Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Like dokumenter
STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Samhandlingsreformen

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Kva veit vi no, vel eit år etter? Ei slags oppsummering

STYRESAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF GÅR TIL: FØRETAK:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

1. Mål med samhandlingsreforma

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Styresak. 1. Opptrappingsplanen for psykisk helse mål for tilbodet til barn og unge

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ:

Styresak. Kari Ugland Nye tenesteavtalar mellom Helse Fonna og kommunane. Arkivsak Styresak 51/12 B 7 vedlegg Styremøte

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Brita Mauritzen Næss og Terje Nilsen SAKA GJELD: Fritt behandlingsval - utvikling over tid

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Samhandlingsreforma Fylkesmannen sin rolle

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF med mål om læring og forbetring

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015

HØYRINGSUTTALE TIL NY HELSE OG OMSORGSPLAN

1. Det blir oppretta to samarbeidsorgan, eit om forsking og innovasjon og eit om utdanning.

Langtidsbudsjett

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Langtidsbudsjett , vidare prosess

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus. Nasjonalt Topplederprogram

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Samarbeid om lærings- og meistringstilbod

Oppsummering Det blir vist til krav i føretaksprotokoll gitt til dei fire regionale helseføretaka for 2019:

Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tenesteavtale 6. Mellom Haugesund kommune og Helseføretaket. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest,

KS & Helse Førde HF ønsker velkommen til. Erfaringskonferansen 2019

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Rapportering frå verksemda per april Vedlegg

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Samhandlingsreforma i Sogn

Utkast til strategi

Samhandling kommune spesialisthelsetjeneste; Hva viser evalueringene etter 4 år?

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Samhandlingsreforma - framdrift og organisering 2010 og 2011

Statusrapport Oktober 2015

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018

Protokoll frå føretaksmøte 5. februar Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Rapportering frå verksemda per august Vedlegg

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Styresak. Forslag til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Tenesteavtale9. Mellom Karmøy kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Bergen HF. Innhald

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Transkript:

NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 18.03.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma ARKIVSAK: 2013/7 STYRESAK: 035/15 STYREMØTE: 07.04. 2015 Administrerande direktør si orientering pkt. 4 BAKGRUNN FOR SAMHANDLINGSREFORMA Målet med samhandlingsreforma er å skape ei helseteneste med god kvalitet og som er berekraftig i framtida. Dei viktigaste utfordringane blei i St. melding 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen, presentert som: pasientane sine behov for koordinerte tenester blir ikkje møtt godt nok tenestene er prega av for liten innsats for å redusere og førebyggje sjukdom demografisk utvikling og endring i sjukdomsbilete gir utfordringar som vil kunne truge samfunnet si bereevne Reforma kvilar såleis både på eit pasientperspektiv og eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Det er både ei samhandlingsreform og ei folkehelsereform. Det må leggjast meir vekt på: 1

førebygging av sjukdom og sjukdomsutvikling tidleg hjelp/intervensjon koordinerte og heilskapelege tenester gode pasientforløp med rask og god diagnostikk og behandling/rehabilitering Fleire pasientar må få tilbod i kommunane og presset på spesialisthelsetenesta må bli redusert. Pasientane må bli sett i stand til å ta større ansvar og meistre eigen sjukdom betre. Det forventast samla å gi ei meir berekraftig helseteneste. NASJONALE STRATEGIAR OG VERKEMEDEL Samhandlingsreforma er ei retningsreform, kor viktig verkemidlar trådde i kraft frå 01.01.12: Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester Endringar i spesialisthelsetenestelova for å understøtte samhandlingsreforma Forskrift om kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunal betaling av utskrivingsklare pasientar I reforma er følgjande strategiar/tiltak sentrale: sterkare føringar for samhandling lovpålagt avtaleregulering mellom kommunane og spesialisthelsetenesta gråsone må byggjast igjen med avtaler og samarbeidstiltak kommunane må forsterke sitt tenestetilbod også med døgntilbod ved behov for augeblikkeleg hjelp kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar kommunal medfinansiering av indremedisinske pasientar (avvikla frå 2015) stimulere til utvikling av ulike typar samhandlingstiltak mellom helseføretak og kommunar Spesialisthelsetenesta må bidra til kompetanseoppbygging i kommunane. OPPFØLGINGA AV REFORMA I Helse Vest er reforma m.a. organisatorisk følgt opp ved at det i alle helseføretaka er personar som har særskilt ansvar for oppfølging. Det er etablert eit regionalt prosjekt leia av Helse Vest RHF kor m.a. alle samhandlingssjefane deltek. Samhandlingskoordinator hos fylkesmennene i regionen deltek også. Det er også etablert eit eige prosjektstyre innan IKT for å understøtte samhandlingsreforma når det gjeld meldingsutveksling og elektronisk kommunikasjon. 2

