. Lønsemd er målt for bedrifter med positivt resultat før skatt. Lærdal er samanlikna med Årdal, Luster og Sogndal. Om ein ser resultata frå 2000 fram til 2009, så ser det ut for at bedriftene i Sogndal og Luster har betre inntening enn i Lærdal. Kjelde: NHO NæringsNM. Side 15

jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des jan feb 2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv e Arbeidsløyse Lærdal 3,5 3 2,5 2 1,5 1 0,5 0 25 20 15 10 5 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Menn Kvinner Totalt Lærdal vs heile landet 2009-2010 Lærdal Heile landet Ser ein perioden 2000-2010 under eitt, har det vore ein liten auke i arbeidsløysa i kommunen. Fordelinga mellom menn og kvinner har vore rimeleg stabil. Det er noko større arbeidsløyse blant menn enn kvinner. Figuren under viser arbeidsløysa i prosent for 2009 og 2010 samla sett for Lærdal og heile landet. I denne perioden har arbeidsløysa svinga mellom 0,5% og 3%. Arbeidsløysa har i heile denne perioden vore lågare enn på landsbasis. Arbeidsløyse har difor ikkje vore noko stor utfordring i Lærdal dei siste åra. Utvikling i arbeidsløyse, kjelde SSB. Side 16

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv f Lærdal som ein del av regionen Figuren viser tal sysselsette personar busett i Lærdal og tal personar med arbeidsstad i Lærdal. Dei fleste år sidan år 2000 har det vore fleire sysselsette personar busett i Lærdal enn sysselsette personar med arbeidsstad i Lærdal. Det betyr at det i desse åra har vore netto utpendling frå Lærdal. I 2008 var det nettoinnpendling. Dette viser at kommunen er integrert i ein større bu- og arbeidsmarknad og at det er pendling mellom Lærdal og nabokommunane. Figuren viser vidare at både sysselsette med bustad i Lærdal og sysselsette med arbeidsstad i Lærdal har auka frå 2000 til 2009. Figuren under viser dei største inn- og utpendlingskommunane. Ein ser at Lærdal har størst utveksling av arbeidskraft med Årdal. Det er over 100 personar som pendlar til Årdal, og dette er hovudårsaken til at Lærdal kommune har netto utpendling. Ein ser også at det er fleire som pendlar frå Sogndal til Lærdal, enn andre vegen. For dei andre kommunane er det stor grad av balanse mellom inn- og utpendling. Sysselsette i Lærdal Pendling 2009 1250 1200 1150 1100 1050 1000 950 900 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2005 2006 2007 2008 2009 120 100 80 60 40 20 0 Leikanger Sogndal Aurland Årdal Luster Sysselsette personar busett i Lærdal Innpendling Utpendling Sysselsette personar med arbeidsstad i Lærdal Utvikling i sysselsette, kjelde SSB. Pendling, kjelde SSB Side 17

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv g Senterstruktur og kommunikasjonar Lærdal er eit samfunn som består av èin større tettstad, Lærdalsøyri, samt mindre bygder oppover Lærdalsdalen som Tønjum, Ljøsne, Borgund og Borlaug. Administrasjonsstad er Lærdalsøyri. Delar av kommunen ligg langs hovudfartsåra mellom Aust- og Vestlandet. Det er difor gode vegsamband til Oslo og Bergen. Side 18

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv g Senterstruktur og kommunikasjonar Lærdal er eit viktig knutepunkt mellom aust og vest, og det er difor stor trafikk på vegsambanda som går gjennom kommunen. Grafen og tabellen viser antal køyretøy som passerer gjennom Fodnestunnelen per døgn frå 2001 og fram til i dag. Det er verdt å merke seg at trafikkmengda er aukande. Auken frå 2001 til 2010 er 25,3% Det andre ein legg merke til er at trafikken varierer gjennom året. Trafikken er betydeleg større om somaren enn om vinteren. Side 19

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv g Senterstruktur og kommunikasjonar Tilsvarande graf og tabell over trafikken på E16 ved Ljøsne viser tilsvarande utvikling som Fodnestunnelen. Her er trafikkauken frå 2001 til 2010 på 47,3%. Også her er det tydelege sesongvariasjonar, med betydeleg høgare trafikk om somaren. Trafikkvolumet er noko høgare på E16 Ljøsne enn på rv. 5 Fodnestunnelen. Årsdøgntrafikken i Fodnestunnelen var på 1884 køyretøy i 2010, medan det var 2269 på E16 ved Ljøsne. Side 20

