Velkomen til Presteforeininga si 49.de generalforsamling i Bergen.



Like dokumenter
Organisering av kyrkja.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Psykologisk førstehjelp i skulen

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Velkomen til soknerådskurs

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Høyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd

Psykologisk førstehjelp i skulen

Lønnsundersøkinga for 2014

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Frå tre små til ein stor.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Til deg som bur i fosterheim år

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Strategidokument

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ny strategiplan for Høgskulen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ot.prp. nr. 49 ( )

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe


Mål for arbeidet denne kvelden

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

6. trinn. Veke 24 Navn:

. Ø-.._! `..._..,...,...

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Velkomen til dykk alle!

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Veivalg for fremtidig kirkeordning

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Veivalg for fremtidig kirkeordning

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Valdres vidaregåande skule

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Vegval for framtidig kyrkjeordning

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Aurland kommune Rådmannen

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Velkomen til Mork barnehage

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Transkript:

Vi må ha større ambisjonar no! Kjære Gjester og kollegaer! Velkomen til Presteforeininga si 49.de generalforsamling i Bergen. Prestar har vore samla her før. Det første bispemøtet etter reformasjonen vart avvikla i Bergen i 1604. Tema dei drøfta den gongen var organisering av kyrkja. Ein freista å skaffe større rom for sjølvstende for kyrkja i forhold til den dominans som den danske Kongen hadde. Resultatet av møtet var radikalt, men då kongen sine teologar hadde knadd på framlegget, rann innhaldet ut i sanden og blei ingenting av. Vi må ha større ambisjonar no. I desember 2010 presenterte Direktoratet for forvalting og IKT ei stor innbyggjarundersøking. Den viste at menneske som kjem til kyrkje melder om høg profesjonalitet og svært god kvalitet på dei tenestene vi utfører. Ingen andre offentlege etatar skårar så høgt på denne undersøkinga som kyrkja og prestetenesta. Dei tragiske hendingane 22. juli i fjor pregar enno samfunnet vårt og mange prestar arbeider framleis mykje med å følgje opp dei som vart råka. Einskildmenneske og offentlege etatar har gjeve gode tilbakemeldingar på den store, viktige og fagleg gode arbeidsinnsatsen som prestar viste. Vi prestar som er samla her til generalforsamling skal vite at vi gjer ein utruleg viktig og god jobb i kyrkja og for samfunnet. 1

Då Stortinget denne våren drøfta framlegget frå FrP om å oppheve prestar si buplikt sa mellom anna statsråd Aasrud dette om oss: Så jeg mener at det er naturlig å avvente behandlingen på Presteforeningens generalforsamling før vi tar stilling til hvordan vi skal gå videre med denne saken. Vedtaka på generalforsamlinga vert følgd med interesse i kyrkjelege og politiske miljø i landet vårt. Faglighet og fellesskap har vore overskrifta denne treårsperioden. Vi har saman arbeidd for at Presteforeininga skal vere ei god og profesjonell fagforeining. Dyktige tillitsvalde og profesjonell fagkompetanse har gjort oss i stand til å møte utfordringane. Meldinga om verksemda for denne treårsperioden viser at vi har arbeidd systematisk og målretta. Vi har oppnådd gode resultat både i einskildsaker og i økonomisk utteljing for ulike medlemsgrupper. Vi har også fått gjennomslag for forbetringar i avtaleverket omkring tenesta vår. Resultata har kome fordi de tillitsvalde er viljuge til å bruke av dykkar tid og krefter for å gje prestetenesta gode rammer. Så må vi også erkjenne at ikkje alle måla er nådd. Særleg gjeld det lønsnivået og lønssystemet for kyrkjelydsprestar. Løna skal spegle ei lang utdanning og kompensere for ulageleg arbeidstid, ansvarsfulle oppgåver og periodevis store påkjenningar. Det er nesten ingen lønsskilnad på nyutdanna og dei med 25 års teneste. Dei siste undersøkingane frå SSB viser at ein får ei lågare livsløn som prest enn om ein går ut i arbeidslivet med berre vidaregåande skule. Slik kan det ikkje vere. 2