Nasjonalt er det oppretta eit nasjonalt nettverk for implementering av samhandlingsreforma kor KS/kommunar, fylkesmennene, dei regionale helseføretaka, Helsedirektoratet og Helseog omsorgsdepartementet deltek Det er også ei nasjonal koordineringsgruppe leia av Helse- og omsorgsdepartementet. Det er også sett i verk ulike «følgje med» opplegg m.a. ulike forskingsprosjekt. Det er i Helse Vest sett av eigne midlar til å understøtte ulike samhandlingstiltak mellom helseføretaka og kommunane. ERFARINGAR MED REFORMA 1. Samarbeidsavtalane Helseføretaka har inngått dei lovpålagte avtalene med sine kommunar. Utfordringene er knytta til: implementering og oppfølging av avtalane innhente og systematisere erfaringar med avtalane som grunnlag for revidering og forbetring Det er med basis avtalane oppretta gode arenaer for samhandling mellom helseføretaka og kommunane i opptaksområda. Erfaringa så langt er at avtalene er nyttige reiskap, men at avtalereguleringa er relativt omfattande og krevjande å følgje opp. Det må vurderast om neste generasjons avtalar bør vere enklare og meir overordna men likevel forpliktande. 2. Kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar Innføringa av kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar ga ei nokså rask effekt. Talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar blei kraftig redusert. Frå 2013 til 2014 har det likevel auka noko. Færre liggedøgn for pasientar som er utskrivingsklare er eit klart mål og kommunane har vore gode til å ta imot pasientar som er meldt utskrivingsklare same dag. Det ser ut som om kommunane særleg har auka talet på korttidsopphold og tenester i heimen. Kommunane rapporterer om auka press på eigne tenester. Når talet på liggedøgn for utskrivingsklare no stig kan det tyda at kapasiteten i kommunane er tatt ut. Det er særleg to problemstillingar som her blir løfta fram. Betyr meir bruk av korttidsopphald i kommunane ei oppstykking av forløpet for pasientane? 3

Det andre er om sjukehusa skriv for fort ut og at det kan forklare ei auke i reinnleggingar særleg for dei som blir tidleg tatt imot i kommunane. I kva grad dette er uønskte reinnleggingar som kunne vore førebygd, må undersøkast nærare i samarbeid med kommunane. Det kan også ha samanheng med tilbodet i kommunane og om overføringa er god nok. 3. Kommunalt døgntilbod om augeblikkeleg hjelp Kommunane har ansvar for augeblikkeleg hjelp (t.d. legevakt). Dei har likevel ikkje plikt til å ha eit døgntilbod. I ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester er det lagt til grunn at kommunane frå 2016 vil få ei plikt til også å ha eit døgntilbod. I samhandlingsreforma er det lagt opp til ei gradvis innføring av eit slik tilbod i kommunane fram til 2016. Det søknadsfrist kvart år 1. mars for tilskot frå Helsedirektoratet til kommunane. Nasjonalt hadde ca. 2/3 av befolkninga eit slikt tilbod i 2014. I Helseregion Vest var det vel 50 av kommunane som hadde døgntilbod eller hadde planlagt å starte opp. Den største utfordringa er bruken av tilbodet i kommunane. Det er ikkje meir enn ca. 30 % av kapasiteten som blir nytta. Det har såleis ikkje hatt nokon særleg effekt på innleggingar i sjukehus så langt. Ei hovudforklaring er at kommunane i for liten grad har vore gode til å involvere fastlegane og gi deg tryggleik på at tilbodet er forsvarleg. Ei anna utfordring er at fleire kommunar, m.a. Bergen kommune, ikkje vil klare å etablere tilbod før i 2016. 4. Kommunal medfinansiering Ordninga med kommunal medfinansiering innebar at kommunane måtte betale 20 % av kostnaden ved bruk av spesialisthelsetenesta. Det gjaldt først og fremst indremedisinske sjukdommar. Ordninga blei avvikla i 2015 utan at det blei innført noko tilsvarande verkemiddel. Den kommunale eigenbetalinga var låg og kommunane har i liten grad utvikla alternative tilbod i kommunen. Det har likevel vore viktig fordi dei fleste kommunane er blitt mykje meir bevisste på eigne innbyggarar sin bruk av spesialisthelsetenester, og fordi kommunane kan samanlikne seg med andre kommunar. Det samla nivået på den kommunale medfinansieringa har vore omlag på nivå med uttrekket frå spesialisthelsetenesta. På kommunenivå har det vore ulikskap, nokon har «tent» på ordninga sidan dei har hatt eit lågare forbruk enn forventa, medan det har vore motsett for andre. 4