2. Lærdal kommune i eit regionalt perspektiv h Vurdering av tendensar (1/2) Mange kommunar ute i distrikta slit med ei rekkje problemstillingar. Fråflytting og høg arbeidsløyse er utfordringar mange har. Situasjonen for Lærdal er betre enn for mange andre mindre kommunar ute i distrikta. Folketalet har gått både opp og ned frå 1991 og fram til i dag, men dei siste 4 åra har det vore ein folketalsauke. Denne har resultert i at folketalet i dag er høgare enn for 20 år sidan. Når det gjeld aldersgruppa 30 39 år har det derimot vore eit fråfall dei siste 10 åra på 22,7%. Denne gruppa får born og er i arbeidsfør alder. Det er viktig for kommunen å hindre fråflytting blant denne aldersgruppa. Kommunen har ein samansett næringsstruktur med ein god fordeling mellom dei ulike næringane. Men i nokre næringar finn ein store verksemder som står for ein stor del av arbeidsplassane i den aktuelle næringa. Dette gjeld spesielt forretningsmessig tenesteyting (Opplysningen 1881). Arbeidsløysa i kommunen er lågare enn for landet sett under eitt. Dette betyr at kommunen per i dag ikkje har noko arbeidsløyse av betyding. Dette kan endre seg om det forsvinn stillingar ved dei store, viktige arbeidsplassane. Andel uføretrygda ligg i dag på 5,6%. Dette er ikkje særleg høgt om ein samanliknar med dei andre kommunane i landet. Lærdal kjem på 125-plass når det gjeld andel uføretrygda. Frå 2001 og fram til 2008 har talet på uføretrygda i Lærdal auke med 12%, frå 108 til 121. Utdanningsnivået i kommunen er omtrent på nivå med landsgjennomsnittet. Kommunen har difor eit høgare utdanningsnivå enn mange distriktskommunar, som ofte har eit lågt utdanningsnivå. Kompetansearbeidsplassar, som ved sjukehuset, bidreg til å tiltrekke seg utdanna arbeidskraft. Lærdal har hatt ein god auke i innbyggjarar med høgare utdanning. Det er ein god balanse mellom inn- og utpendling til kommunen. Totalt sett er det nettoutpendling, dette mykje på grunn av stor utpendling til Årdal. Det er ein auke i trafikkvolumet på vegsambanda som går gjennom Lærdal. Ein auka i tal gjennomreisande i kommunen kan skape mogelegheiter innan handel og tenesteyting. Ved eit eventuelt omstillingsarbeid er det viktig å legge til rette for å auke innbyggartalet gjennom å få auka tilflytting mellom unge vaksne. For å lukkast med dette bør omstillingsarbeidet vere retta mot å skape fleire arbeidsplassar som er attraktive for denne gruppa. Årsaka til dette er at dette ofte er barnefamiliar der ein er avhengig av at minst ein av ektefellane har arbeid i kommunen. Side 21

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling a Innleiing I dette kapittelet vil vi sjå nærare på kva fortrinn Lærdal kommune har for næringsutvikling i høve til andre kommunar. Når vi skal vurdere slike komparative fortrinn tek vi utgangspunkt i viktige ressursar for næringsutvikling (produksjonsfaktortilgang). Vi deler produksjonsfaktorane inn i: Råstoff / naturressursar Arbeidskraft Næringskompetanse / teknologi Lokal kapitaltilgang Nærleik til marknad I analysen av produksjonsfaktortilgangen vil vi legge hovudvekt på å vurdere tilgangen i høve til andre kommunar og regionar, slik at vi kan vurdere om kommunen har konkurransefortrinn i høve til andre kommunar og regionar. Bygg og anlegg: Denne gruppa har sterkt fotfeste i Lærdal og utgjer mange arbeidsplassar. Gruppa inneheld ei god blanding av veletablerte bedrifter og relativt nye bedrifter. Fleire av bedriftene har mykje arbeid utanfor kommunen. Landbruk: Jordbruk er ein viktig næring i Lærdal. Strukturen er kjenneteikna av mindre driftseiningar. Morellar, poteter og andre grønsaker utgjer dei viktigaste produkta saman med husdyrhald. Reiseliv: Dette er ei næring i vekst og har utviklingspotensiale. Lærdal har kjende attraksjonar, flott natur og gode vegsamband både austover og vestover. Lærdal har lang tradisjon for å vere vertskap. Handel/tenester: Denne gruppa inneheld tradisjonelle bedrifter innan handel og tenesteyting, inkludert transport, finans, eigedom og anna. Kraftproduksjon og forsyning: Lærdal er ein kraftkommune, og mange arbeidsplassar er knytt opp mot dette. Side 22

