Årgang: 38 Nr. 1 11. juni 2009 ISSN: 1502-3273 www.hordaland.no/fylkesbibl Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Bibliotek i Danmark Regionale prosjekt Drupal og Wiki Lesestimulering Navn & nyheter
Endeleg kom Bibliotekmeldinga! 17.april blei Bibliotekmeldinga offentleggjort kl. 12.00, og eg var på møte i styringsgruppa for vertskommuneprosjektet på Fitjar. Kl. 12.05 ringte Bergens Tidende og spurte kva eg tykte om meldinga. Eg sa at det var positivt at vi fekk ei slik melding, og at vi treng ein nasjonal bibliotekpolitikk. På vegen heim fekk eg spørsmål om kva eg tykte om at fylkesbibiblioteka skulle nedleggjast. Framleis utan å ha lest meldinga, sa eg at eg også trudde dette var ei god løysing. Fylkesbiblioteket som institusjon er ikkje så viktig å ta vare på, men fylkeskommunen må ha tydleg definerte oppgåver i lovverket. Etter å ha lest meldinga godt og utforma ei sak for fylkespolitikarane med framlegg til fråsegn, held eg fast på dei umiddelbare reaksjonane mine. Meldinga peiker på den viktige samfunnsmessige funksjonen biblioteka har, og at oppgåvene er fordelt på fleire forvaltningsnivå og ligg i skjeringspunktet mellom fleire politikkområde. Det er positivt at bibliotek blir ein del av fylkeskom munen si rolle som regional utviklingsaktør, sjølv om nedlegging av fylkesbiblioteka som institusjonar blir sett på som negativt av mange. Det er positivt at ein vil styrkje arbeidet med bibliotekutvikling, og at ein vil gjere dette gjennom samarbeidsavtalar med fylkeskommunane. Folkebiblioteksektoren kan utvikle seg gjennom denne meldinga. I kor stor grad dette vil skje, vil framlegg til Statsbudsjett i haust gi ein peikepinn om. Folkebiblioteka treng ressursar til betre lokale og fleire tilsette, dersom dei skal kunne spele den samfunnsmessige viktige rolla som meldinga legg opp til. Eg trur at vi i Hordaland har grunnlag for å bli intressante samarbeidspartnarar for gjennomføringa av ein nasjonal bibliotekpolitikk. Fylkesdelplanen for biblioteka i Hordaland, er i stor grad i tråd med den nasjonale politikken. Vi har fleire biblioteksamarbeid, som kan utviklast vidare, og vi har fagfolk som kan formulere prosjekt innanfor satsingsområda i meldinga. ABM-utvikling får kritikk i meldinga, og mange av oppgåvene blir foreslått overført til Nasjonal biblioteket. Etter mi meining må ABM-utvikling reindyrkast som forvaltnings- og utviklingsorgan. Nasjonalbiblioteket må ha ansvar for operative oppgåver. Fleire utviklings oppgåver kan løysast gjennom samarbeids avtalar med fylkeskommunen, som må ha ansvar for regional planlegging på området. Med helsing Ruth Ørnholt Støtte til lesing i barnehage Korleis styrkje språkutviklinga i barnehagar og gje litterære opplevingar? Fylkesbiblioteket gir støtte til folkebiblioteka i Hordaland til ein del av utgiftene for eit halvdagskurs i nyare barnelitteratur for barnehage-tilsette. Mange bibliotek har eit godt samarbeid med barnehagar. Dette kan utvidast og bli meir forpliktande for begge partar. ABM-utvikling og Lesesenteret i Stavanger har prøvd ut eit prosjekt kalla Boktras i tre kommunar. Tras står for; tidleg registrering av språkutvikling. No ønskjer dei å få fleire bibliotek til å opprette liknande samarbeid med barnehagar. Medverkande folkebibliotek låner ut ei samling bøker til ein barnehage. Tiltak garanterer tid til lesing Alle dei tilsette i barnehagen kjenner til eit utval av bøkene, og har blitt motiverte til å ha jamlege og hyppige leseaktivitetar. Og ingen barn skal kunne velje vekk lesestunder. Foreldra kan også låne bøkene, som står på ein godt synleg plass i lokalet. Hordaland fylkesbibliotek gir økonomisk støtte til halvdagskurs med boktips og leseinspirasjon for barnehagetilsette, som folkebiblioteka kan arrangere i eigen kommune hausten 2009, eventuelt våren 2010. Kurshaldar er Merethe Gauden frå Kvam- Hun har lang erfaring som formidlar og forteljar i bibliotek, skular og barnehagar. Fylkesbiblioteket dekkjer kr 2000 av honoraret hennar, slik at kurset vil koste kr 3000, medrekna utgifter til reise for kurshaldaren. Det gjer at kursavgift a blir låg. Kontaktperson på fylkesbiblioteket: Helge Skurtveit, helge. skurtveit@post.hfk.no hsk