Bispedøma ser same problemet, men maktar ikkje møte utfordringane fordi økonomien ikkje gjev rom for det. Dette saman med nyare oversyn over varsla innsparingstiltak viser at grunnløyvingane til prestetenesta er mykje for låg. Grunnlaget for ei god og landsdekkande folkekyrkje er ei god og landsdekkande presteteneste. I 2011 fekk vi til ein auke i Stavanger og Borg bispedøme, men det er framleis mykje att. Heile kyrkja må arbeide gjennom politiske kanalar for å styrkje økonomien i bispedøma. Prestetenesta handlar også om kvalitet. Den kan ikkje konkurranseutsettast eller effektiviserast. Vi kan sikkert gjere ting enklare og bruke tilgjengelege verktøy for å redusere både byråkrati og skjemavelde. Men arbeidet med levande menneske og det levande ordet er og blir eit arbeid som tek tid og skal ha tid også i eit moderne samfunn. Presteforeininga er fagforeining for prestar i dei fleste tariffområde. Studentprestar, Helseprestar, Fengselsprestar, Forsvarsprestar, Sjømannsprestar, Døveprestar, og prestar i mange andre ulike samanhengar har gjort mykje for å vidareutvike organisasjonen. Det er etablert nye faglag både i Spekterområdet og i KA området. Nye studentlag har kome til. Fagutval for prostar er aktive. Organisasjonsmedvitet er sterkare og engasjementet har auka. Organisatorisk har vi også arbeidd med spørsmål som streik, arbeidstid, lønspolitikk, rekruttering og rammevilkåra generelt. Presteforeininga var synleg i samband med 50-årsjubileet for Ingrid Bjerkaas. Vi har gjennomført særleg tillitsvaldopplæring for kvinner og representantskapet fremjar no forslag om å sikre ein betre representasjon av begge kjønn i alle utval og særleg i sentralstyret. 3

Vi har også engasjert oss for å få på plass eit godt innføringsprogram for gudstenestereforma og vore aktive pådrivarar for å få ekstra tiltak for rekruttering av fleire prestar. Dette har gjeve resultat. Færre stillingar står tomme, implementering av gudstenestereforma er i god gjenge. Vi har arbeidd mykje med kyrkjeordning. Heftet vårt Ledelse i Folkekirken er ført i pennen av vår nye rektor Inge Westly. Heftet byggjer på eit omfattande utvalsarbeid med den beste teologiske kompetansen og erfaringskompetansen. Resultatet er at vi no er aktive, etterspurde og respekterte deltakarar i arbeidet for å finne gode måtar å organisere kyrkja. PF har fokusert særleg på forholdet mellom sokn og bispedøme og mellom prestar og biskopar. Biskop og prest må stå i ein tett relasjon til kvarandre. Presten er i kyrkjelyden men også overfor kyrkjelyden som utsendingar frå kyrkja til den einskilde kyrkjelyd. Presten har ei særskild teneste med ord og sakrament og eit særleg ansvar som strategisk leiar for kyrkjelyden. Her er grunnlaget som definerer kva prestetenesta djupast sett er. Vi må arbeide for å sikre ei sjølvstendig, innhaldsmessig solid og tydeleg presteteneste med leiaransvar i den lokale kyrkjelyden. Samarbeidet med UNIO med 300 000 medlemmer har også vore viktig. Her opplever vi stor forståing for våre synspunkt og respekt for vår foreining. Heilt konkret har vi fått gjennomslag for at UNIO også set religionspolitikk på dagsorden. Kunnskap og kompetanse vert løfta fram som grunnleggjande viktige føresetnader for å kunne vidareutvikle velferdssamfunnet. Motto for denne generalforsamlinga er Prest i ei ny tid. Det er ingen tvil om at vi som prestar står midt i ei endringstid i kyrkja vår og for samfunnet vårt. I samtalar med mine nordiske og europeiske kollegaer 4

opplever vi alle at vi lever i ei ny tid. Dei monokulturelle samfunna vi voks opp i er forandra til eit fleirreligiøst og multikulturelt Europa. Generalsekretær Olav Fykse Tveit har gjeve oss eit framifrå globalt perspektiv på tenesta vår. 21. mai blir Noregs Grunnlov endra. På fredag la Regjeringa fram lovproposisjonen til Stortinget om kva konkrete konsekvensar som i første omgang følgjer av desse endringane. Proposisjonen understrekar ei skrittvis endring og kor viktig det er å sikre kontinuiteten i kyrkja. På lengre sikt vil det truleg kome vidare endringar også av meir organisatorisk karakter. I ei slik brytingstid er eg overtydd om at den teologiske faglege refleksjonen vi har utdanna oss til vil vere ein etterspurd og viktig kompetanse. Vi som prestar kjenner den historie, tradisjon og tenking som har skapt det Europa som no er i endring. Vi kan difor vere gode vegvisarar også i møte med ei ny tid. Men vi treng å auke vårt medvit om vårt faglege fundament og vårt frimot til å gjere teologien synleg og relevant for samfunnet rundt oss. Vi treng arbeide med korleis vi formidlar vår kompetanse inn i samfunnsdebatten. Vi lever i eit samfunn som viser større og større respekt for ulike religionar og livssyn, men som samstundes avviklar den kristne trua som konstitusjonelt fundament for landet vårt og utviklar ein forvaltningstradisjon som i mindre grad enn før respekterer samvitet til den einskilde arbeidstakar. Her ser vi framveksten av ein aggressiv sekularisme. Dette må utfordre oss. Sterke krefter internt i kyrkja tek til orde for å skape så stor avstand mellom kyrkja og styresmaktene som råd er. Desse synspunkta har stort omfang i 5