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling b Råstoff og naturressursar Tradisjonelt har tilgangen på råstoff og naturressursar vore vurdert som god. Hovudårsaka til dette er den rike tilgangen på energi. Lærdal har stor produksjon av straum, og har difor tilgang til rimeleg konsesjonskraft. Det har likevel ikkje blitt etablert industri av noko betydning i kommunen. Konsekvensen av dette er at delar av konsesjonskrafta ikkje vert nytta per i dag. Status i 2011 er at elva enno er infisert og at ein på nytt behandlar elva i 2011. Laksefisket har spelt, og vil vonleg kunne spela ei viktig rolle for marknadsføringa av Lærdal som opplevingsreisemål. Denne verksemda har dessutan vore viktig for nettverksbygging med kapitalsterke miljø. Innan handel og tenesteytande næringar har ikkje kommunen spesielle naturressursar eller råstoff som gjev kommunen fortrinn. Det kan sjåast på som ein ressurs at Lærdal har stor trafikk på vegsambanda som går gjennom kommunen. Dette utgjer eit potensial for handel og tenesteyting. Lærdal har eit stabilt og nedbørsfattig klima. Klimaet er godt egna til jordbruk, noko som har blitt utnytta i form av grønnsaksog bærproduksjon. Kommunen har flott natur samtidig som den har kulturelle og historiske attraksjonar som Borgund stavkyrkje med eige besøkssenter, gamle Lærdalsøyri, Villakssenteret og eit nyopna kunstsenter. Lærdalselva var fram til 1996 ei av Noregs beste lakseelvar, men vart i 1996 infisert av Gyrodactylus salaris. Ein viktig næringsveg for elveeigarar og servicebedriftene i kommunen er derfor blitt mykje redusert. Side 23

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling c Arbeidskraft I førre avsnitt viste analysen at kommunen har hatt låg arbeidsløyse dei siste åra, og at talet på sysselsette har halde seg relativt stabilt trass i noko nedbemanning i enkeltbedrifter. Dette verkar såleis stabiliserande for arbeidsløysa. Det er likevel viktig at ein arbeider for å skape nye arbeidsplassar, slik at det er rom for vekst og utvikling. Dei fleste av verksemdene som vi har hatt samtalar med i samband med denne analysen meiner at rekruttering er utfordrande. Tilgangen på faglært arbeidskraft er dårleg, og ein får ikkje lett tak i folk med teknologikompetanse og anna spisskompetanse. Det kan vere lettare å tiltrekke seg høgt utdanna arbeidskraft om ein klarer å etablere større fagmiljø i dei ulike næringane. Dette fordrar samarbeid blant verksemdene. Samstundes viser analysen noko fråflytting i aldersgruppa 30 til 40 år, medan folketalet mellom 20 til 30 år har halde seg stabilt. Det vil vere positivt for kommunen om ein klarer å hindre fråflytting blant desse. Det er god flyt av arbeidskraft med nabokommunane. Totalt sett er det ein viss grad av netto utpendling. Det at kommunen er ein del av ein integrert arbeidsmarknad med nabokommunane, gjer det lettare å handtere svingingar i tal arbeidsplassar i kommunen. Side 24

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling d Næringskompetanse og teknologi Verksemdene som vi har hatt samtalar med gjev uttrykk for at dei har mange flinke medarbeidarar med høg realkompetanse. Fleire verksemder uttrykker likevel at det er vanskeleg å rekruttere nye medarbeidarar; både faglærte handverkarar og folk med høgskule- eller universitetsutdanning. Den låge arbeidsløysa kan vere utfordrande for verksemder som ynskjer å rekruttere. Vår oppsummering er at per i dag har kommunen arbeidstakarar med god næringskompetanse i dei bransjane som er eller har vore sterke i kommunen. Ein er likevel avhengig av ein ny giv i fleire av desse verksemdene om ein skal ein klare å vidareutvikle denne kompetansen og å vidareføre kompetansen til dei yngre innbyggjarane i kommunen. Analysen i førre avsnitt viser at ein lågare del av innbyggarane i kommunen har høgskule- eller universitetsutdanning enn gjennomsnittet for landet sett under eitt, men at det er ei positiv utvikling. Det er høg kompetanse knytt til primærnæringa, til dømes innan lokal matproduksjon og produksjon av frukt og grønt. Vidare har Lærdal kompetanse innan bygg og anlegg, kulturhistorie, helse, reiseliv og energiforsyning. Opplysningen 1881 har høg kompetanse innan telebasert kundehandsaming. Dette er fordelar som ein bør søkje å utnytte i utviklingsarbeidet framover. Side 25