Sjølvbetening i Danmark Hardanger-bibliotekarar utforska bok- og personallause bibliotek Av Inger Dyrnesli Fem bibliotekarar frå Hardanger besøkte i mai Det (næsten) bokløse barnebibliotek i Aalborg og Det personalløse bibliotek i Them. Biblioteka i dei sju kommunane i Hardanger er i gang med regionalt samarbeid. I vår var me så heldige å få stipend frå biblioteksentralen på 35 000 kroner til studietur i Danmark. Me ville sjå nærare på barnebiblioteket i Ålborg og det såkalla personalløse bibliotek i Them. I tillegg ville me innom Silkeborg bibliotek. På barnebiblioteket i Ålborg vart me tekne svært godt i mot og viste rundt i barneavdelinga av bibliotekarane Jytte og Ove. Dei fortalde om prosessen biblioteket har vore gjennom og prosjektet Det (næsten) bogløse barnebibliotek. I tillegg til arbeidet med å få alle slags media inn i biblioteket, innreiing, utstyr og omorganisering av måten å presentera bøkene på, hadde dei arbeidd mykje med bibliotekarane sine haldningar. I det nye biblioteket har bibliotekarane fått ein meir aktiv formidlarrolle. Biblioteket var svært tiltalande med kvit innreiing, låge hyller og bøker med framsida fram. I opningstida var det også ulike klubbar i sving, som mangaklubb og leseklubb. Besøk og utlån har stige etter omorganiseringa. I vaksenavdelinga var dei også begynt å tenkja nytt. I tillegg til Zonen der dei presenterte nye og aktuelle bøker med kort lånetid, var dei i ferd med å planleggja ny innreiing og nye måtar å presentera bøkene på i heile biblioteket. Ålborg bibliotek var også ein stad med eigen kafe og med mange ulike arrangement gjennom heile året. Absolutt ein stad å henta idear og inspirasjon. Them bibliotek er ein avdeling av Silkeborgbiblioteka. Avdelingane Them og Gern har eit prosjekt som dei har kalla Det personalløse bibliotek. I tillegg til ordinær opningstid på 26 timar i veka, er biblioteket i Mer plass til barna, lavere hyller, mer lys. Barnebiblioteket ble brukt mye oftere etter oppussingen. Nye konsepter når nye brukergrupper og aukar bruk av folkebiblioteka Them sjølvbetjent, slik at du kan besøkja biblioteket frå kl. 10 21 kvar vekedag og 10-13 på laurdagar. Ordninga har kravd investringar i teknisk utstyr som tjuverialarm, radiobrikker på bøkene, videoovervaking o.l. Det er også lagt opp til transport av bøker til andre bibliotekavdelingar i kommunen kvar dag. Alle bøker blir kjøpt inn og registrert av sentralbiblioteket i Silkeborg. Biblioteket har positive erfaringar med ordninga, det har ført til auka utlån og besøk, og til at dei når andre grupper. Dei har fått utviklingsmidlar for å prøva ut dette tiltaket. Me var også innom sentralbiblioteket i Silkeborg. Dette var eit stort bibliotek, men meir ordinært i utforming. Både i Them og i Ålborg vart me svært godt motteken av bibliotekarar som tok seg god tid til å visa oss rundt og informere oss. Me fekk også kaffi og danske kaker. Sjølv om biblioteka me besøkte er mykje større enn dei me har i Hardanger, var turen svært nyttig, det var mykje å bli inspirert av. Og mange ting kan gjennomførast også hjå oss, om enn på ein litt annan måte. Meir informasjon på nettet: http://www.aalborgbibliotekerne.dk http://www.silkeborgbibliotekerne.dk