kyrkjelege råd og kjem tydeleg til uttrykk gjennom Kyrkjemøtet sine mange vedtak om vidare utvikling av Den norske kyrkja. Dei kyrkjelege rådsorgana har fått større og større ansvar og mynde i kyrkja vår. Denne utviklinga vil halde fram. I denne utviklingsprosessen er det særleg tre faktorar som eg meiner det viktig å følgje godt med på. Det eine er tilhøvet mellom demokrati som folkestyre og demokrati som kyrkjestyre. I utgreiinga Myndighetsrelasjoner i Den norske kirke frå 2001 vert det understreka at kyrkjedemokrati og folkedemokrati er to ulike styringsmodellar. Eit folkedemokrati er til for å realisere folket sin vilje uttrykt gjennom demokratisk valde organ. Kyrkjedemokrati skal først og fremst realisere Guds vilje. Denne skilnaden er sjølve føresetnaden for at ein vil leggje det samla oppdraget som kyrkja har over på valde rådsorgan i samvirke med den særskilde tenesta med ord og sakrament. Den andre faktoren som er viktig å følgje godt med på er tilhøvet mellom den særskilde tenesta med ord og sakrament og dei valde rådsorgana i kyrkja. Vi har i Noreg vald ei løysing der råd og den ordinerte tenesta skal samvirke i utviklinga av kyrkja. Dette er ei tilnærming som gjev store utfordringar både med omsyn til leiing og styring av kyrkja. Utviklinga internt i kyrkja etter Kyrkjelova av 1996 har forsterka ein tendens til å svekke verdien av teologi og teologisk kompetanse og ordningsmakt i kraft av ord og sakrament i kyrkja vår. Vi leitar som kyrkje framleis etter å finne balansen mellom teologien som konstituerande for kyrkja og den makt som dei kyrkjelege råda undervegs har 6

fått. Konsekvensen er ei meir utydeleg presterolle og usikkerheit om kva forventningar kyrkja har til oss som har gått inn i prestetenesta. I forlenginga møter vi også krefter og organisasjonar som vil omforme presterolla frå å vere ei leiarrolle til å bli ei tenesteyting der vi produserer liturgiske og orale tenester på bestilling frå brukarar og administrasjon. Den tredje utfordringa er knytt opp til kyrkja sin økonomi. Dei same kreftene som vil skape størst mogeleg avstand mellom politisk styring av kyrkja er også genuint oppteken av at kyrkja må få større løyvingar. Her står vi som kyrkje overfor eit stort dilemma. Dess større avstanden blir til dei som løyver økonomi til kyrkja lokalt og sentralt, dess mindre interesserte er politikarane i å prioritere kyrkja sitt arbeid. Spørsmålet om finansiering av kyrkja legg også sterke føringar på korleis ein kan tenkje nye måtar å organisere kyrkja på. Det økonomiske perspektivet saknar eg i all modelltenking og framlegg til løysingar som er skissert. Presteforeininga har vore kritisk til deler av det grunnlagsmaterialet som er framlagd av Kyrkjerådet nettopp fordi det ikkje er kvalitetssikra med tanke på arbeidsrett og økonomi. Før vi kan finne fram til ulike måtar å organisere kyrkja på, må spørsmålet om finansiering og arbeidsrettslege spørsmål avklarast. Vi må vite kva ulike løysingar faktisk kostar og korleis ansvar og makt blir mellom byråkrati, valde organ og dei som skal vere i aktivt kyrkjearbeid. Handsaminga av kyrkjeordning på denne generalforsamlinga legg viktige føringar for arbeidet vårt vidare. 7

Avslutning: Pengar er ikkje alt. Det er kanskje vi dei første til å kunne tale om. Ingen blir prestar fordi dei vil bli rike. Å vere prest er først og fremst å stå i ei teneste for Gud med liva våre. Vi som har vald å bli prestar har i stor grad gjort dette ut frå ein indre motivasjon, eit kall frå kyrkja og eit ønskje om å stå i ei meiningsfull teneste med liva våre. I møtet med einskildmenneske i glede og sorg opplever vi dette. Her finn vi kanskje den største avkasting for arbeidet vi gjer. Siste året publiserte Tone Hauketo Kaufman ei avhandling om prestar sitt åndelege liv. Her dokumenterer ho at tenesta som prest er ei viktig kjelde til åndeleg liv. Ei grunnleggjande erfaring er at det er like mykje tenesta som ber oss som det er vi som ber tenesta. Vår lokale salmediktar i Bergen, Sindre Skeie uttrykkjer tenesta vår godt når han formulerer det slik: Det er sant at jeg er merket Av de sorger jeg har lidt. Ingen ser det håp jeg bærer Som et lys i hjertet mitt. Det er deg jeg håper på. La meg være med og gå! Jeg vil følge dine veier Hjem til riket som du eier. 8