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling e Lokal kapitaltilgang Det er fleire kjelder til kapital for næringslivet. Ei naturleg inndeling kan vere: Bedriftene går med overskot Bedriftene får tilført eigenkapital gjennom innskot frå investorar Bedriftene får tilført midlar gjennom kommunen / næringsfondet Bedriftene får tilført framandkapital frå finansinstitusjonar Fleire verksemder går med overskot og har god soliditet. Vi kan likevel ikkje seie at næringslivet i kommunen er meir lønsamt enn i andre kommunar / regionar. Med omsyn til denne kjelda vil vi difor vurdere kapitaltilgangen som nøytral. Når det gjeld framandkapital frå finansinstitusjonar, kan det vere utfordrande for nyetableringar å få rimeleg finansiering. Dette på grunn av at bankane lyt risikoklassifisere engasjementa sine, og har dyrare finansiering på risikokapital. Dette betyr at rentekostnaden på slike lån vert betydeleg høgare enn ved til dømes bustadlån. Når finansieringsinstitusjonar skal vurdere utlån gjennomfører dei vanlegvis ei vurdering av m.a. panteverdi. For å betre på dette er det viktig å få større grad av innflytting og optimisme i lokalsamfunnet. Dersom ein lukkast med dette vil eigedomsprisane kunne stige og bankane vil kunne vurdere pantet til høgare verdi. Slik sett vil eit vellukka næringsutvikling føre til enklare kapitaltilgang. Kommunen bidreg med kapital til næringslivet gjennom eit næringsfond. Lærdal er ein høvesvis rik kommune, og det er ein fordel for næringslivet at det finst kommunale støtteordningar når ein har behov for tilførsel av kapital. Det er viktig at prosessane rundt tildeling av støtte er gode. Fleire av bedriftene vi har intervjua er kritiske til at tildelingane skjer i kommunestyret. Fleire ynskjer at dette arbeidet vert delegert vidare til ei gruppe som har høg kompetanse. Side 26

3. Komparative fortrinn for næringsutvikling f Nærleik til marknad Delar av kommunen ligg sentralt plassert i høve til vegnettet. I tillegg ligg kommunen sentralt plassert mellom Bergen og Oslo. Lærdal ligg også nær det lokale vekstsenteret Sogndal. Ein lyt rett nok krysse fjorden, men det er høg frekvens på ferjeavgangane. Kommunen har også rimeleg kort avstand til Hemsedal, der det har vore veldig stor aktivitet dei seinare åra. Dette har vorte utnytta av delar av næringslivet i Lærdal. For handelsnæringa er vegsambanda gjennom kommunen ein fordel, då dei har omsetning knytt til den store trafikken gjennom kommunen. Dette er ein viktig konkurransefordel som truleg kan utnyttast sterkare. Til dømes, om ein legg til grunn 2 personar i kvart passerande køyrety, er det om lag 1,5 millionar menneske som passerer Håbakken på årsbasis. Lærdal opplever likevel handelslekkasje på grunn av at det finst eit avgrensa tilbod av butikkar i kommunen. Reiselivsnæringa har også drege nytte av dei gode vegsambanda til kommunen. Gode vegsamband saman med turistattraksjonar har gjort reiseliv til ei viktig næring med utviklingspotensial. Side 27

0 1 2 3 4 5 3. Komparative fortrinn for næringsutvikling g Vurdering Figuren under viser vurderinga av kommunen sine komparative fortrinn for næringsutvikling: Basert på denne vurderinga har kommunen følgjande komparative fortrinn som ein bør satse på i eit eventuelt omstillingsarbeid: Ulempe Nøytral Fordel Kommunen har eit fortrinn gjennom tilgang vasskraft og rimeleg konsesjonskraft. All konsesjonskraft vert ikkje utnytta, så her ligg eit potensial for kraftkrevjande verksemder. Innan primærnæring har kommunen høg næringskompetanse som bør utviklast vidare i eit eventuelt utviklingsarbeid. Kapitaltilgang vert vurdert som nøytralt til ulempe. Kommunen har mange mindre næringsaktørar, med avgrensa kapitaltilgong. Næringsfondet er ein styrke om det vert nytta på rett måte. Bygg og anlegg Landbruk Reiseliv Handel og tenesteyting Kommunen har gode kommunikasjonsårer til både Oslo og Bergen. I tillegg har byggenæringa ein stor marknad i Hemsedal. Samanlikna med nabokommunane har difor Lærdal eit fortrinn. Side 28