Nye nettsteder i en fei Bibliotekene kan snart bruke Drupal - like enkelt som blogging Fra Ragni Serina Zlotos Vi har skapt en levende nettside som testområde for bibliotekare-ne i Hordaland. Før dere bestil-ler nytt nettsted hos fylkesbiblio-teket, kan dere prøve ut programvaren og jobbe med den. Å legge til innhold, blir like enkelt som å blogge. Etter litt opplæring, er alt du trenger for å kunne oppdatere siden: en nettleser og erfaring med tekstbehandling. Samtidig kan sider laget i Drupal utvides med ypperlige funksjoner. Fremdriftsplan Vi har begynt å lage nettsiden til folkebibliotekene i Fjell, Sund og Dråpen er symbolet for Drupal, programvaren bak nettstedene som fylkesbiblioteket lager til folkebibliotekene. Se testsiden ovenfor. Øygarden med Drupal og håper å bli ferdige til august. Vi tar imot bestillinger fra alle andre bibliotek som ønsker nye nettsider og jobber deretter tett sammen med dere om prosjektet. Følg med på http://www.hordaland.no/ fylkesbibl Samarbeid blir wiki wiki Fort, fort. Det betyr wiki wiki og er et utsagn som stammer fra Hawai. Det skal wiki-syntaks stå for: At det er enkelt å redigere, enkelt å føye til og lenke til nye sider på nettet. Et populært eksempel på Dette er et eksempel på hvordan man kan strukturere forsiden med lenker til de andre sidene. Programvaren som ligger i bunn heter DokuWiki. fungerende wikier er Wikipedia. For noen måneder siden begynte vi på fylkesbiblitoteket å bruke en wiki for skriftlig samarbeid om oppgaver, og et par uker etterpå var vi overbevist. Dette er noe som biblioteksamarbeidet i fylket kan få godt nytte av. Opptil nå har alle samarbeidsgruppene i de enkelte regionene i Hordaland fått en wiki som intranett. Det vil si at tilgang til sidene er beskyttet med passord. Der kan bibliotekarene utveksle informasjon, lage oppskrifter for sine kolleger eller samarbeide om oppgaver på tvers av kommunegrensene. De har tilgang til informasjonen når de trenger det. I en wiki har alle som samarbeider om tekster, rett til å skrive og forandre på ting, føye til sider og strukturere informasjonen selvstendig. Wikier egner seg godt for å samarbeide om tekster, fordi wikisider har en versjonshistorie. Går noe galt på en side, kan man tilbakestille siden til et tidspunkt da informasjonen var riktig og formateringen fungerte. Har du spørsmål til wikitilbudet, kontakt: ragni-serina.zlotos@post.hfk.no
Det vi kan og vil kunne HFB kartleggjer kunnskap og interessar blant bibliotekarane i fylket Inspirasjon til leseombod I løpet av hausten blir det tilbod om kurs for leseombod, både på Stord og i Bergen. Eit leseombod er ein person som les høgt for andre som har vanskar med å lese. Leser søker bok (LSB) har laga eit heilt nytt kursopplegg for leseomboda. Kurset er gratis, og vil vare ein dag frå kl 10-16. Kurset blir arrangert av fylkesbiblioteket i samarbeid med LSB. Hovedfokuset denne gongen er kommunikasjon og litteraturformidling til to grupper; formidling til menneske med demens og menneske med utviklingshemming. Me ønskjer å få fleire formidlarar i aktivitet ute i kommunane, ved at fleire folkebibliotek blir Bok til alle -bibliotek. Fram til no er det biblioteka i Fitjar, Stord, Kvam, Osterøy, Samnanger og Sund som deltek, og me håper å få med dei leseomboda som har engasjert seg i desse kommunane. Kurset er ope for alle interesserte, og me vonar at det fører til rekruttering av fleire som vil lese høgt på ulike stadar. I løpet av kursdagen vil LSB formidle nokre av dei tilrettelagte bøkene. På nettsida www.boksøk.no finn du ei oversikt over alle titlane som har fått støtte til utgjeving. Kontakt: helge.skurtveit@ post.hfk.no hsk Fylkesbiblioteket vil no setje i gang med ei kartlegging av kompetansebehovet