Innkalling Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: 15.06.2017 Tid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå snarast råd til tlf. 57858500 eller til post@selje.kommune.no, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Sakliste Sak nr. Sakstittel 005/17 Godkjenning av møteprotokoll 006/17 Referatsaker 007/17 Delegasjonssaker 008/17 Lønspolitisk plan - rullering 2017 Eventuelt Selje, 08.06.17 Møteleiar: Jan Vidar Smenes
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3229 Saksbehandlar: Karin Sandvik Stave 005/17 Administrasjonsutvalet 15.06.2017 Godkjenning av møteprotokoll Tilråding frå administrasjonen: Møteprotokollen frå møte 16.03.17 vert godkjent slik den ligg føre. Vedlegg i saka: 21.03.2017 Protokoll - Administrasjonsutvalet - 16.03.2017 1331370
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3621 Saksbehandlar: Karin Sandvik Stave 006/17 Administrasjonsutvalet 15.06.2017 Referatsaker Tilråding frå administrasjonen: Referatsaker vert teke til etterretning slik dei ligg føre. 1. Orientering ved rådmann
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3622 Saksbehandlar: Karin Sandvik Stave 007/17 Administrasjonsutvalet 15.06.2017 Delegasjonssaker Tilråding frå administrasjonen: Delegerte saker vert teke til etterretning slik dei ligg føre. 001/17. Tilsetjing av føreskulelærar i 100% fast stilling 002/17. Tilsetjing av reinhaldarar i eigedomsavdelinga 003/17. Tilsetjing av førskulelærar/barnehagelærar f.t. i Flatraket Barnehage 004/17. Tilsetjing av vedlikehaldsarbeider eigedomsavdelinga 40% fast stilling 005/17. Tilsetjing av sjukepleiar - 80% fast stilling f.t. ved Seljetunet 006/17. Tilsetjing av sjukepleiar - 20% fast stilling knytt til helg 007/17. Tilsetjing av assistent 40% vikariat ved f.t. Seljetunet 008/17. Tilsetjing av hjelpepleiar/helsefagarbeider - 60% fast stilling 009/17. Tilsetjing av lærar - 100% fast stilling f.t. ved Stadlandet skule 010/17. Tilsetjing av helsefagarbeidar/hjelpepleiar - 50% vikariat 011/17. Tilsetjing av hjelpepleiar/helsefagarbeidar - 50% fast stilling 012/17. Tilsetjing av reinhaldarar i eigedomsavdelinga 013/17. Tilsetjing av pedagogisk leiar Leikvang Barnehage 014/17. Tilsetjing Flatraket skule - vikariat 015/17. Tilsetjing av helsefagarbeider/hjelpepleiar - 80% vikariat ved Seljetunet
016/17. Tilsetjing av hjelpepleiar/helsefagarbeider -70% vikariat f.t. ved Seljetunet 017/17. Tilsetjing av personale i Leikvang Barnehage - mellombelse stillingar 018/17. Tilsetjing av økonomirådgjevar - 100% fast stilling 019/17. Tilsetjing av sekretær 020/17. Tilsetjing av helsefagarbeidar/hjelpepleiar - 60% vikariat f.t. ved Seljetunet 021/17. Tilsetjing av føreskulelærar i 100% fast stilling 022/17. Tilsetjing av pedagogisk leiar - vikariat Leikvang Barnehage 023/17. Tilsetjing av hjelpepleiar/helsefagarbeidar - 50% fast stilling 024/17. Tilsetjing av miljøarbeidar i Flyktningtenesta 50% fast stilling 025/17. Tilsetjing av lærarar ved Selje skule 026/17. Tilsetjing av fagarbeider - 50% fast stilling f.t. Flatraket Barnehage 027/17. Tilsetjing av sekretær ved Servicekontoret
Arkiv: FE - 500 JournalpostID: 17/3583 Saksbehandlar: Ørnulf Lillestøl 008/17 Administrasjonsutvalet 15.06.2017 Lønspolitisk plan - rullering 2017 Bakgrunn for saka: Lønspolitisk plan er del av Hovudtariffavtalen sine bestemmelser. Det er omtala i HTA kap 3.2. I Selje er det vedteken ein plan for perioden 2015-2017 og vi er samd med organisasjonane at denne vert rullert årleg. I 2016 vart denne rullert og det vart då gjennomført nokre endringar knytta til kompetanse og tilskot til kompetanseutvikling. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Lønspolitisk handlingsplan 2015 2017 vert vidareført med endring i pkt 4.2 der setninga 2 «Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolitisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats» Vert tatt ut. Vedlegg i saka: 18.10.2016 Revidert lønspolitisk plan KS 15.09.16 1326584 Saksopplysningar: Lønspolitisk plan er no drøfta i to møter med organisasjonane. Det er semje om å ta ut ei setning i pkt 4.2 «Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolitisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats» Framlegget om å ta ut denne setninga kjem frå organisasjonane som meiner at formuleringa «spissar» desse vurderingane slik at det kan provosere. Arbeidsgjevar (her med rådmannen) har akseptert dette og meiner at sjølve setninga er ei presisering av heilskapen i planen. Vi finn dette prinsippet att i kriteria og spesielt kriterie 5. Det er ikkje noko poeng å ha dette med spesifikt.
I drøftingane har også Utdanningsforbundet ynskt at vi vurderer å ta inn funksjonstillegg i planen. Arbeidsgjevar har vore og er kritisk til dette. Dette punktet har Utdanningsforbundet no valgt å ikkje fremje konkret som framlegg til endringar fordi dei andre organisasjonane ynskjer å nytte meir tid til å vurdere prinsippa. Det er også hevda at dette no framover må samkjøyrast med Eid sine retningslinjer og i alle høve der vi legg opp til endringar av litt større prinsippiell betydning.