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter Innleiing I denne delen vil ein sjå nærare på lokale næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter. Næringane i dette kapittelet er grupperte på same måten som i førre kapittel: a Bygg og anlegg Denne gruppa har sterkt fotfeste i Lærdal og utgjer mange arbeidsplassar. Fleire av verksemdene har lange tradisjonar. I kapittelet er det òg med ei vurdering av næringssamarbeid og næringsklynger. Kapittelet vert avslutta med ei oversikt over næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Kapittelet baserer seg på tilbakemeldingar frå næringslivet i kommunen når det gjeld utviklingsmoglegheiter og framtidsplanar og ynskje. b Landbruk Landbruket er også ein viktig næring i Lærdal. Innanfor denne gruppa finn ein Lærdal Grønt, som er ein samlande eining for jordbruket i Lærdal. c Reiseliv I denne gruppa er tradisjonelle reiselivsbedrifter og nyare bedrifter innanfor opplevingsnæring og matkultur med. d Handel/tenester I denne gruppa inngår tradisjonelle bedrifter innan handel og tenesteyting, inkludert transport, finans, eigedom og anna. e Kraftproduksjon og forsyning Her er store arbeidsplassar innan både produksjon og distribusjon av kraft. Side 29

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter a Bygg og anlegg (1/2) Dei største bedriftene innan bygg og anlegg i kommunen er AS Trevaren, Oskar Brugrand AS, Fretland Bygg AS og 2tal Elektro AS. Dei tre fyrste arbeider med oppføring av bygg og grunnarbeid medan 2tal Elektro AS er elektroinstallatør. I tillegg til desse bedriftene finst det fleire mindre verksemder innan bygg og anlegg som er viktige arbeidsplassar i Lærdal. Byggebransjen er difor samansett av mange mindre verksemder. Ein er difor ikkje avhenging av ein stor aktør, noko som hadde gjort bransjen meir sårbar. AS Trevaren er eit tradisjonsrikt selskap som vart etablert i 1922. Selskapet har ein todelt forretning, med både sal av trevare i Lærdal og som totalentreprenør ved oppføring av nybygg. Store delar av omsetjinga kjem frå avdelinga i Hemsedal. Dette viser at det finst potensiale utanfor kommunen for bedrifter i Lærdal som har ambisjonar om vekst. 2tal Elektro AS vart etablert i 1981 og har utvikla seg til å bli eit stort selskap innan elektroinstallasjon. Selskapet driv med god lønsemd, og har på same måte som AS Trevaren hatt delar av aktiviteten utanfor kommunegrensene. Verksemda tel i dag 18 tilsette. Leiinga har ingen konkrete planar om vekst, men ynskjer å halde same høge aktiviteten som dei har. Oskar Brugrand AS har etablert seg innan grunnarbeid og har hatt jamn vekst sidan oppstarten i 1995. Selskapet tel i dag 14 tilsette og driv med god lønsemd og har høg aktivitet. Deler av aktiviteten er knytt opp mot damanlegg eigd av Østfold Energi. Fretland Bygg AS vart etablert i 1952 og tel i dag ca 20 tilsette. Selskapet har aktivitet knytt til både entreprenørverksemd og sal av byggevarer. Grønsberg & Sønner AS vart etablert i 1955 og er eit røyrleggjarfirma som har avdelingar både i Lærdal og Aurland. Selskapet har 12-14 tilsette i desse avdelingane. Selskapet tek på seg oppdrag i alle typar bygg. Side 30

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter a Bygg og anlegg (2/2) Mange av verksemdene i byggenæringane har lange tradisjonar og har opparbeida seg stor kompetanse innan sine fagfelt. Samtidig har det kome nye verksemder til, som har vist evne til vekst og utvikling. Gjennom intervjua har det kome fram at ein bør satse på å vidareutvikle dei verksemdene som allereie finst i Lærdal. Med rett fokus og utviklingstakt kan fleire av bedriftene utvide tal på arbeidsplassar. Det vert også peika på at ein bør etablere større einingar innan installasjon, vatn og ventilasjon. Dette vil gjere det lettare å bygge opp eit ingeniørmiljø, samtidig som ein er betre rusta til å ta på seg større oppdrag. Det kan også vere gunstig for Lærdal å få etablert verksemd i kommunen som kan gjere seg nytte av den ubrukte konsesjonskrafta. Totalt sett så finst det store mogelegheiter for å vidareutvikle og vere nyskapande innan industrisegmentet i Lærdal. Dei verksemdene som allereie eksisterer i kommunen innan bygg og anlegg er eit prov på at ein kan få til gode resultat om ein har den rette forretningsidéen og dei rette folka til å gjennomføra han. Side 31