i biblioteka i Hordaland. Eit av hovudfokusa i Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007 2010 er kompetanse. Strategi 2.1 er å utarbeide kompetanseutviklingsprogram. Målet er at kompetansebehovet skal kartleggjast og definerast i relasjon til nasjonale og regionalpolitiske mål. Deretter skal det utviklast opplæringsaktivitetar tilpassa kompetansebehov i fylket. Kartlegginga vil ta utgangspunkt i rapporten Kompetanseutvikling i bibliotek utgitt av ABM-utvikling i 2008. Der er følgjande kompetanseområde lista oppsom mest sentrale: Leiingsutvikling Marknadsføring Formidling Kulturendring i biblioteket Digital kompetanse på alle plan Fylkesbiblioteket vil gjennomføre kartlegginga i løpet av året. Alle bibliotektilsette vil få ein e-post der dei blir bedne om å svare på eit elektronisk spørjeskjema om kompetanse. Kartlegginga vil danne utgangspunkt for fylkesbiblioteket si utforming av kompetanseutviklingsprogram for dei komande åra, og det er særs vik Bat girl var en fiktiv bibliotekar med mye krim-kompetanse. tig at flest mogleg gjev uttrykk for behova sine. Vi ber derfor om at alle må ta seg tid til å svare på denne undersøkinga. ego Kontakt: elin.golten@post.hfk.no Halmstadkonferansen. 22. 24. april vart Åpne bibliotek arrangert på Grand Hotell Terminus i Bergen med 186 deltakarar frå dei nordiske landa. Innlegga blei presenterte under fire hovudoverskrifter: Relasjon - biblioteket som møteplass, Den livslange bruker, Mobilitet framtid for folkebibliotek? og paneldebatten Folkebibliotekas samfunnsoppdrag - ein paneldebatt om folkebiblioteket i endring. ego
Deler kompetansen Fordeler kunnskap på tvers av kommunegrenser Av Ruth Ørnholt Hordaland fekk eitt av tre prosjekt utlyst av ABM-utvikling, for å utgreie biblioteksamarbeid innanfor vertskommunemodellen. Sju kommunar i Sunnhordland har gjennomført eit utgreiingsarbeid. Konklusjonen er at ein ikkje ønskjer å nytte vertskommunemodellen for å løyse dei utfordringane som biblioteka i regionen står framfor. Ein ønskjer eit betre tilbod til innbyggjarane i regionen utan eit nytt ekstra ledd på toppen og utvatning av det lokale ansvaret. Biblioteka må gå inn i samarbeidet som likeverdige partar. Ansvarsområde og oppgåver skal desentraliserast til biblioteka etter kor kompetansen er å finna. Biblioteka vil framleis vere Samarbeid uten eit ekstra ledd på toppen eit lokalpolitisk ansvar. Regionen har mange små bibliotek med dårleg økonomi og små stillingsressursar. Eit biblioteksamarbeid vil kunna heva kvaliteten på tilbodet og styrkja fagmiljøet i regionen, utan å vere basert på vertskommunemodellen. Eit samarbeid må byggjast på den samarbeidsavtalen ein alt har. Kvar kommune må vedta ein forpliktande samarbeidsavtale. Utviklings planen, som har blitt utforma gjennom prosjektet, kan ikkje gjennomførast utan at ein får midlar til ein felles administrativ ressurs og koordinatorar for IKT og for arbeid med barn og unge. Folkebiblioteka i Sunnhordland ønskjer å stå fram som fyrtårn eller modellbibliotek for andre regionar i landet. rør Prosjektmidlar til kommunane I mars sendte vi ut oppmoding til alle folkebiblioteka i fylket om å søkje om prosjektmidlar. Tilsegn blir gitt etter-kvart som gode prosjektet blir formulert. Til no har det kome inn fire søknader, og totalt kr 155 000 til fem tiltak er løyvd. Men det er framleis pengar att i potten. Utlysing av prosjektmidlar er ein av strategiane i Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2010. Den regionale bibliotekpolitikken har fokus på samarbeid på tvers av kommunegrenser og forvaltningsnivå, etablering av faglege nettverk, kompetanseutvikling, utvikling av bibliotek som kunnskapsall menningar og arena for livslang