Det er både frå spesialisthelsetenesta og kommunane etterlyst tilsvarande verkemiddel. 5. Elektronisk meldingsutveksling For å understøtte samhandlingsreforma er det investert mykje i å utvikle elektriske ordningar for utveksling av m.a. meldingar. Sjølv om det ikkje har gått så raskt som ønskjeleg er dei fleste kommunane/fastlegane knytt opp mot spesialisthelsetenesta og det har vore ei kraftig auke i talet på meldingar. Det lettar samhandlinga. Det er likevel framlais utfordringar. Sjølv om Helse Vest har lagt stor vekt på samordning av sine system har kommunane/fastlegane vore lite samordna med mange ulike system og versjonar som gjer den elektronisk utvekslinga krevjande. Det er etterlyst sterkare nasjonale grep for å bygge ein felles infrastruktur. Dette må sjåast mot det pågåande arbeidet med «Ein innbyggjar ein journal». Utvikling og bruk av telemedisin har også eit stort potensiale. OPPSUMMERING OG UTFORDRINGAR Samhandlingsstatistikk både frå 2012-2013 og frå 2013-2014 viser på eit overordna nivå ei utvikling i helse- og omsorgstenestene som understøttar måla i samhandlingsreforma. Det er større vekst i primærhelsetenesta enn i spesialisthelsetenesta. Det er relativt større vekst av legar og særleg sjukepleiarar i kommunane som gir kommunane auka kompetanse. Det er auka bruk av korttidsplassar og heimesjukepleie. Kommunane bygger ut døgnplassar for augeblikkeleg hjelp og tar imot utskrivingsklare pasientar tidlegare. Kommunane etablerer fleire frisklivssentralar for å førebygge og understøtte pasientane si eigenmeistring. Det er samstundes blitt eit større press på kommunane og det er fare for ei oppstykking av opphalda. Det er eit tettare og betre samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta og viktige samhandlingsarenaer er oppretta. Ei særleg utfordring for både spesialisthelsetenesta og kommunane er at fastlegane i praksis i stor grad står fram som eigen part og har vore for lite integrert i reformarbeidet. Sidan fastlegane utfører kommunale oppgåver er dette eit ansvar for kommunane. Sidan dei økonomiske verkemidla har vore knytt til somatikk har det vore mindre merksemd på psykisk helse og rus. Innan psykisk helsevern har utviklinga allereie før reforma i stor grad 5

vore i tråd med intensjonane i reforma. Dette er likevel område som må få større merksemd framover. Spesialisthelsetenesta er engasjert i ei mengde utviklingstiltak i saman med kommunane. Reforma har så langt likevel ikkje medført noko synleg skifte i bruk av spesialisthelsetenester. Etablering av kommunale døgnplasser for augeblikkeleg hjelp har ikkje hatt merkbar innverknad på innleggingar i sjukehusa. Samstundes har også spesialisthelsetenesta ein veg å gå for å innrette tenestene i tråd med intensjonane i reforma. Ei meir heilskapeleg helseteneste med vekt på å gi hjelp tidleg og nært, vil vere i tråd med helseministeren sitt ønskje om å skapa «pasientens helseteneste». Det er i utgangspunktet heller ikkje nokon motsetnad mellom ei helseteneste som i større grad vektlegg pasientperspektivet og ei berekraftig helseteneste. Ei helseteneste med godt tilrettelagte tenester vil oftast også vere ei effektiv teneste som nyttar ressursane godt. Måla i samhandlingsreforma vil framleis ligge fast. I 2015 som er det 4. året i reforma vil det likevel nasjonalt bli gjort ei vurdering av om det er grunnlag for å justere noko på kursen og verkemidla. Adm. direktør vil komme tilbake med eiga sak om samhandlingsreforma. 6