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter b Landbruk Landbruket er ei viktig næring i Lærdal. Kommunen er kjend som morell- og potetprodusent. Det er også større produksjon av andre grønsaker. Lærdalsmarknaden er eit godt utstillingsvindauge som synleggjer denne næringa på ein god måte. I arbeidet med denne analysen er leiar i Lærdal Grønt AS, Rikard Lysne, intervjua. Selskapet er ein samanslutning av produsentar i Lærdal. Selskapet har hatt stor vekst og går med overskot. Aktiviteten består av pakking og sortering av morellar, poteter og andre grønsaker. Ein har hatt basis i poteter og grønt, og seinare lagt til morellar. I tillegg driftar dei ein FK-butikk på Lærdalsøyri. Lærdal har eit gunstig klima for jordbruk, og har difor større moglegheitar for å lukkast på dette området enn mange andre kommunar. Det nedbørsfattige klimaet gir ein mogelegheit til å kontrollere vatning på ein mykje betre måte enn om ein eit fuktig klima. Forholda ligg difor rette for å produsere ei lang rekke ulike typar frukt og grønt. Selskapet ventar framleis vekst ettersom nye produkt kjem til, t.d bringebær. Det er ein stor marknad internasjonalt om ein lukkast vidare med å auka volumet på produksjonen. Landbruket i Lærdal framstår som nyskapande og framtidsretta, då mykje av produksjonen er er varer som har god etterspurnad i marknaden og oppnår gode prisar. Det har dei siste åra blitt ein auka fokus på kortreist mat og råvarer med høg kvalitet. Det er difor potensiale for vekst og lønsemd innan jordbruk i Lærdal. Side 32

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter c Reiseliv Trafikkutviklinga på hotell og anna overnatting syner ein nedgang på 18 000 (19%) gjestedøgn sidan toppåret i 2008, og ein nedgang på 8 000 gjestedøgn sidan 2005. Reiselivsnæringa i Lærdal er ein viktig næring, men har potensiale til å bli enno større. Lærdal har eit mangfaldig tilbod til turistar. På same måte som nabokommunane i Sogn, har Lærdal fjell og fjord. I tillegg har Lærdal både historiske og kulturelle attraksjonar som kan bidra til å skapa næring og vekst. Det nyopna Sogn Kunstsenter er siste skotet på stammen. Dette er etablert i tilknyting til Villakssenteret, og desse utstillingane representerer eit godt tilbod til tilreisande. I Lærdal ligg også Borgund stavkyrkje, som er ei av dei flottaste stavkyrkjene i Noreg. Her har ein utvikla tilbodet ved å etablere eit besøkssenter i tilknyting til kyrkja. På gamle Lærdalsøyri finn ein godt bevarte trehus frå 1700- og 1800-talet. Desse vitnar om at Lærdal har vore ein sentral handelsstad, mykje på grunn av sentral plassering mellom aust og vest. Lærdal har, som ein ser, eit rikt og variert tilbod av opplevingar og attraksjonar for tilreisande. Om dei ulike tilboda klarer å etablere ein felles marknadsføringsprofil, vil ein oppnå større slagkraft i konkurranse med andre destinasjonar. Det er også viktig med samarbeid med nabokommunane, då det er få tilreisande som kun reiser til Lærdal, men besøker indre Sogn. Lærdal Ferie- og Fritidspark er den største verksemda innan turisme i Lærdal. Campingplassen har utvikla seg til å bli ein av dei overnattingsstadane ved Sognefjorden med flest gjestedøgn. Eigaren ynskjer å utvikle dette anlegget vidare ved å starte opp ein helsepark med basseng, fysioterapi, velvere- og treningsfasilitetar. Dette kan vere med å realisere eit heilårsanlegg. Om ein lukkast med å etablere Lærdal som ein turistdestinasjon på heilårsbasis, vil næringa kunne bli viktigare enn den er i dag. Side 33