læring. Andre tiltak som er i tråd med planen, vil også kunne få støtte. Erfaringa vår er at relativt små summar kan føre til at viktige tiltak blir gjennomført i biblioteka. rør Velkomen på 26 språk Tiltak og resultat frå Prosjekt Vidsyn blir i desse dagar sendt ut til folkebiblioteka i Hordaland. Biblioteka vil motta informasjon om prosjektet, samt plakatar og bokmerke med Velkomen til biblioteket og velkomen på 26 ulike språk. Prosjekt Vidsyn har som mål å gjere folkebiblioteka i Hordaland til betre bidragsytarar til inkludering, integrering og mangfald. Gjennom konkrete tiltak, vil ein utvikle ein standard for å kvalitetssikre biblioteka sitt møte med og tilbod til minoritetsspråklege. For meir informasjon om og tilgang til materiale, gå inn på bloggen til prosjektet: http:// www.prosjektvidsyn.blogspot. com/ Her finn du ein bibliografi som inneheld tips til materiale som kan nyttast for å auke sosial og kulturell forståing. Du finn også dokument med skildringar av Fjell folkeboksamling sin kontakt med introduksjonsavdelinga i kommunen, bibliotekbrosjyre på ulike språk og anna. Ei nettverksgruppe vil jobbe vidare med fleirkulturelle bibliotekteneste i fylket. Kontakt: elin.golten@post.hfk.no ego
Nyhende frå Bokbåten Vårens bokbåttur På vårens bokbåttur var det heile fire nye stopp. Glade og forventningsfulle born besøkte bokbåten for første gong på Forland i Sund kommune, Nå i Ullensvang kommune, Tveitavåg i Askøy kommune, og Lunde i Tysnes kommune. Det var oppglødde born som forlèt bokbåten etter to timar med boklån og dokketeaterframsyninga Baldrian og Nytt om namn i fylket Folkebiblioteka Else Marie Sandal er tilsett som ny biblioteksjef i Odda kommune. Sandal er utdanna adjunkt og har arbeidd i skulen i Odda dei siste 20 åra. Sidan 2000 har ho drive et skulebiblioteket i kommunen. Ho har bibliotekfagleg vidareutdanning. Timo Knock er tilsett som bibliotekar i Eidfjord kommune. Trude Hege Bergesen er tilsett i vikariat som biblioteksjef i Kvinnherad kommune. Bergensen. Fylkesbiblioteket Ragni Serina Zlotos skal vere vikar for IT- og informasjonskonsulent Lena Jensen Glesnes på Hordaland fylkesbibliotek i eitt år til. ego Musa med Giert Werring. Musa sin lystige song: faya, faya, faya, faya, faya, faya - hå var å høyre om bord lenge etter at framsyninga var over og oppover vegen der ungane gjekk heimover med posane fulle av bøker og lydbøker frå besøket om bord på Epos. Bokbåttenesta 50 år Hausten 1959 tok bokbåten til på sin fyste tur i Hordaland. Dei fyrste åra var det ei skute ved namnet Abdulla som sørga for bøker og kultur, før bokbåten Epos tok over i 1963. I haust vil det altså vere 50 år sidan bokbåttenesta i Hordaland tok til, og dette skal sjølvsagt feirast. Bli ven med bokbåten Du kan no gjere deg til ven med bokbåten på Facebook. Du kan bli tilhengjar av bokbåten ved å bli med i gruppa Bokbåten, eller så kan du også bli ven med bokbåten på profilen til Bokbåten Epos, der du kan bli oppdatert på turane gjennom tekst og bilde. Velkomen som ny ven av bokbåten! Kontaktperson er Ritha Helland: ritha.helland@ post.hfk.no ego Om mediekjøp og samarbeid Hordaland fylkesbibliotek har for tredje året på rad fordelt midlar til folkebiblioteka i fylket gjennom distribuert mediekjøp. Då søknadsfristen gjekk ut 15. februar, var det 26 bibliotek i Hordaland som hadde meldt seg på ordninga. Me oppfordrar alle bibliotek til å låne av kvarandre, og understrekar at ved å delta i distribuert mediekjøp, pliktar ein å gjere samlinga si tilgjengeleg for biblioteka i Hordaland gjennom fjernlån. Hugs å sende refusjonskrav til fylkesbiblioteket seinast innan 15. november 2009. Meir informasjon og retningslinjer er å finne på fylkesbiblioteket