Dobbelt så mange moglegheiter



Like dokumenter
Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK



Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mmm...med SMAK på timeplanen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Frå novelle til teikneserie

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Brukarrettleiing E-post lesar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Kva er økologisk matproduksjon?

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Informasjon til elevane

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lønnsundersøkinga for 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

ehandel og lokalt næringsliv

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

11 Eg i arbeidslivet

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Møte om fellesprosjekt

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Brukarrettleiing. epolitiker

Plassebakken Barnehage

Retten til spesialundervisning

Tenk Alternativt 2015

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Støtteordningar og søknader

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Transkript:

Til: Skolefagleg ansvarleg i kommunane i Møre og Romsdal Skolar med elevar på 10. trinn i Møre og Romsdal (til rektor, kontaktlærarar på 10. trinn og rådgivarar) Invitasjon og påmelding til karrieredagane 2008 Dobbelt så mange moglegheiter Vi viser til tidlegare utsendt invitasjon til årets karrieredagar. Målsettinga med dagen er å gi elevane eit levande bilde av arbeids- og utdanningstilbod i eige fylke under årets tema Dobbelt så mange moglegheiter. Vi ønskjer å vise fram smakebitar av dei spanande arbeids- og utdanningstilboda vi har for å motivere ungdommen til å begynne å tenke på eiga framtid. Ungdom vel tradisjonelle utdanningar i vårt fylke, meir enn før. Blir ungdom merksam på fleire alternativ, får dei fleire yrker å velje mellom. Arrangement og transport er gratis! Påmeldingsfrist 12. september 2008 (sjå meir om påmelding på side 2) Når skjer det? Karrieredagane blir arrangert i; Ålesund 20., 21. og 22. oktober 2008 Molde 23. og 24. oktober 2008 Kristiansund 27. og 28. oktober 2008 Kvar skjer det? Elevane på Sunnmøre vert transporterte til Høgskolen/Fagskolen i Ålesund og Waagan transport på Blindheim. Elevar frå Romsdal har base på Høgskolen i Molde og industriområdet på Årø. På Nordmøre vert elevane frakta til Vestbase sitt anlegg i Kristiansund og Fiskeribasen med omliggande barnehagar. Programmet på alle stadane vil gi elevane erfaringar og opplevingar, samstundes som dei lærer om kva jobbar det mangfaldige arbeidslivet kan by på, og kva vegar som førar fram til jobbane. Transport Det vert organisert gratis tur-retur transport frå skolane til destinasjonane. I år blir alle elevane henta på skolen og skyssa tilbake til skolen. Det blir sett opp tidsskjema som vi etter beste evne vil følgje, men vi veit av erfaring at avvik kan oppstå. I fjor blei

alle kjørt til døra om dei var tilbake frå arrangementet etter skoletid. Det vart ei enorm oppgåve, så no ber vi om at foreldre/andre bringer og hentar dei det måtte gjelde. Arrangementet Aktivitetane har hovudvekt på yrke og utdanningar som er kjønnsdelte. Vi garanterer ikkje at alle får same tilbod, eller at alle får kome innom alle stasjonane, men vi garanterer at alle får teste/ prøve/ kjenne korleis ein del av ein arbeidsdag kan vere. Logistikken i dette arrangementet er for krevjande til at vi kan ta spesielle ønske inn i planlegginga. Elevane blir delt inn i jente- og guttegrupper så langt som mogleg. Da er det lettare for det underrepresenterte kjønnet å stille spørsmål, prøve i praksis osv. Elevar og lærarar må ta med mat og drikke. Det blir dessverre ikkje muleg å kjøpe mat undervegs og det er usikkert om det vil vere muleg å få på plass noko servering under arrangementet. Ein del av programmet vil gå føre seg utandørs så, elevar og lærarar må vere kledd etter ver og temperatur. Arrangementet er sjølvsagt også gratis for lærarane, så nytt høve til å bli betre kjent med næringslivet i fylket. Ansvar for elevane Lærarane har ansvaret for sine elevar denne dagen. For- og etterarbeid For at dagen skal verte ein del av karriererettleiinga i faget utdanningsval for den enkelte eleven, er det viktig med for- og etterarbeid. Vi utarbeider oppgåver som skal løysast i forkant og etterkant av arrangementet. I etterkant blir det konkurranse blant elevane. Sjå vedlegg 1 Evaluering Vi ønskjer ei evaluering av årets karrieredagar som skolane sender inn til underteikna rett etter sjølve arrangementet. Sjå vedlegg 2 Påmelding Påmeldingsfrist er fredag 12. september! Påmeldinga skjer elektronisk på www.mrfylke.no/kalender. Kvar skole melder på elevar frå 10. trinn samla. Tal på jenter og gutar må fyllast ut. Sett førebels av alle/begge dagane for arrangementet ved aktuell destinasjon. Det blir sendt ut melding så snart det er avklart kva for dag den enkelte skole får delta. All informasjon om karrieredagane 2008 finn du på UNGweb.no Med helsing Per Hoem Fylkesutdanningsdirektør Anna Tokle Amundsen prosjektleiar UNG i Møre og Romsdal