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter d Handel og tenesteytande næringar Handel Tenesteyting Spesialgrossisten Årheim AS er ein salsgrossist som leverer varer til Sogn, Sunnfjord, Hemsedal, Geilo og Nummedal. Selskapet har 5 tilsette fordelt på transport og administrasjon. Dei ynskjer vekst, men deler av marknaden på austlandet forsvann etter ein større omstilling. Fokuset no er å få inn fleire varelinjer på den geografien som er att. Innan detaljhandel finn ein fleire mindre verksemder. Det finst sportsbutikk, (Sportsbui), byggforretning (Fretland Bygg) FKbutikk og gåve-/klesbutikk (Ebo). Tilbodet er slik ein kan forventa i ein mindre tettstad som Lærdalsøyri. Selskapet merkar at Lærdal er ein liten marknad, og det er utfordrande å halde omsetjinga på eit høgt nok nivå til å gå med overskot. Butikkane opplever handelslekkasje til andre kommunar. Kanskje kan det vere mogeleg å tilpasse opningstidene betre til turisttrafikken om somaren. Butikkane har same opningstider om somaren som om vinteren. Med utvida opningstider om somaren, kunne ein fått heva omsetjinga, samtidig som turistane hadde fått eit rikare tilbod. Opplysningen 1881 har i mange år vore ein stor og viktig arbeidsplass i Lærdal. Opplysningstenester er ein bransje som er over toppen, og i Opplysningen 1881 er tal arbeidsplassar redusert frå 90 til 32. Ein lyt gå utifrå at dette er ein trend som vil halde fram, då opplysningstenester på telefon i stor grad vert utfordra av tenester på internett. Opplysningen 1881 held til i eit moderne bygg med god infrastruktur, så lokala vil vere godt egna til framtidsretta aktivivtet og kompetansearbeidsplassar, om Opplysningen 1881 vert fasa ut. Økonomiservice AS er er eit rekneskapskontor med hovudkontor i Lærdal og avdelingar i Sogndal og Årdal. Med 25 tilsette og 8 autoriserte rekneskapsførar utgjer selskapet ein viktig kompetansearbeidsplass i Lærdal. Lærdal Sjukehus er ikkje ein del av tenesteytande næring, men er er ein stor og viktig arbeidsplass med mange kompetansearbeidsplassar. Per i dag sysselset sjukehuset 230 tilsette fordelt på 170 årsverk. Det kan vere potensiale for å skape levedyktige bedrifter basert på kompetansen til dei tilsette ved sjukehuset. Side 34

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter e Kraftproduksjon Lærdal Energi AS er ein stor distributør av straum i Lærdal. Selskapet har omfattande samarbeid med Aurland Energi og utgjer ca 15 arbeidsplassar. Dette er montørar, ingeniørar og administrativt tilsette. Selskapet leverer straum til ca 1800 nettkundar i Lærdal kommune. I tillegg har ein om lag 3.000 straumkundar utanfor Lærdal kommune. Den seinare tida har selskapet involvert seg i utbygging av småkraftverk. Lærdal har betydelege uutnytta kraftressursar som kan utnyttast ved småkraftverk. Lærdal Energi ynskjer å vere med å utvikle dette, og bli ein større aktør innan kraftproduksjon. Det er gjennomført ein kartlegging av moglegheiter for utbygging av småkraftverk i Lærdal. Og det er identifisert eit potensiale for å bygge ut over 400 GWh. Det andre større selskapet innan vatnkraft i Lærdal er Borgund Kraftverk. Dei er produsent av straum frå vasskraft, og tilset 21 personar i Lærdal. Dei har stipendordning saman med Lærdal Energi for å sikra tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Selskapet har gjort store investeringar og har ein planlagt ressursbruk på 300 MNOK frå 2011 til 2020. Dette vil gi store mogelegheiter for auka aktivitet for bygg- og anleggssektoren i kommunen. Det er allereie nemnt at Oskar Brugrand AS har hatt stor aktivitet knytt til damutbygging. Borgund Kraftverk opplyser at dei lyt kjøpa tenester frå nabokommunar innan reinhald og mekaniske tenester fordi ein manglar tilbydarar i Lærdal. Dette viser at det finst bransjar med utviklingspotensiale i Lærdal. Det syner også at ein kraftproduksjon/-distribusjon har ringverknader til resten av næringslivet og skaper fleire arbeidsplassar og meir aktivitet enn akkurat dei som er tilsette i kraftselskapa. Side 35

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter f Næringssamarbeid og næringsklynger Jordbruket har vore offensive når det gjeld vidareutvikling og omstilling. Bøndene har etablert sitt eige samvirke, Lærdal Grønt BA, og har gjennom dette hatt stor suksess med blant anna satsing på morellar. Landbruket i Lærdal har vore gjennom fleire opp- og nedturar med satsingar som har slege feil. Strategien no er å vidareutvikle det tradisjonelle produksjonen av landbruksprodukt (t.d. poteter) og kombinere dette med nye satsingsområde. På denne måten får ein fleire bein og stå på. Satsinga til Lærdal Grønt viser at ein kan lukkast på nye område om ein går saman og viser evne til nyskaping. Kommunen har ikkje noko formalisert næringssamarbeid via ei foreining eller eit næringsselskap. Det kjem fram i intervjua at mange saknar ein profesjonell og velfungerande møteplass for erfaringsutveksling mellom folk i næringslivet enten det skulle dreie seg om fagleg erfaringsutveksling eller meir generelle tema som bedriftsleiing eller sal og marknadsføring. Gjennom intervjua er det kome fram at det ikkje er noko særleg samarbeid på tvers mellom bedriftene i kommunen. Det er noko uformalisert samarbeid mellom nokre av reiselivsbedriftene, men elles er det lite. Totalt sett er inntrykket at Lærdal saknar ein profesjonell møteplass, og ein primus motor til å drive ein slik på ein inspirerande, engasjerande og utviklande måte. Det ligg derfor eit stort potensial for Lærdal i å starte opp noko slikt, for på sikt å bidra til ei positiv utvikling av næringslivet generelt. Side 36