sin nettstad: www.hordaland.no/fylkesbibl ego Kontakt: elin.golten@post.hfk.no Kurs & samlingar Opplæring i Drupal For bibliotek eller biblioteksamarbeid som vil bygge nye nettsteder, er det viktig å ha tid til å gå i tenkeboksen. Opplæring i fylkets nye programvare for bruk til nettstedene og tenketank til nettstedbygging tilbyr vi etter behov og avtale. Kontakt Ragni Serina Zlotos for nærmere informasjon: ragni-serina. zlotos@post.hfk.no Teikneseriar NBF avd. Hordaland i samarbeid med fylkesbiblioteket planlegg eit kurs for tilsette i bibliotek om teikneseriar. Me vil prøva å halde det i tida rundt Raptus - Bergen internasjonale teikneseriefestival, som blir arrangert 11.-13.september. Innkjøp: sakprosa og tidsskrift Tysdag 6.oktober blir det eit møte på dagtid i Bergen der ein vil få ein presentasjon av innkjøpsordningane for sakprosa og tidsskrift. ABM-u vil presentere formidlingstiltak, og ein sakprosaforfattar vil snakke om prosjektet sitt. Poesi i biblioteket NBF avd. Hordaland i samarbeid med fylkesbiblioteket planlegg eit temamøte om poesi og formidling i samband med Audiatur - festival for ny poesi 2009, 5.-8.november 2009 i Bergen. rsz/hsk Meir informasjon: http:// hordaland.no/fylkesbibl
Elever kan være glad i skolebiblioteket. I bakgrunnen går elever ved Bergen Maritime gjennom de nye DVDene i samlingen og prøver ut katalogsøk med nye Apple-skjermer. Skulebibliotek: læringsrom og plass til å bli glad i informasjon Bergen Maritime fikk oppusset lokale og samling med flere medietyper Av Silje Monsen Solsvik Åpningen av det nye biblioteket ved Bergen maritime videregående og fagskole, ble markert torsdag 7. mai. Biblioteket har vært i bruk noen måneder, men de siste detaljene har endelig kommet på plass. Biblioteket har blitt pusset opp, fornyet og utvidet med et ekstra rom. Det rommer nå flere arbeidsbord, datamaskiner, en sofagruppe og gruppebord. Biblioteket har også fått DVDer, tegneserier, og en lydboksamling i tillegg til en oppgradering av bok- og tidsskriftssamlingen. De nye mediene biblioteket tar inn, skal delvis kunne brukes i undervisningen, og som kunstneriske tilnærminger til stoffet, sier skolebibliotekkoordinator ved fylkesbiblioteket, Bernt Lage Breivoll. Skolebiblioteket skal også tilby elevene en inngang til norsk og internasjonal kultur, uavhengig av skolens faglige innhold. Skolebiblioteket skal bli et lavterskeltilbud, et sted å være og en viktig sosial arena innenfor skolen. Her skal elevene kunne slappe av for seg selv, eller møtes og omgås, under oppsyn av en voksen som har en annen rolle enn lærerens. Selve åpningen ble markert kl. 10 ved klipping av bånd av rektor Anne de Lange og bibliotekar Silje Monsen Solsvik. Deretter ble det servert punsj og sveler til elever og ansatte som kom på besøk på biblioteket. For å få nok sveler til over 500 elever og ansatte, stilte flere ansatte villig opp for å steke i løpet av dagen. Åpningen varte hele dagen, og alle gikk hjem mette og fornøyde, noen også med et nyervervet lånekort, og en bok eller film til helgen. Hordaland fylkesbibliotek Pb. 7900, 5020 Bergen Tlf. 55 23 93 76, Fax 55239379 E-post: fylkesbiblioteket@post.hfk.no http://hordaland.no/fylkesbibl Fjernlånet Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgt. 6, 5015 Bergen Tlf. 55 56 80 30, 55 31 72 77 E-post: fjernlan@bergen.folkebibl.no http://hordaland.no/fylkesbibl Bilder m. CC-Lisens: Side 1 fra Thomas Angermann. Les mer: http://creativecommons.org Bilde sde 2: Jens Jakob Jensen, side 3: Solveig Valland, side 4: Ragni Serina Zlotos, side 7: Ritha Helland, side 8: Silje Monsen Solsvik. Redaktør: Ragni Serina Zlotos (rsz) Tekster: Ruth Ørnholt (rør), Elin Golten(ego), Helge Skurtveit (hsk).