Oppgåver til karrieredagane 2008 Tema: Dobbelt så mange moglegheiter Førebuingsoppgåver Klassen jobbar med oppgåvene i grupper (bland jenter og gutar). Kvar gruppe vel ut 2 av oppgåvene nedanfor. Utbyttet for klassen i yrkes- og utdanningstema blir størst når alle oppgåvene vert fordelte mellom gruppene. Oppgåve 1 Vel ut 2 yrke nedanfor og svar på spørsmåla a. Dette er viktig i jobben som førskolelærar og barne- og ungdomsarbeidar Like å vere ute Like fysisk aktivitet Like å leike Ha humor Vere praktisk Like å vere saman med barn Gjerne spele eit instrument Takle å vere sjef Vere omsorgsfull Like å samarbeide med andre Synst du gutar eller jenter passar best til ein slik jobb? Kvifor? b. Dette er viktig i jobben som sjåfør. Serviceinnstilt Ansvarsfull Nøyaktig Lett for å få kontakt med folk Hyggeleg og imøtekommande Ha ein trygg og sikker kjørestil Evne til å takle uføresette situasjonar Evne til å takle mange ulike personlegdomar Kunne takle kritiske situasjonar Nemn eksempel på ulike sjåføryrke. Synst du gutar eller jenter passar best til ein slik jobb? Kvifor? c. Dette er viktig i jobben som helsefagarbeidar og sjukepleiar Sans for humor Like å vere saman med menneske Vere omsorgsfull Kan få andre til å trivast Kan sette i gang ulike fritidsaktivitetar God til å snakke med menneske i ulike livssituasjonar Vere flink til å lytte og ha god innlevingsevne God kunnskap om sjukdom, skadar og lidingar

God til å observere Kunne førstehjelp Syns du gutar eller jenter passar best til ein slik jobb? Kvifor? d. Dette er viktig i jobben som fagarbeidar i akvakultur Vere interessert i fisk og i velferda deira Like å observere fisk for å sikre at dei er friske og har gode vekstvilkår Kontrollere utstyret for å hindre rømming Førebygge sjukdom og ha god hygiene Drive riktig fôring Registrere dagleg logg på korleis ting utviklar seg Bruke IKT Vere nysgjerrig på ny teknologi og korleis den kan nyttast for å betre drifta Vere med å utvikle nye produkt i oppdrettsnæringa Jobbe med marknadsføring og kjenne internasjonale forhold Syns du gutar eller jenter passar best til ein slik jobb? Kvifor? Oppgåve 2 Vel ein arbeidsplass i nærområdet ditt. a. Finn ut kva for slags yrke som finst i bedrifta, og om nokre er typiske jenteyrke/guteyrke. b. Vel ut 2 yrke. Kva går jobben ut på. c. Passar han for begge kjønn? Kvifor? Kvifor ikkje? d. Kva for fordelar ville det gje om begge kjønn jobba der? Oppgåve 3 Gå inn på noen av nettsidene til opplæringskontora som du finn på www.yrkesfag.org. a. Finn jobbar som passar til gutar og jenter. b. Er jobbane forskjellig? c. Kvifor? Oppgåve 4 Sjå magasinet MULIGHETER for jobb i Møre og Romsdal (http://www.muligheter.no/index.cfm?id=119731). Dei fleste skolane har fått tilsendt papirutgåva av magasinet. a. Sett opp så mange yrke du kan finne der folk jobbar i forhold til mat i fylket vårt. b. Korleis er gutar og jenter fordelte på dei ulike jobbane? c. Passar kokkeyrket best til gutar eller jenter? d. Kvifor det?

Oppgåve 5 a. Kva for yrke finst innafor transport- og logistikkyrka (fagutdanning og høgare utdanning)? b. Kva utdanning innanfor transport og logistikk kan du ta i eige fylke? Etterarbeid, fylkeskonkurranse med premiar Finn ein typisk gutearbeidsplass og ein typisk jentearbeidsplass i Møre og Romsdal der du kanskje jobbar om 10 år. Kvifor kan begge jobbane passe godt for deg? Presentasjonen kan vere skriftlig, på powerpoint, video eller på annan måte. (Arbeidet med oppgåva kan og knytast til undervisninga i norsk, engelsk, samfunnsfag.) Skolen vel ut dei to beste presentasjonane frå kvar klasse som ønskjer å delta i konkurransen, ein gut og ein jente, og sender inn til: Møre og Romsdal fylke Udanningsavdelinga v/ Anna Tokle Amundsen Fylkeshuset 6404 Molde Frist for innsending av oppgåver er 20. november 2008. Dei to beste presentasjonane blir premiert med fine premiar til heile klassen. Vi kjem attende med meir informasjon om premiar. Juryen vil legge vekt på at presentasjonane viser ein open tilnærming til både gute- og jente- yrke, og at det er yrke som er aktuelle i Møre og Romsdal.

Evaluering av karrieredagane for alle elevar på 10. trinn Skriv 3 ting som var positive med karrieredagen Skriv 3 ting som du meiner bør forandrast Namn på skolen: Vi ønskjer at elevar og lærarar fyller ut dette skjemaet og sender det til: Møre og Romsdal fylke Utdanningsavdelinga v/anna Tokle Amundsen Fylkeshuset 6404 Molde