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter g Tidlegare næringsplan Lærdal kommune sin plan for næringsutviklingsarbeidet dei siste ti åra kjem fram av kommuneplanen frå 1999 til 2010. Denne strategiplanen har hatt følgjande ambisjon for næringsutviklingsarbeidet: 1. Fremja næringsutvikling som byggjer på det naturgjevne ressursgrunnlaget. 2. Satse på å utvikle det eksisterande næringslivet og utvikle nye arbeidsplassar på heilårsbasis. 3. Satse på miljøvenleg næringsutvikling, høg kompetanse, samarbeid innafor kommunen og ut over kommunegrensene. Reiseliv/kultur: Sikre vekst i reiselivet ved å auke tal gjestedøgn, og ved at natur- og kulturtilbodet vert godt tilrettelagt. Landbruk: Oppretthalde sysselsetjing gjennom eit miljøvenleg og tilpasningsdyktig jordbruk. Stamveg: Utvikle Lærdal til eit trafikknutepunkt mellom aust og vest. Handel- handverksindustri: Leggje til rette for å oppretthalde, helst auke sysselsetjing og tilbod. For å nå desse måla har ein definert delmål for dei ulike næringane og strategiar for korleis ein skal nå delmåla. Tenesteyting og kompetanse: Leggje til rette for vekst i kommunen, og i samarbeid med nabokommunar. Delmåla Offentlege verksemder: Leggje til rette for å oppretthalde, og auke tal arbeidsplassar. Nyetablering: Leggje til rette for vekst, omstilling og nyetablering. Denne næringsplanen har vore lite konkret når det gjeld dei målsetjingane som er fastsett. Planen vert difor lite eigna å styre etter og det er vanskeleg å måle om ein har nådd målsetjingane. Side 37

4. Næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter h Vurdering Vurderinga er at det er fleire næringsmiljø med utviklingsmoglegheiter i Lærdal kommune: Reiselivsnæringa kan utviklast vidare ved å satse på det som ei heilårsnæring. Det er høg aktivitet om sommaren, men mindre som skjer om vinteren. Dette gjer det vanskeleg å etablere heilårsarbeidsplassar. Vintersesongen kan utnyttast ved å leggje til rette for hytteutbygging på Filefjell. Dette vil generere høgare byggeaktivitet, samtidig som det dannar grunnlag for meir aktivitet. Ein kan til dømes tilby vaktmeistertenester og brøyting. Ein helsepark i tilknyting til Lærdal Ferie- og Fritidspark vil også kunne fungere som eit heilårstilbod, og kan gi kompetansearbeidsplassar innan helse. Ei slik satsing kan vere gunstig i Lærdal, då ein allereie har eit stort kompetansemiljø innan helse på sjukehuset. Ein slik helsepark kan difor dra vekslar på dette. Kraftforsyning og produksjon utgjer ein viktig næring og har potensiale til å utviklast. Kanskje kan ein eksportere noko av den kunnskapen som finst til andre kommunar. Kanskje kan ein etablere ein driftssentral som kan levere tenester til kraftverk over heile landet. Kommunen har vidare ei rekke mindre verksemder innan bygg og anlegg med potensial. Også desse vert viktig å følgje opp vidare. Ein kan etablere fora der ein kan samarbeide og utveksle erfaringar. Dette kan bidra til at ein kan ta på seg større oppdrag enn om ein står åleine. Kommunen har kontorareal på Lærdalsøyri. Dette gjer det muleg å etablere nye arbeidsplassar. Det kunne vore gunstig å etablere ein næringspark, der ulike fagmiljø kunne dele kontorfasilitetar. Når det gjeld næringsmiljø har bøndene gjennom Lærdal Grønt vist at om ein samarbeider og er nyskapande, så kan ein lukkast på nye område. Dette kan vere til inspirasjon for andre næringar. Kommunen har vidare ei rekke med verksemder innan for handel, handverk, transport og tenesteyting. I desse verksemdene er det også mange initiativ som ein bør søkje å støtte opp. Utviklinga av næringsmiljøet i Lærdal er og avhengig av eit meir utstrakt samarbeid mellom bedrifter, mellom bedriftene og kommunen, og mellom bedriftene og dei ulike støtteapparata som allereie finst tilgjengelege. Side 38